uf sa Partiprogram 2015-2019 Fusa Høgre
Ordførarkandidat Fusa Høgre - Aud May Boge
Folketalsauke er eit svært viktig mål for utviklinga av kommunen vår. Dersom vi skal nå dette målet, må vi leggje forholda slik til rette at det er praktisk mogeleg å vera busett i bygdene i Fusa og pendle til arbeidsmarked utanfor kommunen, også for dei som har born i skule og barnehage. Attraktive arbeidsplassar i kommunen er ein annan viktig suksessfaktor. Nokre viktige satsingsområde i perioden : Målretta marknadsføring for å auka tilflyttinga. Effektive offentlege tenester som er godt tilpassa brukaren. Auka kvalitet i helse og omsorgssektoren. Tettare samarbeid mellom skule og barnehage. Aud May Boge Ordførarkandidat Ditt Val!
Ny kommuestruktur Fusa Høgre vil bidra til gode prosessar, og ha ei open drøfting av ein eventuell ny kommunestruktur. Me vil arbeida for å behalda og vidareutvikla tenestetilboda me har i dag, og å sikre arbeidsplassar i kommunen vår for framtida. Kommunikasjon (veg/ferje/bru) vil vera viktige tema i prosessen.
Kvalitet i helse og omsorgssektoren Høgre sitt mål er at alle skal få gode omsorgstenester uansett alder og livssituasjon. Kvalitet, respekt, tryggleik og verdighet er heilt sentrale verdiar i vår omsorgspolitikk. Me i Høgre ser at tenestetilbodet innan helse og omsorg kan bli betre. Me vil jobba aktivt for: Å vidareutvikla tenestetilboda slik at den enkelte får større styring over eige liv, og eit meir aktivt liv. At den som treng hjelp skal vite kven som kjem og når dei kjem. Fusa Høgre vil prioritera: Etter- og vidareutdanning som er tilpassa tenestebehovet. Eit meir fleksibelt og framtidsretta butilbod. Innreia ledig areal ved Helsetunet på Baldersheim med fleksible løysingar. Nytt helsesenter i Eikelandsosen. Legga til rette for ei god psykisk helseteneste.
Trygge og trivelege lokalsamfunn Høgre sitt mål er at alle skal bu i trygge og trivelege samfunn der lokale lag og organisasjonar bidreg til varierte aktivitetstilbod og gode fellesskap. Dei største suksesshistoriene i kommunenorge vert skapt når frivillige, dyktige medarbeidarar i kommunen, og næringslivet jobbar saman. Me i Høgre er opptekne av: At det skal vera trygt både å bu og å ferdast i Fusa. At det skal vera liv og røre i alle bygdene i kommunen. At alle som flytter til kommunen skal kjenna seg velkomne.
Fusa Høgre vil vera ein pådrivar for: Å setja i gang eit målretta prosjekt for å få folk til å flytta til bygdene i Fusa. Kva har Fusa å by på og kva er det folk vil ha av tilbod? At flyktningar og nye medborgarar blir godt integrert, og teke vare på i lokalsamfunnet. Opprusting av kommunale vegar. Vidareutvikling av bygdeutvala si rolle, og auka samarbeid med frivillige. Å legga til rette for nærleik til turområde og friluftsliv, og at friluftsliv vert ein viktig del av Fusa-kulturen.
Kvalitet i skule og barnehage Høgre sitt mål er at alle elevar skal gå på ein god skule som gjev eit best mogeleg utgangspunkt i livet. Ein god skule løftar dei elevane som strevar og utfordrar dei som har eit særskilt talent. Me i Høgre er opptekne av: At den einskilde får utvikla seg frå starten av, i barnehage og skule, til å verta ein god samfunnsborgar. Å auka kunnskapen og betra læringsmiljøet i skulen ved å satsa på fagleg etter- og vidareutdanning. At skulen får tilført tilstrekkeleg med ressursar. Fusa Høgre vil arbeide for: At opningstida i barnehagane og SFO skal verta betre tilpassa behovet. Tilby opplæring i korleis avdekke psykiske plager og rus hos elevar, og bruk av hjelpeapparatet for oppfølging. Ha openhet om mobbing og kva konsekvensar det har for både den som mobbar og den som blir mobba. Styrke og samordne rådgjevinga mellom grunnskulen og den vidaregåande skulen, og bidra til vidareutvikling av utdanningstilbod ved Fusa vidaregåande skule. Evaluering av lærarar og skuleleiarar. At skulestrukturen vert uendra i komande valperiode
Næring og verdiskaping Fusa Høgre vil lytta til og samarbeide tett med næringslivet. Me vil arbeide for at staten tek avgjerder som er til gunst for næringslivet og arbeidsplassane våre. Me veit at: Det er for lite tilrettelagt næringsareal kringom i kommunen, og at vegstandard framleis er ein brems for næringsutviklinga. Det er relativt få høgkompetanse- arbeidsplassar i Fusa. Fusa er eit attraktivt reisemål. Landbruket er i endring. Fusa Høgre vil arbeide for: Å auka næringsetableringa, ved å tilrettelegga næringsareal fleire stader i kommunen. Nye arbeidsplassar i samarbeid med næringslivet, særleg høgkompetanse- arbeidsplassar, og at det vert etablert eit Kompetansesenter som kan serva både næringslivet og kommunen. At det vert etablert ein reiselivs-koordinator Eit betre samarbeid med grunneigarar i arbeidet med rullering av arealdelen i kommuneplanen. At deler av planen vert rullert i perioden. Plan for sjøbuer og bygging av naust vert prioritert. Nye utviklingsmoglegheiter i landbruksnæringa i samarbeid med grunneigarane.
Samferdsle Høgre sitt mål er at du skal koma deg raskare fram og trygt heim. Me veit at: Mange pendlar til og frå kommunen dagleg. Kollektivtilbod i liten grad er tilpassa reisebehov. Betre vegstandard vil gjera kommunen meir attraktiv for næringslivet, og som bukommune. Fusa Høgre vil arbeida for: At riksveg Bergen Oslo over Haukeli går gjennom Fusa. Ein betre frekvens og punktlegheit på ferjerutene. Å redusera reisetid, kostnader og forureining ved å betra standarden på vegane i kommunen. Å få på plass eit kundetilpassa kollektivtilbod, ved å starte eit forsøk med å bestille drosje til busstakst i samarbeid med Hordaland Fylke.
Kultur og idrett Kultur og idrett er viktige sosiale og trivselsfremjande element, og ein viktig del av Fusa identiteten. Fusa Høgre vil arbeida for: Å arrangera Sirkus Fusa. Eit fellesarrangement for kunst, kultur og idrett i heile Fusa. Tett samarbeid med Fusa Idrettsråd. Auka og meir variert fritidstilbod for born og unge, gjennom samarbeid mellom ulike lag og organisasjonar. Uformelle møteplassar for alle aldersgrupper. Å utvikla kulturskulen, og sikra rammevilkår for eit variert tilbod. At idrettsanlegg får fleirbruksmulegheiter. At den Norske Folkekyrkja får gode økonomiske rammer.
Miljø Dagens livsstil forureinar meir enn jorda kan tåla Fusa Høgre vil arbeida for: Betre vegstandard og auka bruk av kollektivtransport for å minska CO2 utsleppa. Meir kjeldesortering for gjenbruk av råvarer. At miljøstasjonen får opningstider som er tilpassa brukarane. Å etablera småkraftverk og verksemder for bioenergi til oppvarming og drivstoff.
Våre kandidatar 1. Aud May Boge 57 år frå Bogøy 2. Lars Erik Dalland 62 år frå Baldersheim 3. Arve Samnøy 45 år frå Bogøy 4. Sondre Eikeland 30 år frå Eikelandsosen 5. Tore Angelskår 38 år frå Strandvik 6. Ranveig Næss 33 år frå Bogøy 7. Åge Lygre 43 år frå Holdhus 8. Lin Cathrin Anthun, 41 år frå Holmefjord 9. Hans Haktor Helland, 64 år frå Eikelandsosen 10. Olav Pedersen 58 år frå Vinnes Nr Kandidat 11 Bente Schmidt Fotland -60 år frå Strandvik 12 Ola Dale 72 år frå Holmefjord 13 Bjarne Tveitnes 65 år frå Hålandsdalen 14 Lars Johan Ditmarsen 66 år frå Sævareid 15 Linda Haugland Vik 53 år frå Strandvik 16 Hans Lygre 71 år frå Nordtveitgrend 17 Hans Fredrik Fotland 72 år frå Strandvik 18 Grethe Tveitnes 66 år frå Hålandsdalen 19 May Boge 37 år frå Bogøy 20 Erling Syvertsen 65 år Fusa 21 Steinar Berland 31 år frå Bogøy