Internt meldingsblad for alle tilsette i Kleven Maritime Påske 2011 Den historiske kontrakten er fullført. Gratulerer med vel utført.



Like dokumenter
Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Til deg som bur i fosterheim år

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Med fleire bein å stå på.

Plassebakken Barnehage

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

mmm...med SMAK på timeplanen

Teknikk og konsentrasjon viktigast

MEDLEMSINFO. august 2009

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

6. trinn. Veke 24 Navn:

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk


Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Jon Fosse. For seint. Libretto

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Månadsbrev for Rosa september 2014

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn


Plassebakken Barnehage

Team Hareid Trygg Heime

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Informasjon til elevane

Brukarrettleiing E-post lesar

Månadsbrev for ROSA mars 2015

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Erfaring frå ein multikulturell arbeidsplass. Magne Gurskevik Dagleg leiar, Kleven Maritime Contracting

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

6-åringar på skuleveg

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Kommentar frå Naturvernforbundet vedrørande blåsesand i Ulsteinvik

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

BARNEVERNET. Til beste for barnet

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Månadsplan for Hare November

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Metodiske verktøy ved kursleiing

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Transkript:

Internt meldingsblad for alle tilsette i Kleven Maritime Påske 2011 Den historiske kontrakten er fullført. Gratulerer med vel utført. Med leveringa av Siem Amethyst er Noregshistoria si største kontrakt på bygging av offshorefarty oppfylt. Skipet er det 10. og det siste i denne serien til Siem Offshore. I alt har Kleven Maritime levert 15 skip til Siem Offshore frå 2006 og fram til i dag. Denne rekordkontrakten vart inngått i 2006. Den var opphavleg på 6 farty, med opsjonsrettar på 6 til. Kontrakten enda med bestilling av totalt 10 farty etter at opsjonane vart erklærte i 2007. Prisen kom på ca NOK 6 mrd. Dei gode tidene har fortsett for oss, og i dag har vi 5 skip under bygging og ei samla ordrebok på 8 skip, til ein verdi av om lag NOK 3 milliardar. For konsernet har byggeserien på 10 farty gitt store moglegheiter til å vidareutvikle byggemetoden. Ny teknologi er teken i bruk og robotisering av arbeidsoppgåver har vore stendig under utvikling. Målet har vore å utvikle byggemetodar som er skreddarsydd til anlegga våre, og som gjev god kontroll og kortare og sikrare byggetid. Vi er landets største norskeigde skipsbyggingskonsern. Vi er i dag 500 tilsette på Kleven Verft AS og Myklebust Verft AS. Med i desse tala er også Kleven Maritime Contracting som har sine tilsette på dei ulike Klevenprosjekta. I tida frå 2005 til april 2011 har vi levert 47 farty, mest store offshorefarty, men også kystvaktskip og kjøleskip, til ein samla kontraktsverdi på over NOK 15 mrd. Den historiske kontrakten med Siem Offshore har hatt stor innverknad på sysselsetting og samfunnsøkonomi langt utanfor søre Sunnmøre.

Kor mykje er 6 milliardar? For kontraktsverdien på denne fartyserien kan du få: -6 Eiksundsamband -800.000 kroner inn på konto til alle innbyggarane i Ulstein kommune -15 000 gode, nye bilar -15 000 gode årsløner -2000 nye bustadhus. Nybygging av alle bustadhus i Ulstein kommune Siem Offshore sitt dotterselskap i Rio, Siem Consub SA, kan fortelle at Siem Emerald er blitt kåra til det mest effektive ankerhandteringsfartyet i Brasil. Og ikkje nok med det, på dei neste tre plassane kjem søsterskip av Siem Emerald. B.nr Navn Levert 327 Siem Pearl 21.09.2009 Er i Brasil og har 4 års kontrakt for Petrobras 329 Siem Emerald 10.12.2009 Har hatt nesten 100 ankeroppkoblingar i løpet av ein månad! Er i Brasil på 4 års kontrakt for Petrobras 328/331 Siem Sapphire 25.03.2010 Er i Brasil på 4 års kontrakt for Petrobras 331/333 Siem Aquamarine 15.05.2010 Har vore på Rovde for å mobilisere for oppdrag på Grønland. A-Ramma er demontert, den står på GMC i Stavanger 332/342 Siem Ruby 16.07.2010 Er i Aberdeen og tek oppdrag i spotmarkedet 330/334 Siem Topaz 15.07.2010 Har vore i Hammerfest for å mobilisere for oppdrag på Grønland 333/335 Siem Diamond 15.10.2010 Er i Brasil på 4 års kontrakt for Petrobras 335/337 Siem Garnet 12.11.2010 Er stasjonert i Stavanger og tek oppdrag i spotmarkedet 334/336 Siem Opal 25.01.2011 Er stasjonert i Stavanger og tek oppdrag i spotmarkedet 336/338 Siem Amethyst 08.04.2011 Var ope skip i Ulsteinvik 8.04. Gjekk så til Kristiansand for dåpsseremoni torsdag 14.04. Vi har sjekka med dei som tek imot klager og handsamar garantiarbeid for å høyre litt om tilbakemeldingane vi har fått på desse fartya. Karane svarar at vi får mykje skryt frå reiarlag og mannskap både for at fartya fungerer godt og for servicen vi yter i ettertid. Det har sjølvsagt vore eit og anna som ikkje har verka som det skal og det har og vore feil som har gått igjen på fleire farty. Dette meiner dei vi no har kontroll på og dei bemerkar at fartya ikkje har vore tekne ut av arbeid på grunn av desse feila. Produksjonen har vore gode på å ta fatt i feil som har blitt rapporterte og vi har derfor oppnådd ei forbetring for kvart farty. Det har sidan levering av B.nr 310 blitt ført statistikk over reklamasjonar. Denne viser at talet på claims på denne serien, i snitt, er lågare enn på dei båtane vi tidlegare har levert. 2

Vellukka feiring i Geiranger Ref. frå ei pressemelding som tidlegare er sendt ut frå leiinga i Kleven Maritime: Våre tilsette bretta opp ermane og gjorde ein stor innsats då tidene var tøffe. No er tidene betre, og det er berre rett og rimeleg at dei tilsette får del i rekordresultata. For å takke dei tilsette for ein framifrå innsats, har vi invitert alle tilsette til Geiranger for å feire. Det blir ope skip, solid bonus til dei tilsette og ei god markering av det vi har fått til saman, seier konsernsjef Rasmussen. Det er fyrste gong alle tilsette frå Kleven Verft og Myklebust Verft har hatt høve til å reise vekk i samla flokk. Alle tilsette med ektefeller var invitert til Geiranger for å markere at vi i Kleven Maritime for 2010 kan legge fram eit historisk godt resultat og for å markere avsluttinga på 10-båtserien til Siem. Det vart lagt til rette for at transporten til Geiranger skulle vere enklast mogleg med buss på fredag og hurtigbåt på laurdag. Mange valde å reise alt på fredag, og då det offisielle programmet tok til laurdag 26.03.2011, var nær 400 personar samla på Hotel Union. På informasjonsmøtet på laurdag ettermiddag vart hovudpunkta i Kleven Maritime sin strategiplan for 2011 2014 presentert. Både på Kleven Verft og på Myklebust Verft har vi tilsette som har svært lang tenestetid. Dei som har vore tilsett i over 40 år fekk heider og takk for innsatsen frå konsernsjefen og ei lita merksemd under festmiddagen i Geiranger. Kjartan Garnes og Leif P. Dimmen har også tenestetid på over 40 år og vil få utmerkinga ved eit seinare høve. På bildet ser vi frå venstre: Odd Borgund frå Myklebust Verft, Eldar Kleven, Jostein Dimmen, Randulf Havåg og Alf Roger Selvåg, alle frå Kleven Verft. 3

Når Siem Amethyst no har drege i fløyta, forlete oss og set kursen ut i verda, så refererer vi songen som Magne Gurskevik skreiv til feiringa i Geiranger: Skål for oss i KMA Mel: Sjøsalavals Sjå den stolte skuta vi har bygt du og eg Strålar som ein perlestein, nymalt og skinande Sakte glir den ut ja, no legg den i veg Høyr den dreg i fløyta og takkar for seg Vi som står tilbake er klar for nye tak Med slike leveransar vi står med ryggen rak For oss som har vårt arbeid på Myklebust og bort på Kleven Stem alle i Skål for oss her i KMA Av og til er dagane lange og grå Då vi let oss stressa av formann og inspektør Men så kjem ein kompis og då lettar det på Når han gir ei hand og lar humor få rå Og når sola varmar og sjøen ligg så fin Så gløymer du alt kavet og dagen den er din For oss som har vårt arbeid på Myklebust og bort på Kleven Stem alle i Skål for oss her i KMA Når vi no skal feire så vert det med bravur For den flotte jobben som alle har bidratt til Dette skal vi ta med når vi kjem heim frå tur Faget vårt det kan vi - på dette vi trur Derfor ventar vi snart vi nye oppdrag får For vi som her er samla er team som løpet står For oss som har vårt arbeid på Myklebust og bort på Kleven Stem alle i Skål for oss her i KMA Bilde fortel meir enn ord: Øverst: Bilde frå informasjonsmøtet og bilde som viser ei triveleg kaffistund i salongen laurdag ettermiddag. Nedst: Toastmaster Kjersti Kjeven, bilde frå festmiddagen, Roy Muren framfører vakker song akkompagnert av Kevin Myklebust og bilde frå Glow in the dock som vart nytta då gjestane flytta seg frå festsalen til dansesalen. 4

Vi tek farvel med Sindre og Nils -for denne gongen.. Når vi startar praten med desse karane, så er dei visse på kva dei vil framheve etter tida si her på Kleven. Det er det gode samarbeidet mellom oss, inspektørane i Siem, og prosjektgruppa frå Kleven, - det har vore heilt unikt. Dei har knytt mange gode og personlege kontaktar i tida her og knytt venskap dei vil ha med seg vidare i livet. Når dei no ser tilbake, så vil dei spesielt rose verftet for den gode tryggleiken. Det er utført mange arbeidstimar på dei 15 fartya Siem har bygd her og det har ikkje vore ei einaste alvorleg ulukke. På over 4000 tankinspeksjonar har det vore ein gong ein mann fekk ei lita skade, men ingen ting alvorleg. Dette er kjempeflott og god reklame for Kleven Maritime. Det har vore ei stor utvikling i eigenkontrollen og QA-arbeidet på verftet desse åra. Verft og reiarlag har saman utvikla gode rutinar. No håpar dei at Kleven held fram det gode arbeidet på dette området. Det er eit viktig arbeid som aldri må kvile og der det stadig er nye ting å ta tak i. Eigenkontroll er viktig ikkje berre for reiarlaget, men faktisk først og fremst for verftet. Korte avvikslister vil både reiar og verft ha glede av. Dei vil også framheve at produksjonen på Kleven har vore flink til å ta forandringar under vegs. Når det har kome inn rapportar frå seglande skip om ting som burde endrast på neste farty, så har det vorte teke på alvor. Det har ikkje alltid vore mogleg å gjere noko med det, men velvilje og forståing har dei møtt. Og så er det dette med at eit ord er eit ord. Har vi blitt einige om ei sak, så kan vi stole på at det vert slik. Rapportane dei no får frå fartya er at dei fungerer godt og at mannskap og reiarlag er godt nøgde. Ein ting dei meiner vi saman kan ta æra for. Sindre Slettestøl er frå Gjerdsvika og har dagleg pendla til Kleven Verft sidan august 2006. Sindre er utdanna maskinsjef og har segla mellom anna i Rieber Shipping i mange år. Sidan han tok til i Siem Offshore har han, bortsett frå i 1997-98 då namnet var Rovde Shipping, ikkje hatt mykje sjøvatten under føtene. Det har stort sett dreia seg om nokre døgn i slengen på prøveturar. Sindre er den som har vore med på bygginga av alle dei 15 fartya Kleven har bygd for Siem. 314 var den fyrste og det var også under den byggetida at lærekurva var brattast, både for reiarlaget og for verftet, meinar han. Bnr 314, 331, 332, 333 og 335 er dei fartya han føler han har det næraste forholdet til. Desse har han fylgt opp både i Polen og i Norge. Sjølv om han har hatt sin faste kontorstad på Kleven Verft, så har han også gjort seg godt kjent både på Myklebust og på avdelinga vi hadde i Førde. No ventar nye utfordringar for Sindre, i det lokale reiarlager Sanco Shipping i Gjerdsvika. Reiarlaget har kontora sine 200 m frå huset til Sindre, så noko arbeidsveg å snakke om vert det ikkje. Nils Breivik er frå Harøya og har vore fast stasjonert i Ulsteinvik sidan i desember 2008 og han har likt seg godt. Det har gått fint for kapteinen og romsdalingen å tilpasse seg sunnmøringane. Faktisk så var han fødd sunnmøring, men vart romsdaling utan å flytte, då kommunegrensa på Harøya vart flytta. Det har vore ein ny livsstil for han å vere vekependlar, men han har nytta tida i vekene godt. Mange fjellturar og mange timar på treningssenter har det blitt, etter arbeidsdagen på verftet. Turane til Rundefjellet og på Melshornet i kveldssol er flotte og dei kjem han til å sakne. Nils har fått smaken på å ha fast grunn under føtene og vil halde fram med arbeid på land. I neste jobb får han kortare arbeidsveg og kan sove i si eiga seng heime på Harøya kvar natt. Han gler seg til det, men synest likevel at det er litt trist at Ulsteinvik-tida er over. Begge er takksame og godt nøgd med tida dei har vore tilsett i Siem Offshore. Siem Offshore har vore ein god arbeidsgjevar, men verken Sindre eller Nils er klare for segling og det er heller ikkje aktuelt for nokon av dei å flytte til Kristiansand og då måtte dei finne på noko anna. Vi i Kleven Maritime takkar for eit framifrå samarbeid og ønskjer Sindre og Nils lukke til vidare. Kven veit - plutseleg er dei her igjen.. 5

Ope Skip Bilde 1 Bilde 2 Bilde 3 Då Kleven Maritime inviterte alle som ville, til ope skip på Kleven Verft fredag 8. april - så kom dei inviterte. Nær 1000 personar var om bord i Siem Amethyst. Alltid spanande å by inn til fest når det er ope hus. Vi hadde nokre rundar med tipping om kor mange som kom, men ingen torde håpe på så mange J Alt frå før kl ½ 5 var folket klare ved pølsegrytene og vi måtte skunde på stuerten for å sette fart på pølsevatnet. I alt gjekk det med 1.500 pølser, og det var nok til alle! Om bord var skipet oppdelt i soner med ansvarleg vaktpersonell i kvar sone. Karl Johan Barstad hadde ansvaret på brua, Hans Olav Rovde på dekk og Jørn Skeide i maskinromsområdet. I byssa var det Bjørn Lindseth som var sjef. Området utanfor røyrhallen og på begge sidene langs kranbana var avsett til parkering. Jogeir Skinnes og Kjell Alme fekk denne fredagskvelden godt innblikk i ein parkeringsvakts utfordringar i kvardagen. Blant dei besøkande var det mange frå lokalsamfunnet som ikkje hadde tilknyting til den maritime industrien, men som gjerne ville sjå frå innsida dei fartya som dei no i fleire år hadde sett siglande i fjordane rundt om. Dei raude båtane med den kvite svanedekoren på sidene. Og dei vart imponerte over det dei fekk sjå. Gode og sikre arbeidsforhold for mannsakapet og triveleg og praktisk innreiing, var kommentarar som gjekk igjen. Mange av dei som er tilset i Kleven Maritime nytta høvet til å vise fram kva dei arbeidar med til slekt og vener. Eit vellukka arrangement! Bilde 4 Bilde 1 Viser at det var trongt om plassen i messa. I fronten kan vi sjå mellom anna Kjartan Garnes, ein av veteranane på Kleven. Bilde 2 Ein del av arbeidsgjengen. Frå venstre: Karl Johan Barstad, Bjørn Lindseth, Johanne Sølvi Bøe og Wenche Kleven Grimstad. Bilde 3 Ein av dei yngste, og svært båt interesserte gjestane, Olav Andrè Flø Larsen vart boren rundt om på Siem Amethyst av pappa Jan Louis Larsen. Bilde 4 Dag Bjåstad, personalsjef i Hareid Group, viser familien sin rundt omkring. Frå venstre: Dag, Marte, Jon Andrè og Tove Lise. 6

VELFERDSGODER Som tilsett i Kleven Maritime sine verksemder kan du nytte deg av desse avtalane: Hytte Kleven Maritime disponerer ei hytte på Bøanedsetra i Stryn. Tilsette som ønskjer å leige hytta kan skrive seg på liste i sentralbordet. Fordelinga blir gjort kvartalsvis. Hytta har 5 soverom, med soveplassar for 11-13 personar, og er fullt utstyrt. Reset Volda skisenter Kleven Maritime har 20 heiskort på Reset, Volda Skisenter. Desse kan nyttest av deg og din familie (max 4 kort pr familie). Aktivtrening Kleven Maritime har avtale med Aktivtrening sine treningssenter. Ingen innmeldingsavgift, tilgang til alle timar + fri trening for spesialpris. Du vil då få eigen nøkkel og kan låse deg inn utanom ordinær opningstid. Tilbodet gjeld også for tilsette sine ektefellar/sambuarar. Innmelding gjennom resepsjonen, eller ved direkte kontakt med eit av Aktivtrening sine senter. Oppgi Kleven Maritime som arbeidsstad. Sjå www.aktivtrening.no for treningsalternativ og lokalisering. Minste avtaletid er 6 månader. Bank Kleven Maritime har avtale med Nordea. Tilsette i Kleven Maritime skal ha spesielt gode tilbod frå banken. Dette gjeld rente samt lavare gebyr på kort og betalingstenester. Bensin Kleven Maritime har avtale med Hydro. Avtalen omhandlar rabatt på bensin og andre varer/tenester. Eksempel: kr 0,30 i rabatt pr. liter bensin. Kvar einskilt må søke Hydro om kundekort. På Hydro-stasjonen i Ulsteinvik vil dei som har avtale få ekstra rabatt. Eksempel: kr 0,40 i rabatt pr. liter bensin. Søknadsskjema er lagt ut i kantinene og på personalkontoret. Briller Kleven Maritime har avtale med Havblikk i Ulsteinvik. Tilsette får ca 15 % rabatt ved kjøp av briller og andre varer. Ein kan også få synstest til ein betre pris enn det ordinære. Bedrifta har også avtalt spesiell pris på databriller. Sei frå at du skal nytte deg av Kleven avtalen når du tingar avtale eller handlar ved Havblikk i Ulsteinvik. Badeavtale Kleven Maritime har avtale med Herøy Fritidsbad. Tilsette og familie av tilsette kan fritt nytte badet i deira ordinære opningstider. Vi har 5 familieplassar, for inntil 5 personer pr familieplass. (mor/far med sine barn under 20 år) Bedriftsidrettslag Kleven Verft AS har eige bedriftsidrettslag. BIL har eit eige styre som er sett saman av tilsette. Orientering om aktivitetar vil til kvar tid bli hengt opp på oppslagstavlene. Alle tilsette som betaler ein eingongssum på kr 50,- er medlem i BIL. Kleven Turlag Turlaget arrangerer turar, stort sett fjellturar, men arrangerer også andre turaktivitetar. Det vert sendt ut mail og hengt opp oppslag som orienterer om turane. Hødd billettar Kleven Verft er ein av hovudsponsorane til Hødd. Med i denne avtalen fyljer det nokre fribillettar til heimekampane til A-laget. Desse billettane er fordelt på Kleven og Myklebust og kan lånast for ein og ein kamp om gongen ved å vende seg til sentralbordet ein av dei siste dagane før kampen går av stabelen. 7

Sjefen!! -Rasmus Stålesen, den tilslørte direktøren Mange gjorde ein stor innsats for at helga i Geiranger skulle bli vellukka. Likevel finn vi det rett å sende ei spesiell takk til denne karen, Rasmus Stålesen den tilslørte direktør, eller Boss undercover som dei kallar det i utlandet. Du Rasmus, du Rasmus, om alle var som du, då skulle vi hatt mykje moro!! Du må rekne med både Amanda og Oscar, men du tek nok det også på strak arm. Haugesund, Hollywood eller Køyla det spelar inga rolle. Det skal bli spanande å sjå kven NRK vel som den nye Varg Veum. Innsyn har tillate seg å sende dei filmansvarlege eit tips. Takk skal du ha! Helsing frå Ståle Fyrste kvartal har vore ei innhaldsrikt periode i Kleven Maritime, med mange store og viktige hendingar. Vi har levert fleire farty, og vi har fullført gjennomføringa av den største skipsbyggings-kontrakten i Noreg: dei 10 store ankerhandteringsfartya i det vi kallar Siem-serien. Torsdag 14. april vart det siste fartyet Siem Amethyst døypt i Kristiansand, og med det er ein historisk epoke over. Takk til alle medarbeidarar som har medverka til at serien har vorte godt gjennomført, og med gode økonomiske resultat. Mange var skeptiske til konsernet si evne til å ta på seg eit så stort oppdrag, men vi har vist at vi var tilliten frå reiarlaget verdig. Vi har også gjennomført eit stort arrangement i Geiranger, for fyrste gong med tilsette både frå Myklebust Verft og Kleven Verft tilstade. Eit flott arrangement stort sett med eigne krefter i dei fleste funksjonar viser at vi i lag har ressursar på mange område. Nok ein gong takk til alle som la ned eit godt arbeid for å få til eit vellukka arrangement. Flott film fekk vi også sjå, imponerande kreativitet og humor sjølv om det gjekk ut over sjefen! I Geiranger heidra vi tilsette med 40 år tilsetting i konsernet, både samanhangande og samanlagd tilsetting. Dette er ei ny utmerking som tidlegare ikkje har vore utdelt, og som absolutt er på sin plass. Nok ein gong gratulerer til alle som fekk utmerkinga! Ordreboka vår er god, med til saman 8 farty og ein kontraktsverdi på nær 3 mrd. kr. I tillegg ser ettermarknadsaktiviteten til å ta seg litt opp på Myklebust, slik at vi har godt med arbeid. Det har gått litt tregare å skrive nye kontrakter i ei periode, men marknaden vaknar meir til liv no, og vi har stor tru på nye oppdrag i løpet av relativt kort tid. Konkurransen er tøff, men vi har vist at vi kan konkurrere med alle i marknaden, og tilliten til oss er solid. I Geiranger presenterte vi litt av resultatet av strategiarbeidet i konsernet, der vi mellom anna har utvikla verdigrunnlaget konsernet skal vere tufta på. Den enkle utsegna Vi skal gjere godt arbeid, og vi skal vere til å stole på frå Marius Kleven i 1944 held enno, det treng ikkje gjerast vanskelegare! God påske til alle! Beste helsing Ståle. 8

Kleven skal få 100 m med ny kai -På Kleven har det lenge vore trongt om kaiplassen. Mangel på kaiplass fører med seg mykje flytting av farty som er under bygging. I utrustingstida blir fartya plassert slik at det er mest mogleg tenleg for produksjonen, men med mange prosjekt i arbeid på ein gong, så er det ikkje alltid like enkelt å få denne kabalen til å gå opp. Dei mange båtflytta kostar både tid og pengar, men dette skal no få si løysing. Det skal byggast ny utrustingskai vest for beddingen. Den nye kaia vil bli 100 m. lang og ende opp på nedsida av rørhallen. Det skal mudrast på havbotnen slik at djupta ved kaikanten vert på minimum 8 meter. For å fylle ut til kaiområdet trengst det mykje masse. Denne massa skal takast frå knausen i akterkant av området. Arbeidet er sett vekk til firmaet A Våge frå Volda, og dei har alt starta opp med pæling og prefabrikasjon av element. I samband med dette arbeidet skal også kraner flyttast. 85 tonns krana som no står på kai kanten ved Køyla skal flyttast og betene den nye kaia. Boligbrakke r KNAUSEN SOM SKAL VEKK DEN NYE KAIA Lag er Adm.byg g Sidan Kleven Verft det neste halve året berre har 2 farty under utrusting samtidige, så skal denne utbygginga kunne fullførast utan at det kjem i vesentleg konflikt med produksjonen. Det er ei stor utbygging det er snakk om og den er budsjettert til 24 mill. Arbeidet er berekna ferdig om 8 månadar. Denne utbygginga er første steg i det vi vonar skal bli ei større utbygging og fornying av verftsområdet. På bildet her ser vi anlegget til KVE frå lufta. Det viser kor stor den nye kaia vert. Myklebust i gang med restverdihandtering Vi er no klare til å starte med restverdihandtering på ein langt meir strukturert måte, seier innkjøpssjef Odd Magne Skotnes. -Inspirerte av Kleven si vellukka satsing har vi no rydda og klargjort Folkets Hus for sortering av dei mange fraksjonane med avfall. Inne i teltet finn vi mellom anna stasjonar for ulike typar metall, elektronisk utstyr, papir, plast og trevirke. På utsida av Folkets Hus ligg også Kharg der flytande avfall som til dømes olje vert handtert. Frå v.: Innkjøpssjef Odd Magne Skotnes, formann Jim André Berge og Asle Einar Kjøde framfor nokre av stasjonane i Folkets hus. For den som måtte lure på kvifor teltet fekk dette namnet så skriv det seg frå at det blei kjøpt brukt i Førde. Spare kostnader og miljø -Berre ved å ha trevirket under tak kjem vi til å spare store kostnader, seier formann Jim André Berge. Vi betalar ofte for vekt og då er det dumt at vi skal betale for regnvått trevirke. Ein del av avfallet er dessutan gratis å levere slik som papp, plast og elektroavfall. Saman med Asle Einar Kjøde og Bota (Satchithananth Nadarajah) skal han no syte for at alt avfall går innom sortering før det blir henta av Franzefoss Gjenvinning. Målet er å starte grovsorteringa allereie om bord i båtane slik at ein slepp å ta igjen så mykje i ettertid. I tida framover skal rutiner og informasjon på plass slik at operatørane veit korleis dei skal gjere sitt bidrag til at tiltaket vert vellukka. -Dess mindre som går som restavfall (avfall som vert brent) dess meir sparar vi også miljøet, avsluttar Jim André. 9

Kjærleikens ferjereise Innsyn går om bord i BF Kvam som har lege inne til verkstadopphald ved Myklebust Verft. Den gamle Wichmannmotoren om bord skal startast opp igjen etter det som maskinistane kallar ei mellom-klassing. Etterkvart livnar motoren til og vi kan høyre den kjende Wichmann-lyden dure gjennom ferjeskroget. Flittige hender og granskande auger overvakar. Lysglimt frå lommelykter speidar etter lekkasjar inn i mellom alle rør, krokar og krikar. Staute maskinistar kliv under dørkar og sjekkar at alt ser normalt ut. Røra får eit handtrykk temperaturen er som den skal. Med enkle instrument som hjelpemiddel vert trykk og temp. kontrollerte. Det vert ikkje snakka så mykje. Motoren står for lyden. Prøvetur Innsyn får meirsmak og bestemmer seg for å hive seg med ein liten teknisk prøvetur. Det vert kasta loss og BF Kvam, bygd på Bolsønes Verft i 1977, smyg seg elegant ut mellom kaiene og den 30 år nyare og langt meir avanserte Edda Fauna. Ingen tvil om at der er eit teknologisk kvantesprang mellom desse to fartøya. Eit par løftebaugar på ei gammal ferje kan liksom ikkje måle seg med dieselelektrisk framdrift, DP, monster-kraner og undervassrobotane som er om bord i det avanserte offshorefartøyet ved nabokaia. Men ingen om bord snakkar likevel nedlatande om den gamle dama som legg ut frå kai. Som det ofte plar gå vart verkstadlista noko lenger enn det ein hadde sett føre seg på førehand. Rart med det når ein plukkar sundt gammalt utstyr. Til venstre: Ingar overvakar motoren. Lite plug and play i dette miljøet. Ikkje plug and play For nokre veker sidan deltok maskinarbeidar og maskinist Ingar Sandvik på tekniske prøveturar med bygg 348 Siddis Mariner. Eit moderne offshorefartøy til 3-4 hundre millionar kroner. Når vi monterer nytt utstyr om bord i nybygga er det mykje meir plug and play, seier Ingar. Sett på spissen monterer vi maskiner og utstyr på fundament og så kjem leverandørane sine oppstartarar og køyrer i gong. På jobbar som her om bord i BF Kvam må vi tenkje på ein heilt annan måte. Først skal utstyret demonterast. Undervegs må ein gjere ei vurdering på kva og kor mykje ein skal overhale og skifte av delar. Skal komponenten køyrast nokre år til eller bør den kanskje skiftast? Dette stiller oss overfor mange vurderingar og val, seier Ingar. Han meiner også den solide kompetansen og erfaringa på maskinavdelinga kjem godt med. Det er ikkje lett for ny-utdanna å ta fatt på slike oppdrag som til dømes overhalinga av denne Wichmannmotoren, seier han. Styrmann Hilde Iren Jakobsen og skipper Olav Vattøy frå reiarlaget Tide Sjø er straks klare for å gå i rute mellom Larsnes, Åram, Voksa og Kvamsøy. Maskina kjennest god ut, seier Olav etter litt manøvrering. Loggen syner at farta nærmar seg 13 knop i medvind inn fjorden godkjent. Til høgre: Kvam maskinistane Bakerst: Per Jon Husøy, Dariusz Giza, Ingar Sandvik, alle frå maskinavdelinga ved Myklebust Verft, Karsten Kallevåg, Wärtsilä og maskinist Åge Årvik, Tide Sjø. Til venstre: Ein gong for 30 år sidan var dette topp moderne og imponerande elektronikk. Til høgre: BF Kvam er tilbake på Myklebust Verft etter ein vellukka prøvetur. Rubbestadneset Med på oppstarten er også ein representant frå Wichmann-miljøet på Rubbestadneset. Karsten Kallevåg har jobba med slike motorar sidan tidleg på 70-talet og kjenner dei ned til minste detalj. På Myklebust har han vore ei rekkje gongar. Mellom anna under oppstarten av bygg nr. 17 snurparen Zeta. Men denne motoren er eit klenodie, seier Karsten reine museumsgjenstanden, sagt med positiv Bømlo-klang. Etter at eit stempel har fått nye ringar, kamakselen har fått nye lager, brennstoffdysene er sjekka og brennstoffpumpa og ein del rør er skifta så går motoren igjen som ei klokke. 10

Du veit vi bygger framleis Wichmann-motorar på Rubbestadneset, fortel Karsten. Det hender at nokon spør særskilt etter slike motorar. Akkurat no bygger vi to for Sartor-reiarlaget, fortel han. Ein lang dag i maskinromet hellar mot slutten og den raude kjeledressen har fått ein mørkare farge. Vi ser at den har den gamle Wichmann-logoen på ryggen og ikkje den nye frå Wärtsilä. -Du veit når vi skal ut på slike oppdrag så må vi ha kjeledressen av den gamle typen på, avsluttar maskinisten med eit smil. Neste oppdrag går enten til ein bøyelastar ute i Nordjøsen eller på eit av nybygga på STX-verfta. Innsyn takkar maskinavdelinga og gjengen på BF Kvam for den vellukka prøveturen. Saman med duren frå motoren blei det igjen ein hyggeleg reportasjetur i ei atmosfære prega av erfaring og yrkesstoltheit. Det å kjenne og oppleve litt av vår nære og stolte industrihistorie langs kysten. Ferjer og gamle motorprodusentar som til dømes Wichmann. Og med maskinistar av den gamle skule om bord. Ettermarknaden i vekst igjen ved Myklebust -Vi har fått eit visst inngrep i ettermarknaden igjen, stadfestar plassjef Hans Kristian Opsal. Etter ei tre-års periode der så og seie all kapasitet gjekk til nybygg, er no målet å drive kombinasjonsverft igjen. Første kvartal i 2011 gjekk om lag 20% av eigen kapasitet til å handtere ettermarknadsprosjekt. - I tillegg til at vi er ute og sel kapasiteten sjølve så opplever vi no også at marknaden kjem til oss for å sjekke om vi har kapasitet til å utføre oppdrag. Tøff konkurranse Vi møter sjølvsagt også hard priskonkurranse i denne delen av marknaden. Men, vi kjenner at dette er med på å skjerpe oss. Også dei tilsette verkar å trivast med utfordringane som denne marknaden gir oss, seier Hans Kristian. Målet er at kombinasjonen brei kompetanse og høg konkurransekraft også skal kome til nytte innan nybygg-aktivitetane ved verftet. Auka merksemd mot risiko Typisk for eit operativt fartøy som er inne til vedlikehaldsarbeid er at mannskapet bur om bord medan dette arbeidet pågår. Fartøyet har også alle system i drift og i dette tilfellet har også reiarlaget sin kunde (charterer) utstyr for mange titals milionar om bord. Utrustningsformann Nikolai Sandanger fortel om auka merksemd mot risko ved arbeid om bord i offshorefartøy som kjem inn til vedlikehaldsarbeid. Om bord i det avanserte offshorefartøyet Edda Fauna gjennomfører vi dagleg møter der det vert gjort risikoanalyse for kvar jobb vi skal utføre for kunden, fortel Nikolai. Og for kvar jobb må vi ha arbeidsløyve frå dei ansvarlege om bord. Bilde til venstre: Plassjef Hans Kristian Opsal og utrustningsformann Nikolai Sandanger framfor Edda Fauna. Bilde i midten: Store dimensjonar på delane frå ei demontert styremaskin. Frå v.: Maskinformann Vidar Lilleeide, maskinar. Marek Majewski og plassjef Hans Kristian Opsal i ein teknisk diskusjon. Bilde til høgre: Operatørane Marek Majewski og Slawomir Gieremek på utrustningsavdelinga i tenkje-modus. 11

Minneord Bjørn Vinge Nytilsette i 2011 Bjørn kom til Myklebust Verft 3. november 1997 etter å ha vore maskinist i utenriksflåten. Vi lærte han tidleg å kjenne som ein kunnskapsrik og dyktig maskinarbeidar. Bjørn sin innsats og stå-på vilje på maskinavdelinga blei raskt lagt merke til. Eit langt yrkesaktivt liv hadde gitt han mykje erfaring. Denne delte han villig med oss andre. Vi fikk ta del i historier frå nær og fjern, alltid fortalt med eit glimt i auget. Bjørn sin kunnskap og hans glede av å dele sine historier med oss gjorde at han passa godt inn i miljøet her på Vågsneset. Han hadde ein væremåte som kunne gjere ein grå kvardag lysare og lettare for oss alle. Onsdag 30. april blei han råka hjertestans om bord i BF Kvam som låg inne til vedlikehald. Arbeidskameratar i det lokale industrivernet kom raskt på plass og ga hjerte/lungeredning. Det blei også forsøkt gjenoppliving med hjertestartar. Ambulansepersonell kom også raskt på plass og heldt fram med redningsarbeidet men livet stod dessverre ikkje til å redde. No er Bjørn sin arbeidsdag over og vi på Myklebust er svært takksame for at han ville bruke snart 14 år av si tid saman med oss. Våre tankar går til dei to systrene hans, Turid og Monika, som har mista broren dei var så glade i. Arbeidskameratar på Myklebust Verft Ny mann på maskinering ved Myklebust Håvard Gurskevik blei i januar tilsett ved maskinavdelinga på Myklebust Verft med ansvar for maskinverkstaden. Vi reparerer og rettar opp gamle delar, eller lagar nye erstatningsdeler. Det meste av behovet som dukkar opp for slikt arbeid gjennom året klarar vi å handtere her, avsluttar Håvard. Tilsette ved Kleven Verft Maciej Perejczuk, til venstre på bildet, vart tilsett som arbeidsleiar på bedding 01.04.11. Han har vore ved Kleven Verft i fleire år, som tilsett i Genfer Ship. Mariusz Knap, til høgre, vart tilsett på utrustning 10.01.11. Han har også vore ved Kleven Verft eit par år, som tilsett i Timoro. Traian Horobet var ikkje tilstade då bildet vart teke. Han vart tilsett som arbeidsleiar på rør-avdelinga 01.04.11. Velkomne! Nye Prestfjord tek form På beddingen ved skrogverftet Stocznia Gdansk i Polen kan vi no sjå at skroget til nye Prestfjord byrjar å ta form. Etter dei siste planane så skal skroget kome til Myklebust i midten av juni. Prestfjord skal leverast som B.nr.343 frå Myklebust Verft før jul. 12