Erstatning etter klimabetinga skade frukt 2015 TIPS OG RETTLEIING TIL SØKNADEN FRIST 31. OKTOBER 2015 Fylkesmannen i Hordaland v/ Øyvind Vatshelle og Frøydis Lindèn 1
Kva kan gje erstatning: Avlingssvikt som er direkte forårsaka av klimatiske tilhøve, og som ein ikkje kan sikre seg mot. Avlingssvikt som skuldast vind er inkludert! Kvalitetstap kan berre gi erstatning når det er forårsaka av hagl, store nedbørsmengder eller frost. Døme som ikkje gir erstatning: Skade etter sjukdomar og skadedyr Skade forårsaka av manglande tiltak i drifta Kvalitetstap som skuldast vind Skade på dekkesystem Skade på lager etter hausting Meir om erstatning på Fylkesmannen si nettside 2
Erstatninga dekkjer ikkje reelle inntektstap Litt om utrekninga Formålet med erstatningsordninga er å vere til hjelp i en krisesituasjon, ikkje å dekke alt tap. Det er difor sett 30 % eigenrisiko. Avlingsnedgangen må altså vere meir enn 30 % av gjennomsnittsavlinga di for at det skal bli utbetaling. Eit snitt av avlinga på føretaket dei 5 føregåande åra blir brukt for å fastsetje kva som var forventa avling i 2015. Det blir rekna som kilo per dekar. Avlingstapet blir rekna samanlagt for alle fruktkulturane på garden. Ein god epleavling kan vege opp for ein dårleg plommeavling i 2015. For å rekne ut erstatningsbeløp blir det brukt standard satsar (kroner per kilo). Erstatninga er altså uavhengig av korleis du sel varen. Direktesal til høgare pris gir ikkje høgare utbetaling. Avlingstap vil gjere at ein får mindre haustekostnader til innleigd arbeidshjelp. For den avlinga som blir erstatta, blir sparte haustekostnader trekt frå etter standard tal for leigd arbeid. 3
Kva gjer du oppsummert 1. Kontakt kommunen snarast dersom du vil la vere å hauste delar av arealet. Det er krav om at alt areal skal bli hausta. Du treng førehandsgodkjenning frå kommunen for å kunne få erstatning for areal som ikkje er hausta. Dette er aktuelt dersom verdien av avlinga er lågare enn haustekostnadane. 2. Finn fram nødvendig informasjon. Start no, i tilfelle du òg treng hjelp av rekneskapsførar og fruktlager sjå hugseliste. Må du bestille kodar til Altinn.no? 3. Fyll ut søknaden, helst elektronisk. Ikkje vent til dei siste dagane før fristen, 31. oktober, i tilfelle det blir problem. Du kan lagre det du har fylt ut, og seinare opne skjemaet på ny og fylle ut vidare. NB! Det kan vere lurt å lagre hyppig for å unngå å miste data i tilfelle teknisk feil. Du kan få førebels berekning av evt. erstatning for å sjå om det er verd å sende inn søknaden. 4. Send søknaden. Vedlegg kan du laste inn i den elektroniske søknaden, eller du kan sende til kommunen per e-post eller papir. 5. Hugs å ettersende dokumentasjon for avlingstal 2015 helst innan 31. januar 2016. Evt. ettersende eventuelle korrigeringar. 4
Korleis sender du ein søknad? Søknad helst vi Altinn, evt skjema på Landbruksdirektoratet.no For å kunne sende søknad, må ein ha gitt melding til kommunen så snart det var mistanke om klimabetinga skade. Fellesskadeinnmelding vart gjort i juli 2015 gjennom alle fruktlagra og er akseptert for dei som er medlemmar der. For ikkje-medlemmar må landbrukskontora kunne vise til melding gitt til kommunen (dato). Søknadsfrist 31. oktober! Søknaden bør vere mest mogleg komplett, men informasjon om avling i 2015 må bli ettersendt. Det er òg mogleg å ettersende rettingar. Søknad levert etter fristen blir avslått. 5
Alle opplysningar i søknaden må vere dokumenterte, og må kunne leggast fram ved kontroll. Dokumentasjon: Følgjande dokumentasjon MÅ leggjast ved søknaden! Dette viser også kor du kan finne nødvendig informasjon til søknaden. For kvar fruktkultur og for alle åra 2010-2014 + 2015 trengst: Areal som ikkje er i bæring: Dersom det er stor variasjon i areal som ikkje er i bæring frå år til år, må Fylkesmannen få dokumentasjon som viser tal dekar for kvart år. Dette vil bli brukt til å korrigere utrekning av snittavling / venta avling. Kart med oversikt over plantefelt: areal, fruktslag, planteår, planta som pisk eller greina. Du kan få hjelp frå Fruktrådgivinga. Eller du kan sjølv teikne og måle areal på gardskart, og skrive ut kartet. Eller utskrift frå Fruktklient, inkl. omrekning til areal i produksjonstilskot. Dersom tal i fruktklienten er fylt ut. I klienten er vendeteig ikkje inkludert. Du må difor vise omrekning til arealtala tilsvarande produksjonstilskot. Eller evt. dokumentasjon ved rydde-/plantetilskot utbetalt frå Innovasjon dersom dette viser tal daa som vil vere i bæring ulike år. 6
Forts. hugseliste Total avling Samanlagt både for klasse 1 og klasse 2! Dette gjeld alle aktuelle fruktslag. Avlinga skal bli gitt opp i kilo for kvar fruktkultur. Du kan velje å stryke eitt dårleg år i perioden. I så fall må du òg gi opp tal for 2009. Fruktklienten kg levert for kvar kultur og kvart år for kl.1 og kl.2. Eventuelt tilleggsinformasjon frå fruktlager for presseple og presspære, dersom tala ikkje finst i Klienten. For privat sal utanom fruktlager: Signert samanstilling frå rekneskapsføraren. Be dei eventuelt om å fylle ut hjelpeskjema, som er vedlagt. Eller: hovudbok med kvitteringar/bilag for all fruktinntekt/år. Prisliste og ark som viser omrekning, dersom ein må rekne kronesum i rekneskapen om til tal kilo (for kvart fruktslag og år). 7
Teikning av plantekart frå gardskart på internett, døme 1. Klikk på symbol for å teikne teig og få opp areal. 2. Klikk for kvart punkt i markeringa. 3. Dobbeltklikk for å avslutte markeringa. 4. Skriv inn namn / info. Ta med utrekna areal. 5. Lagre. 6. Du kan klikke på figurane etterpå for å endre namn eller slette. 8
For å fylle ut elektronisk søknaden logg inn fyrst: 9
Må du bestille kodar til Altinn? Det tek ofte ei veke å få dei 10
Frå forsida går du vidare her: 11
og så her: 12
Vel riktig aktør og gå vidare: 13
No lagar du ny søknad i elektronisk skjema: Du kan óg opne ein søknad du har lagra tidlegare, for å fylle ut vidare. 14
Skriv inn org. nr og vel riktig søknadstype: 15
sladd Fyll inn skadeår og trykk «Åpne»: 16
sladd Endre kontaktinformasjon? Felt for utfylling: xx xx xx Du kan endre telefonnummmer og kontonummer. Fyll gjerne inn e-post. xx xx NB! Må vere same kontonummer som i søknad om produksjonstilskot. 1 kg total 2 omsatt frå Fruktlager, inkl. kl 2. + registrert privatsal i næringsoppgåve 17
Utfyllande informasjon Sjå neste plansje for kva du må skrive inn! 18
Skriv utfyllande informasjon i feltet «2.skadeårsak»: SKADEÅRSAK Korleis har avlingssvikten / skaden arta seg, og kva er årsaken. Kva har du gjort for å unngå skaden. Kva andre årsaker er det til unormale avlingstap på ditt føretak i 2015. (til dømes kork, plummepung, dårleg drenering eller anna) Du må estimere kor stor del av avingssvikten som skuldast klima og kor stor del som skuldast sjukdom / anna. Oppgi i %. HAUSTING Hauster du alt sjølv eller brukar du innleigd hjelp. Kor mange % haustar du sjølv? DERSOM TIDLEGARE ÅR IKKJE GIR RETT BILETE AV VENTA AVLING: Forklaring og skriv kva år det gjeld. Plantesystem og alder. Planta som pisk eller to-årige tre. DOKUMENTASJON Før opp kor opplysningane er henta frå, slik at det er lett å finne fram ved eventuell kontroll. 19
Økologisk: 50% av fruktarealet må drivast økologisk for å få økotillegg i satsen. Berekningsår for venta avling: Dei 5 åra 2010 2014 blir brukt som grunnlag. Søkjar kan velgje bort eitt dårleg år, og erstatte med 2009. Gjeld alle fruktslag samla. Areal: Totalt: skal samsvare med produksjonstilskot (tilskotsbrev). Dekar ikkje i bæring. NB! Ikkje arealtal frå Klienten. Tal dekar som ikkje er hausta i skadeåret 2015. 47 1 Fyll ut tilsvarande for alle fruktslag på føretaket! Avling: Når avlingssvikt: alltid som kg, samanlagt kl 1. og kl 2. Omsatt frå Fruktlager + registrert privatsal i næringsoppgåve (bilag) Beregn: Trykk for å sjå berekning. Sjå atterhald neste plansje. 20
Punkt 3. Frukt. - Utfyllande informasjon til skjema Førehandsutfylte tal: Sjekk tal for areal og avling, dei kan vere feil i nokre tilfelle, til dømes: Epleavling i 2009 og 2010 (før innført tilskot på klasse 2) er truleg berre oppført med klasse 1. Du kan leggje til avling av klasse 2, og føre total avling. For dei som har levert både eple og pære til press, er dei preutfylte tala truleg feil. Summen av eple og pære til press har kome med både i totalavling for eple og i totalavling for pære. I nokre tilfelle kjem det opp ein kultur som ikkje blir dyrka på føretaket. Her kan du skrive null i alle felt. Avlingstal 2015: Ikkje fyll inn dersom tala ikkje er klare. Du får likevel sendt inn søknaden. Tala må du ettersende til landbrukskontoret i kommunen. Areal ikkje i bæring: Sjå eige vedlegg som definerer når vi reknar at arealet er i bæring. Dersom du har om lag like mykje fornying kvart år, inkludert i skadeåret: Då treng du ikkje å fylle ut areal som ikkje er i bæring dei føregåande åra. Du må likevel fylle ut for skadeåret 2015. Oppgi i dekar. Berekningsknappen: NB! Automatisk berekning tek ikkje omsyn til oppgitt areal som ikkje er i bæring. Dette tek vi omsyn til ved handsaming av søknaden. Det er ikkje mogleg å berekne dersom du har sett kryss for berekning med totalsal (skal berre nyttast ved søknad etter om erstatning etter klimabetinga kvalitetstap sjå side 2). 21
UNNTAK: Dersom du ikkje skal søke om erstatning for avlingssvikt, men erstatning for kvalitetstap: Ved kvalitetstap: Gi opp total sal i kroner i staden for kilo Kryss av for berekning med totalsal 50000 50000 50000 50000 50000 47 1 50000 Gjeld berre særskilde tilfelle, sjå s 2. 22
Siste side NB! ALLE OPPLYSNINGAR I SKJEMAET MÅ KUNNE DOKUMENTERAST VED KONTROLL. DET GJELD OGSÅ UTREKNINGAR OG SAMANSTILLINGAR AV TAL. 23
Satsar Sjå forskrift (link) for å sjå korleis snittprisane er fastlagde: Frukt: Eple: 13.60 kr/kg Pærer: 14,10 kr/kg Plomme: 25,70 kr/kg Moreller: 49,30 kr/kg Kirsebær: 12,10 kr/kg 24
Utekning av evt. erstatning - døme 6350-33231 57561 25
Sakshandsaming: Søknaden blir sendt til kommunen av deg. Kommunen kan svare på spørsmål. Be eventuelt Norsk fruktrådgiving Hardanger eller rekneskapskontoret ditt om hjelp til utfylling. Kommunen kontrollerer opplysningar og dokumentasjon, og kjem med uttale til Fylkesmannen. Fylkesmannen handsamer søknaden. All dokumentasjon skal vera på plass før sakshandsaming. Produsenten er sjølv ansvarleg for dette. Svar våren 2016 rask handsaming når det er sendt gode forklaringar og tilstrekkeleg dokumentasjon. Klage: FMLA og Landbruksdirektoratet hugs å halde fristen! (som oftast tre veker) 26
Det er aldri feil å søkje hjelp Søk gjerne råd frå NLR, Fruktlageret, rekneskapskontoret for utfylling av skjemaet og bruk gjerne hjelpeskjemaet som hugseliste for «hjelparane» dine. 27
Spørsmål? 28
God innhausting! OG HUGS SØKNADSFRISTEN 31. OKTOBER! 29