EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER. for Balestrand kommune. Balestrand kommunestyre. xx.xx.xxxx sak 13/xxx



Like dokumenter
EIGEDOMSSKATTE- VEDTEKTER

Vedtekter for eigedomsskattetakst

Masfjorden kommune - ein kommune me er stolt av. Takstvedtekter for sakkunning nemnd og sakkunning klagenemnd. Vedteke i kommunestyret

Den sakkunnige nemnda skal ha tre medlemer der éin er leiar, éin nestleiar og éin medlem. I tillegg skal det veljast tre varamedlemer i rekkefylgje.

Takstvedtekter for sakkunnig takstnemnd og sakkunnig ankenemnd gjeld frå

EIGEDOMSSKATTETAKSTVEDTEKTER FOR VESTRE SLIDRE KOMMUNE

EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR KVINNHERAD KOMMUNE. Vedtekter for sakkunnig nemnd og felles sakkunnig klagenemnd gjeld frå 1.

Takstnemnda skal ha tre medlemar med ein leiar, ein nestleiar og eit medlem. I tillegg vert det valt tre varamedlemar.

VEDTEKTER FOR EIGEDOMSSKATTETAKST - ØYGARDEN KOMMUNE Takstvedtekter gjeldande frå 1. januar 2013

Vedtekter for eigedomsskattetakst

VIK KOMMUNE VEDTEKTER FOR EIGEDOMSSKATT

EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR EID KOMMUNE

Til å handsama klagar på utskrivinga av eigedomsskatten kan kommunestyret i medhald av eigedomsskattelova 20 anten

KAP. I SAKKUNNIG NEMND OG KLAGENEMND

EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR VESTNES KOMMUNE

LOV nr 44: Lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane

TAKSTVEDTEKTER FOR LUSTER KOMMUNE

Vedtekter for skattetakstnemnda i Ulstein kommune

EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR VESTNES KOMMUNE

EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR NAUSTDAL KOMMUNE

EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR VOLDA KOMMUNE

Takstvedtekter gjeld frå 1. januar 2013, vedteke i heradsstyret 12. desember 2012.

Dok.dato: Vår Ref: Arkiv: N-111 RETNINGSLINER FOR UTLIKNING AV EIGEDOMSSKATT I SUND KOMMUNE

Eigedomskattevedtekter for Sogndal kommune

12/1303-2/K1-232//AEM EIGEDOMSSKATTEVEDTEKT FOR STRYN KOMMUNE

INNHALD: 1. Sakkunnig nemnd og ankenemnd. 2. Eigedomskattekontoret. 3. Synfarar og andre sakkyndige i takseringsarbeidet. 4. Takseringsarbeidet

EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR HYLLESTAD KOMMUNE

SOGNDAL KOMMUNE VEDTEKTER EIGEDOMSSKATT Vedtekne av kommunestyret i sak 50/05 Kap.

Den sakkunnige nemnda skal ha fem medlemmer med ein leiar, ein nestleiar og tre medlemmer. I tillegg blir det valt fem varamedlemmer.

Eigedomsskattevedtekter vedteke av kommunestyret i sak 048/14 med presisering i sak 059/14

Eigedomsskatt. Hjelmeland kommune. Vedtekter for. i Hjelmeland kommune. Innhald KAP. I - SAKKUNNIG TAKSTNEMND KAP.II - FØREBUING AV TAKSERINGA

1 SAKKYNDIG NEMND OG KLAGENEMND FOR EIENDOMSSKATT

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

Over faste eiendommer I NES KOMMUNE. Vedtatt i kommunestyret , saksnr. 80/13

VEDTEKTER FOR EIGEDOMSSKATT

TYSNES KOMMUNE VEDTEKTER FOR EIGEDOMSSKATT

Innkalling av Valnemnd

Den sakkyndige nemnd skal bestå av tre medlemmer (leder, nestleder og ett medlem). I tillegg vel kommunestyret tre varamedlemmar.

EIENDOMSSKATTETAKSTVEDTEKTER FOR FOLLDAL KOMMUNE. Takstvedtekter for sakkyndig nemnd og sakkyndig ankenemnd gjeldende fra 1.

Fra Forskrift til Opplæringslova:

NOTAT. Til skilnad frå andre skatteinntekter går eigedomsskatt direkte til Kvam herad, og er ikkje samordna med rammetilskotet.

MØTEBOK Tysnes kommune

1 SAKKYNDIG TAKSTNEMND OG FELLES SAKKYNDIG KLAGENEMND

MØTEREGLEMENT FOR ADMINISTRASJONSUTVAL

FAUSKE KOMMUNE. 12/9865 I I Arkiv JoumalpostID: sakid.: 12/2313 I Saksbehandler: Jonny Riise VEDTEKTER FOR EIENDOMSSKATT - FAUSKE KOMMUE

Møtestad: Hareid rådhus Dato: onsdag, Tid:11:00

1 SAKKYNDIG NEMND OG KLAGENEMND FOR EIENDOMSSKATT

Dok.dato: Vår Ref: Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE

EIENDOMSSKATTETAKSTVEDTEKTER FOR TRØGSTAD KOMMUNE Takstvedtekter for sakkyndig 1 nemnd og sakkyndig klagenemnd gjeldende fra

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Sirikit Bakke Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 13/688. Utvida grense for eigedomsskatt Val av takseringsprinsipp

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd)

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

SAKSFRAMLEGG EIGEDOMSSKATT - ORIENTERING. Saksbehandlar: Magne Værholm Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 05/00651

Ved alternativ votering mellom framlegg frå Margit Smeland og formannskapet si tilråding, vart Margit Smeland sitt framlegg samrøystes vedteke.

KOMMUNESTYRETS ÅRLIGE EIENDOMSSKATTEVEDTAK. - hvor kommunen har innført eiendomsskatt tidligere

SOGNDAL KOMMUNE REGLEMENT FOR KONTROLLUTVALET UTKAST

Innhold. Takstvedtektene gjelder fra

STIFTINGSPROTOKOLL FOR. Helse Vest Innkjøp HF

REGLEMENT FOR SEKTORUTVAL FOR SKULE- OG KULTUR

Reglement for formannskapet. Vedteke i kommunestyret , sak K-13/109

Selskapsavtale for Setesdalsmuseet Eigedom IKS 1 Selskapet sitt namn

Kap 1 Innleiande fastsettingar

S 2015 EIGEDOMSSKATT TAKSERING SK 15/2479. Kravspesifikasjon Vedlegg 1. Sogndal kommune - Innkjøp

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

REGLEMENT FOR POLITISKE UTVAL

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

Reglement for administrasjonsutvalet. Vedteke av kommunestyret , sak K-13/110

Kl : Opplysning om trekkfag (Elevene får vite hvilket fag de kommer opp i til eksamen). Vanlig skoledag. skal opp i engelsk, møter faglærere.

VEDTEKT av februar 2007

Takstvedtekter for Åmli kommune. Gjelder fra 30. mars 2012 Endret av kommunestyret , sak K 13/172

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Informasjon om eiendomsskatt i Nordre Land. Synnfjellporten

Vedtekter for nasjonalparkstyret for Jostedalsbreen nasjonalpark i Sogn og Fjordane fylke

REGLEMENT FOR Utval for Levekår

POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE

Eiendomsskattevedtekter for Jevnaker kommune

EIENDOMSSKATT klageadgang takseringsprinsipper

FELLES REGLEMENT FOR DEI POLITISKE ORGANA (K-sak 28/16)

5 LOVLEGHEITSKONTROLL Formannskapet skal ikkje handsama saker som er sendt departementet / fylkesmannen etter reglane i Koml. 59.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 16:30-00:00

GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE

Utdrag fra FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA SÆRSKILTE REGLER FOR FAGOPPLÆRINGA FAG- OG SVENNEPRØVE

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Formannskapet Møtedato: Møtetid: 15:00-17:30 Møtestad: Kommunehuset

Selskapsavtale for Setesdal Miljø og Gjenvinning IKS Versjon

Vedtekter. for eiendomsskatt. Gjelder fra skatteåret 2018.

Vedtekter for skattetakster over faste eiendommer i Balsfjord kommune

Vedtekter for Fusa Kraftlag

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Sentrale paragrafar i Forskrift til opplæringslova: Kapittel 5. Klage på vurdering

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR MODUM KOMMUNE Takstvedtekter gjeldende fra 1. juli 2013

Kontrollutvalet i Sogndal kommune

Tilgangskontroll i arbeidslivet

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet SAKLISTE: 139/09 09/661 Sluttrekneskap fleirbrukshall og del av fellesareal Saften AS

Reglement for Kvam kontrollutval

For bustader/fritidsbustader med tomt til desse, samt ubebygde tomter til dette formål, settast eigedomsskatten til 3,5 promille, jfr eskl 12.

Transkript:

EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER for Balestrand kommune Balestrand kommunestyre. xx.xx.xxxx sak 13/xxx Framlegg datert 7.03.2013 1

Innhald EIGEDOMSSKATTETAKSTVEDTEKTER FOR KOMMUNE... 3 1 TAKSTNEMND OG FELLES KLAGENEMND... 3 1.1 Takstnemnd... 3 1.2 Klagenemnd... 3 1.3 1.4 Kven kan veljast, oppnemning av nye nemndmedlemer og fråtreding... 3 Ugildskap... 4 1.5 Møteplikt... 4 2 2.1 EIGENDOMSSKATTEKONTORET... 4 Eigedomsskattekontoret... 4 2.2 Eigedomsskattekontoret sine oppgåver... 4 2.3 Deltaking på møte i takstnemnda... 4 2.4 2.5 Førebuing av takseringsarbeidet... 4 Opplysningar frå skattytar og/eller brukarar av eigendomen... 5 2.6 Bruk av sakkunnige for takstnemnda og klagenemnda... 5 3 3.1 TAKSERINGSARBEIDET... 5 Leiar i takstnemnda sine oppgåver... 5 3.2 3.3 Informasjon til dei andre nemndmedlemene... 5 Møteprotokoll frå møte i nemndene... 5 3.4 Generelle prinsipp for takseringsarbeidet... 6 3.5 Vedtak av retningsliner og sjablongar, verdsetjingsprinsipp... 6 3.6 Synfaring... 6 3.7 Fotografering... 7 3.8 Fastsetting av takst... 7 3.9 Teieplikt... 7 4 OMTAKSERING, SÆRSKILD TAKSERING OG KONTORJUSTERING... 7 4.1 Kommunestyret kan gjere vedtak om omtaksering... 7 4.2 Skattytar sitt krav om omtaksering... 7 4.3 Formannskapet og skattytar sine krav om særskilt taksering... 8 4.4 Kontorjustering... 8 5 KLAGE PÅ TAKSTEN OG UTSKRIVINGA... 8 5.1 Klage på taksten - Klagefrist og oversitjing av klagefrist... 8 5.2 Handsaming av klage på taksten... 9 5.3 Omgjering... 9 5.4 Klage på utskrivinga - Klagefrist og oversitjing av klagefrist... 9 5.5 Handsaming av klage over utskrivinga... 10 5.6 Protokoll frå klagenemnda... 10 6 YMSE AVGJERSLER... 10 6.1 Godtgjersle til takstnemndene og sakkunnige... 10 6.2 Frist for utskriving av eigedomsskatt... 10 6.3 Eigedomsskattelistene... 10 6.4 Skatteterminar... 11 6.5 Klage eller søksmål på takst eller utskriving har ikkje utsetjande verknad... 11 7 OVERSYN OVER SKATTEPLIKTIGE EIGEDOMMAR OG GENERELLE FØRINGAR FRÅ KOMMUNESTYRET, JF. PKT. 3.8... 11 7.1 Oversyn over skattepliktige eigedomar... 11 7.2 Fylgjande eigedomar skal fritakast for eigedom, jf. esktl. 7... 11 7.3 Botnfrådrag... 11 2

EIGEDOMSSKATTETAKSTVEDTEKTER FOR KOMMUNE Takstvedtekter gjeld frå 1. januar 2013 1 TAKSTNEMND OG FELLES KLAGENEMND 1.1 Takstnemnd Til å føreta taksering av alle eigedomsskattepliktige eigendomar i kommunen med unntak av vasskraftanlegg (jf. skatteloven (sktl.) 18-1 (2) a), vel kommunestyret ei eller fleire takstnemnder, jf. eigedomsskatteloven (esktl.) 8A-2 og 8A-3. Takstnemnda skal ha tre medlemer der éin er leiar, éin nestleiar og éin medlem. I tillegg skal det veljast tre personlege varamedlemer. Takstnemnda fattar vedtaka sine i fellesskap. Dersom det er usemje om eit særskilt spørsmål, kan nemnda avgjere usemja ved røysting. Nemndleiaren har til oppgåve å planleggje og leie takseringsarbeidet, samt syte for at framdrifta i takseringa går etter planen. Dersom nemndleiaren har forfall, overtek nestleiaren i nemnda oppgåvene til nemndleiaren. 1.2 Klagenemnd Kommunestyret vel ei felles klagenemnd til å handsame både klager over takstnemnda/- nemndene sine takstvedtak (overtakst) og klager over eigedomsskatte-kontoret sine utskrivingsvedtak, jf. esktl. 19 og 20. Klagenemnda skal ha seks medlemer, der éin er leiar, ein nestleiar og fire medlemer. Klagenemnda sine medlemer skal ha personlege varamedlemer. Klagenemnda fattar sine vedtak i fellesskap. Usemje blir avgjort ved røysting. Ved likt røystetal har leiaren av klagenemnda dobbeltrøyst. Klagenemndleiaren har til oppgåve å planleggje og leie klagehandsaminga, samt syte for ei forsvarleg framdrift i sakshandsaminga. Dersom klagenemndleiaren har forfall, overtar nestleiaren i klagenemnda oppgåvene til nemndleiaren. 1.3 Kven kan veljast, oppnemning av nye nemndmedlemer og fråtreding Medlemene av takstnemnda og klagenemnda blir oppnemnde av kommunestyret. Dei som er pliktige til å ta imot val til kommunestyret, er valbare og pliktige til å ta imot val til takstnemndene. Dette gjeld ikkje faste medlemer av formannskapet, jf. esktl. 21 1. Valperioden følgjer kommunevalperioden. 1 Spørsmålet om varamedlemer til formannskapet kan oppnemnast i takstnemnd og klagenemnd er lagt fram munnleg for Finansdepartementet, som opplyste at spørsmålet ikkje er vurdert. 3

Kommunestyret kan ved behov oppnamna fleire takstnemnder som får ansvar for kvart sitt geografiske område i kommunen. Det skal berre vere éi klagenemnd. 1.4 Ugildskap Reglane om habilitet i forvaltningslova (fvl.) 6 gjeld for nemndene. Nemnda avgjer sjølv om eit medlem er ugild utan at medlemen sjølv deltek. 1.5 Møteplikt Medlemene i takstnemnda og klagenemnda har plikt til å møte i alle møte, med mindre vedkommande har gyldig forfall. Ved forfall skal medlemen så snart som råd varsle eigedomsskattekontoret, som innkallar varamedlemen. Når eit medlem ikkje møter, har varamedlemen møteplikt. 2 EIGENDOMSSKATTEKONTORET 2.1 Eigedomsskattekontoret Eigedomsskattekontoret er lagt til i kommunen. 2.2 Eigedomsskattekontoret sine oppgåver Eigedomsskattekontoret skal skrive ut eigedomsskatten på grunnlag av takstnemnda/- nemndene sine takstar og kommunestyret sine vedtekne satsar. Eigedomsskattekontoret skal vidare fungere som sekretariat for takstnemnda og klagenemnda. Eigedomsskattekontoret skal legge til rette for arbeidet til takstnemndene ved å syte for alt administrativt og kontormessig arbeid for takstnemndene. Dersom kommunestyret i staden for ny alminneleg taksering har vedteke kontorjustering etter reglane i esktl. 8A-4, skal eigedomsskattekontoret stå for justeringa. Takstauken kan skje stegvis over fleire år, men må ikkje vere meir enn 10 prosent av det opphavlege skattegrunnlaget for kvart år etter 10-årsfristen for den siste alminnelege takseringa. 2.3 Deltaking på møte i takstnemnda Eigedomsskattekontoret skal så langt det er ynskjeleg delta på nemndmøta for å leggje til rette for og støtte nemndene i deira arbeid. Eigedomsskattekontoret sin representant har ikkje røysterett på møta, skal ikkje delta i sjølve takseringsarbeidet og kan ikkje instruere nemnda. 2.4 Førebuing av takseringsarbeidet Eigedomsskattekontoret utarbeider liste over eigendommane i kommunen. Det bør lagast ei eiga liste over verk og bruk ein går ut frå finst i kommunen. 4

2.5 Opplysningar frå skattytar og/eller brukarar av eigendomen Eigedomsskattekontoret førebur takseringa ved å skaffe tilgjengeleg informasjon om kvar einskild eigendom. Eigedomsskattekontoret kan påleggje eigaren (skattytaren) å utlevere opplysningar som har noko å seie for taksten, og både eigar (skattytar) og brukar av eigendomen har plikt til å gi opplysningar som er nødvendige for utskriving av eigedomsskatten, jf. esktl. 31. Eigedomsskattekontoret kan setje frist for å gi opplysningar, jf. esktl. 31 (3). Fristen skal ikkje vere kortare enn fire veker. Eigedomsskattekontoret kan samstundes varsle om at brot på opplysingsplikta gir grunnlag for ei forseinkingsavgift, som blir sett på grunnlag av skattegrunnlaget for eigedomen i tråd med reglane i esktl. 31 (4). 2.6 Bruk av sakkunnige for takstnemnda og klagenemnda Når ein finn det nødvendig, kan takstnemndene be eigedomsskattekontoret tilkalle sakkunnig hjelp til å gi rettleiande takstar og rettleiande fråsegner om særskilte tekniske eller juridiske spørsmål. Ved taksering av større verk og bruk bør det engasjerast sakkunnig taksator med særskilt kompetanse på den typen verk og bruk som det er aktuelt å taksere. Dei sakkunnige deltek ikkje i sjølve takseringa og har ingen røysterett. Det gjeld dei same reglane for habilitet som for medlemene i takstnemndene. 3 TAKSERINGSARBEIDET 3.1 Leiar i takstnemnda sine oppgåver Det høyrer til takstnemndleiaren sine oppgåver, i samarbeid med eigedomsskattekontoret, å planlegge, leie arbeidet og avgjere når det skal haldast takst. Nemndleiaren kallar inn til møta. Leiaren av eigedomsskattekontoret blir kalla inn til alle møta i takstnemndene. Nemnda er vedtaksfør jamvel om representanten for eigedomsskattekontoret ikkje er til stades. Nemnda blir kalla inn til så mange møte som er nødvendig for å gjennomføre takseringa. 3.2 Informasjon til dei andre nemndmedlemene På det første møtet for ny nemnd eller klagenemnd informerer nemndleiar og eigedomsskattekontoret om oppgåvene til nemnda, relevante lovreglar og kommunen sine skattetakstvedtekter. Til det første møtet blir også alle varamedlemene kalla inn. Er det fleire takstnemnder i kommunen, kan det konstituerande møtet haldast i fellesskap. 3.3 Møteprotokoll frå møte i nemndene 5

Det skal førast protokoll frå alle møta i takstnemndene. Takstprotokollen bør underskrivast av nemndmedlemene ved slutten av kvart møte. I protokollen skal alle vedtak førast inn; kvar einskild eigendom som blir taksert, kva som inngår i taksten, kva for verdsetjingsprinsipp som er nytta, kva taksten er og korleis ein er kome fram til verdien av eigendomen. 3.4 Generelle prinsipp for takseringsarbeidet Takstnemnda skal verdsetje dei skattepliktige eigendommane etter reglane i esktl. 8A-2, slik dei er tolka i rettspraksis. Takstnemndene fastset taksten etter skjønn og kan ikkje instruerast av eigedomsskattekontoret, kommunestyret eller formannskapet i kommunen. Verdsetjinga skal skje med utgangspunkt i det generelle prinsippet om likehandsaming som gjeld for eigedomsskatt. Takstnemnda skal utøve sitt skjønn etter beste evne. Alle eigendomar som ikkje er unnatekne frå eigedomsskatteplikt, skal verdsetjast og like tilfelle skal handsamast likt. Nemnda kan ikkje gjere andre frådrag eller reduksjonar i taksten enn det som er heimla i lova. Alle takstar skal rundast av til næraste heile 1000 kroner. Dersom det er ulik eigar for grunn og bygningar på ein fast eigendom, skal grunnen og bygningane normalt takserast kvar for seg 3.5 Vedtak av retningsliner og sjablongar, verdsetjingsprinsipp Før ein tek til med den alminnelege takseringa, drøfter nemnda eller nemndene i fellesskap alminnelege retningsliner for takseringa for å sikre mest mogeleg einsarta vurderingar. Ved behov kan prøvetaksering finne stad. Takstnemndene kan gjere vedtak om sjablongar til bruk i takseringa. Sjablongane er eit hjelpemiddel for å kome fram til takstverdien av eigedomen, og skal ta høgde for at tilstanden til eigedomen (innretninga), brukseigenskap og lokalisering/lægje kan virke inn på verdien, jf. esktl. 8A-2 (1). Verk og bruk skal som hovudregel verdsetjast til substansverdien av anlegget. 3.6 Synfaring Takstnemnda skal synfare alle eigedomar som skal verdsetjast for utskriving av eigedomsskatt, med mindre noko anna er avtala med skattytaren. Det føl av langvarig praksis at det normalt ikkje er synfaring ved taksering av kraftliner og nettanlegg. Eigaren (skattytar) skal varslast i god tid på førehand om at nemnda kjem på synfaring. Eigedomsskattekontoret står for varslinga, og gjer merksam på at eigaren og brukaren av eigendomen er pliktige til å medverke til synfaring ved taksering etter esktl. 8A-3, jf. esktl. 6

31 (2). Eigedomsskattekontoret kan setje ein frist for eigar og brukar sin medverknad til at synfaring kan la seg gjennomføre, jf. esktl. 31 (3). Ved brot på plikta kan eigedomsskattekontoret påleggje eigaren (skattytaren) ei forseinkingsavgift, jf. esktl. 31 (4). Avgifta blir avgjort på grunnlag av skattegrunnlaget for eigedomen. Avgift skal ikkje påleggast når fristen er oversete på grunn av sjukdom, alderdom, eller annan orsakande grunn. 3.7 Fotografering Eigedomsskattekontoret, sakkunnig taksator og takstnemnda sine medlemer har rett til å ta fotografi av eigedomen til bruk for takseringa. 3.8 Fastsetting av takst I samband med takseringa skal takstnemnda blant anna ta stilling til : - kva for eigedomar som er skattepliktige innanfor det virkeområdet kommunestyret har definert, jf. esktl. 3. - kva for eigedomar som er verk og bruk, jf. esktl. 4 andre ledd andre setning. - kva for bygningar og driftsmiddel som er ein del av eit verk og bruk, jf. esktl. 4 andre ledd tredje og fjerde setning, samt esktl. 8A-2 (2). - grensesnittet mellom kraftanlegg og overføringsanlegg, jf. sktl. 18-1 (2) a. - kva for eigedomar som er unnatekne frå eigedomsskatt, jf. esktl. 5, og kva for eigedomar som er fritekne, jf. esktl. 7. 3.9 Teieplikt Medlemene av takstnemnda og klagenemnda har plikt til å teie om informasjon dei får tilgang til gjennom verva sine, jf. esktl. 29, jf. likningsloven 3-13. Medlemene av takstnemnda og klagenemnda skal skrive under på lovnad om teieplikt når dei byrjar i vervet. 4 OMTAKSERING, SÆRSKILD TAKSERING OG KONTORJUSTERING 4.1 Kommunestyret kan gjere vedtak om omtaksering Den alminnelege takseringa i kommunen skjer til vanleg kvart 10. år. I perioden mellom den alminnelege takseringa i kommunen kan kommunestyret gjere vedtak om at omtaksering skal gjerast etter dei retningslinene og vilkåra som går fram av esktl. 8A-3 (2) og (5). Kommunen dekkjer kostnadene ved takseringa. 4.2 Skattytar sitt krav om omtaksering Skattytar kan krevje omtaksering i tida mellom dei alminnelege takseringane dersom eigedomen er delt, dersom bygningar på eigedomen er rivne eller øydelagde av brann eller 7

liknande, eller når det er ført opp nye bygg eller gjort vesentlege endringar på eigendomen, jf. esktl. 8A-3 (5). Skattytar må i tilfelle sjølv dekkje utgiftene ved takseringa. Takstnemndene avgjer om vilkåra for å krevje omtaksering ligg føre. 4.3 Formannskapet og skattytar sine krav om særskilt taksering Dersom verdien av ein eigedom er vesentleg endra samanhalde med andre eigedomar i kommunen, kan så vel formannskapet som skattytar krevje særskild taksering i tida mellom dei alminnelege takseringane. Skattytar må sjølv dekkje kostnadene med takseringa som blir gjennomført etter krav frå skattytar. Krav om omtaksering må vere stilt innan 1. november i året før skatteåret. Takstnemndene avgjer om vilkåra for å krevje omtaksering ligg føre. 4.4 Kontorjustering Kommunestyret kan i staden for ny alminneleg taksering gjere vedtak om å auke taksten som blei fastsett for eigedomen ved den siste alminnelege takseringa for utskriving av eigedomsskatt. Kommunestyret kan dessutan gjere vedtak om at det skal gjerast eit tilsvarande tillegg for dei eigendomane som er verdsette særskilt før eit tidspunkt fastsett av kommunestyret. Auken kan skje stegvis over fleire år, men må ikkje vere meir enn 10 prosent av det opphavlege skattegrunnlaget for kvart år etter 10-årsfristen for den siste alminnelege takseringa. Det er eigedomsskattekontoret som står for og gjennomfører kommunestyret sine vedtak om kontorjustering i samsvar med esktl. 8A-4. 5 KLAGE PÅ TAKSTEN OG UTSKRIVINGA 5.1 Klage på taksten - Klagefrist og oversitjing av klagefrist Overtakst kan krevjast av vedkommande skattytar eller formannskapet, jf. esktl. 8A-3 (3). Klage over taksten må gjevast skriftleg til eigedomsskattekontoret innan seks veker frå det seinaste tidspunktet av den dagen det var kunngjort at eigedomsskattelista blei lagt ut, eller den dagen skattesetelen blei send det året då takseringa finn stad. Klage over taksten kan seinare setjast fram i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatten, men berre dersom det ikkje er klaga på taksten tidlegare, jf. esktl. 19, første ledd tredje setning. 8

Takstnemnda/klagenemnda kan handsame ei klage frå skattytaren jamvel om klagefristen er oversete når vedkommande ikkje kan klandrast for å ha oversete fristen, eller det har særs mykje å seie for skattytaren at klaga blir handsama. Tilsvarande kan ei klage frå formannskapet takast til følgje etter klagefristen dersom formannskapet klagar til gunst for skattytaren. Eigedomsskattekontoret eller takstnemnda kan gje utsett klagefrist i einskildtilhøve dersom det blir bede om det og det er rimelege grunnar for å gje utsett klagefrist. 5.2 Handsaming av klage på taksten Eigedomsskattekontoret skal sende klage over takseringa til takstnemnda, som så granskar det som klaga gir grunn til. Takstnemnda kan oppheve eller endre vedtaket dersom ho finn at klaga er grunngjeve. Dersom takstnemnda ikkje gir klagar medhald, skal alle dokumenta i saka straks sendast over til klagenemnda. Dersom klagenemnda ser det som naudsynt, kan det hentast inn fråsegner frå sakkunnige. Klagenemnda må gjennomføre synfaring. Klagenemnda kan prøve alle sider av taksten, og kan også endre taksten til skattytar sin ugunst. Dersom klaga ikkje blir handsama innan ein månad, skal klagaren få eit førebels svar, jf. fvl. 11 a. 5.3 Omgjering Klagenemnda sine vedtak er endelege og kan ikkje ankast 2. Skattytaren kan be klagenemnda å gjere om eige vedtak. Klagenemnda har i slike tilfelle ingen plikt til å vurdere vedtaket på nytt, men det kan gjerast dersom nemnda finn det rimeleg. For det tilfellet at klagenemnda finn å ville avvise ei oppmoding om omgjering, bør det presiserast at vedtaket ikkje er eit nytt realitetsvedtak som gir grunnlag for ny søksmålsfrist. 5.4 Klage på utskrivinga - Klagefrist og oversitjing av klagefrist Klage over utskrivinga må gjerast skriftleg til eigedomsskattekontoret innan seks veker frå det seinaste tidspunktet av den dagen det var kunngjort at eigedomsskattelista blei lagt ut, eller den dagen skattesetelen blei sendt, jf. esktl. 19. Eigedomsskattekontoret/klagenemnda kan handsame ei klage frå skattytaren jamvel om klagefristen er oversete når vedkommande ikkje kan lastast for oversitjing av fristen, eller det har svært mykje å seie for skattytaren at klaga blir handsama. 2 Dette gjeld også dersom klage blir sett fram i samband med utskrivinga i seinare år, jf. esktl. 19. 9

Eigedomsskattekontoret eller takstnemnda kan gje utsett klagefrist i einskildhøve dersom det vert oppmoda om det, og det er rimelege grunnar for å gje utsett klagefrist. 5.5 Handsaming av klage over utskrivinga Gjeld klaga utskrivinga, skal eigedomsskattekontoret sjølv gjere dei undersøkingane som klaga gir grunn til. Eigedomsskattekontoret kan oppheve eller endre vedtaket dersom dei finn klaga grunngjeven. Dersom eigedomsskattekontoret ikkje finn grunn til å gi klagaren medhald, skal dokumenta i saka straks sendast over til klagenemnda. 5.6 Protokoll frå klagenemnda Klagenemnda skal føra protokoll frå møta i klagenemnda. I protokollen skal det gå fram kva som er grunnlaget for at vedtaket er halde oppe eller endra. Protokollen skal gjere greie for kva for fakta og rettspraksis klagenemnda byggjer på, og kva for verdsetjingsprinsipp som er lagt til grunn for dei einskilde eigedomane. I protokollen må ein ta stilling til eigaren eller formannskapet sine klagegrunnar. 6 YMSE AVGJERSLER 6.1 Godtgjersle til takstnemndene og sakkunnige Kommunestyret/formannskapet fastset godtgjersla til nemndmedlemene. Eigedomsskattekontoret fastset godtgjersla til sakkunnige. Eigedomsskattekontoret syter for utbetalinga av godtgjersla. 6.2 Frist for utskriving av eigedomsskatt Eigedomsskatten skal vere utskriven og skattelistene gjort offentlege innan 1. mars i skatteåret. Ved første gangs utskriving skal den alminnelege takseringa vere avslutta innan utgangen av juni i skatteåret. Ved utviding av skatteområdet og/eller innføring av botnfrådrag gjeld eigne overgangsordningar, sjå notar i eigedomsskattelova. 6.3 Eigedomsskattelistene Eigedomsskattelista skal ligge ute til offentleg gjennomsyn i minst tre veker etter at det er kunngjort at lista er lagd ut, jf. esktl. 15. I kunngjeringa skal det opplysast om fristen for klage og kven klaga skal sendast til. Samstundes med at eigedomsskattelista blir lagt ut, blir skattesetelen send til skattytaren. 10

6.4 Skatteterminar Eigedomsskatten forfell til betaling etter dei terminane som kommunestyret fastset. 6.5 Klage eller søksmål på takst eller utskriving har ikkje utsetjande verknad Eigedomsskatten skal betalast til fastsett tid og med dei beløpa som først er fastsette, sjølv om det er sendt inn klage over utskrivinga eller utskrivingsgrunnlaget, eller dei står til prøving for ein klageinstans eller domstolane, jf. esktl. 25 (3). 7 OVERSYN OVER SKATTEPLIKTIGE EIGEDOMMAR OG GENERELLE FØRINGAR FRÅ KOMMUNESTYRET, JF. PKT. 3.8 7.1 Oversyn over skattepliktige eigedomar i samsvar med vedtak Det skal betalast eigedomsskatt for verk og bruk og for faste eigedomar innanfor fylgjande område som er utbygd på byvis i høve til kommunestyrevedtak av 16.12.85 (jf. esktl. 3første ledd bokstav e): Området Balestrand pensjonat opptil Øvrevegen inntil merket mellom gnr. 10 bnr. 13 og gnr. 10 bnr. 9 og derifrå om lag 85 m langs merkeslina og derifrå rett mot nord til merket mellom Essostasjonen og Svanhild Teigen ved gamle Rv 13. Derifrå langs denne til merkeslina til gnr. 10 bnr. 14 og 10/152-153-154 og følgjer grenselina til gnr. 10, BRN 14 til sjøen. Det vert elles vist til kart som fylgjer som vedlegg til desse vedtektene. 7.2 Fylgjande eigedomar skal fritakast for eigedom, jf. esktl. 7 a) Eigedom til stiftingar eller institusjonar som tek sikte på gagna ein kommune, eit fylke eller staten b) Bygning som har historisk verde c) Bygning som heilt eller i noko mon vert nytta til husvære. Fritak gjeld i 20 år frå den tida bygningen vart ferdig. Formannskapet har fullmakt til å avgjera einskildsaker om skattefritak. d). 7.3 Botnfrådrag Alle sjølvstendige bustaddeler i fast eigedom som ikkje blir nytta i næringsverksemd skal ha eit botnfrådrag i eigedomsskatten på 90 %, jf. esktl. 11. 11