Kyrkjeleg fellesråd ANSVAR OG UTFORDRINGAR Hausten 2011 var det val til styringsorgan for lokalt og regionalt nivå i Den norske kyrkje - sokneråd, kyrkjeleg fellesråd og bispedømmeråd. I kommunar der det er fleire sokn, er det to råd som representerer soknet - soknerådet og kyrkjeleg fellesråd, mens det i kommunar med eitt sokn, er soknerådet som har heile ansvaret. Det gjeld i omlag 160 sokn. Dette er ein kort informasjon om kyrkjeleg fellesrådet sine oppgåver, mandat og utfordringar. Meir omtale av kyrkjeleg fellesråd sitt ansvar og arbeidsområde, finn ein i Håndbok for menighetsråd og kirkelig fellesråd, laget av Kirkerådet og KA i 2011. KYRKJELEG FELLESRÅD SI SAMANSETJING Fellesrådet er sett saman av representantar frå sokneråda i ein kommune. Det kan vere ein eller to representantar frå kvart sokn, alt etter kor mange sokn det er i kommunen. (Mrk: Det er i utgangspunktet ikkje høve til å velje vararrepresentant til soknerådet til medlem i fellesrådet. Kyrkjerådet har likevel opna for at ein i særlege høve kan dispensere får dette.) Kommunen vel eitt medlem til rådet. I forarbeida til kyrkjelova (Ot.prp. 64/1994-1995) er det eksplisitt sagt, at denne representanten må vere medlem av Den norske kyrkja. Biskopen oppnemner ein prost eller ein annan prest til rådet. (Sjå kl 12 og Håndbok for menighetsråd og kirkelig fellesråd 2011-2015, kap 2.6) KYRKJELEG FELLESRÅD SINE OPPGÅVER Arbeidsgivaransvar Rådet er arbeidsgivar for dei lokalt tilsette i kyrkja; kyrkjetenarar, kyrkjegardsarbeidarar, medarbeidarar innan undervisning, diakoni og kyrkjemusikk, kontorpersonell, dagleg leier/ kyrkjeverje, for å ha nemnt dei mest vanlege stillingskategoriane. Samla har dei kyrkjelege fellesråda ansvar for 6419 stillingar tilsvarande 4277 årsverk.prestane er statstilsette, og såleis ikkje ein del av fellesrådet sitt ansvar. Les meir om arbeidsgivaransvaret i Håndbok for menighetsråd og kirkelig fellesråd - kap. 6
Økonomi Fellesrådet har ansvar for den lokale kyrkjeøkonomien. Det er kommunen som i hovudsak finansierer den lokale kyrkja, både drift og investeringar. Det kjem også somme øyremerkte midlar frå staten, nokre inntekter kjem i form av gåver, og nokre sokn har etablert givarteneste mv. Det er fellesrådet som har ansvaret for å målbere kyrkja sine økonomiske behov overfor kommune og stat. Eit godt forhandlings- og samarbeidsklima med kommunen kan ikkje understrekast sterkt nok. Ryddig og profesjonelt økonomi- og planarbeid er viktige ingrediensar i eit slikt samarbeid. Les meir om økonomiarbeidet i Håndbok for menighetsråd og kirkelig fellesråd - kap. 7 Eigedomsforvaltning Samla forvaltar den lokale kyrkja milliardverdiar i form av kyrkjebygg med kulturskattar, og kyrkjegardar. Dette er bygg og anlegg som innbyggjarane er glade i og stolte av. Kyrkjene er brukshus fulle av minne og dermed berarar av tradisjonar og verdiar som gir lokalsamfunnet identitet. Dette har etterslekta krav på å få del i. Fellesrådet, som lokal kyrkjeforvaltar, treng medlemer med kompetanse og engasjement for å bevare og utvikle desse verdiane. Les meir om kyrkjebygg og andre eigedomar i Håndbok for menighetsråd og kirkelig fellesråd - kap. 3.10
KYRKJELEG FELLESRÅD OG GRAVFERDSLOVA Kyrkjeleg fellesråd er forvaltar av kyrkjegardane/gravplassane på vegner av alle innbyggjarane i kommunen, ikkje berre for dei som er medlemer i Den norske kyrkje. Dette er særleg understreka i den reviderte Gravferdsloven som er vedteken i 2011. I forarbeida er det understreka at formålet med endringsforslaga er å leggje betre til rette for å varetake behova som folk med andre religionar, og livssynsminoritetar, har i samband med gravlegging. Nokre stader har kommunane ansvar for drifta av gravferdsverksemda, mens fellesrådet framleis har ansvaret. Berre få stader har ein utnytta høvet som lova gir til å overdra det heile og fulle ansvaret til kommunen. Å ha eit slikt ansvar tyder at kyrkjeleg fellesråd har ansvar for at kyrkjegardar og bygningar blir forvalta med orden og vørdnad, og i samsvar med gjeldande lover og reglar. Utgifter til anlegg, drift og vedlikehald av kyrkjegardar blir utgreitt av kommunen etter budsjettforslag frå fellesrådet. Les meir om gravferdsforvaltninga i Håndbok for menighetsråd og kirkelig fellesråd - kap. 4 KYRKJELEG FELLESRÅD OG SOKNERÅDET Soknerådet og kyrkjeleg fellesråd er begge organ som opptrer på vegner av soknet. Det handlar ikkje om overordna/underordna, men sidestilte organ med ulike oppgåver på soknet sin vegner (Jf. 9 og 14 i kyrkjelova). Kvar for seg har dei fullmakt på vegner av soknet innanfor ansvarsområdet sitt. Fellesrådet kan ikkje overprøve soknerådet sine vedtak med mindre vedtaka grip over i område der lova seier at kyrkjeleg fellesråd har ansvar. Det er fellesrådet som har ansvar for å fremje samarbeidet mellom sokneråda. Det ligg eit stort utviklingspotensial i å gi sokneråda opplevinga av fellesrådet som serviceorientert og støttande. Dette blir særleg utfordrande i ein periode der samanslåing av sokn kjem til å bli tema. Les meir om styringsorgana i soknet, og samarbeidet dei i mellom, i Håndbok for menighetsråd og kirkelig fellesråd - kap. 7
FELLESRADETS DAGLEGE LEIAR - KYRKJEVERJE Kyrkjeverja i Molde Hans Jakob Nes Kyrkjelova seier at det skal vere tilsett ein dagleg leiar, som oftast kalla kyrkjeverje, til å ta seg av det daglege arbeidet på vegner av rådet. Lova seier ingenting om storleiken på ei slik stilling, men Stortinget har lagt til grunn at fellesrådet sin administrasjon skal vere fullt på høgde med det som gjeld for anna offentleg verksemd når det gjeld økonomi- og personalforvaltning, planlegging og administrasjon. Det vil i dei fleste tilfelle seie at ei slik stilling skal vere full tid. I større fellesråd vil fellesrådet sin administrasjon ha fleire stillingar. Utgifter til kyrkjelege administrasjon, medrekna stillinga som dagleg leiar/kyrkjeverje, inngår i kommunane sine økonomiske plikter ( 15 i kyrkjelova). UTFORDRINGANE FOR KYRKJELEG FELLESRÅD Utfordringane for kyrkjeleg fellesråd er primært av lokale karakter, og må løysast lokalt. Likevel vil mykje av utfordringane vere felleskyrkjelege og prega av utviklinga elles i samfunnet. Mange av utfordringane må derfor løysast i samhandling med andre, på arenaer der ein tek opp fellesinteresser. Arbeidsmiljø Som ansvarleg arbeidsgivarorgan, skal fellesrådet, saman med dagleg leiar, sørgje for at staben leverer dei tenestene befolkninga kan forvente av kyrkja. Dette tyder at det skal utviklast tenlege ordningar med ein god arbeidskultur og leiing på den kyrkjelege arbeidsplassen. Ein samarbeidskultur på tvers av profesjonar, prega av gjensidig respekt og tillit, hindrar konflikt og utløyser kreativitet og samarbeid. Dette igjen bidrar til å gjøre attraktiv arbeidsplass. Kampen om kompetansen Det er relativt få menneske i den norske arbeidsmarknaden med den spesialkompetansen kyrkja har bruk for. Det blir utdanna for få kyrkjemusikarar, diakonar og undervisningsmedarbeidarar - og mange av dei som har slik utdanning, finn seg arbeid i andre sektorar. Det gjer at arbeidsgivarar i kyrkja får eit spesielt ansvar til å tenkje strategisk og langsiktig om utviklinga av kyrkja som arbeidsplass. Som sentral interesseorganisasjon for kyrkja, er dette eitt av dei prioriterte områda for KA.
Trong økonomi - forvaltning av verdiar Dei økonomiske rammevilkåra for kyrkja sitt arbeid, er avgrensa. Slik det er i anna offentleg verksemd, er det også i kyrkja fokus på effektivisering og omstilling. Den lokale kyrkja står i tillegg overfor særlege utfordringar, bl.a. som forvaltar av kyrkjebygg med store kulturverdiar, og som leiing i ei verksemd med vekt på deltaking. Fellesrådet står bl.a. overfor utfordringa - innanfor ein avgrensa økonomi - å gi gode rammevilkår for barne- og ungdomsarbeid, diakoni og kyrkjemusikk. Statlege midlar til trusopplæring, utfordrar sokneråd og fellesråd til samarbeid og nysatsing. FELLESRÅDET OG DEN EINSKILDE Eit ja til å delta i sokneråd eller kyrkjeleg fellesråd, er eit ja til å vise vilje til å ta ansvar i lokalsamfunnet - og det lokale kyrkjelivet. Ein plass i den kyrkjelege råda, gir høve til å delta i eit fellesskap som hjelper til med å gjere lokalsamfunnet til ein betre stad å leve. KYRKJELEG FELLESRÅD OG KA KA er ein arbeidsgivar- og interesseorganisasjon for verksemder med kyrkjelege forankring. Dei lokalkyrkjelege rådsorgana hovudgruppa av KA sine medlemer. KA kjenner tradisjonar, strukturar, og reformarbeid som skjer i Den norske kyrkje. KA forvaltar avtaleverket som alle lokalt tilsette i Den norske kyrkje blir omfatta av. Disse skal holder kurs for nye rådsmedlemmer januar og februar 2012 KA gir råd og svarar på store og små spørsmål frå sine medlemer. KA deltek i konfliktløysing og organiserar kompetanseutvikling i form av kortkurs, årskurs og konferansar nært kopla til forsking og utvikling. KA har ein rik produksjon av nyttelitteratur for medlemene sine tilsett og dei valde omboda. Teksten er tilgjengeleg på ka.no til nedlasting som pdf til fri bruk. Teksten finst og på bokmål. KA Kirkelig arbeidsgiver- og interesseorganisasjon Postboks 1034 Sentrum, 0104 Oslo Rådhusgt. 1-3, 0151 Oslo Telefon: 23 08 14 00, E-post: ka@ka.no