1
TIL TENESTE LOVER FOR LIONS CLUB SOGNDAL 1 NAMN, TILSLUTNING OG VALSPRÅK Namnet til klubben skal vera LIONS CLUB SOGNDAL. Klubben er tilslutta The International Associations of Lions Clubs og er soleis underlagt dei lover og arbeidsordningar som gjeld for organisasjonen. Klubben blei stifta 02.11.1963, og LC Bergen var fadderklubb. Valspråk er Til teneste. 2 Klubben skal arbeida for dei føremåla som er vedtekne som Lions sine mål og etter retningslinjer i Lions si etiske norm. 3 MEDLEMSSKAP Som medlemer kan takast opp myndige personar over 18 år. Dei bør helst bu eller ha sitt daglege arbeid innanfor klubben sitt geografiske arbeidsområde. Flest mogleg yrkesgrupper bør vera representerte. Lions si etiske norm og Lions sine mål er rettesnorer for kvar person som blir invitert til medlemskap. 4 Medlemsskap i Lions Club Sogndal kan ein normalt få gjennom invitasjon etter fylgjande framgangsmåte: A. Framlegg til medlemskap skal fremjast gjennom medlemskomiteen som er styret. Styret tek stilling til søknaden og orienterar forslagsstillar om innstillinga si. Dersom fleirtalet i styret går inn for søknaden, skal framlegget takast opp til handsaming på neste klubbmøte. Der skal alle innkomne opplysningar om kandidaten leggjast fram. Sjå kapittel fem i Klubbhandboka for fleire detaljar. B. Dersom fleirtalet i styret går i mot framlegget, skal dette grunngjevast for forslagsstillaren, som likevel skal ha rett til å få framlegget presentert på eit klubbmøte. Etter at eit framlegg om medlemskap er teke opp på klubbmøte, skal medlemane ha høve til å vurdera framlegget fram til neste klubbmøte. Dersom eit medlem ikkje ynskjer at kandidaten skal inviterast til medlemskap, skal medlemet ta personleg kontakt med presidenten i god tid før medlemsmøtet og leggja fram grunngjeven innvending. Dersom grunngjevinga er av slik karakter at eit medlemskap kan få uheldige verknader for klubben eller enkelte av medlemane, skal presidenten orientera om det i det første medlemsmøtet at kandidaten ikkje skal inviterast til medlemskap. 2
Dersom medlemet som har innvendingar, etter samtalen med presidenten, kjem fram til at grunngjevinga ikkje er god nok eller at det ikkje er kome innvendingar frå medlemane skal presidenten orientera på det første medlemsmøte om at kandidaten vil bli invitert til medlemskap. C. Ein invitasjon til medlemskap skal handsamast konfidensielt innan klubben. Kandidaten skal ikkje få kjennskap til at kandidaturet er til handsaming i klubben før det er gjort eit positivt vedtak om invitasjon. Medlemane i klubben har ikkje krav på å få vita kva opplysningar presidenten har fått om kandidaten, og som har ført til at han/ho ikkje er blitt invitert til medlemskap. D. Den same framgangsmåten blir òg brukt dersom klubben tek i mot søknad om overføring av eit medlem frå ein annan lionsklubb. E. Nye medlemer blir tekne opp ved spesiell seremoni med verdig ramme. F. Den som har gjort framlegg om eit nytt medlem, vil vera det nye medlemet sin fadder. Medlemer som blir overført frå andre lionsklubbar, skal òg få tildelt ein fadder. 5 MEDLEMSKATEGORIAR Medlemane i klubben er inndelt i desse kategoriane: A. Aktivt medlem: Medlem som har alle dei rettar og plikter som fylgjer av medlemskap i organisasjonen. Pliktene skal omfatta regelmessig frammøte, på førehand gje melding om gyldig forfall til klubbmøte gjennom styret eller anna medlem, betala medlemskontingent og delta i klubben sine aktivitetar. B. Permittert medlem: Eit medlem som på grunn av flytting, helse eller andre grunnar ikkje kan møta regelmessig, kan styret gje permisjon for 6 månader om gongen. Medlemet kan ikkje ha tillitsverv eller stemmerett på distrikts- eller internasjonalt plan i permisjonstida. Vedkomande pliktar likevel å betala full kontingent til klubben. Eit permittert medlem blir rekna med i klubben sitt medlemstal men skal ikkje reknast med i frammøteprosenten for klubbmøta. C. Æresmedlem: Ein person som ikkje er direkte medlem av klubben, men som har gjort ein særleg stor innsats for samfunnet eller klubben, og som klubben soleis har heidra. Det skal betalast full kontingent til MD 104 og Lions Clubs International for eit slikt medlem. Vedkomande har rett til å vera med på klubbmøta, men har ingen av dei privilegia som medlemskap fører med seg. Eit æresmedlem blir rekna med i klubben sitt medlemstal, men skal ikkje reknast med i frammøteprosenten for klubbmøta. 3
D. Privilegert medlem: Medlem som har vore med i organisasjonen i minst 15 år, men som på grunn av sjukdom, nedsett helse, høg alder eller andre grunnar styret finn legitime, kan av klubbens styre etter søknad få innvilga denne statusen. Eit privilegert medlem kan be seg friteken frå å delta i aktivitetar som utgjer ein del av klubben sitt program for eit lionsår. Medlemet betalar den kontingent som klubben fastset og har alle dei rettar som medlemskap fører med seg. Vedkomande kan likevel ikkje ta imot tillitsverv i klubben, på distrikts- eller internasjonalt plan. E. Livsvarig medlem: Krava til å kunna bli "Livsvarig medlem" er enten: å ha vore medlem i minst 20 år, og i denne tida vist stor innsats for klubben og/eller samfunnet eller organisasjonen, eller å ha fylt 70 år og vore Lionsmedlem i minst 15 år, eller medlem som lir av ein alvorleg sjukdom. Klubben må gje si tilråding til Hovudkontoret i Oak Brook og betala inn det som Lions til ei kvar tid fastset som kontingent til Lions internasjonale konto i Oslo. Summen er til dekning av all framtidig internasjonal kontingent. For «Livsvarig medlem» må likevel dei nasjonale kontingentane betalast. Ein føresetnad er at Det internasjonale styret godkjenner medlemsskapet. "Livsvarig medlem" har dei same rettar og plikter som gjeld for "Aktiv medlem". F. Assosiert medlem: Eit assosiert medlem har sitt aktive primærmedlemskap i ein klubb, men på grunn av arbeid eller ved å vera busett ein annan stad, vil vedkomande ikkje kunna delta regelmessig i primærklubben sine møte og aktivitetar. Det kan då vera aktuelt å tilby eit sekundærmedlemskap, assosiert medlemskap, i ein annan lionsklubb. Medlemsskapet skal vurderast ein gong i året. Assosiert medlem har stemmerett i sekundærklubben, men kan ikkje representera denne eller ha komiteverv i klubben. Eit assosiert medlem skal betala alle kontingentar gjennom den klubben vedkomande er aktivt medlem i. G. Tilknytt medlem: Ein kvalifisert person som for tida ikkje har høve til å delta som aktivt medlem, men som vil støtta klubben og aktivitetane og vera tiknytt klubben. Tilknytt medlemskap oppnår ein gjennom invitasjon. Han/ho vil ha stemmerett i dei klubbmøta vedkomande er tilstades, men kan ikkje vera delegat frå klubben på distriktsmøte, riksmøte eller Convention, og heller ikkje ha verv på klubbplan, distriktsplan eller multippeldistriktsplan. Vedkomande må betala dei kontingentar som klubben vedtek. H. Ven av Lions: Enkeltpersonar eller firma kan vera Ven av Lions og soleis støtta opp om arbeidet i klubben. Dei vil ikkje ha stemmerett eller kunna ha tillitsverv. Dei kan delta i aktivitetar og vil motta medlemsbladet Lion. Kontingenten for firma og enkeltpersonar vil til ei kvar tid gå fram av Lions sitt reglement. 4
I. Familiemedlemskap: Eit hovudmedlem i klubben kan invitera ektefelle/sambuar eller born under 26 år i familien, eller òg husstandsmedlemer på same adresse, til familiemedlemskap. Dei kan delta i alle aktivitetar, kan ikkje ha stemmerett eller tillitsverv. Dei betalar halv kontingent til klubben. 6 Medlemane pliktar å ta del i klubbmøta, så sant dei ikkje har gyldig grunn til fråvere. Forfall skal meldast inn til klubbstyret. Ved samanhengande fråvere utan grunn, skal styret ta kontakt med vedkomande medlem. Vidare pliktar medlemane å ta aktivt del i klubben sitt arbeid og verksemd. 7 UTESTENGING Eit medlem som ikkje oppfyller pliktene sine i klubben, eller som utan grunn let vera å delta i klubbmøta eller anna verksemd i klubben, og som ikkje lenger stettar dei krav som vert stilt til vedkomande som medlem av organisasjonen, kan stengjast ute frå vidare medlemskap. Avgjerd om utestenging blir gjort i samla styre og treng 2/3 fleirtal. Avgjerda kan innan 30 dagar klagast inn til medlemsmøte. Vedtaket står ved lag dersom 2/3 av medlemane som er tilstades, røystar for det. Slike røystingar skal vera skriftlege. Vedkomande medlem skal ha høve til å møta i styret og på klubbmøte for å forklara seg. 8 UTMELDING Utmelding av klubben skal skje skriftleg til styret. Utmelde medlemar pliktar å gjera opp for kontingenten ut det halvåret då utmeldinga skjer. 9 KONTINGENT Innmeldingsavgifta for nye medlemer og den årlege kontingenten til klubb, Lions Clubs International, Lions Norge og distriktet (104C), skal fastsetjast årleg på første klubbmøte etter 1. juli. Den årlege kontingenten skal innbetalast med halvparten i september/oktober, og den andre halvparten i februar/mars. 10 STYRET Klubben skal leiast av eit styre som er sett saman slik: President Visepresident Sekretær Kasserar Klubbmeister Siste års President Styret held møte ein gong i månaden og elles når presidenten finn det nødvendig, eller når minst tre av styremedlemane krev det. Saker til handsaming i styret blir avgjort med simpelt fleirtal dersom ikkje noko anna er bestemt. Berre dei 5
medlemane som er tilstades kan røysta. Framlegget fell dersom røystetalet er likt for og imot. Styret fordelar oppgåvene og gjeremåla sine mellom styremedlemane, sjå Klubbhandboka. Det skal ha ansvaret for at klubben blir leia på ein rett og effektiv måte. Styret er òg ansvarleg overfor Lions Clubs International og MD 104 og for at klubben oppfyller pliktene sine. I tillegg til styret har kontaktansvarleg for ungdomsutveksling (YEK) og webredaktør høve til å møta på styremøta. Desse to har møte- og uttalerett men ikkje stemmerett, sjå 14. 11 NOMINASJON TIL VAL Valnemnd Valnemnda som er sett saman av dei to føregåande års presidentar med siste års president (IPP) som leiar. Valnemnda skal ha framlegg til kandidatar på nominasjonsmøte. 12 Nominasjon På siste klubbmøte før 15. mars kvart år, skal medlemane til styret for neste år nominerast. Innkallinga til nominasjonsmøte skal vera skriftleg med minst ei veke`s varsel. Det er høve til attval. Medlemane har høve til å koma med andre framlegg under møtet. 13 Val av styre På siste klubbmøte før 15. april kvart år, skal styret for neste år veljast. Innkallinga til valmøte skal vera skriftleg med namnet på alle nominerte kandidatar, og skal sendast ut minst ei veke i førevegen. Er det fleire kandidatar til same vervet, skal det vera skriftleg røysting. Den som får meir enn halvparten av røystene, er vald. Er røystetalet likt, skal valet avgjerast ved loddtrekking. Alle val gjeld for eitt år om gongen med funksjonstid frå 1. juli same året til 30. juni neste år. 14 Val av andre verv På siste klubbmøte før 15. april kvart år vel medlemane i tillegg til styre: kontaktansvarleg for ungdomsutveksling (YEK) webredaktør eventuelt andre verv som klubben finn tenleg 15 MEDLEMSMØTE Klubben held møte minst ein gong i månaden, vanlegvis første onsdag i kvar månad med unntak av juli og august. Det kan kallast inn til særlege møte når styret finn det nødvendig, eller når minst fem medlemar krev det skriftleg. 6
16 FRAMMØTE OG GYLDIG GRUNN TIL FRÅVÆR Frammøte: Aktive medlemer har møteplikt på møta. Medlemer i dei meir passive kategoriane, skal møta fram så ofte dei kan. Likevel er det slik at ein kan bli lovleg hindra i å møta. Det minste ein då kan gjera er å informera presidenten eller klubbmeister på førehand. Eksempel på lovleg fråvær: Sjukdom Pålagt eller sjølvpålagt arbeid/kurs i jobbsamanhang Feriereise Deltaking i møte som fylgje av offentlege verv Under utføring av aktivitetar er det absolutt nødvendig at medlemer stiller til dei pålagte jobbane. Ved fråvær må dei sjølv skaffa vikar. Kompensasjon for fråvær: Mange medlemmer set si æra i å få registrert 100 % frammøte gjennom året. Ved fråvær kan dette i så fall kompenserast ved at ein innan 13 dagar før eller 13 dagar etter eige medlemsmøte: deltek i møte i annan lions klubb styre- eller komitémøte i eigen klubb aktivitet i eigen klubb, sone-, distrikts- eller riksmøte. 17 LOVENDRINGAR Lovene til klubben skal alltid vera i tråd med dei internasjonale lovene og arbeidsordningane som er vedtekne for MD 104 og Distrikt 104C. Lovene kan endrast berre på klubbmøte med 2/3 fleirtal av dei frammøtte medlemane. Medlemane skal skriftleg gjerast kjend med lovendringar minst 14 dagar før møtet. Alle aktive medlemar har rett til å koma med framlegg til endringar i klubben sine lover. Slike framlegg skal sendast skriftleg til styret. 18 ANDRE VILKÅR Dersom klubben sine lover ikkje er à jour med dei overordna lovene til organisasjonen, er det dei overordna lovene som gjeld. Dersom det skulle oppstå saker som klubblovene har uklåre vilkår om, skal vanleg praksis og sedvane innan Lions Clubs International vera gjeldande. Slike avgjerder er lagt til distriktsguvernøren. 7
19 NEDLEGGING Før eit eventuelt vedtak om nedlegging av klubben blir gjort, skal distriktsguvernøren varslast. Blir det gjort vedtak om nedlegging, skal klubben sine midlar gå til Distrikt 104C. Midlane skal likevel forvaltast av MD 104 til ein ny klubb blir etablert på staden eller etter vedtak i guvernørrådet. Utarbeida 25. februar 2014, siste revisjon gjort på medlemsmøte 05.03.14. Godkjent på medlemsmøte 05.03.14 Revidert opp mot Klubbhandboka 10. utgåve per 01.06.2012. Korrektur ved Karin Vikane Lovkomiteen ved Erik Linde og Einar Skeie 8