Ungarn med Rundtur i Romania.



Like dokumenter
Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Sjamanen i DEG. Dette er dei dagane i år som kan leggje livet ditt inn i nye baner. Lev rikare, i stadig utvikling og i harmoni med din drømmekropp.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

26 sept 07 oktober Lima Machu Picchu Cusco Amazonas

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

kulturmix CUBA!!!!!!!!! 27. sept okt 2014

Sommartur til Sverige,

VELKOMMEN TIL EGER, EUROPAS HEMMELIGE PERLE!

VELKOMMEN TIL EGER, EUROPAS HEMMELIGE PERLE!

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

En samarbeidspartner på vegen året rundt

Månadsbrev for Rosa september 2014

mmm...med SMAK på timeplanen

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

VELKOMMEN TIL EGER, EUROPAS HEMMELIGE PERLE!

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Minnebok. Minnebok NYNORSK

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

6. trinn. Veke 24 Navn:

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

TORREMOLINOS Andalusias solkyst

La Bella Italia MATERA CITTA DEI SASSI OG PUGLIA. SLOW TRAVEL, SLOW FOOD OG SLOW LIFE.

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Velkommen til songarstemne i Florø!

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Europas ukjente Mat & vintur til Budapest og Eger

Til deg som bur i fosterheim år

Vinreise til Eger og Tokaj


EN SMAKEBIT AV PORTUGAL

Tur til det vakre. DUBROVNIK-området. Ver med oss til ei av dei vakraste perlene i Europa landsbyen. Cavtat i Kroatia

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Brødsbrytelsen - Nattverden

TURPROGRAM BUDAPEST MAI 2013

EGER Europas ukjente perler


Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Månadsbrev for ROSA mars 2015

La Bella Italia BLI MED TIL MATERA CITTA DEI SASSI OG PUGLIA SLOW TRAVEL, SLOW FOOD, SLOW LIFE

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Månadsplan for Hare November

TORREMOLINOS Andalusias solkyst

SENSOMMER I BUDAPEST

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Teknikk og konsentrasjon viktigast

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Juvet Landskapshotell

Budapest- kultur og historie

Dublin juli 2018

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Bli med til Bocuse d Or og Gourmet festivalen i Budapest

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Helsereise Eger 20. August 3. September 2013

Vekeplan for 5.klasse Veke 48

WIEN MUSIKKENS OG ROMANTIKKENS HOVEDSTAD

Stormfestival Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

SINGELTUR - LISBOAKYSTEN

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

/

[Skriv inn tekst] Behandlingsreise til Eger i Ungarn. Tema Helse AS arrangerer Behandlingsreise til Imola Hotel Platán september 2015.

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

KROATIA SPLIT, TROGIR OG ZADAR MAI 2018

Dresden kulturskattenes by ved Elbe

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

Imola hotel platan, det ultimate sted for SPA-og behandlingsreiser

EGER Europas ukjente perler

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

Elben med Dresden og Praha

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

FOTTURER OG KULTUR I TOSCANA

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Budapest- kultur og historie

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

JULEBORD MARBELLA MIN. 15 PERSONER FREDAG SØNDAG

Jon Fosse. For seint. Libretto

Egil Christophersen til minne.

LISBOAKYSTEN: VANDRING OG KULTUR

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Transkript:

Ungarn med Rundtur i Romania. Vlad Tepes, folklore og land. Opplev Transilvania og gløymde landsbyar i Maramures. Pusztaen i Ungarn og Budapest som alltid, for alltid. Kr 12500 Del 2, pyramidane i Bosnia med Dr. Sam Osmanagish, mannen som fann dei og har forska på dei. (15-22 sept) 4-14 september 2014 Intim gruppe i minibuss, maks 7 deltakarar. Kr 12. 500. Inkludert i prisen er alle overnattingar på gode hotell, leilighetskompleks og utvalde vertshus, minibuss med sjåfør, stader du aldri finn på eiga hand, alle utgifter til transport, termalbad, spa og alle inngangspengar, all mat og drikke inkl 6 av dagane, resten halvpensjon,, vinsmakingar, og mykje mykje mykje meir. Med Anne Bjørkedal For sjette gang kan du bli med Anne Bjørkedal til Aust-Europa i november. Med base i Budapest, legg vi i år ut på langtur. Menneske, folketru og gløymd kunnskap er tema. Og som ein raud tråd rekkjer vi spora etter Vlad Tepes, vampyrisme, demonologi, innegjerda kirker, stammer, invasjonar og maktmisbruk på leiting etter menneskevarmen og gjestfriheita som alltid overlever i desse to vakre landa. Anne Bjørkedal er kjend som healer og sjaman, også i år vert det tid til kursing, men her er det meir show it, dont tell it

Så la oss gå rett på det tettpakka opplevingsprogrammet i sjamanismens ånd: (det held at du er interessert i opplevingar og er open, for å delta.ingen prestasjonar, berre gode sko, ei varm jakke, litt spente nervar og masse eventyrlyst ) Dag 1. Torsdag 4.sept 2014 Ankomst Budapest. Du vert henta på flyplassen uansett kva fly du tek (Norwegian har to avgangar) Vi er inkvaterte på Karma, som har vorte stamstad for sjamanturane til Ungarn. Og medan vi ventar på at Tibor, som etter kvart skal vere sjåføren vår under veka i Romania, får alle i hus, kan vi kose oss med folkelivet og restaurantane rundt Karma som ligg rett på Liszt Ferenz ter, det beste restaurantdistriktet i byen. Siste Norwegianflyet landar seint på kvelden, noko som gjer at du kan rekke ein arbeidsdag heime i Noreg før du legg i veg.( Ingen måltid inkl denne dagen) Dag 2, fredag 5.sept 2014 Budapest på sitt beste Ein god frukost på Karma, deretter spaserer vi eit par hundre meter nedover Andrassy. Karma ligg på hjørnet av den fire km lange paradegata ( Unesco si liste), og vi tek inn Budapest sin eleganse. Allereie etter eit par hundre meter går vi under grunnen, og tek den 100 år gamle Földalattoen (Unesco), Europas eldste eksisterande metro ned til Vørosmarty Ter. Etter den obligatoriske espressoen På Gellert. -kanskje Europas mest kjende konditori, ruslar vi nedover den vakre Vaci Utca som er turistgata der ein likevel aldri blir lei. Det held å kase blikket litt opp frå massane og sjå dei fantastiske husa i denne finde-siecle- byen der jugendhusa og sjarmen enno er bevart takka vere kommunismens hermetiske tidskapsel. Ein stans på Central Market høyrer med, og vi et anten ein lett lunsj her, eller vi finn oss ei koseleg lokal pub for å smake langos eller gulasj. Den som vil prøve ein palinka eller Unicum, får det, all mat og drikke er inkludert denne første dagen. Vi dreg vidare til Buda-sida, og første stans er Gellert høgda, med det berømte Gellertbadet. Vi skal få rikeleg tid til Termalvatn undervegs til Romania, så for å kunne få med oss mest muleg i Byen, må vi berre sukke lengselsfullt, og vi følger Donau eit stykke med trikk til batthyany ter der vi har fantastisk utsikt over til Paralamentsbygningen på andre sida av elva. Zugloen er ei gammal taubane opp til Budahøgda, og her oppe får vi med oss dei kjende landemerka, ruslar i dei koselege brulagde gatene og kjenner på atmosfæren som er mykje rolegare her oppe enn på Pest-sida. Labyrinten er opna igjen, så vi får oss ein tur under jorda. Budapest er eit virvar av labyrintar og gangar, hemmelege hospital under jorda og vi skal få med oss energiane her nede. Tilbake til Pest med trikk og vi kryssar Donau ved spissen av Margareta-Øya, der vi hoppar av og spaserer litt. Forhåpentlegvis rekk vi ein pust i bakken på Karma, før et vi middag på ein jødisk Kleszmer-Restaurant, Spinoza, og får med oss klezmer musikk sidan der også er teaterforestiling fredagar. Denne posten må vi imidlertid sjå an med tida og kreftene alternativet er å velje ein av dei mange gode restaurantane nær karma. Fordelen med ei lita gruppe er at vi kan følgje

impulsar og som kameleonar la byen oppsluke oss (Alle måltid og all drikke inkludert denne dagen).forhåpentlegvis greier vi ein tidleg kveld, for neste morgon vert vi henta av tibor alt klokka 06.30 Tibor er opprinneleg frå Romania, er busett i Ungarn og eig eit transportfirma. Han køyrer og jamnleg turar for forsikringsselskap med passasjerar til Tyskland og Austerrike, og er ein usedvanle dyktig, trygg og koseleg sjåfør. Eg kjenner han gjennom norske Ungarn-venner frå stampuben Olimpia, der han av og til tek seg ei einsleg øl klokka seks om ettermiddagen, før han tek kveld for å vere opplagt til neste dags langtur. Eit flott og godt menneske med eit stort hjarte, som vil vere med på å gjere turen trygg og full av opplevingar. Tibor var også sjåfør for gruppa vår i fjor. Dag 3. Laurdag 6. sept Hortobagy, opne landskap og rytterfolk. Termalbad og pusztaen. Køyring 300 km Vi har forhåpentlegvis pakka ryggsekken kvelden før, og blir henta på Karma av Tibor 06.30. Vi køyrer i minibuss tvers over det flate landskapet. Pusztaen er full av segner og eventyr, dette var landevegsrøvarane sitt land, som strekkjer seg over tredve mil austover, heilt til Karpatane som vi skal få utforske i dagane som kjem. Vi stansar ved våtmarkene i Tisza elva, og deretter dreg vi inn i Hortobagy. Hortobagy er eit landskap, ein steppe. Mangalica svin, gamle kuraser, og ikkje minst det utrulege rytterfolket. Desse bileta tog eg på ein einsam køyretur rundt i Hortobagy for to år sidan, og eg gler meg stort til å sjå att dette landskapet der ein kan sitje midt ute på Europas største prærie og sjå sola gå ned i jorda. Eg har ein draum om at vi kan tenne bål og koke gulasjsuppe. Klokka tolv er vi framme ved Stutteriet og hestar tek oss med ut i ingenmannsland, Vi får også oppvisning i dette rytterfolket sine kunstar. Lunsj på tradisjonell szarda, vertshus langs vegen ut av Hortobagy Nasjonalpark, dersom eg ikkje greier å få til noko utandørs. Det er desse enklaste tinga som er vanskelegast å arrangere på forhånd, og slik skal det vel vere..så lunsj denne dagen er i det blå, uansett er den inkludert i prisen, og vi let universet lede oss til kva som skal skje.

Ein kort køyretur til Hungaricum, Ungarns støste badeanlegg litt utanfor Debrecen. Vi går rett i badet, og vaskar av oss landeveisstøvet. Middagen finn vi blant alle dei andre badande, i restaurantane som ligg på rekke og rad rundt saltanlegga. Litt vinsmaking kan vi også unne oss etter ein lang dag. Både ungarn og Romania er store vinland. Tradisjon i alle fall 4000 år tilbake, medan Frankrike berre har 2000 års vinhistorie å vise til...overnatting på vertshus rett ved badet (lunsj og alle aktivitetar inkludert denne dagen). http://www.aquaticum.hu/ Dag 4 Søndag 7 sept Romania og Muramares. Køyring 250 km Etter frukost er det på tide å kome seg ut på vegen att. Vi køyrer gjennom midt gjennom storbyen Debrecen, og snart har vi kryssa grensa til Romania. Dei seiest at menneska i Muramares er historias vaktpostar. Her i nordvestre Romania med elva Iza som grense mot Ukraina, finst enno landsbyar og heile område som omtrent er uforandra dei siste tusen åra, og i desse over 300 spreidde landsbyane er det ikkje berre skikkar, men også segner som er bevarte, og det er denne skatten vi skal finne spor etter i dag og i morgon. Første planlagde stopp er den glade kirkegarden i Sapanta. Her er kvar grav (støttene er av tre) eit etterord til den avdøde, med både ros og kritikk ofte i enkel verseform, utskjeringar og fargar som har symbolsk betydning. Alltid med den spesielle sapanta-blå bakgrunnen som symboliserer sjela, og med trådar attende til Daciansk kultur fleire tusen år før den kristne tidsalderen, der ein trudde på sjela som gjekk vidare og såg på døden som glede og nytt liv. Etter ein ny halvtime på vegen når vi grense-byen Sighetu Marmatiei. Under Stalin tida var her ein av dei hardaste fangeleirane, og vi er innom museet der, men bruker mest tid på det store friluftsmuseeet som har ei enorm samling av hus, vindmøller, reiskap frå kulturen her i Muramares. Til og med ei av dei spesielle trekyrkjene som dette området er kjent for og som vi etter kvart skal få sjå fleire av, er utstilt her. Om vi ikkje alt har fått oss lunsj, er det på tide å finne ein stad no. Over elva ein svipp til Ukraina må vi vel og, deretter eit lokalt vertshus som ligg om lag 6 kilometer frå Sighety Muramares, eller Sighet som ein kallar byen. Det vesle familiedrevne vertshuset Casa Muntean (bildet lengst il venstre under) ligg inntil ei sideelv av Iza med ei lita strand der ein kan bade om ein vågar. Landsbyen og vertshuset der vi skal bu i natt er nær Ocna Şugatag, eit saltbad ved foten av vulkanen Shatra. Planen er å få vertskapet på Casa Muntean til å vise oss eitt eller anna artig, som den lokale dansen ceterasi sikkert Europas mest klart definerte sjamanistiske rituelle dans. Avhengig av program, prøver vi å få til ein tur til badet først.eg høyrer med dei i forkant, men vi legg alle mulegheiter opne for denne kvelden, om vi et på vertshuset eller annan stad noko folkeleg skal det i alle fall bli, Og eg skal gjere alt eg kan for å setje folk litt i sving før vi kjem Herr Florin kan for eksempel arrangere tur med hest og slede.(alle måltid pluss drikke inkludert denne dagen) http://www.youtube.com/watch?v=xhgsontbh0e

Dag 5, mandag 8 sept Trekirker, landsbyar, og overnatting i Draculas fødeby 4oo kilometer Etter landsens frukost på vertshuset må vi sjå og kome oss vidare på vår veg. Vi får vurdere om vi tek oss ein halvtime på femarknaden i Sighet som går av stabelen nett denne måndagen. Trekirkene og landsbyane ligg som perler på ei snor langs vegen, likevel må vi rekne med avstikkarar og dårlege vegar der ein må gje seg tid og kanskje la ein bonde med hest og kjerre som tek inn turrhøyet som har tørka på pålar fram til no, få førsterett på vegen og vi stansar med jamne mellomrom og lyttar til stillheita, ser på livet på landet og prøver å stille vår eiga klokke inn på den same frekvensen. Her er landbruket økologisk, her er det lov å føle seg som nostalgiker og romantiker. Tida og vegstandarden avgjer, men inn i dei mest avsidesliggjande og spennande krokar skal vi: Budesti, Rozavlea, Leud og Bogdan Voda, og mange andre spennande fjellandsbyar, og om vi finn oss mat undervegs eller ventar til vi kjem til Bistrita, får tida vise. Bistrita er ein spennande by, med utgravingar heilt frå neolittisk tid, og vi stansar litt fordi vi forhåpentlegvis er fulle av ro etter Muramures sin sakte rytme. Korleis vi skal greie å både ta det roleg og å bevege oss fire hundre kilometer samstundes som vi får med oss alt, må vi vel berre stole på guiding frå høgare makter, ein dag full av inntrykk når vi rundt kl 18 på kvelden køyrer vi inn i sagnomsuste Sighisoara, Draculas fødeby. klokketårnet Casa draculaa

Etter å ha installert oss i mørke himmelsenger på fantastiske Vila Sighisoara spaserer eit par hundre meter og er i huset der Dracula vart fødd. I dag er det ein restaurant her, og eit glas blodraud vin eller to for den som vågar å gje seg kreftene i vald. Sighisoara er ein kraftstad, ein by full av mytar, med verdens smalaste gate, eit klokkertårn og ein stad der det er funne mange utgravingar heilt frå neolittisk tid. (sjamanane sin verkelege tidsalder. ) I dei lukka samfunna i fjella, ofte med bymurar til å halde fiendar ute, har historiene og visdomen vorte konservert.vi drikk inn ånda som vampyrar som tørstar etter kunnskap og kraft. Vi kosar oss, finn ein kjekk plass å ete, og utforskar byen. (lunsj inkludert denne dagen) Dag 6. Tysdag 9 september Vlad tepes rike, Brasov, bjørnar og ei Borg utan like ca 180 kilometer køyring Vi utforkar Brasov, og et lunsj her, avhengig av kor tidleg vi greier å forlate Timisoara, rekk vi også bjørnereservatet. Men eg har høyrt rykte om at brunbjørn luskar omkring søppelkassene i utkanten av Brasov, så kan hende får vi sjå dei uansett. Romania har 90 % av stammen av Europeisk brunbjørn (ca 5000 lever i skogane her) og dei fleste i Transilvania, så vi held oss vel litt kring bilen. Også Ulv, ørn og mange andre sjeldne artar lever i dei mange naturreservata i landet. Men nok om det, KL 16 bør vi vere komne til Bran.!!!!!! Bran Castele -.Draculaslottet, myter og turistar. Vi besøkjer borga, og om kvelden kosar vi oss på Vila Transilvania Inn ein kilometer unna, alle romma er bestilte med balkong og utsikt rett på borga og ein fantastisk natur. Middag om kvelden tek vi på hotellet, og kviler ut i fjellufta med drømmar, demonar og varulvar. (middag inkludert denne dagen) Dag 7, onsdag den 10 des tilsaman ca 300 km Ein fjellveg utan sidestykke, sigøynerlasndsby og saltbad like salt som dødehavet. Drakulas virkelige borg i kveldinga. Etter å ha forlate Bran ventar først ein tre timars køyretur til Sibiu og lunsj, Ocna Sibiului like ved har varme saltsjøar, og desse må vi teste ut. Like salte som Dødehavet og djupt healande. Vi må sjå med tida om vi

rekk ein halvtime innom sigøynerlandsbyen som får ein del av overskotet på turen. Deretter ber det vidare inn på ein fantastisk fjellveg. Trensfagarasan. Bygd som ei strategisk militær rute av diktatoren Ceausescu I 1974. Vegen som er rekna blant verdas 15 mest spektakulære, bind saman dei historiske regionane Transylvania og Wallachia. Mellom dei høgste fjelltoppane i landet reiser vi 9 mil på flott tofeltsveg til over 2000 meters høgde. På toppen gjer vi ein liten avstikkar til bresjøen Balea. Vi tek inn for kvelden litt utafor Corbeni, mindre enn ei mil frå Draculas verkelege Slot i fylgje dei som verkeleg kjenner segnene, og derfor kan vi om kvelden sjå kor lang tid vi vil bruke på slotted, og om vi får tid til å gå opp dit, evt at Tibor køyrer dei som er trøtte inn til Corbeni, og hentar dei spreke på borga etter å ha gått dei 1500 trinna opp. Den virkelige Draculas borg, Poenari castle Poenari Castle frå tv- serien Da Vinci's Demons -I The Devil" der Leonardo Da Vinci /Leonardo di Caprio reiser til Poenari Castle i Wallachia for å møte Vlad III episoden " Festmiddag er bestilt på Rustic Argesan, som har fått 9,9 I score på Trip advisor og er grunnen til at vi skal bu her.vi får sates på at dei kan å lage mat også stor terrasse der vi kan chille på kvelden.antonesti Monastery rett ved hotellet vårt, om der enno er krefter igjen.

Dag 8, torsdag 11 sept 400 kilometer På den lange vegen mot Huneadora og Arad passerer vi Curtea de Argeș som er kjent som verdas Hackerworld. Vekslekontor og dyre bilbutikkar. Denne vesle byen ute i ingenmannsland er rett og slett sentrum for verdas netthacking, mafia og gode greier, så vi får råne gjennom gatene eit par runder. Lunsj i den vesle byen Hateg. Klosteret i Prislop. Vi tek ein liten omveg inn i fjella til klosteret i Prislop. Den mest heilage staden for pilgrimar i den ortodokse kyrkja i transilvania. Heilagt vatn, helbredande, mystiske krefter. Her ligg også grava åt den ortodokse presten og mystikaren Arsene Boca. Torturert og halden som fange under kommunisttida, men han heldt fram med å heale dei sjuke. Ved sidan av dei mange mirakela som han utførte medan han levde, er han også kjent for å ha forutsett hendingar både i Romania og utanfor. Vidare ein liten halvtime til Huneadora og det fantastiske Hunyan Slottet. Arsenie Boca, munk og sjaman. Studerte Mircea Eliade. På veg til Arad gjer vi ein avstikkar inn til ein vingard ved Lipova. Herfrå kjem dei beste vinane i Romania. Vi bur på fint hotell i Arad by, og unner oss festmåltid om kvelden på Taverna Pecicana som er kjent for fantastisk mat. (All mat og drikke inkludert denne dagen) Dag 9, fredag 12 sept Rødvinsbad, lavastein og termale krefter Vi kjører ti mil tilbake inn i Ungarn. Rett over grensa ligg spanlegget i Mako.Etter slitet må ein ha sin demeter, sin hausttakkefest, og vi gjer det med muligheita til å bade i rødvin på spaet. Termalbad, massasje i ein time med varme lavastein, sauna og basseng. Lunsjkupongar til buffeen.. Etter badet kjem vi nok til å duppe av på bilen dei tjue mila tilbake til Budapest over den endelause pusztaen. Kvelden i Budapest tek vi på sparket, om vi ikkje er for trøtte, kan vi kanskje ta ein tur innom ein av ruinpubane. Szimpla er på topp blant verdens mest fantastiske pubar.(alle måltid inkludert denne dagen) Dag 10, laurdag 13 sept Laurdag i Budapest. Vi tek ei samling på morgonen der vi oppsummerer, og kanskje får tid til endå litt meir læring og informasjon Tamas, Veronica og Istvan på besøk, med trommer, konsert og mulighet til å kjøpe di eiga sjamantromme. Vennene mine frå Ungarn sel trommer på alle kontinet, og berre med hjelp av jungeltelegrafen. Trommene sine vibrasjonar går langt, og desse tre er genuine i sin genialitet. Lunsj på Trofea Grill, all mat og drikke inkludert så mykje du orkar. Båttur på Donau. Om kvelden dreg vi tilbake opp til Budahøgda og får med oss den årlege vinfestivalen(festivalpass og kupongar for vinsmaking/mat inkludert)

Dag 11, søndag 14 sept Frukost på karma, pakking og heimreise. Skyss til flyplassen etter kva flight du er booka inn på. Del 2, Pyramidane i Bosnia 15-22 sept Dei som skal vere med til Bosnia og Pyramidane, tek toget på morgonen den 14 frå Budapest. Vi kjem til Sarajevo og har ein dag til rådvelde i denne spennande byen søndag kveld, og har dagen til rådvelde før velkomstmiddagen kl 19 med dr Sam Osmanagish Nattoget t/retur Budapest Sarajevo, ei ekstra overnatting i Sarajevo og seminaret kjem på i underkant av 7000 kroner. Du bør bestille heimreise frå Budapest den 23 sept om du vert med på denne. Eg har alt tinga plass åt meg sjølv, det er ei genuin mulighet å få vere der saman med mannen som oppdaga dei og har forska på dei, og siste ti åra trekt til seg over 200 internasjonale forskarar her gjeld det å vere raskt ute med å bestemme seg. FALL/AUTUMN EQUINOX TOUR & CONFERENCE 2014 Visoko & Sarajevo, Bosnia-Herzegovina September 15-22, 2014 SCHEDULE Monday, September 15, 2014 - Arrival to Sarajevo, transfer to hotel Sunce in Sarajevo - 19:00 Welcome dinner (buffet and music included) with Dr. Sam Osmanagich, Ph.D. Tuesday, September 16, 2014-9:00 Trip to Daorson (megalithic city), Stolac (stone blocks stecaks ) and Kravice waterfall with Dr. Sam Osmanagich - Stop in Stolac for the lunch break (lunch box provided) - 22:30 End of the daily tour

Megalithic city of Daorson Stolac stecaks Kravice waterfall Wednesday, September 17, 2014-9:15 Trip to Visoko - 10:00 Belvedere point, View of the Bosnian Pyramid of the Sun, Introduction to the discovery with Dr. Sam Osmanagich, photo opt. - 11:00 Underground Labyrinth Ravne with official guides, meditation block, healing chamber - 14:00 End of daily tour, trip back to Sarajevo - 15:00 and after: free time Belvedere point Pre-historical Underground Labyrinth Thursday, September 18, 2014-9:15 Trip to Visoko - 10:00 Bosnian Pyramid of the Sun with Dr. Sam Osmanagich, concrete blocks on northern side, healing section - 13:00 End of Daily Tour and trip back to Sarajevo - 14:00 18:00 Free time - 18:00 21:00 Conference: Dr. Sam Osmanagich, Ph.D., Purpose of the Pyramids revealed Concrete blocks on Bosnian Pyramid of the Sun Friday, September 19, 2014

- 9:15 Trip to Visoko - 10:00 Artifacts review in the Foundation s Lab - 11:00 Visit to the Local Museum - 12:30 Tumulus (artificial hill) in Vratnica Meditation on top of the tumulus - 14:30 Trip back to Sarajevo - 15:00 18:00 Free time - 18:00 21:00 Conference (Speaker TBA) Conical artificial hill tumulus in Vratnica Saturday, September 20, 2014-9:15 Trip to Visoko - 10:00 Meditation in Underground Labyrinth Ravne - 12:00 Visit to Bosnian Pyramid of the Moon - 14:00 End of Daily tour and trip back to Sarajevo - 15:00 18:00 Free time - 18:00 21:00 Conference (speaker TBA) Ceramic meditation block Bosnian Pyramid of the Moon Sunday, September 21, 2014-10:00 Trip to Zavidovici with Dr. Sam Osmanagich, visit to the Bosnian Stone Spheres park - Lunch at the site (lunch box provided) - 14:00 End of the tour and trip to Visoko

Fall/Autumn Equinox event - 16:30 18:00 Top of the Bosnian Pyramid of the Sun, sunset; messages of Love and Harmony sent to the World - 19:00 Trip back to Sarajevo Bosnian stone sphere park in Zavidovici Fall equinox event Monday, September 22, 2014 - Pick-up at hotel and drop-off at Sarajevo airport allowing for flight departures Tour includes: all transfers from-to Sarajevo airport, official guides, accommodation in 3-star hotel for seven nights in Sarajevo (bed and breakfast) in single or double occupancy rooms, welcome dinner, lunch boxes Tuesday, Wednesday and Sunday, local transportation to the sites as per program Monday - Sunday, Conference package, tickets to the archaeological sites with the unlimited visits to the healing/meditation chambers in Underground Labyrinth. English, German and French speaking guides available. Host of the Program: Dr. Sam Osmanagich, Ph.D. Program is adjustable due to the weather conditions. Price (land only, does not include air tickets to-from Sarajevo): - 1360 BAM (Bosnian Marks), ea. based on double occupancy, equivalent of 690 EUR - 1560 BAM ea. based on single occupancy, or equivalent of 795 EUR RESERVATIONS: info@piramidasunca.ba or incoming@piramidasunca.ba