FUSA KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 18.09.2012 Tid: 11:30 14:15 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Sakslista vart sendt medlemene og varamedlemene i brev av 06.09.2012 Møtet vart kunngjort i ei avis, på heimesida og ved oppslag på kunngjeringsstadar i kommunen. Desse medlemene møtte: Lena M. Schad Simon Koldal Opsal Maria Vindenes Tone Koldal Vegar Berget Forfall og møtande varamedlemar: Åse Kristin Uglehus hadde forfall. Vara var forsøkt kalla inn, For henne var vararepresentant forsøkt kalla inn, men ingen kunne møta. Øystein Skjelvan hadde forfall for han møtte Kristian Småland som vararepresentant. Merknader til innkalling og sakliste: Det var ingen merknad til innkalling og sakliste. Erik Vangsnes leia møtet. Evt. merknader til protokollen må sendast til Fusa kommune innan 14 dagar. Eikelandsosen, 18.09.2012 Lena M. Schad Leiar Erik Vangsnes Ansvarleg sekretær
Saksliste Sak nr. Sakstittel 017/12 GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ MØTET 05.06.2012 018/12 VAL AV FRIE UNGDOMSREPRESENTANTAR TIL UNGDOMSRÅDET FOR 2012 019/12 KONSTITUERING AV FUSA UNGDOMSRÅD 020/12 HØYRING - SKULE OG TILBODSSTRUKTUR FOR FRAMTIDA HORDALAND FYLKE SIN SKULEBRUKSPLAN 021/12 RUSMIDDELPOLITISK HANDLINGSPLAN FOR FUSA - RULLERING 2012-2016 - NY HANDSAMING I UNGDOMSRÅDET 022/12 SKRIV OG MELDINGER
017/12: GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ MØTET 05.06.2012 Møtebok frå møtet 05.06.2012 vert godkjend. Saksframstilling: Saksdokument: Ikkje vedlegg : Møteprotokoll frå møtet 05.06.2012 Møtebok frå møtet 05.06.2012 vart samrøystes godkjend. UNG-017/12 VEDTAK: Møtebok frå møtet 05.06.2012 vert godkjend 018/12: VAL AV FRIE UNGDOMSREPRESENTANTAR TIL UNGDOMSRÅDET FOR 2012 Saka vert lagt fram utan framlegg til vedtak Vegar Berget og Tone Koldal tok attval som frie ungdomsrepresentantar til ungdomsrådet for eit nytt år og vart samrøystes valde. UNG-018/12 VEDTAK: Vegar Berget og Tone Koldal vert attvalde som frie ungdomsrepresentantar til ungdomsrådet for skuleåret 2012/13.
019/12: KONSTITUERING AV FUSA UNGDOMSRÅD Saka vert lagt fram utan framlegg til vedtak. Det var ein kandidat til vervet som leiar i ungdomsrådet Lena M. Schad og ein kandidat til vervet som nestleiar Tone Koldal. Lena M. Schad vart samrøystes vald til leiar og Tone Koldal vart samrøystes vald til nestleiar i Fusa ungdomsråd. UNG-019/12 VEDTAK: Lena M. Schad vert vald til leiar og Tone Koldal vert vald til nestleiar i Fusa ungdomsråd. 020/12: HØYRING - SKULE OG TILBODSSTRUKTUR FOR FRAMTIDA HORDALAND FYLKE SIN SKULEBRUKSPLAN Høyringsuttale til Hordaland fylke sin skulebruksplan vert sendt slik det kjem fram av saksutgreiinga. Fusa ungdomsråd samla seg om slik eigen samrøystes uttale til Hordaland fylkeskommune sin skulebruksplan: Det er viktig å oppretthalda elevtalet ved Fusa vidaregåande skule og gje eit breiast mogeleg fagtilbod med gode høve for personlege val, slik som i dag. Fusa vidaregåande skule har gode resultat og har populære tilbod med god tilsøking frå heile regionen t.d. studiespesialisering med formgjeving og teknisk industriell produksjon. Skal ein oppretthalda dette tilbodet må ein samstundes ha ei breidde i fagtilbodet med andre retningar, slik også skulebruksplanen seier. Då kan ein ikkje ta bort naturbruk/ akvakultur og restaurant og matfag. Fusa vidaregåande er ein trygg og god skule med nye og moderne lokale. Fagtilbod og elevmiljø er ein heilskap. Tar ein bort t.d. restaurant og matfag så forsvinn også tilbodet ein har i kantina for dei andre elevane.
Redusert studietilbod ved Fusa vgs og andre skular i distriktet vil føra til at fleire må pendla lengre og fleire må bu på hybel frå svært ung alder i meir sentrale strøk. Dette vil truleg føra til at fleire, for å unngå pendling, vel tilbod dei i utgangspunktet ikkje ønskjer. Dette kan gå ut over både trivsel, skuleresultat og føra til auka fråfall i den vidaregåande skulen. Lengre pendling og fleire hybelelevar gjer at ungdom får mindre fritid i heimemiljøet. Dette vil tappa både ungdomsmiljøet og kulturlivet i lokalsamfunnet for aktiv ungdom. Fusa vidaregåande skule har i dag eit godt tilbod om spesielt tilrettelagd undervisning for funksjonshemma. Det er ein svært dårleg idé at desse elevane skal pendla heilt til Os. Dei må få gå på nærskulen. Skal ein få ei auka sentralisering av skuletilbodet er det heilt naudsynt å satsa massivt på ei ny utbygging av skuleinternat i fylkeskommunal regi. Utan ei slik satsing er det best for så unge å gå på mindre skular i pendlaravstand. Sentralisering føreset også ei betring av kollektivtilbodet. Busstilbodet mot Os og Bergen er i dag ikkje godt nok. Fusa vgs har eit svært godt elevmiljø og Fusa ungdomsråd trur at miljøet gjerne er best på mindre skular. Fusa vidaregåande skule har i dag eit ganske ideelt elevtal på totalt ca 340. I skulebruksplanen ønskjer ein seg eit elevtal mellom 300-1200. Då er det ikkje logisk å foreslå endringar i tilbodet som gjer at ein sit att med 180 elevar på skulen i Eikelandsosen. Fokuset i skulebruksplanen kan ikkje berre vera på økonomi og effektivitet. Det viktigaste må vera å leggja til rette for trivsel og gode læringsmiljø og her er Fusa vidaregåande i toppklasse. UNG-020/12 VEDTAK: Fusa ungdomsråd gjorde slik uttale til Hordaland fylkeskommune sin skulebruksplan: Det er viktig å oppretthalda elevtalet ved Fusa vidaregåande skule og gje eit breiast mogeleg fagtilbod med gode høve for personlege val, slik som i dag. Fusa vidaregåande skule har gode resultat og har populære tilbod med god tilsøking frå heile regionen t.d. studiespesialisering med formgjeving og teknisk industriell produksjon. Skal ein oppretthalda dette tilbodet må ein samstundes ha ei breidde i fagtilbodet med andre retningar, slik også skulebruksplanen seier. Då kan ein ikkje ta bort naturbruk/ akvakultur og restaurant og matfag. Fusa vidaregåande er ein trygg og god skule med nye og moderne lokale. Fagtilbod og elevmiljø er ein heilskap. Tar ein bort t.d. restaurant og matfag så forsvinn også tilbodet ein har i kantina for dei andre elevane. Redusert studietilbod ved Fusa vgs og andre skular i distriktet vil føra til at fleire må pendla lengre og fleire må bu på hybel frå svært ung alder i meir sentrale strøk. Dette vil truleg føra til at fleire, for å unngå pendling, vel tilbod dei i utgangspunktet ikkje ønskjer. Dette kan gå ut over både trivsel, skuleresultat og føra til auka fråfall i den vidaregåande skulen. Lengre pendling og fleire hybelelevar gjer at ungdom får mindre fritid i heimemiljøet. Dette vil tappa både ungdomsmiljøet og kulturlivet i lokalsamfunnet for aktiv ungdom.
Fusa vidaregåande skule har i dag eit godt tilbod om spesielt tilrettelagd undervisning for funksjonshemma. Det er ein svært dårleg idé at desse elevane skal pendla heilt til Os. Dei må få gå på nærskulen. Skal ein få ei auka sentralisering av skuletilbodet er det heilt naudsynt å satsa massivt på ei ny utbygging av skuleinternat i fylkeskommunal regi. Utan ei slik satsing er det best for så unge å gå på mindre skular i pendlaravstand. Sentralisering føreset også ei betring av kollektivtilbodet. Busstilbodet mot Os og Bergen er i dag ikkje godt nok. Fusa vgs har eit svært godt elevmiljø og Fusa ungdomsråd trur at miljøet gjerne er best på mindre skular. Fusa vidaregåande skule har i dag eit ganske ideelt elevtal på totalt ca 340. I skulebruksplanen ønskjer ein seg eit elevtal mellom 300-1200. Då er det ikkje logisk å foreslå endringar i tilbodet som gjer at ein sit att med 180 elevar på skulen i Eikelandsosen. Fokuset i skulebruksplanen kan ikkje berre vera på økonomi og effektivitet. Det viktigaste må vera å leggja til rette for trivsel og gode læringsmiljø og her er Fusa vidaregåande i toppklasse. 021/12: RUSMIDDELPOLITISK HANDLINGSPLAN FOR FUSA - RULLERING 2012-2016 - NY HANDSAMING I UNGDOMSRÅDET Saka vert lagt fram til drøfting og evt. uttale. Fusa ungdomsråd gjorde slik samrøystes uttale i saka: Intensjonen i framlegget er god, at ungdom skal få tilgang til eigne rusfrie soner på konsertar og festivalar, men dette er vanskeleg å gjennomføra i praksis med dei arrangement og kulturlokale ein har i Fusa per i dag. UNG-021/12 VEDTAK: Intensjonen i framlegget er god, at ungdom skal få tilgang til eigne rusfrie soner på konsertar og festivalar, men dette er vanskeleg å gjennomføra i praksis med dei arrangement og kulturlokale ein har i Fusa per i dag 022/12: SKRIV OG MELDINGER
Skriv og meldingar vart samrøystes teke til orientering. UNG-022/12 VEDTAK: Skriv og meldingar vert teke til orientering.