STUDENTRAPPORT NAVN PÅ VERTSINSTITUSJON: Thompson Rivers University BY: Kamloops, British Columbia LAND: Canada UTVEKSLINGSPERIODE: Haust 2012 EVENTUELL FERIEPERIODE I LØPET AV UTVEKSLINGEN: 0 DITT STUDIEPROGRAM VED UIS: Bachelor Reiselivsledelse HVILKET SEMESTER I STUDIET VED UIS REISTE DU UT? 5.semester 1. Fortell om ankomsten (orienteringsdager/uker, registrering, møte med Internasjonalt kontor og andre instanser) : Eg ankom Kamloops nokre dagar før orientationweek. Flyreisa var lang, men eg landa på den lokale flyplassen, og tok taxi til leilegheita mi. Budde på Upper College Heights, der dei fleste internasjonale budde. Sidan alle studentane var nye, var det lett å bli kjend med folk med en gang. Orientation-week var for alle nye internasjonale studentar den første veka før skulestart, og det var eit bra opplegg. Du blei delt inn i fagområde når du registrerte deg, så fikk du ei t- skjorte farge etter kva studieretning du gikk. Så det var enkelt å finne «kanskje framtidige» klassekamerater. Vi fikk møte alle dei høgre ledarane på skulen, rådgjevarar og fakultetsansvarlige, så i ettertid var det greitt å vite kven du skulle oppsøke om ein trengde hjelp. Blei også presentert for alle ulike organisasjonar for studentar på skulen. Etter orientationweek kom dei andre studentane, men det var ikkje så lett å bli kjend med dei, sidan ein ikkje hadde noko meir enn ein dag med aktivitetar saman med dei før skulestart. 1. Fortell om de praktiske forholdene ved vertsinstitusjonen (Størrelsen/atmosfæren på campus, antall studenter/internasjonale studenter, fasiliteter på campus og i nærheten). Skulen er stor og har fleire bygg over eit stort område. Det er fleire grasplettar, som er koselig når det framleis er sommar å ligge ute på i fritimar og pausar. Så og seie alle bygga her ein cafe med kaffi og mat/snack. Der er 13 000 studentar, pluss mange deltids studentar. Studentane er frå alle delar av Canada, men der er også eit breitt spekter av internasjonale studentar, særlig frå Asia. Vi var berre 5 nordmenn blant dei 1000 utveksling studentane, som var veldig greitt.
Det er stort sett datarom med skrivar på alle bygga, og to bibliotek. Eine bygget er ope 24 timar i døgnet, som er bra før innleveringar og eksamen. Nokon av bygga er gamle med gamle klasserom, mens nokon er store med flotte forelesingssalar. Der er eit flott idrettsanlegg, med utendørs og innandørs springebane, fotballbaner(fotball og amerikansk fotball)stort svømmebasseng (som er gratis for studentar), og eit ganske bra innandørs treningssenter med volleyball/basketball bane. Det er også ein studentbar på skulen, som er open torsdag/fredag. Torsdagane er gøyale dagar! 2. Fortell om de akademiske forholdene ved vertsinstitusjonen (Hvilke fag du tok og kvaliteten på disse, hvordan undervisningen ble lagt opp, kontakt med forelesere og medstudenter, hvilke evalueringsmetoder ble brukt, andre tips og råd angående fag). Lærarane er engasjerte og flinke ved TRU. Mi erfaring ar at det er mindre klasser, og lettare å bli kjend med lærar og elevar i klassene, då vi var 20-30 stk! Det som kanskje kom som eit sjokk, var at lærarane forventa av deg heile vegen. Eg hadde skulearbeid så og seie kvar veke, og den endelege karakteren baserte seg på prestasjonane gjennom semesteret og i nokre fag, ein endeleg eksamen i tillegg. Dette gjorde at eg faktisk gjorde litt skulearbeid, og lærte veldig mykje!! Karakterane var baserte på %, ikkje bokstavar, slik som i Noreg, men det kan variere frå lærar til lærar. Då Thompson Rivers har ei av dei råaste reiselivslinjene I verden, såkalla Adventure Tourism, prøvde eg meg på å få tatt nokon fag dei hadde å tilby. Ikkje alle vart godkjende her i Noreg, berre to i Adventure(ADVG), resterande tre i Tourism management(tmgt). Eg tok Adventure Activities ADVG 3110, med Sharman Larie som lærar. Dette faget anbefala eg på det sterkaste!! Vi hadde tre klasseroms undervisningar, ein kveld i klatrehallen og to helgeturar der vi eine helga var på kanotur, og den andre på klatretur. Eg lærte kjempe mykje om dei ulike aktivitetane, alle praktiske forhold å tenke på når ein skal på tur i villmarken i Canada. Vart godt kjende med dei andre i klassa, og vi var ferdige med helgeturane tidelig i oktober, og i ettertid var det berre to litt større rapportar vi måtte levere inn, veldig kjekt! På desse turane fekk eg meg mange canadiske vennar, då der va ingen internasjonale i klassa. Dette faget kosta rundt 4000 kr (utstyr, leige, reise osv), men var vel verdt det!! Casino Operations TMGT 4210 med Robin Reid, var eit nytt og spennande fag! Lærte mykje om Casino drift, lovar og reglar spesielt i Canada, men også rundt om i verda. Hadde to innleveringar, to eksamenar og ei framføring! Det var vanskelege eksamenar då ho brukar eit ganske akademisk språk og spør mykje etter detaljspørsmål, som kan vere vanskelige å snappe opp med engelsk som andre språk. Culture of Events TMGT 4060, med Billy Collins. Traverserer gjennom festivalhistoria, og eigentleg eit interessant fag. Tar føre seg romartid, OL, gay-parade etc. Anbefalast!! Veldig engasjert og flink lærar. Vi hadde to innleveringar, eit prosjekt+framføring og ein eksamen. Programming Experimental Activities ADVG 4040 med David Freeze. Spesiell kar med ei voldsom historie innan guiding i extrem sport. Eit fag eg følte eg ikkje fekk så myke utbytte av, anna enn eg blei ganske god venn med elevane i klassa som var elevar frå Adventure
Guiding diploma, som har ein ekstrem lidenskap for utandørsaktivitetar!! Berre Canadiske i denne klassa som var veldig gøy. Social Side of Tourism TMGT 3980, sist, men ikkje minst! Kelle Kalton var desidert den kjekkaste å snillaste læraren. Utruleg smart, inspirerande og hjelpsam! Ho tok før seg 1 til 3 nye tema kvar veke om ulike turisme former, for eksempel authentic tourism, sex tourism, dark tourism etc.. Karakteren baserte seg på svar av spørsmål til tekstane vi hadde kvar veke, i tillegg til ei innlevering og ei framføring. Lettent karakter, men også veldig gøy! I forhold til dei andre internasjonale som hadde økonomi var dett veldig mykje arbeid. Fem fag på eit andrespråk der lærarane forventar like mykje av deg i kvart fag er ikkje enkelt. Anbefala å ha nokon «gøy» fag i tillegg til dei meir avanserte, for å ha litt fritid å slappe litt av. Veldig mange som tok seg litt vatn over hovudet i forhold til arbeidsmengd og fritid! Så det blei mykje «sjalusi» når eg drog på turar i helgene i staden for å sitte på biblioteket! Husk at du skal ha det kjekt også! 3. Fortell om dine boforhold (Hvordan fant du bolig, bodde du på campus eller privat, bodde du alene eller delte du med andre, hvilket område bodde du i og vil du anbefale dette til andre, fasiliteter i nærheten av boligen, andre tips og råd i forhold til bolig) Eg budde på Upper College Heights(UCH), som ligg 5 min frå skulen. Det kosta 2450$ (ca 13700kr) frå 14.aug til 14 des. Skulen reklamerar for boligar i velkomstbrevet, så det var forholdsvis enkelt å finne tak i, litt «tungvint» å få bestille rom, då dei driv med faks-løysing framleis. Eg hadde mitt eige soverom, men delte bad og kjøkken med 3 andre. Der var ingenting av kjøkkenutstyr, dyne osv, så dette måtte vi fikse sjølve. Det var veldig greit å bu der, sidan alle dei internasjonale budde her, nært skulen, men vi sakna opphaldsrom(stove) med tv i leilegheita. Det var også litt småplukk med administrasjonen som er veldig nøye med skader i leilegheita, så anbefala å finkjemme romme ditt før du flyttar inn, og sette fingeren på skader så dei rapportera det, slik du slipp å betale. Mange studentar som brann seg på den! Der er vaskemaskiner som ein puttar pengar på. Vi brukte desse, men følte aldri kleda våre vart skikkelig reine, spesielt ikkje kvite kle, men det fungerte. UCH ligg veldig sentralt i forhold til bensinstasjon, matbutikk, busshaldeplass, og det tek maks 20 min å gå ned til bysentrum. Eg anbefala UCH, då dette var veldig trygt område, med vakt kvar natt, og veldig greit å orientere å forholde seg til. Fasilitetane ved UCH er ei tennisbane, eit opphaldsrom med tv, bordtennis og eit kjøkken, og eit utandørs volleyballnett. Ikkje noko å skryte av, men mogeligheitene er jo der. Skal du vere der lengre enn eit semester, anbefala eg kun betale for eit semester her, også gå på leit etter leilegheit/kollektiv det neste. Då har du fått vennar, sosial omgangskrets, kjenner staden og lettare å få kontaktar som kanskje veit om noko. 4. Fortell om det generelle kostnadsnivået (Var støtten fra lånekassen tilstrekkelig, andre tips og råd i forhold til kostnadsnivået) Då eg fekk ein av friplassane til skulen, fikk eg kun 6000 kr ekstra som skal «dekke» reisekostnadane med lånekassa. Ellers var det vanleg lån og stipend som ein får i Noreg.
Kostnadsnivået er billigare enn i Norge, men ikkje på langt nær så billig som i USA. Tax på varene er 12%, og er IKKJE inkludert i prisane. Dvs skal du kjøpe ei jakke til 100 dollar, må du legge på 12 dollar for å få den endelege prisen, dette er svært irriterande og er overalt. Ei billeg vinflaske kostar for eksempel 60-70 kr. Value Village som ligg i byen, er ein bruktbutikk og der finn ein alt! Både nytt og gammalt, og ein kan spare seg mykje pengar på å kjøpe praktisk utsyr der som for eksempel bestikk, tepper, kostyme osv.. I naboprovinsen Alberta er taxen 5%, så viss du skal til Banff Nationalpark, Lake Louise eller liknande så anbefala eg deg å ta eventuell shopping der. Eg la opp eit budsjett på 10 000 kr i mnd, og det haldt akkurat ikkje! Eg brukte pengar mykje på reise, var bl.a i USA på tur, unna meg gode varemerker på matvarebutikken, deltok på alt av festeligheite med alkohol og kjøpte det eg trengde når eg trengde det. Det er sikkert fullt mulig å nesten hallvere kostnadane, mor at ein ikkje får det sååå kjekt.. Transport: Som student ved skulen får du gratis busstransport. Bussen kunne vere uforutsigbar og ofte lengre ventetid mellom avgangane, så eg kjøpte meg ein ganske ok sykkel for 50 dollar ved Bike Paddler i byen. Då kom eg meg kjapt til og frå, og var veldig nøgd med det. I forhold til lengre turar brukte mange å leige bil.. Dette blir dyrt i lengda då det kostar frå 50 til 120 dollar per dag, pluss bensin. Nokon kjøpte seg bil for 300-1000 dollar (1800-6000kr) som er tent inn igjen etter kort tid viss du har tenkt å reise ein del. Bil kan du finne på Kijiji.ca. Elles er det lurt å bli kjend med dei canadiske, for dei har som oftast bil, og seier ikkje nei til ein tur! Ein har også Greyhoundbus som har stasjon i Kamloops, brukte blant anna den for tur til Vancouver og Seattle. Kan vere litt ubehagelig å ta bussen åleine, då det er mykje rare folk som tek Greyhound.. 5. Fortell om hvordan du ordnet praktiske ting som bankkonto, telefon (andre praktiske tips og råd) Det er tilbod om hjelp til å opne bankkonto i orientationweek, men sidan eg skulle berre vere eit semester droppa eg det. Er check-in kunde hos Nordea, så eg betalar ikkje når eg dreg kortet, berre ved uttak. Så eg tok med eit ekstra bankkort frå Noreg, så har eg ein ekstra konto som eg førte pengar frå til brukskonto når eg trengde, for å ha ein viss kontroll. Der var fleire med kredittkort, men personeleg trengde eg ikkje det for eit semester. Einaste problemet eg hadde med visakort, var at ikkje alle minibankane godtok det og at leigebilsselskapa godtok berre kredittkort, men det ordnar seg. Anna problem om du ikkje har spart opp nok pengar og går tom, så er du tom.. Det er då kredittkort kan vere greitt. Telefonsystemet i Canada er tilbake til 80talet. Eg kunne ikkje bruke min gamle telefon då dei har ei anna nettløysing enn heime i Noreg, men dette kjem ann på kor datert telefon du har, spør på elektrosjappene. Så eg kjøpte ein billeg ein til 50 dollar med Telus Pre-paid, som eg IKKJE anbefala. Er svindyrt å ringe/sende meldingar, og eg kasta vekk unødvendig mykje pengar på det.. Viss du ikkje vil inngå fast mnds avtale, anbefalar eg å gå til for eksempel Telus (telefonselskap) og be om pre-paid med unlimited messages per månad for 15-35dollar. Det hadde eg siste tida, og funkar prefekt. Elles var det mange internasjonale som ikkje tok på seg kostnadane ved å kjøpe seg telefon/canadisk simkort og brukte kun Whatsapp/facebook når det var internett tilgang. Eg fann dette stressande, då eg var mykje
ute å reise og ikkje hadde internett-tilgang til ei kvar tid. Dekninga er også generelt dårlig i Canada, og ringer/sender du melding utanfor visse områder er det dyrare, og skal du ringe til Europa må du kjøpe eit internasjonalt kontantkort. Så eg tok telefonsamtalane med Noreg på Skype/facebook. 6. Fortell litt om klima, klær og hva det kan være lurt å ta med fra Norge (og hva man like gjerne kan kjøpe ute). I kamloops er det generelt bra vær! Det var varmt heilt ut september, trur eg kan nevne 5 regnværsdagar frå august til oktober.. Så ta med litt sommerkle, haustkle, treningskle og vinterkle. Vinteren kom ikkje før i desember, og det vart ganske kaldt. Dei har ein litt anna klestil der borte, litt meir chill/praktisk og ikkje så fin som her i Norge. Som jente brukte eg høge sko og skjørt ein gang, og dette var i Vancouver. Så dropp den eine kofferten med festkle! Jeans og ein fin topp held lenge når ein skal pynte seg for ein tur på byen! Eg reiste med ein bag og ein koffert. Baggen kunne eg ha på ryggen, så det var ganske greitt i forhold til at eg reiste mykje i etterkant. Det blei skimuligheite rett etter byrjinga av desember, ikkje store greiene, men ok! Så ta med skikle, eller få dei tilsendt ved post(ca 500 kr for å sende ein pakke). Eg tok ikkje med skiutstyr, det kjøpte eg (og selde) der borte. Eg angra på eg ikkje tok med, då eg var 3 heile helgar på ski, pluss ei veke i Whistler etter skuleslutt på skiferie. Det kostar rundt 50 dollar (300kr) å leige skiutsyr pr dag, så i lengda blir det veldig dyrt. Men som sagt så er det ikkje før i midten av desember snøen verkeleg kjem! Så kjem ann på kva planar du har. 7. Fortell om mulighetene til å engasjere seg sosialt (studentorganisasjoner og aktiviteter, andre praktiske tips og råd til hvordan bli kjent på et nytt sted!) Kamloops er ein aktiv by, og folk likar å styre med aktivitetar og holde seg i form. Det er ein klatrehall ca 10 min frå skulen, som anbefalast veldig, då dette er eit lite samfunn og lett å bli kjend med folk med kanskje same interesse som deg. Ellers er utendørsaktivitetar veldig stort der borte, elvepadling, klatring, ski, terrengsykling berre for å nemne nokon få. Skulen har idrettsorganisasjon med lag som heiter Wolfpack, men dette er meir for studentar som er der lenger enn eit semester. Eller er der intermutal games, der ein kan melde opp eigne fotballag og spelar turnering kvar søndag gjennom heile semesteret, det var kjempe gøy! ISAP er skulen sin aktivitetsorganisasjon og dei finn på mykje gøy for ei billeg peng! Gullgraving, vinsmaking, konsertar,kino, diskotek, halloweenparty, middagar osv.. Å vere norsk i Canada er heller ikkje feil. Dei fleste nasjonalitetar finn Norge svært interessant, litt eksotisk og er rett interesserte i å bli kjend med deg! Så bonuspoeng der!! Så ver open når folk pratar med deg, og heng deg på alt du blir invitert på, om det er ein fest, middag eller klatretur! Befolkninga er generelt veldig vennelege, utåtvente, høflige og sporty. 8. Fortell om helhetsinntrykket så langt
Kamloops er ein liten plass, men har mykje å by på. Shoppingmuligheitene er ikkje så store, men friluftslivet tek ingen ende. Dette er ikkje plassen for folk med høge helar for å seie det slik!! Anbefala Kamloops for dei som har interesse for å vere utandørs og drive med aktivitetar, både sommar og vinter. Det er ganske sentralt i forhold til større byar som Vancouver og Seattle, men også sentralt i forhold til feite ski anlegg som Whistler, Sun Peaks og Revelstoke. Eg er superfornøgd med alt, skulen, treningssenteret, plassen, folka og miljøet. Det var veldig trist å reise derifrå, og eg skal utan tvil tilbake!! Legg gjerne ved bilder og linker til blogger etc! På sykkeltur i Kenna Kartwrightpark med utsikt over Kamloops. Kanotur til Clearwater Lake
Hockeycamp mellom Blazers og Cougers Elg som slikka salt av bil i Banff
Klatring i Skaha
Villdyr i Kamloops Revelstoke