Valle Barnehage 2014/15. Her finn du ekstra informasjon om: Plandager. Kor skal eg henvende meg? Telefonnummer og epost adresser til avdelingane



Like dokumenter
INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Informasjonshefte Tuv barnehage

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING Barnet kjem i barnehagen.

Stryn Bedriftsbarnehage AS Retningslinjer for mat og måltider i barnehagen

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Bli kjent med Orre Barnehage

HAREID KOMMUNE Syverplassen barnehage

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Sandeid skule SFO Årsplan

Til deg som bur i fosterheim år

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Jon Fosse. For seint. Libretto

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Kostholdsplan for Gardstunet barnehage

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Askeladden barnehages ABC

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

Månadsbrev for Rosa september 2014

Kostholdsplan Tomrefjord Barnehage

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

Informasjon til foreldre

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

6. trinn. Veke 24 Navn:

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

INFORMASJONSHEFTE OM. Åmotsdal barnehage

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN SANDØY KOMMUNE

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Informasjon til elevane

INFORMASJON SUNDE BARNEHAGE

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9


Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

mmm...med SMAK på timeplanen

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Bjørnehiet SFO - informasjon

10/60-14/N-211//AMS

Vedtekter for SÆ BARNEHAGE AS

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

! Vurdering for utvikling. ! Rapport. Holmedal barnehage. Veke 14 ( ) Tema: Borns medverknad. Holmedal den 2.

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Plassebakken Barnehage

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

SJUKE BARN I BARNEHAGEN

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

Maurtuå Barnehage. SAMAN SET ME SPOR

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Plan for Liabygda SFO

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Studentinformasjon Maurtuå Barnehage 2018/19

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

PRAKSISKONTRAKT. Eg har også jobba eit halvt år som nattevakt og halvannan år på dagtid på avlastningsbolig for barn med ulike behov.

Lærarrettleiing 4. Måltida

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Plassebakken Barnehage

VESLEFRIKK. Ingrid, Elvira, Adam, David, Elena, Sofie, Anita, Mathilda. Emil, Odin, Frida, Oda, Celine, Aurora, Alvin, Pernille, Jonathan

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

VENNEBUSSEN Vennebussen Skavøypoll barnehage Skavøypoll barnehage

Del 2 ÅRSPLAN FOR SKORGEN BARNEHAGE 2012/2013. BARNEHAGENS VISJON: Trygghet og trivsel.

Velkomen til Mork barnehage

Fakta Måltida. Innhald. brød og korn til alle måltider blodsukker frukost og skulemat. leiken kvardag

Brukarrettleiing E-post lesar

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

Transkript:

Her finn du ekstra informasjon om: Plandager Kor skal eg henvende meg? Telefonnummer og epost adresser til avdelingane Foreldrerepresentantar for barnehageåret 2014/15 Kven sit i SU samarbeidsutvalet? Korleis feirar me bursdag? Kostholdet hjå oss Om morgonen Når kan barna kome i barnehage etter sjukdom? Hygiene blå posar Klede Skal barnet sove ute eller inne? Sikkerheit i barnehagen, i bil og i bassenget Mangfald i barnehagen Informasjon ved henting 1

Plandagar Plandagar i år er 12. og 13.august, 17.oktober, 2.januar og 30.mai. Barnehagen er då stengd. Kor skal eg henvende meg? Du kan spør kven som helst om kva som helst, men det er ped.leiaren som har hovudansvaret og skal ha den fulle oversikten. Me har mange som jobber deltid og det er ikkje alt desse veit, dersom dei har hatt fri nokre dagar, før dei har fått ei oppdatering frå nokon. Me brukar mykje tid på å informere kvarandre, me skriv ned i info-bøker og me vil jobbe kontinuerleg for at alle tilsette har same informasjon om alt. Dersom det er noko leit eller noko de har opplevd som urettvist, ber me dykk take det med ped.leiar evt.styrar. Det er veldig fint om de tek ein telefon eller ber om eit møte, då slike ting er viktig me brukar god tid på, samstundes vil me unngå at borna og evt.andre foreldre er tilhøyrarar. Me treng tilbakemeldingar frå foreldre om korleis de opplever kvardagen i barnehagen, så me er takksame for hjelp til å verte betre. Telefonnummer og epost adresser til avdelingane Lislestog, ped.leiar Anne Løyland, anne.loyland@valle.kommune.no Telfon - 94 50 44 12 Nyestog, ped.leiar Jannicke Ruud, jannicke.ruud@valle.kommune.no Telefon 94 50 44 14 Gamlestog, ped.leiar Ingunn M. Viki, ingunn.viki@valle.kommune.no Telefon 94 50 44 13 Styrar, Magnhild Hovet, magnhild.hovet@valle.kommune.no Telefon 37 93 75 90/92 83 17 27 Der er ein telefon til kvar avdeling. Me lovar å svare på sms innan 15 min. Me lovar å ringe deg opp att innan 15 min. Sei frå dersom me ikkje klarer å halde det me lover. 2

Foreldrerepresentantar for barnehageåret 2014/15 Bodil Bygland, tlf. 45 20 29 25 Anne Hasla, tlf.90 20 90 05 Vara: Kjell Ole Homme og Anders Solli Oppgåvene til foreldrerepresentantane er å fremje fellesinteressa til foreldre, vere med å delegere oppgåver til nissefesten, take opp saker i SU eller med styrar. Sjå eige hefte. Kven sit i SU samarbeidsutvalet? Bodil Bygland - foreldrerepesentant Anne Hasla - foreldrerepresentant Bjørgulv T.Berg politiker Åse Marie Hovet politiker, vara er Kristin Nomeland og Monica Sundt. Anne Løyland tilsette sin representant, vara er Jannicke Ruud Ingebjørg Aabø tilsette sin representant, vara er Grete R. Uppstad Me har møte 1-2 gonger i året. SU er eit rådgivande, kontaktskapande og samordnande ledd for alle partar i barnehagesamfunnet. SU skal særleg arbeide for å fremje kontakten mellom barnehage og lokalsamfunnet. Kommunen kan delegere avgjerdsmydingheit til SU. SU godkjenner årsplanen og diskuterer økonomi, pedagogtettheit og andre aktuelle tema som kjem opp. 3

Korleis feirar me bursdag Barnet som fyller år skal vere i sentrum. Me lagar til eit flott fruktfat med ljos. Me får nokre spørsmål om foreldre får lov til å bake ei kake, ha med kjeks eller anna. Det er svært hyggeleg, men me vil gjere det likt for alle. Barnehagen vil ikkje at foreldre har med noko godteri/kjeks/kaker. Barna er nøgde med å vere i fokus og me gjer stor stas på barnet. Me ynskjer å ha fokus på eit sunt kosthold og dersom alle barna skal ha med seg noko ekstra, vert det ein del gonger i året. Jf. Helesdirektoratet sine retningslinjer for «bra mat i barnehagen» Kostholdet hjå oss Barn er avhengige at me vaksne tek ansvar for kosthaldet deira, enten dei er heime eller i barnehagen. Barna et mange måltid hjå oss og me har difor stor påverknad på kosthald og matvaner. Frukost : det består av brødskive, knekkebrød, pålegg som prim, skinkeost, ost, makrell i tomat, pølse, leverpostei, agurk, tomat, paprika, koka egg. Av og til kokar me havregraut. Me set fram 4-6 pålegg kvar dag. Variasjon er viktig for å dekke behovet for næringsstoffer. Lunsj : Me prøver å ha eit variert tilbod av mat til barna, me ynskjer å servere varm mat tre gonger i veka. Det kan bestå av havregraut, fiskekaker, poteter, grønsaker, wok, supper, lapskaus, fiskeboller i kvit saus, laks eller fiskepudding. I tillegg lager me varm mat som eit opplegg med borna ein gong i veka, der dei bestemmer kva me skal lage, det kan vere rundstykker, pizza, pannekaker eller eggerøre. Ettermiddagsmat : Den varierer frå dei minste til dei største. Dei minste har brødmat eller havregryn med yoghurt. Dei største har knekkebrød eller brødmat. Det vert servert frukt og grønsaker 1-2 gonger til dagen, i lag med måltidet eller utanom. Drikke : til frukost er det mjølk og vatn, elles er det vatn me serverer. Til havregrauten serverer me saft. Der er alltid individuelle behov. Dette tek me hensyn til i tett samarbeider med foreldre. Dei minste borna får middagsglas, graut eller nan dersom foreldre ynskjer det. Me serverer ein sjeldan gong vaflar, lappar eller ein is på ein varm dag. Me fylgjer elles retningslinjene som helsedirektoratet har gjeve ut om «bra mat i barnehagen» 4

Om morgonen Der er ein vaksen frå barnehagen og ein vaksen frå SFO på jobb kl.0700. Vår neste vakt kjemkl. 07.30. Me prøver alt me kan for å møte foreldre og barn i garderoben. Det kan hende på grunn av ein situasjon at me ikkje har moglegheit til å forlate frukostbordet for å helse dykk velkomen. Dersom dette skjer, ber me dykk å kome inn til kjøkkenbordet og levere der. De er hjartleg velkomne til å fye inn til frukostbordet og seie hadet der. Me et frukost i lag alle tre avdelingar på kjøkkenet. Når kan barna kome i barnehagen etter sjukdom Vurdering av barna sin allmenntilstand vil alltid basere seg på foreldra sitt skjønn. Som hovudregel bør barn med feber, diarètilstander eller oppkast ha minst èin symptomfri dag heime før dei kan gå tilbake i barnehagen. Augnekatarr, det er ikkje av smittvernhensyn grunnlag for å anbefale at barnehagebarn ved mild til moderat augnekatarr er heime. Bare ved kraftig augnekatarr med rikeleg pussdanning bør barn av smittevernhensyn vere heime inntil pussdanninga har minka. Ved 4. og 5. barnesjukdom kan barna kome i barnehagen ved god almenntilstand uavhengig av utslett. Dersom barn får lus kan dei kome i barnehagen dagen etter at behandlinga er iverksatt. Andre barn, familie og ansatte bør ein undersøkje og få behandling kun ved påvist lus eller egg. Brannkopper er smittsomt og barn kan få det fleire gonger. Det er ofte skorpebelagte sår på kroppen/andletet. Dei kan gå i barnehagen dagen etter behandling er i gangsatt. Spreiing av smittsomme sjukdomar kan me forebygge best ved gode rutiner for håndvask for barn og tilsette. Spesielt etter toalettbesøk og før håndtering av mat. Kilde: Folkehelseinstituttet Kan foreldre forvente at barnet kan vere inne ein heil dag etter sjukdom? Dersom det er naudsynt at barnet dykkar er inne i barnehagen etter sjukdom, vil me de ringer og spør barnehagen om det let seg gjere fyrst. Me kan ikkje love dette, då me er ute kvar dag og det er ikkje sikkert at me kan «låse» ein vaksen til å vere inne med barnet ein heil dag. Me gjer det, dersom me har vaksne nok til det. Ring og spør fyrst, så slepp de å verte skuffa i garderoben. Blå posar Me set stor pris på om de brukar dei blå posane, eller tek av dykk ytterskoa før de kjem heilt inn på avdelinga. Dette kan kanskje virke tungvint, men dette er eit hygientiltak for å få mindre sjukdom blant borna. Det er til god hjelp for barn med astma dersom me brukar dei blå skoposane, då det minkar støv og smuss i lufta. Me har vaskar på dagtid og det lettar hennar arbeid betrakteleg då me minkar mengda av sand, støv og væte inn i barnehagen. Ein kan sjølvsagt velje å take av seg skorne i gonga. 5

Klede Me er veldig mykje ute i barnehagen og det er viktig å ha klede/utstyr som passer. Ingen vaksne tykkjer det er komfortabelt å gå med sko som er to nummer for store eller små. Slik er det for barna òg. Me ynskjer at barna kjem med klede som er komfortable og som tåler ein målingsflekk. Me brukar målefrakker, men det kan hende der kjem nokre flekkar likevel. Dersom de opplever at barnet dykkar har for mykje/for lite klede på seg ute, ber me de sei frå, slik at me får justert det etter dykkar ynskje. Det kan hende me ber dykk take med heim klede som er for små eller regnklede med hòl i. Me legg lapp i hylla, dersom der mangler ekstraklede. Skal barnet sove ute eller inne? Foreldre bestemmer sjølve om barnet skal sove ute i vogn eller inne i seng. De kan ha med eigen privat vogn, den står inne i dromba når den ikkje er i bruk. De må gjerne låne vogn av barnehagen, de må sjølv ha med vognpose. Dette avtaler de nærmare med personalet. Sikkerheit i barnehagen, i bil og i bassenget. Dette er svært viktig for oss at me er oppdaterte og har gode planar. Dette treng me for å vere godt førebudde for å forhindre ulykker eller handle rett om der skulle skje noko. Alle tilsette har årleg førstehjelpskurs. Me gjennomfører dette kurset før utgongen av september. Alle dei som er i bassenget har i tillegg eit eige livredningskurs, der teori og øving i bassenget er ein del av kurset. Me går ikkje i bassenget dersom me ikkje har nok personal. Dersom me har barna med i bil, skjer dette alltid i samtykke med foreldre. Me brukar bare godkjende barnesete og ofte spør me å få låne barnet sitt eige bilsete. Me har brannøvingar 2 gonger i året. Me har inspeksjon frå Setesdal Brannvesen kvart haust, der alt av utstyr vert sett på og praktiske ting, som om utgonger er blokkerte med møbler og anna. Me har ein kriseperm me jobbar med heile året, denne må alle lese kvart år og kjenne til dersom noko skulle skje. Me vil oppdatere lister for telefonnummer og epost adresser årleg, for å vere heilt sikre på at me kan få tak i foreldre så fort som råd. 6

Mangfald i barnehagen I Valle barnehage har me barn og foreldre med ulike nasjonalitetar. Me har ikkje vore så flinke på å få fram dette mangfaldet, men dette er noko me ynskjer å vare betre på i det kommande året. For oss handlar det om å skape rom for barnas identitet og verte kjend med de ulike nasjonalitetane og deira kulturar. Informasjonsutveksling i samband med henting. Me vil møte alle foreldre og fortelje noko frå dagen som har vori. Nokre foreldre ynskjer mykje informasjon og andre lite. Me lyt prøve å tilpasse oss det. De skal alltid få vite dersom det har skjedd noko leitt som barnet har opplevd, kanskje me tek ein telefon i forkant, dersom det ikkje passer å take det opp mens barn eller andre vaksne høyrer på. Personalet i barnehagen har ulike eigenskaper. Nokre fortel mykje på ein naturleg og levande måte, der mange detaljar er med. Nokre har kanskje ikkje det talentet med å formidle på ein slik måte, og me ber om ei viss forståing for det. Likevel, alle skal få høyre noko som barnet eller barnegruppa har vori med på og det skal kome uoppfordra frå personalet. Felles informasjon i dromba. Til venstre når de kjem inn i dromba, er der ei stor tavle der heng me opp all felles informasjon. Det kan vere middagsliste, invitasjon til nissefest, vekeplan eller andre ting det er viktig de les. Alle familiar har kvar si hylle, der me legg månadsplanar og anna informasjon, som er viktig de tek med heim og les. Gjev oss gjerne tilbakemeldingar dersom de har andre ynskjer og behov enn det me gjev dykk tilbod om. 7