Side 1 av 7 S O G N & F J O R D A N E F Y L K E S K O M M U N E K U L T U R A V D E L I N G A R A P P O R T F RÅ K U L T U R MI N N E R E GI S T R E R I N G BUS TAF ELT B1, K O LS ET, BREMANG ER GNR/ BNR 81/1 O G 16 BREMANGER KOMMUNE Foto 1 Utsyn vestover frå planområdet Besøk s adresse : Postadresse : E - post: post@sfj.no Kultur: Storehagen 1 B, Førde Askedalen 2 Heimeside: Næring: Fylkeshuset, Leikanger 6863 LEIKAN GER www.sfj.no Telefon: 57638000 Bankgiro: 4212 02 02000 Org.nr : N O 941 388 841 M VA
Side 2 av 7 Kommune: Bremanger Gardsnamn: Kolset Gnr/Bnr: 86/1 og 16 Tiltakshavar: Adresse: Bremanger kommune Postboks 104, 6721 Svelgen Namn på sak: Bustadfelt B1, Kolset Saksnummer: 15/10758 Prosjektnummer: Registrering utført: 13.07.2016 Ved: Lars Jølle Berge, Karoline Hareide Breivik Rapport utført: 22.08.2016 Ved: Lars Jølle Berge Automatisk freda kulturminne i området: Nyare tids kulturminne i området: Askeladden id SAMANDRAG I samband med kulturminneregistreringa av Kolset i Bremanger vart det ikkje gjort funn av automatisk freda kulturminne eller indikasjonar på slike. Planområdet vart undersøkt ved overflateregistrering supplert med graving av prøvestikk, der det primært vart leita etter spor frå steinalderen. Det vart også leita etter kulturminne som har samanheng utnytting av utmarksressursar i etterfølgjande tidsperi odar. Ingen C14 prøver er sendt inn til datering. BAKGRUNN FOR PLANEN Sogn og Fjordane fylkeskommune ved Kulturavdelinga gjennomført ei arkeologisk registrering på Kolset i perioden 13.07.2016. Bakgrunn for registreringa er Bremanger kommune sin plan om utviding av eksisterande bustadfelt på Kolset. Registreringa vart utført for å oppfylle tiltakshavars undersøkingsplikt, jamfør 9 i lov om kulturminne.
Side 3 av 7 OMRÅDET Kolset befinn seg i det som kan reknast som «indre ytterkyst» der Frøysjøen og Nordfjorden møtast. Området framstår i dag som utmark. Det skrår ned mot sjøen i vest. Her er ein del myr og med generelt fuktig, humusrik jord, med unnatak av nokre turre kollar. Vegetasjonen består for det meste av lauvskog. Det er stadvis noko bratt. Figur 1. Lokalisering av planområdet TIDLEGARE FUNN I OMRÅDET Området ligg ikkje langt frå Skatestraumen der det er påvist ei stor mengde buplassar og aktivitetsstader frå steinalderen. Ein buplass frå yngre steinalder er registrert direkte vest, litt lengre ned mot sjøen for planområdet og delvis innanfor planområdet. Helleristningsfeltet i Vingen er også av stor interesse med tanke på det lokale kulturlandskapet. I samband med planarb eidet for Bremanger 2 sambandet, gjennomførte fylkeskommunen arkeologiske registreringar på Kolset. Det vart påvist fem funnførande område frå yngre steinalder. Desse områda vart seinare nærare undersøkt ved utgraving av Bergen museum. Fredinga av desse fu nnførande områda er oppheva. Funnstadene har Askeladden id. nr. 111177, 111206, 111207, 111208, 111209. Funnstandener avmerka på kartet fig. 2. Buplassaner i hovudsak frå nyare steinalder.
Side 4 av 7 STRATEGI OG METODE Figur 2 Oversyn over prøvestikk DELTAKARAR OG TIDSROM Arkeologane Lars Jølle Berge og Karoline Hareide Breivik gjennomførte undersøkinga 13.07.2016. To dagsverk vart nytta i felt og fire timar er nytta på etterarbeid. STRATEGI OG METODE Planområdet vart undersøk t med overflateregistrering og prøvestikking. Ved overflateregistreringa vart det primært sett etter kulturminne med synleg markering på markoverflata. Ti prøvestikk vart målt inn, samtlege var negative. Der grunnen var turr og hensiktsmessig å undersø ke grundig, vart prøvestikka målt inn med GPS. Dei stadane prøvestikka var vasstrukne med lite potensiale, vart dei ikkje undersøkt nærmare og heller ikkje målt inn. Det vart ikkje gjort prøvestikk i direkte nærleik til den registrerte buplassen. Der kor g runnen var turr, besto undergrunnen av grå grus nokre stadar. Andre stadar besto den av oransje flygesand. RESULTAT AUTOMATISK FREDA KUL TURMINNE Det vart ikkje gjort funn av automatisk freda kulturminne i dette planområdet, verken funnførande område frå s teinalderen eller kulturminne som har samanheng med utnytting av utmarksressursar i jarnalder og mellomalder. Det vart heller ikkje påvist viktige kulturminne frå nyare tid.
Side 5 av 7 KONKLUSJON Det vart ikkje funne korkje nyare tids eller automatisk freda kulturminne under denne registreringa. STAD 22.08.2016... Lars Jølle Berge... Feltleiar Vedlegg: Vedlegg 5. Fotoliste Vedlegg 6. Foto VEDLEGG 5: FOTOLISTE Nr. Motiv Retning Dato Fotograf 1 Utsyn frå planområdet V 13.07.2016 KHB 2 Sørleg del av planområdet N 13.07.2016 KHB
VE D LE GG 6: F O TO Side 6 av 7
Side 7 av 7