SØKNADSSKJEMA Den kulturelle spaserstokken 2017 Frist til Sogn og Fjordane fylkeskommune: 15. mai 2016 Skjemaet sendast til postmottak.kultur@sfj.no Skriv: Søknad- DKSS Sogn og Fjordane fylkeskommune, Kulturavdelinga, postboks 173, 6801 Førde Spørsmål kan rettast til: jorunn.bakke.nydal@sfj.no Tlf. 57638000 SØKNAD FRÅ: Søknadsskjema for Den kulturelle spaserstokken; felta skal fyllast ut med kontaktinformasjon. Tiltaka vert skilde frå kvarandre ved at dei vert gjort greie for i kvar sin tabell. Skjemaet skal ikkje konverteras til PDF-format. 1 Søkjarkommune Organisasjonsnummer Ansvarlig etat/avdeling SELJE Samarbeid med EID og VÅGSØY 981 645 928 Postadresse Post nr. Stad Kommunehuset 6740 Selje 2 Eventuelt samarbeid med andre kommunar Musikk-kaféen er eit tverrkommunalt pilotprosjekt for Eid, Vågsøy og Selje kommune 3 Kontaktperson Svein Barmen 4 Telefon 5 E-post 578 58500*/ 979 90421 svein.barmen@selje.kommune.no Kontonummer for evnt. utbetaling 3845 07 10021 Samla søknadssum for alle tiltaka: Kr. 464.100 Side 1 av 5
Dokumentet lagrast i dette formatet ikkje PDF. TILTAK I PRIORITERT REKKEFYLJE Tiltak 1 Namn på tiltak: Musikk-kafé, vekeviss song- og musikktrivsel for eldre på institusjon i Eid, Vågsøy og Selje kommune 6 Målgruppe Alle eldre på omsorgsinstitusjonar Eid, Vågsøy og Selje kommune dvs. sjukeheimar, eldretun, eldreboliger og dagopphald etc. Sjå vedlegg 1. 7 Talet på arrangement/tiltak 300 arrangement. Musikk-kafe arrangerast 2 stadar per formidlingsdag,15 formidlingsdagar per månad. Gjennomførast 10 månader per år fordelt på dei 10 institusjonane i dei 3 kommunene. 8 Forventa tal på deltakarar 339 brukarar, herav Eid: 102, Vågsøy 155, Selje: 82. I tillegg vil heimebuande eldre bli invitert. Sjå vedlegg 1. 9 Kultursjanger/ tema Jazz/ vise/ pop/ folketonar/ nyskreven musikk fortrinnsvis på dialekt/ nynorsk. Historier og musikalsk aktivisering 10 Arena 9 institusjonar her eigna samlingsstadar. Ved Selstadgården ynskjer ein å nytte det nye bibliotek for å auke kapasiteten. Sjå vedlegg 1. 11 Søknadssum 464.100 - Hovedmusikar: 150 formidlingsdagar á 2.730.-, = 409.500,- Kvartalsvis gjesteartist: 20 formidlingsdagar á 2.730,- = 54.600,- (Honorar er sett ca 1000,- lavare enn tariff til utøvarar i den kulturelle skolesekken.) 12 Anna(n) finansiering/stønad til tiltaket. Dato for oppstart av tiltaket/aktiviteten_ Varigheit? Det er mange kostnader som denne søknaden ikke dekker. Se punkt 14.Det vil bli søkt om midlar frå institusjonane, besøksvenner, frivillige organisasjonar og bedrifter til dette. Vi ynskjer også å invitere til crowdfunding i kommunen. Oppstart og varigheit : Frå januar til desember 2017. 13 Eventuelle vedlegg Vedlegg 1: Oversikt over konsertstadar og dei som får tilbodet Vedelgg 2: a. Beskriving om det interkommunale samarbeidet, gjennomføring b. Meir enn ein rapport - ein konseptmal til andre kommune som vil tilby det same 14 Anna/merknader Denne søknadssummen gjelder kun honorar for formidlingsdagen. Iom. at nye songar skal framførast kvar veke vert andre instanser søkt å bidra til finansiering av kostnader i samband med repertoarutvikling, øvings- og administrasjonsdagar. I tillegg må ein søkje stønad til dekking av køyregodtgjersle, instrument/lydutstyrsforsikringar og TONO-avgift, m.m. 15 Skildring ( maks 1000 teikn) Side 2 av 5
Musikk-kafé er eit kulturtilbod til eldre på institusjon i Eid, Vågsøy og Selje. Målsetjinga er å auke opplevd livskvalitet gjennom sosiale og stimulerande kulturopplevingar som eldre kan sjå fram til. Ein fast profesjonell musikar besøker institusjonen kvar/annakvar veke. Utøvaren ein tenkjer å bruke har både utøvande og sosialpedagogisk musikkutdanning frå Norges Musikkhøgskule, ei utdanning meint for denne type musikkformidling. Kvartalsvis toppar ein konserten med ein gjesteartist. Programmet varer i 45-60 min og er ei triveleg blanding av konserterande framføringar, ynskjekonsert og allsong, småhistorier og musikalske aktiviseringar. Musikk-kaféen si form er utvikla med naturleg omsyn til eldre med kognitiv svikt. Dvs. hyppige kortare konsertar, ein fast utøvar som brukarane vert kjend med, ein kontaktsøkjande formidlingsstil, faste postar i programmet og eit skreddersydd repertoar med mest kjent og litt nytt materiell kvar gong. For å styrke sosialisering vert heimebuande, pårørande og besøksvener invitert ettersom personalet tilrår. VEDLEGG 1, Oversikt over konsertstadar og tal på dei som får tilbodet. i EID KOMMUNE - 102 brukarar + heimebuande eldre i nærleiken av eldretunet Eid Sjukeheim inkl. dagsenter 63 brukarar, herav 39 på institisjon, 23 brukarar på dagopphald og 8 brukarar i omsorgsbustadar. Eid Eldretun 39 brukarar, herav 24 buande på tunet og 15 i omsorgsbustadar. i VÅGSØY KOMMUNE - 155 brukarar + heimebuande eldre i Måløy Kulatoppen Omsorgssenter 67 brukarar, herav 44 på sjukeheimens 5 avdelingar og 23 i omsorgsboligar med bemanning. Bryggja Omsorgssenter 16 brukarar Skaretunet / Vågsøy Omsorgssenter 56 brukarar, herav 8 på Skaretun II med bemanning, 19 i omsorgsbustader med bemanning, 49 omsorgsbustader/ kommunale bustader med hjemmehjelp etter behov. Selstadgården Eldreboliger 16 eldreboliger Her ynskjer vi å nytte nyåpna Vågsøy Bibliotek som konsertstad, då Selstadgården har ei litt for lita fellesstove til at andre heimebuande kan bli invitert. Biblioteket ligg rett ved Selstadgården og er i så måte ein god samlingsstad. Dette må avklarast med leiinga ved biblioteket nærmare. i SELJE KOMMUNE - 82 brukarar + heimebuande eldre i nærleiken av eldretuna Flatraket Eldretun 8 brukarer. Eldretunet har fleire heimebuande det er naturleg å invitere. Side 3 av 5
Stadt Eldretun 14 brukarar. Selje Eldretun 12 brukarar. Selje Sjukeheim 48 brukarar, herav 32 fordelt mellom korttids- og rehabiliteringsplassar, langtidsplassar og dementavdeling, 16 er tilknytta tryggleiksavdelinga VEDLEGG 2, a. Beskriving om det interkommunale samarbeidet, gjennomføring. Svein Barmen v/ Selje kommune står som hovedkoordinator for tiltaket. Selje kommune v/ Svein Barmen vil vere kommunene sin hovedkoordinator for tiltaket og ta seg av det som har med økonomi og rapportering av tiltaket. Utbetalinga skjer til Selje kommune, slik at utøvaren kan forholde seg til ein kontaktperson. Utøvaren har ansvar for det løpande administrative arbeidet ifm. gjennomføring og rapportering av prosjektet, innrapporering til TONO, herunder den daglege kontakten med konsertstadane, besøksgrupper etc., utvikling av markedsmateriell i form av programoversikt/invitasjonar som kan delast ut av helsepersonalet eller brukarane til pårørande og andre heimebuande eldre, pressemeldingar etc. Musikk-kafe arrangerast 2 stadar per formidlingsdag Ein planlegg 15 formidlingsdagar og 5 dagar til øving og administrasjon per månad. Gjennomførast 10 månader per år fordelt på dei 10 institusjonane i dei 3 kommunene. Sjå vedlegg 1 for institusjonsoversikt. Å være så sjølvstedig som ein er som utøvar i dette prosjektet kan by på arbeidsmiljømessige utfordringar. Repertoaret skal bestå av nye songar kvar veke sjølv om delar er faste postar med dei same songane. I tillegg er turnering og rigging fysisk slitsomt. Det er også ein jobb som krever ein del koordinering med 10 ulike institusjonar. Det er viktig at utøvaren gjennom året får nok tid til administrasjon, øving og repertoarutvikling, samt at teknikk og fysikk må haldast ved like. Ein har derfor sett av tid tilsvarande 5 arbeidsdagar per månad til dette. Det forenkler også koordineringa av konsertdagar. Side 4 av 5
b. Meir enn ein rapport - ei konseptmal til hjelp for andre kommuner som vil tilby det same Ein ynskjer å sjå på Musikk-kafeen som eit pilotprosjekt der det blir viktig å dokumentere erfaringar. Mot slutten av året ynskjer ein å gje fylkeskommunen eit dokument som kan vere ein ressurs og oppstartshjelp til andre kommuner som også ynskjer å auke kulturtilbodet til dei eldre. Dokumentet vil innhalde forslag til budsjett og gjennomføringsplan til prosjektoppstart, sjekklister og tips til administrasjon, oversikt på repertoar til konserterande songar, allsongar og musikk-aktiviseringar, metodiske erfaringar, råd og vink til den som ynskjer å starte opp eit liknande tverrkommunalt musikktilbud. Side 5 av 5