HANDLINGSPLAN FAIR PLAY FOTBALLSESONGEN 2015



Like dokumenter
Fair Play Handlingsplan. For MFK Bredde

FAIR PLAY HANDLINGSPLAN

MALMEFJORDEN IDRETTSLAG

Foreldremøte 3/6. Målsetning med møte Finne en organisering som motiverer alle både når det gjelder trenings omfang, kampsituasjon og ferdigheter.

Oppmannsperm. Skal innehalde alle relevante opplysningar for sesongen Rollebeskrivelse Arbeidsfordeling Alle skjema

Fair Play Permen. Hva er Fair Play? Info fra NFF side 3. Fair Play i Spjelkavik IL, lagenes oppgaver side 4

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Handlingsplan FAIR PLAY

Det handler om respekt, ikke sant? FUVO.NO. FAIR PLAY i klubben vår

Bulken IL Fotball Sportsplan 2016

Dommarpåmelding Leiar dommarkomiteen i Sogn og Fjordane

Råd og retningslinjer for barne- og ungdomsfotballen i IL Holeværingen

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Handlingsplan FAIR PLAY

HANDLINGSPLAN FAIR PLAY HOLMEN IF FOTBALL

INFORMASJON FOR OPPMENN

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Psykologisk førstehjelp i skulen

IL HARDING SESONGEN 2017

Sportsplan for Jevnaker IF Fotball

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

VEKEPLAN: TRENING - KAMP

VEL MØTT TIL ETNE CUP 2008!

Til deg som bur i fosterheim år

Glede Vi synes det er gøy å lære og det er gøy å få til det vi trener på! Vi skal ha det moro sammen, alle sammen!

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

SPORTSPLAN IL JOTUN FOTBALL

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Trenar og lagleiarmøte Informasjon og avklaringar for sesongen

Informasjon til elevane


BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Valdres vidaregåande skule

HOLDNINGSAVTALE MELLOM

FAIR PLAY - PLAN FOR IL SØYA FOTBALL Felles spilleregler det handler om RESPEKT

Oppmannsperm IL JOTUN FOTBALL

Visjon og verdiar ei blå framtid

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Retningslinjer i Kåsen IL

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

INSTRUKS FOR LAGLEDER

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Kompetanse Vegen til suksess? Anders Veibust, Berlin 2015

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Sportsplan for IL Kvernbit med hovudfokus pa barne og ungdomsfotball

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

BREIDDEREGLEMENT FOR. barnefotball ungdomsfotball vaksenfotball old boys/old girls

Jon Fosse. For seint. Libretto

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Retningslinjer barnefotball Nordre Holsnøy IL (NHIL)

Ha en begivenhetsrik dag!!! Velkommen til Bendit Cup April

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

privat eller prosjektkunde. Våre ekspeditørar har lang erfaring i bransjen. Me har òg svært dyktige handverkarar som kan hjelpe deg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE KM- ALDERSBESTEMT INNANDØRS. KM-kvalifisering for aldersfastlagde klassar februar 2015

Fair play i NFF Sogn og Fjordane

FORELDREVETT. VEILEDER n

REGLER FOR ASKER INNEBANDYKLUBB

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

PROGRAMBLAD FOR IL VALDER FOTBALL SESONGEN 2013

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

Månadsplan for Hare November

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

SFFK takkar igjen for påmeldinga, og gratulerar med avansement til sluttspelet!

mmm...med SMAK på timeplanen

Sportsplan Øystese Fotball

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

SPORTSPLAN IL Skjergard

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

LAGLEIARMANUAL FOR MINIPUTT 6-10 år SOGNDAL BREIDDEFOTBALL

Norges Bilsportforbund. Fair Race. Veivisere for: Utøvere Foreldre Funksjonærer Jury Supportere

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

Møteprotokoll for møte i

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Transkript:

Det handlar om RESPEKT, ikkje sant? HANDLINGSPLAN FAIR PLAY FOTBALLSESONGEN 2015 Utarbeida av Fair Play-utvalet i Austevoll Kommune eit samarbeid mellom Austevoll IK, Hundvåkøy IL og Selbjørn IL.

I sesongen 2011 vart det satt meir fokus på Fair Play i fotballen i Austevoll. Blant anna fekk klubbane ein Fair Play-ansvarleg. I januar 2012 var ein av dei Fair Play-ansvarlege på samling saman med andre klubbar i Hordaland Fotballkrets. Der vart det utveksla erfaringar i samband med Fair Play-arbeidet som blir gjort i kretsen vår. Då kom idèen om at det hadde vore kjekt å oppretta eit felles Fair Play-utval for dei 3 klubbane i kommunen vår. Utvalet vart etablert, og består av representantar frå Austevoll IK, Hundvåkøy IL og Selbjørn IL. I fotballsesongen 2012 satte me i gong ulike tiltak som er felles for klubbane. Me fekk to representantar frå kvar av klubbane, ein frå barnefotball og ein frå ungdomsfotball. Me satte oss felles mål og retningslinjer: *Fair Play-helsing før og etter alle kampar *Kampvert i barne- og ungdomsfotball *Haldningskontraktar for alle spelarane *Årets Fair Play-lag i Austevoll kommune *Promotera Fair Play på klubben sine nettsider *Skaffa Fair Play-sponsor Med bakgrunn i dette arbeidet, sendte me inn søknad om å bli årets Fair Play-klubb i Hordaland Fotballkrets - og me vann! Prisen for Årets Fair Play-klubb 2012 blei den 16.1. utdelt til idrettslaga Austevoll IK, Hundvåkøy IL og Selbjørn IL. Det har aldri skjedd før at tre klubbar saman har fått årets Fair Play-pris, men Selbjørn Idrettslag, Austevoll Idrettsklubb og Hundvåkøy Idrettslag har verkeleg vist korleis det skal gjerast. Dei siste åra har representantar frå Fair Play-utvalet i Austevoll kommune delteke på HFK sine Fair Play-samlingar. Denne handlingsplanen er meint å vera ein beskrivelse av korleis me skal oppnå måla me har sett oss, og på kva måte. NFF seier dette om Fair Play: Fair Play er meir enn gule og raude kort. Fair Play handlar om korleis vi oppfører oss mot kvarandre, både på og utanfor banen! NFFs hovedmål er å skape ein betre fotballaktivitet for alle medlemmer. Barn og ungdom er våre prioriterte målgrupper, men alle i fotballfamilien skal trives og ha det gøy med fotballen. Alle som har lyst til å spele fotball er velkommen og skal få eit fotballtilbod i klubben sin.

Spelar, trenar, lagleiar, dommar, føresette og publikum i fotballen har alle eit ansvar for å forsterke det gode fotballmiljøet. Alle har også eit ansvar for å endre og/eller påverke haldningar der ein opplev episodar prega av manglande respekt og toleranse. Forventningar og retningslinjer for spelarar, trenarar, lagleiarar, føresette og publikum: For spelarar Som spelar har du eit ansvar for at du oppfører deg i den rette Fair Play-ånd. Det er kanskje enkelt å seie, men kva tyder det? Fair Play tyder at du som spelar må: Ta godt vare på dine medspelarar og inkludera nye lagkameratar Unngå stygt spel og filming Skape tryggleik og god lagånd på bana Fair Play-ånden skal vekse fram ved: Å trena og spela kampar med godt humør Å behandla motstandarane med respekt Å hjelpa skadd spelar uansett lag Å takka motstandaren etter kampen Å ikkje kjefta på andre spelarar eller dommaren For trenarar og lagleiarar Trenaren er ofte den viktigaste personen for barn og unge som spelar fotball. I fotballen skal det vere rom for alle, og det er trenaren si oppgåve å skape eit miljø der alle trivst. Alle trenarar skal ha eit bevisst forhold til Fair Play og sin eigen påverknad. Som trenar og leiar har du ansvar for at spelarane har god kjennskap til reglar og retningslinjer, og at desse vert fulgt. Det er viktig at spelarane forstår: Tydinga av dommaren sin situasjon og funksjon At dommarane må ta hurtige valg og dermed umogleg kan være feilfrie At det er dommaren si avgjerd som tel, og at det er bortkasta å pådra seg straff for kjeftbruk Tydinga av å fylgje regelverket - det tener alle parter, og dermed også spelet.

For føresette og publikum Føresette, foreldre, besteforeldre og publikum elles, er ein viktig ressurs for norsk fotball. Har du tenkt over at du som publikum er med på å bidra til kva stemning og atmosfære kampen skal ha? Uansett om det gjeld kampar i toppfotballen eller breiddefotballen spelar publikum og supportarane ei viktig rolle i forhold til stemninga. Ta ansvar og tenk over fylgjande: Di interesse og oppfylgjing tyder mykje for barn og unge Likeverd, aksept og inkludering bør gjelde alle i fotballmiljøet Verdset oppleving, god oppførsel og lagånd høgt Respekter trenaren sin bruk av spelarar ikkje kritiser hans/hennar avgjerd Dommaren prøver også å gjere sitt beste ikkje kritiser hans/hennar avgjerd Resultata må ikkje bli for viktig - den enkelte spelars meistring har også stor betydning Gje oppmuntring til alle spelarane - ikkje berre dine kjende Stimuler til deltaking - utan noko form for press For fotballsesongen 2015 har Fair Play-utvalet fylgjande mål for klubbane i kommunen vår: - Fair Play-helsing før og etter alle kampar - Kampvert i barne- og ungdomsfotball og seniorfotball. - Haldningskontrakt for alle spelarar - Årets Fair Play-aktør i Austevoll kommune - Fair Play i seniorfotball - Lage skilt med tribunevettreglar - Jobbe vidare med å behalde gode rutinar for kampvertane og ta godt i mot motstandarane våre Fair Play-helsing før og etter kamp: Det skal gjennomførast Fair play-helsing både før og etter kamp. Trenar eller lagleier skal være med på Fair Play-helsing, og syrgje for at det går fint føre seg. Kampvert i barne- og ungdomsfotball Austevoll IK, Hundvåkøy IL og Selbjørn IL skal ha kampvert på alle heimekampane både i barne- og ungdomsfotball. Kampverten skal bidra til å skape gode rammer og gode

opplevingar for alle involverte i kampane. Foreldra på laget skal på rundgong vere kampvert. Kampvert skal ha på seg gul «Kampvert-vest». Kampvert i seniorfotball Austevoll IK skal ha kampvert på alle heimekampane. Kampvertens oppgåver: - Ta i mot gjestande lag og ynskje motstandar velkomen - Dommar o Ta i mot dommar o Vere ei støtte for dommar ved behov - Syrgje for gjennomføring av Fair play-helsing før og etter kamp (saman med trener/lagleiar) - Positiv oppmerksomhet mot tilskodarar og trenar - Gripe inn om naudsynt - Takke motstandar for kampen og ynskje dei velkomen tilbake - Publikum har sjølvsagt lov å heie og lage liv på tribunen, men det skal berre seiast positive ord. Og hugs at det er trenaren som skal dirigere laget! Lagleiars oppgåver: - Før heimekamp: Sende e-post, SMS eller ringje og ynskje laget velkomen til Austevoll og vår bane. Informere dei om dommar, kvar bana ligg og gjerne om ferjeruter. Me ynskjer at laga som kjem til Austevoll skal føla seg velkomen! Haldningskontrakt: Fair Play utvalet har satt som mål at alle spelarar og trenarar skal signere laghaldningskontrakt eller haldningskontrakt for kvar enkelt spelar. Klubbens FP-ansvarleg skal ha ein kopi av kontraktane. Fotballen er i utgangspunktet regulert av spelereglane. Men spelarane, spesielt barn og unge, treng også retningslinjer for korleis dei skal halde seg til dei andre spelarane, til trenaren, dommaren, laget og klubben. Dei fleste barn og unge set faktisk pris på at det vert sett klare grenser - det gjer det enklare for dei å innfri forventningane. Fair Play-kontrakten er utarbeida av Norsk Tipping og NFF. Det er laga ein rubrikk der laga i tillegg kan lage sine eigne reglar. Årets Fair Play-lag i Austevoll Kommune

Når sesongen nærmar seg slutten, vil me som tidlegare, kåre Årets Fair Play-lag i Austevoll. Alle laga i dei 3 klubbane våre er med i konkurransen. Premien går til det laget som har vist best haldning på og utanfor fotballbana i løpet av sesongen. Trenarar, foreldre og andre kan sende inn forslag om kven dei meiner skal bli Årets Fair-Play lag. Dei må då grunngje kvifor akkurat dette laget bør få tittelen. I 2014 valde me å gje prisen til ein enkeltperson, som er både trenar og spelar i kommunen. Promotere Fair Play på klubbane sine nettsider Nokre av klubbane har nettsider. Her vil me forsøke å få Fair Play med. Målet er at handlingsplanen, haldningskontrakten og anna informasjon skal være lett tilgjengeleg på nettsidene. Flott dersom me kan få Fair Play-logoen med, på den måten viser me at klubbane våre satser på Fair Play! Fair Play utvalet: Margareth Møgster Irene Waage Hilde Elisabeth Økland Rune Otterlei Janne Hagen Carina Hagen -AIK margareth.moegster@imr.no -AIK maurtuo@lysglimt.net -HIL hibeth@lysglimt.net -HIL rune.otterlei@lysglimt.net -SIL janne.hagen@ebru.no -SIL carhag@hotmail.com Foreldrevettreglar: Som føresette og foreldre kan du bidra til å gjere barnefotballen til ei oppleving for barna:

1. Møt fram til kamp og trening - barna ynskjer det 2. Gje oppmuntring til alle spelarane under kampen - ikkje berre dine kjende 3. Oppmuntre i medgong og motgong - ikkje gje kritikk 4. Respekter trenarens bruk av spelarar - ikkje forsøk å påverke han/henne under kampen 5. Sjå på dommaren som vegleiar - ikkje kritiser hans/hennar avgjerd 6. Stimuler og oppmuntre ditt barn til å delta - ikkje press det 7. Spør om kampen var morosam og spanande - ikkje berre om resultat 8. Sørg for rett og fornuftig utstyr - ikkje overdriv 9. Vis respekt for arbeidet klubben gjer - ta initiativ til årleg foreldremøte for å avklare haldningar og ambisjonar 10. Tenk på at det er ditt barn som spelar fotball - ikkje du

LAG-HALDNINGSKONTRAKT SIL, HIL, AIK barnefotball 6-12 år. Fair Play handlar om korleis me oppfører oss mot kvarandre, både på og utanfor bana! Det handlar om RESPEKT, ikkje sant? Rollemodell - me fylgjer spelet sine reglar, og vil vere rollemodellar i klubben vår. Engasjement- me gjer vårt beste. Samhald - på vårt lag tar me vare på kvarandre. Positiv - me oppfører oss positivt. Entusiasme - me bidrar til eit godt miljø. Klubben - me vil representera klubben vår på ein god måte. Tillit - på vårt lag kan me stole på og stiller opp for kvarandre Lag: Spelarar i AIK, HIL,SIL fotball skal: Alle på laget vårt skal vere snille med kvarandre og snakke fint til kvarandre! Presis Motivert, Engasjert og Interessert Meld frå ved forfall Fair Play!! NB: Språkbruk! Vårt lag sine eigne reglar: Dato:. Trenarar i AIK, HIL & SIL fotball skal: Vera gode forbilder og trygge vaksne. Presis Motivert, Engasjert og Interessert Meld frå ved forfall Fair Play!! NB: Språkbruk! 2015 Underskrift trenar og spelarar:

HALDNINGSKONTRAKT SIL, HIL, AIK ungdom 13-19 år. Fair Play handlar om korleis me oppfører oss mot kvarandre, både på og utanfor bana! Det handlar om RESPEKT, ikkje sant? Rollemodell - eg fylgjer spelet sine reglar, og vil vere ein rollemodell i klubben min. Engasjement- eg gjer mitt beste. Samhald - på mitt lag tar me vare på kvarandre. Positiv - eg oppfører meg positivt. Entusiasme - eg bidrar til eit godt miljø. Klubben - eg vil representera klubben min på ein god måte. Tillit - på mitt lag kan me stole på og stiller opp for kvarandre Lag: Spelarar i AIK, HIL,SIL fotball skal: Vera gode forbilder for yngre spelarar. Trenarar i AIK, HIL & SIL fotball skal: Vera gode forbilder og trygge vaksne. Presis Motivert, Engasjert og Interessert Meld frå ved forfall Fair Play!! NB: Språkbruk! Presis Motivert, Engasjert og Interessert Meld frå ved forfall Fair Play!! NB: Språkbruk! 2015 Spelar Føresatt Trenar

LAG-HALDNINGSKONTRAKT SIL, HIL, AIK ungdom 13-19 år. Fair Play handlar om korleis me oppfører oss mot kvarandre, både på og utanfor bana! Det handlar om RESPEKT, ikkje sant? Rollemodell - eg fylgjer spelet sine reglar, og vil vere ein rollemodell i klubben min. Engasjement- eg gjer mitt beste. Samhald - på mitt lag tar me vare på kvarandre. Positiv - eg oppfører meg positivt. Entusiasme - eg bidrar til eit godt miljø. Klubben - eg vil representera klubben min på ein god måte. Tillit - på mitt lag kan me stole på og stiller opp for kvarandre Lag: Spelarar i AIK, HIL,SIL fotball skal: Vera gode forbilder for yngre spelarar Presis Motivert, Engasjert og Interessert Meld frå ved forfall Fair Play!! NB: Språkbruk! Dato:. Trenarar i AIK, HIL & SIL fotball skal: Vera gode forbilder og trygge vaksne. Presis Motivert, Engasjert og Interessert Meld frå ved forfall Fair Play!! NB: Språkbruk! Vårt lag sine eigne reglar: 2015 Underskrift trenar og spelarar:

LAG-HALDNINGSKONTRAKT AIK seniorfotball Fair Play handlar om korleis me oppfører oss mot kvarandre, både på og utanfor bana! Det handlar om RESPEKT, ikkje sant? Rollemodell - eg fylgjer spelet sine reglar, og vil vere ein rollemodell i klubben min. Engasjement- eg gjer mitt beste. Samhald - på mitt lag tar me vare på kvarandre. Positiv - eg oppfører meg positivt. Entusiasme - eg bidrar til eit godt miljø. Klubben - eg vil representera klubben min på ein god måte. Tillit - på mitt lag kan me stole på og stiller opp for kvarandre Lag: Spelarar i AIK fotball skal: Gode forbilder for yngre spelarar Presis Motivert, Engasjert og Interessert Meld frå ved forfall Fair Play!! NB: Språkbruk! Dato: Trenarar i AIK fotball skal: Vera gode forbilder og trygge vaksne. Presis Motivert, Engasjert og Interessert Meld frå ved forfall Fair Play!! NB: Språkbruk! Vårt lag sine eigne regler: 2015 Underskrift trenar og spelarar:

KAMPVERT I BARNE- OG UNGDOMSFOTBALL 2015 INFORMASJON TIL TRENARAR/ FORELDRE Mål: Det skal vere ein kampvert på klubbane sine heimekamper i barne- og ungdomsfotball. Kven skal være kampvert? Foreldra skal på rundgong vere kampvert under heimekampene i sesongen. Dette kan skrivast opp på same liste som køyrelista. Kva blir oppgåvene til kampverten? - Ta i mot gjestande lag og ynskje motstandar velkomen - Dommar o Ta i mot dommar o Vere ei støtte for dommar ved behov - Syrgje for gjennomføring av Fair play-helsing før og etter kamp - Positiv oppmerksomhet mot tilskodarar og trenarar - Gripe inn om naudsynt - Takke motstandar for kampen og ynskje velkomen tilbake Utstyr? Kampvert-vestar i lagbagen. Trenar/ lagleiar har ansvar for at den blir brukt og tatt godt vare på under fotballsesongen. Publikum Det er sjølvsagt lov å heie og lage liv under kampane, me skal ikkje drepe engasjementet! Men hugs på at det er trenaren som skal styre laget. LYKKE TIL! Venleg helsing Fair Play-utvalet i Austevoll kommune.

Det handlar om RESPEKT, ikkje sant?