Masfjordingen. Velkomen til påskekonsert... Nr.2-2015 Påskenummer



Like dokumenter
Møteprotokoll for møte i

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Brødsbrytelsen - Nattverden

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

S.f.faste Joh Familiemesse

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Ordning for dåp i hovudgudstenesta

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Månadsbrev for Rosa september 2014

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Velkomen som konfirmant!

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Velkomen som konfirmant

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Til deg som bur i fosterheim år

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

I dag er starten på resten av K15. Ei helsing til deg på konfirmasjonsdagen. - dagen. trus pplæringsdagen i Fjell

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste

el møtt til L = Liturg ML = Medliturg K = Kyrkjelyd Salmenumra heng på veggen Tingnes kirke Strand kirke Skrautvål kyrkje Aurdal kirke Ulnes kyrkje

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

ORDNING FOR KONFIRMASJON

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.


Jon Fosse. For seint. Libretto

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Opplegg for ei samling i kyrkjerommet, gjerne før utdeling av Skatten i Liljedal av Runar Bang

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

/

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Sandeid skule SFO Årsplan

BREV I BIBELEN Av Marit og Preben

Kva seier bibelen om dåp? Ein presentasjon utarbeida av Styret for Holdhus Kristne Forsamling September

Gud, vi er komne inn i ditt heilage hus for å ta imot det du vil gje oss. Lat no opp hjarta våre, så vi kan fornyast i trua på deg. Amen.

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 3. Forenkla gudsteneste med nattverd

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Kvardagsmesse. Kapellet, Domus Theologica. Samling Inngangssalme. Alle står.

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Da psbrosjyre ver nov :03:33

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Mos.25:23-30, 3.Mos. 24:5-9 Av akasietre. Kledd med gull. Berestenger Fat, skåler, kanner og beger av gull.

Innsetjing av forstandar og/eller eldste som er ordinert

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, Våren 2015

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

VIGSEL. 3. Handlinga skjer i kyrkja eller ein annan gudstenestestad som etter avgjerd av biskopen kan brukast til vigsel.

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 1. Gudsteneste med nattverd (høgmesse)

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER


Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Plassebakken Barnehage

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Jesus taler om sin død

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

6. trinn. Veke 24 Navn:

Plassebakken Barnehage

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Tema: Vegen, sanninga og livet. Han som veit alt om meg og som er glad i meg - han vil eg fylgje! GLYTTEN

Den vesle katekisma FYRSTE DELEN DEI TI BODA. Med nokre forklaringar som gjer oss betre kjende med Guds vilje.

Månadsplan for Hare November

Brukarrettleiing E-post lesar

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

Velkomen til soknerådskurs

No sprett knuppane og sevja stig

Bjellandsvegen 51. Tlf Me er også å finna på Facebook.

Transkript:

Masfjordingen Nr.2-2015 Påskenummer Meldingsblad for Masfjorden kommune og Frøyset, Sandnes og Solheim sokn Det er ingen tvil lenger : Våren er komen, og snart er det påske. Velkomen til påskekonsert...... i Sandnes kyrkje søndag 29.mars kl. 19.00 med Marina Kan Selvik, piano Marina bur i Brekke og har etablert ein spanande karriere som profesjonell pianist. Ho vert sett på som ein av dei mest lovande unge pianistane i Skandinavia og har vunne ei rekkje store prisar for sitt eminente pianospel. Velkommen til ei stor musikkoppleving! Entre 150. Born i grunnskulealder gratis Side 1

Gudstenester Sjå også www.masfjorden.kyrkja.no 9.mars Palmesøndag. Matt 26,6-13 Granneheimen 11.00: Gudsteneste v/ til Den norske Israelsmisjon. 2.april Skjærtorsdag. Luk 22,14-23 Fjon Fjellkyrkje 16.30: Gudsteneste v/ til Fjon Fjellkyrkje 3.april Langfredag. Matt 26,30-27,50 Frøyset kyrkje 11.00: Gudsteneste v/ til Den norske Israelsmisjon. 5.april Påskedag Matt 28,1-10 Sandnes kyrkje 11.00: Gudsteneste v/ til Nordhordland Indremisjon. 6.april 2.påskedag Joh 20,11-18 Solheim kyrkje 11.00: Gudsteneste v/ til Kristen Idrettskontakt (KRIK). 19.april 3.søndag i påsketida. Mark 6,30-44 Solheim kyrkje 11.00: Gudsteneste v/ til Children at Risk Foundation. Sandnes kyrkje 17.30: Gudsteneste v/ Knut Fr. Sørheim. Temagudsteneste ved konfirmantane. Takkoffer til fasteinnsamlinga/kirkens nødhjelp. Døypte : 26.april 4.søndag i påsketida. Jes 43,16-21 Frøyset kyrkje 11.00: Konfirmasjonsgudsteneste v/ Knut Fr. Sørheim. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. 3.mai 5.søndag i påsketida. Luk 13,18 21 Sandnes kyrkje 11.00: Konfirmasjonsgudsteneste v/ Knut Fr. Sørheim. Takkoffer til Fjon Fjellkyrkje. 10.mai 6.søndag i påsketida. Matt 7,7 12 Solheim kyrkje 11.00: Konfirmasjonsgudsteneste v/ Knut Fr. Sørheim. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. 14.mai Kristi himmelfartsdag. Luk 24,46-53 Frøyset kyrkje 11.00: Gudsteneste v/ til Fjon Fjellkyrkje. 17.mai Grunnlovsdag. Matt 22,17-22 Masfjorden sjukeheim 10.30: Festsamling. Takkoffer til Frelsesarméen Solheim kyrkje 10.00: Festgudsteneste v/ Knut Fr. Sørheim. Takkoffer til Redd Barna. Sandnes kyrkje 11.45: Festgudsteneste v/ Knut Fr. Sørheim. Takkoffer til Det Norske Bibelselskap Bibelmisjon 24.mai Pinsedag Joh 14,15-21 Sandnes kyrkje 11.00: Gudsteneste v/ til kyrkjelydsarbeidet. 25.mai 2.pinsedag. Joh 7,37-39 Stølsmesse 12.00 ved Knut Fr. Sørheim. 31.mai Treeiningssøndagen. Luk 10,21-24 Fjon Fjellkyrkje 11.00: Gudsteneste v/ Knut Fr. Sørheim. Takkoffer til Nordhordland Indremisjon. I samband med helgeleir for Haugsvær Yngres. Granneheimen 17.00: Gudsteneste v/ Knut Fr. Sørheim. Takkoffer til Kirkens Bymisjon. 7.juni 2.søndag i treeiningstida. Salme 67,2-6 Frøyset kyrkje 11.00: Gudsteneste v/ til Kristen Idrettskontakt (KRIK). 21.juni 4.søndag i treeiningstida. Matt 16,24-27 Solheim kyrkje 11.00: Gudsteneste v/ til Fjon Fjellkyrkje. Kyrkjeskyss Når ei gudsteneste i lista er merka med (Kyrkjeskyss), er det mogeleg å tinga skyss. For å tinga skyss, må ein seinast (laur)dagen før ringa tlf som er oppgjeven for kvart sokn. Prisen er kr 50,- tur/retur. Sandnes sokn: Ring Harald Mjanger Tlf 56 36 55 49 / 478 88 857 eller Magne Andvik Tlf 56 36 51 13 / 908 97 721 Solheim sokn: Ring Lise Dyrhovden Tlf 56 36 72 57 Frøyset kyrkje: Ring Harald / Olga Birkeland Tlf 56 36 71 10. 11.01 Ivar Elias Kvingedal Gry Helen Hope Kvingedal og Roald Kvingedal Fadrar: Eli Marie Kjelstad, Kjerst Andvik, Merethe Engelsen, Morten Higdem 18.01 Marita Birkeland Smelvær Heidi Jorunn Birkeland og Øyvind Smelvær Fadrar: Terje Birkeland, Lillian Smelvær Olstad 15.03 Ingeborg Sleire Tine Solberg Kristiansen og Morten Sleire Fadrar: Mary Anne Solberg, Sander Sleire Daae, Aina Sleire, Robert Kristiansen. 15.03 Bertin Rye Borge Ingelin Charlotte Rye Borge og Thomas Borge Fadrar: Inge Borge, Robert Borge, Daniel Borge, Vivian Våge, Odd Rune Våge. Saman med kyrkjelyden vår og heile kyrkja har de fått del i eit heilagt ansvar: Å visa omsorg for borna, be for dei, læra dei sjølve å be og hjelpa dei å bruka Guds ord og delta i den heilage nattverden, så dei kan leva og veksa i den kristne trua. Side 2

Påske Påskepynt, påskegodt, påskeegg, påskeferie, kanskje sol og snø? Dette kosar vi oss med i påska. Men påske er meir. Jesus er hovudpersonen. Vi feirar påske for å minnast det Jesus gjorde for å frelsa oss menneske. Minnast hans lidelse, død og oppstode. Julenatta fekk gjetarane på Betlehemsmarka englebesøk som fortalde gledesbodet om Frelsaren som var fødd. Jesus, Frelsaren, som Gud hadde lova å senda. No var han komen. Jesus visste at hans viktigaste oppgåve her på jorda var å frelsa oss menneske frå syndene våre. Han visste tidspunktet og måten det skulle skje på, han visste at han måtte dø på korset. Han var villig å gjera dette for oss. Den påskehelga som då nærma seg, sa Jesus til læresveinane sine: Sjå vi går opp til Jerusalem og alt som profetane har skrive om menneskesonen skal verta oppfylt. Gud hadde fortalt om frelsesplanen sin. Langfredag døde Jesus på korset på Golgata. Han blei lagt i ei grav. Men det skjedde meir. Påskemorgon stod han opp igjen. korset er tomt, grava er tom. Jesus stod opp og han lever. Gud er glad i alle menneske. Det viste han ved å senda Jesus til oss. I dette er kjærleiken, ikkje at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt sonen sin til soning for syndene våre. Det er eit songvers, faktisk eit julevers, som eg er ekstra glad i. Eg les det for meg sjølv og andre heile året: Fra krybben til korset gikk veien for deg, slik åpnet du porten til himlen for meg. Velsign oss, vær med oss, gi lys på vår vei, så alle kan samles i himlen hos deg. Eg ynskjer alle ei velsigna påskehelg. Reidun Skurtveit, som har skrive påskeandakten, er tilsett i Nordhordland Indremisjon. Me takkar Reidun for påskeandakten til oss i Masfjordingen. Påskesalmen: Guds kyrkje, syng kring vide jord Påskesalmen vi har valgt, er skriven av ein av dei store salmediktarane på reformasjonstida, Michael Weisse (1488-1534). I 1531 gav Weisse ut den første tyskspråklege salmeboka, der han sjølv hadde skrive eller omarbeidd 137 av dei 157 salmane. Berre ein har nådd heilt fram til vår nyaste salmebok, og står på nr 169 ein majestetisk salme med oppmoding om å syngje ut den veldige bodskapen om Jesu Reidun Skurtveit siger og oppstode. Salmen er omsett til nynorsk av Alfred Hauge etter først å ha blitt bearbeida av den engelske salmediktaren, forfattar og prest, Cyril A. Alington (1872-1955). Melodien er skriven av ein av dei store musikarar som levde rundt hundre år seinare enn Weisse, Melchior Vulpius (ca 1560-1615), den same som også har skrive melodien vi nyttar til Fagert er landet Guds kyrkje, syng kring vide jord: Sjå, siger vann vår konge stor. Gled dykk ved dette signa ord! Halleluja, halleluja, halleluja! Mot livsens helt, som ris or grav, vår lovsong stig som brus av hav: Pris han som evig fridom gav! Halleluja, halleluja, halleluja! I jubel hjarto takkar han som sleit med velde Satans band og vart oss liv i dødens land: Halleluja, halleluja, halleluja! Avlidne 13.12 Einå Helmut Lahti f.1918 31.12 Hans Henrik Daae f.1942 18.01 Norlaug Trodal f.1938 30.01 Liv Alvhilda Kvinge f.1931 Vårfest på Fjon fjellkyrkje Til samstemt kvad vi strengen slår: Deg vere ære, Frelsar vår! Mot paradis di heimferd går. Halleluja, halleluja, halleluja! Eg er oppstoda og livet, seier Herren. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr. Og kvar den som trur på meg, skal i all æva ikkje døy. I mange år har Indremisjonen i Masfjorden arrangert vårfest første søndag etter påske. I år vert vårfesta søndag 12.april kl. 17.00. Lars Arne Markus som i mange år var lærar på folkehøgskulen på Frekhaug, vert med som talar og eit kor frå Meland vert med og syng. Det vert servert ettermiddagskaffi og kaker. Alle er sjølvsagt velkomne til å vera med på vårfesta 12.april. Side 3

Måtte Jesus døy? Om det verkeleg er slik som vi trur at Jesus var Guds Son, komen frå Gud slik vi jo faktisk trur så var det ikkje slik at Jesus måtte døy. Som Guds Son og menneske utan synd, kunne han venda attende til himmelen utan å døy. Men Jesus hadde fått eit oppdrag å fri oss menneske frå døden si makt. Difor måtte han døy. Hans oppdrag var å gå inn under vår død, og døy vår død. Om vi tek Jesu ord på alvor, ser vi dette fleire gonger, og nemner to. Då Jesus ba i Getsemanehagen natta før han vart arrestert, ba han i angst om å sleppe det som venta han om det var mogeleg men likevel ikkje som han ville, men som Gud ville. Med andre ord: Når han ikkje kunne sleppe, var det fordi Gud ville det akkurat slik: Han måtte bere døden. Og berre nokre dagar før dette, sto Jesus saman med mange menneske på tempelplassen i Jerusalem då han sa desse orda: Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, blir det verande berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde No er sjela mi fylt av angst. Men skal eg så seia: Far, frels meg frå denne timen? Nei, til denne timen skulle eg koma. Joh 12,24 og 27 Kvifor måtte Jesus døy? Korleis kan hans død vere til berging for oss menneske? Eg vil prøve å nytte eit enkelt bilde. Vi har som mange andre flytta frå bustad til bustad ein rekke gonger. Kvar gong har det vore slik at det siste vi måtte gjere før vi forlet bustaden der vi hadde budd, var å gjere skikkeleg reint, slik at det var klart for nye bebuarar. Slik er det på eit vis med oss, med livet og med himmelen også. Dersom vi skal leve eit liv nær Gud, no og ein gong i hans fullkomne himmel, må våre liv gjerast reine, slik at Gud kan bu i oss. Utan at vi er gjort reine, er våre liv fylte av vår eiga synd. Framtida for all synd, er døden. Då Jesus døydde bar han, den syndfrie, - han som har gjeve oss alle liv, all vår synd i døden for oss. Slik har han gjort det mogeleg for oss å få våre liv reinsa ved hans tilgjeving, slik at Gud ved Den Heilage Ande kan bu i våre liv. No og for evig. Denne reinsinga, tilgjevinga, gjev han til kva den som trur dette, og kjem med sitt eige liv og alle nederlag og bed om hans reinsing. Det er påske. Bibel- og feriedagar Mange spør korleis det vert med «Bibel og feriedagar» til hausten. Dei som har vore med på desse samlingane, gjev uttrykk for at det har vore kjekt og ynskjer at det må verta «Bibel- og feriedagar» også denne hausten, sjølv om staben på kyrkjekontoret skiftar. Me vil invitera til samling på Fjellkyrkja 1. 4. september. Det er viktig å koma saman med andre og ha god tid til prat samstundes som me får dela tankar frå Bibel og kristenliv. Du vert altså med dette invitert til å vera med på Ferie- og Bibeldagar på Fjon Fjellkyrkje tysdag 1.sept. fredag 4.sept. Knut Sørheim har lova å vera med, no som pensjonist, men framleis leiar.me får med ein talar frå Nordhordland Indremisjon og Gunvor Fyllingsnes vert med. Heile opphaldet med hus og mat kostar 1000 kr. Det går sjølvsagt an å berre eta dei måltida du ynskjer på Fjon. Det er lurt å sikra seg plass tidleg dersom du har tankar om å vera med. Bibel- og feriedagane kjem til å verta kunngjort vidare i år enn berre Masfjorden. Det gjer at det kan verta fortare fullt. Vi ynskjer vel møtt til fine dagar i eit tidleg haustfjell i eit kristent fellesskap. Har du spørsmål eller ynskjer å melda deg på, ring til: Gunvor Fyllingsnes tlf. 950 41037. Side 4 Frivilligsentralen i Masfjorden når du på tlf. 56 16 62 62 / 950 41037. Dagleg leiar: Gunvor Fyllingsnes Adressa er: Frivilligsentralen i Masfjorden, 5981 Masfjordnes eller e-post: friv.sentr@masfjorden.kommune.no Korleis har du det EIGENTLEG? Krisetelefon 815 33 300 SOS-Melding: www.kirkens-sos.no EIT MENNESKE Å SNAKKE MED NÅR LIVET ER SOM VERST

«Dei tre bukkane Bruse» på bytur -Kjekkaste skuledagen me har hatt, er omkvedet etter at småskulen på Sandnes hadde via ein heil skuledag til animasjonsfilm. «Kva skjedde så?» er arbeidstittelen på kursdagen som Ingvill Kvinge og Svanhild Utne frå Livlaga animasjon har for dei ivrige småskuleelevane. Gjennom ein heil skuledag skal elevane laga animasjonsfilm av kva dei Tre bukkane Bruse gjorde etter at trollet var stanga i elva og dei var komne til seters. -Bukkane vart skremde av eit tohoda troll då dei kom til seters, så dei la på sprang til Bergen by, fortel ivrige elevar.- Og veit du ka? Trollet følgde etter, men så bæsja den største bukken, trollet sklei i bæsjen og landa rett i hamnebassenget. Og snipp, snapp snute Elevane ler, vel nøgde med historia si. Den andre gruppa lagar regnbogebru som bukkane sprett over, og i staden for grønt gras et bukkane like godt opp skyene. Ei solskinshistorie, med andre ord. No skal historia bli film. Det vert laga fargerike figurar og bakgrunnar fortløpande. Bukkar, troll, bru, skyer, Fisketorg og mykje meir. Teikning, klipping og fargelegging. Figurane får ei fleksibel utforming, dvs at armar, bein og hovud kan flyttast på. Me set figurane saman med «lærartyggis», smart, sant? Etter kvart er det klart for sjølve animeringa. Animering tyder å gje liv, og det er det papirfigurane no skal få- liv. For å få det til må det takast mengder av bilete der posisjonar på figurane vert justert litt frå bilete til bilete i tråd med handlinga. -Jammen er det mange bilete som skal til berre for å få nokre sekund med film! Men elevane er uthaldande og tålmodige, og blir oppglødde etter kvart som instruktørane viser resultatet på skjermen. Det er ikkje plass til så mange elevar rundt kvar animeringsstasjon, så dei andre nyttar tida til andre animeringsaktivitetar som flipbøker og «snurreteikningar», teknikkar som gir illusjon av rørsle. Heilt på slutten av dagen viser ein dei to versjonane som har blitt laga i løpet av seks hektiske timar. Elevar og lærarar er nøgde. Dei ler når dei ser filmane. Elevane er krye. Veldig krye. -De har vore kjempeflinke, seier Ingvill. No tek me filmane med oss, og så legg me på litt musikk og lydeffektar. Og om nokre dagar sender me filmane tilbake til dykk, fiks ferdige! Tekst og foto: Frank Kvinge Elevane går til oppgåva med liv og lyst, og det manglar verken på kreativitet, samarbeid eller gode opplevingar av meistring undervegs. Dagen startar med inspirasjonsøkt. Elevane får sjå nokre små animasjonsfilmar. Deretter får dei både i teori og praksis læra om teknikkane dei skal nytta; cut-out, stop-motion og pixelasjon. Svanhild og Ingvill er rolege, og flinke til å forklara. Resten av dagen jobbar elevane i to grupper med å laga framhald av eventyret. Først må dei bli samde om innhaldet. Side 5

Markering av barnehagedagen i Sandnes barnehage 10. mars vart Barnehagedagen markert i barnehagar over heile landet, denne gongen i natur- og friluftslivet sitt teikn. Med nøkkelorda «Vi vil ut!» og «tøffe turtips» frå barna seier me eit tydeleg «ja» til natur og friluftsliv. Bakteppet for temaet er Friluftslivets år. Synleggjere barnehagen sitt arbeid Formålet med Barnehagedagen er å synleggjera det barna opplever, erfarer og lærer i barnehagen. Det første frivillige steget i barna si utdanning skjer i barnehagen, og det er her barna får opplevingar og erfaringar frå tidleg alder som er viktig for dei no og i den vidare utdanninga deira. Som initiativtakarar står Utdanningsforbundet, Fagforbundet og Foreldreutvalet for barnehagar (FUB), som alle representerer viktige aktørar i barnehagekvardagen. Friluftsliv sentralt i barnehagen sitt arbeid Å vere ute er ein del av barnehagen si pedagogiske verksemd. Kunnskap om barn og om kor viktig natur og friluftsliv er for utviklinga og trivselen deira er grunnleggjande. Barnehagen sin formålsparagraf slår fast at respekt for naturen er ein av fleire grunnleggjande verdiar som barnehagen skal bygge på. Barna skal lære å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen. Dette arbeidet er knytt til to ulike fagområde i Rammeplan for barnehagen: Kropp, rørsle og helse og natur, miljø og teknikk. Her er det mål om kva barna skal oppleve, erfare og lære gjennom arbeidet med desse fagområda, og korleis personalet skal arbeide for å nå måla. Men kjernen, og kanskje det viktigaste, er at barna lærer å like naturen og å ferdast der. Ei kjekk markering i barnehagen vår Alle avdelingane har fast turdag ein dag i veka der me opplever naturen saman gjennom observasjon, undring og forsking. Som ein del av førebuinga til Barnehagedagen har me i Sandnes barnehage hatt fleire aktivitetar og opplevingar ute i det fri. Det har mellom anna resultert i plakatar med kreative turtips frå barna som heng synleg i barnehagen og som me ofte minna kvarandre på. To av dei viktigaste turtipsa frå barna i Sandnes barnehage er å hugsa refleksvest og å gå på den kvite stripa langs vegen Sjølve dagen markerte me saman alle 3 avdelingane, fokuset var felles opplevingar med leik og aktivitetar på barnehagen sitt uteområdet. Med regn og sterk vind var ikkje veret på vår side om føremiddagen. Planen om å lage lapskaus på bål måtte endrast og komfyren vart teke i bruk. Men ettermiddagen gav nye moglegheiter og me hadde fleire gode timar med feiring av Barnehagedagen. Sidan satsingsområdet i år er drama valde me å opna markeringa med ei dramatisering av det kjente eventyret «dei 3 bukkane Bruse». I hovudrollane starta dei 3 pedagogiske leiarane som bukkar, ekstra moro var det med trollet Jenny. Det gjekk ikkje lang tid før borna ville ta over scena, dei fekk låne kostymer og tok rolla si svært seriøst. Her deltok skodespelarar i alderen 1 ½ til 5 år. Amfiet kom verkeleg til sin rett! Me haldt fram markeringa med aktivitetar for både store og små, t.d eggeløp, kimsleik og mini-røris var populære aktivitetar. Sistnemnte er eit gym-program for barnehagebarn med musikk og bevegelsar saman i gruppe. Kjempemoro når dei yngste barna tok etter dei eldste og eit godt fellesskap vart etablert. Markeringa av Barnehagedagen vart avslutta med eit ekte festmåltid rundt bålet. Med banan varma i folie og nydelege skogsbær rett frå gryta, hadde me ei fin avslutning på ein viktig dag! For aller viktigast er Barnehagedagen barnas dag! Gratulerer med Barnehagedagen! Tekst: Åshild Skuggedal Foto: Lene Kvinge Hjelmtveit Side 6

Vi vil ut også i Nordbygda barnehage Barnehagane i Masfjorden har alle uteliv som eit av satsingsområda sine, og vi lever eit rikt uteliv i alle 3 barnehagane. I vinter har foreldra i Nordbygda barnehage bygd ny grillhytte på uteplassen. Denne hytta gjer at vi no får tak over hovudet når vi er ute, og vi kan være meir ute uavhengig av været. Den er allereie teken i bruk, men på Barnehagedagen 2015 tysdag 10. mars, hadde vi offisiell opning med inviterte gjester, fanfare, snorklipping og fiskeburgere på menyen. Arbeidsleiar for prosjektet har vore Frode Molland, far til ein av dei eldste gutane i barnehagen, og sonen Iver fekk æra av å klippe snora. Frode har hatt med seg mange andre foreldre i barnehagen på dugnad før hytta stod ferdig. Dei har gjort ein kjempeinnsats! No er den offisielt opna, og vi har fått eit fantastisk hus, som gir oss muligheten til å leve utelivet i barnehagen på ein ny måte. Der er plass til ca 20 barn og der vert mange varme gode samlingar framover. Tusen takk til foreldra som har stilt opp! Foreldre, syskjen, besteforeldre, ordførar og leiar i Utdanningsforbundet Masfjorden Ørjan Valestrand deltok. Barnehagane i Masfjorden fekk stormkjøkken i gåve frå Utdanningsforbundet i anledning Friluftslivets år og Barnehagedagen 2015. Ørjan Valestrand - leiar i Utdanningsforbundet Masfjorden overrekte stormkjøkken i gåve. Ordførar Karstein Totland til ventre Hugs at søknadsfrist til Kulturskulen for 2015/2016 er 7. april. Søknadsskjema og informasjon om dei ulike kurstilboda finn ein ved å gå inn på heimesida til kommunen på denne adressa : http:// www.masfjorden.kommune.no/masfjorden-kulturskule.294103. nn.html Her ligg det peikarar til ein informasjonsfaldar om Kulturskulen sine kurstilbod, og til det elektroniske skjemaet som ein skal nytte ved inn- og utmelding. Side 7

Vi veit at... Masfjorden kyrkjelyd Kyrkje- og prestekontor i kommunehuset:... 56 16 62 00 Direktenummer: Kyrkjeverja:... 56 16 62 61 Diakoni- og undervisningsleiar:... 56 16 62 62 Sokneprest:... 56 16 62 63 Kyrkjegardsarbeidar:... 56 16 62 66 Bustadtelefon / mobiltelefon / e-post: Sokneprest Knut Fr. Sørheim:... 56 35 60 29 / 996 42 575 E-post: knut.sorheim@masfjorden.kommune.no Kyrkjeverje Svein Kvamsdal:... 945 06 949 E-post: svein.kvamsdal@masfjorden.kommune.no Organist Anne Merethe Reknes:... 474 13 141 E-post: anne.merethe.reknes@masfjorden.kommune.no Diakoni- og underv.leiar Gunvor Fyllingsnes:... 56 35 32 55 / 950 41 037 E-post: gunvor.fyllingsnes@masfjorden.kommune.no Kyrkjegardsarbeidar Kolbjørn Reknes:... 56 36 71 59 / 990 27 121 E-post: kolbjorn.reknes@masfjorden.kommune.no... mannskapet på kabelferja er ein gjeng trivelege og serviceinnstilte personar. Difor var det hyggeleg - men inga overrasking - å sjå blomen som er avbilda nedunder stå og pryde bordet i salongen på ferja. Den stod der som ein takk frå tilsette i Firda billag og ei lita anerkjenning av den flotte innsatsen som vart gjort då E39 var stengt og ferja over Fensfjorden ikkje akkurat var i rute til eikvar tid. Men kabelferja gjekk trufast i skytteltrafikk, med eit belegg om lag seks gongar større enn normalt. Og folk vart hjulpne av blide folk i styrehus og på dekk. Så nyt blomen de som jobbar på ferja - de er han vel fortent! Kyrkjeleg fellesråd: Fellesrådsleiar: Arne J. Riisnes... 913 62 788 E-post: arne.risnes@lindas.kommune.no Sandnes sokn: Soknerådsleiar: Ragnhild Skuggedal:... 56 36 50 56 / 906 13 181 Klokkar/kyrkjetenar Sandnes kyrkje, kontaktperson: Vebjørn Aasgard:... 976 06 840 Klokkar/kyrkjetenar Granneheimen Eldbjørg Mjanger:... 56 36 55 50 / 908 00 160 Solheim sokn: Soknerådsleiar: Lise Dyrhovden:... 56 36 72 57 Klokkar: Mary Truwerk Kvamsdal... 414 86 090 Kyrkjetenar, kontaktperson: Marit Steinestø... 56 36 61 70 / 959 43 709 Frøyset sokn: Soknerådsleiar: Terje Myrvang... 56 36 71 26 / 934 52 085 Klokkar Lovise Matre:... 915 29 766 Kyrkjetenar Kolbjørn Reknes:... 56 36 71 59 / 990 27 121 Masfjordingen er eit meldingsblad for Masfjorden kommune og Frøyset, Sandnes og Solheim sokn. Bladet vert gjeve ut av sokna i samarbeid med kommunen. Redaksjonsnemnd for bladet er Gunvor Fyllingsnes, Frode Vee- Haugen og sokneprest Knut Fr. Sørheim. Formgjeving er ved Rune Garmann. Adressa til bladet er Masfjordingen, Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes. Bankgiro 3635.71.04216 Side 8