nr april 2014 Blir 2014 eit toppår for Førde IL Orientering? Organ for Førde IL Orientering Nr. 1 - årgang 38

Like dokumenter
nr april 2012 Organ for Førde IL Orientering Nr. 1 - årgang 36

Orientering er friluftsaktivitet...o-folk gjer det i friluft!! nr april 2015

Organ for Førde IL orientering

Årsmelding S. 01 Årsmelding Førde IL Orientering. Førdebodstikka 2013 regn og vått men bra deltaking Foto: Heidi Lise Bakke

nr våren 2016 Sesongstart i Movika 13. april! 26 nærløp i 2016 Kvar og når? Terminliste og kart s

årsmelding Skulesprinten 2012: Førde IL Orientering årets DNB-sprintarrangør

Årsmelding S. 01 Årsmelding Førde IL Orientering. Foto: Heidi Lise Bakke. Leiar Tor Christopher Fink Mobil

Årsmelding S. 01 Årsmelding Førde IL Orientering. Frå DM 5. september: Alan Cherry, Varegg - vann H 21. Foto: Marius Dalin

nr april 2011 Organ for Førde IL Orientering Nr. 1 - årgang 35 Det er da vakkert!! mange naturidyllar møter o-folket

årsmelding

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

årsmelding FØRDE IL ORIENTERING Auka deltaking på nærløpa Skulesprinten 2009 ein suksess

VEL MØTT TIL ETNE CUP 2008!

årsmelding

Stord IL Orientering Årsrapport 2003

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.

Stor suksess med Fjord-O vest og NM ultralang. Organ for Førde IL Orientering Nr. 2 - årgang 38

INSTRUKS FOR LØYPELEGGJARAR, LØPSLEIARAR OG MEDHJELPARAR O-GRUPPA VOSS, SESONGEN 2018

SFFK takkar igjen for påmeldinga, og gratulerar med avansement til sluttspelet!

Innbyding til KM I BORDTENNIS 2016 FOR MØRE OG ROMSDAL

Årsmelding for O-gruppa 2015

Landskyttarstemnet 2008 FØRDE 25.juli 2.august Epost:

Stord Orientering Inviterer til Vestlandsme. Vestlandsmeisterskap august 2014

Reglar og retningslinjer for organisering og gjennomføring av Dana Cup

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

I tillegg er det premie til alle i klassen "Timeklubben" som fullfører på under timen.

Dommarpåmelding Test HD i 4. divisjon. Testkrav: 35 sec x 40 sec x 20 stk. Test AD i 2. divisjon. Testkrav: 30 sec x 40 sec x 20 stk.

INVITASJON til Etne Cup 2007

PM Fjord-O LØPSKONTOR Opnar 2 timar før ordinær start kvar dag. Lagsposar, leigebrikker, løparendringar, generell info.

N Æ R T U R. i Førde

Innbydelse. Grue IL orientering inviterer til O- helg på Finnskogen september 2013.

Til deg som brukar: Her kjem Fritidskalendaren for juni 2007 i Lindås. Me vonar du har lyst å delta på dei aktivitetane me har sett opp.

Drift av beitelag - organisert beitebruk Søknad i Altinn

KM-sprint / KM-sprint-stafett Hordaland Orienteringskrets Søndag 18. mai 2014

Innbyding til Fjord O 2018

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

KM mellomdistanse og KM stafett

Viser til søknad av Nasjonalparkstyret har behandla saka i møte , og har gjort slik

PM Publikumsløp. Fredag 31. mars Velkommen til sesongstart i Kristiansand

REGLEMENT FOR HANDEL UTANOM FAST UTSALSSTAD FRÅ KOMMUNAL EIGEDOM I ULSTEINVIK

Stavanger OK og Sandnes IL inviterer til Norgesmesterskap i orientering - sprint

SUND KOMMUNE. Innhald. Dok.dato: Vår Ref: 17/ Arkiv:

Dommarpåmelding Leiar dommarkomiteen i Sogn og Fjordane

Årsmelding Førde IL Orientering. Leiar: Jon Anders Schei Mobil: E-post:

LØRDAGSKJAPPEN Lørdag 22. April 2006

Kristiansand Orienteringsklubb ønsker velkommen til NM-natt, NC-mellomdistanse og KOK-2-dagers i Kristiansand 31/3-2/4 2017

Bruk av driftsmidlar Frifond

Velkommen til NM-uka i orientering Vegårshei, september 2018

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Årsmelding S. 01 Årsmelding Førde IL Orientering. Leiar: Jon Anders Schei Mobil: E-post:

Trafikkavviklingsplan: sykkel-vm i Fjell Kommune

PROTOKOLL MØTE NR. 09 I ALPINKOMITEEN,

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Stadlandet 15. februar 2018 (Kontrollutvala i Eid og Selje hadde fellesmøte) Kommunesamanslåing. Dagleg leiar Arnar Helgheim, SEKOM-sekretariat

Fylkeskommunenes landssamarbeid. Eksamen TRL2002 Transport og logistikk. Programområde: Transport og logistikk.

SMAALENENELØPET SØNDAG 3. MAI 2009 SPYDEBERG - BARE 45 KM FRA OSLO

FØRDE TOMTESELSKAP. Brendeholten

Oslo, 7. april møte i gjetarhundnemnda måndag den 6. april kl på lagskontoret i Parkveien 71.

Trinn for trinn -Legge inn arrangementsøknad i Sportsadmin. -Ta ut påmeldingsfiler for import i FriRes. -Resultat/rapportering på mindre stevne.

etiming og eventor i AAOK karusellen

Sørreisa O-lag O-JAKT ARRANGØRMAPPE KART:

INDRE ØSTFOLD OK og OK MOSS inviterer til. Østfold O-weekend. 26. april 28. april 2013

Windows 7. Nedlasting av program (appar) på PC

FRISTAFETTEN 2014 ESPELAND IDRETTSPLASS ONSDAG 2. APRIL KL. 18:00

SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE KM- FUTSAL ALDERSBESTEMT

Treningsløpsinstruks 2014

Sist oppdatert: 2018/04/20 18:34 1/5 Nyttårsløpet. Rolle Løpsleder Sekretariatsleder Løypelegger Startleder Salgsleder Klubbens arrangementsansvarlig

KM-stafett Hordaland 2011

Night Hawk Sosialt og Prestisjefylt August 2013 Vestmarksetra - 7 km vest for Sandvika

Elevundersøkinga 2016

MIDTSOMMERSPRINTEN MIDTSOMMERLØPET CAMP STOKKE CAMP OSLOFJORD 16, 17. OG 18. JUNI 2017 MIDT I VESTFOLD

INFORMASJON FOR REKRUTTER

INNBYDELSE. Vi skal prøve å få lagt ut figurer og avstandar på heimesida noen dagar før stevnet.

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

Eksamen MAT1015 Matematikk 2P Hausten 2014

Østfold O-weekend april På plass begge dager

RENNINNBYDING STATOIL HOVUDLANDSRENNET LANGRENN HOPP KOMBINERT. 28. februar 2. mars 2014

Invitasjon til Fylkesmesse for ungdoms- og studentbedrifter Fosshaugane Campus, Sogndal torsdag 6. mars 2014

6-åringar på skuleveg

S. og Fj. Skiskyttarkrins har gode resultat både nasjonalt og internasjonalt der utøverane viser gode resultat.

: Lilly Schøyen, Atle Hamar, Martin Hopland og Yngve Thorsen (adm.)

Møteinnkalling SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

etiming og eventor i AAOK karusellen

Terminprøve i matematikk for 10. trinnet

Å rsmelding 2014 Nordbygda og Rand skyttarlag

Stormfestival Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

TYSNES SPAREBANK CUP Tysnes Sparebank Cup 2015 vert arrangert 3.juli - 5.juli på Reiso gras og kunstgras. Påmelding til

8. 9. april Merket fra E6 ved Sykehuset i Østfold på Kalnes (Avkjørsel nr. 8 fra E6). 5 km nordøst for Sarpsborg.

Årsmelding for året 2004 for orienteringsavdelinga, Malvik IL med justeringar i punkt 3 og punkt 5 på årsmøtet

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

og Craft-cup mai

INVITASJON TIL KM Del 2 SPRINT/ DUATLON OG TOUR DE NORDLAND 31.mars-2.april 2017 I BODØ

INFORMASJON FOR REKRUTTER

Rekrutteringsplan FBK Voss

NVBF REGION SOGN OG FJORDANE 38. ORDINÆRE TING 2014 TINGSAKER. STED: Idrettens hus Concordbygget. TID: Onsdag 22. april 2014 kl.

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

Stord IL Orientering Årsrapportar 2007

«Full fart i O-løypa» -

Turorientering i Oppegård og Ski. NOFs kompetansehelg 20/21. november 2015 Anne Marit Færden

Transkript:

1 nr april 2014 www.fordeorientering.com Blir 2014 eit toppår for Førde IL Orientering? Organ for Førde IL Orientering Nr. 1 - årgang 38

Ny sesong med nye prisar!!! Gjennom svært mange år har vi halde startkontingentane for våre nærløp uendra. Økonomisk har dette gått bra. Når vi ser bort frå kartkostnadene har dei låge satsane vore nok til å dekke utgiftene vi har hatt i samband med desse arrangementa. Men etter at NOF innførte løpsavgift også for nærløp har styret i Førde IL orientering funne å måtte auke startkontingentane for at nærløpa framleis skal vera sjølvfinansierande. Nye startkontingentar frå sesongen 2014 Alder Startkontingent Under 12 år Kr 20,00 12 til og med 19 år Kr 40,00 20 år og eldre Kr 60,00 Prisen på sesongkort er også auka, slik som vist på bildet nedafor av sesongkortet for 2014. Satsane for leigebrikker er som før: Gratis til og med 19 år. Kr 20,00 for alle 20 år og eldre. Nostalgisk tilbakeblikk...o-posten 1994 Da var dei gyldne 80-åra for lengst historie.. åra da alt gjekk berre ein veg.oppover! Med 90-åra kom tilbakeslaget, ikkje berre i Sogn og Fjordane, men ein generell trend over heile landet. Førde IL Orientering heldt likevel koken godt fram mot tusenårskiftet. I 1993 vann vi LEFI-cupen da vi stilte med over 100 deltakarar (!) i finalen der vi slo både Markane og Sogndal. Ville vi greie å mobilisere 100 deltakarar i dag? Neppe! Kva som elles rørte seg i laget tidleg på 90-talet, kan du lese meir om ved å laste ned O-posten nr. 1 1994 frå vår nettside www.fordeorientering.com. O-posten nr. 1. 2014 side 2

Trenings- og rekrutteringsrådet aktivitetar i 2014 Harald Hjellbrekke Sunneve Kalstad Øystein Erland leiar O-challenge 2014 Den tidlegare «Skulesprinten» har på nytt skifta namn og heiter nå O-challenge. Brukar same opplegg som tidlegare år Klappene-kartet med utgangspunkt frå velteplassen ved Soleide har vist seg som eit svært veleigna område for dette arrangementet. Og avstanden frå sentrumsskulane er ikkje større enn at elevane (og lærarane) kan bruke sykkel inn til Soleide. Vårt innarbeidde opplegg frå tidlegare år vil også i 2014 vere fundamentet i arrangementa. Dette inneber gafla lette løyper med både enkeltstart og gruppestart. Eventuelt variantar med tidtaking/konkurranse etter samråding med den enkelte skule. EKT-sprint/rakettløype er fast tilleggsaktivitet. I dei tilfelle der det er behov for tilpassa opplegg i høve til enkeltelevar, vil vi planlegge dette i tett samarbeid med skulane. O-challenge tidleg i mai Etter eit prøveår med å gjennomføre arrangementet tidleg i mai, m.a. for å unngå at beitedyr er komne ut i marka. Bortsett frå lite hell med vêret den eine dagen, var denne endringa vellykka. Derfor legg vi også i år O-challenge til dei første dagane i mai. Som i tidlegare år er det Gunnar Gytri og Reidar Eide som står for arbeidet med tilrettelegging og gjennomføring. Dei har god erfaring frå mange tidlegare skulesprintar. Råtasskarusellen Dette er FIL Orientering sitt rekrutteringstiltak for jenter og gutar i alderen 5-12 år som har lyst til. å lære litt om kart å vere med på enkle og kjekke orienteringsøvingar å lære å ta seg fram ute i naturen Det kostar ingen ting å delta i Råtass-karusellen, og påmelding gjer ein ved frammøte. Deltakarane får kart med postar og ein enkel instruksjon om opplegget. Råtassdagar i 2014 Ons. 23. april: Museet Movika kl. 18:00 Ons. 7. mai: Slåtten skule kl. 18:00 Tys. 27. mai: Slåtten skule kl. 18:00 Laur. 30. aug: Førde rådhus i samband med Førde Opp Eiga premiering. Dei som deltar på minst 2 Råtassløp får premie ved sesongslutt. Premieutdeling i samband med Råtassløpet under Førde Opp. O-posten nr. 1. 2014 side 3

Prosedyrer og rutiner for Nærløp (Oppdatert mars 2014) Generelt Vi har ein løypeleggar (den som står fyrst på lista) og ein medhjelpar. Løypeleggaren har ansvaret for å legge ut ei A-løype ca 4-5 km og det kan lagast ei A-kort løype ca. 3 km, ei C-løype på 2-3 km og ei N-løype. (Sprintløyper skal leggast opp etter vinnartid på ca 15 min og på eigne sprintkart). Om du som løypeleggar vil kvalitetssikre løypene med nokon i gruppa, ta kontakt med Torodd Os, Helge Schei eller Egil Nestande. Medhjelparen har ansvar for rakettløypa. Han har ansvar for å ta med og å returnere teknisk utstyr til rakettløypa: 6 stk. postbukkar + 1 stk. ekstra startbukk, rull med merkeband og 1 stk. ekstra MTR. Medhjelparen skal førebu ein del sosiale tiltak, som; lagstelt, informasjon og frukt, saft og ev. bollar. Dei to ansvarlege samarbeider om registrering av deltakarar, innkrevjing av startkontingent, sal av sesongkort og informasjon. Ny prosedyre for løypelegging Vi prøver i år å ta i bruk tidtakarprogrammet Etiming på nærløpa. For å få det til må løyper i OCAD-programmet ha likt namn på kvart løp: Løype 1 A lang Løype 2 A kort ( løype 2 kan brukast som eit kortare alternativ ) Løype 3 C Løype 4 N Når løypene er ferdig må løypefila og bakgrunnskartet sendast til Torodd, torodd.os@enivest.net, helst søndag kveld før løpet. For å få til overgang til elektronisk registrering/tidtaking vil Torodd og andre som kan bruke tidtakarprogrammet stille på løpa. I god tid før løpsdagen 1. Merk deg dato og stad for det løpet du skal ha ansvaret for, dersom du ikkje kan på oppsett tid må du byte med ein annan på lista. 2. Byte mellom løypeleggarar/medhjelpar må meldast nærløpsansvarleg. 3. Seinast fredag før løpet sjekkar nærløpsansvarleg at dei som er sett opp kan ta nær-o-løpet, han melder deretter inn rette opplysningar til standardannonsa i Firda. (frist fredag kl. 15:00) 4. Seinast søndagen før løpet legg løypeleggaren ut informasjon på www.fjordaglimt.no i Firda Namn: Nærløp orientering. Gjentaking: til løpsdato. Legg inn: Skildring (viktig) og gjerne bilde (mindre viktig). Regi: Førde IL orientering. Tilgang: alle. Huk av i boks Bruk ropert. Løypeleggaren legg ut tilsvarande info på www.fordeorientering.com 5. Planlegg løypene, ta minst ein tur i terrenget som planlegging. Bruk då utskrift av kartet som du får ved å vende deg til teknisk råd. 6. Legg gode løyper, 4-5 kilometer A-nivå (krevjande) og ca 2-3 kilometer C-nivå, dvs. løyper med klare haldepunkt ved postane. N-løypene kan ikkje bli for lette. O-posten nr. 1. 2014 side 4

7. Bruk løypeleggarprogrammet i OCAD til å teikne inn løypene. Kontakt Torodd Os, Helge Schei eller Egil Nestande i god tid før løpet om du treng hjelp til innteikning av løypene i OCAD og hjelp til utskriving av kart med postomtale. Skriv ut om lag 20 kart i kvar løype. Seinast dagen før løpet 1. Hent nødvendig utstyr (Utleigebrikker, MTR, kart, skjermar, plastlommer, plakatar) på lageret i FIL-huset. (Torodd har nøkkel) 2. Sett 2 stk. (MTR) Mini Time Recorder, på lading frå kveld til morgon (utan å røre batteriet) 3. Sett ut postane i A-løype og C-løypa, N-postane må ein sette ut løpsdagen. 4. Ha klar informasjonen du skal henge opp, informasjonsfoldarar, nye innbydingar til o-løp. 5. Ha mottatt revidert namneliste frå Harald Hjellbrekke (Tlf: 977 12 051) 6. Hugs å kjøpe frukt, ev. bake eller kjøpe minst 40 bollar som du tek med på løpet. 7. Hent plastdunk med plass til 15 liter vatn, saft (må kjøpast for kvar gong) og drikkebeger på lageret (FIL-huset) 8. Hent lagsteltet på lageret, samt eitt bord og 2 stolar, pluss infotavle på lageret (FIL-huset) Løpsdagen, før løpet 1. Vere klar til å ta i mot deltakarane 15 minutt før oppsett tid.(17:45). Då må all førebuing vere ferdig. 2. Merk vegen fram til frammøtestaden med o-skjermar (viktig) 3. Ha sett ut alle postane med EKT-eining. Bruk ei vanleg EKT-eining til målpost. 4. Hugs eigen startpost (som er merka START). 5. Sett opp informasjon om sal av sesongkort og startkontingent. 6. Sette opp lagsteltet, (dersom regn eller fare for regn), stol og bord, ha klar frukt, saft og bollar. 7. Ha klart ein boks (pengeskrin) med vekslepengar. Under løpet 1. Løypeleggaren og medhjelparen tar imot påmeldinga og betaling på ulike løyper, kryssar av på revidert namneliste og fyller ut manglande opplysningar (telefon, e-post, m.m.) 2. Dei yter ulik service (frukt, ev. bollar, saft, trøyst og ros, påminning om neste løp) Oppslag Startkontingentar: Til og med 11 år kr 20 Brikkeleige : Til og med 19 år Gratis 12-19 år kr 40 frå 20 år kr 20 Over 20 år kr 60 Det er høve til å delta i Rakett og N-løype for same kontingent Etter løpet 1. Resultatliste: Ansvarleg for tidtakinga med Etiming programmet lagar til resultatliste og legg den ut på heimesida til FIL Orientering og sender deltakarliste til Harald Hjellbrekke, harald.olav.hjellbrekke@enivest.net 2. Økonomi: Betal den samla startkontingenten inn til konto 3700.07.15094 (Sparebanken Sogn og Fjordane), og send kvittering på innbetalt beløp, pluss kladd av deltakarliste frå nærløpet til Egil Nestande, Kvamane 7, 6812 Førde. egil.nestande@online.no 3. Utstyr: Ta inn postar og utstyr slik at alt er tilbake på lageret (FIL-huset) seinast laurdagen etter løpet. Hugs at utstyret er svært verdifult når vi brukar EKT. Sett inn alt utstyr på lageret og lever nøkkel tilbake til den du har lånt den av. Teknisk råd Torodd Os: Tlf: 913 95 912 e-post: torodd.os@enivest.net Egil Nestande: Tlf: 906 22 156 e-post: egil.nestande@online.no Helge Schei: Tlf: 907 26 290 e-post: helge.schei@mentor.no Trenings- og Rekrutteringsråd Harald Hjellbrekke Tlf: 977 12 051 e-post: harald.olav.hjellbrekke@enivest.net Sunneve Kalstad Tlf: 911 52 942 e-post: sunneve.kalstad@vegvesen.no Øystein Erland Tlf: 997 28 022 e-post: oey-erla@online.no Nærløpsansvarleg Tor Christopher Fink Tlf: 995 45 570 e-post: t_c_fink@hotmail.com O-posten nr. 1. 2014 side 5

Terminliste Nærløp og andre løp 2014 Dato Kart/område Stad Arrangør(ar) Merknad APRIL Ons. 23. Moskog Sunnfj. Museum Movika Torodd Os/Trygve N. Os/Rekrutteringsrådet "Kikk off" Nærløp "Råtass" Ons. 30. Klappene Soleide Helge Schei/Bjørn Olav Øvrebø Nærløp MAI Tors. 1. Vieåsen Ballbana Moldtaket Egil Nestande/Svanhild Handal/ Eli Nummedal Nærløp "Førdebodstikka" Ons. 7. Førdslia Slåtten skule Håvard N. Os/Johan Magerøy/rekruttering Nærløp " Råtass" Ons. 14. Ulvedalane Bulingstjønna Kjell Arne Hjellbrekke/Andreas Haug Nærløp Høgda mot Ons. 21. Digernesvatnet Hafstadstølen Torbjørn Os/Inge Årdal Nærløp Tys. 27. Slåtten skule Slåtten skule Rekrutteringsrådet "Råtass" Ons. 28. Digernesvatnet Førde Vassverk Tor Chr. Fink/Torodd Os "Sunnfjordorienteringa" JUNI Ons. 11. Grimelandshaug Angedalen skule Harald Hjellbrekke/Ove Naustdal Nærløp Helse Førde stafetten er onsdag 18. juni Tors. 19. Naustdal Tambarskjelvar Nærløp Ons. 25. Digernesvatnet Høgda aust Torodd Os/Øystein Erland Nærløp "Lagsmesterskap" JULI Ons. 30. Kråkenesmarka Skyttarstadion Førde IL Orientering Fjord-O Vest AUGUST Laur. 2. Langeland Langeland Skisenter Førde IL Orientering Fjord-O Vest Laur. 2. Langeland Langeland Skisenter Førde IL Orientering NM Ultra Ons. 13. Naustdal Tambarskjelvar Nærløp Ons. 20. Langeland Langeland Skisenter Yngve Årdal/Sivert Vinjevoll Årdal Nærløp Ons. 27. Kråkenesmarka Kråkenesmarka Nord Marius Dalin/Håvard N. Os Nærløp Laur. 30. Førde Sentrum Førde Rådhus Rekruttering "Råtass" ved "Førde Opp" SEPTEMBER Ons. 3. Digernevatnet Sunde Skule Helge Schei/Jon Anders Schei Nærløp og rekrutteringsløp Ons. 10. Jølster Skisenter Bjørkelia Gunnar Gytri/Asgeir Årdal Nærløp 11. - 14. Asker NM veke Ons. 17. Halbrendslia Halbrend Skule Jostein Fredly/Kjell Arne Hjellbrekke Nærløp og rekrutteringsløp Laur. 20. Naustdal Tambarskjelvar KM natt Sun. 21. Naustdal Tambarskjelvar "Haustbløyta" Laur. 27. "Bekkjevatnet" Høgda Førde IL Orientering "Bekkjevatnet rundt" OKTOBER DESEMBER Ev. nattløp Fred 26. Ikkje avklart Ikkje avklart Helge Schei "Romjulsløpet" O-posten nr. 1. 2014 side 6

Turorienteringa 2014 Tur-O-rådet Marius Dalin Kjell Arne Hjellbrekke Steinar Lote leiar Ny vekst for turorienteringa i 2014? Etter fleire år med stagnasjon og til dels tilbakegang, kunne vi i fjor registrere ein liten vekst i antall personar som deltar i turorienteringa. Dette prøver vi å bygge vidare på i 2014 ved å legge opp turorienteringa i samsvar med tilrådingane frå Norsk Orientering (NOF). Dette går ut på tilby turorienteringa som «turar» med ferdige løyper, graderte med fargeskala etter vanskegrad. «Grøn tur» er den lettaste typen der postane er plasserte langs sti og veg i lett terreng. Vanskegraden og utfordringane vil auke gradvis via «Blå tur» og «Raud tur» opp til «Svart tur». Den siste samsvarar stor sett med tidlegare opplegg der postar av ulik vanskegrad ligg meir spreidd utover kartet. Definisjonar på løypetype/vanskegrad: Grøn tur: Ein kort tur på stig og veg for nybegynnarar. Blå tur: Turar i lett terreng for nybegynnarar og litt vidarekomne. Raud tur: Turar i variert terreng for erfarne turorienterarar Svart tur: Turar i villmarksterreng for erfarne turorienterarar. Aktuelle område i 2014 Kråkenesmarka. Lett tur i idyllisk terreng frå Blomlia mot Furevikstølen og Slokedalstjønna Vassheia. Litt tyngre tur frå parkeringsplassen i Vasslia. Går stort sett i ope terreng. Bekkjevatnet. Tur på nytt kart nord for Bekkjevatnet. Følgjer for det meste sti og skogsveg. Masdalen. Litt tyngre tur med mykje friorientering i området opp mot Ullebuststølen. Grimelandshaug. Langs skogsveg og sti frå Angedalen skule, med innslag av friorientering. Kjøp turorienteringsposar hos Erdal Sport as. Også i år legg vi opp til salg berre gjennom Erdal Sport as. I tillegg vil alle turane med kart og «klippekort» kunne lastast ned frå nettet via turorientering.no.. eller last ned kart frå turorientering.no I fjor tok vi i bruk alle funksjonane i turorientering.no, dvs. at alle turane kan kjøpast og lastast ned med kart og løyper frå internett (turorientering.no). Vi fortset med dette systemet også i 2014, der deltakarane også kan registrere sine «klipp» via nettet. O-posten nr. 1. 2014 side 7

O-posten nr. 1. 2014 side 8

Teknisk råd Torodd Os Helge Schei Egil Nestande leiar Nye kart i 2014 Viktigaste kartarbeidet i 2014 er fullføring av kartet Langeland/ Bringeland. Heile kartet er nær 30 km 2, og jamvel med målestokk 1:15 000 blir kartbladet på 40x50 cm. Til NM-Ultralangdistanse trykker vi kart med løyper i det antall som trengst til mesterskapet, pluss nokre hundre eksemplar utan løypetrykk. Utsnittet under viser litt av det nye området mot Solheimsdalen som er lagt til i høve til tidlegare kart. Vieåsen Vi arbeider med å konvertere dette til kart etter sprintnorm (ISSOM) i målestokk 1:5 000 med 2,5 meters ekvidistanse. Delar av kartet vil bli brukt til Førdebodstikka 1. mai. Nytt utstyr Til NM-Ultralangdistanse har vi investert i 55 nye posteiningar, pluss 5 starteiningar. Når desse er ferdig montert vil vi ha full serie frå nr. 31 til 157, pluss 2 stk 249. Dermed kan vi etter kvart fase ut nokre av dei aller eldste posteiningane (opp til 15 år gamle). I tillegg til posteiningane vil vi til NM også ha nye postskjermar. Vi har også kjøpt inn eit nytt elektronisk startdisplay ESD2. O-posten nr. 1. 2014 side 9

Kvar er samlingsplass for Nærløpa i 2014? Kartet under viser korleis du kan finne fram til dei fleste av nærløpa. (Ein del løp som blir arrangert på sentrumsnære kart er ikkje avmerka) 1. Klappene 2. Ulvedalane/ Bulingstjønna 3. Høgda 4. Førde Vassverk 5. Grimelandshaug/ Angedalen skule 6. Kråkenesmarka 7. Sunde skule 8. Halbrend skule 9. Bjørkelia/Jølster skisenter 5 6 8 9 3 1 7 4 2 O-posten nr. 1. 2014 side 10