Radar. 2015 nr. 3 Kyrkjeblad for Radøy sokn 31.årgang



Like dokumenter
Skaper framtidas kirke. 13. og 14. september

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Velkomen til soknerådskurs

Møteprotokoll for Bjørgvin bispedømeråd

Møteprotokoll for Radøy sokneråd

Møteprotokoll for møte i

Brukarrettleiing E-post lesar

DEN NORSKE KYRKJA Bjørgvin bispedømeråd

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

PROTOKOLL FRÅ UNGDOMSTINGET BJØRGVIN BISPEDØME, ST JAKOK KYRKJE, BERGEN april 2015:

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015

Kjønn K x M (kryss av) Frå Noverande stilling Selvstendig næringsdrivende 2011

Visitasforedrag ved bispevisitas i Høyanger og 10. mars 2019

DEN NORSKE KYRKJA Bjørgvin Administrasjonsavdelingen

Kven vil du skal styre i kyrkja?

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

DEN NORSKE KYRKJA Bjørgvin Administrasjonsavdelingen

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast

Strategidokument

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Kandidater til Fana sokneråd 2015

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Veivalg for fremtidig kirkeordning

DEN NORSKE KIRKE Bjørgvin administrasjonsavdelingen

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Radar nr. 1 Kyrkjeblad for Radøy sokn 31.årgang

Møteprotokoll for Askvoll sokneråd

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Til deg som bur i fosterheim år

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

HØYRING REGLAR TIL VAL AV SOKNERÅD, BISPEDØMERÅD OG KYRKJEMØTET HØYRINGSSVAR FRÅ BJØRGVIN BISKOP

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

MØTEINNKALLING. Utval: OS VALSTYRE Møtestad: Nore Neset Aktivitetshus NB. MERK STADEN! Møtedato: Tid: SAKLISTE

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Forslag til høyringssvar til «Veival for framtidig kyrkjeordning» frå Giske kyrkjelege fellesråd.

Kod e.g1g.,. a.(ll... '3_:...

Radar nr. 2 Kyrkjeblad for Radøy sokn 31.årgang

Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd, Samisk kyrkjeråd

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

Kandidatpresentasjon kyrkjeval 2015 Bø sokneråd

Gudstenesteliv. OVF 2015 Bispedøme: Bjørgvin Samlet søknadssum:

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning

DEN NORSKE KYRKJA Bjørgvin bispedømeråd

Velkomen som konfirmant!

SAKSUTGREIING. Sak: Felles sokneråd for Leveld, Torpo og Ål sokn. Sokneråda i Ål kallar inn til kyrkjelydsmøte etter gudstenesta:

Møtebok for Bore sokneråd. Olaug Mestad Slettbakk, daglig leder Siri B. Lindtveit deltok på sak 08/14 11/14

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

MØTEBOK TITTELARK FELLESRÅDSAKER

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Brødsbrytelsen - Nattverden

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

VI DELER Trusopplæring i Den norske kyrkja

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Nye reglar Kommunestyre- og fylkestingsvalet Informasjon

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Soknerådsmøte FOK 14. november 2013

Velkommen til menighetsrådskurs

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Velkomen til soknerådskurs

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato: 15. april 2015

Kandidater til MUF-styret. Inger Elise Kjøndal Margot Fosen Astrid Rydland Bjørke Eivind Bø Sven Arne Lundeby Eirik Nyfeldt-Bø Hanne Asp

MØTEBOK - TITTELARK FELLESRÅDSSAKER

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

2. Soknerådsmøte februar Referat

Veivalg for fremtidig kirkeordning

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

Brukarrettleiing. epolitiker

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Innkalling til møte i Radøy sokneråd

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019

/

Møteprotokoll for Bjørgvin bispedømeråd

7. soknerådsmøte 2014, 3. juni: Referat

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Den norske kyrkja ønskjer å vera ei bekjennande, misjonerande, Kyrkja deler sin historie med folket sin historie og vert på den

Strategidokument Varhaug Misjonshus

DEN NORSKE KYRKJA Bjørgvin bispedømeråd

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Velkomen som konfirmant

Informasjonshefte Tuv barnehage

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Kjære KUL-konfirmant (og føresette)!

Plan for undervisning

privat eller prosjektkunde. Våre ekspeditørar har lang erfaring i bransjen. Me har òg svært dyktige handverkarar som kan hjelpe deg.

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Transkript:

Radar 2015 nr. 3 Kyrkjeblad for Radøy sokn 31.årgang

DEN NORSKE KYRKJA Det aktuelle soknerådet/kyrkjelege fellesrådet Radøy sokn Idrettsvegen 1, 5936 Manger Tlf 5634 9840 www.kirken.no/radoy Dagleg leiar Audun Sylta 901 95 179 Kontorfullmektig Hilde Marit Solend 5634 9840 Sokneprest Kjell Sekkingstad 951 41 360 Prostiprest Marianne Støylen Skauge 472 34 796 Trusopplæringsmedarbeidar Willem Vogelaar 479 73 670 Organist I J.William Kay 915 91 482 Organist II Frode S.Storheim 948 38 985 Dirigent Radøy damekor Jūratė Norkuvienė 967 59 916 Arbeidsleiar kyrkjegardane Arne Palmesen 911 53 484 Kyrkjetenar Berit Karin Vogelaar 942 42 233 Kyrkjetenar Marta G.Hvidsten 909 18 214 Nytt frå dagleg leiar K yrkjevalet 2015 Mandag 14. september er det kyrkjeval. Ved dei siste vala er det lagt til same dag og tid som kommuneog fylkestingsvalet. For at det skal vera enkelt for alle å røysta har vi stemmemottak på dei same stadene som Radøy kommune. Vi er i same bygg, men har ikkje lov til å vera i same rom. Lista som er presentert i bladet inneheld 18 gode namn som har sagt seg villig til å sitja i soknerådet. Det er ikkje lenger lov å stryka kandidatar, men du kan gje inntil 3 tilleggsrøyster ved å setja kryss framfor dei som du syns fortener det. Dei åtte som har flest stemmer vert valgt inn i rådet. Dei neste fem vert varafolk. I tillegg til dei åtte er soknepresten, oppnevnt av biskopen, og ein representant oppnevnt frå kommunen med i soknerådet. Kandidatane har ikkje tradisjon for å stå på stand og koma på døra for å be om stemmer, men det er viktig at folk flest engasjerer seg i kyrkjevalet. Kanskje årets kandidatar vil driva meir aktiv valkamp? Vi har førehandsrøysting på kyrkjekontoret frå 10.august til 11.september i ekspedisjonstida. Frist for førehandsrøysting i anna sokn enn der ein er busett er 1.september. Det vert også høve til førehandsrøysting på Velferdssenteret. Alle medlemer i Den norske kyrkja som fyller 15 år eller meir i løpet av året har røysterett. Vonar at mange finn fram til valurnene til kyrkjevalet i år. Godt val. Manger kyrkje Førebuing til stabilisering av kyrkja går vidare. Det syner seg at den samla tilbudssummen er vesentleg høgare enn budsjettert av Radøy kommune i 2015. Dette betyr at arbeidet ikkje kan starte som planlagt 31.august 2015. Grunnen til dette er at arbeida vert meir omfattande enn først antatt. Det er vesentleg peling i grunnen og meir avstiving av bygget enn først rekna med som gjer at summen aukar. Tilleggsløyving, eventuell ny løyving for 2016 må handsamast av formannskap og kommunestyre i Radøy. Det mest realistiske er at saka vert tatt opp i samband med budsjettet for 2016. Elles føreligg det no godkjenning frå Bjørgvin bispedøme og Riksantikvaren med atterhald for inngrep i grunnen. Dette er søkt om og vil verta avklart innan kort tid. Vi er lei for at dette fører til vanskar for alle som vil nytta kyrkja og at uvissa ser ut til å verta strekt endå lenger ut i tid. Vonleg kjem finansieringa på plass i løpet av hausten. Audun Sylta Dagleg leiar 2 3

Kandidatane ved soknerådsvalet i Radøy sokn (1 til 11) Gunnar Kartveit Konsulent, Kirkens nødhjelp 65, Manger 1979-1990 Kateket i Tysvær 4 periodar i sokneråd, var leiar i Manger sokneråd Medlem og leiar i Nordhordland prostiråd 1984-1990 Medlem i Stavanger bispedømeråd og i Kyrkjemøtet Ansvaret og gledene ved at kyrkja er både lokal og global. Sjå heilskap og samanheng mellom trusopplæring, diakoni og gudstenesteliv, heile tida relatert til livet. Per Bjørkhaug Sakshandsamar NAV 65 år, Bøvågen Styret i Arna Indremisjon, Leder for Arna musikklag, Kristent korpsarbeid i Nesttun kristelege hornorkester og i Skala Brass band. Diakoni og diakonalt arbeid i kyrkjelyden. Har også alltid vært opptatt av og engasjert i sang og musikk i kirke og bedehus. Grethe Lunde Regionleiar NMS 55 år, Sæbøvågen Kirsten Johanna Skage Mellingen Lærar 61 år, Sletta Kristen Kvalheim Områdeleiar 48 år, Bøvågen Ønsker å jobbe for ei open og tilgjengelig kirke som har mykje musikk og der alle er velkommen. Silje Kristin Ellingsen Frisør 37 år, Sæbøvågen Leiar, Sæbø barnekor 2011-2015 Medlem, Radøy sokneråd Ynsker å arbeida med barn og unge. Roald Hvidsten Bonde og snekkar 54 år, Manger 2000-2007 Snekkerlærar på Tryggheim VGS Kyrkjetenarassistent Pianist i Sæbø barnekor Sølvi Helen Kvalheim Mjøs Gravferdskonsulent 38 år, Bøvågen 2008-2014 Kyrkjetenar i Hordabø og Manger kyrkjer 2014 - Gravferdskonsulent i Nordhordland begravelsesbyrå Medlem, kyrkjelydsutvalet i Hordabø Musikalsk inspirator i Hordabø barnekantori Eg ynskjer å arbeida for ei open kyrkje som har plass til folk i alle aldrar og i alle fasar i livet; at kyrkja skal fornya seg og tenkja nytt, men samtidig også ta vare på tradisjonar. Marie Fjellsende Pensjonist 72 år, Sæbøvågen Tore Morland Pensjonist 65 år, Manger Tidlegare lærar, Radøy kommune Ungdomsarbeid og trusopplæring. Mona Steiner Brekkan Lærar 44 år, Sletta Få meir folk til gudstenestene. 4 5

Kandidatane ved soknerådsvalet i Radøy sokn (12 til 18) Oddbjørn Tveiten Dagleg leiar 60, Manger Kyrkjevert på Manger 2002-2004 Formann i Radøy/Manger Fotballklubb Fokus på brukaren Den kristne kulturarven Martine Haugland Sjukepleiar 25 år, Bøvgåven Barne- og ungdomsarbeid. Sigfred Johan Lunde Krinsleiar 59 år, Sæbøvågen Frå eg var 13 år, avisbod og sjåfør, hjå Bergens Arbeiderblad, kokk i Kystartilleriet på Senja, Industriarbeidar Sabb Motor AS, vaktmester/assistent Sjømannskyrkja i Philadelphia, New Orleans og New York, Kassesnekker N.A.Nilsens Kassefabrikk, Reisande sekretær/forkynner Hordaland krets, Assistent sjømannskyrkja i Montreal, Reisande sekretær/ forkynner Sunnmøre krets, krinssekretær Sunnmøre krets, Krinssekretær vestlandet. Vidare Prestevikar for biskopen i Møre i 17 år. Til saman 30 års teneste i Sjømannskyrkja. I soknerådet vil eg arbeide for å få i gong utval som arbeide retta mot alle aldre, gjerne i samarbeid med skule, kommune og organisasjonar, arbeid retta mot misjon, sjå om det er mogeleg å stimulere til eit rikare gudstenesteliv, og ei kjernesak for meg, å arbeide for å få i gong et godt frivillig diakoniarbeid. Unni Hansen Marøy Sjukepleiar 43 år, Bøvågen Har vore med i barne og ungdomsarbeid og kor. Mer familievennlige gudstjenester. Øke sanggleden i gudstjenesten. Marlen Ramsvik Rikstad Barnehageassistent 46 år, Manger Vore med i Hordabø barnekantori Ei kyrkje for alle. Arbeid barn og unge. Berit Grindheim Pensjonist 75 år, Manger Ynskjer at me fortsatt skal halda fram med det gode og viktige arbeidet, med born og unge som me har i kyrkjelyden. Eg vil ha ei open kyrkje for alle, men ikkje open for alt. Bjarnhild Nordanger Myhre Vernepleiar 59 år, Sletta Medlem i Radøy damekor Tidlegare medlem i Hordabø sokneråd Inkluderande kyrkje. Val av sokneråd Slik røystar du ved fleirtalsval (ei kandidatliste) A B Du kan levere røystesetelen utan endringar Alle kandidatane på røystesetelen får då ei røyst kvar. Vil du endre på røystesetelen, kan du: Gje inntil tre kandidatar ei tilleggsrøyst ved å setje eit kryss i ruta til venstre for namnet til kandidaten. Kandidaten får då to røyster. Føre opp inntil tre namn på røystesetelen. Desse kan du ikkje gje tilleggsrøyst. Kandidaten får då ei røyst. Andre kandidatar får ei røyst kvar. Andre endringar vil ikkje telje med. Brett røystesetelen i to med teksten inn PLAKAT 2.3.3: SLIK STEMMER DU VED VALG AV MENIGHETSRÅD FLERTALLSVALG (ÉN LISTE) NYNORSK Menighetsrådsvalg i EKSEMPEL SOKN (13.-)14. september 2015 Nominasjonskomiteens liste Soknerådsval i EKSEMPEL SOKN (13.-)14. september 2015 1. CECILIA CELIUS, 36 år, ÅRNESVEIEN 11, ØSTSIDEN, advokatfullmektig Lista til nominasjonskomiteen 1. CECILIA CELIUS, 36 år, ÅRNESVEIEN 11, ØSTSIDEN, advokatfullmektig 2. HENRIK GROTH, 38 år, SVINGEN 58, TVEIT, anleggsgartnar 3. ARVID KROKEN, 21 år, OKSEPLASSEN 3, OKSNESET, murarlæring 4. ANNE-METTE OLSEN, 34 år, NORD-TVEIT, TVEIT, produksjonsleiar 5. ANTON ARNESEN, 74 år, DRABANTEN 8, NEDREBYGD, pensjonist 6. BERIT BJØRK, 29 år, FJORDGLØTTET 45, BJØRKVIK, lærar 7. DORTHE DIAKONISSEN, 48 år, FELTS PLASS 19, VESTSIDEN, heimesjukepleier 8. ELIN EDVARDSEN, 54 år, GNUGATA 55, ØVERDALEN, sekretær 9. FRANK FRIMANN, 20 år, GRENDEBRÅTEN 2, SØRBYEN, student Det skal veljast 4 medlemer og 5 varamedlemer. Nominasjonskomiteen sine kandidatar er sette opp på vallista i prioritert rekkjefølgje. Eventuelle kandidatar frå supplerande nominasjon står nedst på vallista utan nummer. Du kan levere røystesetelen utan endringar. Alle kandidatane på røystesetelen får då ei røyst kvar. Vil du endre på røystesetelen kan du: - Gje tilleggsrøyst til kandidatar på lista Du kan gje ei tilleggsrøyst til inntil tre kandidatar. Det gjer du ved å setje eit kryss i ruta til venstre for namnet til kandidaten. Kandidaten får då to røyster. Andre kandidatar får ei røyst kvar ved oppteljinga. - Gi personrøyst til andre valføre personar i soknet Du kan gje personrøyst til inntil tre andre valføre personar i soknet. Det gjer du ved å føre opp personnamnet på røystesetelen. Bruk store bokstavar. Personen får då ei røyst. Andre endringar vil ikkje telje med i valoppgjeret. Det er ikkje høve til å stryke kandidatar. Bruk blå/svart penn eller blyant. Skriv tydeleg. 2. HENRIK GROTH, 38 år, SVINGEN 58, TVEIT, anleggsgartner 3. ARVID KROKEN, 21 år, OKSEPLASSEN 3, OKSNESET, murerlæring 4. ANNE-METTE OLSEN, 34 år, NORD-TVEIT, TVEIT, produksjonsleder 5. ANTON ARNESEN, 74 år, DRABANTEN 8, NEDREBYGD, pensjonist 6. BERIT BJØRK, 29 år, FJORDGLØTTET 45, BJØRKVIK, lærer 7. DORTHE DIAKONISSEN, 48 år, FELTS PLASS 19, VESTSIDEN, hjemmesykepleie 8. ELIN EDVARDSEN, 54 år, GNUGATA 55, ØVERDALEN, sekretær 9. FRANK FRIMANN, 20 år, GRENDEBRÅTEN 2, SØRBYEN, student Det skal velges 4 medlemmer og 5 varamedlemmer. Nominasjonskomiteens kandidater er satt opp på valglisten i prioritert rekkefølge. Eventuelle k nominasjon står nederst på valglisten uten nummer. Du kan levere stemmeseddelen uten endringer. Alle kandidatene på stemmeseddelen får da é Vil du endre på stemmeseddelen kan du: - Gi tilleggsstemme til kandidater på listen Du kan gi én tilleggsstemme til inntil tre kandidater. Det gjør du ved å sette et kryss i ruten t kandidaten. Kandidaten får da to stemmer. Øvrige kandidater får én stemme hver ved oppte - Gi personstemme til andre valgbare personer i soknet Du kan gi personstemme til inntil tre andre valgbare personer i soknet. Det gjør du ved å fø stemmeseddelen. Bruk store bokstaver. Personen får da én stemme. Andre endringer vil ikke telle med i valgoppgjøret. Det er ikke anledning til å stryke kandidater. Bruk blå/svart penn eller blyant. Skriv tydelig. 6 7

kandidatbrosjyre nynorsk_brosjyre valg 08.08.15 15:49 Side 2 kandidatbrosjyre nynorsk_brosjyre valg 08.08.15 15:49 Side 3 Dei nominerte til Bjørgvin bispedømeråd 2015-19 Det er ein nominasjonskomite som har sett opp lista. Nominasjonskomiteen er valt av representantar frå sokneråda, med ein medlem frå kvart prosti. Lista er utarbeidd på bakgrunn av forslag frå sokneråd, ungdomsrådet i bispedømet og forslag frå medlemene i nominasjonskomitéen. Komitéen har lagt vekt på at begge kjønn skal vere representerte med minst 40 prosent og at lista skal innehalde minst 20 prosent kandidatar under 30 år. Det er vidare lagt vekt på å at ein skal representera ei breidde i kandidatane sine syn på aktuelle kyrkjelege spørsmål. 1. Inger Helene Thingvold Nordeide 54 år. Sjølvstendig næringsdrivande. Førde, Sunnfjord prosti. Erfaring: Medlem og leiar Bjørgvin bispedømeråd, søndagsskulelærar, gudstenesteutval, kyrkjeblad, helse- og sosialutval i kommunen, styre folkehøgskule. Eg stiller til val fordi eg ønskjer å være med å påverke i dei vala kyrkja skal gjere etter skillet frå staten. 2. Nora Sætre Baartvedt 20 år. Student, Fyllingsdalen videregående skole. Voss, Hardanger og Voss prosti. Erfaring: Leiar av Ungdomsrådet i Bjørgvin, medl. klokkarlaget i Voss, delegat Ungdommens kirkemøte 13 og UKM-delegat til Kyrkjemøtet 14. Eg stiller til val fordi det er viktig for meg at kyrkja, i denne tida med endring, er til stades i samfunnet og bidreg med positive verdiar. Samstundes er det viktig at me framleis opprettheld dei tradisjonar og retningslinjer som me sjølve kjenner oss att i. Eg vil gjerne være med å koma fram til noko som sikrar ei god framtid for kyrkja vår. 3. Karl Johan Kirkebø 65 år. Markedsdirektør. Bønes, Fana prosti. Erfaring: Medlem og leiar i meninghetsråd, Stiftelsen Bønes interimskirke, menighetsblad, medlem fellesråd og medlem/leiar prostiråd. President i lokal Lions club. Eg stiller til val fordi eg har eit brennande engasjement for kyrkja og for det den kan bety for kvar enkelt og for lokalsamfunnet. Eg er uroleg for utviklinga i kyrkja og er redd for at kyrkja er i ferd med å bli meir og meir konform, med blir lågare takhøgd og høgre tersklar. Viktig å ta tak i bl.a. finansiering no når kyrkja blir meir sjølvstyrt. Med min bakgrunn frå økonomi og strategi og mitt engasjement som kyrkjemedlem, trur eg at eg kan medverka. 4. Andreas Skeidsvoll 23 år. Student, Universitetet i Bergen. Osterøy, Åsane prosti. Erfaring: Sokneråd. Eittåring i kyrkja. Student- KRIK, kor, ungdomsforeining og kyrkjelydsarbeid. Eg stiller til val fordi eg ønskjer å bidra med tankar og idear om korleis kyrkja kan løysa dei store utfordringane den står overfor i tida framover. Eg ønskjer å være ei ung røst i bispedømerådet og på Kyrkjemøtet, og eg håper at mi erfaring frå fleire kristne ungdomsog studentmiljø kan vera med på å gi eit nytt perspektiv på sakene som vert tatt opp i desse organa. 5. Berit Nøst Dale 63 år. Høgskolelektor NLA/ Lærerhøgskolen. Meland, Nordhordland prosti. Erfaring: Medlem i Bjørgvin bispedømeråd, medlem og nestleiar i sokneråd. Eg stiller til val fordi eg er blitt beden om det, kanskje fordi eg har erfaring frå bispedømeråd og kyrkjemøtet siste periode. Som lek kyrkjegjengar i eigen kyrkjelyd ser eg det som positivt at folk på grunnplanet er med og avgjer kvar kyrkja skal gå vidare i den nye situasjonen som kyrkjesamfunn heller enn statskyrkje. 6. Marius Økland 29 år. Adm. leiar, Normisjon reg. Sogn og Fjordane. Bremnes, Sunnhordland prosti. Erfaring: Konfirmantlærar. Styre- og leiarverv i Indremisjonssamskipnaden og Normisjon. Søndagsskulelærar. Eg stiller til val fordi eg er motivert til å jobbe for at kyrkja skal vere relevant i barn og unge sitt liv. Dette må vi halde varmt på alle nivå i kyrkja. I trua på Jesus er vi kalla til eit livslangt disippelskap og kyrkja må møte barnefamiliane, ungdommane og dei unge vaksne sine behov for kristent fellesskap på ein måte som er relevant for dei. 7. Liv R. Ågotnes 48 år. TSP Group Manager and System Administrator. Fjell, Vesthordland prosti. Erfaring: Leiar for personal- og serviceavd. ved Bjørgvin bispedømekontor. Kyrkjeverje, leiar kyrkjelydsutval, medlem sokneråd. Eg stiller til val fordi eg er glad i kyrkja og voner eg kan gjere nytte for meg med min kompetanse innan personal, organisasjon breid erfaring innanfor ulike arbeidslag i kyrkja. 8. Ida Lindøe 47 år. Lektor, Kvam ungdomsskule. Ålvik, Hardanger og Voss prosti. Erfaring: Leiar sokneråd og medlem fellesråd og trusopplæringsutval. Medlem og leiar Emmaus (no Kyrkjeleg dialogsenter Bergen). Studentmenigheten i Bergen. Medlem kvinneutvalet i Bjørgvin. Eg stiller til val fordi fordi eg håpar å kunna bidra med mi erfaring og kompetanse frå kyrkjeleg arbeid i meir enn 25 år. Bakgrunnen min som religionsvitar er også relevant. Eg har eit stort ønske om at så mange som mogeleg skal få oppleve Den norske kyrkja som ein god stad å komme til og få bu i. Låg terskel, inkludering i fokus. Være ein god arbeidsgjevar. Kyrkja må både klare å tilpasse seg slik kvardag og helg er for folk flest i dag, samstundes som den skal ta vare på tradisjonar både frå kyrkjelivet i Noreg og hente inspirasjon frå den verdensvide kyrkja gjennom historien. 9. Vemund Øiestad 66 år. Tannlege i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Norsida sokn, Nordfjord prosti. Erfaring: Leiar sokneråd. Leiar fellesråd og prostiråd. Varamedlem Etisk råd i Den norske tannlegeforening. Eg stiller til val fordi eg er oppteken av utviklinga i kyrkja. Med bakgrunn både frå sokneråd og fellesråd i 18 år, har eg ein god del kunnskap og erfaring som vil vere viktig å ta med seg i dei utfordringar kyrkja står overfor dei næraste åra. 10. Per Hilleren 56 år. Bonde, Stedje, Sogn prosti. Erfaring: Leiarverv regionale styre i landbruk og landbrukssamvirke. Styreleiar Lyngmo Ungdomssenter. Sokneråd og prostiråd. Eg stiller til val fordi eg ynskjer å vere med å bidra til å styrkje den norske kyrkja sin posisjon. 11. Inge Wilhelm Økland 26 år. Barne- og ungdomsarb. i Indremisjonsforb. Sandviken, Bergen domprosti. Erfaring: Varamedlem ungdomsrådet i Bjørgvin. Konfirmantleiar. Eg stiller til val fordi det er ei veldig spennande tid kyrkja er inne i no, og val gjort i neste periode kan få store konsekvensar for framtida til kyrkja. Eg trur det kan være positivt med nokon ungdomar i bispedømerådet. 12. Hildegunn Kalvenes 67 år. Pensjonert helsesøster. Austevoll, Fana prosti. Erfaring: Leiar sokneråd. Helsesøster. Meddommar Heradsretten. Eg stiller til val fordi eg ser på kyrkja som ei stor misjonsmark. Viktig at det er klar forkynning til omvending og frelse. Ynskjer å vera med å fremje at kyrkja står på Guds ord. 13. Bjørn Sandvik Sølsnæs 20 år. Student. Leikanger, Sogn prosti. Erfaring: Verv i Fylkesstyremedlem i Senterungdomen Sogn og Fjordane, Leiar i Senterungdomen Midtre Sogn, Leiar i Leikanger Bondelag, Leiar i Leikanger Mållag. Eg stiller til val fordi eg er reflektert og engasjert. Eg er glad i og kjenner meg heime i kyrkja, og vil gjerne bruka engasjementet mitt på å forvalta henne vidare. Me lever i ei spennande tid og står føre store endringar. Eg er løysingsorientert og trur eg kan bidra positivt og konstruktivt i dei prosessane som kjem. 14. Kjellfrid Torunn Mæland 63 år. Førsteamanuensis i pedagogikk ved HSH. Stord, Sunnhordland prosti. Erfaring: Medlem i sokneråd og kyrkjeakademi. Eg stiller til val fordi eg har fått eit konkret spørsmål frå den lokale kyrkjelyden. Eg ser det meiningsfylt og spennande å delta i kyrkjeleg utviklingsarbeid i ei tid med store endringar, og der både nasjonale og internasjonale perspektiv høyrer med. 15. Gunn Ragnhild Vårdal Helgesen 59 år. Sjølvstendig næringsdrivande. Selje, Nordfjord prosti. Erfaring: Ordførar, Varaordførar, Leiar i Nordfjordrådet, Leiar i hovudutval for skule og barnehage i Selje. Eg stiller til val fordi eg er spurt om å stille som kandidat, og eg har eit ynskje om å delta. 16. Kjell Jarle Aadland 66 år. Rådgiver. Os, Fana prosti. Erfaring: Os Y s men klubb president, Y s men Region Norge kasserer. Eg stiller til val fordi eg vil vera ein representant for mangfaldet. 17. Jostein Bildøy 49 år. Dagleg leiar. Førde, Sunnfjord prosti. Erfaring: Mentor/teneste i trusopplæring, foredragshaldar. Fylkessekretær KrF. Søndagsskulekonsulent. Styremedlem European Lutheran Sunday School Association. Eg stiller til val fordi eg vil vere ein medspelar i arbeidet med å styrke og vidareutvikle trusopplæring for barn, familie og kyrkjelyd. Eg vil arbeide for Den norske kyrkja som ein proaktiv og dynamisk kyrkjeleg organisasjon som lokalt og nasjonalt motiverer som konkret trussamfunn og folkekyrkje. Eg vil vere ein medspelar i arbeidet med dialog mellom trus- og livssynsamfunn for kjennskap, tryggleik og respekt. Supplerande kandidat: Egil Morland 65 år. Førsteamanuensis. Fjell, Vesthordland prosti. Erfaring: Bjørgvin bispedømeråd og Kyrkjerådet, Fagleg-etisk utval i Menneskeverd. Varaordførar. Eg stiller til val fordi dei siste åra og dei komande er svært viktige for kyrkja si framtid, både når det gjeld ordningar og profil. Det vil ikkje vera rett å «hoppa av» no, med den erfaringa eg har frå desse prosessane. Eg har no hatt 1½ periode i Bispedømerådet, og er for tida også vald medlem av Kyrkjerådet. Supplerande kandidat: Marte Seip 69 år. Pensjonert lækjar. Eidfjord sokn, Hardanger og Voss prosti. Erfaring: Kirkens Nødhjelp i Sør-Sudan og Pakistan. Sokneråd og fellesråd. Speidarleiar. Medlem av diakoniutvalet i Bjørgvin. Eg stiller til val fordi kyrkja ligg meg på hjarta. Vi er no inne i ein viktig organisasjonsoppbyggingsfase. Eg er oppteken av at strukturar på alle plan må tene det lokale arbeidet. Spesielt meinar eg at eg kan representere små kommunar og prosti med mange sokn og kommunar. Supplerande kandidatar kom inn etter nominasjonen med minst 75 underskrivarar kvar bak seg. Alder på kandidatane er alder på valdagen 14. september. Les meir om kandidatane på kyrkja.no/bjorgvin www.kyrkjevalet.no 8 9

kandidatbrosjyre nynorsk_brosjyre valg 08.08.15 15:49 Side 4 S ID E www.kyrkjevalet.no Fargelegg Jesus blir døpt av Johannes. Teikn ei krokodille Bli betre kjent med kandidatane Les meir om kandidatane på nettet: kyrkja.no/bjorgvin, eller i brosjyre du får på ditt lokale kyrkjekontor. Der kan du lesa kandidatane sine svar på desse spørsmåla: Eg stiller til val til bispedømerådet og Kyrkjemøtet fordi: 1 2 Den norske kyrkja sitt visjonsdokument (2015-2019) presenterer den evangelisk-lutherske folkekyrkja som: 3 Kva meiner du om vigsel av likekjønna par i Den norske kyrkja? 4 Tilhøvet mellom staten og kyrkja er i endring. Kva framtidsutsikter ser du for rekruttering, organisering og arbeidsgjevaransvar i kyrkja? 5 Korleis vil du leggja til rette for at kyrkja kan halda saman trass i saker med stor usemje? Vedkjennande Open Tenande Misjonerande Korleis vil du arbeida for å verkeleggjera dette? Kyrkjevalet 2015 - kort sagt 13. 14. september er det kyrkjeval i tillegg til kommune- og fylkestingsval. Dei fleste stader er valet berre den 14. september Alle medlemer av Den norske kyrkja har røysterett frå det året dei fyller 15. Førehandsrøysting frå 10. august. 1. Bruk blyant. 2. Fleire detaljar, framleis blyant. 3. Fleire detaljar og mønstra i krokodilleskinnet. Etterpå teiknar du strekane på nytt med ein tynn, svart, vassfast tusj. Ta gjerne ein kopi av strekteikninga før du fargelegg ho. 4. Fargelegg krokodilla! Teikning: Kari Sortland 1 3 2 4 Du kan påverka Nominasjonskomiteen sine kandidatar er sette opp på vallista i prioritert rekkjefølgje. Eventuelle kandidatar frå supplerande Kandidatane blir valde for fire år. nominasjon står nedst på lista utan I august vil alle med røysterett få eit valkort i posten med informasjon om nummer. Rekkefølgja har berre noko å kvar og når dei kan røysta. seie dersom to kandidatar får likt tal Medlemene av bispedømerådet er også medlemer av Kyrkjemøtet, Den røyster. Kvart kryss du set framfor norske kyrkja sitt «Storting». Kyrkjemøtet har ei veldig viktig rolle i å styra ein kandidat, kan difor ha kyrkja no som den er i ferd med å bli sjølvstendig i høve til staten. mykje å seia. Di røyst i det direkte valet er med på bestemma dei fire første kandidatane som skal inn i bispedømerådet. Resten av dei sju leke representantane blir valde av sokneråda seinare. I tillegg vel prestane ein kandidat og andre kyrkjeleg tilsette ein kandidat. Begge desse gruppene har eigne kandidatlister. Biskopen er fast medlem av bispedømerådet, som har 10 medlemer. Slik går du fram når du skal velja kandidatar A B Du kan levere røystesetelen utan endringar. - Alle kandidatane på røystesetelen får då ei røyst kvar. nr.9 nr.7 Vil du endre på røystesetelen, kan du gje inntil tre kandidatar ei tilleggsrøyst ved å setje eit kryss i ruta til venstre for namnet til kandidaten. David og Goliat nr.3 nr.12 nr.11 nr.13 nr.10 side 2 Det nye Jerusalem Tårnag entene : De første disiplene Gullive r: Himmel rike og de små t David og Batseba - Kandidaten får då to røyster. - Andre kandidatar får ei røyst kvar. - Andre endringar vil ikkje telje med. - Det er ikkje høve til å stryka kandidatar. KYRKJEVALET SKAPAR FRAMTIDAS KYRKJE 10 Abonnér på barnebladet side : tene agen Tårn 7 10 side 16 blader + DVD eller bok (privatabonnement = berre 365,heim i posten) dragefjellet.no Gruppeabonnement berre 199,per barn 2 pt ir døt er seg ved s bl is ustevis øen Jesu Jes og fr Tiberiassj Supersetning Salme 37,5 Legg din vei i Herrens hånd! Stol på ham, så griper han inn. Bibelteikneseriar og gøyale aktivitetar! etning Supers Salme 37,5 i Herrens hånd! inn. Legg din vei så griper han Stol på ham, ditt av hele kraft og Gud Lukas all din selv. n din Herre sjel og av som deg elske din neste Du skal og av hele og din nd, hjerte din forsta av all etn Supers 10,27 ing 31. august 2014 Supersetning Johannes 3,16 2. mars 11. mai 2014 2014 Supersetning For så høyt har Gud elsket verden at han Sønn, den enbårne, gav sin for at ham, ikke skal gå fortapt, hver den som tror på men ha evig liv. Johannes 14,6 Jesus sier: «Jeg er veien, sannheten og livet. Supersetning Ingen kommer til Far uten ved meg.» g -DVD er En 20 tegnefilm liv. fra Jesu Forteller fortelling Tegnere: Christoffer Produsen t innlesing ing 2. november e g od De n e r e n et 10,14 gj ber 2014 Den god e g j e t e re n kking: Dicentia Tegneseri emanus/p rodusent: Runar Bang rbund 2011 Søndagsskolefo og Norsk 0606 OSLO Etterstad, PB 6552 Perfekt som faddergåve! Ting på barnas@sondagsskolen.no eller på telefon 22 08 71 00 16. novem : Føyen Arnevåg DVD-try Tønnesen, Asbjørn Chris Murphy, Vera Tataro, Jansen,, Rikke Fjeld Gaustadnes Raymond Erik Ødegaard Markus n: AnimasjoAlve, CirkA Film Merete : Harald Stoltenberg Supersetn La de små 2014 ikke! For barna komme Guds rike til meg, og tilhører slike som hindre dem dem. 19. oktober 2014 gode De n e r e n jet 14. september 2014 Lukas 10,27 Du skal elske Herren din Gud av hele ditt hjerte og av hele din sjel og av all din kraft og av all din forstand, og din neste som deg selv. av DVD: Bestilling ndagsskole.no butikk@so En -DVD fra nt på Bli abonne d barnebla hjem i posten. kolens rett Søndagss DVD + bok kole.no + sondagss 14 blader på barnas@ Bestill En -DVD fra NSSF S0211 2011 11

Familienytt Innkomne offer Døypte Dåpsdato 14.06.2015 Nikolas Bakke 14.06.2015 Maja Bakke 28.06.2015 Alina Myksvoll 28.06.2015 Brede Villanger Grindheim 28.06.2015 Sofie Sylta Nordbustad 19.07.2015 Morten Nordanger Bjerkestrand 02.08.2015 Nikolai Carlsen 09.08.2015 Aurora Skjelanger 09.08.2015 Andrine Johanne Valdersnes-Duvfors 16.08.2015 Elias Vågenes Morken 16.08.2015 Emil Endrè Humlestøl Mellingen 16.08.2015 Emma Camilla Humlestøl Mellingen 16.08.2015 Elly Tveiten 23.08.2015 Lene Lavik Vigde 13.06.2015 Elin Therese Stevnebø og Roger Sundal Villanger 13.06.2015 Kristine Marås og Gaute Helland 27.06.2015 Elin Skråmestø og Jan Hinriksson 11.07.2015 Henriette Helle Soltveit og Henning Kopperdal 11.07.2015 Julie-Ane Ødegaard og Alf Johannes Agcaoili Borge (forbøn for borgarleg inngått ekteskap) 01.08.2015 Grethe Baardsen og Bjarte Håland 22.08.2015 Iselin Sætran og Roger Myking Døde Seremonidato 19.06.2015 Signe Rikstad 26.06.2015 Ellen Mathilde Bø 03.07.2015 Nils Vågenes 07.07.2015 Alma Cecilie Urhaug 07.07.2015 Arne Morken 10.07.2015 Annlaug Netteland 10.07.2015 Anny Lilletveit 14.07.2015 Elin Helland 14.07.2015 Are Bergvoll 17.07.2015 Erna Margit Lunde 31.07.2015 Georg Sognnes 14.08.2015 Asle Kviste 21.08.2015 Bjørg Hellesø Dag Offermål Kr 21.06 4.sundag i treeiningstida Fjon fjellkyrkje og ungdomssenter 3036 28.06 5.sundag i treeiningstida Diakoni og kyrkjemusikk i Radøy sokn 1621 05.07 Aposteldagen Vestnorsk utvandringssenter 4332 12.07 7.sundag i treeiningstida Misjon uten grenser 1642 19.07 8.sundag i treeiningstida Ungdom i oppdrag 3450 02.08 10.sundag i treeiningstida Trusopplæring i Raday 3177 09.08 11.sundag i treeiningstida Laget 3500 16.08 12.sundag i treeiningstida Diakoni og kyrkjemusikk i Radøy sokn 4831 Denne perioden Hittil i 2015 Offer til kyrkjelydsarbeid (diakoni, kyrkjemusikk): 6452,00 17026,00 Offer til trusopplæring (born og ungdom 0-18 år): 3177,00 27344,00 Offer til andre organisasjonar: 15960,00 77119,00 Kva skjer i kyrkjelyden? 2 Hugs å sjekke nettsidene våre for info om gudstenester, konsertar, kor, konfirmantsamlingar og mykje meir! Periode Diakoni & kyrkjemusikk Trusopplæring 0-18 år Andre organisasjonar Diakoni & kyrkjemusikk Trusopplæring 0-18 år Andre organisasjonar 2 2015 12 13

Feilsending av valkort I desse dagar sender Kirkerådet ut valkort til kyrkja sine medlemar. Ved ein feil har diverre også einskilde personar som ikkje er medlemar motteke valkort. - Vi bed om orsaking for at personar som er utmelde eller ikkje er døypte har motteke valkort. Dette er galt. Vi forstår godt at folk vert opprørte og tek dette på største alvor, seier direktør i Kirkerådet, Jens-Petter Johnsen. Kirkerådet arbeider no med å finne årsaken til feilutsendingene. Johnsen forsikrar om at kyrkja ikkje har noko å vinne på feil i medlemsregisteret. - Den norske kyrkja er ikkje medlemsfinansiert og har ingenting å tena på at personar feilaktig står oppført i vårt medlemsregister, seier han. Kirkerådet oppmodar til at folk som feilaktig har motteke valkort tek kontakt med sitt lokale kyrkekontor, slik at feilen kan verta retta. Dette står det også opplyst om på valkortet. Alternativt kan ein ta kontakt via epost: post.kirkeradet@kirken.no Nordhordland Begravelsesbyrå as Havnevegen 31, 5918 Frekhaug Idrettsvegen 1, 5936 Manger Tlf. 56 37 14 10 Gravferdsbyrå for heile Nordhordland post@nordh-bb.no / www.nordh-bb.no Bøvågen Mat Tlf 56 37 00 90 Kvassnesveien 11-5914 Isdalstø Tlf 56 35 09 10 - Vakttelefon Tlf 56 35 55 80 Elinstallatør - Lampebutikk Tlf 56 34 96 20 Korleis har du det eigentleg? Kirkens SOS 815 33 300 www.kirkens-sos.no DEN NORSKE KYRKJA Det aktuelle soknerådet/kyrkjelege fellesrådet Radøy sokn - www.kirken.no/radoy Du finn oss også på Facebook og Twitter Manger Senter 07-23 (09-21) 5637 2255 5936 Manger Tlf. 452 71 563 Ring for avtale terje.skjelvik@broadpark.no ÅPNINGSTIDER: Torsdag 11. februar kl. 14-19 Fredag 12. februar kl. 14-19 Lørdag 13. februar kl. 10-14 Fom. uke 7 kun åpent v/forespørsel. 5936 Manger Tlf 56 34 98 60 www.fiskenett.no møte- og selskapslokale Manger Ring 56 37 31 11 leverer snittar, koldtbord og varm mat 5936 Manger, Tlf. 56 37 35 60 14 15

Vel møtt i kyrkja! Sjå òg nettsidene våre: kirken.no/ radoy søndag 6. september 1100 Hordabø. Gudsteneste. Offer: Trusopplæring i Radøy. søndag 13. september 1100 * Manger. Gudsteneste. Offer: Norsk Lærerakademi. søndag 20. september 1100 Sæbø. Gudsteneste. Offer: Diakoni & Kyrkjemusikk i Radøy. søndag 27. september 1100 * Manger. Gudsteneste. Offer: Trusopplæring i Radøy. søndag 04. oktober 1100 Hordabø. Gudsteneste: Offer: Kristent arbeid blandt blinde og svaksynte. søndag 11. oktober 1100 Sæbø. Gudsteneste. Offer: Gå ut-senteret søndag 18. oktober 1100 * Manger. Gudsteneste: Offer: Diakoni & Kyrkjemusikk i Radøy. søndag 25. oktober 1900 Hordabø. Tomasmesse. Offer: De fire diakoniinstitusjoner. søndag 1. november 1900 * Manger. Minnegudsteneste. søndag 8. november 1100 Sæbø. Gudsteneste. Offer: IKO - Kirkelig pedagogisk senter. 1600 Hordabø. Gudsteneste. Offer: IKO - Kirkelig pedagogisk senter. søndag 15. november 1100 * Manger. Gudsteneste. Offer: Trusopplæring i Radøy. søndag 22. november 1100 Hordabø. Gudsteneste. Offer: Stefanusalliansen. * Hugs å sjekka kalenderen på www.kirken.no/radoy for oppdatert informasjon om gudstenester og for oversikt over andre arrangement og tilbod i kyrkjelyden! Dette er særs viktig når det gjeld gudstenester og andre arrangement i Manger kyrkje som kan verta flytta på kort varsel. Elektronisk bestilling av dåp Visste du at du no kan bestille dåp i Radøy sokn via nettstaden vår? Du slepp dermed å vente på at kyrkjekontoret er opent og kan velja fritt blant ledige dåpsgudstenester. Besøk oss på www.kirken.no/radoy og klikk på Dåp!...ein må ikkje berre sjå etter om det er gudsteneste i den næraste kyrkja, men tenka at både Sæbø, Hordabø og Manger er mi soknekyrkje. Biskop Halvor Nordhaug, visitas 2012. Redaksjon: Audun Sylta, J.William Kay. Utforming: J.William Kay E-post: radar@radoysokn.no Trykk: Trykk Service A/S Knarvik Bilete: Kirkerådet, Willem Vogelaar. DEN NORSKE KYRKJA Radøy Det aktuelle sokn soknerådet/kyrkjelege fellesrådet