Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

Like dokumenter
Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Informasjonshefte Tuv barnehage

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Kommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

Du må tru det for å sjå det

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I BREMANGER KOMMUNE

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Vedtekter for barnehagane i Hemsedal. Gjeldane frå 1. oktober 2016

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR. Underlagt lov : Lov om barnehage, og til ei kvar tid gjeldane forskrifter og rammeplan for barnehage

Barnehagebruksplan

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185 Endringsvedtak i kommunestyret

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Det finst ei rettleiing til gjennomføring av Ståstadsanalysen på: D Tilsette vurderer barnehagen opp mot teikn på god praksis

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

Informasjon til foreldre

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR. Elvetun Barnehage AS

VEDTEKTER FOR HORNINDAL BARNEHAGE (gjeldande frå )

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

Utval for opplæring og kultur er styringsorgan for dei kommunale barnehagane i Hå. Barnehagane er administrativt knytta til opplæring og kultur.

Sandøy kommune Eining for Oppvekst og kultur

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Vedtekter for. Fyresdal barnehage. Vedteke i kommunestyresak 3/13 med endringar i RS 43/13

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Vedtekter for SÆ BARNEHAGE AS

VEDTEKTER FOR VILLVETTENE FRILUFTSBARNEHAGE DA Org.nr:

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE.

Å fremje felles interesser til beste for barnet

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR Vedtekne i kommunestyret

INFORMASJONSHEFTE A TIL Å

3. Arealutnytting Netto leike- og opphaldsareal pr. barn i barnehagen er 5,3 m² for born under 3 år og 4 m² for born over 3 år.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNINGANE I FØRDE KOMMUNE

10/60-14/N-211//AMS

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SANDE KOMMUNE

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Årsplan for. Gjelsvik barnehage 2016/2017. ein god plass å vere VELKOMMEN TIL NYTT BARNEHAGEÅR! Satsingsområde2016/2017 Kommunikasjon, språk og Tekst

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

BARNEVERNET. Til beste for barnet

LANGTIDSPLAN FOR BARNEHAGENE I HELSE BERGEN

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

VELKOMEN SOM BRUKAR I STOKKALANDSMARKA BARNEHAGE

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

SAMARBEIDSRUTINER FOR OVERGANG BARNEHAGE SKULE I SKODJE KOMMUNE

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

ÅRSPLAN barnehagen for de gode opplevelsene

Klar til skulestart EPHORTE 2011/ PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE/SKULE Kvinnherad kommune

Kviteseid kommune. Møteinnkalling

Vedtekter for SFO skulefritidsordninga i Sandøy kommune

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE

DETTE SEIER lova og rammeplanen AT VI SKAL : OMSORG OG OPPSEDING:

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Avtaleerklæring Barnehage foreldre. Sørreisa kommune

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I ØYSTRE SLIDRE KOMMUNE

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Vedtekter for kommunale barnehagar

Sandeid skule SFO Årsplan

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

Årsmelding for Urhei barnehage

Årshjul for overgang barnehage - skule

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta. 2. FORVALTNING Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar

Vedtekter for SFO - Skolefritidsordninga

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Barnehage til beste for barn

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

SAMARBEID HEIM OG SKULE

Transkript:

Barnehagane i Kviteseid Felles informasjon til føresette Gjeld frå barnehageåret 2015/2016

Om barnehagane i Kviteseid Barnehagane følgjer og arbeider etter Lov om barnehagar, Rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen, kommunale vedtekter og andre lokale vedtak. Det er 3 barnehagar i kommunen, i Brunkeberg, Kviteseid og Straumsnes i Vrådal. I Brunkeberg og Straumsnes er barnehagen ein del av oppvekstsenteret. Barnehagane er eigd og drivne av Kviteseid kommune. Alle barnehagane har barn frå 1 5 år, og har heildagstilbod 2, 3, 4 og 5 dagar/veka. Barnehagane sitt grunnsyn, læringssyn og om barns medverknad. Personalet i barnehagane i Kviteseid har arbeidt med å kome fram til eit grunnsyn og læringssyn som skal vere plattforma for haldningane som vert praktiserte i barnehagane. I tillegg har personalet arbeidt med korleis barns medverknad får ein sentral plass i planlegging og dagleg verksemd. Her er det som er felles for dei 3 barnehagane når det gjeld grunnsyn, læringssyn og barns medverknad: Grunnsyn Vi, personalet i barnehagane, møter barna med omsorg og respekt. Vi er anerkjennande og ser at vi må vere gode rollemodellar for barna, slik at haldningane og handlingane gjev barna gode verdiar som dei tar med vidare i livet. Vi ser på barna som kompetente, og legg vekt på at dei har rett til å uttrykkje seg og å delta, samstundes som alle tar ansvar for kvarandre. Vi ser det positive i at alle menneske er ulike, og lar det vere utgangspunktet for vi kan lære av kvarandre. Læringssyn Vi meiner at omsorg, leik og læring heng saman. Dette er utgangspunkt for eit heilskapleg læringssyn. Vi legg vekt på at barna skal kjenne seg trygge, som er grunnlaget for læring. Vi vaksne oppmodar og stør barna i å vere nysgjerrige, kreative og læreviljuge. Læring omfattar både formell og uformell læring. Formell læring skjer ved at vaksne og barn gjensidig formidlar kunnskap til kvarandre. Uformell læring er det som skjer i det daglege samspelet med andre menneske, og vi legg vekt på at barn lærer av kvarandre. Vi lyttar til barn si undring, og oppmuntrar dei og legg til rette for deira forsking i kvardagen. Barns medverknad: I barnehagelova står det om barns medverknad i 3: Barn har rett til å gi uttrykk for sitt syn på barnehagens daglige virksomhet. Barn skal jevnlig få mulighet til aktiv deltakelse i planlegging og vurdering av barnehagens virksomhet. Barnets synspunkter skal tillegges vekt i samsvar med dets alder og modenhet. Vi vaksne må sjå og lytte til kvart einskild barn, samstundes som vi må ta vare på heile gruppa. Barna er aktivt med i planlegging og vurdering av det som skjer, i samsvar med deira alder og mogning. Vi får del i barns meiningar og ønskje gjennom m.a. samtale, observasjon, lytting, idemyldring og konfliktløysing. Ved å gje barna respons på meiningar og ønskje, får barna tillit til eiga deltaking og medverknad i fellesskapet.

Fagområda Barnehagen er ei pedagogisk verksemd, som m.a. skal støtte barns nysgjerrighet, kreativitet og vitebegjær og gi utfordringer med utgangspunkt i barns interesser, kunnskaper og ferdigheter (frå Barnehageloven 2). Etter rammeplanen for barnehagen er det desse fagområda som skal prioriterast: 1. Kommunikasjon, språk og tekst 2. Kropp, rørsle og helse 3. Kunst, kultur og kreativitet 4. Natur, miljø og teknikk 5. Etikk, religion og filosofi 6. Nærmiljø og samfunn 7. Tal, rom og form Det finst ein kommunal plan for arbeid med Språk og lesing i barnehage og skule. Som vedlegg til planen, er det sagt noko om arbeid med språk for kvart alderstrinn. Dei andre fagområda er nærare omtalt i årsplanen for den einskilde barnehage. Overgangar Det er laga ein tiltaksplan for overgangar i Kviteseid kommune. Der er det skissert kva som skal skje, m.a. når eit barn startar i barnehage eller ved overgagn frå barnehage til skule. 1. Starte i barnehage skifte barnehage Frist Tiltak Ansvar Merknad 1 mnd før Velkomstskriv Styrar/pedleiar Adressert til barnet Invitasjon til besøk 14 dagar før Møte for overføring av informasjon Styrar i bhg barnet kjem frå Gjeld skifte av barnehage 14 dagar før Besøk i barnehagen Pedleiar Med føresette Fyrste dagar Tilvenning, kortare besøk Pedleiar 2. Overgang barnehage skule/sfo Barn som ikkje går i barnehage Frist Tiltak Ansvar Merknad Innan 01.10 Møte mlm rektor og styrar hausten før skulestart om 5- årsgruppa Styrar Innan 01.03 Kontakt med helsestasjon for Rektor 5-åringar som ikkje går i bhg Innan 01.04 Info om SFO/gratis leksehjelp Rektor/SFO-leiar 01.04 Søknadsfrist, SFO Rektor/SFO-leiar Innan 01.04 Klargjering av kontaklærar for Rektor NB! Godkjenning frå føresette. Barn med særskilte behov, eiga ordning

ny 1. klasse Innan 01.05 Kontaktlærar besøkjer førskulegruppe i barnehagen Styrar/kontaktlærar Styrar tar kontakt og gjer avtale Innan 15.05 Velkomstbrev til foreldre Rektor/kontaktlærar Innan 01.06 Foreldremøte Kontaktlærar NB! Info om SFO Innan 01.06 Prøveskule/besøk i SFO Kontaktlærar Personale frå bhg må følgje barn med særskilte behov Innan 01.06 Fadderordning Kontaktlærar Eldre elevar er faddarar Fyrste skuledag Elevane møter rektor og kontaktlærar Kontaktlærar Styring og samarbeid Barnehagane her i landet er knytt til Kunnskapsdepartementet/Utdanningsdirektoratet. Barnehagelova av 2013, slær fast i 1 at Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling I tillegg er det sagt i 4: For å sikre samarbeidet med barnas hjem, skal hver barnehage ha et foreldreråd og et samarbeidsutvalg. Kviteseid kommune er barnehageeigar, samstundes som kommunen også er barnehagemynde. Foreldreråd Alle foreldra/føresette utgjer foreldrerådet. Kvar haust vel foreldrerådet 2 representantar m/ vara til barnehagen sitt samarbeidsutval. Foreldrerådet skal fremje samarbeidet mellom heim og barnehage. Foreldrerådet kan be om å få førelagt saker som er viktige for foreldra sitt tilhøve til barnehagen. Foreldrerådet har rett il å uttale seg i slike saker før avgjerder vert tekne. Ved røysting i foreldrerådet tel kvart barn som ei stemme. Samarbeidsutval I barnehagelov 5 står det om samarbeidsutval: Kommunen kan bestemme at det skal være felles samarbeidsutvalg for kommunal barnehage og grunnskole. Det står vidare i 5: Samarbeidsutvalget skal være et rådgivende, kontaktskapende og samordnende organ. Samarbeidsutvalget består av foreldre/foresatte og ansatte i barnehagen, slik at hver gruppe er likt representert. Barnehagens eier kan delta etter eget ønske, men ikke med flere representanter enn hver av de andre gruppene. Kviteseid barnehage har eige samarbeidsutval. Ved oppvekstsentra er det organisert felles samarbeidsutval for barnehage og skule. Foreldresamarbeid Etter barnelova 30, skal foreldreansvaret utøvast ut frå barnet sine interesser og behov. Foreldre skal vidare syte for at barnet får ein trygg og god oppvekst. For barn i barnehagen er det difor vesentleg med eit samarbeid mellom foreldre og barnehage, som byggjer på gjensidig tillit og open kommunikasjon.

Kontakten skjer i fleire samanhengar, som i den daglege hentinga, på foreldremøta, i foreldresamtalene og uformelle samkomer. Det er foreldremøte 2 gonger i året og barnehagen inviterer til foreldresamtaler 2 gonger pr. år. Personalsamarbeid - Planleggingsdagar. Alle barnehagane er stengde 5 dagar i løpet av barnehageåret, som er sett av til felles planlegging og kompetanseheving for personalet. - Personalmøte. - Avdelingsmøte Andre samarbeidspartnarar Viss barnehagen tar kontakt med andre instansar om einskildbarn, skal det liggje føre godkjenning frå foreldre. - Barnehagane i kommunen. Styrar, saman med assisterande einingsleiarar og rektorar for oppvekstsentra deltek på administrasjonsmøte for barnehage og skule, til vanleg om lag 6 gonger/år. - Kommunen har eigne spesialpedagogar. - PP-tenesta Barnehagen kan, i samarbeid med heimen, søkje hjelp og rettleiing frå PP-tenesta. Tilsette i PPT deltek også i FSB-møta (Forum for Systemretta arbeid i Barnehagen). - Helseetaten Lege, helsesyster, fysioterapeut - NAV. Barnehagen har, etter barnehagelov 21 opplysningsplikt til sosialtenesta. Det er understreka at barnehagen berre kan gje opplysningar etter samtykke frå foreldra/føresette. - Barnevernet. Barnehagen har, etter barnehagelov 22, opplysningsplikt til barnevernet. Det er styrar som normalt skal gje desse opplysningane. - Grunnskulen (Sjå pkt. om overgangar) Forsikring Alle barn i barnehagane er forsikra under ordinær barnehagetid, og under deltaking i aktivitet som går føre seg i barnehagen sin regi. Ved spørsmål, har kommunen komplette forsikringsvilkår. Opningstider og betalingssatsar Kviteseid barnehage Kl 07.30-16.30 Brunkeberg oppvekstsenter Kl - 07.30-16.30 Straumsnes oppvekstsenter, Vrådal Kl 07.30-16.30 Foreldrebetaling pr. 01.08.2015 5 dagar/veka 2.580 pr. mnd 4 dagar/veka 2.419 pr. mnd 3 dagar/veka 2.194pr. mnd 2 dagar/veka 1.647 pr. mnd Betaling i tilsaman 11 månader

Annan nyttig informasjon Personalet ser på den daglege kontakten med føresette/foreldre som ein viktig del av foreldresamarbeidet. Av og til kan det vere nødvendig for personalet å kome i kontakt med foreldra. Gje melding om de ikkje er å treffe på dei telefonnummera som er oppgjevne i barnehagen. Smittefaren er stor i barnehagen. Hald difor barna heime dersom det er sjukt. Dersom det er for sjukt til å delta i vanlege aktivitetar ute eller inne, skal det haldast heime. Det er viktig å hugse på at eit barn kan reagere annleis i barnehagen enn i heimen det er alltid fleire menneske og større aktivitet i barnehagen. Sjå elles oppslag i den einskilde barnehage. La helst ikkje barnet ta med seg leiker heimanfrå. Leikene i barnehagen skal vere felles, alle skal kunne leike med det som er der. Det er også vondt om noko skulle bli borte eller øydelagt for barnet. Dersom det kan vere til hjelp i innkøyringsfasen, til kvile og trøyst, er det sjølvsagt heilt i orden med eit kosedyr el.l. Merk: Barnehagen har ikkje ansvar for leiker som er tekne med heimanfrå. Godteri tek vi ikkje med til barnehagen, heller ikkje tyggegummi. Barnet bør ha tøflar eller sko til å gå med inne. Sokkar er ikkje lurt, då det ofte blir vått i gangen. Barnet skal kvar dag vere utstyrt med minst eit helt ekstra skift som passar til årstida. Ta med støvlar (i tilfelle tur i skogen) og regntøy til barnehagen kvar dag sjølv om det er fint vêr om morgonen. Hugs å merke alt tøy og utstyr med barnet sitt namn. (Ikkje gløym støvlar, strømpebukser, vottar og liknande) Det heng bestillingskupongar på namneband på oppslagstavla i garderoben. Ta med eit bilete av barnet til å ha på bursdagskalenderen. Barnet får mat og drikke i barnehagen. Betaling for dette skjer saman med betaling for barnehageplassen. Vi vil helst ikkje ha bursdagsinnbydingar i barnehagen. Kjernetid i barnehagen er kl. 09.30 14.30. Ver snill å gje melding om barnet kjem/blir henta i kjernetida. Dette er viktig av omsyn til aktivitetar/turar. Gje også melding om barnet ikkje kjem i barnehagen. Sei i frå til personalet at du hentar barnet. Vi vil også gjerne vite om det er andre som hentar enn foreldre/føresette. Barn som blir henta etter stengetid det er utarbeidt eige skriv om det. Ver snill å ikkje la bilen gå på tomgang på parkeringsplassen heller ikkje om vinteren! Tenk på miljøet vårt, og at de er modellar for barnet dykkar!