MØTEPROTOKOLL Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet møterom 126 Møtedato: 26.09.2016 Tid: kl.11:30-14:00 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Saklista og innkalling vart gjort tilgjengeleg elektronisk 20.09. 2016. Møtet vart kunngjort i lokalavisa og på heimesida. Desse medlemene møtte: Maria Åsmul Julie Aakre Bratland Emilie Opheim Torbjørn Fosså Vegard Fosså Helge Mjånes Parti Ap Møtenotat: Anna: Emilie Opheim tok del i møtet frå sak 033/16. Merknader til innkalling og sakliste: Det var ingen merknad til innkalling og sakliste. Møtesekretær Erik Vangsnes leia møte gjennom sak 31 og 32. Vegard Fosså leia resten av møtet. Evt. merknader til protokollen må sendast til Fusa kommune innan 14 dagar. Eikelandsosen, 26.9. 2016 Vegard Fosså Leiar Erik Vangsnes Ansvarleg sekretær
Sakliste Sak nr. Tittel 031/2016 Val av frie representantar til Fusa ungdomsråd 2016-2018 032/2016 Konstituering av Fusa ungdomsråd 2016-2017 033/2016 Godkjenning av møteprotokoll 034/2016 Skriv og meldingar 035/2016 Søknad om tilskot til oppstart av Fusa rockeklubb 036/2016 Tertialrapport pr. 1.9.2016 037/2016 Prosjektrapportering formannskapet 2016 038/2016 Planprogram for kommunedelplan for kultur 2016-2027 039/2016 Framlegg til planprogram for kommunedelplan for akvakultur 040/2016 Framlegg til planprogram - Detaljregulering for Sævareid fiskeanlegg AS og Sævareid sentrum 041/2016 Detaljregulering for Stallabrotet øvre, bustadfelt - Godkjenning av plan 042/2016 Detaljregulering for Skåtaklubben ytre, bustadområde - Høyring og offentleg ettersyn 043/2016 Detaljregulering for Naustdalen strand og bustad - Høyring og offentleg ettersyn 044/2016 Detaljregulering for Lauvfjellet hyttefelt - Høyring og offentleg ettersyn 045/2016 Detaljregulering for Nedre Skjørsand fritidsanlegg - Høyring og offentleg ettersyn 046/2016 Kommunereforma - vidare arbeid 047/2016 Handlingsplan for busetjing og integrering av flyktningar i Fusa kommune 2016-2020 048/2016 Budsjettprosess - informasjon og drøfting. Side 2
031/2016: Val av frie representantar til Fusa ungdomsråd 2016-2018 Saka vert lagt fram utan framlegg til vedtak. Det var kome inn framlegg til 3 kandidatar til val av frie representantar: Emilie Opheim Håkon Markhus Marte Ekeberg Klippen Det vart gjennomført val med skriftleg votering. Resultatet av dette valet var at Emilie Opheim fekk 5 røyster, Marte Ekeberg Klippen 3 røyster og Håkon Markhus 2 røyster. Emilie Opheim og Marte Ekeberg Klippen vart dermed valde til faste representantar med Håkon Markhus som varamedlem for begge to. UNG- 031/2016 Vedtak: Fusa ungdomsråd vel Emilie Opheim og Marte Ekeberg Klippen til faste frie representantar i rådet, med Håkon Markhus som varamedlem for begge to. 032/2016: Konstituering av Fusa ungdomsråd 2016-2017 Saka vart lagt fram utan framlegg til vedtak Etter ei drøfting sa Vegard Fosså seg villig til å stilla som kandidat til leiarvervet. Han vart samrøystes vald. Julie Aakre Bratland sa seg villig til å stilla som nestleiar. Ho vart samrøystes vald. Funksjonstida er eitt år. UNG- 032/2016 Vedtak: Fusa ungdomsråd har vald Vegard Fosså til leiar og Julie Aakre Bratland til ny nestleiar. Funksjonstida er eitt år. Side 3
033/2016: Godkjenning av møteprotokoll Møteprotokoll frå møte 12.09.16 vert godkjent. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. UNG- 033/2016 Vedtak: Møteprotokoll frå møte 12.09.16 vert godkjent. 034/2016: Skriv og meldingar Skriv og meldingar vert teke til etterretning. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. UNG- 034/2016 Vedtak: Skriv og meldingar vert teke til etterretning 035/2016: Søknad om tilskot til oppstart av Fusa rockeklubb Saka vert lagt fram utan framlegg til vedtak. Side 4
Fusa ungdomsråd gjorde slikt samrøystes vedtak: Fusa ungdomsråd stiller seg positiv til tiltaket, men må be søkjar om å koma tilbake med fleire opplysningar med m.a. vedtekter som som fortel kva aldersgruppe klubben rettar seg mot, budsjett med søknadssum og meir informasjon korleis ein vil organisera bruken av øvingslokale. Søknaden vil bli vudert på ny i neste møte i samband med utlysing av tilskot til ungdomstiltak. UNG- 035/2016 Vedtak: Fusa ungdomsråd stiller seg positiv til tiltaket, men må be søkjar om å koma tilbake med fleire opplysningar med m.a. vedtekter som som fortel kva aldersgruppe klubben rettar seg mot, budsjett med søknadssum og meir informasjon korleis ein vil organisera bruken av øvingslokale. Søknaden vil bli vudert på ny i neste møte i samband med utlysing av tilskot til ungdomstiltak. 036/2016: Tertialrapport pr. 1.9.2016 Rådmannen legg saka fram utan tilråding. Fusa ungdomsråd tok saka samrøystes til etterretning. UNG- 036/2016 Vedtak: 037/2016: Prosjektrapportering formannskapet 2016 Side 5
Reasfaltering av del av Torsneset og veg i Eikelandsheiane industriområde i vert utført i samsvar med prosjektrapporten. Prosjektrapporten vert forøvrig teken til etterretning. Fusa ungdomsråd tok saka samrøystes til etterretning. UNG- 037/2016 Vedtak: 038/2016: Planprogram for kommunedelplan for kultur 2016-2027 Fusa kommune vedtek med heimel i Plan- og bygningslova 11-13 framlegg til Planprogram for Kommunedelplan for kultur 2016-2027, slik det ligg føre i utkast dagsett 29.6.2016 Siste setninga i punkt 4.4 Kommunereforma, får slik ny ordlyd: Sjølv om det er gjort vedtak om å gå saman med Os kommune i ein ny storkommune frå 1.1. 2020, vil kulturplanen uansett vera eit nyttig styringsverktøy og eit godt utgangspunkt for eit vidareført planarbeid i ein ny og større kommune. Fusa ungdomsråd tok saka samrøystes til etterretning. UNG- 038/2016 Vedtak: Side 6
039/2016: Framlegg til planprogram for kommunedelplan for akvakultur Fusa kommune godkjenner oppstart av planarbeid med kommunedelplan for akvakultur, og legg med dette framlegg til planprogram for akvakultur ut på høyring. Høyringsfrist setjast 6 veker etter vedtak. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 11-12 og 11-13. Fusa ungdomsråd tok saka samrøystes til etterretning. UNG- 039/2016 Vedtak: 040/2016: Framlegg til planprogram - Detaljregulering for Sævareid fiskeanlegg AS og Sævareid sentrum Fusa kommune godkjenner oppstart for Detaljregulering av AS Sævareid Fiskeanlegg og Sævareid sentrum, med plan-id 1241 2016 02. Planprogram for planarbeidet, datert 07.07.2016, vert lagt på høyring og til offentleg ettersyn i 6 veker frå dette vedtak. Vedtaket er heimla i PBL 12-1,3 og 12-9. Fusa ungdomsråd tok saka samrøystes til etterretning. Side 7
UNG- 040/2016 Vedtak: 041/2016: Detaljregulering for Stallabrotet øvre, bustadfelt - Godkjenning av plan Fusa kommune godkjenner detaljregulering for Stallabrotet øvre, bustadfelt, med plan-id 1241201204. Tillegg i føresegn: 1.3.3. Det skal føreliggja fagkyndig vurdering av skredfaren i området før det vert gitt løyve til tiltak. Planomtale for detaljregulering av Stallabrotet øvre, bustadfelt, 18.03.2016 Plankart for detaljregulering av Stallabrotet øvre, bustadfelt, 11.05.2016 Føresegner for detaljregulering av Stallabrotet øvre, bustadfelt redigert utgåve, 28.07.2016 Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 12-12. Fusa ungdomsråd tok saka samrøystes til etterretning. UNG- 041/2016 Vedtak: 042/2016: Detaljregulering for Skåtaklubben ytre, bustadområde - Høyring og offentleg ettersyn Fusa kommune legg detaljregulering for Skåtaklubben ytre, bustadfelt, med plan-id 1241 2016 03, datert 13.09.2016, ut på høyring og til offentleg ettersyn. Høyringsfrist er seks veker. Vedtaket er gjort i medhald av plan- og bygningslova 12-10, 11 og 12. Side 8
Ungdomsrådet samla seg om slik samrøystes fråsegn i saka: Fusa ungdomsråd meiner det er positivt at det blir lagt tilrette for fleire bueiningar i Skåtaklubben. Med tomtene som er vedtekne i tidlegare planar i same området, vil dette på sikt føra til ein vesentleg auke i trafikken på den privare tilførslevegen. Er det då behov for veglys for å trygga dei mjuke trafikantane? Blir dette omsynet ivareteke godt nok i det nye framlegget til reguleringsplan? UNG- 042/2016 Vedtak: Fusa ungdomsråd meiner det er positivt at det blir lagt tilrette for fleire bueiningar i Skåtaklubben. Med tomtene som er vedtekne i tidlegare planar i same området, vil dette på sikt føra til ein vesentleg auke i trafikken på den privare tilførslevegen. Er det då behov for veglys for å trygga dei mjuke trafikantane? Blir dette omsynet ivareteke godt nok i det nye framlegget til reguleringsplan? 043/2016: Detaljregulering for Naustdalen strand og bustad - Høyring og offentleg ettersyn Fusa kommune vedtek å leggja detaljregulering for Naustdalen strand og bustad datert 12.09.2016 ut på høyring og til offentleg ettersyn. Høyringsfristen er seks veker. Vedtaket er gjort i medhald av plan- og bygningslova 12-10, 11 og 12. Fusa ungdomsråd teke saka samrøystes til etterretning. UNG- 043/2016 Vedtak: Side 9
044/2016: Detaljregulering for Lauvfjellet hyttefelt - Høyring og offentleg ettersyn Fusa kommune legg detaljregulering for Lauvfjellet hyttefelt, med plan-id 1241 2001 02, ut til høyring og offentleg ettersyn. Planomtale og ROS- analyse for detaljregulering av Lauvfjellet hyttefelt, 10.06.2016 Plankart for detaljregulering av Lauvfjellet hyttetfelt, 13.05.2016 Føresegner for detaljregulering av Lauvfjellet hyttefelt - redigert utgåve, 27.07.2016 Høyringsfristen er seks veker. Vedtaket er gjort i medhald av plan- og bygningslova 12-10, 12-11 og 12-12. Fusa ungdomsråd teke saka samrøystes til etterretning. UNG- 044/2016 Vedtak: Fusa ungdomsråd teke saka til etterretning. 045/2016: Detaljregulering for Nedre Skjørsand fritidsanlegg - Høyring og offentleg ettersyn Fusa kommune legg detaljregulering for Nedre Skjørsand fritidsanlegg, plan-id 1241200810 ut til høyring og offentleg ettersyn. Planomtale Nedre Skjørsand, datert 02.05.2016. Plankart Nedre Skjørsand, datert 02.05.2016 Føresegner og retningslinjer Nedre Skjørsand, datert 20.07.2016. Høyringsfristen er seks veker. Vedtaket er gjort i medhald av plan- og bygningslova 12-9, 10 og 11. Side 10
Fusa ungdomsråd samla seg om slik samrøystes uttale: Fusa ungdomsråd er positiv til endringane som gjort i føresegnene for å sikra bruk av strandsonen for ålmenta, og tek elles saka til etteretning. UNG- 045/2016 Vedtak: Fusa ungdomsråd er positiv til endringane som gjort i føresegnene for å sikra bruk av strandsonen for ålmenta, og tek elles saka til etteretning. 046/2016: Kommunereforma - vidare arbeid Fusa kommunestyre vedtar at det vert sett ned ei styringsgruppe for kommunereforma for kommunane Os og Fusa fram til fellesnemnda er vald hausten 2017. Styringsgruppa har følgjande samansetting frå dei to kommunane: Ordførar Varaordførar Politikar frå opposisjon Rådmann Tillitsvald Styringsgruppa sitt mandat er å starta dei nødvendige prosessane fram mot etablering av ei fellesnemnd i 2017. I tillegg er det hensiktsmessig at styringsgruppa starter eit arbeid knytt til nøkkelfunksjonar for samanslåingsprosessen. Ungdomsrådet samla seg om slik samrøystes uttale: Ungdomsrådet tek saka til etterretning, men vil samstundes etterlysa korleis ein skal involvera ungdom og ivareta ungdommen sine interesserer i den vidare samanslåingsprosessen. Bør ungdomsrådet vera representert i styringsgruppa, i den komande fellesnemnda eller på andre måtar? UNG- 046/2016 Vedtak: Ungdomsrådet tek saka til etterretning, men vil samstundes etterlysa korleis ein skal Side 11
involvera ungdom og ivareta ungdommen sine interesserer i den vidare samanslåingsprosessen. Bør ungdomsrådet vera representert i styringsgruppa, i den komande fellesnemnda eller på andre måtar? 047/2016: Handlingsplan for busetjing og integrering av flyktningar i Fusa kommune 2016-2020 Rådmannen tilrår at kommunestyret: 1. vedtek handlingsplanen slik den føreligg 2. utset vedtaket om busetjing av einslege mindreårige i 2017 til ein har fått ny skriftleg instruks frå Integrerings- og Mangfoldsdirektoratet 3. vedtek bygging/kjøp av fem nye leilegheiter i fyrste omgang, for så å vurdera vidare utbygging eller kjøp i februar 2017 4. set årleg overskot av flyktningetilskot på fond øyremerka drift av introduksjonsprogram, bufellesskap for einslege mindreårige og andre nødvendige tenester Fusa ungdomsråd tek saka samrøystes til etterretning. UNG- 047/2016 Vedtak: 048/2016: Budsjettprosess - informasjon og drøfting. Saka vert lagt fram utan tilråding. Side 12
Fusa ungdomsråd tek saka samrøystes til etterretning. UNG- 048/2016 Vedtak: Side 13