REGLAR FOR BACHELOR- OG MASTEROPPGÅVA DET TEKNISK-NATURVITSKAPLEGE FAKULTET
INNLEIING Dette skrivet gir reglane for utføring av bachelor- og masteroppgåva ved Det teknisknaturvitskaplege fakultet. Reglane er fastsette av fakultetet og gir rammene for arbeidet med oppgåva. Fakultetet har i tillegg gitt ut skrivet Vegvisar for bachelor- og masteroppgåva som gir utfyllande kommentarar til reglane og råd om korleis du som student bør gå fram i samband med oppstart og gjennomføring av oppgåva. 1. Oppstart av oppgåva 1.1. Institutta held orienteringsmøte for studentane og informerer om rutiner og prosessen rundt oppgåveskrivinga. Institutta lyser så ut tilbodet av oppgåver. Fristar for å halda informasjonsmøte og lysa ut oppgåver er viste i tabell 1. 1.2. Studenten(ane) søkjer på nokre av instituttet sine oppgåver i prioritert rekkjefølgje eller registrerer eiga oppgåve, dvs. ei oppgåve som studenten(ane) har skaffa sjølv. Frist for søknad/registrering er vist i tabell 1. 1.3. Ved søknad/registrering kan ein nytta skjemaet Søknad om bachelor- og masteroppgåve. Dette må då fyllast ut av kvar student og leverast til instituttadministrasjonen. 1.4. Instituttet godkjenner endeleg oppgåvetekst og sjekkar at studenten(ane) har tilstrekkjeleg progresjon, jfr. 1.8 og 1.9. Instituttet tildeler så fagansvarleg slik at uttak av oppgåva kan skje innan fristen vist i tabell 1. 1.5. Fagansvarleg skal vera tilsett ved Universitetet i Stavanger. 1.6. Ved uttak skal skjemaet Kontrakt for bachelor- og masteroppgåva fyllast ut av kvar student og leverast til instituttadministrasjonen. 1.7. Trekkfrist for bachelor- og masteroppgaver fremgår av forskrift om studier og eksamen 2-9 nr. 6: Oppgaver meldt opp til/tatt ut høstsemesteret: Trekkfrist 1. november Oppgaver meldt opp til/tatt ut vårsemesteret Trekk før-frist: 1. april Munnleg melding om trekk er ikkje gyldig. Dersom ein kandidat som har meldt seg opp til bachelor- eller masteroppgåva, trekkjer seg etter fastsatt frist, eller ikkje leverer oppgåva innan fristen utan gyldig grunn, blir det rekna som framstilt til prøving. Studenten er sjølv ansvarleg for å dokumentere at trekk før prøving er gjort innan fastsett tidsfrist, jf. forskrift om studier og eksamen 2-9 nr. 4.
Oppgåve: Bacheloroppgåve, 15sp 30sp 60sp Frist for institutta til å halda informasjonsmøte Frist for utlysing av institutta sine oppgåver Frist for søknad/registrering (gjeld også eksterne oppgåver) Frist for kunngjering av tildelte oppgåver 15/10 1/11 15/3 15/10 1/11 15/3 15/11 1/12 1/4 1/12 15/12 15/4 Frist for formelt uttak av oppgåva 15/1 1/2 15/9 Kva semester oppgåva går over Vår Vår Haust og vår Trekk før-fristar for oppgåver som er tatt ut/meldt opp til vårsemesteret 01/04 01/04 01/11 Trekk før-fristar for oppgåver som er tatt ut/meldt opp til høstsemesteret 01/11 01/11 01/11 Tabell 1 1.8. For å ta ut ei bacheloroppgåve, må studenten(ane) ha oppfylt eitt av krava under: - bestått minst 100 studiepoeng i samsvar med godkjent utdanningsplan pr 15. oktober, eller - bestått minst 130 studiepoeng i samsvar med godkjent utdanningsplan pr 15. januar. 1.9. For å kunne ta ut ei masteroppgåve på 30 studiepoeng, må studenten ha oppfylt eitt av krava under: - bestått opptakskrava til det toårige masterstudiet og ha bestått minst 50 studiepoeng i samsvar med godkjent utdanningsplan pr 15. oktober, eller - bestått opptakskrava til det toårige masterstudiet og ha bestått minst 80 studiepoeng i samsvar med godkjent utdanningsplan pr 15. januar. 1.10. For å kunne ta ut masteroppgåva på 60 studiepoeng må studenten ha bestått minst 40 studiepoeng i samsvar med godkjent utdanningsplan pr 15. august. 1.11. Oppgåva skal normalt gjennomførast i vårsemesteret, i siste semester etter utdanningsplanen. Masteroppgåver på 60 studiepoeng går over dei to siste semestra. Det må sendast ein grunngitt skriftleg søknad til instituttet dersom ein må endra tidsrommet for gjennomføring av oppgåva. Dersom studenten blir gitt høve til å skrive
oppgåva i eit anna tidsrom, må det setjast opp ein individuell tidsplan for uttak og gjennomføring kor maksimal tid frå uttak til innlevering ikkje kan overskride 5 månader. For ei masteroppgåve på 60 studiepoeng er maksimaltida sett til 10 månader. Dispensasjonssøknad om endra tidsrom for gjennomføring av oppgåva, og individuell tidsplan for uttak og gjennomføring, skal avgjerast og godkjennast av instituttleiar. 2. Arbeidet med oppgåva 2.1. Omfanget av ei bacheloroppgåve er 20 studiepoeng. 2.2. Inntil tre studentar kan samarbeida om ei bacheloroppgåve. Samla omfang for ei oppgåve skal ikkje overstiga 60 studiepoeng. 2.3. Masteroppgåva skal vera eit individuelt arbeid med eit omfang på 30 eller 60 studiepoeng. To studentar kan likevel arbeida på same prosjekt. Oppgåvene kan då innehalda ein fellesdel, men denne må ikkje utgjera meir enn 50% av arbeidet. 2.4. Studenten(ane) skal laga framdriftsplan for arbeidet. I tillegg skal studenten(ane) laga skriftlege statusrapportar med jamne mellomrom avtalt med fagansvarleg og eventuell rettleiar. 2.5. Studenten har rett til fem rettleiingsmøte med fagansvarleg gjennom semesteret i tillegg til rettleiingsmøte i eventuell bedrift. 2.6. Fakultetet har i tillegg til reglane gitt ut skrivet Vegvisar for bachelor- og masteroppgåva som mellom anna gir utfyllande kommentarar til reglane. Institutta kan ha supplerande retningslinjer. 2.7. Studentane pliktar å setja seg inn i gjeldande HMS-regelverk ved instituttet før oppstart av eksperimentelt arbeid. 2.8. Det faglege innhaldet i oppgåva står for studenten(ane) si eiga rekning. 2.9. Kjelder skal nyttast i samsvar med fakultetet sine retningslinjer for dette, sjå kap. 3.4 i Vegvisar for bachelor- og masteroppgåva. Brot på dette blir vurdert som fusk, jf Forskrift om studier og eksamen 5-1 og 5-2. 3. Innlevering 3.1. Bacheloroppgåva har eit omfang på 20 studiepoeng. Inkludert i dei 20 studiepoenga vil det vera ein obligatorisk studiedel som omhandlar vitskapsteori og etikk. Denne delen må vera bestått for å få levera sjølve bacheloroppgåva. 3.2. Innlevering av oppgåva skal skje elektronisk i It s learning og til instituttadministrasjonen innan frist vist i tabell 2. Masteroppgåva skal i tillegg leverast i databasen BRAGE innan frist vist i tabell 2. Ved innlevering skal skjemaet Kontrakt for bachelor- og masteroppgåva kvitterast av administrasjonen, og studenten(ane) skal ha ein stempla kopi. For eksperimentelle oppgåver som er utførte ved UiS, skal det vera kvittert for at arbeidsplassen er rydda og reingjort før innlevering blir akseptert.
Oppgåve: Bacheloroppgåve, 20sp 30sp 60sp Frist for innlevering og registrering i Brage Frist for innlevering til sensur Frist for institutta til å skaffa sensor 15/6 15/6 15/5 15/6 15/6 15/5 15/5 15/5 Vurderingsfrist 6 veker 12 veker 12 veker Tabell 2 3.3. Oppgåva skal leverast i to papireksemplar og på CD-plate/USB-pinne med omslag i eitt eksemplar merkt med tittel, dato og namn. Sjølve sluttrapporten skal vera på.pdf -format. Dersom fagansvarleg ikkje treng papireksemplar, kan han/ho kryssa av for dette på skjemaet Kontrakt for bachelor- og masteroppgåva. Skjemaet Framside skal vera standard framside. 3.4. Oppgåva skal som hovudregel vera open, men kan etter søknad haldast konfidensiell, normalt inntil 2 år og maksimalt i 5 år, sjå 5.5. Dersom søknaden om konfidensialitet blir godkjent, skal framside/side 1 vera raud. 3.5. Ei bachelor- eller masteroppgåve kan som hovudregel bare leverast inn ein gong, jf Forskrift om studier og eksamen 2-10 nr. 4. Dersom ein student vil betra karakteren sin, må han/ho senda ein grunngitt søknad om dispensasjon til instituttleiar. Instituttleiar vurderer søknaden på følgjande grunnlag: Studenten sine samla resultat og progresjon. Instituttet sin rettleiingskapasitet. På bakgrunn av vurderinga lagar instituttleiar ei innstilling til dekan som i følgje forskrift om studier og eksamen 2-10 nr. 5 skal avgjera slike saker. I slike tilfelle kan ein ikkje gi studenten høve til å omarbeida ei tidlegare innlevert oppgåve, jf. forskrift om studier og eksamen 2-10 nr. 4 litra a). Oppgåva skal ha nytt tema og tittel. NB! Dette blir teljande som andre og siste forsøk. Dispensasjon for eit tredje forsøk kan ikkje gjevast. 3.6. Dersom ei oppgåve blir vurdert til stryk, skal studenten(ane) få valet mellom alternativa a) og b) under. a) Studenten(ane) kan velja å omarbeida den innleverte oppgåva innan ein gitt frist. Fakultetet kan gi studenten(ane) inntil ein månad på seg til å levera inn oppgåva i omarbeidd form til ny vurdering. NB! Dette blir teljande som andre og siste forsøk. Dispensasjon for eit tredje forsøk kan ikkje gjevast.
b) Studenten(ane) kan velja å skriva ein helt ny oppgåve i vårsemesteret, eit år etterpå. Denne oppgåva skal ha ny tittel og nytt tema. NB! Dette blir teljande som andre og siste forsøk. Dispensasjon for eit tredje forsøk kan ikkje gjevast. Studenten(ane) kan få ein frist på inntil 14 dagar for å velja alternativ. Dersom studenten(ane) ikkje held denne fristen, blir F-karakteren protokollført. Alternativ a) fell då vekk. 3.7. Er det fare for at innleveringsfristen ikkje kan haldast, kan studenten(ane) i samråd med rettleiar og fagansvarleg søkja instituttet om utsett frist i inntil to veker for bacheloroppgaver, og inntil fire veker for masteroppgaver, jf. forskrift om studier og eksamen 2-11 nr. 8. Det må understrekast at det skal tungtvegande grunnar til for å få utsett fristen, og det må skuldast forhold som er utanfor studenten(ane) sin kontroll. 3.8. Grunngitt skriftleg søknad om utsetting må leverast instituttadministrasjonen seinast 14 dagar før innleveringsfristen eller vera vedlagt legeattest eller tilsvarande. Ein utsett innleveringsfrist gir tilsvarande utsetting av vurderingsfristen. Søknad om utsett innleveringsfrist blir behandla av instituttleiar etter anbefaling frå fagansvarleg og eventuelt rettleiar. 4. Vurdering 4.1. Institutta skaffar sensorar innan frist vist i tabell 2. 4.2. Vurdering skjer på grunnlag av innlevert oppgåve og eventuell munnleg eksaminasjon av studenten(ane). Sensor og fagansvarleg utfører vurderinga. Ved munnleg eksaminasjon skal fagansvarleg, sensor og eventuelt rettleiar delta. 4.3. Det blir nytta bokstavkarakterar. Fakultetet har eigne retningslinjer for vurdering av oppgåver. Desse er gitt i skrivet Vegvisar for bachelor- og masteroppgåva. 4.4. Vurderingsfristar er som vist i tabell 2. 5. Eigedomsrett og utnytting 5.1. Studenten(ane) har opphavsrett til oppgåva. Studenten(ane) har rett til å publisera oppgåva si, eller delar av denne, som ei sjølvstendig avhandling eller som del av eit større arbeid, eller i popularisert form i ein vilkårleg offentleg publikasjon. Utan samtykkje gjeld dette likevel ikkje materiale som er stilt til disposisjon av ei bedrift og som er gjengitt direkte i oppgåva eller i vedlegg til denne. Tilsvarande samtykkje krevst av fagansvarleg for materiale han har stilt til disposisjon. 5.2. Dei innleverte eksemplara av oppgåva med teikningar, modellar og apparatur, så vel som dataprogramvare som inngår som del av eller vedlegg til oppgåva, tilhøyrer UiS. UiS kan fritt framstilla kopiar av heile eller delar av oppgåva med vedlegg til undervisnings- og forskingsformål. På kvart eksemplar skal studenten(ane) namngjevast slik lov og god skikk tilseier. 5.3. Ei bedrift eller ein institusjon som har bidrege ved utarbeidinga, har krav på å få eit eksemplar av oppgåva med vedlegg, og kan få opplyst UiS si vurdering av
oppgåva. Bedrifta eller institusjonen kan nytta innhaldet av oppgåva i verksemda si. 5.4. Ved ein kvar bruk utover det som er spesifisert i 5 pkt. 5.1-53, må det inngåast avtale mellom UiS, eventuell bedrift og studenten(ane). 5.5. Student(ar), rettleiar eller bedrift/institusjon som har bidrege, kan søkja oppgåva sperra for offentleggjering normalt inntil 2 år og maksimalt i 5 år. I søknaden må det sannsynleggjerast betydeleg skadeverknad av offentleggjering. Ved sperring må det inngåast eigen avtale. Fakultetet har utarbeidd Avtale om båndlegging av bachelor- og masteroppgaven som kan nyttast her. 5.6. Søknader om sperring av oppgåver skal normalt vera mottatt på instituttet ved formelt uttak av oppgåva. Dersom det likevel kjem opp behov for sperring undervegs i arbeidet, må søknad vera mottatt av instituttet seinast innan 14 dagar før innleveringsfristen. Sperring i inntil 2 år kan avgjerast av instituttleiar etter anbefaling frå fagansvarleg. Søknader utover dette må avgjerast av dekan.