Rapport status måloppnåing Demensplan 2015 i Møre og Romsdal Fylkesmannen i Møre og Romsdal Greta Irene Hanset 06.11.2015
Innhold Innleiing:... 2 Satsingsområde fram mot 2020... 2 Kommunen må ha ein plan... 3 Målsetting 2015... 3 Status... 3 Demensteam og/eller demenskoordinator... 4 Målsetting... 4 Status... 4 Pårørandesatsing... 5 Målsetting... 5 Status... 6 Tilskot til pårørandesatsing... 6 Dagaktivitetstilbod... 7 Målsetting... 7 Status... 7 Tilskot til dagaktivitetstilbod... 7 Kompetanse - Demensens ABC... 8 Status... 9 Fylkesmannens tiltak i perioden 2011-2015... 11 In
Innleiing: Fylkesmannen i Møre og Romsdal har utifrå den nasjonale kartlegginga om tenestetilbodet til personar med demens i 2014,danna seg ei viss oversikt over demenstilbodet i fylket. Alle kommunane har svart på undersøkinga. Dette gir ikkje eit fullstendig bilete, men kan gi ein peikepinn på kva fylkesmannen bør legge vekt på i arbeidet ut mot kommunane. Områda som har hovudfokus i denne rapporten: demensplan demensteam/demenskoordinator pårørandesatsing dagaktivitetstilbod Møre og Romsdal er det fylket med lågaste tal på demensteam.det er få kommunar som har eigen demensplan. Det er ikkje eit krav, men blir anbefalt, då kommunane skal ha fokus på tenestetilbodet tilpassa det aukande talet på personar på demens. Fylkesmannen ser ei positiv utvikling i tenestetilbodet til personar med demens, men framleis må kommunane arbeide systematisk for å betre tenestetilbodet i tråd med dei nasjonale målsettingane i den nye planen Demensplan 2020. Rapportene syner status for eit utval av tiltaka i Møre og Romsdal i høve målsettingane i Demensplan 2015, samstundes tek ein med målsettingane i den nye planen Demensplan 2020. Satsingsområde fram mot 2020 Demensplan 2015 blir erstatta av Demensplan 2020, som utvider perspektivet frå helse- og omsorgstenesta til heile samfunnet. Regjeringa vil arbeide for eit samfunn som tek vare på og integrere personar med demens og deira pårørande. Eit demensvenleg samfunn er eit godt samfunn for alle. Nasjonalforeiniga for folkehelsa i samarbeid med Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Utviklingssentra for sjukeheim og heimetenesta skal saman med kommunane arbeide for at Møre og Romsdal blir eit meir demensvenleg samfunn. Demensplan 2020 løfter fram fem område der det er eit særleg behov for ytterlegare innsats : - førebygging - kunnskap og kompetanse - diagnostisering og oppfølging etter diagnose - fleksible og differensierte aktivitets- og avlastningstilbod - tilpassa tenester gjennom heile sjukdomsforløpet - deltaking og involvering Status i tilbodet til personar med demens 2014 I 2007, 2010/2011og 2014 vart det gjennomført ei nasjonal kartlegging av kva for tenestetilbod den einskilde kommune har til personar med demens.målet med kartlegginga var å få kunnskap om kor langt ein er komen i norske kommunar i arbeidet med tilrettelegging av tenester til personar med demens og påpeike område der det er behov for auka satsing. Resultata frå Møre og Romsdal viser at det er ei positiv utvikling, men trass det, står mange av kommunane framfor store utfordringar.
Ei av oppgåvene til fylkesmannen er å følgje opp kommunane i fylket ut frå resultata i den nasjonale kartlegginga. 36 32 28 Tilbod 2007 24 20 16 12 8 4 0 3 5 7 11 14 10 18 25 25 13 22 35 Tilbod 2011 Tilbod 2014 Tabell over talet på kommunar med tilbod til personar med demens 2007-2014 Kommunen må ha ein plan Målsetting 2015 Når demensplanen er gjennomført i 2015 skal Framtidas omsorgsutfordringar stå på dagsorden i det ordinære kommune- og økonomiplanarbeidet, med spesielt fokus på eit helse- og sosialtenestetilbod som er tilpassa det aukande talet på personar med demens og deira pårørande Det er ikkje eit krav å ha eigen demensplan, men det skal være ein del av kommune- og økonomiplanen. I Demensplan 2020 står det at strategiane og tiltaka skal bidra til å sette demensutfordringar på dagsorden i kommunen sitt ordinære planarbeid. Kommunen må sikre langsiktig planlegging av lokalsamfunn og omgjevnader, samt dimensjonering og kvalitetsutvikling av tenester til personar med demens og deira pårørande To prosent av befolkninga, om lag 70 000 personar, har ein demenssjukdom. I 2040 vil talet bli dobla til om lag 140 000 personar. Kvart år får minst 10 000 ei demensdiagnose. Status I Møre og Romsdal er det fem kommunar som har eigen demensplan i 2014. Ein stor del av dei andre kommunane har tenester til personar med demens nedfelt anten i kommuneplanens samfunnsdel eller i ein plan for helse- og omsorgstenesta.
Demensteam og/eller demenskoordinator Målsetting Når demensplanen er gjennomført i 2015 skal den einskilde brukar vere sika utgreiing og diagnostisering ved mistanke om demens. Demensplan 2020 har vidareført same målsettinga som i Demensplan 2015.Kommunane har blitt sterkt oppmoda om å etablere demensteam for å følgje opp personar med demens og deira pårørande på ein god måte. Demensteamet er ein fagleg ressurs i planlegging og tenesteyting til personar med demens og deira pårørande. Status Nasjonal kartlegging av tenester til personar med demens i 2014 syner at det er få kommunar i Møre og Romsdal som har etablert demensteam og /eller demenskoordinator. Møre og Romsdal ligg lågast på tabellen. Det er likevel ei positiv utvikling med ei auke på 14 kommunar(37,4 prosent, frå 5 ( 15,4 prosent ) kommunar i 2007 til i 19 kommunar( 52,8 prosent) i 2014. Her må alle kommunane arbeide systematisk for å få til ei god demensomsorg. Ein del kommunar opplyste at dei hadde både demensteam og demenskoordinator. I nokon av desse kommunane var demenskoordinatoren ein del av demensteamet.
Pårørandesatsing Målsetting Når demensplanen er gjennomført i 2015 bør pårørandeskular og samtalegrupper vere tilgjengeleg i heile landet. Regjeringa vil vidareføre satsinga på pårørandeskuler og samtalegrupper i perioden 2015-2020. Vidare blir det vurdert å utvikle eigne skuler for personar som sjølv har demens. Kunnskap er nyttig og naudsynt for å kunne meistre kvardagen på beste måte; både for den som er sjuk og for dei pårørande. Etablering av pårørandeskuler og brukarskuler er ein viktig møteplass for å
gje deltakarane informasjon og kunnskap om demens og ein stad der ein kan utveksle erfaringar og gje kvarandre støtte. Pårørandeskule blir ofte organisert i samarbeid mellom frivillige organisasjonar og kommunen. Status I 2013 og/eller 2014 er det 25 av 36 kommunar(69,4 prosent) som har tilbod om pårørandeskule/ samtalegruppe. I 2011 var det 13 kommunar(36 prosent), ein auke på 12 kommunar. Nokon av kommunane hadde andre tilbod til pårørande som pårørandekafé og individuelle samtalar. Tilskot til pårørandesatsing Stortinget tildelte i 2011 ekstra midlar til pårørandesatsing for å oppnå målsettinga Demensplan2015 om at pårørandeskular og samtalegrupper skal vere tilgjengeleg i heile landet. Kommunar og spesialisthelsetenesta kan søke om midlar til både pårørandeskuler og samtalegrupper medan frivillige organisasjonar kan søke om midlar til samtalegrupper. Satsane auka frå hausten 2013, og er på kr. 40 000,- til pårørandeskule i ein kommune, kr. 50 000,- interkommunal og 10 000,- for samtalegruppe.
Dagaktivitetstilbod Målsetting Når demensplanen 2015 er gjennomført bør alle kommunar i landet kunne tilby eit tilrettelagt dagaktivitetstilbod for personar med demens, anten i eigen heim, i sjukeheim eller som dagsenter tilbod. I forslaget til ny demensplan 2020 skal kommunens plikt til å tilby eit tilrettelagt aktivitetstilbod for personar med demens være lovfesta innan utgangen av 2020. Dagaktivitetstilbodet er av mange omtala som det manglande mellomledd i omsorgskjeda. Eit slikt tilbod skal ha som mål å aktivisere og stimulere, gje gode opplevingar og meiningsfulle kvardagar. Det kan samstundes avlaste dei næraste for omsorgsoppgåve, og medverke til at familie og ektefelle kan klare å stå i ein krevjande omsorgssituasjon. I tillegg kan det bidra til å hindre eller utsetje langtidsopphald i institusjon. Status Dagaktivitetstilbod i Møre og Romsdal har auka frå 10 kommunar (28 prosent) i 2007 til 25 kommunar(69,4prosent) i 2014.Det er ein auke på 15 kommunar (41,4 prosent). Tilskot til dagaktivitetstilbod Tilskot til dagaktivitetstilbod vil bli vidareført i Demensplan 2020.Det vil og bli lagt vekt på å utvikle meir fleksible og differensierte tilbod.
Kompetanse - Demensens ABC Når demensplanen er gjennomført i 2015 bør tilsette utan fagutdanning som yter tenester til menneske med demens ha fått tilbod om grunnopplæring i demens og tilbodet om vidareutdanning i geriatri og demens for høgskuleutdanna personell med vidaregåande utdanning vere utvida i tråd med Kompetanseløftet 2015 Når Demensplan 2020 er gjennomført skal tilsette som yter tenester til personer med demens ha fått grunnleggande opplæring i demens.
Helse- og omsorgsdepartementet vil vidareutvikle og spreie Demensomsorgas ABC og miljøbehandlingens ABC til tilsette i dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Målet er å styrke kompetansen om demens hos tilsette i sektoren. Fagdagane viser seg å vere etterspurt og nyttige møteplassar for fagleg diskusjon og nettverksbygging for både deltakarane og fagmiljøa som organiserer undervisninga. Det er Helse Møre og Romsdal HF, Alderspsykiatrisk eining i Ålesund og Molde som har stått ansvarleg for fagleg innhald i undervisninga. Status I Møre og Romsdal er det 35 av 36 kommunar som gjennomfører opplæringa Demensomsorgas ABC. Tabellen under syner at det er 34 kommunar, men ein av dei to kommunane har fått midlar frå Kompetanse- og innovasjonstilskotet og har starta opp hausten 2015. Det er 15 prosentdel av tilsette i pleie- og omsorgstenestene i fylket som har fullført Demensomsorgas ABC perm 1.Møre og Romsdal har det den høgste prosentdelen i landet. Oslo har lågaste prosentdel med 3,5. Det har blitt arbeidd systematisk for å få med alle kommunane, både kommunane og dei to alderspsykiatriske einingane ved Helse Møre og Romsdal HF gjer ein stor innsats i dette arbeidet. ABC gruppene er tverrfagleg samansett med sjuke- og vernepleiarar, ergo- og fysioterapeutar, helsefagarbeidarar, aktivitørar og utan helsefagutdanning og andre.
Fylkesmannens tiltak i perioden 2011-2015 Årleg demenskonferanse Opplæring i kartleggingsverktøy for helsepersonell Aktiv omsorg med tema ernæring og Inn på tunet (Kompetansesenteret for aldring og helse) Årleg undervisning om demensplan på vidare- og etterutdanning på Høgskulen i Volda og Molde Nasjonal kartlegging om tenester for personer med demens 2010/2011-2014 Samarbeid med Nasjonalforeningen for folkehelse om aktivitetsven og demensvenleg samfunn Brev til alle kommunane om status på måloppnåinga i demensplan og med spørsmål om kommunen sine planer vidare for å nå måla i planen. Fylkesmannen i Møre og Romsdal er med i arbeidsgruppa retningslinjer oppfølging av personar med demens og deira pårørande Nyhetsbrev frå fylkesmannen til kommunane, omlag 6 utgåver pr. år Demens tema i kommunedialogen med kommunane i Møre og Romsdal Tildeling kompetansemidlar frå Kompetanseløftet 2015, no Kompetanse- og innovasjonstilskot Samarbeidsmøter med Helse Møre og Romsdal HF. Alderspsykiatrisk eining Ålesund og Molde og Utviklingssentra for heimeteneste og sjukeheim Årleg fagdag for sjukeheimslegar Nettverk sjukeheimslegar Fagleg nettverk for helse- og omsorgstenesta Filmen «Margot utfordrar velferdsteknologien» Kronikk demens Midt- Norske velferdsteknologiprosjektet ( Lista er ikkje uttømmande) Etikk konferanse med tema brukarmedverknad Kurs «Tilrettelagte dagaktivitetstilbod for personer med demens»