Pressemelding HORDALAND FYLKESKOMMUNE Fylkesrådmannen Informasjonstenesta 5020 Bergen Telefon 55 23 99 42 Telefaks 55 23 99 49 Bergen 20. mai 2010 Hordaland fylkesutval sitt møte i Bergen 20. mai 2010: Klassetilbodet for vidaregåande justert: Færre elevplassar alle med rett får plass Hordaland fylkesutval har vedteke å oppretta 353 elevplassar ved dei vidaregåande skulane frå komande haust. Plassane er fordelt på 22 klassar. Samstundes vedtok fylkesutvalet å leggja ned 881 elevplassar fordelt på 60 klassar. Samla fører dette til reduksjon på 516 plassar. For Austrheim og Austevoll vidaregåande skular vert reduksjonen noko mindre enn det som var innstillinga frå fylkesrådmannen, det same gjeld for Kvinnherad vidaregåande skule. Fylkesutvalet vedtok samrøystes desse endringane i høve fylkesrådmannen sitt forslag: Ved Austrheim vgs. vert VG 1 TAF-Teknikk og industriell produksjon oppretthalde. Også VG 1 studiespesialiserande utdanningsprogram vert oppretthaldne og sett i gang dersom endeleg opptak syner 15 elevar eller meir. Ved Austevoll vgs. vert VG 1 Helse- og sosialfag oppretthalden. Ved Kvinnherad vgs. vert VG 1 TAF-Teknikk og industriell produksjon oppretthalden. VG 1 studiespesialiserande utdanningsprogram med formgjevingsfag vert oppretthalde og sett i gang dersom endeleg opptak syner 12 eller fleire elevar. Forslaget som vart vedteke, var eit fellesforslag frå Høgre, Kristeleg folkeparti og Fremskrittspartiet sett fram av Pål Kårbø. Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Venstre støtta subsidiert forslaget frå H/KrF/Frp etter at partia sine eigne forslag hadde falle. Endringane Søkjartalet til dei vidaregåande skulane i Hordaland i år har auka med 437 til 18 811 samanlikna med 2009. Basert på erfaringstal frå tidlegare år vert rekna med at det vert ca. 200 fleire elevar ved dei vidaregåande skulane til fylkeskommunen komande haust.
Talet på budsjetterte elevplassar er om lag 190 lågare enn i fjor haust. Sidan elevplasstalet er redusert samstundes som søkjartalet har auka, rekna fylkeskommunen med at oppfyllingsgraden ved skulane vil auka. Ved omleggingar i klassestrukturen er det spesielt sett på klassar som har lågt søkjartal, og fleire av desse tilboda vert lagde ned. Med dei justeringane som no vert gjort reknar fylkeskommunen med at tilbodsstrukturen er godt tilpassa søkjarmønsteret til dei ulike tilboda, og at alle med formell rett til vidaregåande opplæring (Ungdomsrett, Vaksenrett og Fullføringsrett) får tilbod i samsvar med reglane i Opplæringslova. Skular med store reduksjonar Ved Odda vidaregåande skule vert fem klassar med 89 elevplassar lagde ned. Ved Austrheim vidaregåande skule vert fire klassar med 59 plassar lagde ned. Samstundes vert Vg1 teknikk og industriell produksjon utvida med ein klasse og 12 elevar. Austevoll vidaregåande skule får 51 færre elevplassar fordelt på tre klassar. Voss jordbruksskule får 44 færre elevplassar fordelt på fire kalssar. Ved Årstad videregående skole i Bergen vert seks klassar med 82 plassar lagde ned. Samstundes vert det oppretta tre nye klassar med 39 plassar. Justeringar i sommar Klassetilbodet kan verta ytterlegare justert før skulestart i haust, dersom det i inntaksfasen i sommar viser seg å vera behov for det. For oppretting og nedlegging av klassar ved den einskilde skule, sjå tabellane nedanfor. Fylkesutvalet sitt vedtak: 1. Fylkesutvalet tek til orientering at prognoseinntaket justert for normalt fråfall og avgang til private skular syner at det vil verte om lag 200 fleire elevar ved dei vidaregåande skolane i Hordaland. 2. Fylkesutvalet vedtek at tilbodsstrukturen ved dei vidaregåande skolane vert endra i tråd med søkjarmønsteret til dei ulike tilboda slik: Oppretting Stud. Års- Elevar retn. steg Kode Kurs Org.sted Skolenamn 27 ST Vg3 PBPBY3---- Allmenne fag Påbygg 623 Bømlo vgs 27 ST Vg3 PBPBY3---- Allmenne fag Påbygg 661 Stord vgs 12 AO Vg1 AOLOV0J--- Fobr. kurs for min. språklige 661 Stord vgs 12 AO Vg1 AOLOV0J--- Fobr. kurs for min. språklige 630 Kvinnherad vgs 9 BA Vg1 BABAT1---- Bygg- og anleggsteknikk 635 Norheimsund vgs 9 HS Vg2 HSBUA2--- Barne- og ungdomsarb. 635 Rogne vgs 15 TP Vg2 TPPIN2---- Produksjons- og industriteknikk 637 Arna vgs 15 SS Vg1 SSSSA1---- Service og samferdsel 654 Bjørgvin vgs 27 ST Vg1 STUSP1---- Studiespesialisering 612 Fana gymnas 2
15 ST Vg2 RMKOS2---- Kokk- og servitørfag 626 Sandsli vgs 27 ST Vg3 STUSP3---- St,spesialiserende Undervisning 626 Sandsli vgs 15 HS Vg1 HSHSF1---- Helse- og sosialfag 647 Fyllingsdalen vgs 27 ST Vg3 PBPBY3---- Allmenne fag Påbygg 647 Fyllingsdalen vgs 15 BA Vg2 BABYG2---- Byggteknikk 636 Laksevåg vgs 27 ST Vg1 STUSP1---- Studiespesialisering 620 Langhaugen vgs 8 TP Vg1 TPTIP1HT-1 Vg1 Tilrettlagd (innleiande) 638 Åsane vgs 15 EL Vg2 HSBUA2---- Barne- og ungdomsarbeidarfaget 645 Sotra vgs 15 DH Vg1 DHDHV1---- Design og håndverk 639 Årstad vgs 12 ST Vg2 RMKOS2---- Kokk- og servitørfag 639 Årstad vgs 12 DH Vg3 DHKJD3F--- Kjole og drakt 639 Årstad vgs 12 ST Vg1 STFOR1---- St,spesialiserende Formgjeving 634 Knarvik vgs 12 TP Vg1 TPTIP1---- Teknikk og industriell produksjon 641 Austrheim vgs 353 Oppretting hausten 2010 Nedlegging Stud. Års- Elevar retn. steg Kode Kurs Org.sted Skolenamn -15 HS Vg2 HSHEA2---- Helsefagarbeidar * 623 Bømlo vgs -15 DH Vg2 DHIUD2---- Interiør og utstillingsdesign 652 Fitjar vgs -13 HS Vg2 HSHEA2---- Helsefagarbeidar 652 Fitjar vgs -8 RM Vg1 RMRMF1HT-1 Vg1 Tilrettlagd (innleiande) 652 Fitjar vgs -9 TP Vg1 TPTIP1---- Teknikk og industriell produksjon 631 Rubbestadnes vgs -12 TP Vg2 TPTIP1P--- Taf 4-årig Teknikk- og ind.prod (1) 661 Stord vgs -12 MK Vg3 MKMED3---- Medier og kommunikasjon Vg2 661 Stord vgs -9 BA Vg2 BABYG2---- Byggteknikk 630 Kvinnherad vgs -15 BA Vg1 BABAT1---- Bygg- og anleggsteknikk 628 Odda vgs -27 ID Vg1 IDRET1---- Idrettsfag Vg1 628 Odda vgs -12 TP Vg2 TPKJT2---- Køyrety 628 Odda vgs -27 ST Vg3 PBPBY3---- Allmenne fag Påbygg* 628 Odda vgs -8 HS Vg1 HSHSF1HT-1 Vg1 Tilrettlagd (innleiande) 628 Odda vgs -12 EL Vg1 ELEL1---- Elektrofag 648 Austevoll vgs -27 ST Vg3 PBPBY3---- Allmenne fag Påbygg 648 Austevoll vgs -12 NA Vg2 NAAKV2---- Akvakultur 648 Austevoll vgs -8 TP Vg1 TPTIP1HT-1 Vg1 Tilrettlagd (innleiande) 635 Norheimsund vgs -15 HS Vg2 HSHEA2---- Helsefagarbeidar 635 Norheimsund vgs -9 BA Vg2 BABYG2---- Byggteknikk 635 Norheimsund vgs -15 EL Vg1 ELEL1---- Elektrofag 635 Norheimsund vgs -15 HS Vg1 HSHSF1---- Helse- og sosialfag 653 Rogne vgs -15 ST Vg1 STFOR1---- St,spesialiserende Formgjeving 650 Voss husflidskule -12 NA Vg2 NASBR2---- Skogbruk* 659 Voss jordbruksskule -12 NA Vg1 NANAB1--SH Driftsoperatør ski-/heisanlegg VG1 659 Voss jordbruksskule -12 NA Vg2 NAAID2--SH Driftsoperatør ski-/heisanlegg VG2 659 Voss jordbruksskule -8 NA Vg1 NANAB1HT-1 Vg1 Tilrettlagd (innleiande) 659 Voss jordbruksskule -12 TP Vg2 TPKJT2---- Køyrety 632 Voss vgs -10 BA Vg2 BABYG2---- Byggteknikk 632 Voss vgs -25 ST Vg1 STUSP1---- Studiespesialisering 615 Øystese gymnas -12 NA Vg3 NAGAN3---- Gartnarinæring 657 Hjeltnes gartnarskule -8 BA Vg1 BABAT1HT-1 Vg1 Tilrettlagd (innleiande) 633 Slåtthaug vgs -8 RM Vg1 RMRMF1HT-1 Vg1 Tilrettlagd (innleiande) 626 Sandsli vgs 3
-27 ST Vg1 STUSP1---- Studiespesialisering 626 Sandsli vgs -15 RM Vg1 RMRMF1---- Restaurant og matfag 626 Sandsli vgs -15 BA Vg1 BABAT1---- Bygg- og anleggsteknikk 637 Arna vgs -15 HS Vg1 HSHSF1---- Helse- og sosialfag 637 Arna vgs -15 BA Vg1 BABAT1---- Bygg- og anleggsteknikk 643 Askøy vgs -12 BA Vg2 BAKEM2---- Klima/ energi miljø 643 Askøy vgs -12 EL Vg2 ELEEL2UT-- Elenergi/data Erfurth, Tyskland 643 Askøy vgs -15 HS Vg2 HSHES2---- Helseservicefag 654 Bjørgvin vgs -15 HS Vg2 HSFOT2---- Fotterapi og ortopedi 654 Bjørgvin vgs -27 ST Vg1 STUSP1---- Studiespesialisering 647 Fyllingsdalen vgs -27 ST Vg1 STUSP1---- Studiespesialisering 636 Laksevåg vgs -27 ST Vg3 PBPBY3---- Allmenne fag Påbygg* 625 Osterøy vgs -12 NA Vg3 NANAB3---- Studieforb vg3 naturbruk 658 Stend vgs -12 HS Vg1 HSHSF1---- Helse- og sosialfag 638 Åsane vgs -15 TP Vg2 HSHES2---- Helseservicefag 638 Åsane vgs -12 HS Vg3 HSAPO3---- Apotekteknikk 638 Åsane vgs -12 RM Vg2 RMMFG2---- Matfag 638 Åsane vgs -15 TP Vg1 TPTIP1---- Teknikk og industriell produksjon 639 Årstad vgs -10 BA Vg2 BABYG2---- Byggteknikk 639 Årstad vgs -12 DH Vg3 DHINT3---- Interiør 639 Årstad vgs -15 TP Vg2 TPPIN2---- Produksjons- og industriteknikk 639 Årstad vgs -15 BA Vg1 BABAT1---- Bygg- og anleggsteknikk 639 Årstad vgs -15 RM Vg1 RMRMF1---- Restaurant og matfag 639 Årstad vgs -14 DH Vg1 DHDHV1---- Design og håndverk 634 Knarvik vgs -8 TP Vg1 TPTIP1HT-1 Vg1 Tilrettlagd (innleiande) 641 Austrheim vgs -12 EL Vg1 ELEL1---- Elektrofag 641 Austrheim vgs -12 ST Vg2 RMKOS2---- Kokk- og servitørfag 641 Austrheim vgs -27 ST Vg3 PBPBY3---- Allmenne fag Påbygg 641 Austrheim vgs -869 Nedlegging -516 Endring *Tilbod som vart oppretta hausten 2009, men som ikkje er i gong inneverande skoleår. Forslag som fall Hans Otto Robberstad sette fram følgjande forslag på vegner av SV/AP/SP: VG3 almennfagleg påbyggingskurs ved Odda vidaregåande skule blir oppretthalde. Magnar sette fram følgjande forslag på vegner av SP/AP/SV/V: Rektor ved Austrheim vidaregåande skule viser i sitt forslag at skulen vil klara å oppretthalda klassetilbodet innanfor eigne rammer, og på den måten unngå den nedbyggjinga som er skissert i innstillinga. Opplærings- og helseutvalet legg difor det vedlagte forslaget frå rektor ved Austrheim vidaregåande skule til grunn for vedtak. Austrheim vidaregåande skule får behalda: 4
- Elektrofag Vg1 - Studiespesialisering Vg1 - Allmennfagleg påbyggingskurs Vg3 - TAF Kim E. Størksen sette fram følgjande forslag på vegner av SV/AP/SP/V: Stykkprisfinansiering og karakterstyrt opptak gjev fleire uheldige utslag. M.a. fører det til sentralisering av tilbod til elevar og deling i A- og B-skular. Difor må - Elevar få rett til å gå på næraste skule - Det må lagast ein skulebruksplan 5