Stordalingen ~ Jubileumsutgåve 90 år ~ Oktober 2008. www.stordalil.no. Ny stadion opna. Alpint Junior-NM i Stordal.

Like dokumenter
Også i år har Sandsøy samarbeidd med Kvamsøy på a-lags nivå, 5 spelarar var med og spelte kampar i 6. divisjon

Teknikk og konsentrasjon viktigast

MEDLEMSINFO. august 2009

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Styret har vore samansett slik i 2012 :

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

«Ny Giv» med gjetarhund

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

VEKEPLAN: TRENING - KAMP

Til deg som bur i fosterheim år

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

VEL MØTT TIL ETNE CUP 2008!

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

ÅRSMELDING. IL JOTUN Ski for perioden 1. januar 2015 til 31. desember 2015 PÅ VEG MOT HUNDRE!

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Plassebakken Barnehage

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Resultat for dei fem beste kommunane...

ÅL IDRETTSLAG - langrennsgruppa Sesongen 2010/2011

ÅRSMØTE I V.I.L. Tid: kl kl Stad: Klubbhuset på Omenås

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

6. trinn. Veke 24 Navn:

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Årsrapport. Bygdeutviklingsprosjektet i Instedalen. Årsrapport bygdeutvikling 2012

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Olsoksstemnet skyttarstemne med lange tradisjonar

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Plassebakken Barnehage

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Årsmelding for O-gruppa 2015

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

OK, seier Hilde og låser.

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Årsmelding Samlagsstyret har vore: Jostein Bjørke, leiar Nils Gunvald Hamre, Røldal nestl. og leiar i Ungdomsutvalet Vara.

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Handegård Arkivsaksnr.: 05/1534. Reguleringsplan Hafslo sentrum - 3. gongs handsaming. Godkjenning.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2


Landskyttarstemnet 2008 FØRDE 25.juli 2.august Epost:

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Q1 Eg er : 1 / 21. Ungdom i Stordal sitt syn på kommunereforma m.m. Besvart: 44 Hoppet over: 0. Gut. Jente 0% 10% 20% 30% 40% 50% 60% 70% 80% 90% 100%

Info om Norway Cup 2015

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

FANTASTISK FORTELJING

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Norheimsund Fotballklubb

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Med god informasjon i bagasjen

Info om Norway Cup 2015

ARBEIDSPRØVEN Nynorsk ELEVHEFTE

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Bruk av driftsmidlar Frifond

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Ein født optimist! Tekst og bilete: Geir Daasvatn

Minnebok. Minnebok NYNORSK

ÅRSMELDING, FOTBALLGRUPPA 2018 KVITESEID IDRETTSLAG

Rapport ungdomskurs i bridge på Os februar 2016

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

«Ikkje dytt» har ikkje vore aktive i 2014, og leverar ikkje årsmelding i 2014.

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Innbyding til KM I BORDTENNIS 2016 FOR MØRE OG ROMSDAL

Transkript:

Nyhetsmagasin for Stordal IL ~ Nr. 7 Jubileumsutgåve SIL 90 år ~ Oktober 2008 www.stordalil.no Innhald i magasinet s. 2 Helsing frå leiaren s. 4 Stordal IL - 90 år s. 5 Sportshytta ved Storvatnet s. 6 Banespørsmålet vert løyst s. 6 Skisporten vinn terreng s. 7 Arne Lianes - alpinpioneren i Stordal s. 8 Skiftande tider for fotballen, men framgang i skiidretten s. 9 Hoppbakken på Holt s. 10 Idrettsbana på Mo Mo stadion s. 14 Idrettsarbeidet under andre verdskrig s. 15 Nokre reiseopplevingar til konkurransar i før- og etterkrigstida s. 17 Om lagsdraktene s. 17 Griggåsbakken s. 18 Skisenteret i Overøye s. 26 Kirkebø stadion s. 30 Grusbana ved Kirkebø stadion s. 32 Hoppbakken på Stavsengfjellet s. 32 Langrennsløype på Stavsengfjellet og i Overøye s. 36 Idrettshall/grendahus s. 38 Styringsmodellar s. 39 Økonomien s. 39 Utvikling i medlemskontigent og medlemstal s. 40 Idrettslaget og kvinnene s. 42 Formenn/leiarar i hovudstyret i Stordal Idrottslag s. 42 Idrettslaget på Dyrkorn s. 43 Formenn i Dyrkorn Idrottslag s. 43 Tur og trimgruppa, kalla allidrettsgruppa frå 2001 s. 46 Stordal Fjellservice s. 47 Volleyballgruppa s. 48 Barneidrettsgruppa s. 49 Stordal Treningssenter s. 50 Friidrett og handball - der det ikkje lukkast å skape varig aktivitet s. 51 Fotball s. 57 Adelskalenderen 1953-2007 s. 59 Stordalscupen s. 61 Langrenn s. 63 Alpint s. 65 Hopp s. 66 Kjelder s. 67 Stordalingen s. 67 Sluttord Ny stadion opna Den nye Kirkebø stadion med kunstgras og tartandekke på løpebana rundt vart offisielt opna under Stordalscup 2008. Ordførar Charles Tøsse stod for den offisielle opninga ved å klippe over snora ved markeringa fredag 27. juni. Les meir på side 30 Side 1 Krinsmeisterskap i utfor og slalåm. Sundag 4. april 1948 arrangerte Stordal IL Krinsmeisterskap i utfor og slalåm i Jøsvollbotnen. Les meir på side 16 Alpint Junior-NM i Stordal. 6., 7. og 8. mars 1981 stod idrettslaget som arrangør av NM alpint eldre junior. Les meir på side 21 Storbesøk i Stordal. Stordal IL arrangerte SIL-festivalen i 1972, og Kirsti Sparboe, Benny Borg, Nora Brockstedt og Eivind Ratiti Løberg vitja bygda. Les meir på side 26 Gå ikkje glipp av den store Jubileumsfesten!. Laurdag 1. november gjeng den store jubileumsfesten av stabelen i Stordalshallen. Les meir på side 68

Stordal Idrottslag ein råsprek 90-åring Tekst: Vigdis Hove Øie Leiar - SIL Hovudstyre Historia til Stordal Idrottslag viser at heilt frå starten i 1918 har engasjerte bygdefolk i lag med kommune og næringsliv, stått saman og utvikla gode fritidstilbod. Dugnadsånda i Stordal er vide kjent, og med stort engasjement har det vorte bygt anlegg og lagt til rette for aktivitetar både inne og ute. Slik har det vore til alle tider, og slik vil det framleis vere om ein vil ha framgang på bygdene. Det kom inn mange gode forslag til markeringar av 90 års jubileet på SIL årsmøtet i fjor. Historiedokumentasjon vart ei veldig sentral oppgåve då fleire av protokollane viste seg å vere på avvegar. Anna Margrethe Drægebø Moe, tidlegare leiar i laget, tok på seg arbeidet med å samle inn, dokumentere og skrive historia om laget si utvikling. Og av det som ein har hatt tilgang til av materiale, bilde, intervju og avisutklipp har ho fått fram historia til laget på ein framifrå måte. John Kristian Hjelle har hatt det redaksjonelle ansvaret med utforming og oppsett av magasinet stordalingen, som vanleg med høg kvalitet på arbeidet. Stor takk til begge to for innsatsen! Det kan kanskje vere sunt for den oppveksande generasjon å få innsyn i korleis idretten vart driven før i tida, og samanlikne med tilhøva i dag. Håper at denne historia kan vere til ettertanke og inspirasjon til å stå på vidare. Med fjorårets skisesong friskt i minne, veit vi at Stordal har hatt stor deltaking og fine resultat både i alpint, hopp og langrenn, både her i kommunen, på kretsrenn og på nasjonale renn. I jubileumsåret har eg lyst til å trekkje fram desse utøvarane spesielt: 1.mars vart det hoppgull til Tommy Lianes på hovedlandsrennet i Folldal, som den første norgesmeister i hopp for Stordal og Sunnmøre nokon gong. På hovedlandsrennet i Hemsedal slo Vegard Busengdal til med gull i slalåm og Erika Holand Tøsse tok bronse. I tillegg fekk Ingrid Busengdal ein flott tredjeplass i Landsfinalen på Kvitfjell. På eit internasjonalt renn i Italia deltok seks jenter og gutar frå Norge, heile to av desse frå Stordal. I konkurranse mellom 40 nasjonar i Italia tok likegodt Vegard 2. plassen på pallen og Erika kom på ein fin 4. plass. Fantastisk! Leiaren i Møre og Romsdal skikrets skriv at det er ingen andre i skikretsen som kan måle seg med Stordal sitt engasjement og breidde innan alpinsporten. Mykje godt og målretta arbeid vert gjort i idrettslaget, og rekrutteringa og breidda i dei ulike gruppene er god. I Stordal har vi støtteapparat, kompetanse og ikkje minst talent i alle skigruppene. Dette må vi ta vare på. Stor ros til alle som er med og tek ansvar, held skitradisjonen vår i hevd og utviklar den vidare. For to år sidan vart Stordal utpeika som årets turkommune, i fjor vart vi kåra til årets fotballkommune, og i år er vi ein framifrå kandidat til årets skikommune.. Med solrike aprildagar og rikeleg med snø, høyrer vi om flotte skiturar i fjellet. Idrettslaget har også her ei oppgåve med å halde ved like eit finmaska nett av turløyper. Dette vert gjort av karane i Fjellservice, som står på både sommar og vinter. Fotballgruppa med heile 150 fotballspelarar er av dei mest aktive på Sunnmøre. Minst like mange foreldre og dugnadsarbeidarar sluttar opp om fotballaktivitetane i Stordal og det vert lagt ned eit stort arbeid. Det er stor aktivitet på den flunkande nye kunstgrasbana. Rehabiliteringa av Kirkebø Stadion starta rett etter påske i fjor, og etter ein imponerande dugnadsinnsats vart det nye kunstgraset rulla ut like før cupen. Siste hand på verket vart gjort i vår med legging av tartandekke på løpebana., og Kirkebø Stadion med flomlysanlegg vart offisielt opna under Stordalscup siste helga i juni. I tillegg til A-lag herrar og damelag junior har det i år vore med 13 lag i aldersbestemte klasser. Ivrige jenter og gutar på bana i trening og kamp er kjempegod underhaldning, så ta deg ein tur og opplev den gode stemninga som rår med full fres på Kirkebø Stadion. Då våren kom for fullt var allidrettsgruppa klar til å få opp pulsen på alle innbyggjarane. Nesten alle var på pedalane under den tradisjonsrike sykkeltrimmen Side 2

1. mai. Og 25. mai gjekk jubileumsmarsjen til idrettslaget av stabelen med løyper for alle. Det bur knapt tusen menneske her. Likevel har kommunen eit idrettstilbod som toler samanlikning med kven som helst både når det gjeld breidde og oppslutning. Vi har flotte anlegg både i Overøye, på Stavsengfjellet og i Fjellbakken. Kirkebø Stadion er i ny drakt og ligg fint til like ved Stordalshallen som innheld handballbane, klatrevegg, trampoline og skytebane. Barneidretten har tilbod til dei yngste heilt frå barnehagealder, og her vert dei kjent med ulike Stordalingen ~ Jubileumsutgåve 90 år ~ Oktober 2008 idrettsgreiner. På treningssenteret er det tilbod om trening for alle og her kan du kome deg i gong å trene sjølv om du aldri har gjort det før. Det siste og kanskje det aller beste tilbodet vi har - er dei mange flotte turstiane i kommunen vår: - Stordal - der folk trivst. På mange måtar er vi i ei særstilling sett i høve til folketalet og det er god grunn til å feire. Jubileumsfesten gjeng av stabelen den 1.november ein god gammaldags bygdafest med underhaldning for gammal og ung, med mat og med dans til slutt. Til næringsliv og kommune, takk for fantastisk støtte gjennom alle åra! Takk til foreldre og andre som stiller på i ulike verv og som gjer ein kjempeinnsats for fellesskapet! Takk til alle som representerer Stordal i trening og konkurransar. Tenk at vi i jubileumsåret til og med er på toppen av sigerspallen og tuktar dei store klubbane! Gratulerer med 90 år alle i hop - lukke til vidare mot dei hundre framleis like sprek! Beste helsing Vigdis Hove Øie Leiar Stordal Idrottslag Organisasjonsplan Side 3

Stordal Idrottslag 90 år Stordalingen ~ Jubileumsutgåve 90 år ~ Oktober 2008 I tida frå skipingsmøtet på Breidablik til i dag ligg ei fantastisk lagshistorie. Ho fortel om pågangsmot, stå-på-vilje, samhald og dugnadsinnsats. Mange av eldsjelene er nemnt med namn fordi dei vart valt i utval o.l. og fekk som oppgåve å stå for bygging av anlegg, få i gang nye tiltak eller ha ansvaret for arrangement m.v. Like viktige er alle dei som ikkje vert nemnt. Innsatsen deira er ikkje mindre viktig av den grunn. Alle som gjennom innsatsen sin har vore med på å drive idrettslaget framover ved å stille opp på arrangement, dugnad, støtte med gåver m.v. er byggsteinar. Fakkelen i Stordal Idrottslag sin logo kan stå som symbol for alle som brenn for laget. Stordal Idrottslag vil med dette heftet rette ein stor takk til alle som med glede og innsatsvilje har vore med på å skape det idrettslaget vi har i dag. Laget veks fram Stordal Idrottslag vart skipa nyttårsdag 1918. Skipingsmøtet vart halde på Breidablik, ungdomshuset i Stordal. Mange møtte fram, så interessa for eit sjølvstendig idrettslag var stor. I mange bygder var det slik at ungdomslaga begynte med idrett, men etter kvart vart det eigne idrettslag. - Det første styret vart skipa med Sivert K. J. Overøye som formann, Knut Stavseng, nestformann, og Peder Midtbust kassestyrar. Årskontigenten vart sett til minst kr 1,- pr. medlem, og første året hadde laget 53 medlemmar. Frå Stordal og Dyrkorn møtte det deltakarar på det første store skirennet som vart halde i Liabygda sundag 3. mars. Det var Sunnmøre frilynde ungdomssamlag som gjekk i brodden for å starte skirenn på bygdene, og desse renna vart kalla sunnmørsrenn. Sjølv om det var eit sunnmørsrenn, kom det ikkje deltakarar frå områda lenger ute i fjorden enn Dyrkorn. Langedalingane frå Synnylven imponerte i hopp, og sveva opptil 32 m. Dei brukte same skiene i hoppbakken og langrennsløypa. Liabygdaren, Peter O. Overå, gjekk til topps i langrennet med langedalingen, Rasmus R. Kjelstadli, på andreplass. Rasmus busette seg seinare på Dyrkorn og var medlem i idrettslaget der. Ingen frå Stordal og Dyrkorn markerte seg i dette skirennet. Etter sunnmørsrennet var slutt, gjekk stordalingane på ski heim att over Stavsengfjellet. Første driftsåret i laget var eit bra år med heile 30 treningar. 6 treningar var innetreningar medan resten vart haldne ute i det fri. På sjølvaste 17. mai vart første idrettsarrangementet avvikla. På programmet stod bl.a. 100 m, 400 m, kule og tautrekkjing. Premievinnarar var Petter S. Dyrkorn, P. Midtbust, G. Midtbust, Johan Almås, Kristian Sivert K. J. Overøye var første formann i Stordal IL. Hove og Knut Stavseng. Stordal Idrottslag arrangerte idrettsstemne for indre krins og det gjekk føre seg 8. september. Fotball stod også på programmet, og det var kamp mellom Stordal og Liabygda. Utfallet vart uavgjort, 2-2. Dommaren, Sigleif Røste, hadde visst mykje strev med å forklare spelarane kva det heile gjekk ut på. Det var mange frammøtte, og dei skal ha all ære for at dei var med i spelet dei også. Det var rimeleg at det vart like mange såre føter hos publikum som hos spelarane. Dette var det viktigaste som hende i skipingsåret. Laget var no kome godt i gang, og ein skulle tru at det tyngste taket var tatt. Men det vart stillstand og arbeidet vart lagt ned i 1919. Om fotballutstyret, fortel Karl S. Hove i eit intervju i 1990 at ballen dei brukte, var laga av barka hud og sydd saman med bika-tråd. Han hadde gummiblåse og slange for sykkelpumpe eller munnty. Målnetta var gamle fiskegarn. Snart kom spørsmålet om bane opp, og Nils Hove og Ole P. Hove leigde bort ei slette på Stordalsøyra, kalla Notvollen, som vart laget sin første idrettsplass. Arealet var 34 ar og leiga var 55 kroner pr.år. Idrettsmateriell måtte skaffast og i tillegg til stativ for høgdehopp som laget hadde frå før, vart det kjøpt to fotballar, to spyd, ein diskos og ei kule. På bana vart det sett opp fotballmål. Same året heldt Sunnmøre Frilynde Ungdomslag idrettsstemnet sitt her. På stemnet deltok Stordal, Stranda, Liabygda og Valldal, og Stordal Idrottslag gjekk av med sigeren. Også her, var det Petter S. Dyrkorn, P. Midtbust og G. Midtbust som dominerte. Men då Side 4

Karl S. Hove sitt medlemskort i Stordal IL frå 1918. baneleiga ikkje vart betalt, gjekk plassen ut av laget. Bedriftene Pedro Eigedom AS og Stordal Møbler AS ligg på same området i dag. Det kan nemnast at Stordal Idrottslag stod under Stordal Frilynde Ungdomslag den første tida, og alle saker som vart sett på som viktige, måtte leggjast fram for styret i ungdomslaget. I 1921 kom laget i gang att med ein noko forandra struktur. No var ikkje idrettslaget lenger ei undergruppe av ungdomslaget, men eit sjølvstendig lag med Johannes Storheim som formann. Skisporten kjem no inn for alvor, og møteboka syner at det vart viktigaste idrettsgreina framover. 29. januar året etter vart første rennet arrangert; langrenn på om lag 14 km. 14 løparar var med, og alle typar ski og bindingar vart brukt. Utstyret var nok for det meste heimegjort og alt anna enn spesialutstyr som i dag. Skismørninga var gjerne parafinvoks. Men det la ingen dempar på konkurranseiveren som heile tida var på topp, og løpet gjekk unna med liv og lyst. Dette året arrangerte laget også krinsrenn for Austre krins. Det møtte deltakarar frå dei fleste bygdene omkring. Synnylvingane vart dei beste. Både som hopparar og langrennsløparar låg dei framom dei andre. No hadde laget fått ein ny puff framover og interessa voks. I 1923 sende Stordal to mann, Lars J. Sæter og Oskar Talberg, til krinsrennet i 17 km kl A i Valldal. Dei plasserte seg som nr 2 og 5. Sportshytta ved Storvatnet Det hadde ei tid vore arbeidd med tanken å byggje sportshytte ved Storvatnet. På førebuingsmøte i februar 1923 vart E. M. Sæter, Ole Lukkedal og Alfred Busengdal valt til å skaffe material til hytta. Eit protestskriv var kome frå Valldal. Men ein fann ikkje noko grunnlag for protesten då hyttetomta låg på Stordal sin grunn. Hytta vart ferdig i september same året, men ho vart ikkje gammal. Alt året etter, i januar, fann dei hytta liggjande nede på Storvatnet. Kven som MED TAKK FOR EIT GODT SAMARBEID GJENNOM MANGE ÅR, ØNSKJER STORDAL KOMMUNE TIL LUKKE MED 90-ÅRSJUBILEET! STORDAL KOMMUNE VIL ELLES TAKKE STORDAL IDROTTSLAG OG DEI MANGE FRIVILJUGE FOR DET STORE OG VIKTIGE ARBEIDET SOM ER NEDLAGT GJENNOM DESSE 90 ÅRA, OG SOM STERKT HAR BIDRATT TIL Å SKAPE DET STORDALSSAMFUNNET VI ALLE I DAG ER SÅ STOLTE AV. STORDAL KOMMUNE ØNSKJER FRAMLEIS Å VERE EIN STØTTESPELAR FOR IDRETTEN, OG SER FRAM TIL EIT GODT SAMARBEID MED IDROTTSLAGET OGSÅ DEI NESTE 90 ÅRA. CHARLES TØSSE ORDFØRAR LEIF KIRKEBØE RÅDMANN Side 5

Hytta! Høyr kor det ljomar i fjell og i dalar! med ekko i hus, verkstad og salar, om den vesle idrætshytta, som for vonde vette vart eit bytte. Einsleg ho stod der inne på fjellet, einfeldt, men godt var heile stellet, lita, men likevel til trøyst, for ferdamannen når han er trøytt. Einsleg stod ho der den stakkars hytta, venta på idrætsmannen med si tytta. men idrætsmenner for by og dalar, sku vinne premiar og ærespokalar. Stod der som venta i månad tvo ingen frå Stordal ansa henne no. Men ein marsdag inn på fjellet fare tvo menner og sku skjote rype og hare. Det var då særleg den vesle hytta dei hadde i tankane om å vitja. Til undring og harme dei ho får sjå, forfrosen og sturande på isen stå. Skal tru kven her hadde valdsverk gjort, og hytta frå tomten flytt langt, - langt bort. Dei stod der å undrast, men sa som so: Vind og fonn kunde ikkje slik ha flytta ho. Tussar og huldrefolk og sivilisterte dyr, frå gamle segner og eventyr det var nok her som hadde husera, på kjerald, komfyr og anna rumstera. Over døra stod skrive: Frå vogga til grav for sikkert han poetisk den ransmannen var, som slik kunne tenkje og filosofere, og meinte nok skulda sku gå utover veret. Tilbake til bygda dei to mennene vende, og utover bygda dei tienda sende, at den hytta som inne på fjellet var bygt i Storvatnet, på isen ho stod ikkje trygt. Og no dei ihuga idrætsmenner, to gonger om vika på fjellet dei sender ein mann til å granske å sjå etter spor, til hjelp for politimannen og prokurator. H & Y Frå FRAM 13. april 1924 Teikning frå Storvatnet. Teikna av Jørgen Holt i 1930. stod bak, hadde vel dei fleste stordalingar ei meining om. Men ein mangla bevis for å kunne gjere noko. Hytta vart sundplukka og sett opp att same året ved Storvatnet. Sidan har ho fått stått i fred. Idrettslaget makta ikkje den økonomiske belastninga med å halde hytta ved like. Difor gjekk ho ut av laget og det vart skipa eit eige hyttestyre. Styremedlemmane var L.P. Talberg, E.M. Sæther og M. Støle. Det vart vedteke at for å verte medlem av hyttelaget, måtte ein betale kr 0,50 pr år eller kr 10,00 ein gong for alle. Banespørsmålet vert løyst Sommaren 1928 vart det nye styret pålagd å skaffe ny idrettsbane. Det var forhandlingar mellom grunneigarane på Holt og idrettslaget om ei bane på Hestesanden på sørsida av Storelva. Partane vart ikkje samde om kontrakten og det vart ikkje noko av den etterlengta bana. I 1929 kom banespørsmålet opp att på dagsorden og no vart auga retta mot område lengre framme i dalen. Laget tok kontakt med grunneigarane på Mo og det vart forhandla fram avtale om leige av areal i 30 år. Det vart gjort vedtak og for arealet skulle idrettslaget betale kr 200 ein gong for alle. Skisporten vinn terreng Skiidretten stod sterkt innan laget i midten av 30-åra. Det var særleg langrenns-løparane, brørne Sivert O. og Johan O. Lianes, brørne Peder Johan og Ole Seljehaug, John Støle og John Røyset. Dei var sterkt framme i alle renn som vart arrangert i Sivert O. Lianes krinsen, heilt fram til 1941. Under okkupasjonen fekk slalåm og utfor sterkt innpass hos ungdommen, og Stordal hadde ein god tropp med Arne Lianes i spissen. Han, saman med Karl Støle, Ludvig Seljehaug m.fl. må reknast som dei første som i det små kom i gang med alpinsporten i Stordal. Dei første treningane var i Lianeset og Side 6

på sørsida av dalen ovanfor garden Nakken. Alpinistane i Stordal hadde nok eit godt renommé, for i 1940 var Arne Lianes leiar for eit instruksjonskurs i slalåm på Ringstadsætra. Same året sende strandarane Peder Seljehaug nokre løparar til KM i slalåm og utfor i Stordal for at dei skulle lære. I første etterkrigsåret vart det oppretta eige skistyre, og Sivert O. Lianes var den første formannen. På den tid var det mykje ungdom på bygdene og ikkje alltid så mykje å finne på. Såleis kom idretten til å stå sentralt, og ungdommen Ole Seljehaug møttest på idrettstreff lokalt og i distriktet. Og etter kvart vaks sportsgreina sterkt fram. Stordal saman med m.a. Ålesund, Norddal, Ørsta og Sykkylven var dei rådande i dei alpine greinene. Men då Stranda fekk skitrekk i 1957, vaks interessa der og strandarane vart sterkare i løypa og farlegare medkonkurrentar. Arne Lianes - alpinpioneren i Stordal Som mangeårig krinsmeister i alpint var Arne Lianes ein av alpintoppane i Møre og Romsdal. Han var ein svært aktiv representant for alpinsporten både lokalt og på fylkesnivå, og han var den som lærte stordalingane å renne slalåm. Sjølv begynte han i 1938. Kunsten lærte han ved å lese i boka. Læresetningane praktiserte han på eit snødekt Oskar Talberg jorde i Lianeset. Alt før krigen vart han krinsmeister for Sunnmøre, dobbeltvinnar. Arne brukte mykje av fritida si til å trene nye årsklassar i heimbygda og fekk i gang ein ny generasjon alpinistar. Her kan Kjetil Tøsse, Peder J. O. Hove, Lars Hove og brørne Rolf, Otto og Petter Nakken nemnast. På kveldstid og i måneskin var det alpintrening Otto Nakken i Hovsrobbane og i helgane i Lianes og på Støle. Skulane la også opp til skitrening og konkurranse kvar vinter, og det var årlege alpinkonkurransar mellom dei tre skulane i bygda. Dei unge såg opp til Arne Rolf Nakken som med sin romslege og humoristiske veremåte gav dei tillit og samkjensle. Då Stordal Idrottslag arrangere NM alpint junior i 1981 i Overøye, vart Arne Lianes invitert som æresmedlem. Han sette stor pris på å få oppleve alpinanlegget i Overøye i regi av eit NM-arrangement. Arne døydde i 2007, 92 år gammal. Karl Støle og Arne Lianes Side 7

Skiftande tider for fotballen, men framgang i skiidretten Då krigen kom, vart det opphald i idrettsarbeidet. Etter krigen held dei fram med arbeidet på bana. Ho vart grusa og bilveg ført fram. Gamlekarane drog litt på åra, men nye krefter som kom til, viste gode anlegg og gav gode voner for framtida. No var laget fullt på høgde med dei fleste andre rundt om i distriktet når det gjaldt fotball og skiidrett. I slalåm og utfor var laget sine deltakarar blant dei beste. Dei hevda seg i toppen både i krinsrenn og distriktsrenn. Først etter krigen kom jentene med i idretten. Handballaget vart eit faktum og utøvarane viste at dei kunne bite frå seg. Planen var å lage ei handballbane, men laget hadde ikkje nok areal. Trass i dårlege banetilhøve hadde fotballaget sin beste sesong i 1949. Av 9 kampar vann Stordal 7, og slo sjølvaste Stranda, men tapte for 20. gong for seiersikre Norddal. Idrettslaget var i framgang Stordalingen ~ Jubileumsutgåve 90 år ~ Oktober 2008 og banespørsmålet var stadig framme. Det var ønskje om ei bane nærare sentrum. Men det var uråd å skaffe grunn ved friviljug avståing, og pengane og arbeidskrafta vart brukt på bana på Mo. Grunnen var vanskeleg og pengane vart oppbrukte då arbeidet var kome halvveges. Laget vart ståande heilt utan bane Bilde frå 1952. Det viser Synnøve Nygård som broderte fana til idrettslaget. Almar Sæther laga stang og ringar. Fana vart teken i bruk i 1952. Synnøve Nygård laga samtidig til fana for Stordal Husmorlag, som vi ser ved sida. Idrettsbana på Mo. Klubbhuset ligg oppe i venstre hjørne på bana. Side 8 fram til 1953. Mangelen på bane gjorde at mange konsentrerte seg meir om skisporten, og mange hevda seg godt både i løype og bakke. På skifronten gjekk det godt. I 1952 arrangerte laget krinsmeisterskap i storslalåm i Lianeset. Det var eit sjansespel, men vergudane synte seg frå si beste side, og rennet vart vellukka. For å skaffe lag til kampane, søkte fotballaget medlemskap i fotballkrinsen og frå 1. juli 1953 spela laget i dåverande tredjedivisjon. Fotballen vart den dominerande sommaridretten, og hadde medvind. I 1964 vart laget krinsmeister i femtedivisjon som på den tida var den nest lågaste divisjonen. Resultatet vart ikkje slik ein håpa då laget året etter prøvde seg i fjerdedivisjon. Spelarsituasjonen var vanskeleg. Etter to heller svake sesongar var laget igjen å finne i femtedivisjon. I åra framover mot midten av 70- talet heldt laget seg i femte- og sjettedivisjon. Mest gledelege var nok det sterke oppsvinget som kom innanfor gutefotballen. Men det skjedde utvikling innan andre delar av idrettslaget

Laget som vart kretsmeistrar i 5. divisjon i 1964. Bak f.v. Olav Dybdal, Leif Dybdal, Svein Tafjord, Svein Stavseng, Svein Sæter, Kjell Hove, Paul Stavseng, Lars Steinar Midtbust. Framme f.v. Leif Kirkebøe, Kåre P. Hove, Karsten Lianes, Petter A. Busengdal og Jarle Tafjord. sitt arbeid også. I 1968 vart det inngått avtale med grunneigar på Midtbust om leige av eit område til opparbeiding av hoppbakke og lysløype. Leigeavtalen gjaldt for 20 år og den årlege leiga var kr 200. Bakken vart nytta til både trening og renn, men snøfattige vintrar gjorde at bruken av bakken ikkje vart så stor som håpa på. Likevel hevda fleire lokale hopparar seg godt i renn i distriktet. På alpinsektoren vart det også gjort ein iherdig innsats. I ein periode i begynninga av 60-talet var alpinsporten nede i ein bølgjedal, med relativt liten aktivitet. Så vakna aktiviteten til live att og i 1970 vart det innkjøpt mobilt skitrekk som vart brukt både på Langsætrane, Almås, og i Overøye. I Overøye vart det dessutan uthogt slalåmtrase og tilhøva låg svært godt til rette for vidare utbygging. Det vart ny giv for alpinistane som hevda seg godt også i renn utanfor distriktet. Hoppbakken på Holt Tidleg i 1926 vart det valt ein komité til å ta seg av opparbeiding av hoppbakke. Komitéen let ikkje høyre frå seg. Styret fann det difor rettast å ta ein tur sjølv for å finne ein høveleg skibakke. Vest for Holtfonna fann dei lageleg terreng for ein bra bakke. Arbeidet vart straks sett i gang og gravinga gjekk lett. Særleg interesserte medlemmer møtte på dugnad og utførte 20,5 dagsverk. Då vinteren 1926 kom, var bakken i så bra stand at han kunne takast i bruk sjølv om det stod det att mykje arbeid. Bakken vart ikkje som han skulle; manglande utstyr og kunnskap må nok ta skulda for det. Det vart ikkje lagt ned meir arbeid på bakken, bortsett frå vedlikehaldsarbeid framfor kvar sesong. Bakken vart flittig brukt i mange år. Då hoppbakken på Holt stod ferdig, var det stor stemning i bygda. I følgje bøkene vart den markert på ein svært fin måte. Alle jentene i bygda vart invitert til fest på Breidablik, og festen vart svært vellukka. Side 9

Idrettsbana på Mo Mo stadion Etter idrettslaget og grunneigarane på Mo inngjekk avtale om areal for fotballbane i oktober 1929, vart det sendt søknad om statstilskot og laget fekk kr 1.300 til opparbeiding av idrettsplassen. - Laget hadde betalingsproblem. Det hadde ikkje midlar til å betale eingongsleiga, kr 200 for 30 år, og ved nyttårstider ba det om betalingsutsetjing til pårekna statstilskot skulle kome i februar. - I løpet av året fekk laget ferdig ei bane på 25 x 60 m. Mest alt arbeidet vart utført på dugnad av lagsmedlemmane, 1.350 timar. Den første fotballkampen på den nye bana vart halden 24. juni 1930. Motstandarane var Liabygda og sidan gjekk det slag i slag. Allereie same året fekk laget trenar frå Ålesund. No vart det meir plan i spelet utan at det var noko å skryte av. Trenaren var ein streng og myndig kar. Noko av det han ville ha slutt på, var dette å renne til fjells og herse og rangle før treningar og kampar. For, som det står i boka, då vart spelarane berre ein karrikatur av seg sjølv når dei dagen etter skulle lære seg skikkeleg fotball. Ikkje alle ville vere med på at fotball var ein seriøs sport som kravde både kondisjon, teknikk og forståelse. Bana vart også brukt til konkurransar i andre idrettar enn fotball og handball. I Eg minnest så mangt skriv Petter S. Dyrkorn om ein pokalkampen sundag 9. juli 1939 i friidrett mellom Stordal og Dyrkorn på idrettsbana. Utfrå at det denne gongen var mange tilskodarar, synte det at interessa for idretten var veksande. Det vart konkurrert i 100 m løp, kule, høgdehopp, diskos, lengdesprang, 400 m og 1000 m stafettløp. Vinnarane var Olav Henden, Hjalmar Parr, Karl Stenvågnes og Perry Lien. I stafettløpet gjekk Dyrkorn idrettslag av med sigeren og tok sin tredje aksje i pokalen som det skulle tevlast om seks gonger. Men behovet for større bane melde seg snart, og alt i 1931 vart bana utvida til 46 x 93 m. Desse måla hadde ho fram til 1950. Utvidinga vart gjort av leigd hjelp for kr 600 i tillegg til dugnadsarbeidet. I september var det svært godt frammøte. Jan Hosking, Hilmar Kvammen og Peder Øvrebust møtte opp med hest. Totalt utgjorde dugnadsarbeidet 483 timar. Noko av arbeidet vart sett bort på akkord. Men bana vart ikkje ferdiggrusa, og ungdommen måtte klare seg med ugrusa banedekke i fleire år. Endeleg, i februar 1936 vart det påkøyrd 250 lass grus Kontrakt for opparbeidelse av ein del av idrettsbana på Mo, datert 24. 04.1934. oppå snømassene. Meir vart ikkje gjort før det samla seg ein dugnadsgjeng våren året etter og breia grusen utover bana. Då krigen kom, vart det stagnasjon i arbeidet på idrettsanlegget, men i 1945 vart det sett i gang ny grusing av plassen. No vart det også bygd bilveg opp til bana. Etter krigen arbeidde laget med å få utvide bana. Planen var å få eit areal som var så stort at det kunne lagast ei 400 m lang løpebane rundt plassen. I desember 1948 vart det skrive kontrakt med grunneigarane om å utvide arealet til 150 m x 70 m. Leiga vart på 60 kroner pr år i 30 år. Sitat frå leigeavtalen: Til plassen kan berre brukast dei vegar som Side 10

Stordal sitt A-lag spelar fotballkamp mot Tennfjord på grusbana på Mo i 1954. eigarane av garden har rett til. Leigaren har rett til den grus dei treng til grusdekke på plassen, etter tilvising av eigarane. Avfallsgrus til dette er gratis. Skulle støypesand verte brukt, vert det mot betaling. Plassen kan inkje gjerdast inn fyrr etter avtale med eigarane om dette. Idrottslaget har alt ansvar for skade på buskap som følgje av idrett eller oppsatte innretningar på og rundt plassen. Buskapen beita i området - rusla inn og ut av bana - la frå seg ei og anna kurue. Sundags morgon, før kampane, møtte det opp tillitsvalde og merka bana. Kuruene samla dei i trillebåre. Men bana var klarert så lenge kyrne ville. I tida fram til kampen skulle spelast, rusla dei inn att på bana og plasserte nye visittkort av det ferske og ofte blaute slaget. Elles la kyrne for dagen eit svært avslappa forhold til både fotballen og mannen under tilbaketrekkjinga brukte dei eit anna tempo enn fotballfolket forlanga. Same året som leigekontrakta vart underteikna, sende Sunnmøre Idrettskrets ein ingeniør til Stordal for å kartlegge og nivellere idrettsanlegget. I full stand kom heile anlegget, inkludert handballbane sør for fotballbana, på kr 32.500. Året etter fekk laget kr 5.000 i tippemidlar som vart sette på konto i Stordal Sparebank til seinare bruk. Spørsmålet om ei meir sentrumsnær bane var stadig på dagsorden. Før laget brukte tippemidlane, vart det endå ein gong gjort framstøyt om areal til bane nede i bygda. Men det var ikkje råd å skaffe grunn ved frivillig avståing. Utvegen vart å Kjetil Tøsse overrekkjer Peder J. O. Hove diplom og blomster for 100 spelte seriekampar på Mobana 27. mai 1962. Side 11 bruke pengane og arbeidskrafta på bana på Mo, for å få ho i brukbar stand. Gamlebana halla litt heimover. Skilnaden i nivået kunne vere om lag ein meter frå ende til ende. For å grave minst mogeleg med hakke og spade ved tidlegare opparbeiding, hadde idrettslaget akseptert hallet. - Under utvidinga denne gongen vart bana m.a. forlenga framover og sidan ho skulle vere flat utan nivåforskjell, vart det meir masse å forflytte. Bulldosar vart leigd inn og arbeidet sett i gang. Han reiv laus stein- og grusmassene i skråninga med frontskjeret og skubba massene framfor seg i parallelle groper på bana heimover til fyllinga. Mellom gropene vart det ståande att kantar som bulldosaren skava bort etterpå. Arbeidet var tungt og seigt, for grunnen var vanskeleg med mykje stein og hard masse, og bulldosaren bevega seg med krabbefart. Slik gjekk arbeidet og etter tre veker var halvparten av massen utskuffa og pengane oppbrukte. Fagfolk rådde laget frå å leige meir

Styret i SIL ved 40-årsjubileet i 1958. Bak f.v. Jørgen Reidar Vinje (kasserar), Kjell Tjønnøy (fotballoppmann), Per Støle (skioppmann). Framme f.v. Karl J. J. Nygård (formann), Oddmund Vad (nestformann). maskinelt arbeid på anlegget pga svært ulageleg grunn for bulldosararbeid og lang massetransport. Laget satsa no på å leige arbeidarar og reiskapar. Laget lånte skinner og vagg (tippvogn) av vegvesenet. Etter ein del vanskar fekk laget ordna med arbeidskraft, og tre mann begynte arbeidet med vagg som transportmiddel og det vart teke ut om lag 500 m3 masse. Etterkvart vart det vanskeleg å få til eit fast arbeidslag, så mangelen på arbeidskraft seinka arbeidet. I tillegg var det eit uvanleg rikt sildefiske på fjorden som også virka inn på dugnadsarbeidet. I juni 1952 hadde Vegvesenet bruk for utstyret, og henta skinnegangen og vaggen. Baneanlegget vart ikkje fullført og om hausten vart det søkt STUI om meir midlar til anlegget. Situasjonen utan fotballbane var uhaldbar. Arbeidet vart teke opp att, og i 1953 vart siste innspurten sett inn. Den offisielle opninga var same året, og på opninga slo Stordal Stranda 3-2. Garderoben var kjerr og tre langs bana - ein lite tilfredsstillande situasjon i lengda - og behov for klubbhus melde seg. Til haustsesongen 1958 stod huset, om lag 4 x 8 m stort, ferdig til bruk. Same året hadde fotballen sin beste sesong til då. Året var jubileumsår og vart markert med stor fest på Breidablik. På 40-års festen fekk Sivert Lianes, Ole Talberg, Johan Helland og Peder J.O. Hove diplomar for heiderleg innsats for idrettslaget dei seinare åra. Petter A. Busengdal fortel at to av medlemmane i idrettslaget arbeidde på linjearbeid då dei bygde Side 12 klubbhuset. På arbeidsplassen fekk karane material og sement som vart til overs og tok det med seg heim til å bygge klubbhus av. I tillegg let grunneigarar idrettslaget få tre som stod i den nye linjetraseen på eigedommane deira. Trea vart saga opp til høveleg material. Først laga dei ein liten grunnmur; så støypte dei plata. Dugnadsgjengen lånte eltemaskin og ein motor til å dra eltemaskina rundt. Men motoren svikta, og karane måtte dra eltemaskina sjølv. Det organiserte dei ved at kvar mann drog 50 omdreiningar, så var det neste mann sin tur å dra eltemaskina 50 omdreiningar. Godt var det at det var 10 12 mann på dugnaden. Betongarbeidet og reisverket vart utført på dugnad utan kostnad, men eternittaket og kledningen måtte kjøpast. Då rekninga på taket kom, var det lite pengar i Det var mange gratulasjonstelegram i høve idrottslaget sitt 30-års jubileum i 1948. Her eit frå Sunnmøre Skikreds.

laget si kasse å betale med. Ein av styremedlemmane betalte rekninga av si lomme, og etter at laget sin haustdans var avvikla, fekk han att pengane. Om ein fotballkamp på Mo vert følgjande fortalt: To karar kom ruslande ved sidelinja på heimste målet då det vart sett eit skot mot mål. Skotet gjekk litt til sides for målstonga. For å unngå at ballen for ut i oreskogen, sprang den eine karen fram og sparka ballen inn mot bana. Det vart skru på ballen og han gjekk inn i heimemålet. Du får skyte eit mål, du å, sa han til kameraten. Det hende at snøen låg lenge på bana om våren. For å få fortgang i smeltinga, mylda laget bana så vårsola fekk betre tak. Slik vart bana klargjort før 17. mai. Snøen var eit relativt enkelt problem, verre kunne det vere med småsteinen på bana som vart riven opp då bana vart slådda med hest. Det vert fortalt at ein fotballdommar nekta å godkjenne både bana og ballen. Bygdefolket tok konsekvensen, møtte opp med rive og ordna ut. Fotballdommaren vart i mellomtida invitert fram på Langsætrane, og etter god innføring i sæterkulturen, godkjende han både bana og ballen. Etterpå stod det i ei av hovudstads-avisene at folk gjekk mann av huse for å rake stein. Året etter klubbhuset stod Rolf Kjeldstadli i svevet i eit renn i ein av bakkane på Dyrkorn, antageleg rundt krigen ein gong. ferdig skaffa laget seg ein tung vals, og baneforholda vart likare. Sigurd Moe fortel at han monterte valsen og slådden side ved side bakpå Gråtassen. Utleige av kontor og industrilokaler Pedro Eiendom AS, Strandgata, 6250 Stordal Telefon 70279425 - Mobil 41425595 www.pedro.no Side 13

Traktoren vart køyrt rundt og rundt på bana med innretninga etter seg. Køyringa var lagt opp rasjonelt ein svinga slik at slådden var på innsida i rundane og i neste runde rulla valsen over området som var slådda og trykte småsteinane ned i bana. Småsteinen vart ein kvitt, men bles det retteleg godt, kunne ein oppleve sandstorm Idrettsarbeidet under andre verdskrig Om idrettsarbeidet i Stordal under krigen veit ein lite då mange protokollar har kome på avvegar. Men arbeidet låg nok mykje godt nede til liks med andre stader i landet. Likevel fekk slalåm og utfor godt tak på ungdommen, og ein fekk ein god tropp slalåmløparar med Arne Lianes i spissen. Truleg vart det drive med langrenn også. Krinsrenn vart ikkje avvikla, men det vart halde lagsrenn og konkurransar mellom skulekrinsane. Arbeidet med grusbana på Mo stagnerte i krigsåra, og sidan fotballen låg i ro, kan det ha medvirka til at skiinteressa auka. Opprettinga av eiga skigruppe i 1945 var truleg ein konsekvens av skiidretten sin framgang i krigsåra. - På Dyrkorn var det stor interesse for hoppsporten og dyrkornbygdarane bygde to hoppbakkar i lia ovanfor Støversten. Å drive idrettsarbeid under krigen var knytta til stor fare, for etter okkupasjonen i 1940, greip det nye nazistyret inn i mest alt organisert lagsarbeid. Idretten fekk heller ikkje vere i fred, og gjennom Idrettsforbundet sitt, ville okkupantane ta idretten til inntekt for den nye tida. Som eit mottrekk til Idrettsforbundet vart Idrettsfronten danna og praktisk talt alle norske idrettsfolk slutta seg til han. Det starta med Idrettsstreiken som var ein aksjon av alle idrettsforbund, -krinsar og -lag i landet som førte til stans i alt organisert idrettsliv og dermed i alle former for offentlege konkurransar. Mange idrettslag fekk krav om at laget skulle gå inn under Idrettsforbundet eller nedleggast. Vart det nedlegging, tok okkupantane sine representantar over eigedelane til laget. Det første skirennet i Sunnmøre skikrins etter krigen vart halde 20. januar 1946 på Dyrkornfjellet med eitt hundre startnummer. På festen etterpå vart det lese ein prolog som ber preg av ånda som rådde. Prologen begynner slik: Vi møtest på ny som friborne folk etter lagnadstunge tider i vonde femårsbolk. Med innhogg i alt som var fagert og fritt, med spott over flagget som er mitt og ditt. Velkomne idrottsmenn til kappestrid på ny, velkomne alle frå bygd og by. Åsen-båten vart nytta mykje til reise til mellom anna fotballkampar. Side 14

På tur til fotballkamp med båten Parat III. Nokre reiseopplevingar til konkurransar i før- og etterkrigstida Ivar Midtbust kjem i hug ein gong han på 30-talet saman med 10 15 andre ungdommar reiste til Valldal for å sjå hopprenn. I Heggjabakken framme i Heggen var det bygd ny hoppbakke som skulle innviast. Det var stor tilstrøyming av småbåtar frå alle kantar, også frå Ålesund. I På veg til Sulafjellet på slalåmrenn med Åsen. Valldalen gjekk dei fram i Heggen. Under hopprennet fekk dei beskjed om å vere snare med å komme seg ned til sjøen fordi det hadde begynt å blåse opp på fjorden. Så var det å legge i veg nedover bygda, komme seg i båtane og ut fjorden. Ute ved Holmen møtte småbåtane rette stormen. Ivar hugsar at han som førde båten var i tvil om han ville greie å legge til kai i Stordal i uveret. Men båtføraren prøvde og gjekk sakte forbi kaien og passasjerane bykste på land, landa i sjøkanten og vart våte oppunder knea. Mange av båtane gjekk bort i Hovsbugen og la seg til der med motorane i gang. Ein del båtar gjekk vidare ut fjorden til Vollvika innafor Skotshalsen der dei låg i ly til neste dag. På Dyrkorn som hadde eige idrettslag i mange år, var det eit aktivt idrettsmiljø. Særleg hoppsporten stod sterkt i bygda, og det var hoppbakke både i Trollhaugen og ovanfor Støversten. Bakkane i lia ovanfor Støversten vart kalla Lisjebakken og Storebakken. Interesserte stordalingar tok med skia, gjekk opp Mebust og langs Dyrkornvatnet, til Gjerdsstølen og vidare til hopparenaen. Returen gjekk i same løypa. Peder J.O. Hove fortel at då Arne Lianes, Kjetil Tøsse, Rolf Nakken, Lars Hove og han reiste til Åndalsnes for å delta i slalåm før vegforbindelsen til Dyrkorn kom, tok dei båt til Dyrkorn, deretter buss frå Dyrkorn - Sjøholt - Åndalsnes. Tilbake gjekk reisa med buss frå Åndalsnes til Innfjorden. Der spente dei på seg slalåmskia, traska opp dalen til Bøstølen og gjekk vidare til Langsætrane. Han fortel også om ein tur til Fjellsætra. Turen starta laurdag med mjølkebåten frå Stordal til Stranda, vidare med buss over Hevsdalen til vegskiftet. Der tok dei på seg skiene og gjekk til Fjellsæterhytta og overnatta. Etter skirennet sundag var det å spenne på seg skiene og gå frå Fjellsætra og renne ned til Fausa. Der vart alpinistane henta med båt til Stordal. I 1949 vart ny fotballbane opna i Tresfjorden, og det vart spela kampar på nyanlegget. Frå Stordal deltok både fotballaget og handballaget. Utøvarane sykla Alpinistar frå Stordal og Norddal på veg til slalåmrenn i Ørsta i slutten av 1950-åra. Frå øverst og nedover; Oddmund Innseth, Oddvar Hjelle, Kjell Krohn Dalen, Ivar Nydal, John Lianes og Martin Relling. på smal grusveg og med syklar utan gir - til Langsætrane, gjekk over Kleiva til Øvstedalen; der dei vart henta av lastebil. Ved hjelp av ein liten stige klatra dei opp i lastekassa, fann seg ein plass på benkane. Benkane var enkle, men hadde ryggstø, stod tvers over Side 15

Framsida frå heftet til Krinsmesterskapen i utfor og slalåm i 1948. Krinsmesterskapen gjekk føre seg i jøsvollbotnen sundag 4. april, og i programmet kan ein ein sjå at det starta med opprop klokka 10.00, klokka 11.00 var det start i slalåmrennet for gutar, klokka 12.30 var det start i utforrennet for menn, og klokka 15.00 var det start i slalåmrennet for menn. Sundag kveld var det fest med premieutdeling på Breidablikk. lastekassa og var sett ned over sidekarmane slik at dei stod støtt. Turen gjekk så vidare til Tresfjorden. Etter kampen, der handballaget frå Stordal vann, var det å klatre opp i lastebilkassa att og reise til Dyrkorn. På Dyrkorn sette dei seg i robåtar og rodde inn til Stordal. Peder minnest også ei reise til eit skirenn på Sulafjellet. Nokre yngre karar reiste saman med Arne Lianes med fjordabåten frå Stordal til Meierikaia i Ålesund. Turen gjekk vidare med langevågsbåten over fjordbukta. Frå Langevåg rusla dei vidare med skiutstyret på ryggen til dei spente på seg skiene, tok fatt på Sulafjellet og gjekk opp til Rollonhytta med køyer til 48 personar - for overnatting. På hytta rann det inn mange løparar og Arne Lianes var det naturlege midtpunktet. Løparane rundt i distrikta kjende godt til Arne og såg opp til han. Etter rennet neste dag, sundag, gjekk heimreisa med buss frå Ålesund til Dyrkorn, og derifrå med båt siste stubben heim. At sjøen kan vere lunefull, fekk Karl J. J. Nygård og Karsten Lianes oppleve ein sundags morgon då Karsten skulle til Fjellsætra på renn. Karl J. åtte ein båt med påhengsmotor og skulle skysse Karsten over fjorden. Karsten kom ned til sjøen med ski og stavar og hoppa om bord i båten. Dei tøffa ut fjorden med kurs mot Fausa, der Karsten skulle setjast på land, gå opp Fausadalen og vidare til Fjellsætra. Men den dagen spela ikkje vergudane på lag. Det bles opp på sjøen og utanfor Holmen vart vinden så stri at dei måtte gjere vendereis. Oddmund Vad hugsar særleg godt ein gong Sigurd Lianes, Karsten Lianes og han reiste til Fjellsætra på storslalåm. Det var i 1954. Først var det ferje til Stranda. På Stranda fekk dei vite at vegen Stranda Hevsdalen Tenestemennene ved rennet var: leiar Ole Talberg, løypesjef Sivert Lianes, tidtakarar Reidulf Hagen og Nils Norud, startar Karsten Støle og lækjar var Dr. Torgersen. Frå deltakarlista kan ein sjå at det deltok 15 gutar frå Stordal i slalåm (av 20) 5 menn frå Stordal i utfor (av 45) og 5 i slalåm (av 48). Elles var det med alpinistar frå Ørsta, Volda, Norddal, Rollon, Ålesund Skiklubb og Sykkylven. Dei 15 gutane frå Stordal som var med var: Otto Nakken, Einar O. Hove, Jørgen J. Hove, Kjetil Tøsse, Odd Hove, Leif Busingdal, Petter Nakken, Jørgen Vinje, Steinar Nakken, Oddmund Vad, Karl Busingdal, Svein Tafjord, Per Jarle Søvik, Karsten Lianes og Ole Storheim. Dei 5 mennene frå Stordal som var med både på utfor og slalåmrennet var: Karl Støle, Peder O. Hove, Rolf Nakken, Håkon Sæter og Anders Midtbust. var stengd pga stort snøfall. Men karane kunne ikkje la seg stogge av stengd veg og la av garde på ski over fjellet, opp Hevsdalen. Ei litt farleg ferd for vegen var stengd for all trafikk Brøytebilen køyrde i stor fart, som han måtte ha for å kaste snøen opp på dei høge brøytekantane. Kvar gong dei såg lastebilen kome, måtte dei kjapt spenne av seg skiene og kravle opp på snøkantane med ski og stavar i hendene og komme seg i trygg avstand for snøspruten. På den tid var det korkje refleks eller vestar som markerte folk i vegen. Skiutstyret var ikkje det beste til å gå tur på slalåmski med langrennsbindingar. Men dei traska vidare på skiene og rente på vegen ned til vegskiftet til Fjellsætra. Utpå natta var dei framme på Fjellsætra og fekk tak over hovudet. På morgonkvisten kom det beskjed om at rennet vart flytta til lysløypa på Aure på grunn av det store snøfallet. Så var det berre å Side 16

Fotballaget sommaren 1954. Bak frå venstre Svein Tafjord, Peder J. O. Hove, Jarle Tafjord, Jørgen Vinje, Steinar Aashammer og (dommar Hjorthol frå Sykkylven?). Midtre rekke frå venstre Kjell Tjønning, Sigmund Brekke, Petter A. Busengdal. Framme frå venstre Kåre P. Hove, Karsten Lianes og Steinar Nakken. Som ein kan sjå kunne trøyene verte i minste laget. spenne på seg skiene att og renne ned til Aure. Etter rennet gjekk det ikkje buss til Stranda og ferja gjekk berre ein gong for dag, om morgon i 6-tida. Det var berre å legge seg inn på hotell på Aure. Måndags kvelden var dei heime etter ei reise som gjekk om Ålesund til Dyrkorn og derifrå med ferje til Stordal. Stordalingane reiste også på skikonkurransar i Norddal; reisa kunne vere brysam og tungvint, og overnatting var nødvendig. Men nordalingane reidde opp senger og stordalingane fekk full oppvartning med frukost og anna mat. På den tid var det vanleg at idrettsutøvarane betalte reiser, overnattingar, startkontigent m.m. av eiga lomme. Etter større renn var det oftast fest og utdeling av Stordalingen ~ Jubileumsutgåve 90 år ~ Oktober 2008 premiar. Om lagsdraktene Laget sine drakter har raud bukse og gul trøye. Det vert fortalt at draktene tidlegare var av ull og heimestrikka. Ulla den gongen var korkje krympe- eller kløfri. Ved kvar vask hadde draktene den leie tendensen at dei vart mindre og mindre og etter kvart kraup lengre og lengre opp under brystkassa på spelarane. Kanskje sprang idrettsutøvarane ekstra fort på banen fordi draktene klødde Etter krigen var det vanskeleg om ty til å sy av. Heller ikkje vart det prioritert å bruke pengar på slike unyttige ting. Ei av handballjentene minnest at ho hadde handballshorts sydd av eit gammalt raudt dynetrekk. På ein handballkamp høyrde ho publikum heia på seg og vart ekstra ivrig på bana. Men under kampen opna glidelåset i sida på shortsen seg; ho kjende at han seig ned, men i siste øyeblikk treiv ho shortsen og fekk han på plass att. Griggåsbakken Laget hadde lenge sakna ein hoppbakke som låg sentralt. Det var då ein vende augo mot Griggåsbakken. Det hadde vore drive litt hopping der, men det hadde ikkje vorte lagt opp til noko organisert trening. Om vinteren mørkna det tidleg, så treningsøktene vart korte. Ideen Avisutklipp frå 1981 som syner Sindre Helland saman med ungar i Griggåsbakken. Side 17

var å sette opp flombelysning og få bakken i stand. I 1968 valde styret ein komité til å ta seg av klarlegginga av arbeidet. Valet fall på John Larsen (formann), Sindre Helland, Arne Aarflot, Ole Talberg og Anders Midtbust med varamann Einar Henden. Først vart det ordna med leigekontrakt med grunneigaren, Harald Midtbust. Det vart teikna kart over området og planlagt lysarmatur i bakken. Til finansiering av arbeidet fekk laget kr 5.000 i stønad frå kommunen i 1968, og året etter støtta kommunen opp under arbeidet med meir pengar, kr 6.300. Same året, om hausten, kalla bakkekomitéen saman til dugnad. Dugnadsgjengen grov ei grøft med hakke og spade frå garden til Harald Midtbust og opp til løypa. Straumkabel vart lagt ut, og no stod stolpane for tur. Dugnadsgjengen hadde kome godt i gang, og i dei næraste dagane vart stolpar og lysanlegg oppsett. Dei bygde også eit hoppfundament av tre, og no hadde bakken to hopp, storhoppet og lillehoppet. Lillehoppet var berre bygd av snø, og det var plassert fire fem meter lenger nede i bakken. I 1970 planerte grunneigaren noko på garden sin og leigde bulldosar. Laget nytta høvet og leigde same bulldosaren til å planere ferdig det som stod att i hoppbakken. Det var særleg i overgangen og ut over sletta dette trongst. No var bakken så godt tillaga at hopparane kunne trene i bakken på kveldstid også. Ved sida av hoppbakken låg forholda godt til rette for alpintrening. Ivrige alpinistar fekk såleis god nytte av same belysninga. I 1970 vart det kjøpt inn eit mobilt skitrekk som var tenkt til bruk i bakken, men vintrane som kom, vart så Peder J. O. Hove på veg ned løypa. snøfattige at aktiviteten i bakken vart svært redusert. Likevel var hoppgruppa snar til å arrangere hopprenn og treningar så snart det var håp om lagelege snøforhold i bakken. Men slalåmbakken var ikkje råd å få til. Trekket vart difor sett opp i Overøye, der laget var i ferd med å etablere eit nytt idrettsanlegg. Skisenteret i Overøye Fram til 1970 var trenings- og konkurransestadane for skiidretten tilfeldig, og fleire stader vart nytta. Det var store vanskar og mykje arbeid å arrangere rasjonell trening og konkurranse. Situasjonen var ikkje haldbar og Kjetil Tøsse og Peder J.O.Hove tok kontakt med grunneigar Alf Overøye om å få drive alpinsport i Overøye. Grunneigaren var positiv og frå 1970 og utover begynte arbeidet med å rydde alpinløyper i området. Det mobile skitrekket på 200 m vart først sett opp på innmarka litt nedanfor der noverande familietrekk tek til. Seinare vart det flytta til utmarka i nærleiken. Finansieringa av det første skitrekket kom i stand ved ein lynaksjon mellom bygdefolket som i løpet av fem dagar gav kr 6.700. Etter den vesle starten, utvikla laget eit aktivt trenings- og konkurransemiljø for alpint i Overøye. Idrettsmiljøet på staden var i ein periode meir allsidig då langrennsgruppa også la treningane og konkurransane dit. I 1975 kjøpte laget eit tautrekk på 350 m og sette det opp parallelt med der Pomatrekket vart montert og ferdigstilt i 1979. Aktiviteten og Sentrale personar samla opningsdagen ved Stordal alpinsenter i mars 1980. Frå venstre Kjetil Tøsse, Ingrid løset, John Peder Aarflot, Per A. Refsnes, Karl A. Øvrebust,Jon Reidar Dale, Einar J. Hove, Cicilie Dahle Torbjørnson, Jørgen Nordli, Helge Søvik og Bjørn Angvik. Side 18

Oversiktbilde frå opningsdagen ved Stordal alpinsenter i mars 1980. tilstrøyminga i området auka, og med det parkeringsproblema. Tilreisande måtte parkere langs den smale fylkesvegen. Då det vart opparbeidd 300 m parkeringsplass, vart dei verste parkeringsproblema løyste for ei tid. Dugnadsfolk rydda skog og traseen for skitrekket og løypene vart utvida. Straumtilførselen var lite tilfredsstillande, og det vart forhandla med det kommunale kraftverket om denne saka. Ein såg for seg lysanlegg i bakken, ein lystrase planlagd etter STUI sine normer. Anlegget i Overøye vart no så omfattande at idrettslaget fann det rettast å opprette eit aksjeselskap til å drive det. På halvårsmøtet i 1976 vart det vedteke at aksjeselskapet skulle få ta over laget sitt minitrekk for kr 10.000, og i tillegg teikna laget aksjer for kr 15.000. Det første selskapet vart kalla A/S Skitrekk, men vart seinare omdøypt til Stordal Skisenter A/S. På nemnde møte la Einar J. Hove fram skisse for framtidig utbygging i Overøye. Skissa omfatta m.a. kiosk/kafe, hytter, varmestove og hotell. På den tida kunne nok planene sjå store ut og visjonære ut, men etter kvart har mykje vorte gjennomført. Gjennom avtale med akjeselskapet sikra idrettslaget seg gode treningsvilkår for medlemmane sine, og i tillegg til den ordinære helgekøyringa var det kveldskøyring i trekket. Skisenteret hadde ikkje vore lenge i drift før publikum sitt behov for å kjøpe varme pølser, varm drikke m.m. melde seg. På etterjulsvinteren 1977 vart det etablert kiosk. Mange hugsar nok godt den første kiosken som var mest som ei lita firkanta kasse utan innlagt vatn. Vatnet vart henta i kjellaren i huset nedunder bakken og bore opp i kiosken. Alle varene vart lagra i kiosken, og det var ikkje store golvflata att å bevege seg på. Ved dårleg ver kom barn og unge inn og fekk Bjørn Busengdal og Tor Øvrebust var to av funksjonærane under alpint junior-nm i 1981. COOP MARKED STORDAL 6250 STORDAL Side 19