Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016 Hei alle saman. No i september har me starta med å gå tur heim til nokon av barna, for å sjå kor dei bur. Det er stas å visa fram heimen sin, og kjekt for dei andre å vete kor dei bur. Dette er ikkje noko som de foreldre treng å legge til rette for, me tek eit bilete ved inngangsdøra før me går vidare. Me har og vore på Sollidbanen, til Brannstasjonen i Sagvåg og på leikeplassar. Me har hatt flotte turar med både 5- og 4 åringane. Gjengen på Tyrihans gler seg til turdagane. På Tyrihans bærer barna sine eigne sekkar på turane. Husk å sjekke at dei sit godt, har magebelte og har ei flaske oppi-me byter vatn. Viktig at barna og har gode sko/støvlar som passar og tett regntøy. Hugs å merke alt Tyrihans er ein flott gjeng i år, kjekke, glade og aktive kvar og ein av dei. Vaksne på basen er Gunn-Iren - ped.leiar 100%, Marita - fagarbeidar 80%, og Solveig fagarbeidar 100%. Marita har starta på barnehagelærar studiet og kjem til å vere borte nokre veker gjennom året. Anne Berit kjem til å vera innom, og det kjem til å vera student frå Hsh nokre veker. Kan hende barna har nemnt ein ny gut på basen, Henry. Henry er ein bamse me har fått frå Røde Kors. Henry førstehjelp for barnehagebarn er et læringsopplegg om førstehjelp for dei eldste barna i barnehagen. Her er fokus på medmenneskelighet og hjelpevilje. Når uhellet er ute kan det være avgjørande at ein tek ansvar visar omsorg og hentar hjelp. Me kjem til å prate om skrubbsår, kutt, stikk, klemt seg, flis, kul i hovudet, brannsår, naseblod, satt noe i halsen og bevisstlaus. Henry blei svært godt mottatt, og har vore med på nokre av turane våre han er så stor at han var vanskeleg å ha i bæresele så no sit han i dukkevogn Språksprell: Me har starte med Språksprell med skuleungane. Språksprell er metodiske språkleikar for barn i alderen 4-6 år. Barna skal gjennom fire språklege områder som er: 1. Merksemd for lyd 2. Rim og regler 3. Stavingsinndeling 4. Forlydsanalyse Mitt val: Me arbeider jamt og trutt med tema frå mitt val. De vil få informasjon om kva me held på med i form av ark med teikning laga av barna og info i garderobehylla
I Oktober kjem temaet vårt til å vere FORUT - barn hjelper barn. Dette er den årlege barneaksjonen vår. Me møter igjen Biswas, Nischal og Puspa frå Nepal. Gjennom leik og aktivitetar lærer barna toleranse, respekt for meneskeverdet, solidaritet og innlevlese i andre mennesker sin livssituasjon. Det kjem eige info.skriv om forutaksjonen me skal ha i barnehagen. Me har ein nokolunde fast vekeplan som de kan sjå i garderoben, men er det fråvær på personal (sjukdom, kurs, møter o.a.), legg me lista litt ned og har fokus på barna. Klokka 09.00 sit alle med bordet og et frukost, dersom nokon kjem etter at frukosten er i gang er det fint om de kjem inn til oss med barna. I fjor var de veldig flinke til å gje beskjed dersom nokon var sjuke eller tok fri, fortset med det I år blir varmmat på Tyrihans litt sporadisk, men me prøver å få til varmmat når me er på tur då smakar det ekstra godt. Fødselsdagar: I år lagar me litt meir ut av sjølve feiringa, me set fokus på barnet og gleda av å ha fødselsdag. Når det gjeld invitasjonar til private feiringar er de jo kjende med at det er nokre kriteria som skal fylgjast dersom de vel å levere desse ut i barnehagen. I år er barnetal og kjønnssamansetning på basen på ein slik måte at dersom regelen om at alle av same kjønn og alder blir brukt, kan eit fåtal av barna enda opp utan ein einaste invitasjon, medan andre får mange invitasjonar. Det er stor makt i ein bursdagsinvitasjon, og små barn har ikkje moglegheit til å skjøna alvoret i å lata nokon bli utestengd! Dette er svært uheldig og noko me ynskjer å unngå, derfor må det i år bli slik at ein inviterer enten heile basen, eller alle av same kjønn på basen. Ynskjer de å gjer det på ein annan måte må me be dykk levere invitasjonane utanom barnehagen. Framover vil all informasjon komme berre på heimesida og noko på mail, det er difor viktig å halde seg oppdatert. Adressa til heimesida er: http://www.stord.kommune.no/no/sagvag-litlabo/ Gunn-Iren kan nås på: Gunn.Iren.Saelevik@stord.kommune.no Helsing Marita, Solveig og Gunn-Iren
Glimt frå august og september: Besøk på bamse sjukehuset var både spanande og lærerikt. Plutseleg, mens me åt lunsj ute i godt ver, vart me vitne til at John og Eli slo seg laus med eventyret om Rødhette og ulven. Det vart så spanande at fleire gløymde å ete
Barnehagen og gymsalen har og kjekt å by på