HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir SAKSGANG Styre, råd, utval m.m. Møtedato Saksnr.: Saksbehandlar Utval for utvikling 18.11.2015 068/15 SM Kommunestyret 10.12.2015 100/15 SM Saksansvarleg: Ståle Hatlelid Arkiv: 231 Objekt: Arkivsaknr.: 15/557-4 Regulering av års- og tilknytingsgebyr for vatn og avløp 2016 Sakstilfang / Lover / Plandokument Gjeldande satsar, jf K-sak 078/14 Lov om kommunale vass- og kloakkavgifter Forskrift om vass- og avløpsgebyr for Hornindal kommune, K-sak 087/2005 Gebyrberekningar H-3/14 frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet: «Retningslinjer for beregning av selvkost for kommunale betalingstjenester» Saka gjeld Gebyr for vatn og avløp skal vere sjølvkostbasert. På vatn vert det tilrådd å auke prisen på forbruksleddet frå kr. 14,39 per m3 til kr. 15,71 per m3. Fastleddet vert auka frå kr. 1.595,- til kr. 1.677,-. For avløpsgebyret tilrår rådmannen ein reduksjon på forbruksleddet frå kr. 21,79 per m3 til kr. 18,95 per m3. Fastleddet vert redusert frå kr. 2.270,- til kr. 1988,-. For ein vanleg husstand utgjer auka sats på vatn ca. 7,7% og redusert sats på avløp ca. 12,8%. For næringsbygg og offentlege bygg vil auken variere etter forbruk, i snitt vert det om lag same auke som for ein vanleg husstand. Tilknytingsgebyret (grunnsatsen T) vert tilrådd uendra (kr. 12.000,- eks. mva). Bakgrunn Sidan 1999 er det rekna med sjølvkost på vassgebyr. Dette ligg også inne i økonomiplanen, men det vil alltid vere variasjonar frå år til år. Kommunestyret gjorde i 2012 vedtak om at det frå 2013 også skal vere sjølvkost på avløpsgebyret. Ein eventuell renteoppgang vil føre til høgre avskrivingar framover, noko som vil påverke gebyra. I 2016 er avskrivingane basert på 1,8% rente (5-årig Swap-rente + 0,5%). Drøfting Årsgebyret for vassforsyninga og avløp i Hornindal er høgt. Strenge krav til avlaupsrensing grunna utslepp til ferskvatn, og relativt få abonnentar gjer at årskostnaden på avløp per abonnent vert høg. På avløp subsidierte kommunen tenesta t.o.m. 2012 (ca. 30% i 2012 og ca. 36% i 2011). Frå 2013 er det rekna 100% sjølvkost på avløp.
Hornindal kommune har vore gjennom ein periode med store investeringar. Dette har ført til eit høgt gebyrnivå. Investeringane ved Grodås vassverk vil føre til stor auke på vassgebyret dei neste åra. For 2016 vert avløpsgebyret redusert mellom anna fordi større investeringar har blitt utsett. Utbygging av RA1 på Ytrehorn og leidningsnett Gausemel-Ytrehorn vil nok føre til auka gebyr dei neste åra. Nye abonnentar som følgje av ny bustadbygging og hytteutbygging, samt tilknytingsplikt for alle som bur nær kommunale leidningar, kan på sikt føre til redusert gebyrnivå. Eingongsbeløpet for mellombels tilknyting ved anleggsverksemd, brakkeleiar m.m. vert auka frå kr. 2.000 eks mva til kr. 5.000 eks mva. Tilknytingsgebyret har vore fast i fleire år, og bør heller ikkje aukast i år. I framlegg til ny VAforskrift er det føreslått at abonnentar som skal knyte seg til kommunale anlegg må dekke ein kostnad med stikkleidningar. Dette kan bli ein vesentleg kostnad for den enkelte. Dette, sjølv om det kanskje føregrip litt tidssituasjonen, tilseier at tilknytingsgebyret ikkje bør aukast i nær framtid. Økonomiske konsekvensar Drøfta i saka framfor. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Tilknytings- og årsgebyret for vatn og avløp i Hornindal kommune vert slik i 2016: 1. Tilknytingsgebyr (T) for vatn og avløp er kvar for seg : kr. 12.000,- + mva. 2. Fast refusjon avløp per eigedom i spreidd busetnad utanfor sentrumsområde (tillegg til T): 15.000 inkl. mva. (gjeld ikkje i regulerte hytte og bustadområde) 3. For mellombels tilknyting, eksempelvis ved anleggsverksemd, brakkeleir, m.m. skal det betalast eit eingongsbeløp på kr. 5.000,- + mva. Det skal ikkje betalast tilknytingsgebyr. 4. Årsgebyr (N) for vatn og avløp: 4.1: Abonnementsgebyr (N) for vatn: Kr. 1.677,-. 4.2: Forbruksgebyr for vatn: Kr. 15,71 per m 3 etter målt eller stipulert forbruk. 4.3: Abonnementsgebyr (N) for avløp: Kr. 1.988,-. 4.4: Forbruksgebyr for avløp: Kr. 18,95 per m 3 etter målt eller stipulert forbruk.
5. Årsgebyr etter pkt. 4 ovanfor vert følgjande (avrunda): 5.1 : Bruksareal < 100 m 2 : vatn (100 m 3 ) Kr. 3.250,- : avløp (100 m 3 ) Kr. 3.880,- 5.2 : Bruksareal 100 m 2-300 m 2 : vatn (200 m 3 ) Kr. 4.820,- : avløp (200 m 3 ) Kr. 5.780,- 5.3 : Bruksareal > 300 m 2 : vatn (280 m 3 ) Kr. 6.080,- : avløp (280 m 3 ) Kr. 7.290,- Fritidsbustader skal betale abonnentsgebyr + 25% av stipulert forbruk for bustadhus iht. areal. Alle abonnentar (og kommunen) kan krevje at forbruk vert målt med vassmålar. 6. Gebyr for leige av vassmålar. 6.1 : Vassmålar - målarstorleik < 5 m 3 / døgn : Kr. 750,- /år. 6.2 : Vassmålar - målarstorleik > 5 m 3 / døgn : Kr. 860,- /år. Alle prisar er eks. mva (der anna ikkje er nemnt). Bruksareal skal reknast etter NS 3940:2012 Areal- og volumberegninger av bygninger. I samsvar med krava i forvaltingslova 37 om førehandsvarsling - vert gebyrforskrifta å leggje ut til høyring. Uttalefristen vert sett til to veker. Gebyrregulativet vert gjort gjeldande frå 01.01.2016. 18.11.2015 UTVAL FOR UTVIKLING UFU-068/15 TILRÅDING TIL KOMMUNESTYRET SAMRØYSTES: Tilknytings- og årsgebyret for vatn og avløp i Hornindal kommune vert slik i 2016: 1. Tilknytingsgebyr (T) for vatn og avløp er kvar for seg : kr. 12.000,- + mva. 2. Fast refusjon avløp per eigedom i spreidd busetnad utanfor sentrumsområde (tillegg til T): 15.000 inkl. mva. (gjeld ikkje i regulerte hytte og bustadområde) 3. For mellombels tilknyting, eksempelvis ved anleggsverksemd, brakkeleir, m.m. skal det betalast eit eingongsbeløp på kr. 5.000,- + mva. Det skal ikkje betalast tilknytingsgebyr. 4. Årsgebyr (N) for vatn og avløp: 4.1: Abonnementsgebyr (N) for vatn: Kr. 1.677,-. 4.2: Forbruksgebyr for vatn: Kr. 15,71 per m 3 etter målt eller stipulert forbruk.
4.3: Abonnementsgebyr (N) for avløp: Kr. 1.988,-. 4.4: Forbruksgebyr for avløp: Kr. 18,95 per m 3 etter målt eller stipulert forbruk.
5. Årsgebyr etter pkt. 4 ovanfor vert følgjande (avrunda): 5.1 : Bruksareal < 100 m 2 : vatn (100 m 3 ) Kr. 3.250,- : avløp (100 m 3 ) Kr. 3.880,- 5.2 : Bruksareal 100 m 2-300 m 2 : vatn (200 m 3 ) Kr. 4.820,- : avløp (200 m 3 ) Kr. 5.780,- 5.3 : Bruksareal > 300 m 2 : vatn (280 m 3 ) Kr. 6.080,- : avløp (280 m 3 ) Kr. 7.290,- Fritidsbustader skal betale abonnentsgebyr + 25% av stipulert forbruk for bustadhus iht. areal. Alle abonnentar (og kommunen) kan krevje at forbruk vert målt med vassmålar. 6. Gebyr for leige av vassmålar. 6.1 : Vassmålar - målarstorleik < 5 m 3 / døgn : Kr. 750,- /år. 6.2 : Vassmålar - målarstorleik > 5 m 3 / døgn : Kr. 860,- /år. Alle prisar er eks. mva (der anna ikkje er nemnt). Bruksareal skal reknast etter NS 3940:2012 Areal- og volumberegninger av bygninger. I samsvar med krava i forvaltingslova 37 om førehandsvarsling - vert gebyrforskrifta å leggje ut til høyring. Uttalefristen vert sett til to veker. Gebyrregulativet vert gjort gjeldande frå 01.01.2016. 10.12.2015 KOMMUNESTYRET KS-100/15 VEDTAK SAMRØYSTES: Tilknytings- og årsgebyret for vatn og avløp i Hornindal kommune vert slik i 2016: 1. Tilknytingsgebyr (T) for vatn og avløp er kvar for seg : kr. 12.000,- + mva. 2. Fast refusjon avløp per eigedom i spreidd busetnad utanfor sentrumsområde (tillegg til T): 15.000 inkl. mva. (gjeld ikkje i regulerte hytte og bustadområde) 3. For mellombels tilknyting, eksempelvis ved anleggsverksemd, brakkeleir, m.m. skal det betalast eit eingongsbeløp på kr. 5.000,- + mva. Det skal ikkje betalast tilknytingsgebyr.
4. Årsgebyr (N) for vatn og avløp: 4.1: Abonnementsgebyr (N) for vatn: Kr. 1.677,-. 4.2: Forbruksgebyr for vatn: Kr. 15,71 per m 3 etter målt eller stipulert forbruk. 4.3: Abonnementsgebyr (N) for avløp: Kr. 1.988,-. 4.4: Forbruksgebyr for avløp: Kr. 18,95 per m 3 etter målt eller stipulert forbruk. 5. Årsgebyr etter pkt. 4 ovanfor vert følgjande (avrunda): 5.1 : Bruksareal < 100 m 2 : vatn (100 m 3 ) Kr. 3.250,- : avløp (100 m 3 ) Kr. 3.880,- 5.2 : Bruksareal 100 m 2-300 m 2 : vatn (200 m 3 ) Kr. 4.820,- : avløp (200 m 3 ) Kr. 5.780,- 5.3 : Bruksareal > 300 m 2 : vatn (280 m 3 ) Kr. 6.080,- : avløp (280 m 3 ) Kr. 7.290,- Fritidsbustader skal betale abonnentsgebyr + 25% av stipulert forbruk for bustadhus iht. areal. Alle abonnentar (og kommunen) kan krevje at forbruk vert målt med vassmålar. 6. Gebyr for leige av vassmålar. 6.1 : Vassmålar - målarstorleik < 5 m 3 / døgn : Kr. 750,- /år. 6.2 : Vassmålar - målarstorleik > 5 m 3 / døgn : Kr. 860,- /år. Alle prisar er eks. mva (der anna ikkje er nemnt). Bruksareal skal reknast etter NS 3940:2012 Areal- og volumberegninger av bygninger. I samsvar med krava i forvaltingslova 37 om førehandsvarsling - vert gebyrforskrifta å leggje ut til høyring. Uttalefristen vert sett til to veker. Gebyrregulativet vert gjort gjeldande frå 01.01.2016. Kopi til: Brita Sollid til informasjon Sigurd Muldsvor for vidare arbeid Hornindal, den 29.12.2015 Anne Elin Ekornesvåg/s - Sekretær -