HORDALAND FYLKESKOMMUNE Strategi- og næringsavdelinga Plan- og miljøseksjonen Arkivsak 200910612-2 Arkivnr. 344 Saksh. Anne-Gro Ullaland, Gunnbjørg Austrheim Saksgang Kultur- og ressursutvalet Fylkesutvalet Møtedato 01.12.2009 16.12.2009 SØKNAD OM OPPRUSTING OG UTVIDING AV PALMAFOSSEN KRAFTVERK I VOSS KOMMUNE -FRÅSEGN SAMANDRAG Voss Energi ynskjer å ruste opp og utvide produksjonen i Palmafossen kraftverk i Raundalselva i Voss kommune. Raundalselva inngår i den delen av Vossovassdraget som vart verna vassdrag i 1985. Vossovassdraget er også eit nasjonalt laksevassdrag. Det er omsøkt fornying av damanlegget i tillegg til nytt inntak, vassveg og kraftstasjon. Inngrepa vert om lag på same stad som eksisterande anlegg. Utbygginga vil nytte meir av vatnet i elva, og aukar årleg kraftproduksjonen frå 1,8 GWh til 16,3 GWh årleg. Det er lagt opp til slepp av minstevassføring. Tiltaket er vurdert å ha relativt avgrensa verknad på regionale og nasjonale verdiar, og ein rår i saka til at det vert gjeve løyve til tiltaket. FORSLAG TIL INNSTILLING 1. Fylkesutvalet meiner omsøkt opprusting- og utvidingsprosjekt for Palmafossen kraftverk tek omsyn til at elva er eit verna vassdrag og eit laksevassdrag, og rår til at det vert gjeve løyve til utbygginga under føresetnad av slepp av tilstrekkeleg minstevassføring av omsyn til laksen i elva. 2. Fylkesutvalet vil peike på eksisterande kulturmiljø langs elva, og ber om at utbygginga vert tilpassa dei kulturhistoriske kvalitetane i området. Vedlegg: kart Paul M. Nilsen Jan Per Styve
FYLKESRÅDMANNEN, 10.11.2009: 1. Innleiing Voss Energi AS er eigd av Voss kommune, og er eit lokalt kraftselskap som driv med produksjon, distribusjon og omsetnad av elektrisk kraft. Selskapet eig og driv tre kraftverk i Voss: Hodnaberg, Palmafoss og Rognsfoss. Denne søknaden gjeld opprusting og utviding av Palmafoss kraftverk. Kraftverket er frå 1919 og treng fornying. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har sendt søknaden på høyring med frist 18.12. 2. Søknaden 2.1 Situasjonen i dag Palmafossen kraftverk ligg i Raundalselva i Vossovassdraget om lag 3 km aust for Vossevangen. Raundalselva renn saman med Strandaleva eit par km nedanfor Palmafossen, og dannar elva Vosso ned til Vangsvatnet. Herfrå renn elva vidare ned til Bolstadfjorden. Området kring kraftverket er sterkt kulturpåverka med bustader, vegar, jernbane, forretningar, skule og industri. Kraftverket ligg ved eit lite skogholt mellom Palmafossen skule og elva. Kraftverket har inntak på kote 79 med ein 3-4m høg dam av betong og mur. Inntaksmagasinet er uregulert. Eksisterande dam er gamal og mogen for fornying. Frå inntak ovanfor fossen går eit 70m langt stålrøyr ned til kraftstasjonen som har utløp på kote 65. Installert effekt er 310kW med midlare årsproduksjon på 1,8 GWh. Like ved kraftverket er det ein fisketrapp, opprinneleg frå 50-talet men opprusta på 1980-talet. Nedbørsfeltet til Palmafossen kraftverk er på 520,3 km 2, og har ved utløp i Strandaelva ei middelvassføring på 35,5m 3 /s. Ålmenn lågvassføring vert rekna til 2 m 3 /s, medan 5 persentil sommar er rekna til 10,5 m 3 /s og 5 persentil vinter er sett til 3,4 m 3 /s. 2.2 Prosjektet Opprustings- og utvidingsprosjektet er todelt, der fornying av damanlegg og opprusting/utviding av kraftstasjon i prinsippet kan gjerast kvar for seg. Søknaden omhandlar begge desse delprosjekta. Inntak Det er planlagd bygd ein ny betongdam med gjennomsnittshøgde på 3,5m på luftsida av eksisterande dam (maks høgde 5m). Den nye dammen er planlagd med labyrintoverløp, og er dimensjonert for 500- års flaum. Separat kostnad for damopprusting er rekna til 10,6 mill kr. Kraftanlegg Frå inntaket vert det ein 65m lang støypt kanal som vassveg, og med eit køyresterkt dekke over som gjev tilkomst til kraftstasjonen. Ved enden av kanalen vert det eit tilløpsrøyr med diameter3,6m. Total lengde på vassvegen vert slik 80m. Kraftstasjonen vert liggjande i dagen og delvis sprengt ned i fjell på same tomta som eksisterande stasjon. Bygget skal tilpassast omgjevnadene. Kraftstasjonen vil få ein installasjon på 3,6MW og slukeevne som kan regulerast frå 6 m 3 /s til 30 m 3 /s. Anlegget vil produsere 16,3 GWh i eit midlare år. Det er føreslege slepp av minstevassføring på 2 m 3 /s heile året, unnateke mai månad der det vert lagt opp til slepp av 10m 3 /s av omsyn til utvandrande laksesmolt. Andre anlegg Det må etablerast om lag 70m ny tilkomstveg frå fylkesvegen og til køyredekket på kanalen. Terrenget er bratt, og det vert truleg trong for støttemurar i tørrmurt naturstein. Det vert ikkje eige deponi for 2
massar i samband med prosjektet, og overskotsmassar er planlagd selt eller nytta på anna byggeplass i Voss. Kraftverket vert kopla til Voss Energi sitt eige eksisterande 22 kv nett i trafokiosk ved Palmafossen skule om lag 120 m frå kraftstasjonen. Leidningane vert lagt som kabel langs eksisterande gangveg. Det er kapasitetsproblem i overordna regionalnett eigd av BKK. BKK har søkt om opprusting av 66 kv linja Granvin Voss til 132 KV med utviding av trafokapasitet i Evanger transformatorstasjon. Detaljløysing for kraftprosjektet vert tilpassa desse planane. Opprusting og utviding av kraftanlegget er kostnadsrekna til 49,7 mill kr, som gjev ein utbyggingspris på 3,05 kr/kwh. Total kostnad for kraftanlegg og damopprusting vert 60,3 mill kr. Om damanlegget vert inkludert i kostnaden vert utbyggingsprisen 3,7 kr/kwh. Alternative utbyggingsløysingar Eit større opprustingsprosjekt har vore vurdert men lagt bort etter råd frå NVE då kraftverket ligg i eit verna vassdrag. Utbygginga ville nytte eit fall på 27m hatt vassveg på omlag 1km i tunnel. I forprosjektet vart kraftproduksjonen rekna til 31,4 GWh og utbyggingskostnaden 70,7 mill kr som gav ein utbyggingspris på 2,25 kr/kwh. Eit anna mindre utbyggingsalternativ er å halvere slukeevne i kraftstasjonen til 15 m 3 /s med tilhøyrande neddimensjonering av inntak, kanal og turbin. Denne løysinga vil kunne gje 10,3 GWh til ein utbyggingskostnad på 39,5 mill kr. Utbyggingsprisen for dette vert 3,83 kr/kwh. Med damkostnad vert prisen 4,87 kr/kwh. Utbyggjar meiner miljøvinstane ved dette er marginale og at prosjektet med ei slik løysing ikkje vil gje lønsemd. 3. Offentlege planar i området Kommuneplan Området er i Voss kommune sin arealplan definert som industriområde tiltenkt kraftproduksjon. Samla Plan for vassdrag I st.meld nr 63 1984-85 Om Samla Plan for vassdrag vart det handsama fleire større utbyggingsalternativ for Raundalselva. Palmafossen kraftverk inngjekk ikkje i desse planane. Alle alternativa vart plassert i kategori III (ikkje aktuell for kraftutbygging grunna høgt kostnadsnivå eller høgt konfliktnivå). Palmafossen kraftverk er under grensa på 10MW/50GWh som etter dagens reglar har krav om Samla Plan-vurdering. Verneplan for vassdrag Raundalselva, Strandaelva og Bordalselva i Vossovassdraget vart verna mot vidare kraftutbygging i verneplan III i 1985. Gjennom verneplan IV er det opna for å kunne gje konsesjon til opprusting og utviding av kraftverk i verna vassdrag. Vilkåra er at tiltaket ikkje skal vere omfattande og at utbygginga ikkje råkar dei verdiane som ligg til grunn for vernet. I underliggjande arbeid for Samla plan/verneplan for vassdrag står det om Vossovassdraget: De nedre delene av vassdraget er sterkt kulturpåvirket. I tillegg til jord- og skogbruksaktiviteter representerer veier, jernbane, kraftverksutbygging, militæranlegg og hytteutbygging betydelig inngrep i naturen. Verdien som referanseanlegg er derfor liten i lavlandet, men store deler av fjellområdene er lite påvirket og egner seg som referanseområde Nasjonale laksevassdrag Vossovassdraget som Raundalelva tilhøyrer er eit nasjonalt laksevassdrag, og laks går opp i elva forbi Palmafossen. I følgje St.prp. nr 32 (2006-2007) Om vern av villaksen og ferdigstilling av nasjonale laksevassdrag og laksefjorder kan kraftutbygging som ikkje har nemneverdig negativ verknad for laksen gjennomførast i nasjonale laksevassdrag. 3
4. Verknader for miljø, naturressursar og samfunn For kraftverk i denne storleik er det ikkje krav om fullstendig konsekvensutgreiing. Saman med konsesjonssøknaden ligg det føre ein rapport frå Multiconsult om miljøvurdering av tiltaket slik i tråd med NVE sine retningsliner. Det er eit eiga vedlegg som omhandlar situasjonen for fisk spesielt. Vassføring Kraftutbygginga gjeld ei relativt kort elvestrekning (90m), der om lag 47% av tilsiget i Raundalselva vil bli nytta til kraftproduksjon. Utbyggjar legg opp til slepp av 2 m 3 /s heile året som er nivå for ålmenn minstevassføring i elva. Av omsyn til utvandrande laksesmolt vert det slepp av 10m 3 /s i mai månad. Biologisk mangfald Det er ikkje påvist truga vegetasjonstypar eller raudlista artar i aktuelt utbyggingsområde. Elva går i eit utilgjengeleg juv nedom kraftstasjonen. Utbyggingsområdet er avsett til industri i kommuneplan, og tiltaket vil ikkje endre omfang av inngrepsfri natur. Utbygginga er vurdert å ha inga/ubetydeleg konsekvens (0) for biologisk mangfald. Fisk og ferskvatnbiologi Vossovassdraget er eit nasjonalt laksevassdrag. Det er også talrik bestand av stasjonær aure i Raundalselva ovanfor Palmafossen. Det er laksetrapp i Palmafossen, og der er registret at laksen nyttar denne. Vossolaksen er verdskjend som ein storvakse bestand. Frå midt på 1980-talet har bestanden blitt kraftig redusert, og det har vore gjort eit stort forskingsarbeid for klarleggje årsakene og finne fram til gode tiltak for å berge bestanden. Lakselus og innblanding av rømt oppdrettslaks har vore delar av problemet. Laksesmolten vandrar nedover elva i mai, og det er i denne tida viktig med høg vassføring for å få størst mogeleg del av smolten til å passere utom kraftverket. Kraftverket er vurdert å kunne medverke til tap av mindre enn 1% av bestanden i Vosso. Oppvandrande laks kan og bli påverka av vassføring i kraftstasjonen og fisketrappa. Ved utfall i kraftstasjonen kan vassføring i elva nedstraums i ein periode bli redusert til nivå for minstevassføring. Planlagd minstevassføring er venta å dempe dei negative effektane. Utbygginga er vurdert å ha liten negativ konsekvens (-) for fisk og ferskvatnbiologi i Raundalselva. Landskap Influensområdet er i eit tettbygd strok i stor grad prega av tekniske inngrep. Tiltaket er ei oppgradering av eit eksisterande kraftverk som er relativt godt synleg i landskapet. Redusert vassføring kan til ein viss grad redusere fossen sin estetiske verdi, men minstevassføring vil bøte noko på dette. Samstundes vil redusert vassføring gjere jettegrytene i juvet meir synleg. Labyrintoverløpet er vurdert som meir positivt for landskapsbiletet enn dagens løysing. Utbygginga er vurdert å ha liten negativ konsekvens (-) for landskap. Kulturminne Det er ikkje registrert kjente automatisk freda kulturminne i Riksantikvaren sin database Askeladden eller nyare tids kulturminne i SEFRAK-registeret i umiddelbar nærleik til Palmafossen kraftverk. Området kring Palmafossen har kulturhistoriske kvalitetar med døme på småindustri basert på vasskraft. På sørsida av elva rett nedom dammen ligg Gjerde Bruk L/L sin gamle oppgangssag. Om det vert teke omsyn til kulturmiljøet kring Palmafossen i utforming av anlegget kan kraftverket bli eit positivt bidrag til kulturmiljøet i området. Utbygginga er vurdert å ha liten positiv konsekvens (+) for kulturminne/kulturmiljø. Brukarinteressar/friluftsliv Elva i influensområdet for utbygginga er relativt utilgjengeleg for fiske og elvesport, og vert heller ikkje nytta til juving eller anna ekstremsport. Området vert heller ikkje nytta til bading. Redusert vassføring vil kunne redusere landskapsopplevinga for folk som ferdast i området. Anleggsarbeid og støy kan verke negativt i nærområdet i anleggstida. Samla vert tiltaket vurdert å ha liten negativ konsekvens(-) for brukarintersser/friluftsliv 4
Samfunnsinteresser Oppgraderinga vil auke samfunnsnytta av vassressursane ved at ein får auka kraftproduksjon og fornying av anlegg utan nyt store inngrep i vassdraget. Voss kommune vil og få noko auka skatteinntekter. I byggeperioden reknar ein med 17 årsverk, medan ein i driftsfasen primært vil nytte eksisterande driftspersonell. Labyrintoverløp skal og ha positiv effekt for førebygging av flaum. 5. Vurdering Gjennom fylkesdelplan for energi 2001-2012 er det vedteke mål og fylkespolitiske retningsliner som vert nytta som rettesnor for handsaming av vasskraftsaker i Hordaland. Fram til nye retningsliner ligg føre i samband med vedtak av fylkesdelplan for små vasskraftverk i desember er det retningslinene frå energiplanen som vert lagt til grunn. Aktuelle retningsliner frå fylkesdelplan for energi A1 Hordaland skal satsa på utnytting av miljøvenlege og fornybare energikjelder, utan store konsekvensar for verdifulle natur-, frilufts- og kulturlandskap og større samanhengande inngrepsfrie naturområde A2 Nye anlegg for produksjon og overføring av energi må ikkje lokaliserast i område som er verna etter naturvernlova, kulturminnelova, i nasjonalpark eller i verna vassdrag. Ein bør vere varsam med plassering av nye anlegg tett opp til verna område. A3 Nye anlegg for produksjon og overføring av energi bør lokaliserast slik at dei ikkje kjem i vesentleg konflikt med viktige natur- og kulturlandskap, kulturmiljø, større inngrepsfrie område, strandsona og viktige område for friluftsliv. Det vert her vist til eigne fylkesdelplanar for kulturminne, friluftsliv og kystsona. A4 Samlokalisering med tekniske inngrep og etablert arealbruk er ønskeleg for å samle inngrep, og det er ønskeleg at etablering av nye energianlegg skjer nær eksisterande infrastruktur. A5 Undersøkingsplikta etter kulturminnelova bør oppfyllast i samband med konsekvensutgreiing, og før iverksetting av tiltak i marka. A6 I samband med konsekvensutgreiing bør: større inngrep visualiserast. kartunderlag synleggjere område som er omfatta av vern, område med nasjonal og regional verdi og tiltaket sine konsekvensar for inngrepsfrie område. A12 Alternativ bruk av tunnelmassar skal vurderast framfor etablering av tippar i terrenget. Retningsline A1 syner at det ikkje er noko prinsipielt standpunkt mot ny vasskraftutbygging i Hordaland, men at tiltaka må ta omsyn til miljø og arealkonfliktar. Retningsline A2 og A3 er nærare spesifisering kring dette. Retningsline A2 omhandlar tilhøve til vern og verneinteresser. Utbygginga skjer i eit verna vassdrag og i nasjonalt laksevassdrag. Tiltaket er ikkje ei ny utbygging, men ei opprusting og utviding av eit eksisterande kraftanlegg, noko som det etterregelverket er rom for om det ikkje kjem i konflikt med verneinteressene. Dei tekniske inngrepa skjer innafor eit avgrensa område som alt har ein del inngrep. Hovudeffekten vil vere endra vassføring på ein 90m strekning av elva. For laksesmolt er stor minstevassføring i mai eit viktig avbøtande tiltak, medan laksetrapp og fast minstevassføring gjer det mogeleg for oppvandring av laks om hausten. Når det gjeld kulturminne er det ut frå fylkeskommunen sine arkiv ikkje kjende automatisk freda kulturminne eller andre verneverdige kulturminne i aktuelt planområde. Utbygginga ser heller ikkje ut til å vere i vesentleg konflikt med andre regionale verdiar som nemnt i retningsline A3. Utbygginga gjeld opprusting og utviding av eksisterande kraftverk og damanlegg, og vert vurdert å vere i tråd med retningsline A4. Det er inga tunneldrift i prosjektet. Det er lagt opp til at eventuelle overskotsmassar vert transportert ut og nytta andre stader, som er i samsvar med intensjonen i retningsline A12. 5
Samla vurdering Utbygginga skjer i eit verna vassdrag og i eit nasjonalt laksevassdrag. Prosjektet har teke omsyn til desse rammeføresetnadene både i høve omfang av utbygging i terreng, slukevne i kraftverk og bruk av minstevassføring i elva. Slik saka er lagt fram ser det ut til at utbygginga i mindre grad vil ha negativ innverknad på regionale og nasjonale interesser. Ein vil peike på at minstevassføring må fastleggjast ut av omsyn til laksen i elva, og at utbygginga legg vekt på tilpassing til dei kulturhistoriske kvalitetane i området. 6