Sakshandsamar, innvalstelefon Ingrid Torsnes, 5557 2210 Vår dato 01.12.2010 Dykkar dato 17.11.2010 Vår referanse 2010/121488 443.1 Dykkar referanse Direktoratet for naturforvaltning Postboks 5672 Sluppen 7485 Trondheim Forslag til regulering av fiske etter anadrome laksefisk i elv og sjø i 2011 Vi viser til brev om regulering av fiske etter anadrome laksefisk motteke 17. november. Situasjonen for villaksen i Hordaland har ikkje betra seg. Ti av fylkets atten bestandar er karakterisert som trua. Elvefiske Oppdrag 1 Vurdering av laksefiske i vassdrag der beskatningsrådet ikkje er følgt opp tilstrekkeleg, eller det har skjedd vesentlege bestandsendringar. På bakgrunn av rapport nr. 2 frå Vitenskaplig råd og gytefisktelling har vi følgjande innstilling til nye fisketider i nokre elvar. Oselva Fisketida for laks og sjøaure i Osvassdraget i gjeldande forskrift er 15. juni til 15. september. Vitenskaplig råds rapport nr. 2 vurderer uttaket av villaks i Oselva til å vere langt utanfor berekraftige rammer. Gjennomsnittleg prosentvis oppnåing av gytebestandsmål dei 4 siste åra er 50%. Rådgivende Biologer AS har gjennomført ungfiskundersøkingar på 6 stasjonar i Oselva årleg sidan 1991 (utanom 1992). Tettleiken av laksepresmolt har vore relativt høg dei siste 3 åra (2008-2010), og om lag som berenivået for smoltproduksjon i elva slik vi bereknar det. I 2010 var tettleiken av laksepresmolt den høgaste som er registrert i heile 20 - års perioden, og dette trass i ein uvanleg kald ettervinter i 2010 med svært låg vassføring i ein lang periode. Presmoltane som vart fanga i 2010 vil gå ut som smolt våren 2011. Rådgivende Biologers undersøkingar tilseier at det også var talrik smoltutvandring både i 2010 og 2009, og desse kjem attende til Oselva som høvesvis 1- og 2-sjøvinterlaks i 2011. Utifrå dette burde ein altså forvente eit talrikt innsig av laks til Oselva i 2011, men dette vil vere avhengig av overlevinga i sjøfasen i 2009 og 2010, og om dette veit vi førebels lite. Den lokale forvaltninga i Osvassdraget har betra seg monaleg dei siste åra. I 2010 stoppa dei fiske etter villaks i løpet av sesongen fordi oppgang av gytefisk var låg. Statens hus Kaigaten 9, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: 55 57 20 09 Miljøvernavdelinga Postboks 7310, 5020 Bergen Telefaks: Org.nr: 974760665 E-post: postmottak@fmho.no Internett: www.fylkesmannen.no/hordaland
Fiskerettshavarane vil setje døgnkvote på ein laks i starten av sesongen, og vil undervegs vurdere om det er naudsynt å setje denne kvoten til null. Det vil sei at all villaks skal sleppast ut att. Fylkesmannen har bedt om ein skriftleg plan for korleis dei vil overvake situasjonen og når kvote null skal gjennomførast. Etter ei totalvurdering vil vi gjere framlegg om å redusere fisketida med 14. dagar i starten av sesongen. Vårt forslag: Oselva 01.07 15.09** 01.07 15.09** **Fiskerettshavarane har innført døgnkotar på fangsten Frøysetelva Fisketida for laks og sjøaure i Frøysetelva i gjeldande forskrift er 15. juni til 15. september. Vitenskaplig råds rapport nr. 2 vurderer uttaket av villaks i Frøysetelva til sannsynlegvis å vere utanfor berekraftige rammer. Gjennomsnittleg prosentvis oppnåing av gytebestandsmål dei 4 siste åra er 69%. Vi gjer difor framlegg om å redusere fisketida med 14. dagar i starten av sesongen. Dette vil føre til at ein stor del av laksen vil kome seg opp i Sleirsvatnet før fisket tek til. Vårt forslag: Frøysetelva, nedre del 01.07 15.09 01.07 15.09 Vosso Fisketida for sjøaure i Vossovassdraget i gjeldande forskrift er 1. juli til 31. august (15. september for Teigdalselva). Vi gjer framlegg om å beskytte villaksen ved å utsette fisketida i Vossovassdraget i 14 dagar, fordi det tidleg i sesongen er større sjanse for å få laks enn sjøaure. Dette er særleg aktuelt no når det vert auka mengde laks etter storstilt utsetting av smolt. Vårt forlag: Vosso, offentlege rettar ovanfor Vangsvatnet Forbode* 15.07 31.08 Vosso (Bulken- Evanger) Forbode* 15.07 31.08 Teigdalselva Forbode* 15.07 15.09 Bolstadelva Forbode* 15.07 31.08 *Fiske etter oppdrettslaks og regnbogeaure tillete i fisketida for sjøaure etter nærare reglar utarbeidd av fiskerettshavarane Daleelva Fisketida for laks i Daleelva i gjeldande forskrift er 1. juli til 15. september, og for sjøaure 1. juli til 30. september. Vitenskaplig råds rapport nr. 2 vurderer uttaket av villaks i Daleelva til at det er fare for å vere utanfor berekraftige rammer. Gjennomsnittleg prosentvis oppnåing av 2
gytebestandsmål dei 4 siste åra er 93%. Vitenskaplig råd har ikkje teke omsyn til kultiveringsarbeidet i Daleelva. Det vert kvart år sett ut mykje egg, yngel og smolt, og med dette er gytemålet oppnådd kvart år. Dessutan stoppar dei fisket når det er naudsynt. Sjøaurestamma i Daleelva har sein oppgang, og har rikeleg med gytefisk dei to siste åra. Vi gjer difor ikkje framlegg om endring av fisketid i Daleelva. Oppdrag 2 Vurdere nye reguleringar av fiske etter sjøaure dersom det har skjedd vesentlege bestandsendringar. Kinso Fisketida for sjøaure i Kinso i gjeldande forskrift er 15. juli til 15. september. I Kinso viser gytefisktelling 42 sjøaurar i 2009 og 65 sjøaurar i 2010. Dette gir ein eggtettleik langt under gytebestandsmålet. Vi meiner difor ein må vurdere å stenge Kinso òg for sjøaurefiske. Vårt forlag: Kinso Forbode Forbode I Hordalandsforskrifta for elvefiske har vi opna opp for fiske etter laks i nokre elvar som vi har stengt for sjøaurefiske. Dette gjeld elvar utan laksestammar, men med mykje oppdrettslaks. Rapportering for 2010 viser følgjande statistikk. Elv Fangst laks 2010 Utsett sjøaure 2010 Bondhuselva 23 0 Guddalselva 35 6 Æneselva 50 23 Vi meiner at fordi det vert fanga vesentleg meir laks enn sjøaure, så er det forsvarleg å halde fram med ordninga. Oppdrag 3 Alternative reguleringar i form av kvoter, fredingssoner, freding av enkeltdøgn osv. skal identifiserast. Vi har ingen kvotergulering i Hordalandsforskrifta. Nokre elvar har hatt frivillige døgnkvotar, og har med det fått 14 dagar lenger fisketid i gjeldande forskrift. Dette gjeld for laks i Oselva, og for laks og sjøaure i Etneelva. I tillegg har ei rekkje elvar ein aktiv lokal forvaltning som stoppar fisket om det kjem lite gytefisk gjennom sesongen. Dette er Storelva i Arna, Etneelva, Oselva, Loneelva og Daleelva. Vi har lagt stor vekt på dette ved fastsetting av fisketid i gjeldande forskrift. 3
Oppdrag 4 Alle vassdrag som skal opnast for fiske skal namngjevast i forskrifta. Vi skal klargjere om vassdraget har ein eigen bestand eller om det berre er førekomst av arten, eller bestandstatus er ukjent. Er fangsrapporteringa tilfredsstillande? Alle lakseelvane og dei viktigaste sjøaureelvane er namngjevne. Det er likevel att mange småelvar med sjøaure i Hordaland som vi ikkje har namnet på. Vi meiner at desse elvane i utgangspunktet må vere opne for fiske. I dette framlegget til ny forskrift har vi stengt for fiske i regionar og i enkeltvassdrag der sjøaurebestandane er trua. I Hordaland har vi hatt ei generell fisketid frå 1. juli til 15. september, som vi meiner er passeleg i desse småvassdraga. I slike vassdrag vandrar sjøauren seint opp. Alle vassdrag som er namngjevne i rapporteringsskjemaet har ein eigen bestand av sjøaure. Manglande rapportering: Frå øvre del av Frøysetelva, i Frøyset elveeigarlag sitt område, har det ikkje vore sendt inn fangsrapport dei siste 3 åra. Vi gjer framlegg om at fisket i dette området blir stoppa. Oppdrag 5 Vi skal vurdere sjøaurefiske i sjø, og om det er behov for reguleringar ut i frå bestandssituasjonen. Sjøaurebestanden er på veg opp mange stadar i Hordaland, men bestanden slit i Hardangerfjorden. Vi ser ikkje behov for restriksjonar av sportsfiske i sjø. Fisketrykket etter sjøaure er så lavt i Hardangerfjorden at vi er usikker på om det er hensiktsmessig å regulere det. Dersom det likevel er aktuelt for DN å redusere dette fiske vil vi at ein brukar same grensa i Hardangerfjorden som i sjølaksefiskeforskrifta, dvs. frede sjøauren i Hardangerfjorden innanfor ei linje mellom Bleiknes ved Husnes til Ystadnes ved Ølve i Kvinnherad kommune. Vi meiner at det vil vere mest verknadsfullt med freding i perioden 1. mars til 31. mai. Vi hadde møte i regionalt fagråd for anadrome laksefisk i Hordaland 9. november. Sjøaurefiske i sjøen var ikkje tema på dette møtet, så oppdrag 5 er ikkje diskutert i fagrådet. Møtereferatet frå fagrådsmøtet er vedlagt. Sjølaksefiske Dei laksebestandane som er karakterisert som trua i Hordaland, er spreidd i heile fylket. Vi meiner difor at det ikkje er grunnlag for å opne for sjølaksefiske med kilenot, krokgarn og lakseverp i ordinær sesong. Vi rår til at kilenot- og krokgarnfisket i ordinær sesong fortsatt er stengt. Formålet med fiske i utvida sesong er fangst av rømt oppdrettsfisk. 4
Regionalt fagråd for anadrome laksefisk i Hordaland har gjeve følgjande råd: Prøvefiskestasjonen ved Hellesøy må settast i drift att. Ved prøvefiske her vil ein få oversikt over når innsiget av villaks kjem Ein må pålegge å ta skjelprøvar av all laks tatt med kilenot eller krokgarn før 1. oktober. På denne måten kan ein få oversikt over kor mykje villfisk som vert fanga i eit fiske retta mot oppdrettsfisk. Kilenot og lakseverp Fagrådet tok opp problemstillinga med å fiske med kilenot inst i Granvinsfjorden. Granvinselva har til dels lita vassføring om sommaren, noko som gjer at laksen blir lenger i sjøen, og dermed meir sårbar for å bli tatt i kilenota. Her blir det nok i enkelte år tatt ein del villfisk, når dette fisket startar 15. august. Fagrådet diskuterte å utsette fisketida for kilenot i Hardangerfjorden. Fylkesmannen ser at fiskestart så tidleg utanfor Granvinselva, med ein trua laksestammen, er problematisk. Problemet kan løysast med å utsetje fiskestart til 1. september i Hardangerfjorden. Men då vert kilenotfiskarane i resten av Hardangerfjorden skadelidande. Ein alternativ måte å få gjort noko med dette problemet er å utvide fredingssona til Granvinselva. Dette må i tilfelle gjerast ved revisjon av forskrift om fiske ved vassdragsutlaup, Hordaland. Fylkesmannen har elles ikkje merknader til fisketida i gjeldande forskrift for kilenot og lakseverp. Krokgarn Når det gjeld fisketid for krokgarn er fisketida i gjeldande forskrift seinare ved kysten enn inne i fjordane. Dette er ikkje logisk sidan innsig av villfisk vil vere først på kysten og seinare inne i fjordane. Vi meiner difor ein skal gå tilbake til dei fisketidene som var i 2009-forskrifta. Vårt forslag for fisketid med krokgarn Fylke og avgrensing Fisketid i ordinær sesong Fisketid i utvida sesong Hordaland Opnast ikkje 01.09 28.02 Unntak, ytre Hordaland: Kommunane Fedje, Austrheim, Øygarden, Fjell, Sund, Austevoll, Bømlo, Fitjar og på vestkysten av Radøy kommune frå Toska til Rossnes. I perioden 05.08-31.08 er det berre tillate å fiske frå måndag kl. 18.00 til fredag kl. 18.00 Opnast ikkje 05.08 28.02 Mottatte rapporteringsskjema er fylt ut og blir sendt elektronisk. Med helsing Kjell Kvingedal e.f. seksjonssjef Ingrid Torsnes senioringeniør Kopi: Medlemane i Regionalt fagråd for anadrome laksefisk i Hordaland 5