VOLDA KOMMUNE Utvalg: Ungdomsrådet Møtestad: Møterom A, Rådhuset Dato: 28.09.2016 Tid: 16:10 MØTEINNKALLING Medlemar som er ugilde i ei sak vert bedne om å gje melding, slik at varamedlemar kan bli kalla inn. Jf. 8, 3. ledd i forvaltningslova. Vi ber om at forfall vert meldt til koordinator på e-post: mll@volda.kommune.no eller mobil nr. 480 09 814 Varamedlemar får saksdokumenta førebels berre til orientering. Dei får særskilt melding når dei skal møte. B- saker er underlagt teieplikt og er unnatekne offentleg innsyn. Møtet er ope for publikum, med unnatak når b-saker vert handsama. Saksdokumenta er lagt ut til gjennomsyn på servicekontoret og på folkebiblioteket til møtet vert halde. Side1
VOLDA KOMMUNE SAKLISTE Saksnr. Sak Arkivkode SAKER TIL HANDSAMING PS Godkjenning av innkalling og sakliste PS Godkjenning av møteprotokoll frå siste møte PS Val av kandidatar til Volda ungdomsråd skuleåret 2016-2017 033 Side2
SAKERTILHANDSAMING Side3
SAKERTILHANDSAMING PSGodkjenningavmøteprotokollfråsistemøte Side4
VOLDA KOMMUNE SAKSDOKUMENT Sakshandsamar: May-Lisbet Lande Arkivsak nr.: 2016/1119 Arkivkode: 033 Utvalsaksnr Utval Møtedato Ungdomsrådet 28.09.2016 VAL AV KANDIDATAR TIL VOLDA UNGDOMSRÅD SKULEÅRET 2016-2017 Administrasjonen si tilråding: Saka vert lagt fram utan tilråding Vedleggsliste: Brev til skulane i høve valet Søknadsskjema Vedtekter Møtereglar Plakat Saksopplysningar: Val av nye kandidatar skal gjennomførast årleg på skulane, ungdomsklubben og på ope møte for lag og organisasjonar. Søknadsskjema vert sendt ut til partane i starten av august, søknadsfrist for kandidatane er satt til 16. september. Innkomne søknadar vert anonymt og lagt fram for medlemane i ungdomsrådet for avgjerd. Melding om vedtak vert sendt ut til dei nyvalde medlemane, administrasjonen og til skular lag og organisasjonar som har representantar i ungdomsrådet. Valoversikt: Volda ungdomsskule: 8. kl. Skal velje ny kandidat for 2 år 9. kl. Ilja Elisabeth Bech vart valt for 8. kl. i fjord og skal site eit år til og repr. 9. kl. dette skuleåret. 10. kl. Skal velje ny kandidat for 1 år Folkestad skule: Skal velje ein kandidat for 2 år Dalsfjord skule: Skal velje ein kandidat for 2 år Side5
Austefjord skule: Skal velje 1 kandidat for 2 år. Volda vgs.: Skal velje 1 kandidatar for 2 år. Maiken Gjøsdal skal site eit år til. Ungdomsklubben: Peter H. Bjørneset skal site eit år til Lag og organisasjonar: Det skal veljast 1 kandidatar for 2 år. Ingvild Sunde Stokke skal site eit år til Vara: Mathias Jansen Rindal, Felicia Lerkerød Flo og Mia Malika Skaare Gjerseth skal begge sitte eit år til. Det skal veljast 1 nye vara. May-Lisbet Lande Koordinator for Volda ungdomsråd Utskrift av endeleg vedtak: Søkjarane Skulane Lag og organisasjonar som har repr. i ungdomsrådet Administrasjonen Klageinstans: Side6
VOLDA KOMMUNE Ungdomsrådet 6100 VOLDA Vedtekter for Ungdomsrådet i Volda 1 Arbeidsområde og målsetjing 1.1 Ungdomsrådet skal vere eit: Talerøyr for ungdomen i Volda kommune. Organ med avgjersdsrett i utvalde saker Høyringsorgan i kommunale saker som vedkjem ungdom. 1.2 Ungdomsrådet skal freiste å fremje: Best mogleg levekår for ungdom Større påverknad i saker som vedkjem ungdom Auka engasjement i ungdomsgruppa 1.3 Ungdomsrådet skal ha lagt føre seg alle saker som gjeld ungdom sine oppvekstvilkar og andre saker med interesse for ungdom. 1.4 Ungdomsrådet kan på eige initiativ ta opp saker som vedkjem ungdom. 1. 5 Ungdomsrådet skal ha eige budsjett, der midlar skal gå til eigne prosjekt eller som tilskot til andre ungdomsstyrte prosjekt 2 Samansetjing og val 2.1. Ungdomsrådet skal ha 11 medlemar og 5 felle vara.. Dei skal vere ungdomar mellom 13 og 20 år som er busett i Volda kommune (dvs. frå 8. kl. og ut det kallenderåret ein fyl 20). I tillegg skal rådet ha ein politisk fadder med vara valt mellom dei faste representantane i kommunestyret 2.2 Ungdomsrådet skal ha slik samansetjing: Volda ungdomsskule 3 kandidat, ein fra kvart klassetrinn. Austefjord skule 1 kandidat Folkestad skule 1 kandidat Dalsfjord skule 1 kandidat Volda vg. skule 2 kandidat Ungdomsklubben 1 kandidat Lag og organisasjonar 2 kandidat Ein bør ha jamn kjønsdeling mellom kandidatane. 2.3 Val skal foregå i september, representantane vert valde for 2 år. Søknadskjema som skal nyttast i valprosessen vert sendt ut til skular, lag og organisasjonar saman med informasjon om valet. 2.4 Ungdomsrådet konstituerer seg sjølv. Leiar og nestleiar skal veljast mellom ungdoms representantane. 3 Møte 3.1 Ungdomsrådet skal i regelen ha faste møte kvar månad. Leiar kan i samråd med nestleiar og koordinator avlyse eit møte utifrå ei vurdering av behove for møtet. Leiar har ansvaret for at ungdomsrådet vert innkalla til møte. Postadresse: Telefon: Telefaks: Org. nr. 939 760 946 Stormyra 2 70 07 85 18 70 05 87 01 Volda kommune Postgiro skatt 7855.05.15198 6100 VOLDA (dir.innval til saksh.) Bankgiro 3991.07.81727 E-post: Gateadresse: may.lisbet.lande@volda.kommune.no Stormyra 2 Side7
3.2. Rådet skal kallast inn med minst 7 dagars varsel. Saman med møteinnkallinga skal saksdokument sendast ut. Unntak er dokument som er viktige for handsaminga, som ikkje er klare når møteinnkalling vert sendt ut og saker til eventuelt og referatsaker. 3.3 Rådet kan gjere vedtak når minst halvparten av representantane er tilstades. 3.4. Koordinator fører møtebok. Utskrift av protokollen vert sendt på e-post til representantane og vararepresentantane, elevråda ved skulane som har representantar i rådet, samt til ungdomspanelet. I tillegg vert protokollen tilgjengeleg på Volda kommune si nettside. 4 Økonomi 4.1 Ungdomsrådet får eigne midlar og eige ansvar/teneste under sentraladministrasjonen i kommunebudsjettet kvart år. Naudsynte administrative utgifter til opplæring, samt tilskot til eigne eksterne føremål skal dekkast av dette budsjettet 4.2 Ungdomsrådet sine medlemar skal ha dekt utgifter til transport til og frå ungdomsrådsmøta og andre møter eller tilstellingar dei er valt til å møte på. 5 Årsmelding 5.1. Ungdomsrådet utarbeidar kvart år ei melding om verksemda si. Årsmelinga går inn som ein del av dei andre kommunale årsmeldingane der det er naturleg 6 Revisjon og godkjenning av vedtekter 6.1 Ungdomsrådet sine vedtekter skal godkjennast av ungdomsrådet og driftsstyret, før dei vert framlagde for formannskap og kommunestyret. 6.2 Ungdomsrådet skal på vår parten kvart år sjå på behovet for revisjon av vedtektene. 26. april 2016 Vår ref. 83/10 Side : 2 Side8
VOLDA KOMMUNE Ungdomsrådet 6100 VOLDA Søknadskjema kandidat til ungdomsrådet i Volda Namn: Adresse: Klasse/skule: Personnr.: Mobil: E-post: Eg ynskjer å vere medlem i ungdomsrådet fordi: (Grunngi her kvifor du ynskjer å verte medlem, nemn kva kvalitetar du har og om du har andre verv for eksempel elevråd, tillitsverv etc.) Hobbyar/interesser: Lever søknaden til klassestyraren din. Eller på e-post til:mll@volda.kommune.no Skjemaet finn du også digitalt på volda.kommune.no Helsing Volda ungdomsråd Postadresse: Telefon: Telefaks: Org. nr. 939 760 946 Stormyra 2 70 07 85 18 70 05 87 01 Volda kommune Postgiro skatt 7855.05.15198 6100 VOLDA (dir.innval til saksh.) Bankgiro 3991.07.81727 E-post: Gateadresse: mll@volda.kommune.no Skjema:mll 05.10.10 Stormyra 2 Side9
VOLDA UNGDOMSRÅD søkjer nye medlem Volda ungdomsråd består av 11 medlem i alderen 13-18 år. Alle ungdomsskulane i kommuna er representerte, i tillegg til Volda vgs., ungdomsklubben og frivillige lag og organisjasjonar. Ungdomsrådet diskuterer politiske saker som vedkjem ungdom i Volda. Vil du vere med på laget for ungdomen? KVA er ungdomsrådet? Talerøyr for ungdom Fremjar ungdomane si sak Kjempar for best mogleg levekår for ungdom Søk, da vel! Meir info og søknadsskjema finn du på www.volda.kommune.no eller www.facebook.com/voldaungdomsrad SØKNADSFRIST 16. SEPTEMBER Side10