SSB. Partifinansiering 2014, lag med og utan org.nr.,28.10.2015, s 1 Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Innhold Logge seg inn på Altinn...1 Hente skjema i skjemakatalogen...1 Fyll ut skjemaet...3 Altinn og ENTER-tasten...3 Elektronisk signering, trinn for trinn...4 Arkiverte skjemaer...7 Altinn må kunne finne 11-sifret fnr til nr. 2 som skal signere...8 Logge seg inn på Altinn For å få tak i skjemaet «Partifinansiering 2014» gå til Altinn på Internett, dvs. til https://www.altinn.no/no/ og logg deg på med fødselsnummeret ditt (11 siffer). Bruk ein av innloggingsmetodane MinID BankID buypass eller Comfides Du får ikkje logge inn på andre måtar i Altinn for få tilgang til skjemaet. Etter pålogging i Altinn stå som deg sjølv, ikkje vel å «representere» nokon annan, heller ikkje partilaget om det har organisasjonsnummer. Hente skjema i skjemakatalogen Ha tilgang til 11-sifra fødselsnummer og e-post-adresse til den som skal signere saman med deg. «Klikk på «Skjema og tenester» og deretter på «Alle skjema og tenester».
SSB. Partifinansiering 2014, lag med og utan org.nr.,28.10.2015, s 2 Neste bilde viser liste over ei rekkje skjema, tast inn RA-0604 i boksen «Søk i lista» og klikk på «Søk». I det neste bildet finn du lenkja til skjemaet «Finansiering av politiske parti 2014» (under vist med lenkje til skjemaet frå i fjor). Klikk på lenkja til 2014-skjemaet. Du kjem då til eit skjermbilde som orienterer kort om skjemaet (ikkje vist her), og deretter til eit bilde der du skal skrive inn ID-en og passordet til partilaget. ID-en og passordet til partilaget får du i eit eige brev.
SSB. Partifinansiering 2014, lag med og utan org.nr.,28.10.2015, s 3 For å få opp skjemaet som er tilpassa partilaget ditt, tast inn ID-en og passordet og klikk «Logg inn». Fyll ut skjemaet Altinn og ENTER-tasten Når du bruker ENTER-tasten i Altinn, blir du sendt direkte til neste side sjølv om du ikkje har svart på alle spørsmåla på den sida du stod på. Vi anbefaler å nytte tab-tasten eller flytte cursor til det neste svarfeltet. Når alle spørsmåla på sida er svart på, klikke på NESTE nedst på sida for å kome vidare i skjemaet. Du kan også navigere i venstremargen ved å bla mellom grupper av spørsmål. Fyll ut skjemaet spørsmål for spørsmål fram til spørsmål 50. Har partilaget under 12 000 kroner i inntekter når ein ser bort frå all offentleg støtte, er det berre nokre få spørsmål som du skal svara på. Altinn viser då berre dei relevante spørsmåla (12 000 kroners spørsmålet blir stilt fyrst). I spørsmål 50 skal du gi opp namna på dei som skal signere elektronisk. Det er partileiaren og ein annan styremedlem (jf partiloven). Dette er ikkje sjølve signeringa. Den elektroniske signeringa blir gjort i dei neste stega. Klikk «Kontroller skjema» før du går vidare. Når skjemaet er ferdig utfylt og kontrollert, klikkar du på Vidare til signering. Du kjem då til elektronisk signering. Om «utfyllaren» ikkje har rett til å signere etter partiloven, skal han/ho følgje rutinen under likevel.
SSB. Partifinansiering 2014, lag med og utan org.nr.,28.10.2015, s 4 Elektronisk signering, trinn for trinn Du må hente inn namnet, fødselsnummeret (fnr, 11 siffer) og e-post-adressa til den/dei andre som skal signere, før du går vidare. Gi opp kven som skal signere i tillegg til deg, skriv fødselsnummeret og etternamnet på nr. 2 (ikkje ditt eige fnr! og etternamnet utan fornamnet) og klikk på Legg til. Om berre partileiar og eit anna styremedlem er inne for å fylle ut og signere, skal det stå 1 her (én i tillegg til deg sjølv). Er det to andre enn «utfyllaren» som skal signere, skriv inn fnr og etternamnet til den eine, klikk «Legg til». Gjenta så det same med fnr og etternamn til den andre og klikk «Legg til» og endre talet til 2. Denne inntastinga styrer Altinn slik at Altinn kjenner att den/dei andre som skal signere når dei logger seg inn. Klikk så på Hald fram til signering (også om du sjølv ikkje har rett til å signere etter partiloven). I det neste bildet blir namnet på den/dei andre som skal signere, vist med for- og etternamn. Klikk deretter på Signer, og om du ikkje skal signere etter partiloven. Dette er den elektroniske signeringa di. Altinn kjenner deg att frå fødselsnummeret du logga deg inn med. (Om du ikkje har rett til å signere, vil dei to neste signaturane fylle kravet i lova, men for å sende vidare til den/dei som har rett til å signere, må den som fyller ut uansett klikke «Signer».)
SSB. Partifinansiering 2014, lag med og utan org.nr.,28.10.2015, s 5 Neste bildet er «Steg 3 av 5: Signering (1)». Bruk knappen Varsle andre per e-post i menyen til høgre i skjermbildet. Du kan då sende e-post til den neste som skal signere. E-posten vil automatisk innehalde ei lenkje til skjemaet. Be han/ho om å signere. Når du har klikka på «Varsle andre per e- post», får du dette bildet. Skriv inn e-postadressa til mottakaren, send gjerne kopi til deg sjølv (pr 08.04.15 kan ein berre ha ei e- postadresse i Til-feltet og ei i Kopi-feltet). Klikk på «Send e- post». Deretter kjem bildet under fram. Klikk på «Send tilbake til utfylling» berre dersom du må rette noko i det du har sendt. Då får du eit varsel på skjermen om at du må signering på nytt. Vil du likevel sjå kva du har svart, klikk på «Utskriftsversjon (pdf)». Logg ut. Om varselet «steg du ikkje har rett til å utføre», sjå nedst neste side.
SSB. Partifinansiering 2014, lag med og utan org.nr.,28.10.2015, s 6 Nr. 2 og evt. nr 3 som skal signere, får ein e-post som vist under med lenkje til skjemaet. Nr. 2 klikkar på lenkja og blir då ført til det vanlege påloggingsbildet i Altinn der han/ho loggar på vha. MinID, BankID, buypass eller Comfides. Nr. 2 kjem rett inn i steg 3 i signeringsprosedyren: Han/ho kan opne skjemaet som pdf-dokument, men kan ikkje korrigere det. Dersom noko skal rettast, må nr. 1 gå inn på nytt i Altinn og rette feila. Er alt i orden, klikkar nr. 2 på «Signer»-knappen. Dette er den elektroniske signeringa til nr 2. I eksemplet her blir to namn vist. Slik ser det ut om den som fylte ut skjemaet ikkje kan signere etter kravet om signatur i partiloven, men to andre personer har dei rollane (styreleiar og styremedlem i partilaget). Da skal nr. 2 signere, sende e-post frå Altinn til nr. 3 og logge ut. Nr 3 følgjer same rutinen, dvs. går inn på skjemaet vha lenkja som kjem per e-post og signerer. «Steg du ikkje har rett til å utføre» Etter kvar signering kjem de til eit bilde som det under.
SSB. Partifinansiering 2014, lag med og utan org.nr.,28.10.2015, s 7 Det står at skjemaet «er i eit steg du ikkje har rett til å utføre». Det er fordi du ikkje kan signere for neste person eller sende inn skjemaet enno. - Den som signerer sist må sende e-post frå Altinn tilbake til den som fylte ut skjemaet og be han/ho om å sende det inn. Det er berre den personen som kan sende inn skjemaet frå Altinn. Nr. 1 får ein e-post om at skjemaet er ferdig signert. Han/ho klikker på lenkja i e-posten og kjem til innlogginga i Altinn og logger seg på. Ein kjem da rett til steget for innsending, steg 4. Klikk «Send inn». Etter innsending blir bildet under vist. Der kan ein be om å skrive ut kvittering og be om å få kvittering sendt på e-post. Arkiverte skjemaer Når skjemaet er signert og sendt inn, blir det lagt i «Arkivert» under «Min meldingsboks» til den personen som har fylt ut og sendt inn skjema. Det blir anbefalt å skrive ut ein kopi eller lagre en separat pdf-versjon partilaget er pliktig å ha ein kopi i minst fem år, jf. partiloven 18 (b) 1. ledd.
SSB. Partifinansiering 2014, lag med og utan org.nr.,28.10.2015, s 8 Altinn må kunne finne 11-sifret fnr til nr. 2 som skal signere Dei som skal signere som nr. 2 må ha vore inne i Altinn på førehand for at fødselsnummeret skal bli «aktivert» i Altinn (Altinn må kjenne det att). Vidare må vedkomande ha krysset av eit felt i Altinn som seier at han/ho samtykker i å «kunne representere andre». Gå til «Min profil/ Kontaktinformasjon på vegne av meg sjølv», sjå døme i bildet. Vel menyvalet til venstre «Kontaktinformasjon på vegne av andre»