Intensjonsavtale for nye Eid/Selje kommune

Like dokumenter
Innleiing 1. Mål - kva skal vi oppnå? 2. Nye oppgåver til ein ny kommune

Vers /EMS/rev INTENSJONSAVTALE. Samanslåing av kommunane Vågsøy, Selje og Vanylven

ARBEIDSUTKAST "INTENSJONSAVTALE OM SAMANSLÅING KOMMUNANE FLORA OG VÅGSØY TIL KINN KOMMUNE"

"INTENSJONSAVTALE OM SAMANSLÅING KOMMUNANE FLORA OG VÅGSØY TIL KINN KOMMUNE" Flora og Vågsøy vil slå seg saman til ein kommune frå

INTENSJONSAVTALE OM SAMANSLÅING AV KOMMUNANE FLORA OG VÅGSØY TIL KINN KOMMUNE

Plattform for samanslåing av kommunane Balestrand, Leikanger og Sogndal

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

Ny kommune i Sogn Sogn kommune. Balestrand, Leikanger, Vik og Sogndal

INTENSJONSAVTALE OM SAMANSLÅING AV KOMMUNANE FLORA OG VÅGSØY TIL KINN KOMMUNE

Utkast Ny intensjonsavtale om kommunesamanslåing mellom Sykkylven og Stranda kommunar Storfjorden kommune

Intensjonsavtale kommunesamanslåing mellom Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Modalen, Radøy og Solund

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref John Tveit 16/343-56

KOMMUNEREFORM VELKOMEN TIL FOLKEMØTE

Intensjonsavtale kommunesamanslåing mellom Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Modalen og Solund

Intensjonsavtale kommunesamanslåing mellom Masfjorden og Gulen kommunar

Regionreforma og Sogn og Fjordane fylkeskommune

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Selje kommune. Innkalling. Sakliste. Stein Robert Osdal ordfører. Utval: Formannskapet Møtestad: Furebuda Leikanger Dato: Tid: Kl.

Omstillingsavtale for tilsette i Eid og Selje kommune

Utkast til intensjonsavtale

Utkast til intensjonsavtale. Ny kommune i Sogn. Balestrand, Lærdal, Leikanger, Sogndal, Vik og Årdal kommunar. Versjon 1,

Informasjon til innbyggarane i Ørskog kommune om kommunereforma

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemmar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Margrete Bjerkvik Medlem KRF Anders Egil Straume Medlem KRF

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV EIDFJORD KOMMUNE, GRANVIN HERAD OG ULVIK HERAD

Regionreform status. Trond Nerdal fylkesrådmann. Fellesmøte 28. september

Lovgrunnlag Lov om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova), 26 Fellesnemnd:

Intensjonsavtale. Ny kommune Balestrand og Høyanger. Dato: Balestrand og Høyanger kommune - Intensjonsavtale, dato

Utkast til intensjonsavtale. Ny kommune i Sogn. Balestrand, Lærdal, Leikanger, Sogndal, Vik og Årdal kommunar. Versjon 3-2,

? Foto: Simen Soltvedt?

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

Å FORME DEN NYE KOMMUNEN DIN?

Endringsoppgåve: Vidareutvikling av samarbeid mellom seksjonane i Psykisk helsevern for barn og unge i Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane

Program for. Årdal Venstre

Folkemøte Presentasjon av intensjonsavtalar Rådmann Oddbjørn Ese

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV EIDFJORD KOMMUNE, GRANVIN HERAD OG ULVIK HERAD

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

KOMMUNEREFORM 2016 INFORMASJON TIL INNBYGGARANE. Kvar står Hareid kommune om 20 år?

Ny kommune? Informasjon om kommunereforma i Nordhordland

Frivilligpolitisk plattform

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Fellesnemnd ny kommune i indre Sunnfjord

Slik kan det også seiast kva er ambisjonen til våre naboar i Sunnfjord? Betyr det noko for oss?

M Ø T E R E F E R A T

Høyring skulebruksplan Fylkesrådmannen

Utkast til intensjonsavtale. Ny kommune i Sogn. Balestrand, Lærdal, Leikanger, Sogndal, Vik og Årdal kommunar. Versjon 3-1,

Kommunereforma. Balestrand 4. mars 2015 Kåre Træen

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

«Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy sitt framlegg til utgreiing av ny kommune

Ny regionkommune HØNSSHUSSGÅSS

lntensjonsavtale...3 Kommunenamn og kommunevåpen...3 Kommunenamn... 3 Kommunevåpen... 3 Administrasjonsstad... 3 Målform...4

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Kommunedelplan for oppvekst

Til veljarane i Tysnes

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

-Fantastiske muligheter for næringsutvikling. -Har god vekst. -God omstillingsevne, kommune har god vekst. -Har eigne ressursar vi kan byggje på.

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

«Nye Vestland fylkeskommune» i endring og utvikling

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

INTENSJONSAVTALE. Bygging av ny kommune sett saman av Seljord og Kviteseid

Nye Vestland fylkeskommune status og prosess

Selje kommune. Møtebok. Utval: Formannskapet Møtestad: Furebuda Leikanger Dato: Tid: Kl. 13:00-14:00

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

Prosjektplan Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune. Utkast for drøfting

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

PLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR BREIBAND

Delrapport 2 Modell 2

Regional planstrategi Kva, kvifor og korleis?

Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane? Vedlegg til Regional planstrategi for Sogn og Fjordane

Balestrand, Leikanger, Vik og Sogndal,

Kommunikasjonsplan. Nye Øygarden kommune

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV EIDFJORD KOMMUNE, GRANVIN HERAD, ULLENSVANG HERAD OG ULVIK HERAD

Intensjonsavtale Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven RUNDE kommune -ei båtlengde føre

INTENSJONSAVTALE FOR NYE ØYGARDEN KOMMUNE. Fjell - Sund - Øygarden

Kommunikasjonsplan. Fase 2: Førebuande fellesnemnd. - desember 2016 juni 2017

Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane?

MØTEPROTOKOLL. Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne SAKLISTE:

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Intensjonsavtale Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven RUNDE kommune -eit hav av mulegheiter

Vedteke i kommunestyret som sak 74/16.

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 026/15 Bystyret PS

SOGN driftig raus ekte

Omstillingsavtale og retningsliner for innplassering av tilsette

KLIPPFISK-KONFERANSEN Dato

Hjelmeland kommune. Dykkar ref.. Vår ref. Arkivkode: Dato: 14/468-7/14/

Stortingsmelding om kultur. Innspelsmøte 17. januar 2018

Transkript:

Intensjonsavtale for nye Eid/Selje kommune Nordfjordeid/Selje 6. januar 2017 Versjon: 01

Innleiing Selje og Eid kommune tek sikte på å slå seg saman til éin kommune frå 01.01.2020. Denne intensjonsavtalen skildrar kva ein vil oppnå med å gå saman i ei ny kommune og korleis samanslåinga skal skje. Dersom Stortinget vedtek samanslåing av kommunane, skal det opprettast ei Fellesnemnd (Inndelingslova 26). Fellesnemnda skal ha tilnærma likt tal medlemmer frå kvar kommune, og ha ansvar for å styre og følgje opp samanslåingsprosessen i perioden fram til samanslåinga vert sett i verk. Det operative arbeidet skal utførast av ein prosjektorganisasjon og vere beskrive i ein eigen plan. Politikarar, administrasjon og tillitsvalde skal ha definerte roller i prosjektorganisasjonen. 1. Mål - kva skal vi oppnå? Den nye kommunen vil få ca 9.000 innbyggjarar, og med det bli den største kommunen i Nordfjord og av dei 3-4 største i Sogn og Fjordane. Kommunen vil få ein bu- og arbeidsmarknad rundt seg på 40-50.000 menneske i Nordfjord og på Sunnmøre, og vil bli ein langt sterkare og meir slagkraftig aktør inn mot regionale og nasjonale styresmakter enn kvar av kommunane er i dag. Selje og Eid er samde om at hovudmåla med samanslåinga er å: Sikre gode, føreseielege tenester for innbyggarane Vere ein attraktiv lokaliseringsstad for ny næringsverksemd, fylkeskommunale og statlege arbeidsplassar. Den nye kommunen skal ha særleg fokus på å utvikle sterke kompetansemiljø og størst mulig ringverknader knytt til havrommet, vekstpotensialet i kystnæringane, reiseliv og ny fornybar energi Sterkare gjennomslagskraft i samferdslespørsmål og andre regionale saker Ha ein folketalsvekst i den nye kommunen på eller over landssnittet, for å sikre inntekter og kommuneøkonomi til å gje gode tenester til alle innbyggjarane Den nye kommunen vil nytte den nye posisjonen til å arbeide målretta for å styrke og utvikle utdanningstilboda i kommunen i vidaregåande utdanning og utvikle nye tilbod på høgskulenivå, for betre samferdsle m a gjennom realisering av Kystvegen og bru Anda-Lote som ferjeavløysingsprosjekt, og etablering av nye statlege arbeidsplassar i den nye kommunen (sjå utdjuping i pkt 10). 2. Nye oppgåver til ein ny kommune Vi er samde om å sikre at den nye kommunen er i stand til å ta på seg nye oppgåver frå sentral og regional stat og frå fylkeskommunen, og på den måten flytte makt, oppgåver og arbeidsplassar nedover frå stat/fylke til den nye kommunen. Første prioritet har oppgåver som kan leggast inn i eksisterande organisasjon og som er tenlege for innbyggarane.

3. Gode tenester - organisering og lokalisering Den nye kommunen skal gi innbyggjarane gode tenester ut frå tilgjengelege økonomiske ressursar. Vi skal: Utvikle desentraliserte tenestetilbod folk treng i kvardagen - som skular, sjukeheimar, helse, barnehagar og kulturtilbod - i alle deler av kommunen. Bli blant dei beste kommunane i Noreg innanfor skule/utdanning og kultur Vere ein aktiv samfunns- og næringsutviklar og etablere møteplassar, partnarskap og samhandling. Det skal leggast til rette for å kunne bu, arbeide og ha tilgang til fritidstilbod i alle deler av kommunen Vere ein utviklande og attraktiv arbeidsplass. Skape større og sterkare fagmiljø som gjev betre grunnlag for rekruttering og kompetanseutvikling. Sørgje for ein effektiv tenesteproduksjon der tenester folk treng i kvardagen blir gitt nær der folk bur, medan forvaltingstenester og administrasjon blir effektivisert og digitalisert i så stor grad som råd er. Kommunen skal lokalisere og fordele stillingar knytt til administrasjon og leiing i dagens rådhus med stor grad av samhandling på tvers. Korte avstandar og bruk av video/digital samhandling muliggjer dette. Ein er samde om å fordele sentrale strategiske funksjonar i den nye kommunen på ein mest mulig balansert måte etter følgjande prinsipp: Ordførar og rådmann med strategiske leiingsfunksjonar blir lokalisert med Eid som base. Nordfjordeid får status som kommunesenter Nærings-, utviklings- og planavdeling blir lokalisert med Selje som base Øvrige oppgåver og funksjonar i kommuneadministrasjonen blir fordelt etter nærare avtale, slik at det blir ei god fordeling som sikrar effektiv utnytting av dagens kontorplassar i rådhusa utan å utløyse behov for nye utbyggingar. Det er viktig å presisere at denne fordelinga gjeld dei administrative funksjonane på kvart område. Dei operative tenestene (skular, barnehagar, heimehjelp, kulturskule etc) skal skje desentralisert som i dag. Det skal leggast til rette for at spesialiserte fagfunksjonar (t.d. barnevern) kan ha ambulerande utefunksjonar som vert ytt der basistenestene vert ytt. Vi skal legge til rette for stor grad av fleksibilitet i jobbkvardagen for tilsette som ynskjer det - men med samla fagmiljø under éi felles leiing på kvart fagområde slik at ein ikkje bygger opp "parallelle organisasjonar" i kvart rådhus. Både Selje og Nordfjordeid skal ha publikumsretta tenester der folk lett kan kome i kontakt med sakshandsamarar uansett kvar dei sit (t d ved bruk av videomøte). Den nye kommunen skal vere langt framme når det gjeld å utvikle og ta i bruk nye digitale løysingar i kontakt med innbyggjarane, næringslivet og omverda. Målet må vere at ein gjennom godt utbygde publikumsretta tenester og auka bruk av digitale løysingar kjem dit at ein innbyggjar eller ei bedrift kvar som helst i den nye kommunen kjem lettare i kontakt med og får hjelp av kommunen enn i dag.

4. Prinsipp for politisk styring Den nye kommunen skal ha formannskapsmodellen etter Kommunelova 8 som styringsform. Kommunestyret skal ha 33 medlemmer. Formannskapet skal ha 9 medlemmer og det skal vere faste politiske utval (hovudutval). Fellesnemnda tek ut over dette avgjerd om struktur for råd og utval i den nye kommunen. Vi skal veksle på stad for dei politiske møta etter ein samla årsplan der ca halvparten av møta i råd og utval blir lagt kvar stad. Kommunestyra vil oppmode dei politiske partia i Eid og Selje til raskast råd å starte samarbeid og felles prosessar for å skape ein vi-kultur i den nye kommunen. 5. Kommunenamn, kommunevåpen og målform. Namn på den nye kommunen og kommunevåpen blir fastsett etter ein open prosess der innbyggjarane blir invitert inn til å kome med idear og framlegg. Prosessen blir starta straks etter at Stortinget har gjort vedtak om ny kommunestruktur våren 2017. Endeleg vedtak om namn og kommunevåpen blir gjort av kommunestyra i Eid og Selje. Målforma i den nye kommunen vert nynorsk. 6. Kommuneøkonomi Den nye kommunen vil gjennom inntektssystemet få økonomiske rammevilkår som er betre enn kvar av kommunane ville ha fått ved å stå åleine. Det blir lagt til grunn at den nye kommunen vil kome inn under den nye ordninga med Regionsentertilskot til nye samanslåtte kommunar med over 9.000 innbyggjarar. Det er semje om at positive økonomiske effektar av ein ny kommune skal kome innbyggjarane til gode i form av gode kommunale tenester - og ikkje brukast til å redusere ambisjonane for effektivisering og administrative innsparingar. Den nye kommunen vil få ei eingongsstøtte på 20 mill kr og ei reformstøtte på 5 mill kr. Eingongsstøtten blir utbetalt allereie i 2017 dersom Stortinget fattar vedtak om samanslåing. Reformstøtten skal gå til å dekke kostnader i samband med overgangen til ny kommune. Eingongsstøtten skal nyttast til tiltak som kan styrke samhandlinga i den nye kommunen. Det er også sett av 150 mill kr over statsbudsjettet i 2017 til infrastruktur-tiltak i nye samanslåtte kommunar. Nye Eid/Selje kommune vil søke midlar frå denne ordninga. Eit prioritert område skal då vere å få midlar til forsert utbygging av fiber-breiband i den nye kommunen. Full breibandsdekning er avgjerande for å redusere avstandsulemper og få god kommunal service til alle innbyggarar og bedrifter.

7. Interkommunale selskap/samarbeid Selje og Eid deltek i dag i mange interkommunale selskap og samarbeid som i all hovudsak omfattar fleire enn våre kommunar, som oftast heile Nordfjord. Ny kommunestruktur gjer det nødvendig at Fellesnemnda går gjennom dagens samarbeid, og ser særskilt på dei samarbeid/selskap der berre éin av kommunane i dag deltek. 8. Samordning av planverk Vi er samde om at alle juridisk bindande planar vert overført til den nye kommunen og gjort gjeldande. Planane vert samla og gjennomgått i tida fram til den nye kommunen er formelt skipa. Kommunane skal mellom anna utarbeide ei samla investerings-analyse for den nye kommunen ut frå dagens behov og ein felles planstrategi for den nye kommunen gjeldande frå 2020. Eid og Selje skal frå og med vedteken intensjonsavtale fram til den nye kommunen vert skipa: Orientere kvarandre om komande investeringar slik dei ligg i vedteke budsjett og økonomiplan per 2017 Orientere kvarandre om viktige planlagde nye investerings- og driftstiltak Kommunane sine risikoanalysar og beredskapsplanar skal vere samordna og reviderte ved etableringa av den nye kommunen. Det er lagt eit godt grunnlag for dette gjennom felles ROSanalyse for Selje/Vågsøy/Eid. 9. Arbeidsgjevarpolitikk Vi er samde om å etablere ein arbeidsgjevarpolitikk som bidrar til å samle og utvikle arbeidstakarane i den nye kommunen, og som skapar gode relasjonar mellom arbeidsgjevar og arbeidstakarar. Det føreset høg grad av medverknad både på lokalt og sentralt nivå, både under etablering av den nye kommunen og etter at den er etablert. Det betyr at: Tilsette sine noverande rettar vert aksepterte i ein ny kommune i samsvar med lov- og avtaleverk Alle tilsette vil få tilbod om stilling i den nye kommunen i tilsvarande storleik og tidsperiode som ein har i noverande kommune. Dersom det blir overtallige, vil den nye kommunen gje tilbod om annan passande arbeid Dei tilsette vil framleis vere sikra pensjonsordning gjennom KLP. Det partsamansette utvalet (PSU, Inndelingslova 26) skal lage eit omstillingsdokument som: Harmoniserer ulike reglement (tilsettingsreglement, permisjonsreglement m.m.) Utarbeider ein felles lønspolitikk for alle tilsette Harmoniserer lønsskilnader over tid

10. Samfunns- og næringsutvikling Den nye kommunen vil få ca 9.000 innbyggjarar, og med det den største i Nordfjord og mellom dei 3-4 største i Sogn og Fjordane. Eit viktig mål med samanslåinga er å nytte den nye posisjonen som regionalt tyngdepunkt til å sikre sterkare vekst i folketal og arbeidsplassar - minst på line med snittet i landet. a. Samferdsle Den nye kommunen vil arbeide for at Kystvegen Bergen-Ålesund raskast mogleg blir prioritert over offentlege vegbudsjett. Traséen må leggast slik at han får størst mogleg regional nytte for å knyte saman større bu- og arbeidsmarknader på tvers av dagens fylkesgrenser. Det inneber at Kystvegtraséen over Nordfjorden må planleggast over Bryggja-Otteren og inkludere Rovdefjordsambandet. Den nye kommunen vil vidareføre arbeidet for opprusting av flaskehalsar på dagens E39-trasé Byrkjelo-Nordfjordeid og bru Lote-Anda som ferjeavløysingsprosjekt. Brua Lote-Anda og kystvegen er viktige og samfunnsøkonomisk gode prosjekt for å skape større regional bu- og arbeidsmarknad Vi føreset at fylke og stat vil samarbeide med den nye kommunen og næringslivet for å realisere betre kommunikasjonar som legg til rette for vekst i den nye kommunen. Innanfor fylkesvegar vil dei største utfordringane i den nye kommunen vere vegnettet i og til Selje. Den nye kommunen vil opp mot fylkeskommunen prioritere vegutbetring for å knyte Selje sterkare saman internt og mot nabokommunane, med Fv 620 Årsheimstranda som felles fyrsteprioritet. Den nye kommunen vil bli vertskapskommune for Stad skipstunnell. Ei prioritert sak for den nye kommunen vil bli å arbeide for størst mogleg ringverknader av den nye tunnellen, både i form av nye næringsetableringar, nye båtruter, utvikling av reiseliv etc. Kommunen vil arbeide for fleirbrukshamn på Leikanger og industrietablering som fylgje av bruk av massar frå tunnellen. b. Statlege arbeidsplassar Nordfjord har i dag eit sterkt underskot på statlege kompetansearbeidsplassar, og har blitt tappa for slike dei siste 10 åra. Den nye kommunen vil med som den største kommunen i Nordfjord og eit omland på 40-50.000 vere ein like naturleg stad for lokalisering av nye statlege arbeidsplassar som Førde og Sogndal/Leikanger er i dag. Den nye kommunen vil ta mål av seg til å få lokalisert minst éi større statleg etatseining til kommunen innan 2021, og ein samla vekst i statlege arbeidsplassar på minst 50. c. Vidaregåande skule Ungdom i den nye kommunen har i dag to vidaregåande skular som er nytta særleg mykje - Måløy og Eid - med ca 700 elevar samla. Dei to skulane utfyller kvarandre godt, vil etter planlagt totalrenovering av Måløy vgs ha moderne og gode fasilitetar utan større nye utbyggingsbehov og gir til saman eit svært breitt og godt utdanningstilbod. Skulane har også fleire fylkesdekkande linjer. Det er eit mål for den nye kommunen å skape eitt samla kompetansemiljø med felles fagmiljø innanfor vidaregåande skule som del av eit samla skulefagleg miljø for den nye kommunen - med vidareutvikling av Måløy og Nordfjordeid som skulestader for vidaregåande skule og nye tilbod innanfor desentralisert høgare utdanning. Med det vil den nye kommunen ta ein posisjon som eitt av tre senter for utdanning i Sogn og Fjordane, saman med Førde og Sogndal.

d. Spesialisthelsetenester Nordfjord sjukehus, Nordfjord Psykiatrisenter og Nordfjord BUP er det største samla statlege kompetansemiljøet i Nordfjord med ca 250 tilsette og breitt tilbod av spesialisthelsetenester. Den nye kommunen vil samarbeide nært med Helse Førde om å utvikle desse institusjonane vidare, også med etablering av nye tenester og meir aktivitet i samspel mellom helseføretak og kommunane i Nordfjord. e. Miljø og klima Kommunen skal ha høge klimamål for sitt arbeid. I samarbeid med næringslivet skal kommunen halde fram med å byggje opp sterke kompetansemiljø på fornybar energi og grøn industri, og vere i framkant med å bruke fornybar energi både til å dekke lokale energibehov og til ny næringsutvikling. Klima- og miljøspørsmål skal vere ei gjennomgåande satsing i barnehage og skule i den nye kommunen. f. Næringsutvikling Eid og Selje har til saman eit sterkt og variert næringsliv, med store utviklingsmulegheiter innanfor den nye grøne økonomien. Den nye kommunen skal drive eit offensivt næringsutviklingsarbeid i samspel med bedriftene, med spesielt blikk på verdiskapingspotensialet knytt til kystnæringane, fornybar energi og reiseliv. Tenester frå kommunen retta inn mot næringslivet skal ha høg kvalitet og rask sakshandsaming. Den nye kommunen skal styrke næringskompetansen/ kapasiteten til næringslivsretta arbeid og ligge i forkant med areal og planverk som legg til rette for ny næringsaktivitet. g. Bustad- og tettstadsutvikling Den nye kommunen skal legge til rette for at tilflyttarar og andre har valmoglegheitar når dei skal busetje seg. Alle bygdelag/krinsar bør ha tilgang til tenlege bustadtomter, samtidig som ein fører ein ekspansiv bustadpolitikk i dei sentrumsnære områda. Det skal til ei kvar tid vere god tilgang til utleigebustader, mellom anna gjennom samarbeid mellom kommune og private aktørar. h. Integrering Den nye kommunen skal føre ein aktiv integreringspolitikk, som del av ei samla satsing på å legge til rette for tilflytting og folketalsvekst i den nye kommunen. Kommunen skal vere eit regionalt senter for framandspråkopplæring, og ein føregangskommune for opplæringstilbod for flyktningar. Kommunen skal vere aktiv i å legge til rette for språkpraksisplassar. i. Kultur-, fritids- og aktivitetstilbod Den nye kommunen vil ha eit stort mangfald av frivillige lag og organisasjonar, festivalar og arrangement, og skal ha gode fasilitetar og anlegg for idrett og kulturliv. I den nye kommunen vil ein byggje på og utvikle vidare det gode samspelet mellom kommune, frivillegheit, kultur og idrett som ein har i dagens kommunar. Gjennom å sjå og utvikle dette tilbodet samla, vil den nye kommunen kunne bli ein endå meir attraktiv stad for å leve eit godt liv også utanom arbeids- og skuletid.

11. Opning for andre kommunar til å tre inn i avtalen Selje og Eid er positive til at andre kommunar i regionen kan gå inn i den nye kommunen som no blir danna. Hovudmåla som er sette for den nye kommunen i pkt 1, 3 og 10 vil då ligge til grunn, samt avgjerdene som no er tatt om Nordfjordeid som kommunesenter/plassering av strategisk leiing og at plan/næring/utvikling blir lagt til Selje. Ut over dette vil Selje og Eid saman vere innstilt på å gå i forhandlingar med andre kommunar om tilpassingar av avtalen. Dersom fleire kommunar går inn i avtalen vil det også utløyse auka økonomiske ressursar til den nye kommunen både i form av auka eingongsstøtte, auka regionsentertilskot og auka årlege statlege overføringar gjennom inntektssystemet. Avtalen er forhandla fram og godkjent av Forhandlingsutvala i Eid og Selje på bakgrunn av sams kommunestyrevedtak i Eid og Selje 16. desember 2016. Avtalen skal opp til handsaming på felles formannskapsmøte 19. januar 2017, og i kommunestyra i Eid og Selje 26. januar 2017.