Kjære representant til Ungdommens fylkesting 2013!



Like dokumenter
Lovfesting av medverknadsordning for ungdom - høyringssvar

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet i Møre og Romsdal

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

Vetle og Jenny har alt meldt forfall og koordinator har tatt kontakt med vara.

For dei som reiser kollektivt er det mogleg å ta buss til Surnadal. Sjekk 177.no for reiserute.

HØRINGSNOTAT OM LOVFESTING AV MEDVIRKNINGSORDNING FOR UNGDOM

Program: Fredag 27. januar Kl Møtestart Kl Overrekking av prisen for Årets Ungdomskommune til Smøla ungdomsråd/smøla kommune

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

Møteprotokoll. Møtestad: Hotel Union, Geiranger Dato: og Tid: Faste medlemer som møtte:

Reise: Møtes på rutebilstasjonen på Sjøholt måndag kl Alle må kome seg til Sjøholt på eige hand, og så køyrer vi i privatbilar derifrå.

Møteprotokoll. Møtestad: Vårsøg hotell, Surnadal Dato: Tid: 17:00. Medlemer som møtte: Åse Kristin Ask Bakke

BÆRUM KOMMUNE RÅDMANNEN

Foto: Carl-Erik Eriksson

Møteinnkalling. Utval: Ungdomspanelet Møtestad: Thon Hotel, Kristiansund Dato: Tid: 18:00

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Sentraladministrasjonen Namdalseid. Vår ref: Deres ref Saksbehandler Dato 2013/ Aase Hynne

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

Sak 1 Konstituering. Godkjenning av innkalling. Godkjenning av sakliste

Forfall skal meldast til koordinator, Anne Berit Svenkerud Halle, mob Til dette møtet er både faste- og varamedlemmar innkalla.

Ø sosialdeparteme ntet

Konstituering. Vedlegg: Forslag til saksliste Forslag til tidsplan Forslag til forretningsorden. Godkjenning av innkalling

Møteprotokoll. Utval: Ungdomspanelet Møtestad: Fylkeshuset i Molde Dato: Faste medlemer som møtte:

Til deg som bur i fosterheim år

Råd i kommuner og fylkeskommuner for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse - høyring

Innkalling og sakspapir er dermed sendt ut innanfor dei fastsette fristane.

Råd i kommunar og fylkeskommunar for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse - høring. Foto: Geir Hageskal

Rådet for funksjonshemma

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Sak 1 Konstituering. Vedlegg: Forslag til saksliste Forslag til tidsplan Forslag til forretningsorden. Godkjenning av innkalling

Kap 1 Innleiande fastsettingar

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

ORGANISASJON Politisk sekretariat og kontorstøtte. Dato 17. oktober 2013 Saksnr.: Saksbehandler Stein Endre Haartveit

Vedrørande val av utsendingar til KS sitt Fylkesmøte, KS Landsting og val av medlemmar til KS Sogn og Fjordane sitt fylkesstyre.

Sakspapira blir etter dette sendt direkte til dei påmeldte utsendingane etter påmeldingsfristen er ute, 14. mars.

Møteprotokoll. Møtestad: Hopen brygge, Smøla Dato: Tid: Protokoll nr: 2/2016. Faste medlemer som møtte:

Nye kommunar i Møre og Romsdal

5 Bestemmelse i lov og sentral forskrift bør åpne for, men ikkje påby, at kommunen kan gje påvirkningsorgana sjølvstendig avgjerds- og løyvingsmynde.

Møteinnkalling til oppstarts s eminar

Møteprotokoll. Utval: Ungdomspanelet Møtestad: Hotel Union, Geiranger Dato: Tid: 12:00

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Åse Kristin Ask Bakke Leiar Asgeir Stavik Hustad Nestleiar Georg Michaelis

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Ungdommens fylkesting

POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE

MØTEPROTOKOLL FUSA KOMMUNE. Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak: 12/165 Løpenummer: 12/ Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

SAKSDOKUMENT. Uttale til høyring - NOU 2011:20 Ungdom, makt og medverknad

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

MØTEPROTOKOLL. Erik Vangsnes leia møtet tom sak 021/13. Vegar Berget leia møte frå sak 022/13.

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

HØRING - RÅD I KOMMUNER OG FYLKESKOMMUNER FOR UNGDOM, ELDRE OG PERSONER MED NEDSATT FUNKSJONSEVNE

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Spelet varer om lag ein dobbeltime og kan enkelt setjast opp i klasserommet. Talet på spelarar bør vere minst ti elevar.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Følgjande faste medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerer Agnes H. Bernes

HØRING - RÅD I KOMMUNER OG FYLKESKOMMUNER FOR UNGDOM, ELDRE OG PERSONER MED FUNKSJONSNEDSETTELSE

Ungdomspanelet vil med dette ønskje deg hjarteleg velkomen til Ungdommens fylkesting (UFT) i Ålesund frå november 2011 på Rica Parken Hotel.

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Møteinnkalling. Utval: Ungdomspanelet Møtestad: Rica Seilet i Molde Dato: Tid: Kl.12.00

Høringssvar vedrørende høring om lovfesting av medvirkningsordning for ungdom sak 13/1969

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Line Hatmosø Hoem Leiar AP Ingeborg Forseth Medlem Møre og Romsdal fylkeskommune

REGLEMENT FOR Utval for Levekår

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Fylkesårsmøte februar 2009 Ole Bull Akademiet, Voss. Sakshefte 1

Saksbehandlar: Vigdis Rotlid Vestad. Ref.: 2017/2464/FMMRVIVE Til: Felles kommunestyremøte

Brukarrettleiing. epolitiker

HØRING - RÅD I KOMMUNER OG FYLKESKOMMUNER FOR UNGDOM, ELDRE OG PERSONER MED NEDSATT FUNKSJONSEVNE

Rødts landsmøte. Konstituering. Fordi fellesskap fungerer

FELLES REGLEMENT FOR DEI POLITISKE ORGANA (K-sak 28/16)

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

Universell utforming i anskaffingar. Innkjøpsrådgivar Torgeir Riksfjord

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30 14:15

Møteprotokoll. Møtestad: Finnøya Havstuer, Sandøy Dato: Tid: 20:00 Protokoll nr: 2/2017. Faste medlemer som møtte:

MERKNADER TIL REGLEMENTA FOR HOVUDUTVALA I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Høring - råd i kommuner og fylkeskommuner for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse

REGLEMENT FOR GODTGJERING TIL FOLKEVALDE

Endringar i delegasjonsreglementet for Hordaland fylkeskommune

-Ein tydeleg medspelar Regional utvikling i ein politisk styrt organisasjon. Introdag for nytilsette Robert Løvik

Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Janne Katrin Hansen Sævik Daniel Haavardsen-Bråttvik

Rådet for likestilling av funksjonshemma Møtestad: Romsdal vidaregåande skole, Molde, møterom B114 Dato: Tid: 10:30 Protokoll nr: 1/2018

Vedtekter for Vestland SV

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

Velkommen til årsmøte for KORSSUND DYKKEKLUBB. Dale, 09. februar 2013

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for godtgjering til folkevalde

Utval: Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Fylkesutvalssalen 3. etg., Fylkeshuset Dato: Tidspunkt: 09:50-12:50

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Møteinnkalling SAKLISTE SKODJE KOMMUNE. Utval: RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 16:00

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Transkript:

Møteinnkalling Utval: Ungdommens fylkesting Møtestad: Thon Hotel Vårsøg, Surnadal Dato: 08. -10.11.2013 Tid: 14:30 Forfall skal meldast til konsulent Ann Torill Vaksvik, til tlf 71 25 88 56 eller ungdomspanelet@mrfylke.no, og til kontaktperson i kommunen du kjem frå. Varamedlem møter berre ved spesiell innkalling frå kontaktpersonen i din kommune. Kjære representant til Ungdommens fylkesting 2013! Ungdomspanelet vil med dette ønskje deg hjarteleg velkomen til Ungdommens fylkesting (UFT) i Surnadal frå 8. 10. november 2013 på Thon Hotel Vårsøg. Ungdommens fylkesting (UFT) er ungdommane sitt øvste politiske organ i fylket og her diskuterer ein viktige saker som gjeld ungdom. Vedtak fatta av UFT er rådgivande for fylkestingspolitikarane i Møre og Romsdal fylkeskommune. Laurdag kveld blir det ein festmiddag for alle deltakarane på UFT. Alle må difor ha med seg eit pent antrekk. For alle representantar under 18 år skal foreldre/føresette ha sett sakspapira og sette seg inn i reglementet før du kjem til UFT. Før du kjem til Surnadal 8. november rår vi deg til å: Lese gjennom sakspapira du får tilsendt. Sakspapira ligg også på ungweb.no. Der kan du legge inn kommentarar, spørsmål eller utfyllande informasjon i kommentarfeltet. Diskutere sakene med ungdomsrådet ditt, venner, klassen, elevrådet eller andre rundt deg. Førebu deg til open runde og finn ei sak du brenner for. Kvar delegat skal opp på ein talarstol å seie noko kort om denne saka. Maks to minutt. HUGS! Meld ifrå til Ann Torill Vaksvik, e-post ungdomspanelet@mrfylke.no om du må ha spesiell diett (diabetes, cøliaki, vegetarianar) eller har allergiar eller andre ting som arrangør bør vite om. Hugs å melde frå til kontaktpersonen i din kommune og Ann Torill Vaksvik på ungdomspanelet@mrfylke.no om du ikkje kan kome likevel. Side1

Ønskjer du å stille til val til Ungdomspanelet (UP)? Alle som stiller til val i år, må levere inn eit søknadsskjema på førehand. Vi ser helst at utfylte skjema sendast til koordinator før UFT, men du kan også levere det når du kjem til UFT. Skjemaet ligg på ungweb.no samen med påmeldingsskjemaet og i tillegg vedlagt møteinnkallinga. Det vil bli gitt meir informasjon om val til nytt ungdomspanel under UFT. Frist for å stille til val til nytt Ungdomspanel er kl.14.00 laurdag den 9.november. Reise til og frå Surnadal Kontaktpersonen i din kommune skal hjelpe deg med å planlegge reisa til og frå Surnadal om du treng hjelp til det. Vi rår deg til å bruke TIMEkspressen og at du nytter ungdomskortet om du har det. Bussen har stopp rett ved kulturhuset og hotellet kor UFT skal vere. Reise, overnatting og måltid for ungdomsrepresentantane vert dekt av Møre og Romsdal fylkeskommune. Du betalar sjølv for reisa og får tilbakebetalt reiseutgiftene etter UFT. Fylkeskommunen dekker berre utgiftene som samsvarar med reisestrekninga. Hugs derfor å ta vare på reisekvitteringar. På UFT vil reiserekningsskjema bli gjennomgått. Merk at fylkeskommunen ikkje dekkjer kjøp av ungdomskortet. Under Ungdommens fylkesting gjeld følgjande: Bruk av alkohol eller andre rusmiddel er strengt forbode, og fører til at føresette og kontaktpersonen i din kommune blir varsla. Ein vil så bli heimsendt for eiga rekning og må betale for hotell og kost sjølv. Kom presis. Følg med på programmet og den informasjonen som blir gitt. Dersom ein kjem meir enn 10 minutt for seint til tingsamlingane i møtesalen, får ein ikkje vere med på samlinga. Innan kl. 24.00 skal alle vere på romma sine. Etter midnatt skal det vere stille. Det vil alltid vere vaksenpersonar til stades på hotellet. Desse vil bli tydeleg presenterte under møte. I tillegg vil alle namneskilta innehalde informasjon om namn og telefonnummer til vaksne. Dersom nokon må forlate hotellet/området skal ein vaksen eller nokon i ungdomspanelet godkjenne fråveret. Det er verken tid eller lov til å forlate hotellet under samlinga. I tillegg til det sosiale programmet stiller Ungdomspanelet med nokre brettspel, men dersom nokon har eit favorittspel kan dei godt ta med det! Spelar du gitar eller eit anna instrument du kan ta under armen er du hjarteleg velkommen til å ta det med og spele litt på kvelden. Alle skal bu i fleirsengsrom, og vert plasserte av oss saman med personar av same kjønn. Korleis får du ordet under Ungdommens fylkesting Når du skal snakke under Ungdommens fylkesting må du bruke ein talarstol med mikrofon slik at vi er sikre på at alle får med seg det du seier. Det kan verke litt skummelt i byrjinga, men ein blir fort vant med det. Side2

Under møtet må ein gje teikn til møteleiarane når ein ønskjer å ta ordet. Rekk opp skiltet ditt med ditt delegatnummer slik at møteleiar kan sjå og registrere det. Når du får eit lite nikk frå møteleiar kan du ta ned skiltet og gjere deg klar til innlegget. Open runde Fredag skal det vere open runde på Ungdommens fylkesting. I år har vi endra dette noko frå tidligare. Vi vil at alle delegatane skal opp på talarstolen og seie kven dei er, kor dei kjem frå og så nemne ei sak dei brenn for. Det skal vere eit kort innlegg på eit minutt. Alle skal opp og det er mest ei øving for å stå på talarstolen. Spør ein politikar! Ungdomspanelet utfordrar nokre politikarar frå fylket til å stille opp i eit panel og vi let UFT deltakarane få stille dei spørsmål. Vi rår alle til å tenkje ut spørsmål saman med sitt lokale ungdomsråd. Fotografering Møre og Romsdal fylkeskommune vil under UFT ta ein del bilete og film. Dette vil kunne bli brukt under og etter UFT av fylkeskommunen i våre publikasjonar og på nett. Om ein ikkje ønskjer å bli fotografert eller filma send ein e-post om dette til Anne Berit S. Halle på e-post absh@mrfylke.no Alt av informasjon om årets Ungdommens fylkesting kan du finne på ungweb.no. Har du spørsmål, ta kontakt med Anne Berit S. Halle på e-post absh@mrfylke.no eller ring mobil 98 41 30 03. Til slutt Vi gler oss til å møte deg i Surnadal, og er sikre på at vi kjem til å få det kjempekjekt! Med helsing Åse Kristin Ask Bakke Anne Berit Svenkerud Halle Leiar i Ungdomspanelet rådgivar administrativ seksjon Mobil 45502595 Mobil 98413003 ungdomspanelet@mrfylke.no absh@mrfylke.no www.ungweb.no Facebook: Ungdompanelet i Møre og Romsdal! Twitter: #uftmr Side3

Program: Fredag 8. november Kl. 14.00: Oppmøte og registrering Kl. 14.30: Velkommen til Surnadal ved ordførar Mons Otnes Kl. 14.45: Opning av Ungdommens fylkesting ved fylkesordførar Jon Aasen Kl. 15.00: Innleiingsforedrag ved kommunepolitikar og tidlegare leiar i UP, Ida Andrine Heggset Kl. 15.45: Kva er Ungdomspanelet (UP) og Ungdommens fylkesting (UFT)? Kl. 16.15: Oppvarming og inndeling i grupper Kl. 17.00: Konstituering og val av redaksjonskomitear Kl. 17.30: Møte/taleteknikk og open runde ved elev- og lærlingombod Monica Molvær Kl. 19.00: Val av årets ungdomskommune Kl. 20.00: Middag Kl. 21.00: Sosialt Kl. 24.00: Stille Laurdag 9. november Kl. 07.30: Vekking Kl. 08.00: Frukost Kl. 09.00: Orientering og gruppearbeid med tema kommunesammenslåing ved ass.fylkesplansjef Heidi-Iren Wedlog Olsen Kl. 12.00: Orientering om Folkehelselova ved rådgivar Sigri Spjelkavik, kulturavdelinga Kl. 13.00: Orientering om kollektivtransport og skoleskyss ved seksjonsleiar Dag Hole, samferdselsavdelinga. Kl. 14.00: Lunsj (frist for å stille til val til nytt Ungdomspanel) Kl. 15.00: Lovfesting av medverknadsorgan for ungdom ved seksjonsleiar Ingunn Bekken Sjåholm, administrasjonsavdelinga Kl. 16.00: Andre UFT saker Kl. 19.00: Pause Kl. 20.00: UFT festmiddag Kl. 21.30: Underholdning og sosialt Kl. 24.00: Stille Side4

Søndag 10. november Kl. 07.30:Vekking Kl. 08.00: Frukost Kl. 09.00: Val av nytt Ungdomspanel Kl. 10.30: Handlingsprogram UP, UFT saker Kl. 13.00: Lunsj Kl. 14.00: Vel heim! Det vil bli sett av tid til pausar etter behov. Side5

Saksnr Innhold Uoff UFT-1/13 Konstituering UFT-2/13 Val av redaksjonskomite UFT-3/13 Årsrapportar: Ungdomspanelet og elev- og lærlingombodet UFT-4/13 Årets ungdomskommune 2013 UFT-5/13 Kommunen Quo vadis? UFT-6/13 Orientering om arbeidet med å bidra til ei samfunnsutvekling som fremmar folkehelse UFT-7/13 Ungdom og kollektivtransport - Demokrati og individuelle rettar UFT-8/13 Lovfesting av medverknadsordning for ungdom - høyringssvar UFT-9/13 Framlegg til endring av vedtekter for Årets ungdomskommune UFT-10/13 Økonomiplan 2014-2017 med budsjett for 2014 UFT-11/13 Handlingsprogram for Ungdomspanelet UFT-12/13 Val av ungdomspanel 2013 RS-1/13 Møteprotokoll UFT 2012 Side6

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 23.09.2013 56874/2013 Anne Berit Svenkerud Halle Saksnr Utval Møtedato UFT-1/13 Ungdommens fylkesting 08.11.2013 Konstituering Bakgrunn Før Ungdommens fylkesting formelt kan starte å diskutere politiske saker, må vi konstituere møtet. Dette vil si at UFT må godkjenne innkallinga, sakslista og dagsorden. I tillegg må UFT velje møteleiarar som skal leie møtet på ein objektiv og rettferdig måte. Under konstitueringa må også UFT vedta kven som skal føre protokollen og vere teljekorps. Forretningsorden er eit viktig møtedokument som seier korleis møtet skal gjennomførast. a) Godkjenning av innkallinga Første invitasjon til Ungdommens fylkesting vart sendt ut til alle ungdomsråd/kommunar per brev 2. mai. 22. august vart det sendt ut saksliste, praktisk informasjon og informasjon om påmelding. 21. oktober vart alle sakspapira gjort tilgjengelege på ungweb.no og sendt per post til påmeldte representantar. Vedtektene (reglane for Ungdommens fylkesting) slår fast at: 2.11: Ungdommens fylkesting har ordinært møte ein gong i året og møtet bør arrangerast i oktober/november. Vedtektene til UFT seier også at innkallinga skal sendast ut to månader før UFT skal arrangerast. Forslag til vedtak: UFT godkjenner innkallinga til Ungdommens fylkesting 2013. b) Val av møteleiarar For å kunne gjennomføre eit godt møte er vi avhengige av gode møteleiarar. Dei skal sjå til at sakene blir rett behandla etter vedteker og forretningsorden. Møteleiarane skal passe på at alle sider av saka kjem fram i debatten, at alle blir høyrde og at alle som ønskjer å uttale seg får dette. I tillegg skal dei prøve å følgje vedtatt dagsorden. Ungdomspanelet legg fram forslag til møteleiarar under UFT-2013. Forslag til vedtak: Ungdommens fylkesting vel elev- og lærlingombod Monica Molvær, fylkestingspolitikar Hege Merethe Gagnat og tidlegare nestleiar i UP, Vetle Wang Soleim som møteleiarar. c) Val av protokollførar Side7

Side 2 Protokollførar har ansvaret for protokollen til Ungdommens fylkesting. Protokollførar skal registrere alle endringsforslag og føre alle delegater og alle vedtak korrekt inn i protokollen. Etter møtet ferdigstiller protokollførar protokollen og sender den til protokollunderskrivarane for gjennomlesing og godkjenning. Etter dette blir protokollen tilgjengelig på UNGweb.no. Eit referat gjengir møte i større eller mindre grad, heilt opp til dei som har møte. Ein protokoll gjengir berre kven som var på møte, det som vart bestemt og dei som vart vald. Ungdomspanelet foreslår konsulent Ann Torill Vaksvik som protokollførar. Forslag til vedtak: Ungdommens fylkesting vel konsulent Ann Torill Vaksvik som protokollførar. d) Val av to delgatar som skal skrive under møteprotokollen Forslag til vedtak: Ungdommens fylkesting vel (namn) til å underskrive møteprotokollen e) Val av valnemnd Det skal setjast ned ei valnemnd på UFT sett saman av avtroppande medlem(er) av Ungdomspanelet, representantar frå UFT som ikkje stiller til val, og ein person frå administrasjonen eller ein av dei politisk valde utsendingane frå fylkeskommune. UFT skal ha minst halvparten av medlemene. Forslag til vedtak: Ungdommens fylkesting vel konsulent Kari Rundmo, UP medlem Elin Anita Kvisvik og nestleiar i UP Asgeir Stavik Hustad til å sitte i valnemnda. f) Godkjenning av forretningsorden Forretningsorden er reglementet (spelereglane) for eit møte. Ved å vedta forretningsorden for Ungdommens fylkesting vil ein prøve å unngå diskusjonar om gjennomføring, votering og val under møtet. I tillegg er forretningsorden eit godt dokument for ordstyrarane å halde seg til når dei skal styre møtet. I tillegg må forretningsorden vere i samsvar med gjeldane vedtekter. Vedtektene for UFT/UP har eit punkt som regulerer møtet: 2.16: Ungdomspanelet sine medlemer har tale- og forslagsrett, men ikkje stemmerett i Ungdommens fylkesting og kan dermed ikkje vere kommunerepresentant på Ungdommens fylkesting. Med unntak av leiaren i Ungdomspanelet som har både stemme-, tale- og forslagsrett. Medlemer av Ungdomspanelet kan heller ikkje vere kommunerepresentant. Det er derfor viktig med utfyllande reglar for møtet for å avklare kven som skal tale når, korleis votere og gjennomføre møtet på ein god måte. Gjennom godkjenning av forretningsorden er alle delegatane med på å vedta spelereglane for møtet. Alle kan komme med endringsforslag under denne saken. Når ein vedtar endeleg forretningsorden med eventuelle endringar er det dette som gjeld for resten av møtet. Likevel er det viktig å understreke at Ungdommens fylkesting kan endre på forretningsorden (spelereglane) under møtet, men då må ein ha 2/3 fleirtal. Etter at forretningsorden er endra, er det med andre ord vanskeligare å endre på den. Det står ikkje noko i vedtektene til UFT at det må vere 2/3-fleirtal for å endre forretningsorden. Ungdomspanelet foreslår likevel at Side8

Side 3 UFT vedtar eit slikt kvalifisert fleirtal for å sikre trygge og stabile møtereglar. Forslag til forretningsorden vil bli nøye gjennomgått under møtet og alle moglege spørsmål vil bli svart på. Ungdomspanelet foreslår følgjande forretningsorden: Forretningsorden UFT 2013: 1. Representantane frå kommunane har tale, forslag og stemmerett. Leiaren i Ungdomspanelet har også tale, forslag og stemmerett. 2. Ungdomspanelet, koordinator for Ungdomspanelet og ordstyrarane har tale og forslagsrett. 3. Representantane kan gje andre tale- og forslagsrett i enkeltsaker. 4. Det blir valt to ordstyrarar som leiar møtet. 5. Med unntak av ordstyrarar må alle som får ordet bruke talarstolen. 6. Taletida på innlegg skal ikkje vere lengre enn fire -4- minuttar. Kvar representant kan få ordet inntil to -2- gonger i same sak, da med maksimalt fire -4- og to -2- minutt. Representantar som ber om replikk på eit innlegg må gjere det før innlegget er avslutta. Ein replikk varer maksimalt førtifem - 45- sekund. Svarreplikk varer maksimalt tretti -30- sekund. Møteleiar kan foreslå å sette strek og avgrense taletida. 7. Etter strek er satt, kan ikkje forslag trekkjast eller nytt forslag framsettast. 8. Alle forslag som relaterer seg til saker skal leverast skriftleg. 9. Protokolltilførsler kan forlangast av delegata og Ungdomspanelet. Protokolltilførsler må gjerast kjent innan saka er avslutta og må leverast skriftleg innan møtet er slutt. 10.Voteringar(stemmegiving) skjer ordinært ved at ein viser delegatskiltet sitt. Ved personval skal det gjennomførast skrifteleg votering om det er meir enn ein som stiller til val. 12.Val av nytt ungdomspanel. Valkomiteen vil kl. 09.00 søndag den 10.11 presenter sitt forslag til nytt UP. Etter dette vil det bli ein pause på 15 minutt. I løpet av denne pausen skal alle benkeforslag leggast fram. Det vil seie at delegatane kan fremme nye kandidatar enn dei valkomiteen har foreslått. Forslaget må grunngis utifrå omsyn til kjønn, geografi og eigenskaper og ein må seie kven ein ynskjer ut. Etter pausen er det ikkje mogleg å fremme nye kandidatar. 13.2/3 fleirtal kan vedta å endre eller fråvike forretningsorden under møte. Forslag til vedtak: Ungdommens fylkesting vedtar forretningsorden med eventuelle endringar. g)godkjenning av saksliste Ungdomspanelet foreslår følgjande saksliste til Ungdommens fylkesting 2013: UFT-1/13 Konstituering a) Godkjenning av innkalling Side9

Side 4 b) Val av møteleiarar c) Val av protokollførarar d) Val av protokollunderskrivarar e) Val av valnemnd f) Godkjenning av forretningsordenen g) Godkjenning av saksliste h) Val av teljekorps UFT-2/13 Val av redaksjonskomite UFT-3/13 Rapportar: a) Ungdomspanelet sin årsrapport b) Elev- og lærlingombodet sin årsrapport UFT-4/13 Årets ungdomskommune 2013 UFT-5/13 Kommunen Quo vadis? UFT-6/13 Orientering om arbeidet med å bidra til ei samfunnsutvikling som fremmar folkehelsa UFT-7/13 Ungdom og kollektivtransport - Demokrati og individuelle rettar UFT-8/13 Lovfesting av medverknadsorgan for ungdom - høyringssvar UFT-9/13 Framlegg til endring av vedtekter for Årets ungdomskommune UFT-10/13 Økonomiplan 2014-2017 med budsjett for 2014 UFT-11/13 Handlingsprogram for Ungdomspanelet UFT-12/13 Val av ungdomspanel 2013 Forslag til vedtak: Ungdommens fylkesting godkjenner sakslista. h)val av teljekorps Forslag til vedtak: Ungdommens fylkesting vel observatørane frå Sør-Trøndelag fylkeskommune og tre representantar frå UP til teljekorps. Åse Kristin Ask Bakke Leiar Ungdomspanelet Side10

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 23.09.2013 56886/2013 Anne Berit Svenkerud Halle Saksnr Utval Møtedato UFT-2/13 Ungdommens fylkesting 08.11.2013 Val av redakjsonskomite Bakgrunn I større saker der det kjem inn mange endringer og/eller tilleggsforslag til vedtak er det lurt å sette ned ein redaksjonskomité. Ein redaksjonskomité skal hjelpe Ungdommens fylkesting med å samle alle innkomne forslag til eit heilskapleg forslag som vil bli presentert for UFT, og som UFT deretter kan stemme over. Ungdomspanelet foreslår å opprette ein redaksjonskomite under årets UFT. UP ønskjer at Marcus Svenning og Marthe Emilie Hansen frå UP sitt i redaksjonskomiteen. Forslag til vedtak: Marcus Svenning og Marthe Emilie Hansen blir valt inn som medlemer i redaksjonskomiteen. I tillegg må redaksjonskomiteen få med seg to delegatar frå UFT. Åse Kristin Ask Bakke Leiar i Ungdomspanelet Side11

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 23.09.2013 56891/2013 Anne Berit Svenkerud Halle Saksnr Utval Møtedato UFT-3/13 Ungdommens fylkesting 08.11.2013 Årsrapportar: Ungdomspanelet og elev- og lærlingombodet Bakgrunn Vedtektene til UFT slår fast at: 2.3: Ungdommens fylkesting skal ha ein årsmøtefunksjon overfor Ungdomspanelet, der Ungdomspanelet rapporterer til Ungdommens fylkesting om sitt arbeid. Ungdommens fylkesting lagar ein handlingsplan for kva saker Ungdomspanelet bør arbeide med det kommande året. Det er Ungdommens fylkesting som vel representantar til Ungdomspanelet. Ungdomspanelet vil her rapportere frå det siste året. Det blir høve å stille utdjupande spørsmål til Ungdomspanelet under møte. Rapporten blir delt ut ved registrering fredag 8. november. b) Elev- og lærlingombodet sin årsrapport Det står ikkje noko i vedtektene om at elev- og lærlingombodet skal rapportere til UFT. Ungdomspanelet ønskjer likevel at dette blir gjort som ein orientering til UFT. Det blir høve til å stille utdjupande spørsmål til ombodet under møte. Rapporten blir delt ut ved registrering fredag 8. november. Forslag til vedtak: Ungdommens fylkesting tek rapportane til vitande. Åse Kristin Ask Bakke Leiar Ungdomspanelet Side12

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 23.09.2013 56911/2013 Anne Berit Svenkerud Halle Saksnr Utval Møtedato UFT-4/13 Ungdommens fylkesting 08.11.2013 Årets ungdomskommune 2013 Bakgrunn Kvart år kårar Ungdommens fylkesting årets ungdomskommune i Møre og Romsdal. 2. mai og 22. august vart det sendt ut informasjon om prisen. Frist for å nominere var 1.oktober. Til årets kåring er det nominert to kommunar, Nesset kommune og Sula kommune. Begge kommunane vil få høve til å presentere seg fredag den 8.november. Retningslinjer årets ungdomskommune i Møre og Romsdal 1. Prisen «Årets ungdomskommune i Møre og Romsdal» delast ut årleg av Ungdomspanelet i Møre og Romsdal. 2. Prisen skal gå til kommunar som har utmerka seg ved å: a. Legge til rette for medverknad for ungdom b. Skape gode møtestadar for ungdom c. Bidra til eitt allsidig fritidstilbod for ungdom, eller d. På anna vis har gjort ein særskilt innsats for ungdom i kommunen 3. Prisen delast ut innan april året etter kåringa er gjort og gjeld inneverande år. 4. Kommunar kan nominerast av alle som har tilknyting til Møre og Romsdal fylke. 5. Nomineringa skal sendast i skriftleg form til Ungdomspanelet innan den annonserte fristen. 6. Nomineringsbrevet må innehalde grunngjeving for nomineringa. 7. Ungdomspanelet pliktar å gjere prisen kjent for alle kommunane i fylket, samt annonsere prisen godt. 8. Ungdomspanelet sett kvart år frist for nominering, og planlegg informasjonsstrategi for prisen. 9. Ungdomspanelet står fritt til å velje blant innkomne nominasjonar før dei leggast fram for Ungdommens fylkesting. 10.Medlemer i Ungdomspanelet kan ikkje nominere kommunar til prisen. Heller ikkje presentere nominasjonar for Ungdommens fylkesting. 11.Mottakar av prisen er offentleg når avgjerda er tatt, men møtet er lukka under handsaminga. 12.Prisen består av eit diplom og 3000 NOK som Ungdomspanelet nyttar fritt til det/dei føremål Ungdomspanelet vedtek. 13.Ungdomspanelet atterhald seg retten til å ikkje dele ut prisen. Retningslinene vart revidert av ungdomspanelet i Møre og Romsdal i møte 21.04.09 Side13

Side 2 Forslag til vedtak: Ungdommens fylkesting utpeikar [namn] til årets ungdomskommune 2013. Åse Kristin Ask Bakke Leiar ungdomspanelet Side14

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 17.10.2013 62117/2013 Heidi Iren Wedlog Olsen Saksnr Utval Møtedato UFT-5/13 Ungdommens fylkesting 08.11.2013 Kommunen Quo vadis? Quo vadis betyr «Kor går du hen?» og i dagens politiske debatt er kommunen og kommunens framtid mykje debattert. Kor stor bør ein kommune vere? Kva oppgåver bør og kan ein kommune ha? Kor mange kommunar bør det vere i Noreg? Ingen av partia på Stortinget er imot kommunesamanslåing, med SV og Senterpartiet meiner at det må skje etter ønske frå kommunane sjølv. Dei andre partia (FrP, Høyre, KrF, venstre og Ap) meiner også at kommunesamanslåing bør vere frivillig, men samtidig opnar dei opp for at regjeringa og Stortinget skal bestemme kor mange kommunar Noreg skal bestå av. Kva meiner du? Gjennom innlegg, gruppearbeid og debatt skal UFT sette søkjelys på kva betyr kommunen for vår kvardag fordeler og ulemper med dagens kommunestruktur kva oppgåver bør ein kommune ha Som førebuing til UFT ber vi delegatane tenke igjennom og notere ned stikkord til desse punkta. Forslag til vedtak: Ungdommens fylkesting tek orienteringa til vitande Åse Kristin Ask Bakke Leiar Ungdomspanelet Side15

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 16.10.2013 61695/2013 Sigri Spjelkavik Saksnr Utval Møtedato UFT-6/13 Ungdommens fylkesting 08.11.2013 Orientering om arbeidet med å bidra til ei samfunnsutvikling som fremmar folkehelsa Folkehelselova (Lov 24. juni 2011 nr. 29 om folkehelsearbeid) Folkehelselova trådde i kraft 1.1.2012. Formålet med lova er å bidra til ei samfunnsutvikling som fremmar folkehelse, herunder jamnar ut sosiale helseforskjellar. Lova skal sikre at kommunar, fylkeskommunar og statlege helsemyndigheiter set i verk tiltak og samordnar si verksemd i folkehelsearbeidet på ein forsvarleg måte. Lova skal leggje til rette for eit langsiktig og systematisk folkehelsearbeid. Med folkehelse meinast befolkninga sin helsetilstand og korleis helsa fordeler seg i ei befolkning. Folkehelsearbeid: Samfunnet sin innsats for å påverke faktorar som direkte fremmar helse og trivsel i befolkninga, førebyggjer psykisk og somatisk sjukdom, skade eller liding, eller som beskyttar mot helsetruslar, samt arbeid for ei jamnare fordeling av faktorar som direkte eller indirekte påverkar helsa. Det viktigaste arbeidet med folkehelse skjer i lokalsamfunna der vi lever våre liv. Det er der vi legg grunnlaget for helse. Vi må tenkje breitt når vi skal arbeide med folkehelse og mange sektorar og aktørar, offentlege og private, må arbeide saman. Kommunane og fylkeskommunane skal fremme folkehelse med dei oppgåver og med dei verkemiddel dei er tillagt, herunder lokal utvikling og planlegging, forvaltning og tenesteyting. Til dømes vert det mellom anna viktig å tenke folkehelse innanfor både barnehage, skule, arealplanlegging og eldreomsorg. Kommunane og fylkeskommunane skal ha ei naudsynt oversikt over helsetilstanda i befolkninga og dei positive og negative faktorar som kan virke inn på denne. Ungdata Ungdata gjev kunnskap om lokal oppvekst, mellom anna folkehelsa i ungdomsbefolkninga og faktorar som kan verke inn på ho. Kunnskapen gjev eit godt grunnlag for kommunalt plan- og utviklingsarbeid knytt til folkehelsa og førebyggjande arbeid overfor unge. Ungdata inneheld obligatoriske, valfrie og eigenkomponerte spørsmål. Tema omfattar skole, familie, vener og fritidsaktivitetar i tillegg til spørsmål om helse, rus, kriminalitet og syn på framtida. (Kjelde: Ungdata.no) Kommunar som har gjennomført ei Ungdata-undersøking får tilsendt rapportar frå undersøkingane. Fleire kommunar i Møre og Romsdal har gjennomført Ungdata- Side16

Side 2 undersøkingar allereie. Alle kommunane vil få tilbod. Folkehelsemelding og Regional delplan for folkehelse Folkehelsemeldingen, God helse felles ansvar (Meld. St. 34 (2012-2013)) vart vedteken i Stortinget i juni 2013. Fylkeskommunen arbeider med Regional delplan for folkehelse. Den skal leggjast fram for vedtak i Fylkestinget i desember 2013. Det vil bli ei orientering om desse sakene ved rådgivar Sigri Spjelkavik frå kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune. UFT vil etter orienteringa diskutere temaet folkehelse og sette fokus på dei sakene som UFT meiner er viktige i dette arbeidet. Forslag til vedtak: Ungdommens fylkesting tek orienteringa til vitande. --- Slutt på innstilling--- Åse Kristin Ask Bakke Leiar Ungdomspanelet Side17

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 18.10.2013 62285/2013 Jorunn Sølvberg Saksnr Utval Møtedato UFT-7/13 Ungdommens fylkesting 08.11.2013 Ungdom og kollektivtransport Demokrati og individuelle rettar Årlig ruteendringsprosess Ruteendringsprosessen gjennomføres en gang årlig med ruteendring 1. mai. Mange rute har likevel andre ruteendringsdatoer, eksempelvis skoleslutt og skolestart. Vi arbeider for å få alle henvendelsene kanalisert gjennom hver enkelt kommune. Dette skyldes veldig stor saksmengde og detaljer som må ivaretas. Ved å gjøre det på den måten vil vi få en bedre oversikt og dermed mindre sjanse for feil og uteglemmelser. Forhold som kan tas opp er blant annet: Tilpasning skoleskyss og skoletider Manglende korrespondanser Forslag til økt frekvens på buss, ferje- og hurtigbåtruter Forslag til å gjøre om bussruter til bestillingsruter Forslag på å redusere tilbudet et sted for å gi mulighet til å øke tilbudet et annet sted. Det som er viktig ta med seg er at økonomien er svært begrenset i forhold til å få til økt tilbud. Trygt heim for ein 50-lapp «Trygt heim for ein 50-lapp» er eit trafikktryggingstiltak som skal bidra til å redusere tal trafikkulykker der ungdom er involvert, spesielt i helgane. Ordninga tek sikte på å gi ungdom i distrikta eit minste transporttilbod, tilnerma lik det ungdom i byane har med nattbuss og drosje. «Trygt heim for ein 50-lapp» er ikkje ein individuell transport, men må sjåast som ei bussrute. Turane skal tingast på førehand. Ordninga er finansiert av fylkeskommunen, etter lokalt innspel til ruteopplegg frå ungdomsråd i samarbeid med kommuneadministrasjon og den lokale drosjenæringa. Det er stor skilnad i bruk mellom kommunar. Det er fleire forklaringar på desse lokale variasjonane td. lokalt tilbod til ungdom, alder på målgruppe, tal på ungdom i kommunen. Behov for transport kan endre seg og det kan bli behov for endringar i rute- og avgangstider, noko som må takast opp med fylkeskommunen. Side18

Side 2 Skoleskyss Avstand mellom bustaddør og skoledør gir grunnlag for skyssretten. Ein reknar langs kortaste farande veg, og skal nytte fylkeskommunen sin netteneste ved utrekning Elevar med spesielle behov (helse) kan ha behov for tilpassingar ved skoleskyssen Retten til skoleskyss er individuell, og ein må søkje om skyss og evt endringar. Det er samferdselsavdelinga på fylkeskommunen som handterar søknader og klager, skolen formidlar søknader og bestiller skysskort. Dimensjoneringsforskriften: Frå skolestart i år skal fylkeskommunen dimensjonerer skysstilbodet slik at alle elevar med skyssrett har tilgang til sete og setebelte. Unnatak her er ved toppar, dvs dersom ein har enkeltdagar med fleire passasjerar enn vanleg. Fritt skoleval har gitt behov for eit godt fungerande rutesystem som gir vidaregåande elevar i fylket stor fleksibilitet med omsyn til reise. Døme: elevar frå store områder på Sunnmøre kan velge å reise til 8 ulike vidaregåande skolar dagleg. Dette krev avansert ruteplanlegging. Elevar vender seg ofte til fylkeskommunen med tilbakemeldingar og spørsmål kring skoleskyssen. Dette set vi stor pris på, vi får ofte tips til ting vi kan korrigere på. Det er ikkje alltid vi kan etterkome eleven sine ønsker, hugs den individuelle klageretten. Bruk setebelte, og ønsk medreisande velkomen til å setje seg på setet ved sidan av deg! Det vil bli ei orientering om temaet ved seksjonsleiar Dag Hole frå samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune. UFT vil etter orienteringa diskutere temaet ungdom og kollektivtrafikk for så å sette fokus på dei sakene som UFT meiner er viktige. Forslag til vedtak: Ungdommens fylkesting tek orienteringa til vitande. Åse Kristin Ask Bakke Leiar Ungdomspanelet Side19

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 03.10.2013 59291/2013 Ingunn Bekken Sjåholm Saksnr Utval Møtedato UFT-8/13 Ungdommens fylkesting 08.11.2013 Fylkesutvalet 25.11.2013 Lovfesting av medverknadsordning for ungdom - høyringssvar Bakgrunn Kommunal- og regionaldepartementet har i samarbeid med Arbeidsdepartementet og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet sendt på høyring forslag om lovfesting av medverknadsorgan for ungdom i kommunar og fylkeskommunar. Grunngjevinga for forslaget blir omtalt slik på side 2 i høyringsnotatet: Regjeringen mener at det er viktig at forskjellige aldersgrupper er representert i kommunale råd og utvalg. Både eldre og personer med nedsatt funksjonsevne har i dag lovfestede medvirkningsordninger. Ungdom bør ha det samme. Regjeringen ønsker derfor å lovfeste en medvirkningsordning for ungdom i alle kommuner og fylkeskommuner. Etter regjeringens oppfatning vil en formalisering av ungdommens rett til å si sin mening og bli hørt, gi et viktig signal til alle landets kommuner og fylkeskommuner om at ungdom skal ha reell innflytelse i politiske prosesser som angår deres hverdag der de bor. Medvirkningsordninger for ungdom vil være en god skole i demokrati og gi ungdommen mulighet og troen på at det nytter å delta i politiske prosesser. Det sender et feil signal til ungdommen at eldre, som både har stemmerett og er valgbare til kommunestyrer og fylkesting, har rett til å bli hørt, mens unge uten stemmerett ikke skal gis den samme retten til en formalisert medvirkning. Det blir i høyringsnotatet vist til NOU 2011:20 Ungdom, makt og medvirkning, der langt dei fleste høyringsinstansane tilrådde at medverknadsorgan for ungdom blir lovfesta. Departementa koplar arbeidet med å lovfeste ei medverknadsordning for ungdom til eit større lovprosjekt der dette blir sett i samanheng med dei eksisterande lovpålagte medverknadsordningane med eldreråd og råd for personer med nedsett funksjonsevne. Det er eit mål å samle dette i ei felles lov som skal forvaltast av eitt departement. I høyringsnotatet blir det bedt om tilbakemelding på følgjande problemstillingar: Skal ungdomsråda og liknande organ ha avgjerdsmynde, forslags- og/eller innstillingsrett? Skal ungdom, som ikkje er direktevalt i ordinære val, får like sterke rettar som ordinært valte representantar? Side20