Årsmelding for Dale Mannskor i år 2007

Like dokumenter
Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER. Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Kap 1 Innleiande fastsettingar

Årsmelding for Dale Mannskor 2011

Vedtekter (Gjeldande frå årsmøte )

5 Overdragelse av andeler Det er ikkje høve til å overdra andeler til andre utan at styret for andellaget samtykkjer. Adresse: Styret 2009:

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

Vedtekter for Lærdal båteigarlag

Landslaget for lokal- og privatarkiv (LLP)

(Leikarringen vart skipa 14. november Lov og styringsføresegner sist endra )

VEDTEKTER FOR FOLKEHØGSKOLEFORBUNDET

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

Landsmøte 2016 Sak 9.4 forslag til vedtektsendring som følge av navne-endring

Konstituering. Vedlegg: Forslag til saksliste Forslag til tidsplan Forslag til forretningsorden. Godkjenning av innkalling

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BØMLO BÅTLAG

for NORDTVEIT VASSVERK SA

Vedtekter for Revisjon

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

VEDTEKTER FOR LYE SKULEKORPS

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

VEDTEKTER ETNE ELEKTRISITETSLAG AS

Sak 1 Konstituering. Godkjenning av innkalling. Godkjenning av sakliste

Vedtekter Sagvåg skulekorps.

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

Sak 1 Konstituering. Vedlegg: Forslag til saksliste Forslag til tidsplan Forslag til forretningsorden. Godkjenning av innkalling

Innkalling og sakspapir er dermed sendt ut innanfor dei fastsette fristane.

LOV FOR BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO. (Skipa 15. oktober 1899) (Lova sist endra 18. mars 2015)

Selskapsavtale for Setesdalsmuseet Eigedom IKS 1 Selskapet sitt namn

VEDTEKTER FOR HARDANGERAKADEMIET FOR FRED, UTVIKLING OG MILJØ

Interesselaget for farga spælsau

B I L E T K U N S T N A R A N E I M Ø R E OG R O M S D A L org.nr

VEDTEKTER for Aurland Sparebank

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BSI PADLING

Vedtekter for Sognefrukt SA

Dato: 24. januar 2012 Kl.: Stad: Fylkeshuset Bergen Møterom Nordhordland 4. et. Saknr.: 1/12-5/12

NVBF REGION SOGN OG FJORDANE 38. ORDINÆRE TING 2014 TINGSAKER. STED: Idrettens hus Concordbygget. TID: Onsdag 22. april 2014 kl.

Lover for Arne Musikforening

VEDTEKTER FOR. SANDE NORD STORVALD (ajourført )

Vedtekter for Fusa Kraftlag

Sparebankens eigardelskapital er på kr fordelt på eigenkapitalbevis pålydande kr 104 fullt innbetalt.

Sakspapira blir etter dette sendt direkte til dei påmeldte utsendingane etter påmeldingsfristen er ute, 14. mars.

VEDTEKTER for Lusetermorkje beitelag

Foretaket er eit samvirkeforetak og foretaket sitt namn er Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag SA.

Vedtekter for Sognefrukt BA

Referat frå Årsmøte i Flåm Musikklag Laurdag på Holo Gardstun

VEDTEKTER FOR VIKEDAL BYGDAHUS SA, VINDAFJORD KOMMUNE

Generalforsamling i Voss Veksel- og Landmandsbank ASA

Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Ørsta/Volda Pistolklubb fredag 26. februar kl på skytebana i Ørsta Kulturhus.

Det vert med dette kalla inn til generalforsamling i Sogn og Fjordane Energi AS

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

Styremøte Øvre Guddal Storvald

VEDTEKTER FOR TYSNES KRAFTLAG SA

VEDTEKTER FOR TYSNES KRAFTLAG SA

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Tid : Mars 2013 (kurs og lagsmøte laurdag, og kretsting søndag)

Sak 8 Endringar i mønsterlovene for lokallag og fylkeslag

Vedtekter for Vestland SV

VEDTEKTER Norges Korforbunds DISTRIKTSLEDD

Innkallinga vart samrøystes godkjent. Det vart registrert 24 røysteføre medlemmar blant dei 27 frammøtte.

VEDTEKTER FOR SKJØRSAND OG FUSA VASSVERK SA

ÅRSMØTE RauaLøo Søndag 22. mars 2015, kl Bjarne Øymyr

VEDTEKTER. 30. mars ;.. ` '~ ` , ~~ : ~ ~ ~ 7. M. - f~- '~~. ~f N- ' ~~~.r r - ~ '' ~ _~ j ~~ ~~~~~.~.. - ~~ r 7A / ht~ ` ~~ +-

FOR VEDTEKTER. Vik SPAREBANK. Kap. 1. Føretaksnamn. Forretningskontor. Formål Formål. 1-1 Namn. Kontorkommune.

VEDTEKTER FOR TELEMARK KULTURNETTVERK

Vedtekter for studentidrettslaget Studentspretten

Velkommen til årsmøte for KORSSUND DYKKEKLUBB. Dale, 09. februar 2013

Styret i Mental Helse Os kallar inn til årsmøte og deretter hyggetreff tysdag 4. mars kl.18.00, Allaktivitetshuset, 3 etg.

Retningsliner for kulturmidlar i Radøy kommune

VEDTEKTER FOR Vekselbanken. Voss Veksel- og Landmandsbank ASA

Medlemsmøte 13. januar 2011 kl Paulus sykehjem

Ved tildeling av båtplass skal andelseigar med Ørsta Kommune som bustadkommune ha fortrinn fram for utanbygdsbuande.

FJELLMUSEETS VENNER INNKALLING TIL ÅRSMØTE I FJELLMUSEETS VENNER 14. JUNI 2014 KL 1100 I NORSK FJELLMUSEUM, LOM

VEDTEKTER FOR RYSSHOLMEN BÅTEIGARLAG

ÅRSMØTE I OSTERØY IDROTTSLAG Protokoll frå årsmøte

VEDTEKTER FOR FINNÅS KRAFTLAG SA

VEDTEKTER 1 FOREININGA SITT NAMN OG FORMÅL. Namn. 1.1 Foreininga sitt namn er: Suløen Båtforening. Formål

LOVER FOR LIONS CLUB SOGNDAL

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo

VEDTEKTER FOR VESTLAND ARBEIDARPARTI

Hordaland Venstre har som føremål å arbeide aktivt for Venstre si sak i fylket, i samsvar med hovudvedtektene og programmet til Venstre.

Vedtekter Norske Landbrukstenester Hordaland SA

ÅRSMØTE I V.I.L. Tid: kl kl Stad: Klubbhuset på Omenås

Innkalling. til. Ordinært Årsmøte SKÅNEVIK ØLEN KRAFTLAG. Torsdag 25. april 2013 KL. 1900, SØK sitt kontor i Ølen.

Styremøte Øvre Guddal Storvald

Årsmøte i Stokkenes Golfpark BA,

4 Medlemmene som måtte få kjennskap til ulovlig jakt eller fiske har plikt til å melde frå om dette til foreininga sitt styre.

VEDTEKT av februar 2007

Sogn og Fjordane Energi AS-innkalling til generalforsamling

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune

Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Ørsta/Volda Pistolklubb fredag 25. februar kl på skytebana i Ørsta Kulturhus.

Selskapsavtale for Setesdal Miljø og Gjenvinning IKS Versjon

LOVER FOR LEIKARRINGEN I BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO

LOV OG FØRESEGNER. for. Bondeungdomslaget i Kristiansand. Vedteke på omframt årsmøte 18.oktober Oppdatert etter årsmøtet 8. februar 2012.

EKSTRAORDINÆRT IDRETTSKRINSTING Protokoll. Ekstraordinært Idrettskrinsting

REGLEMENT FOR Utval for Levekår

STYRINGSFØRESEGN FOR BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO. (Vedteken , sist endra )

Protokoll frå Årsmøte i Seniornett Førde 20.februar 2015 Møtestad: Brunosten

Transkript:

Årsmelding for Dale Mannskor i 2007 1931 76 år 2007 1

Sakliste: Årsmelding for 2007 DALE MANNSKOR DALE MANNSKOR AVHELD ÅRSMØTE FOR 2007 I DALEKJELLAREN ONSDAG 13. FEBRUAR KL. 18.00 1. Opning av formann. 2. Val av møteleiar og skrivar. 3. Årsmelding 2007 v/sekretær. 4. Rekneskap 2007 v/kasserar. 5. Framlegg av saker til årsmøtet. Lover for Dale Mannskor? Utanlandstur i 2009? The un Real Group? Vårslepp i Dalegatå? Innspeling av jule-cd? Påskjønning? Handlingsmåtar i høve gravferd Pause: Kaffi med noko attåt. 6. Aktuelle hendingar i 2008 7. Val. 2

ÅRSMELDING FOR DALE MANNSKOR 2007 FORMANN NESTFORMANN SEKRETÆ R KASSERAR STYREMEDLEM Meldingsåret går frå 21.02.07 til 13.02.08 Styret har vore samansett slik: Formann: Ole Johnny Domben Nestformann: Ove Gunnar Dyvik Sekretær : Einar Amundsen Kasserar: John Birkeland Styremedlem: Birger Kvamme 1.varamann: Arne Jon Bøthun 2.varamann: Oscar Amundsen 3

I meldingsåret har det vore halde 4 styremøte. I tillegg har styret hatt fleire møte i etterkant av øvingane. Ein del saker har vorte drøfta og avgjort via telefon. Det er registrert frammøte for 44 øvingar og arrangement. Det er ikkje teke omsyn til sjukdomsforfall og permisjonar: FRAMMØTE DALE MANNSKOR 2007 PERIODEN 21.02.07-13.02.08 2007 Det er registrert totalt 44 frammøte i denne perioden Det er pr 14.02.07 registrert 41 songarar, og pr 13.02.08 registrert 36 songarar Egil Ekanger 1.tenor 36 82 % Øvind Vatle 1.tenor 17 39 % Dagfinn Roe 1.tenor 31 70 % Ove Gunnar Dyvik 1.tenor 22 50 % Erling Rolland 1.tenor 34 77 % Kjetil Vatle 1.tenor 42 95 % Sveinung Hesjedal 1.tenor 18 41 % Øyvind Solberg 1.tenor 37 84 % Øivind Thorkilsen 1.tenor 3 75 % Snitt 1 tenor 10 i fjor 67% 9 67 % John Birkeland 2.tenor 39 89 % Morten Bjerke 2.tenor 39 89 % Arne Bøthun 2.tenor 39 89 % Ole Johnny Domben 2.tenor 43 98 % Simon Hvidsten 2.tenor 41 93 % Ole Johan Pettersen 2.tenor 19 66 % Arnljot Møster 2.tenor 35 80 % Snitt 2.tenor 9 i fjor 75% 7 83 % Sigmund Lid 1.bass 39 89 % Oddvar Faugstad 1.bass 28 64 % Thorvald Kvamme 1.bass 32 73 % Arne Sellevold 1.bass 30 68 % Johannes Nyheim 1.bass 40 91 % Oskar Danielsen 1.bass 38 86 % Nils Kallestad 1.bass 18 41 % Rolf Davidsen 1.bass 36 82 % Birger Kvamme 1.bass 30 68 % Arnold Takvam 1.bass 20 45 % Arve Rødland 1.bass 16 36 % Holger Sellevold 1.bass 15 89 % Snitt 1.bass 11 i fjor 69% 12 67 % 4

Randolf Rønhovde 2.bass 34 77 % Per Kvamme 2.bass 37 84 % Einar Amundsen 2.bass 36 82 % Nils Johnsen 2.bass 37 84 % Oskar Amundsen 2.bass 40 91 % Åsmund Boge 2.bass 40 91 % Roald Utskott 2.bass 15 34 % Nils Dalseide 2.bass 38 86 % Snitt 2.bass 9 i fjor 79% 8 82 % Lars Ragnvaldsen 43 98 % Styret har registrert at frammøte for koret har vore omlag det same i 2007 som 2006. Framleis er det 2.tenor og 2.bass som har høgast frammøteprosent Følgjande songarar har ein frammøteprosent på 90 og over: Ole Johnny Domben, Kjetil Vatle, Simon Hvidtsten, Johannes Nyheim, Oscar Amundsen og Åsmund Boge. Ole Johnny Domben og Lars Ragnvaldsen topper frammøtelisten med 98 % (Eit fråvere) Det er registrert 36 songarar i statistikken for 2007, mot 43 i 2006. Medlemstalet pr dato er 36. Repertoar 2007: Vår Sommar Haust Jul Det er Norden, der løfte sin Pande Sumarkveld ved fjorden Norges Fjeld Herre gud, du er og bliver In Nomine Jesu Jerusalem av Mendelssohn Mottett I Will Praise Thee, o Lord Jag har Hørt om en stad Bøn, kjærlek och tro Let There be Music Kom sommarvijnn Beautiful Dreamer Blå Salme 5

Den store hvide flok Bådn låt Røtnams Knut Landkjenning Sangerhilsen Min Dejligste Tanke Ave Maris Stella You raise me up No reiser Kvelden seg Seigneur Bachus til ære Å, vestland, vestland Norge, mitt Norge Solbarn, jordbarn Mary`boy child Det kimer nu til julefest Long time ago What shall we do with the drunken sailor Sacramento Paddy Lay Back Må Gud velsigne dere Kom til den hvitmalte kirke Året generelt Året 2007, er det 76. i Dale Mannskor sin historie, året har vore prega av aktivitet, engasjement og mangfald, der koret har markert seg lokalt, men også utenfor kommunen. Fremmøte har vore godt, og songarane har synt vilje og evne til å løysa oppgåvene koret påtar seg. I vårhalvåret var deltaking ved songarstemne i Skien, frå fredag 25. mai til måndag 28. mai, det som krov mest av koret og einskildmedlemer. Dirigent Lars Ragnvaldsen mottok kongens fortjenestemedalje i sølv den 14. februar 2007. Han takka kongen for medaljen med å fremføre: Olafs Bøn frå Landkjenning av Edvard Grieg. 6

Vårsesongen blei avslutta med tur til Bergen 15. juni med sosialt samvær. Koret underheld på Torvallmenningen i anledning Edvard Grieg sin gebursdag. Hausten var planlagt som ein roleg øvingsperiode utan for mange opptredenar og med særleg vekt på fornying av julerepertoaret. Som vanleg vart det denne gongen også litt meir aktivitet enn føresett, ikkje minst mot slutten av året med fleire fine konsertar i kyrkjene våre. Dale Mannskor sang jula inn i Bergsdalen Kyrkje, Stamnes Kyrkje, Dale Kyrkje og Vaksdal Kyrkje. I haust hadde Dale Mannskor også fokus på rekruttering av nye songarar. Det blei sendt ut over 200 brev til potensielle personar, med invitasjon om å bli medlem i koret. Dessverre blei resultatet magert med kun eit nytt medlem. Koret må arbeide vidare med spørsmåla om fremtidig utvikling av koret og korleis rekrutering av nye medlemer skal gjennomførast. Rekrutering av nye medlemer blir den store oppgåva for koret fremetter. Styret vil takka alle medlemene for innsatsen under øvingar og arrangement i 2007. Takk til dei som har ytt ekstra med tanke på dugnadsinnsats og styreverv. Utan å gjera andre urett vil vi takka Arne Bøtun som held ut med oss andre og framleis organiserer og utfører eit stor dugnadsarbeide. Også ein ekstra takk til Ole Johnny Domben og Ove Gunnar Dyvik som har påtatt seg flaggheising for BKK på vegne av Dale Mannskor. Styret vil også gratulera og takka Egil Ekanger og John Birkeland for 50 år`smedlemskap i Dale Mannskor. Vi vil også retta ei særskil takk til dirigenten vår Lars Ragnvaldsen, for inspirerande og engasjerande arbeid for koret. Vaksdal, 13. februar 2008 Einar Amundsen sekretær 7

Aktivitetar i meldingsåret har vore: Gebursdag Sundag 25. februar: Feiring av Øivind Vatle sin 95 års-dag i Dale bedehus. Dale kraftstasjon Torsdag 26. april: Dale Mannskor syng under stenging/opning av gamle/nye turbinar i Dale kraftstasjon. Nasjonaldag Torsdag 17. mai: Tradisjonell deltakelse på Stanghelle. Songarstemne Fredag 25. mai til måndag 28. mai: Dale Mannskor deltek på songarstemne i Skien. 8

Daledagane Laurdag 9. juni: Arrangement i lag med Bergsdalstunet i den gamle kraftstasjonen på Dale. Daledagane Laurdag 9. juni: Dale Mannskor har stand, med sal av jubileumsbok. Tur til Bergen Fredag 15. juni: Sosialt samver, med tur til Bergen. Seminar Laurdag 20. oktober: Dale Mannskor held allsongseminar i Dalekjellaren. Fest Laurdag 20. oktober: Dale Mannskor held allsongfest i Dalekjellaren. 9

Haustkonsert/fest Laurdag 3. november: Dale Mannskor deltek på haustkonsert i Stanghelle Samfunnshus. Arr, Kordial. Musikalsk ansvarleg: Lars Ragnvaldsen Julefest Onsdag 5. desember: Dale Mannskor deltek på tradisjonelt vis på pensjonistane sin julefest i Dale bedehus. Julekonsert Fredag 7. desenber: Dale Mannskor syng jula inn i Bergsdalen kyrkje. Julebord Fredag 7. desember: Dale Mannskor feirer jul med god mat og drikke på Bergsdalstunet. 10

Julekonsert Onsdag 12. desember: Dale Mannskor syng jula inn i Stamnes kyrkje. Julekonsert Laurdag 15. desember: Dale Mannskor syng jula inn i Dale kyrkje. Julekonsert Onsdag 19. desember: Dale Mannskor syng jula inn i Vaksdal kyrkje. Edvard Grieg Tysdag 29. januar: Dale Mannskor underheld med song under arrangement i Dale forsamlingshus i lag med programsjefen for festspela i Bergen, Erling Dahl jr. 11

DALE MANNSKOR REKNESKAP 2007 RESULTATREKNESKAP 2007 2006 INNTEKTER Song, konsertar m.m. 81 695.00 149 454.50 Andre aktivitetar 55 513.50 187 066.00 Kontingent 18 600.00 21 000.00 Tilskot 7 974.00 9 552.00 Helsinger 1 800.00 2 000.00 Tur til Polen 0.00 372 134.00 Songarstemnet 0.00 516 485.70 Jubileumsbok 1 200.00 17.800.00 166 782.50 1276 493.20 KOSTNADER Song, konsertar m.m. 120 259.75 181 663.20 Andre aktivitetar 40 226.53 143 659.30 Øvingar m.m. 53 000.00 71.050.00 Materiell 7 595.50 6 021.48 Kontingent 9 500.00 10 630.00 Gåver, helsingar 7 344.48 20 128.50 Administrasjon 19 353.60 17 568.00 Tur til Polen 0.00 422 630.00 Songarstemnet 0.00 318 754.87 Jubileumsbok 63.00 59 702.00 Sum 257 342.86 1251 807.35 DRIFTSRESULTAT -90 560.36 24 685.85 RENTEINNTEKTER 2 240.00 1 356.00 KAPITALINNTEKT STØTTEF. KAPITALINNTEKT ANDRE RESULTAT TIL KAPITALKONTO -88 320.36 96 542.85 BALANSE EIENDELER Kasse 2 516.20 1 908.40 Bank 3500 51 10317 139 334.26 227 262.62 Sum 141 850.66 229 171.02 Gjeld 0.00 0.00 Stanghelle 31.12.07 20.01.08 John Birkeland, kasserar revisorer Simon Hvidsten/Sigmund Lid, Rekneskap drift 12

DALE MANNSKOR SALGET REKNESKAP 2007 RESULTATREKNESKAP 2006 2007 INNTEKTER 13 966.00 1 857.00 KOSTNADER Varekjøp 4 012.50 0.00 Frakt 3 820.00 1 990.00 Administrasjon 15.00 0.00 7 847.50 1 990.00 OVERSKOT 6.118.50-133.00 RENTEINNTEKTER 261.00 686.00 TIL KAPITALKONTO 6 379.50 553.00 BALANSE EIENDELER Kasse 384.70 1 394.70 Bank 3500 51 24237 50 856.49 50 399.49 Sum 51 241.19 51 794.19 Gjeld 0.00 0.00 Stanghelle 31.12.07 21.01.08 John Birkeland, kasserar Simon Hvidsten/Sigmund Lid, revisorer DM Årsrekneskap salg. 13

NOTER TIL REKNESKAP FOR 2007 Eg har laga eit oversyn over ein del spesielle aktivitetar som også inngår i dei hovudsummar som går fram av rekneskapen. Lotteriet på øvingane Dette har gjeve ei nettoinntekt på kr. 5.455.50.- Pallespikringa Totalt har me dette året hatt ei inntekt på kr. 33.864.50.- Songarfestival i Skien Deltakinga i Skien kosta koret kr. 51.670.00.-. I dette ligg det direkte tilskot til kvar deltakar på kr. 1.000.00.-. Kvar deltakar med overnatting i enkeltrom betalte sjølv i alt kr. 2.405.00. I dobbeltrom vart det betalt kr. 1.715.00. Sosiale samvær Når koret kjem saman til hyggelege stunder utanom øvingane, er det sjeldan full dekning av kostnadene med eigenbetaling. Døme på dette er julebordet, rekrutteringsforsøket og lignende. Slike arrangement har kosta koret netto kr. 23.827.00.-. Oppdrag for BKK Koret har motteke kr. 12.000.00.- for flaggheising dette året. Elles kr. 5.000.00.- for anna arrangement. Julekonsertane Julekonsertane gav ei netto inntekt på kr. 12.448.75.-. Reise til festival i Molde 2008 I rekneskapen for 2007 er det bokført kr. 8.756.00.- som forskot på flyturen til Molde. Dersom koret mot alle odds- avlyser turen vil denne summen ikkje verta refundert. Stanghelle, 23.01.08 John Birkeland Noter 2007 14

5. Framlegg av saker til årsmøtet: 5. 1 Lover for Dale Mannskor LOVER FOR DALE MANNSKOR Stifta 3. Juni 1931 Vedtekne på ordinært årsmøte 12. Februar 1932 med endringar 5. desember 1934 (1), 18. desember 1935 (2) og 3. februar 1982 (3). 250. 5.82. Voss Prenteverk A/S,Voss 1 Namnet til koret er Dale Mannskor. Stifta 3. Juni 1931. 2 Føremålet til koret er å fremja songinteressa på staden. 3 Koret er frilyndt og upolitisk. 4 1) Medlemskap i koret er ope for alle med føresetnad for song. Medlemer må godkjennast av dirigent og styre. 15

5 3) Røysterett har alle medlemer og dirigenten i koret. 6 3) Styret for koret er samansett av formann, nestformann, sekretær, kasserar og styremedlem, alle valde av årsmøtet. Årsmøtet vel dessutan to varamedlemer til styret. 7 Formannen kallar inn til møte og øvingar. Han leier møta og ser til at koret sine lover vert haldne. Nestformannen tek formannen sin plass ved forfall. Sekretæren har å føra koret sin protokoll og korrespodanse. Dessutan skal han ta vare på koret sine eigneluter og føra protokoll over desse. Utan løyve frå koret kan han ikkje låna ut nokon av koret sine eigneluter. Kasseraren har å føra rekneskapen til koret og ta hand om alle inn- og utbetalingar. Revidert rekne-skap vert å leggja fram for årsmøtet. 8 3) Årsmøtet vel to revisorar som pliktar å gå gjennom rekneskapen før kvart ordinære årsmøte. Dei kan når som helst forlanga kassabøkene og vedlegg utlevert til revisjon. Årsmøtet vel og ein varamedlem til revisorane. 9 3) Årsmøtet vert halde innan utgangen av februar og vert samankalla med 14 dagar varsel. Årsmøtet er vedtaksført når minst halvparten av medlemene er til stade. Imotsatt fall vert nytt årsmøte kunngjort som då kan gjera vedtak utan omsyn til talet på frammøte. Omframt årsmøte kan haldast når styret eller ein tredjedel av medlemene krev det. 10 Alle vedtak krev simpelt fleirtal. Ved like tal i røyster vert det vedteke som formannen røystar for. 11 3) 16

Dirigenten i koret skal ha fast løn. 12 Kvar medlem har plikt å møta i rett tid til alle møte, øvingar, assistansar, engasjement og arrangement, og å retta seg etter dei avgjerder dirigenten tek. Dersom ein medlem ikkje kan møta, skal han melda frå om dette i tide til formannen eller sekretæren. Medlemer som gong etter gong er fråverande utan grunn, eller regelfast kjem for seint til øvingane, kan ekskluderast av koret. 13 Medlemer som vert ekskludert eller går ut av koret av eigen grunn, kan ikkje gjera krav på nokon av koret sine eigneluter. 14 Det vert sett strenge krav til edruskap hos medlemene på møte, øvingar, assistansar, engasjement og arrangement. Brot på dette kan føra til bortvising, og ved oppatt-tak til eksklusjon frå koret. 15 Koret kan ikkje oppløysast så lenge det omfattar seks aktive medlemer. I fall oppløysing vert det å velja tre mann som kan ta vare på koret sine eigenluter, til koret sitt arbeid vert teke opp att. 16 3) Paragrafane 3, 12, 14 og 15 kan ikkje endrast. 17 Kvar medlem skal få eit eksemplar av lovene og pliktar å gjera seg kjend med dei. 18 2) Ingen av medlemene i koret kan nekta val utan gyldig grunn. 17

Statuttar for heidersteikn i Dale Mannskor 1 Alle medlemene skal ha koret sitt jakkemerke med nål. Når koret nyttar uniform, skal merket berast på venstre jakkeslag. Merket er gratis. 2 Koret sitt diplom vert tildelt etter 15 femten års aktivt medlemskap. Medlemskapen treng ikkje vera samanhengande. Diplomet skal underteiknast av formannen og 2 av medlemene i ordensrådet. 3 Koret si 25-års medalje m/diplom vert tildelt etter 25 tjuefem års aktivt medlemskap. Medlemskapen treng ikkje vera samanhangande, men må tilsaman utgjera minst 25 år. 4 Koret sitt heidersteikn kan tildelast medlemer som har ytt særskild stor innsats for koret. Lang medlemskap er grunnleggjande, men langvarig aktivt arbeid for koret er utslagsgjevande. 5 Koret si 50-årsmedalje vert tildelt etter 50 femti års aktivt medlemskap, Medlemskapen treng ikkje vera samanhengande, men må til saman utgjera minst 50 år. 6 Æresmedlemskap er koret si høgste utmerking. Medlemer som i lengre tid har utført eit særs verdifullt arbeid for koret, kan utnemnast til æresmedlemer. Som regel skal vedkomande ha oppnådd koret sitt heiders- 18

teikn før han kan verta æresmedlem. Æresmedlemskap er livsvarig. 7 Eit ordensråd på 5 medlemar fattar alle vedtak om tildeling av heidersteikn. Sekretæren er alltid medlem i rådet. Medlemene i Ordensrådet skal veljast på årsmøtet for 3 år med høve til attval. Utanom sekreæren kan berre 2 medlemer stå på val om gongen. Tre av medlemene skal ha minst 20 års medlemskap. ordensrådet fører protokoll på møta sine og namneliste over alle som vert tildelt heidersteikn i ei eller anna form. Ordensrådet har og som oppgåva å følgja med i moglege heidersteikn frå N.K.H., N.K. og andre. 8 Tildeling av heidersteikn bør skje ved festlege høve. 5. 2 Utanlandstur i 2009 Italia/Roma 5. 3 The un Real Group Tilbakeføring av gruppa som ei undergruppe i Dale Mannskor Eige budsjett 5. 4 Vårslepp i Dalegatå Eit samarbeids prosjekt i lag med Odd Reigstad og Verpelstad Gård 5. 5 Innspeling av jule-cd November månad 2008 i Dale kyrkje 5. 6 Påskjønning 5. 7 19

Handlingsmåtar i høve gravferd DALE MANNSKOR 2008 Handlingsmåtar i høve gravferd til medlemer 1. MEDLEMER: Krans-pålegging Koret deltek med song 2. TIDLEGARE MEDLEMER: a) Medlemer som er slutta p.g.a. høg alder/sviktande helse Bårebukett Koret deltek med song b) som har meldt seg ut av koret Bårebukett 3. ÆRESMEDLEM: Krans-pålegging Koret deltek med song Når koret deltek i gravferd som nemnt ovanfor, skal fana m/sørgjeflor vera på plass i kyrkja. Koret stiller som æresvakt utanfor kyrkja i samband med utgang etter seremonien. Styret har elles fullmakt til å utøva turvande skjøn ved praktisering av punkta som er nemnt ovanfor. 20

Planlagte hendingar/aktivitetar for 2008 Laurdag 19.april: Innvitasjon frå Postkoret i Bergen. Sundag 6. april: Markering av Vaksdal kyrkje 75 år. Laurdag 26. april: Vårslepp i gatå. Samarbeidprosjekt i lag med Verpelstad gård?? Tysdag 1. mai: Deltaking under Gudsteneste på Dale. Torsdag 17. mai: Tradisjonell deltaking på Dale. Torsdag 29. mai til sundag 1. juni: Landssongarstemne i Molde. Torsdag 5. juni til laurdag 7. juni: Daledagane. Onsdag 11. juni til fredag 13. juni: Mannskorfestival i Bergen. Sundag 15. juni: Frå primlefsa til korv i Bergsdalsfjella Sundag 7. september: Frå primlefsa til korv i Bergsdalsfjella Laurdag 20. September: Vilt og vakkert på Verpelstad gård?? Fokus på jul, og innspeling av jule-cd heile hausten. Desember: Ein stor julekonsert i Dale kyrkje, med Marianne Juvik Sæbø/andre. Desember: Julebord. Styret 13.02.08 21

Framlegg til styre og nemnder i Dale Mannskor for 2008 Styre 2008: Formann: Ole Johnny Domben Nestformann: Ove Gunnar Dyvik Sekretær: Einar Amundsen Kasserar: John Birkeland Styremedlem: Birger Kvamme 1. Varamedlem: Arne Jon Bøthun 2. Varamedlem: Oscar Amundsen Materialforvaltar: Ove Gunnar Dyvik Erling Rolland Musikkutval: Lars Ragnvaldsen Nils Johnsen Oscar Amundsen Fanenemnd: Thorvald Kvamme Roald Utskott Åsmund Boge Vaksdal Musikkråd: Nils Johnsen Arve Rødland Pr-mann: Arnljot Møster Arrangementskomite: Åsmund Boge Oddvar Faugstad Nils Dalseide Thorvald Kvamme Ole Johan Pettersen Rolf Davidsen Holger Sellevold Turnemnd: Oscar Amundsen Rolf Davidsen Arnold Takvam Nils Dalseide 22

Ordensråd: Einar Amundsen Egil Ekanger Morten Bjerke Dagfinn Roe Øyvind Solberg Revisorar: Simon Hvidsten Sigmund Lid Valnemnd: Kjetil Vatle Nils Johnsen Vara: Øivind Thorkildsen 23