Reglar for tilskotsordningar for frivillige lag i Os Vedtekne i Os kommunestyre 22. februar 2011
Reglar for tilskotsordningar for frivillige lag i Os Vedtekne i Os kommunestyre 22. februar 2011 Mål o Barn og unge opp til 25 år skal prioriterast ved fordeling av kulturmidlane o Kulturmidlane frå Os kommune skal stimulera til aktivitet innan kulturområdet Generell informasjon om tilskotsordningane o Idrettsrådet, valde representantar frå kunstnarleg utfalding, born og unge og ålment kulturarbeid handsamar søknadene frå laga, og innstiller til kultursjefen, som gjer vedtak om tilskot/avslag o Kommersielle tiltak, og lag og institusjonar som har til oppgåve å ta seg av medlemma sine yrkes- eller økonomiske interesser, kan ikkje få tilskot o Årsmelding, rekneskap og plan for neste års drift må leggjast ved o Etter at søknaden er handsama, får søkjaren skriftleg melding om vedtaket. Mogleg avslag skal grunngjevast o Kultureininga har rett og plikt til å føra stikkprøvar med at midlane vert brukte rett. Etaten har difor tilgjenge til dei tilskipingane det vert gjeve støtte til o Lag som får tilskot frå Os kommune skal syta for at alle arrangement dei har for born og unge under 18 år skal vera rusfrie o Alle undergrupper i eit lag skal fremja søknaden sin gjennom hovudstyret i laget sitt o For seint innkomne søknader kan ein ikkje rekna med vil verta handsama o Klagerett. Vedtaket kan påklagast. Skriftleg klage skal sendast til Os kommune, kultureininga postboks 84, 5202 Os, som vurderer saka på nytt. Dersom ein ikkje får medhald eller klage vert avvist, vert saka send vidare til klagenemnda for endelig avgjerd. Jfr. 28-36 i forvaltningslova. o Tenesteutvalet får fullmakt til å gjera mindre justeringar i reglane
Oversyn over tilskotsordningar og søknadsfristar Driftstilskot frå kulturmidlane o Tilskot til idrett og friluftsliv o Tilskot til kunstnarleg utfalding o Tilskot til barne- og ungdomsarbeid og ålment kulturarbeid Søknadsfrist: 1. mars Andre tilskotsordningar o Tilskot til vedlikehald og opprusting av forsamlingshus o Tilskot til drift av idrettsanlegg Berre etter særskild avtale mellom kommunen og anleggseigaren. o Oppstartingstilskot Ingen søknadsfrist o Tilskot til konsertar og andre tilskipingar Søknadsfrist: I så god tid at søknaden kan handsamast før tilskipinga o Nærmiljøanlegg Ta kontakt med kultureininga Driftstilskot frå kulturmidlane Laga som får driftstilskot frå kulturmidlane vert delte i tre grupper: 1. Idrett og friluftsliv 2. Kunstnarleg utfalding 3. Barne- og ungdomsarbeid og ålment kulturarbeid I kvar gruppe vert det oppnemnd ein representant av kommunestyret. Kultursjefen fordeler kulturmidlane etter innstilling frå tre underutval, eitt for kvar av dei tre gruppene. Underutval for gruppe 1 er samansett av to representantar frå Idrettsrådet i Os, og ein representant vald mellom dei andre laga i gruppe 1. Underutval for gruppe 2 er samansett av tre representantar frå laga innan kor, korps og musikkmiljø Underutval for gruppe 3 er samansett av to representantar frå barne- og ungdomslag, og ein representant vald mellom dei andre laga i gruppe 3 Alle representantane i underutvala er valde for fire år om gongen.
Alle laga sender søknad til kultureininga innan 1. mars. Årsmelding, rekneskap og plan for neste års drift skal leggjast ved. Tilskotet vert utbetalt i ein sum innan 1. juli kvart år. Tilskot til vedlikehald og opprusting av forsamlingshus Os kommune vidaresender samla søknad til Hordaland Fylkeskommune om tilskot til vedlikehald og opprusting av forsamlingslokale som frivillige lag i Os eig. Midlane vert gjevne til omfattande vøling og vedlikehald av forsamlingslokale, utvendig eller innvendig, og til større inventar/utstyr, og etter gjeldande retningsliner for lokale kulturhus. Det vert ikkje gjeve tilskot til arbeid meir enn 50 cm frå grunnmuren. Søknadene vert prioriterte ut frå ei vurdering av kor viktige arbeida er, og ut frå kva lokala har å seia for kultur- og lagslivet i kommunen. Søknadene vert prioriterte kvart år. Søknader som vert prioriterte, men som ikkje når i tilskot eine året, kan fremjast året etter og vurderast på nytt. Søknaden må vera fremja på fastsett skjema og til fastsett frist. Detaljert kostnadsoverslag, finansieringsplan som viser verdien av dugnad, moglege teikningar og naudsynte godkjenningar frå bygningsstyremaktene skal liggja ved søknaden. For å få tilskot, skal forsamlingshuset/lokalet vera ope for all lovleg kultur- og organisasjonsverksemd. Ingen må stengjast ute av religiøse, sosiale eller politiske årsaker. Det kan setjast forbod mot alkohol i lokalet. Eigaren har høve til å prioritera einskilde føremål når huset vert utleigd, ut frå dei ideelle måla eigaren arbeider for. Søknadsskjema er å få på kultureininga. Søknadsfrist 31. januar Tilskot til drift av idrettsanlegg Etter særskild avtale med kvar einskild anleggseigar yter Os kommune eit årleg tilskot til drift av idrettsanlegg. Tilskotet vert utbetalt samstundes med kulturmidlane. Her må det i kvart einskild høve gjerast eit budsjettvedtak av kommunestyret
Oppstartingstilskot Nyskipa lag kan få oppstartingstilskot etter søknad. Etablerte lag som set i gang nye aktivitetar som integrerer funksjonshemma eller andre med spesielle behov, kan òg søkja om tilskot. Ta kontakt med kultureininga på førehand om dette er aktuelt. Søknaden skal skrivast på eige skjema, som er å få på kultureininga. Det vert ikkje sett nokon søknadsfrist for denne tilskotsordninga. I søknaden skal det opplysast om organisering og føremål, kor mange medlemer laget har, anna organisasjonstilknyting, namn, adresse og telefonnummer til leiar og kasserar. Det skal leggjast ved eit økonomisk oversyn eller budsjett som viser kva oppstartingstilskot laget har bruk for. Tilskot til konsertar og andre tilskipingar Dette fungerer som ei garantiordning mot underskot. Søknaden bør vera komen til kultureininga så tidleg at han kan handsamast før tilskipinga skal haldast. Ved søknaden skal det liggja program, budsjett og kopi av søknad til Kulturrådet eller til Folkeakademiet Os, der det kan vera aktuelt. Vedteke tilskot vert utbetalt når totalrekneskapen for arrangementet er lagd fram for kultureininga. Rekneskapen må sendast inn seinast ein månad etter tilskipinga. Ei særskild verksemd under arrangementet, t.d. sal, kan ikkje haldast utanom rekneskapen. Formannskapet kan etter skjøn avvika frå desse reglane. Tilskot til dekking av avdrag på lån til bygging eller utbetring av forsamlingshus Det er ikkje avsette budsjettmidlar, vurderast i kvart tilfelle Os kommune kan gje tilskot til avdrag på lån til bygging eller utbetring av forsamlingshus. Tilskotet kan vera på inntil 25% av totalkostnadene, høgst 300 000 kroner betalt over ti år. Lånetilsegn skal liggja ved søknaden som dokumentasjon. Tilskotet kan berre gjevast til lokale/hus som er opne for all lovleg verksemd. Huseigaren kan ikkje laga eigne reglar som diskriminerer eller stengjer ute lovlege aktivitetar.
Byggjetilskot til nye samfunnshus Dei same reglane gjeld som ved søknad om investeringstilskot frå staten til nye kulturhus. Det kommunale tilskotet er meint som eit tillegg til statstilskotet. Ta kontakt med kultureininga. Dersom eit lag har planar om å byggja anlegg eller hus, kan det ha rett på statstilskot. Slike saker vert handsama etter svært spesielle prosedyrar og krav. Dersom ein har slike planar, bør ein ta kontakt med kultureininga tidleg i planlegginga. Kulturmidlar til andre føremål Utanom desse ordningane løyver kommunen tilskot til særskilde føremål etter nærare vurdering. Om nokon har trong for tilskot som ikkje fell innanfor desse ordningane, bør dei ta kontakt med kultureininga. Det finst òg ordningar med statstilskot til ymse føremål. Dei vert til vanleg ikkje utlyste. Dersom ein har planar om eit fritids- eller kulturprosjekt, bør ein ta kontakt med kultureininga for å få greie på kva som finst av slike ordningar. Desse tilskotsordningane er vedtekne og vert gjeldande når det vert sett av midlar til føremålet: Tilskot til leigeutgifter ikkje avsett midlar Os kommune ved hovudutvalet for kultur refunderer delvis leigeutgifter frivillige lag har til hus eller anlegg for dei vanlege aktivitetane sine, alt etter kva midlar som er på kommunebudsjettet til dette. Leigetilskotet vert utbetalt til dei som leiger hus eller anlegg. Ordninga gjeld når ein leiger private anlegg eller forsamlingslokale, Ordninga gjeld òg utgifter til eige hus som vert brukt til eigne aktivitetar. Huset, lokalet skal vera ope for all lovleg organisasjonsverksemd. Ingen må stengjast ute på grunn av religiøst eller politisk syn. Det kan setjast forbod mot alkoholbruk i huset/lokalet. For at eit lag skal få tilskot, gjeld desse reglane: a) Laget må kunna dokumentera verksemda. Utrekningsgrunnlaget byggjer på medlemsaktivitet b) Denne dokumentasjonen skal leggjast ved søknaden: Lag som leiger hus eller anlegg skal leggja med kopi av betalt rekning, og dessutan ajourført medlemsliste. Lag som eig hus eller anlegg skal leggja med ajourført medlemsliste Tilskotet vert gjeve på etterskot for inneverande år, og utbetalt i desember. Tilskotsordninga skal prioritera aktivitetar til mellom anna barn og unge. Grense for barn/vaksen er 25 år. To vaksne utgjer for eitt barn i utrekningsgrunnlaget.
Søknadsfrist vert sett til 10. november. (Eitt leigeår er frå 1. november til 31. oktober). Søknadene vert lagde fram for kultureininga, anten som sak eller melding, alt etter om søknadene kan avgjerast på delegasjonsfullmakt eller ikkje. Søknadssummen har inga grense nedover. Tilskot til tiltak for innvandrarar og menneske med ymse funksjonshemmingar (ikkje avsette midlar) Denne ordninga skal koma dei til gode som ikkje like lett som andre kan gjera seg nytte av dei allmenne tilboda som finst. Årsakene kan vera språkvanskar, kulturskilnader, fysiske eller psykiske funksjonshemmingar. Dersom eit lag vil setja i gang kultur- eller fritidstiltak for menneske som fell innanfor denne gruppa, kan dei søkja om tilskot til dette, dersom det fører til auka utgifter ved at det trengst ekstra utstyr eller ekstra ressursar på anna vis. Siktemålet er å setja laga i stand til å leggja til rette slik at ingen menneske vert utestengde frå aktivitetar dei ynskjer å vera med på. Slike tiltak bør utarbeidast i samarbeid med kulturetaten, og i samsvar med kva dei treng som tilbodet er tenkt for, og etter nærare avtale. Ta difor kontakt med kultureininga på førehand. Tilbodet er utvikla særskilt med sikte på psykisk utviklingshemma menneske, men skal omfatta alle som av ein eller annan grunn ikkje kan gjera seg nytte av dei allmenne tilboda. Tilskot til leikeplassar eller nærmiljøanlegg (ikkje avsette midlar til leikeplass) Dette tilskotet vert gjeve til nyanlegg, omfattande opprusting eller til utstyr. Med leikeplassar meiner ein leikeplassar for barn, ballfelt, løkker og liknande. Med nærmiljøanlegg meiner ein område tilrettelagde for trim, idrett og andre friluftsaktivitetar. Til nærmiljøanlegg kan det i tillegg søkjast om tilskot frå staten. Midlane skal ikkje brukast til skular, barnehagar og liknande. Søkjarar kan vera frivillige lag, velforeiningar, grendalag og liknande. Søkjarar som får tilskot, må skriftleg forplikta seg til å vedlikehalda og til å ta ansvar for å driva plassen/anlegget.
Tildeling av kulturmidlar Hovudgrupper: Kunstnarleg utfalding Idrett og friluftsliv Barne- og ungdomsarbeid Ålment kulturarbeid Utval som innstiller til kultursjefen: Teater og biletkuns t Kor, korps og musikkmiljø Idrettsrådet i Os Friluftsliv Barne- og ungdomsla g Ålment kulturarbeid 2 repr. 1 repr. 2 repr. 1 repr. 2 repr. 1 repr. I tillegg er 1 representant oppnemnd av Kommunestyret med i kvar av gruppene Oppvekst og kultur vedtek fordelinga på budsjettpostar, og kultursjefen vedtek tildeling av midlar: Post 37700 Post 38000 Post 23100