Kommunevalprogram 2011 Vik Senterparti
GRUNNSYN Senterpartiet vil at Noreg skal byggja si framtid på dei kristne og humanistiske verdiar, den nasjonale arven og eit levande folkestyre. Målet for Senterpartiet sin politikk er å skapa eit fellesskap av frie, sjølvstendige menneske, der rettferd, tryggleik og likeverd er berande prinsipp. Viktige grunnpilarar er difor: Desentralisering av makt, kapital og busetnad. Eit samfunn i økologisk balanse. Kulturelt rotfeste. Fridom for enkeltmennesket, med ansvar for seg sjølv og fellesskapet. Blandingsøkonomi med balanse mellom marknadsøkonomi og offentleg regulering. Privat eigedomsrett for mange. 2
UTVIKLING Senterpartiet vil syna kva som er attraktivt med kommunen og leggja vekt på dei ulike fortrinn i alle bygdelag. Vik kommune skal ha: God tilgang på tomter både til bustad, hytte og næring. God infrastruktur med breiband, veg, vatn og kloakk. Næringsstøtte og kommunal velvilje ovanfor grunderar og bedrifter. Gode oppvekst-, fritids- og bumiljø. Eigna butilhøve for ungdom, noko som kan løysast med m.a. gjennomgangsbustader og etableringslån. SAMFERDSLE Senterpartiet går inn for: Sikker heilårsveg Vik Voss med lang tunell Bødalen Hola. Å arbeida vidare for tverrslag til Arnafjorden. Tunell gjennom Galden på Vik Vangsnes. Rassikring av utsette vegstrekningar. Gangvegar for tryggare skuleveg. Meir tenlege båt, buss og ferjeruter. Ekstra kriseruter når fjellet er stengt. Alle tiltak som kan betra folketalsutviklinga må nyttast. Det er viktig å ta imot tilflytting og tilbakeflytting og arbeida aktivt for integrering. Målet er at alle får ein god kvardag med eit godt nettverk. 3
NÆRINGSLIV Kommunen skal vera ein aktiv medspelar for å utvikla eit variert, framtidsretta og miljøvenleg næringsliv i heile kommunen. Spesielt viktig er å arbeida for å etablera fleire kompetansearbeidsplassar og å styrka lærlingeordningane. I kommuneplanarbeidet må ein særskilt prioritera areal til næringslivet. Senterpartiet vil ta vare på kulturlandskapet og leggje til rette for rekruttering til landbruket. Det er viktig å sikra framhald av husdyrproduksjonane og å ivareta statusen som fyrtårnkommune for bær og hagebruksnæringane. Skogbruket vil få auka betydning m.a. gjennom Feiosprosjektet. Turisme som er basert på naturgjevne tilhøve, bør utviklast i ei form som er etterspurd. Prosjekt «Reisemål Vik» bør vidareførast og komma til praktisk nytte. Verdsarvområdet må profilerast og nyttast til næring. Aktiv satsing på Fritjovparken som 1000-årsstad for Vik Kommune, med markering av 100-års jubileet i 2013. Det må leggjast til rette for etablering av nytt hotell. 4
OPPVEKST, SKULE OG KULTUR Vik skal vera ein trygg, god og utviklande kommune for oppveksande generasjonar. Skulen er ein viktig del av lokalsamfunnet, og må difor spela på lag med nærmiljøet for positiv utvikling. Senterpartiet vil: Ha skule og barnehagetilbod i alle bygdelag så langt barnetalet tilseier det. Støtta frivillige lag og organisasjonar. gje ungdommen høve til å påverka gjennom ungdommens kommunestyre. Sikre at alle bygdelag skal få sin rettkomne del av kulturtilboda. Styrkja nettbasert undervisning og for vaksne/ eldre. Prioritera haldningsskapande arbeid og fremja positive fritidsinteresser for ungdom. HELSE OG SOSIAL Haldningsskapande arbeid for å ta vare på eiga helse, står sentralt i Senterpartiet sin politikk. Senterpartiet vil: At eldre som ynskjer det, skal få bu i heimane sine så lenge som mogeileg. Oppretthalda kommunen si omsorgsteneste minst på eksisterande nivå. Behalde ordninga med omsorgsløn. Ivareta rørslehemma og eldre sine behov. Ha sikker og kort veg til sjukehus. Ha private tilrettelagde bustadar i sentrum. Ha tiltak som aukar rekrutteringa til omsorgsyrka. 5
ENERGI OG MILJØ Vik er ein stor kraftkommune, og Vik Senterparti er ein garantist for lokalt eigarskap. Skånsam vasskraftutbygging bør tillatast der det ligg til rette for det. Arbeidet med alternative energiformer og enøk-tiltak bør prioriterast høgt. ØKONOMI Den økonomiske handlefridomen er sterkt avgrensa av di me framleis må dekka inn underskot som fylgje av Terra saka. Senterpartiet vil arbeida for: God service til innbyggjarane. Ei effektiv kommunal drift med fokus på lovpålagde oppgåver. Forsvarleg vedlikehald av kommunale vegar og bygningar Gode interkommunale løysingar på områder der dette er tenleg. At kommunen skal vera ein trygg og god arbeidsgjevar. 6
1. OLAV TURVOLL Alder 56 6893 Vik (kum) 4. Marit Aafedt Fjærestad Alder 66 6893 Vik 2. MARIANNE BØTHUN Alder 42 6896 Fresvik (kum) 5. Ola Engum Alder 63 6893 Vik 3. Rune Lunde Alder 53 6895 Feios 6. Else Reksten Alder 58 6893 Vik 7
Vik Senterparti Kommunevallista 2011 2015 Nr. Namn Fødd Poststad 1. OLAV TURVOLL 1955 6893 Vik (kum) 2. MARIANNE BØTHUN 1969 6896 Fresvik (kum) 3. Rune Lunde 1958 6895 Feios 4. Marit Aafedt Fjærestad 1945 6893 Vik 5. Ola Engum 1948 6893 Vik 6. Else Reksten 1953 6893 Vik 7. Tommy Halset 1976 6894 Vangsnes 8. Olav J. Bøtun 1952 6896 Fresvik 9. Astrid Olaug Nese 1952 6893 Vik 10. Anders Vikøren 1961 6893 Vik 11. Kari Johanna Bruland Dale 1958 6893 Vik 12. Asbjørn Grindedal 1971 6895 Feios 13. Odd Asbjørn Myrkaskog 1953 6893 Vik 14. Gerd Marie Bystøl 1959 6893 Vik 15. Thore Hopperstad 1964 6894 Vangsnes 16. Anne Marie Kleven 1960 6893 Vik 17. Leidulf Breili 1970 6896 Fresvik 18. 8 Geir Olav Fretheim 1980 6894 Vangsnes Vik Senterparti vil ynskje deg eit godt val! Vik Senterparti v/olav Turvoll leiar 6893 Vik i Sogn E-post: oturvoll@online.no Mobil: 979 52 501 www.senterpartiet.no