Innleiing 1. Mål - kva skal vi oppnå? 2. Nye oppgåver til ein ny kommune

Like dokumenter
Intensjonsavtale for nye Eid/Selje kommune

Vers /EMS/rev INTENSJONSAVTALE. Samanslåing av kommunane Vågsøy, Selje og Vanylven

ARBEIDSUTKAST "INTENSJONSAVTALE OM SAMANSLÅING KOMMUNANE FLORA OG VÅGSØY TIL KINN KOMMUNE"

"INTENSJONSAVTALE OM SAMANSLÅING KOMMUNANE FLORA OG VÅGSØY TIL KINN KOMMUNE" Flora og Vågsøy vil slå seg saman til ein kommune frå

Plattform for samanslåing av kommunane Balestrand, Leikanger og Sogndal

INTENSJONSAVTALE OM SAMANSLÅING AV KOMMUNANE FLORA OG VÅGSØY TIL KINN KOMMUNE

Ny kommune i Sogn Sogn kommune. Balestrand, Leikanger, Vik og Sogndal

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

INTENSJONSAVTALE OM SAMANSLÅING AV KOMMUNANE FLORA OG VÅGSØY TIL KINN KOMMUNE

Intensjonsavtale kommunesamanslåing mellom Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Modalen, Radøy og Solund

Utkast Ny intensjonsavtale om kommunesamanslåing mellom Sykkylven og Stranda kommunar Storfjorden kommune

Utkast til intensjonsavtale

Intensjonsavtale. Ny kommune Balestrand og Høyanger. Dato: Balestrand og Høyanger kommune - Intensjonsavtale, dato

KOMMUNEREFORM VELKOMEN TIL FOLKEMØTE

Intensjonsavtale kommunesamanslåing mellom Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Modalen og Solund

Utkast til intensjonsavtale. Ny kommune i Sogn. Balestrand, Lærdal, Leikanger, Sogndal, Vik og Årdal kommunar. Versjon 1,

Utkast til intensjonsavtale. Ny kommune i Sogn. Balestrand, Lærdal, Leikanger, Sogndal, Vik og Årdal kommunar. Versjon 3-2,

Omstillingsavtale for tilsette i Eid og Selje kommune

Slik kan det også seiast kva er ambisjonen til våre naboar i Sunnfjord? Betyr det noko for oss?

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref John Tveit 16/343-56

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

Program for. Årdal Venstre

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

Intensjonsavtale kommunesamanslåing mellom Masfjorden og Gulen kommunar

Regionreform status. Trond Nerdal fylkesrådmann. Fellesmøte 28. september

Ny regionkommune HØNSSHUSSGÅSS

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV EIDFJORD KOMMUNE, GRANVIN HERAD OG ULVIK HERAD

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

Strategisk plan - eit vik0g verktøy for regionalt samarbeid? Knut Arne Gurigard Dagleg leiar Regionrådet for Hallingdal

Utkast til intensjonsavtale. Ny kommune i Sogn. Balestrand, Lærdal, Leikanger, Sogndal, Vik og Årdal kommunar. Versjon 3-1,

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV EIDFJORD KOMMUNE, GRANVIN HERAD OG ULVIK HERAD

Regionreforma og Sogn og Fjordane fylkeskommune

Informasjon til innbyggarane i Ørskog kommune om kommunereforma

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

«Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy sitt framlegg til utgreiing av ny kommune

-Fantastiske muligheter for næringsutvikling. -Har god vekst. -God omstillingsevne, kommune har god vekst. -Har eigne ressursar vi kan byggje på.

Nye Vestland fylkeskommune status og prosess

Intensjonsavtale for Rjukan kommune

Endringsoppgåve: Vidareutvikling av samarbeid mellom seksjonane i Psykisk helsevern for barn og unge i Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane

Til veljarane i Tysnes

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland

Balestrand, Leikanger, Vik og Sogndal,

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemmar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Margrete Bjerkvik Medlem KRF Anders Egil Straume Medlem KRF

Lovgrunnlag Lov om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova), 26 Fellesnemnd:

Regional planstrategi Kva, kvifor og korleis?

M Ø T E R E F E R A T

PLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR BREIBAND

INTENSJONSAVTALE. Bygging av ny kommune sett saman av Seljord og Kviteseid

Frivilligpolitisk plattform

Samarbeid mellom fylkeskommunen og kunnar om fortetting og knutepunktsutvikling

Å FORME DEN NYE KOMMUNEN DIN?

Kva rører seg Velferdsteknologiprosjektet vert vidareført

Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane? Vedlegg til Regional planstrategi for Sogn og Fjordane

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV EIDFJORD KOMMUNE, GRANVIN HERAD, ULLENSVANG HERAD OG ULVIK HERAD

Kommunedelplan for oppvekst

Planstrategi for Ullensvang herad

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Ny kommune? Informasjon om kommunereforma i Nordhordland

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

lntensjonsavtale...3 Kommunenamn og kommunevåpen...3 Kommunenamn... 3 Kommunevåpen... 3 Administrasjonsstad... 3 Målform...4

INTENSJONSAVTALE FOR NYE ØYGARDEN KOMMUNE. Fjell - Sund - Øygarden

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane?

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Omstillingsavtale og retningsliner for innplassering av tilsette

STRAND KOMMUNE. Deres ref. Vår ref. JournalpostID: Arkivkode Dato 14/ /

KOMMUNEREFORM 2016 INFORMASJON TIL INNBYGGARANE. Kvar står Hareid kommune om 20 år?

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Intensjonsavtale Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven RUNDE kommune -eit hav av mulegheiter

MILEPELSPLAN. Prosjektområde

Norddal kommune Personalpolitiske retningsliner

Litt enklare å rekruttere større miljø kommunesenter noko nærare regionsenter. God kompetanse, noko større fagmiljø, mindre sårbar

Regional plan for attraktive senter i Hordaland. Kap. 3 Tenester, arbeidsplassar og kulturtilbod Marit Rødseth, plansjef,

Program for Masfjorden Venstre

? Foto: Simen Soltvedt?

NORDFJORDRÅDET MØTEINNKALLING. Møtedato: Møtestad: Gloppen hotell Møtetid: Kl. 10:00

MILEPELSPLAN. Prosjektområde

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Regionplan Agder RUP 2012 & Setesdal! NB: Bildene i denne presentasjonen kan ikke benyttes videreuten tillatelse fra Setesdal regionråd.

Intensjonsavtale Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven RUNDE kommune -ei båtlengde føre

Vår ref: Dykkar ref. Dato: 16/ / FE-026 ÅKR

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Tettstadsutvikling i Hordaland - Arendal, 14.juni Fagansvarlig for stedsutvikling, Liz Eva Tøllefsen

Høyring skulebruksplan Fylkesrådmannen

«Nye Vestland fylkeskommune» i endring og utvikling

MILEPELSPLAN. Prosjektområde

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Transkript:

Innleiing Eid og Gloppen kommunar har intensjon om å slå seg saman til éin kommune frå 01.01.2020. Denne intensjonsavtalen skildrar kva vi vil oppnå med å gå saman i ein ny kommune og korleis samanslåinga skal skje. Dersom intensjonsavtalen vert vedteken skal det opprettast ei fellesnemnd og eit partsamansett utval (inndelingslova 26). Fellesnemnda skal ha ansvar for å styre og følgje opp samanslåingsprosessen i perioden frå det er gjort vedtak fram til samanslåinga vert sett i verk. Det operative arbeidet skal utførast av ein prosjektorganisasjon og vere omtala i ein eigen plan. Politikarar, administrasjon og tillitsvalde skal ha definerte roller i prosjektorganisasjonen. 1. Mål - kva skal vi oppnå? Den nye kommunen vil få omlag 12.000 innbyggjarar. Det er på line med dei største kommunane i Sogn og Fjordane i dag. Gjennom det, og gjennom plasseringa midt i Nordfjord med ein bu- og arbeidsmarknad på 40-50.000 menneske, vil den nye kommunen bli ein langt sterkare og meir slagkraftig aktør inn mot regionale og nasjonale styresmakter enn kvar av kommunane er i dag. Eid og Gloppen er samde om at hovudmåla med samanslåinga er å: Sikre gode, føreseielege tenester for innbyggarane Vere ein attraktiv lokaliseringsstad for ny næringsverksemd, fylkeskommunale og statlege arbeidsplassar. Sterkare gjennomslagskraft i samferdslespørsmål og andre regionale saker Ha ein folketalsvekst i den nye kommunen på eller over landssnittet, slik at ein kan sikre god kommuneøkonomi og gjennom det kunne gje innbyggjarane gode tenester Raskast råd å realisere ei fjordkryssing Anda-Lote for å binde den nye kommunen og Nordfjord saman Den nye kommunen vil nytte posisjonen sin til å arbeide målretta for å styrke og utvikle utdanningstilboda i kommunen på vidaregåande og høgskulenivå, for betre samferdsle m a gjennom å styrke Sandane Lufthamn og bru Anda-Lote som ferjeavløysingsprosjekt, og etablering av nye statlege arbeidsplassar i den nye kommunen (sjå utdjuping i pkt 9). 2. Nye oppgåver til ein ny kommune Vi er samde om å sikre at den nye kommunen er i stand til å ta på seg nye oppgåver frå sentral og regional stat og frå fylkeskommunen, og på den måten flytte makt, oppgåver og arbeidsplassar nedover frå stat/fylke til kommunalt nivå. Første prioritet har oppgåver som kan leggast inn i eksisterande organisasjon og som er tenlege for innbyggarane.

3. Gode tenester - organisering og lokalisering Den nye kommunen skal gje innbyggjarane gode tenester ut frå tilgjengelege økonomiske ressursar. Vi skal: Utvikle desentraliserte tenestetilbod folk treng i kvardagen - som skular, sjukeheimar, helse, barnehagar og kulturtilbod - i alle delar av kommunen Framleis vere blant dei beste kommunane i Noreg innanfor skule/utdanning og kultur Vere ein aktiv samfunns- og næringsutviklar og etablere møteplassar, partnarskap og samhandling. Det skal leggast til rette for å kunne bu, arbeide og ha tilgang til fritidstilbod i alle deler av kommunen Vere ein utviklande og attraktiv arbeidsplass. Skape større og sterkare fagmiljø som gjev betre grunnlag for rekruttering og kompetanseutvikling. Sørgje for ein effektiv tenesteproduksjon der tenester folk treng i kvardagen blir gjeve nær der folk bur, medan forvaltingstenester og administrasjon blir effektivisert og digitalisert i så stor grad som råd er. Kommunen skal lokalisere og fordele stillingar knytt til administrasjon og leiing i dagens rådhus på Sandane og Nordfjordeid med stor grad av samhandling på tvers. Korte avstandar og bruk av video/digital samhandling legg til rette for dette. Vi er samde om å fordele sentrale strategiske funksjonar i den nye kommunen på ein så balansert måte som råd etter følgjande prinsipp: Ordførar og rådmann med stab, kultur- og nærings-/landbruksavdeling blir lokalisert med Heradshuset på Sandane som base, og får status som kommunesenter Skule- og oppvekst, helse- og omsorgsadministrasjon og planavdeling blir lokalisert med Eid Rådhus som base Det er viktig å presisere at denne fordelinga gjeld dei administrative funksjonane på kvart område. Dei operative tenestene (skular, barnehagar, heimehjelp, kulturskule etc) skal skje desentralisert som i dag. Det skal leggast til rette for at spesialiserte fagfunksjonar (t.d. barnevern) kan ha ambulerande utefunksjonar. Gloppen skal framleis kunne ha legevakt på kveld/natt/helg og KAD-senger slik kommunen har det i dag. Andre oppgåver og funksjonar i kommuneadministrasjonen blir fordelt etter nærare avtale, slik at det blir omlag same tal tilsette og god utnytting av dagens kontorplassar i rådhusa utan å utløyse behov for nye utbyggingar. Vi skal legge til rette for stor grad av fleksibilitet i jobbkvardagen for tilsette som ynskjer det - men med samla fagmiljø under éi felles leiing på kvart fagområde slik at vi ikkje bygger opp "parallelle organisasjonar" i kvart rådhus. Både Heradshuset på Sandane og Rådhuset på Eid skal ha servicetorg og plassering av publikumsretta tenester der folk lett kan kome i kontakt med sakshandsamarar uansett om dei sit på Nordfjordeid eller Sandane (t d ved bruk av videomøte). Den nye kommunen skal

vere langt framme når det gjeld å utvikle og ta i bruk nye digitale løysingar i kontakt med innbyggjarane, næringslivet og omverda. 4. Prinsipp for politisk styring Vi er samde om at den nye kommunen skal ha formannskapsmodellen etter kommunelova 8 som styringsform. Kommunestyret skal ha 37 medlemmer. Formannskapet skal ha 11 medlemmer. Vi skal veksle på stad for dei politiske møta (Rådhuset på Eid, Heradshuset på Sandane og eventuelt andre stader). Fellesnemnda tek avgjerd om struktur for råd og politiske utval i den nye kommunen. 5. Kommunenamn og kommunevåpen. Vi er samde om at kommunenamnet vert Nordfjord kommune. Den nye kommunen skal få nytt kommunevåpen. Kommunen skal ha nynorsk som offisiell målform. 6. Interkommunale selskap/samarbeid Eid og Gloppen deltek i dag i mange interkommunale selskap og samarbeid som ikkje kan avviklast som følgje av ei samanslåing av kommunane. Ny kommunestruktur gjer det nødvendig å gå gjennom dagens samarbeid. 7. Samordning av planverk Vi er samde om at alle juridisk bindande planar vert overført til den nye kommunen og gjort gjeldande. Planane vert samla og gjennomgått i tida fram til den nye kommunen er formelt skipa. Kommunane skal samarbeide om utarbeiding av planstrategiar for dagens kommunar for 2016-19, og utarbeide ein felles planstrategi for den nye kommunen gjeldande etter 2019. Kommunane sine risikoanalysar og beredskapsplanar skal vere samordna og reviderte ved etableringa av den nye kommunen. 8. Arbeidsgjevarpolitikk Vi er samde om å etablere ein arbeidsgjevarpolitikk som bidrar til å samle og utvikle arbeidstakarane i den nye kommunen, og som skapar gode relasjonar mellom arbeidsgjevar og arbeidstakarar. Det føreset høg grad av medverknad både på lokalt og sentralt nivå, både under etablering av den nye kommunen og etter at den er etablert. Det betyr at:

Tilsette sine noverande rettar vert aksepterte i ein ny kommune i samsvar med lovog avtaleverk Alle tilsette vil få tilbod om stilling i den nye kommunen i tilsvarande storleik og tidsperiode som dei har i noverande kommune. Dersom det blir overtalige, vil den nye kommunen gje tilbod om anna passande arbeid Det partsamansette utvalet (PSU, inndelingslova 26) skal lage eit omstillingsdokument som: Harmoniserer ulike reglement (tilsettingsreglement, permisjonsreglement m.m.) Inneheld ein felles lønspolitikk for alle tilsette Har retningsliner for å harmonisere lønsskilnader over tid 9. Samfunns- og næringsutvikling Den nye kommunen vil med 12.000 innbyggjarar bli eit regionalt tyngdepunkt i Nordfjord og eit tyngdepunkt i Sogn og Fjordane på line med Førde og Sogndal/Leikanger. Eit viktig mål med samanslåinga er å nytte den nye posisjonen til å sikre sterkare vekst i folketal og arbeidsplassar - minst på line med snittet i landet. a) Samferdsle Den nye kommunen vil arbeide for så rask realisering av bru Anda-Lote som råd er. Framtidig realisering av brua er ein premiss for etablering av den nye kommunen. Vi føreset at fylke og stat vil samarbeide med den nye kommunen og næringslivet i regionen for å realisere bru Anda-Lote som ferjeavløysingsprosjekt. Den nye kommunen vil arbeide for å styrke Sandane Lufthamn som flyplass for Nordfjord, og å vere ein god vertskapskommune for flyplassen. 20-minuttsavgangar Lote-Anda frå 2018 og framtidig bru Anda-Lote vil legge til rette for auka bruk av flyplassen i åra framover. Innanfor fylkesvegar vil den nye kommunen prioritere Fv615 Sandane-Storebru på topp når det gjeld større investeringsprosjekt. Den nye kommunen vil arbeide for opprusting av flaskehalsar på riksvegstrekninga Eid-Volda over Stigedalen, og stø opp under planane om ferjeavløysing med bru over Voldsfjorden. Ferjesambandet Stårheim-Isane (Fv 614) må haldast oppe og utviklast vidare. b) Statlege arbeidsplassar Nordfjord har i dag eit sterkt underskot på statlege kompetansearbeidsplassar, og har blitt tappa for slike dei siste 10 åra. Den nye kommunen vil med 12.000 innbyggjarar og eit omland på 40-50.000 vere ein like naturleg stad for lokalisering av nye statlege arbeidsplassar som Førde og Sogndal/Leikanger er i dag. Den nye kommunen vil ta mål av seg til å få lokalisert minst éi større statleg etatseining til kommunen innan 2021, og ein samla vekst i statlege arbeidsplassar på minst 50. c) Vidaregåande skule Den nye kommunen har i dag to vidaregåande skular - Firda og Eid - med omlag 700 elevar samla. Dei to skulane utfyller kvarandre godt, har moderne og tenlege fasilitetar utan større

nye utbyggingsbehov og gjev til saman eit svært breitt og godt utdanningstilbod. Skulane har også fleire fylkesdekkande linjer. Det er også eit desentralisert høgskuletilbod i kommunen (på Sandane). Det er eit mål for den nye kommunen å skape eitt samla kompetansemiljø med koordinert leiing og felles fagmiljø innanfor vidaregåande skule som del av eit samla skulefagleg miljø i den nye kommunen - med vidareutvikling og styrking av Sandane og Nordfjordeid som skulestader for vidaregåande skule og nye tilbod innanfor desentralisert høgare utdanning. Med det vil den nye kommunen ta ein posisjon som eitt av tre senter for utdanning i Sogn og Fjordane, på line med Førde og Sogndal. d) Spesialisthelsetenester Nordfjord sjukehus, Nordfjord Psykiatrisenter og BUP Nordfjord er det største samla statlege kompetansemiljøet i Nordfjord med omlag 250 tilsette og eit breitt tilbod av spesialisthelsetenester. Den nye kommunen vil samarbeid nært med Helse Førde om å utvikle desse institusjonane vidare, også med etablering av nye tenester og meir aktivitet i samspel mellom helseføretak og kommunane i Nordfjord. e) Miljø og klima Kommunen skal ha høge klimamål for sitt arbeid. I samarbeid med næringslivet skal kommunen halde fram med å byggje opp sterke kompetansemiljø på fornybar energi og grøn industri, og vere i framkant med å bruke fornybar energi både til å dekke lokale energibehov og til ny næringsutvikling. Fjordvarme-satsinga skal halde fram. Den høge gjenvinningsgraden av avfallet i Nordfjord skal stimulerast vidare i samsvar med nasjonale og internasjonale målsetjingar. Klima- og miljøspørsmål skal vere ei gjennomgåande satsing i skulen i den nye kommunen, heilt frå barneskule opp til vidaregåande skule. f) Næringsutvikling Dagens to kommunar har eit sterkt og variert næringsliv, med stort utviklingspotensiale i den nye grøne økonomien som er i framvekst nasjonalt og internasjonalt. Den nye kommunen skal drive eit offensivt næringsutviklingsarbeid i samspel med bedriftene. Kommunane har i dag kvart sitt næringsapparat og organiserer næringsutviklingsarbeidet på ulik måte. I den nye kommunen skal det etablerast eit felles apparat for næringsutvikling - eventulet som del av eit felles næringsutviklingsselskap for heile Nordfjord som er til stades i kvar kommune. Tenester frå kommunen retta inn mot næringslivet skal ha høg kvalitet og rask sakshandsaming. Kommunen skal ligge i forkant med areal og planverk som legg til rette for ny næringsaktivitet. g) Landbruk og jordvern Den nye kommunen vil bli den største jordbrukskommunen i Sogn og Fjordane. Det skal etablerast eit sterkt felles landbruksfagleg miljø, og en nye kommunen skal ha ein streng praksis for å sikre jordvernet i kommunen.

h) Bustad- og tettstadsutvikling Den nye kommunen skal legge til rette for at tilflyttarar og andre har varierte tilbod når dei skal busetje seg. Alle bygdelag/krinsar bør ha tilgang til tenlege bustadtomter, samtidig som kommunen fører ein ekspansiv bustadpolitikk i dei sentrumsnære områda. Det skal til ei kvar tid vere god tilgang til utleigebustader, gjerne i samarbeid mellom kommune og private aktørar. Gjennom tilrettelegging for å kunne bygge hytter, rorbuer etc kombinert med handheving av buplikt kan vi sikre at færre hus står tome, samtidig som kommunen er attraktiv for dei som ynskjer fritidsbustad. Nordfjordeid og Sandane skal vere attraktive stader for lokalisering av eksisterande og nye funksjonar, der vi planmessig legg til rette for fortetting og gode sentrumsmiljø. i) Integrering Den nye kommunen skal føre ein aktiv integreringspolitikk, som del av ei samla satsing på å legge til rette for tilflytting og folketalsvekst. Kommunen skal vere eit regionalt senter for framandspråkopplæring, og ein føregangskommune for vidaregåande opplæringstilbod for flyktningar. Kommunen som arbeidsgjevar skal vere aktiv i å legge til rette for språkpraksisplassar. j) Kultur- og fritidstilbod Den nye kommunen vil vere eit kulturelt knutepunkt i fylket. Med Operahuset Nordfjord og Trivselshagen kan ein tilby kulturtilbod på line med store byar. Desse fasilitetane må utviklast vidare og samordnast i den nye kommunen. Den nye kommunen vil også ha eit stort mangfald av frivillige lag og organisasjonar, festivalar og arrangement, fasilitetar og anlegg for idrett. Eit kultur- og idrettstilbod med særmerkt breidde og kvalitet skal vere eit trekkplaster for den nye kommunen. Gjennom å sjå og utvikle tilbodet samla, og ha eit felles kompetansemiljø for å utvikle tilboda vidare, vil den nye kommunen stå fram som ein endå meir attraktiv stad for tilflytting og busetjing. Sandane/Nordfjordeid 22. februar 2016 Alfred Bjørlo Leidulf Gloppestad Magni Aa Berge (ordførar Eid) (ordførar Gloppen) (varaordførar Gloppen) Eli Førde Aarskog Siri Sandvik Svein Ottar Sandal (varaordførar Eid) (formannskapsmedlem Eid) (formannskapsmedlem Gloppen)