Når nokon døyr. Ei rettleiing og hjelp ved dødsfall. Eidfjord sokneråd

Like dokumenter
Ei rettleiing og hjelp ved dødsfall. Eidfjord kyrkje

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

KIRKA INFORMERER VEILEDNING

Valdres Gravferdsbyrå

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Forslag til salmer ved gravferd

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Kor mykje ei gravferd vil koma til å koste er vanskeleg å seia noko heilt sikkert om før ein har teke stilling til alle alternativ:

SALMER VED BEGRAVELSE

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Forbøn for borgarleg inngått ekteskap 2017

Minnebok. Minnebok NYNORSK

KIRKA INFORMERER. Orkdalsmenighetene

TIL DE ETTERLATTE. w/g/ /kvalitetshåndbok/informasjon til de etterlatte

Gud, vi er komne inn i ditt heilage hus for å ta imot det du vil gje oss. Lat no opp hjarta våre, så vi kan fornyast i trua på deg. Amen.

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 3. Forenkla gudsteneste med nattverd

Når et dødsfall inntreffer

VEDTEKTER FOR GRAVPLASSANE I HJELMELAND KOMMUNE

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

Salmer, solosanger og orgelmusikk ved gravferd

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Radøy sokneråd har i møte den 24. september 2014 hatt fylgjande sak til drøfting:

Til deg som bur i fosterheim år

SAMLING I FASTETIDA Frå og med Maria bodskapsdag

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

Oversikt over vers. Dine kjære feller tårer, ved ditt savn, i Jesu navn.

Og han sa til dei: Så står det skrive, at Messias måtte lida og stå opp att frå dei døde tredje dagen,

Ulsteinvik Bibelen

Velkomen som konfirmant!

Mange bedehus har opp gjennom åra blitt brukt til gravferder. Dette er ikkje noko nytt. Men desse gravferdene har som oftast blitt leia av presten.

Med takk og glede tek kyrkjelyden imot barnet/borna som i dag er i Guds hus for å bli døypt/døypte.

Møteprotokoll for møte i

Velkomen som konfirmant

2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

6-åringar på skuleveg

Søknad om treningstid for Øystese Idrettshall 2003/2004.

Melding om arbeidsrelatert sjukdom eller skade (vert ikkje omfatta av meldeplikta, og vert ikkje honorert)

Me håpar at skulane set av tid til å øva på salmar i forkant, då vert gudstenesta ei betre oppleving for alle.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Til framstellinga kan ein knyta lystenning eller andre enkle symbolhandlingar.

Melding om arbeidsrelatert sjukdom - eller skade (vert ikkje omfatta av meldeplikta, og vert ikkje honorert)

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 1. Gudsteneste med nattverd (høgmesse)

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning).

Melding om arbeidsrelatert sjukdom - eller skade (vert ikkje omfatta av meldeplikta, og vert ikkje honorert)

SORG- OG KRISETEAMET

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Innsetjing av forstandar og/eller eldste som er ordinert

GRAVFERD EI RETTLEIING

BEREDSKAPSPLAN. Jølster Kommune.

Veiledning ved dødsfall

Leveld, Torpo og Ål sokneråd

Gravferd. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Vanlege ordningar

Innsats i BTI Barnevern

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

1 FORVALTNING Gravplassane i kommune er underlagt. kyrkjelege fellesråd / kommune administrasjons- og myndigheitsområde.

Vigsling til andre tenester

Døden er en del av livet

KONFIRMANT OG FØRESETTEMØTE. Vår 2018

Bremnes Idrettslag. Beredskapsplan ved alvorleg hending.

Høyringssvar frå Bjørgvin biskop om ordning for vigsel og vigselsliturgi og forbønsliturgi for likekjønna og ulikekjønna par

Vigsling av misjonær. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Orientering. 1 Salme

FRAMLEGG TIL DIKT OG VERS i dødsannonse og på sløyfer

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

S.f.faste Joh Familiemesse

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

OK, seier Hilde og låser.

5419 Fitjar Fitjar, 25. oktober 2017

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

BARNEVERNET. Til beste for barnet

el møtt til L = Liturg ML = Medliturg K = Kyrkjelyd Salmenumra heng på veggen Tingnes kirke Strand kirke Skrautvål kyrkje Aurdal kirke Ulnes kyrkje

Protokoll frå møte i Bore sokneråd Tysdag 7. november 2017

MEKLING FOR FORELDRE MEKLING FOR FORELDRE FORELDRE FOR MEKLING

Kriseplan for barnehagane og skulane i Norddal kommune

No blir. innført I denne brosjyren finn du svar på dei vanlegaste spørsmåla om fastlegeordninga. Dersom du framleis lurer på.

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Til deg som bur i fosterheim år

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

Veslefrikk. Mai Helsing Oddbjørg, Vibeke, Gunn-Iren og Elida

/

VIGSEL. 3. Handlinga skjer i kyrkja eller ein annan gudstenestestad som etter avgjerd av biskopen kan brukast til vigsel.

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Handlingsplan ved urovekkande fråvær

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

SAMARBEID HEIM OG SKULE

HAR DU BARN ELLER UNGDOM SOM PÅRØRANDE? Når nokon i familiaen blir alvorleg sjuk

Transkript:

Når nokon døyr Ei rettleiing og hjelp ved dødsfall. Eidfjord sokneråd 1

Innhald Innhald side 2 Til pårørande side 3 Praktisk rettleiing side 4 - Kven skal ein kontakta? - Kva må ordnast med? Gravferd frå Eidfjord kyrkje side 6 Salmeforslag ved gravferd side 7 Sorg og sorg-reaksjonar side 8 - Barn i sorg Festing av gravplass side 9 Gravlegat side 9 Gjenbruk av gravminne side 10 Telefonliste side 11 Alt ble med ett så stille, livet er helt forandret Døden har banket på vår dør og sorgen har fyllt hvert rom Svein Ellingsen Alle foto: Hans Hellevang 2

Når nokon døyr Nokre gongar i livet kan me oppleva det vonde å mista ein eller ei av våre aller næraste. Då er det ikkje alltid like enkelt å vita kva me skal gjera av praktiske gjeremål. Kva skal gjerast? Kven skal me ta kontakt med? Kor kan me få hjelpa me treng? Denne faldaren er meint å vera ei hjelp til deg som treng rettleiing ved dødsfall i familien. Her finn du mellom anna ei liste over nyttige telefonnummer, ei praktisk rettleiing for kva de må gjera, salmeforslag til gravferda og nokre ord om det å vera i sorg. Kyrkja si deltaking ved gravferd er ei viktig del av kyrkja si oppgåve. Også ved dette høvet ber kyrkja fram sitt vitnemål om Jesus Kristus som Herre over liv og død. Eidfjord, mars 2016 Med venleg helsing Soknerådsleiar Dagleg leiar/kyrkjeverje Sokneprest 3

Praktisk rettleiing Kven skal ein kontakta? Lege. Det er han som skal stadfesta dødsfallet. Innan to døger sender legen melding til lensmannen. Presten må kontaktast for avtale om dag og tid for gravferda. Det må også gjerast avtale om ein samtale med presten der ein førebur gravferda. Presten varslar kyrkjetenar, kyrkjeverje og organist. Eidfjord deler organist med Odda, og han har sine faste arbeidsdagar hjå oss tysdag og torsdag. Desse dagane vert derfor dei normale gravferdsdagane i Eidfjord. Dersom familien ønsker gravferd ein annan dag, må dei sjølve koste utgifter til vikar. Satsen for dette er kr. 2.500,- Lensmannen fører protokoll over dei som døyr. Han treng opplysningar om slekt og arvetilhøve og om verdien av buet. Gravfersbyrå kan kontaktast for hjelp med ulike sider av gravferda. Trygdekontoret får melding om dødsfallet frå lensmannen og sender ut brosjyre og skjema om gravferdsstønad. For personar under 18 år vert utgifter dekka med inntil kr 22.723,- For vaksne er stønaden behovsprøvd. Båretransport over lengre avstandar kan gje rett til stønad. Trygdekontoret hjelper dei som har spørsmål om dette. Kva må ordnast med? Stell av den døde Som pårørande veljer de korleis de ynskjer å gjera dette. De kan få hjelp til å gjera det de ynskjer sjølve, eller de kan gje heile ansvaret til andre. 4

Transport til bårerom Når båra med den døde må transporterast ei strekning på over 20 kilometer, blir naudsynte utgifter til transport til kyrkjegard dekka. (Eigenandel kr 2.272,-) Syning og båreandakt Når det er ynskje om syning, går den føre seg i bårerommet eller i kyrkja. Presten kan ta del, men dei pårørande kan også låne nøkkel og ha syning på eiga hand. Båreandakt kan ein ha i kyrkja (t.d. i tilknytning til syning), på institusjon eller i heimen. Dødsannonse Pårørande skriv annonse og sender til aktuelle aviser. Trykking av salmar Salmehefte kan de få trykt hjå gravferdsbyrå eller trykkeri. Salmebok kan nyttast. Det er fint om nokon i familien, til dømes nokre av borna, deler ut salmehefter ved inngangen før gravferda. Organisten kan kontaktast dersom ein har særskilde ynskje om musikk som skal framførast i gravferda eller før gravferda tek til. Pynting av kyrkja, båreljos og berarar Pårørande kan pynta i kyrkja sjølve, eller få hjelp av blomeforretning eller gravferdsbyrå. Kyrkjetenaren kan også hjelpa til. Pyntinga startar til vanleg ca. 2 timar før gravferda tek til. Kyrkja har ljos og vasar. Dei pårørande veljer ein som tenner båreljosa og nokre som kan dela ut blomar og kransar før me går ut av kyrkja. Det må også veljast 6 personar til å bera kista. Minnesamvær Etter ei gravferd kan det gjera godt å samlast. Minnesamværet kan vera berre for dei næraste, eller vera ope for alle. Kyrkjelydssalen kan nyttast. Kyrkjetenar kan etter avtale setje opp ein kross med namnet til den døde, og rydda vekk visne blomar og kransar 5

Gravferd frå Eidfjord kyrkje Kyrkjeklokkene Preludium /Båreljos Salme til innleiing Helsing og bøn Minneord Kransepålegging Skriftlesing Salme før talen Tale Bøner Fadervår Salme etter talen Rydding av kransar Bårevers Utgang Ved grava Salme før jordfestinga Jordpåkasting Velsigning Kista vert sett ned i grava Salme etter jordpåkastinga Kyrkjeklokkene 3x3 slag Jordpåkasting Jordpåkasting skal ein ha ved grava. Ved særlege høve kan presten avgjera at jordpåkastinga kan vera inne i kyrkja. Hvor tungt det er å miste En vi så høyt har elsket! Å, hvilken tomhet overalt, Vårt savn er så vondt og sårt. 6

Salmeforslag Dette er forslag til salmar som kan nyttast. Salmane er henta frå Norsk Salmebok, 2013, der du og kan finna fleire salmar. Alltid freidig når du går 415 Blott en dag, ett øgonblick 489 Dagsens auga sluknar ut 822 Deg være ære 197 Deg å få skode er sæla å nå 482 Deilig er jorden 48 Den store, kvite flokk å sjå 267 Djupe, stille, sterke, milde 570 Eg er ein gjest i verda 889 Eg veit i himmerik ei borg 882 Ein fin liten blome i skogen eg ser 492 Fager kveldsol smiler 817 Herre, eg inderleg ynskjer 665 I himmelen, i himmelen 883 Ingen er så trygg på ferda 488 Jeg er i Herrens hender 494 Kjærlighet er lysets kilde 233 Lei, milde ljos 858 Ljos over grav 198 Med Jesus vil eg fara 419 Milde Jesus, dine hender 582 Navnet Jesus blekner aldri 86 Ned i vester soli glader 823 No soli bakom blåe fjell 821 Nærmere deg, min Gud 471 Når mitt øye, trett av møye 884 Se, solens skjønne lys og prakt 812 Sørg for meg, min Fader du 310 Så tak då mine hender 414 Velt all din veg og vande 464 Vår Gud han er så fast ei borg 108 Å, tenk når ein gong samlast skal 684 Å, ver hjå meg 818 7

Sorg og sorgreaksjonar Sorg er ein naturleg reaksjon på noko vondt og vanskeleg. Reaksjonar som til dømes sjokk, sinne, fornekting, skuldkjensle, lette, likesæle og tiltaksløyse, er alle normale. Ein kan isolera seg, verta deprimert, leita etter forklaringar eller ha vanskar med å akseptera det som har skjedd. Sorg tek tid og krefter. Å forstå at ein har mista ein av sine nære er ein lang prosess. Etter kvart kan ein, litt etter litt, igjen klara å gle seg over livet. Ein gløymer ikkje, men sorga er ikkje lenger så tung. Barn i sorg Psykologane Magne Raundalen og Atle Dyregrov gjev desse råda: - fortel barnet om dødsfallet med det same. Informer nøyaktig. - fortel barnet at den døde aldri vil kome attende - fortel om gravferda - bruk ordet "død", ikkje "søvn" eller "reise" - snakk med barnet, sjølv om det kan vera vanskeleg - høyr på barnet sine tankar om det som hende - lat barnet teikna og leika det han/ho opplever og føler - om mogeleg, lat barnet sjå den døde - lat barnet vera med i gravferda, gje god støtte - ha minner framme, lag album, sjå på bilete og film - ta barnet med på vitjing på kyrkjegarden - unngå at barna vert skild frå foreldra, sjølv korte fråver kan skapa angst - prøv å ha eit så normalt familieliv som vanleg - aksepter auka trong for nærleik og kontakt hos barnet - motarbeid barnet sin angst for eigen og andre sin død - motarbeid barnet si eventuelle skuldkjensle for dødsfallet - lat barnet få uttrykkja både positive og negative kjensler overfor den som er død Me har nokre bøker til utlån på kyrkjekontoret, som omhandlar barn i sorg 8

Feste av gravplass Alle graver skal ha ein festar, ein som er ansvarleg for grava. Når ei kistegrav vert teke i bruk er det høve til å festa grav (reservera) ved sida av. Spørsmål om dette kan rettast til kyrkjeverja. Feste av grav kostar for tida kr. 75 pr. år, festebolken er 5 år. Etter 6 månader kan det setjast opp gravminne på grava. Sjå elles 3 i vedtekter for kyrkjegardane i Eidfjord. Gravlegat Dette er ei ordning for pårørande som ønsker at grava skal bli stellt, men som ikkje har høve til å syte for det sjølve: Festar betaler inn ein avtalt sum til eit gravlegat. Den innbetalte summen, med tillegg av renter, skal dekke utgifter til planting og stell av gravstaden. Kyrkjekontoret syter for at gravstellet vert utført og gjer eit årleg trekk fra gravlegatet etter gjeldande satser for stell. Ta kontakt med kyrkjeverja om dette er aktuelt. Sjå elles 8 i vedtektene for kyrkjegardane i Eidfjord. 9

Gjenbruk av eldre gravminne Eldre gravminne er ofte unike, og av svært god kvalitet. Det er mogeleg å nytte opp att gravminne som har vore i familien si eige, og soknerådet oppfordrar folk til å vurdere dette ved ny gravlegging. Det er også mogeleg å bruke oppatt graver Når ei grav er tretti år kan den nyttast til ny gravlegging. Sekstiårsgrensa for sletting av grav gjeld alltid frå sist gravlagd. Slik kan ein behalde ein familiegravstad gjennom fleire generasjonar. Ein kan sjølvsagt byte ut det gamle gravminnet, men fleire løysingar er mogelege om ein ønskjer å nytte dette oppatt. Framsida kan slipast ned og nye namn setjast inn, ein kan også la dei gamle namna stå og føye til nye. Slik kan same stein vise fleire generasjonar som er gravlagd i grava. 10

Telefonliste Kyrkja Eidfjord kyrkjekontor 53 66 52 51 Sokneprest Bjørn Tore Sæle 45 03 50 84 Kyrkjeverje Irene Viveli 95 74 37 97 Organist Kris Ulita 46 26 14 73 Kyrkjetenar Christian Bouvain 99 22 88 73 Kyrkjekontoret i Ullensvang 53 67 15 40 Sokneprest Njål Engmark 99 24 80 67 Lege- og omsorgstenesta Eidfjord legekontor 53 67 35 50 Legevakt utanom kontortid 56 52 60 03 Bygdaheimen 53 67 35 60 Krisetelefon, Kirkens SOS (døgnope) 81 53 33 00 Sosialkontoret 53 67 35 00 NAV Eidfjord Trygd 56 53 10 50 Lensmannen 53 65 15 00 Dødsannonse Hardanger Folkeblad 53 65 06 00 Hordaland 56 53 03 00 Trykkeri og gravferdstenester Hardanger Trykkservice 99 55 49 32 Digranes begravelsesbyrå 53 64 21 50 Vinsands gravferdsbyrå AS 56 51 11 94 Wollert Nordahl 56 52 64 47 Desse gravferdsbyråa er nemnt fordi dei er i nærleiken av Eidfjord. De står sjølvsagt fritt til å velge nokon som ikkje står på lista, dersom de ønsker det. 11

Eidfjord kyrkje Postboks 23 5786 EIDFJORD Tlf: 53 66 52 51 E-post: eidfjoso@online.no Informasjon om kyrkjene og kyrkjegardane finn du også på www.eidfjordkyrkje.no 12