PROTOKOLL Formannskapet Møtedato: 03.06.2014 Møtetid: Kl. 13:20 15:50 Møtestad: Ingebrigt Davik-huset, Saksnr.: 033/14-038/14 Brattvåg Medlemmer: H - Bjørn Sandnes FRP - Svein Harsjøen H - Rolf Longva H - Ewa Hildre KRF - Åge Vikestrand -- - Bente Åkre Rogne SP - Vebjørn Krogsæter UAVH - Astrid Ahrens Varamedlemmer: AP - Magnar Rønstad Forfall: AP - Trond Seth Av 9 medlemmer møtte: 8. Totalt frammøtte: 9 Møteleiar: Frå adm. møtte: Orientering: Sp.mål/interpell.: Diverse: Ordførar Bjørn Sandnes Rådmann Turid Hanken, utvalssekretær Elin A. Moen. Stabsleiar Per Langnes, økonomisjef Levi Lervik, rådgjevar Kåre Beite. Rådgjevar Kåre Beite ga ei kort orientering i samband med sak 35/14. Rådmann og økonomisjef orienterte om økonomiplanen 2015-2018. Det var ikkje innkome skriftlege spørsmål til møtet. Innkallinga har vore kunngjort i avisa, og medlemmene har fått innkalling pr. e-post for nedlastning til lesebrett. Det kom ikkje fram merknader til innkalling eller sakliste. I forkant av møtet vart det halde generalforsamling i Brattvåg tannlegekontor AS. Etter møtet vart det halde generalforsamling i Haram industrier AS i lokala deira på Hildre.
Sakliste Sak nr. Saktittel 033/14 Godkjenning av møtebok 13.05.14 034/14 TV-aksjonen 2014. Oppnemning av kommunekomité 035/14 Kommunale tenester - bruk av areal i bygg 036/14 Tertialrapporter 1. tertial 2014 037/14 Økonomiplan 2015 2018 038/14 Budsjettjustering - utvida aksjekapital Haram Bygdebok AS
033/14: Godkjenning av møtebok 13.05.14 Møtebok frå møtet 13.05.14 vert godkjent. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. FS-033/14 Vedtak: Møtebok frå møtet 13.05.14 vert godkjent. 034/14: TV-aksjonen 2014. Oppnemning av kommunekomité Haram formannskap gjer slikt val av kommunekomité i samband med TV-aksjonen 19.10.2014:. Ordføraren får fullmakt til oppnemne nye medlemmer ved søknader om fritak m.m. Formannskapet vedtek å løyve kr frå Haram kommune til TV-aksjonen 2014. Etter drøftingar vart det vedteke val av medlemmer til kommunekomiteen slik det går fram under vedtak. Det kom framlegg om å løyve kr 15.000,- til TV-aksjonen. Framlegget vart samrøystes vedteke. FS-034/14 Vedtak: Haram formannskap gjer slikt val av kommunekomité i samband med TV-aksjonen 19.10.2014: Eivind Davik, Fjørtoft Birgit Fjelle, Flemsøy/Skuløy Jarl Inge Haram, Haramsøy Trine Otterlei, Lepsøy Peter Odd Bjørkhaug, Hildre Gabriel Ølstørn, Brattvåg Aud Larsen, Brattvåg Svein Harsjøen, Tennfjord Åge Vikestrand, Vatne Bjørn Kårvatn, Vatne Bjørg Vestre, Vestrefjord Astrid H. Ahrens, Grytastranda Tordis Søvik Johansen, Søvik Ein representant frå Sparebanken Møre.
Ordføraren får fullmakt til oppnemne nye medlemmer ved søknader om fritak m.m. Formannskapet vedtek å løyve kr 15.000,- frå Haram kommune til TV-aksjonen 2014. 035/14: Kommunale tenester - bruk av areal i bygg Formannskapet rår kommunestyret til å gjere følgjande vedtak: 1. Kommunestyret godkjenner at heile 2. etg i den gamle sjukeheimen midlertidig vert teke i bruk til eigne formål. For resten av bygget vert det lagt til grunn utleige til eksterne brukarar. 2. Kommunestyret vedtek å gjennomføre utbetringstiltak i 2. etg på bygget for inntil 1.250.000 kr ex mva, slik det er skissert i saksutgreiinga. Kostnaden vert finansiert av omdisponering av løyvde midlar frå låneopptak. 3. Kommunestyret ber om eiga sak seinast i 2016 for å ta stilling til framtidig status og bruk av eigedommen med den gamle sjukeheimen. 4. Kommunestyret vedtek å bygge 4 bustadar i modulbygg på Dalebu. Kostnaden med ramme 3,6 mill kr ex mva vert finansiert med tidlegare vedteke låneopptak til psykiatribustadar, som vert dekt av leigeinntekter. 5. Kommunestyret vedtek å omdisponere tidlegare areal for dagaktivisering på Vesterheim til 2 leilegheiter. Kostnaden med ramme på 250.000 kr ex mva vert finansiert av omdisponering av løyvde midlar frå låneopptak, som vert dekt av leigeinntekter. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes tilrådd. FS-035/14 Tilråding: 1. Kommunestyret godkjenner at heile 2. etg i den gamle sjukeheimen midlertidig vert teke i bruk til eigne formål. For resten av bygget vert det lagt til grunn utleige til eksterne brukarar. 2. Kommunestyret vedtek å gjennomføre utbetringstiltak i 2. etg på bygget for inntil 1.250.000 kr ex mva, slik det er skissert i saksutgreiinga. Kostnaden vert finansiert av omdisponering av løyvde midlar frå låneopptak. 3. Kommunestyret ber om eiga sak seinast i 2016 for å ta stilling til framtidig status og bruk av eigedommen med den gamle sjukeheimen. 4. Kommunestyret vedtek å bygge 4 bustadar i modulbygg på Dalebu. Kostnaden med ramme 3,6 mill kr ex mva vert finansiert med tidlegare vedteke låneopptak til psykiatribustadar, som vert dekt av leigeinntekter. 5. Kommunestyret vedtek å omdisponere tidlegare areal for dagaktivisering på Vesterheim til 2 leilegheiter. Kostnaden med ramme på 250.000 kr ex mva vert finansiert av omdisponering av løyvde midlar frå låneopptak, som vert dekt av leigeinntekter. 036/14: Tertialrapporter 1. tertial 2014 Formannskapet rår kommunestyret til å gjere slikt vedtak:
Kommunestyret tek tertialrapport for 1. tertial 2014 til vitande. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes tilrådd. FS-036/14 Tilråding: Kommunestyret tek tertialrapport for 1. tertial 2014 til vitande. 037/14: Økonomiplan 2015-2018 Formannskapet rår kommunestyret til å gjere slikt vedtak: Handlingsprogrammet og økonomiplanen for perioden 2015-2018 skal leggast til grunn for aktivitetsstyring og økonomisk opplegg for dei einskilde åra i perioden. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes tilrådd. FS-037/14 Tilråding: Handlingsprogrammet og økonomiplanen for perioden 2015-2018 skal leggast til grunn for aktivitetsstyring og økonomisk opplegg for dei einskilde åra i perioden. 038/14: Budsjettjustering - utvida aksjekapital Haram Bygdebok AS Formannskapet vil rå kommunestyret til å gjere slikt vedtak: Kommunestyret vedtek å auke aksjekapitalen i Haram Bygdebok AS gjennom ei endring av budsjettet for 2014 frå 1 million til 2 millionar. Samla aksjekapital i selskapet vert etter endringa 9,5 millionar. Auken vert finansiert frå investeringsfondet. Haram kommunestyre ber Haram Bygdebok AS om ei fullstendig orientering på status i framdrifta av prosjektet, og vidare økonomibehov fram til avslutning av prosjektet. Ein ber om at dette vert lagt fram innan våren 2015. Ordføraren opplyste om at han var styreleiar i Haram bygdebok AS. Vebjørn Krogsæter,SP kom med framlegg om å endre siste setning til: Ein ber om at dette vert lagt fram innan april 2015. Ved røysting vart rådmannen sitt framlegg med endringsframlegget frå V. Krogsæter samrøystes tilrådd. FS-038/14 Tilråding:
Kommunestyret vedtek å auke aksjekapitalen i Haram Bygdebok AS gjennom ei endring av budsjettet for 2014 frå 1 million til 2 millionar. Samla aksjekapital i selskapet vert etter endringa 9,5 millionar. Auken vert finansiert frå investeringsfondet. Haram kommunestyre ber Haram Bygdebok AS om ei fullstendig orientering på status i framdrifta av prosjektet, og vidare økonomibehov fram til avslutning av prosjektet. Ein ber om at dette vert lagt fram innan april 2015.