Midsund kommune Møteprotokoll Utval: Formannskapet Møtestad: Kantina, Kommunehuset Dato: 01.12.2009 Tid: 13:00 Faste medlemmar som møtte: Namn Funksjon Parti Magne Reiten NESTL SP Frits Inge Godø MEDL V Helge Orten LEDER H Aslaug Jenset Sanden MEDL H Faste medlemmar som ikkje møtte: Namn Funksjon Parti Line Akselvoll MEDL AP Varamedlemmar som møtte: Namn Vara for: Parti Reidar Tangen Line Akselvoll TVP Frå administrasjonen møtte: Namn Geir Göncz Anne Oterhals Eva Tangen Stilling Rådmann Økonomisjef Sekretær Underskrift: Vi stadfestar med underskriftene våre at møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Helge Orten Aslaug J. Sanden Frits Inge Godø Sign Sign Sign Magne Reiten Sign Reidar Tangen Sign
SAKSLISTE Saksnr Innhald Arkivsaknr PS 09/75 PS 09/76 PS 09/77 PS 09/78 PS 09/79 Godkjenning av protokoll Referatsaker Delegerte saker Budsjett 2010 - Økonomiplan 2010-2013 (NB! Saka blir ettersendt) Husleiesatsar 2010 - Omsorgsbustadar 300 og 500 serien, Fjordstua og Lønn 2009/465 2009/573 Midsund, 24.11.09 Helge Orten Ordførar Frank Westad Sekretær
PS 09/75 Godkjenning av protokoll Møteprotokoll av 10.11.09 vart samrøystes vedteke. Møteprotokoll av 10.11.09 vart samrøystes vedteke. PS 09/76 Referatsaker Det var ikkje referatsaker oppe i møte. PS 09/77 Delegerte saker Det var ikkje delegerte saker oppe i møte. Eventuelt / Open post: Orienteringar frå Rådmannen; Einingsleiar ved Raknes skule, Sissel Henriksen, har søkt permisjon fram til sommaren. Jonas Storvik konstituert i hennar fråvær. Det blir tilsyn i barnehagane i slutten av desember, utført av kommunen som eigar. Spørsmål frå Magne Reiten (SP) vedr. framtidsplan ny sentralskule Rådmannen orienterte om tidsplanen, med byggestart av første byggetrinn hausten 2010. Rådmannen distribuerer framtidsplan til kommunestyret. Spørsmål frå Reidar Tangen (TVP) vedr. funksjon til byggenemnd oppnevnt i forbindelse med budsjett 2009. Ordføraren orienterte om at han ikkje har kalla byggenemnda spesielt, men har valt å orientere formannskap og kommunestyre fortløpande når der har vore utvikling i saka.
Spørsmål frå Magne Reiten vedr. ambulansekai på Sundsbøen. Ordføraren orienterte om manglande svar på sine henvendelsar til Helseforetaket, vedr. avklaring av anbud med vidare. Det kan vere aktuelt med kortsiktige løysningar som gjer forholda på Sundsbøen betre. PS 09/78 Budsjett 2010 - Økonomiplan 2010-2013 Forslag til vedtak: 1. Midsund kommunestyre vedtek budsjett 2010 og økonomiplan 2010 2013 i samsvar med framlegg frå formannskapet med dei endringar som er vedtatt i kommunestyret. 2. Budsjettet er bindande for drifta i kommunen. Rådmannen vert gitt fullmakt til budsjettendringar mellom einingane i kurante saker. 3. Til finansiering av investeringar i 2010 tek Midsund kommune opp lån på 44,8 million kroner. Rådmannen vert gitt fullmakt til å gjennomføre låneopptak. 4. Om ikkje anna følgjer av statlege direktiv med vidare skal midsund kommune sine avgifter, betalingssatsar og gebyr for 2010 normalt indeksregulerast i høve forventa lønns- og prisvekst på 3,1 %. 5. Kommunestyret ber rådmannen førebu grunnlaget for innføring av eigedomsskatt frå 2011. Rådmannen orienterte om sitt valg om å leggje inn eigendomsskatt i budsjett og økonomiplan, grunna endra forutsetningar og rammevilkår, jamfør saksutgreiing. Økonomisjefen gjekk gjennom økonomiplanen. Ved gjennomgang av tabellen Hovudutskrift drift, side 9, vart det opplyst at ein manglar diftstal/budsjett frå Teknisk. Økonomisjefen ba formannskapet sjå vekk frå denne foreløpig. Dette skal vere på plass ved behandling i kommunestyret 17.12.09. Vedr. lånegjeld, side 6, første linje, skal det vere endring frå år 2011 til år 2010. Formannskapet kom med sine signal og hadde spørsmål rundt økonomiske rammer i drifta. Helge Orten (H) la fram alternativt forslag til vedtak; Nytt pkt. 1: Midsund kommunestyre vedtek budsjett 2010 og økonomiplan 2010 2013 slik det er framlagt i formannskapsmøte 01.12.09, men med følgande endringar: a) Berekna eigedomsskatt på kr. 2 000 000,- i 2011, kr. 2 300 000,- i 2012 og kr. 2 300 000,- i 2013 blir tilbakeført. b) Forventa vekst i skatt/rammetilskot blir auka med kr. 1 000 000,- i 2011, kr. 1 000 000,- i 2012 og kr. 2 000 000,- i 2013.
c) Det blir lagt inn eit kutt i driftsrammene med kr. 500 000,- i 2011, 2012 og 2013. Kutta blir inntil vidare lagt til planområde 1, men ei nærare fordeling vil bli gjort ved utarbeiding av budsjett og økonomiplan for perioden 2011 2014. d) Avsetting og bruk av disposisjonsfond blir som følgjer: 2010 som forslag til budsjett. Bruk av disposisjonsfond med kr. 225 000,- i 2011, avsetting til disposisjonsfond med kr. 688 000,- i 2012 og kr. 696 000,- i 2013. Punkt 2, 3 og 4 som forslag. Pkt. 5 utgår. Votering: Høgres forslag til vedtak vart sett opp mot rådmannens forslag til vedtak. Forslag frå Høgre vedteke med 4 mot 1 stemme. Helge Orten (H) la fram følgjande forslag til nytt punkt 6; Kommunestyret ber rådmannen utgreie følgjande og legge det fram for kommunestyret i rimelig tid før behandling av budsjett og økonomiplan for 2011 2014: a) Organisere VA-området i ei eiga eining (KF eller anna modell) med eit eige styre, alternativt som ein del av ei interkommunal ordning. b) Gradvis redusere talet på fast tilsette i vedlikehaldsavdelinga og i større grad basere seg på kjøp av tenester. Målet må være større grad av fleksibilitet og mindre behov for å investere i eige utstyr. c) Administrative, kvalitative og økonomiske konsekvensar vedkjøp av reinhaldstenester frå eksterne leverandørar. Votering: Høgres forslag til vedtak vart samrøystes vedteke. Felles forslag frå formannskapet til nytt punkt 7; 1. Endring Investeringsbudsjett 2010 2013 Gravemaskin Teknisk vert utsett til år 2011 Strøapparat Teknisk vert utsett til år 2011 Bil til uteavdelinga Teknisk vert utsett til år 2012 Ambulansekai Sundsbøen, kr. 500 000,-, år 2010 Tilrettelegging Bustadfelt, kr. 1 000 000,- år 2012 og år 2013 Votering: Felles forslag til vedtak vart samrøystes vedteke.
1. Midsund kommunestyre vedtek budsjett 2010 og økonomiplan 2010 2013 slik det er framlagt i formannskapsmøte 01.12.09, men med følgande endringar: a) Berekna eigedomsskatt på kr. 2 000 000,- i 2011, kr. 2 300 000,- i 2012 og kr. 2 300 000,- i 2013 blir tilbakeført. b) Forventa vekst i skatt/rammetilskot blir auka med kr. 1 000 000,- i 2011, kr. 1 000 000,- i 2012 og kr. 2 000 000,- i 2013. c) Det blir lagt inn eit kutt i driftsrammene med kr. 500 000,- i 2011, 2012 og 2013. Kutta blir inntil vidare lagt til planområde 1, men ei nærare fordeling vil bli gjort ved utarbeiding av budsjett og økonomiplan for perioden 2011 2014. d) Avsetting og bruk av disposisjonsfond blir som følgjer: 2010 som forslag til budsjett. Bruk av disposisjonsfond med kr. 225 000,- i 2011, avsetting til disposisjonsfond med kr. 688 000,- i 2012 og kr. 696 000,- i 2013. 2. Budsjettet er bindande for drifta i kommunen. Rådmannen vert gitt fullmakt til budsjettendringar mellom einingane i kurante saker. 3. Til finansiering av investeringar i 2010 tek Midsund kommune opp lån på 44,8 million kroner. Rådmannen vert gitt fullmakt til å gjennomføre låneopptak. 4. Om ikkje anna følgjer av statlege direktiv med vidare skal midsund kommune sine avgifter, betalingssatsar og gebyr for 2010 normalt indeksregulerast i høve forventa lønns- og prisvekst på 3,1%. 5. Punkt 5 utgår. 6. Kommunestyret ber rådmannen utgreie følgjande og legge det fram for kommunestyret i rimelig tid før behandling av budsjett og økonomiplan for 2011 2014: a) Organisere VA-området i ei eiga eining (KF eller anna modell) med eit eige styre, alternativt som ein del av ei interkommunal ordning. b) Gradvis redusere talet på fast tilsette i vedlikehaldsavdelinga og i større grad basere seg på kjøp av tenester. Målet må være større grad av fleksibilitet og mindre behov for å investere i eige utstyr. c) Administrative, kvalitative og økonomiske konsekvensar vedkjøp av reinhaldstenester frå eksterne leverandørar. 7. Endring Investeringsbudsjett 2010 2013 o Gravemaskin Teknisk vert utsett til år 2011 o Strøapparat Teknisk vert utsett til år 2011 o Bil til uteavdelinga Teknisk vert utsett til år 2012 o Ambulansekai Sundsbøen, kr. 500 000,-, år 2010 o Tilrettelegging Bustadfelt, kr. 1 000 000,- år 2012 og år 2013 PS 09/79 Husleiesatsar 2010 - Omsorgsbuatadar 300 og 500 serien, Fjordstua og Lønn Forslag til vedtak: 1. Midsund kommune vedtek å dei nye husleigesatsane (tabell) for 2010.
2. For dei leietakarane som ikkje får ny husleigesats (tabell) frå 01.01.09, skal det vere ein husleigeauke på 3,1 %, (dette på grunn av gjennomføringstidspunkt blir ulik for leietakarane, jfr. 4-3 i husleieloven). 3. Husleiga i åra framover frå 2011 blir regulert etter Midsund kommune sin prisstigning for kvart år. Formannskapet justerte teksten i forslag til vedtak; Fjerne å frå setningen i punkt 1. Endre dato i første setning i punkt 2. til 01.01.10. Endre punkt 3. til Husleiga i åra framover frå 2011 blir regulert i tråd med konsumprisindeksen. Samrøystes som forslag til vedtak, med dei endringar som beskreve ovanfor. 1. Midsund kommune vedtek dei nye husleigesatsane (tabell) for 2010. 2. For dei leietakarane som ikkje får ny husleigesats (tabell) frå 01.01.10, skal det vere ein husleigeauke på 3,1 %, (dette på grunn av gjennomføringstidspunkt blir ulik for leietakarane, jfr. 4-3 i husleieloven). 3. Husleiga i åra framover frå 2011 blir regulert i tråd med konsumprisindeksen.