Møteprotokoll Utval: Ungdomspanelet Møtestad: Eidsvåg Fjordhotell Dato: 17.01 19.01.2014 Tid: 17:00 Protokoll nr: 1/2014 Faste medlemer som møtte: Funksjon Representerer Sjur August Waagbø Leiar Åse Kristin Ask Bakke Nestleiar Marcus Svenning Audun Moen Skei Even Hendseth Marthe Emilie Hansen Faste medlemer som ikkje møtte: Funksjon Georg Michaelis Solveig Buvik Sønderland Oda Monsen Varamedlemer som møtte: Aurora Dimmen Bratli Eldbjørg Lervik Osen Rebekka S. Hansen Malin Vartdal Møtte for Varamedlemer som ikkje møtte: Møtte for Torgeir Vestre Frå administrasjonen møtte: Monica Molvær Ingunn Bekken Sjåholm Ingvild Dverseth Sæter Sekretariat: Ingunn Bekken Sjåholm Stilling Elev- og lærlingombod Seksjonsleiar adm.seksjon informasjonsrådgivar Stilling Seksjonsleiar
Saksnr UP 1/14 UP 2/14 Innhald Førebuing til kurs, taleteknikk og ung i politikken Gjennomgang av handlingsprogrammet til Ungdomspanelet (UP) og fordeling av arbeidsområde 2 Eventuelt Denne samlinga var ungdomspanelet sitt oppstartsseminar, og både faste- og varamedlemer var kalla inn. Fredag 17. januar Møtet vart sett kl 17.00 med seks faste medlemer og fire varamedlemer til stades. Ingeborg Ellen Forseth, som er nytilsett ung-koordinator, var med på starten av møtet og presenterte seg sjølv. Ho startar i stillinga 1. april. Ingunn B. Sjåholm heldt deretter ei orientering om fylkeskommunen som regionalpolitisk aktør, og om korleis ungdomspanelet kan påverke politiske avgjersler. Etter middag var det mediekurs med Ingvild D. Sæter frå informasjonsseksjonen i fylkeskommunen. Kurset inneheldt både ei orientering og praktiske oppgåver slik som å skrive pressemelding og snakke framfor eit filmkamera. Møtet vart heva kl 20.30. Laurdag 18. januar Møtet starta kl 09.00. Elev- og lærlingombod Monica Molvær heldt kurs i taleteknikk og møteleiing. Kurset sette fokus på mange av utfordringane som UP vil møte i løpet av året. Alle hadde førebudd eit tema dei presenterte for resten av gruppa, det vart øvd på framføring og gitt konstruktive tilbakemeldingar. Kl 12.00 kom Guro Aarstad Villa, Ragnhild Frydenlund, Marie Solgard og Vibeke Remmen frå Ungdommens kommunestyre i Nesset, samt ordførar i Nesset kommune, Rolf Jonas Hurlen (H), til møtet. Åse Kristin Ask Bakke og Marcus Svenning haldt ei orientering om ungdomspanelet i Møre og Romsdal. Kl 12.30 spaserte alle til Nesset prestegård. Vel framme på låven gav Bjørn Ølander frå Romsdalsmuseet ei kort orientering om garden og Bjørnstjerne Bjørnson. Leiar i ungdomspanelet Sjur August Waagbø overrekte prisen for Årets ungdomskommune til ordførar i Ungdommens kommunestyret i Nesset, Vibeke Remmen. Ordførar Rolf Jonas Hurlen (H) orienterte deretter litt om kommunen sitt ungdomsarbeid. Kulturleiar i Nesset kommune Turid Leirvoll Øverås og folkehelsekoordinator Mari Husan hadde ordna mat og ein artig rebuskonkurranse for alle som var med. Kl 14.45 haldt ungdomspanelet fram med kurset i taleteknikk på Eidsvåg fjordhotell.
Kl 16.15 starta ungdomspanelet arbeidet med ein teamkontrakt. Det vart først jobba i grupper med denne, og så vart resultata herfrå diskutert i plenum. Ungdomspanelet vart einige om at følgjande teamkontrakt skal gjelde for dei: 3 1: Svært enig, 2: Enig, 3: Nøytral, 4: Uenig, 5: Svært uenig Utsagn 1 2 3 4 5 Gruppen må ha en leder som styrer diskusjonen fast og disiplinert Gruppen bør avgjøre tvilsspørsmål ved flertallsavgjørelser Gruppen kan ikke akseptere at medlemmer ikke gjør sin del av oppgavene Ingen må få dominere diskusjonen. Det er viktig at alle får legge frem sitt syn på saken og at ingen er tause Det må være opp til hver enkelt hvor mye arbeid de vil legge i det felles teamarbeidet Hvis noen i panelet vet mye om det som diskuteres, har de rett til å ta ledelsen og føre ordet Gruppen klarer seg best uten leder (fra UP) Den som oppdager problemer har ansvar for å ta det til leder/koordinator, ev. til felles diskusjon Det er best om alle alltid får legge frem sitt syn på en sak (uansett om det samme allerede er sagt) Gruppemedlemmene får selv bestemme hvilke oppgaver de vil ta på seg. Hvis ingen vil, kan leder og nestleder få delegere slik de ser det er best Alle må være forberedt på å jobbe utenom møter Vi må respektere ulikhet og ulik kompetanse Koordinator har når som helst rett til å bryte en diskusjon i ungdomspanelet når koordinator ser det hensiktsmessig Kl 18.00 haldt Monica Molvær foredrag om det å vere ung i politikken, der ho mellom anna var innom temaa rollemodellar, engasjement, leiing og struktur i arbeidet. Møtet vart heva kl 19.30.
Søndag 19. januar 4 Møtet starta kl 09.00. 1/14 Førebuing til kurs, taleteknikk og ung i politikken Ungdomspanelet- 17.01.2014 Sjå innleiinga. 3/14 Oppheving av permisjon for Georg Michaelis Sjur A. Waagbø viste til melding frå Georg Michaelis om at han er tilbake i fylket, og ønskjer å tre inn i vervet som medlem i UP igjen Permisjonen til Georg Michaleis, vedtatt i sak UP 16/13, blir oppheva, da permisjonsgrunnen ikkje lenger er til stades. 4/14 Arbeidsgruppe for internasjonalt prosjekt Monica Molvær viste til samtale med internasjonal rådgivar Trond Myrland, der han bad om at UP vel 2 eller 3 personar til å sitte i ei arbeidsgruppe. Marcus Svenning og Oda Monsen blir valt til å sitte i arbeidsgruppa for internasjonalt prosjekt. Dersom ein representant til frå UP, med relativt kort reiseveg til Molde, ønskjer å vere med, er det rom for det. Vedkommande gir beskjed til Oda. 5/14 Deltaking på ruskonferanse Sjur A. Waagbø viste til invitasjon frå ACTIS rusfeltets samarbeidsorgan, om å delta på fagdag i Molde den 15. februar, og han oppmoda nokon frå UP til å delta. Marthe Emilie Hansen og Aurora Dimmen Bratli deltek på ACTIS sin dagskonferanse om ruspolitikk. 6/14 Deltaking på konferansen "Berre bli sett, men ikkje høyrt"
5 Sjur A. Waagbø viste til invitasjon frå plan- og analyseavdelinga i fylkeskommunen om å delta på konferanse om barn og unge i planlegginga den 5.-6. februar i Molde. Åse Kristin Ask Bakke skal halde foredrag på konferansen. Det kom fram at både Even Hendseth og Audun Skei allereie er påmeldt konferansen av sine kommunar. Åse Kristin Ask Bakke, Even Hendseth og Audun Skei deltek på konferansen. Dersom fleire kan vere med, sei ifrå til ingunn.bekken.sjaholm@mrfylke.no. 7/14 Oppfølging av førespurnad frå Aure kommune Sjur A. Waagbø viste til e-post frå den nye ungdomskoordinatoren i Aure kommune, og refererte svaret han hadde sendt. Det vart tatt ein runde rundt bordet på korleis ein kan skape blest om deltaking i ungdomsråd, og om ulike valordningar. Marcus Svenning og Eldbjørg Lervik Osen tek kontakt med ungdomsrådet i Aure kommune, og inviterer seg dit til eit møte. Saka blir teke opp att på neste møte i UP, der utvalet får ein rapport om kva som skjer i Aure. 2/14 Gjennomgang av handlingsprogrammet til Ungdomspanelet (UP) og fordeling av arbeidsområde Ungdomspanalet gikk gjennom handlingsprogrammet punkt for punkt, og fordelte oppgåvene. I protokollen frå møtet i desember, sak UP 28/13 om fordeling av hovudutval, står Aurora Dimmen Bratli oppført på to hovudutval. Aurora blir stroke frå Regional- og næringsutvalet, og Georg Michaelis blir ført opp i staden. I protokollen frå møtet i desember, sak UP 29/13 om fordeling av ansvarskommunar, er Haram og Sandøy ikkje teke med. Desse vil Åse Kristin Ask Bakke følgje opp. Ungdomspanalet gikk gjennom handlingprogrammet punkt for punkt, og fordelte oppgåvene. Ungdomsdemokrati Ansvar ha tett kontakt med ungdomsråda og følgje opp Alle arbeidet dei gjer, slik at ein lettare kan sørgje for at alle ungdomsråda fungerer strålande. UFT meiner at Ungdomspanelet må gjere det enklare for ungdomsråda å ta kontakt med UP. tilby skoleringar og foredrag som ein del av Alle skal besøke «sine»
arbeidet opp mot ungdomsråda. oppfordre ungdomsråda til å gjennomføre ein meir demokratisk valprosess. Utdanning jobbe for å betre og utvikle undervisningsevalueringa følgje opp nettbrett-prosjektet på Sunndal vgs og pc-ordninga jobbe for at elevane er betre kjent med sine rettar og klagemoglegheiter, spesielt med tanke på det fysiske og psykososiale arbeidsmiljøet 6 kommunar i løpet av året. Sjur, Oda, Torgeir og ev. nokon frå Kristiansund lagar ei A4-side med tips til korleis drive ungdomsråd i større kommunar. Marcus og Eldbjørg lagar tilsvarande oversikt for ungdomsråd i mindre kommunar. Alle. Blir tema på møtet i UP 28. febr. Audun og Rebekka Åse Kristin Alle Ved spørsmål om rettar og klager kan alle ta kontakt med Monica eller be eleven ta direkte kontakt via ungweb eller e-post. arbeide for å innføre anonym retting av prøver Audun og Rebekka undersøke moglegheitene for at elevane deltek i Audun og Rebekka tilsettinga av lærarar jobbe for at flest mogleg lærarar får tilbod om Audun og Rebekka etter- og vidareutdanning jobbe for eit betre samarbeid med Elevorganisasjonen i Møre og Romsdal Marthe tek kontakt med Asgeir for å finne ut kva som skjedde med henvendinga frå elevorganisasjonen som ungdomspanalet fekk i haust. Marthe orienterer på møtet 28. febr. jobbe for betre seksualundervisning og betre informasjon rundt voldtekt og homofili Ungdomspanelet skal jobbe for å styrke nynorskopplæringa i fylket Førebyggande arbeid jobbe for at alle lærarar skal kunne grunnleggjande førstehjelp jobbe for tryggleik til sjøs, jf. vedtak i sak UFT- 7/12 Monica inviterer SMISO til neste møte 28. febr. Homofiles organisasjon vil bli invitert til eit seinare møte. Monica inviterer ass. fylkesutdanningssjef Rune S. Opstad til møtet 28. febr. for å få status i saken. Monica inviterer ass. fylkesutdanningssjef Rune S. Opstad til møtet 28. febr. for å få status i saken. Åse Kristin og Aurora i samarbeid med Redningsselskapet
Samferdsel arbeide for at omsynet til dei mjuke Marcus og Even trafikantane blir ivareteke jobbe for å betre skysstilbodet til elevar i Marcus og Even vidaregåande opplæring jobbe for at ungdomskortet fungerer på ferjer Marcus og Even Ungdomspanelet skal jobbe for elektronisk Marcus og Even betaling på kollektivtransport i fylket. Særleg med tanke på buss halde fram arbeidet med utviklinga av Trygt Marcus og Even heim for ein 50-lapp -satsinga arbeide for at alle store kommunar skal innføre nattbuss viss «Trygt heim for ein 50-lapp» er ugunstig Marcus og Even Oppfølging av vedtak frå UFT 2013 Andre saker Ungdomspanelet skal evaluere arbeidsrutinene Sjur sine og finne ut om arbeidsdokumenta kan gjerast på ein betre måte, i form av politisk måldokument eller ei samla oversikt over tidlegare vedtak Ungdomspanelet skal jobbe for å leggje til rette Alle for ein bustadsmarknad tilpassa unge Ungdomspanelet skal jobbe for at alle har Sjur moglegheit til å nytte seg av E-val Ungdommens Fylkesting bør arrangerast i årets ungdomskommune om dette er praktisk mulig Ikkje mogleg å ha UFT i Nesset, finnes ikkje stort nok hotell. Adm legger UFT ut på anbod 7 I protokollen frå møtet i desember, sak UP 28/13 om fordeling av hovudutval, står Aurora Dimmen Bratli oppført på to hovudutval. Aurora blir stroke frå Regional- og næringsutvalet, og Georg Michaelis blir ført opp i staden. I protokollen frå møtet i desember, sak UP 29/13 om fordeling av ansvarskommunar, er Haram og Sandøy ikkje teke med. Desse vil Åse Kristin Ask Bakke følgje opp. 8/14 Oppfølging av ansvarskommunar Sjur A. Waagbø viste til handlingsprogrammet, og hadde førebudd spørsmål som UP skal sende til sine ansvarskommunar. UP gikk igjennom spørsmåla. Følgjande spørsmål skal stillast til ungdomsråda i kommunane: 1. Har dykk ein koordinator? 2. Korleis blir medlemene i ungdomsrådet/ungdommens kommunestyre valt?
3. Har dykk nok å gjere? 4. Kor mange medlemer er det i ungdomsrådet/ungdommens kommunestyre (faste og vara)? 5. Korleis er alderssamansetninga i rådet? (dei som sit no, og kva står i ev. i reglementet)? 6. Er det godt oppmøte på møta? Kjem ungdommen når de arrangerer ting? 7. Veit ungdommen i kommunen at de finst? 8. Blir de høyrt av kommunepolitikarane? 8 Svara frå kommunane skal leggjast inn på fellesdokument på google-docs. Dette skal vere klart før møtestart den 28. februar. Når det gjeld Sykkylven kommune, skal Torgeir Vestre og Rebekka Hansen invitere seg på eit møte dit. Rapport frå besøket blir gitt på neste møte. Når det gjeld Hareid kommune, skal ungdomspanelet sende brev til rådmann og ordførar. Andre saker som var tema på møtet: Ungdomspanelet ønskjer tilsendt på e-post ein mal for reiserekning der det er gula ut felta dei skal fylle ut. Bruk av google-docs. Alle må laste ned google-drive. På møtet vart medlemer i gruppa oppdatert. Det vil bli laga ei mappe på google-docs der alle høyringssvar som UP gir skal samlast. Møtet var ferdig kl 14.00.