Fjell kommune: Postadresse: Besøksadresse: E-post: www.fjell.kommune.no www.fjell.kommune.no

Like dokumenter
Fjell kommune Copyright Design og Layout: Telefon: Postadresse: Besøksadresse: E-post:

KOLLEKTIVPRIORITERING // VERDISKAPING // TRYGGLEIK // MILJØ

Sotrasambandet. Eit viktig grunnlag for framtidig vekst og utvikling i Bergensregionen FØRESETNAD FOR TRYGGLEIK OG BEREDSKAP

Velkomen til Fjell kommune

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Velkomen til Fjell kommune

Investeringsbehov dei neste 5-10 åra

Kvar står vi og kvar går vi når det gjeld idrett og fysisk aktivitet i Fjell?

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

VINJE KOMMUNE. Møteinnkalling. Utval Stad Dato Kl. Referat og meldingar Drøftingssaker til rådet for eldre og funksjonshemma til møtet

Til veljarane i Tysnes

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

Øyriket i vest Samhandlingsreforma i praksis Presentasjon for Eldrerådskonferansen i Hordaland

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

Eit liberalt Sund. «Mennesket er viktigare enn systemet. Venstre prioriterer folk først.»

Frå visjon til realitet November 2012

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Politisk program for Jølster KrF

VALPROGRAM LEIKANGER SENTERPARTI

SUND KOMMUNE. Innhald. Dok.dato: Vår Ref: 17/ Arkiv:

Fjell Venstre. Program

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

Ål Venstre. Ål Venstre

Janne Mo Sjef i eige liv korleis kan kommunen møte eldre sine behov i framtida?

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Program for. Masfjorden Venstre. for perioden

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Hemsedal KRF Program

Implementering med kvalitet

Forum for regionsenterkommunar Helsesjef i Fjell, Terje Handal

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

Samhandling i praksis

Samnanger. der du vil leva og bu Kommuneplan

SOGN driftig raus ekte

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Sjef i eigen heim korleis kan kommunen møte eldre sine behov i framtida

Fase 1: Transformasjon av Straume- området. Fase 2: Utbygging av en ny bydel - Bildetangen

SULDAL VENSTRE. Ulike menneske treng ulike løysingar for å ha eit godt liv. Venstre tenkjer FOLK FØRST.

Næringsliv i Berge g ns n regi g o i n o e n n

Regional plan for attraktive senter i Hordaland. Kap. 3 Tenester, arbeidsplassar og kulturtilbod Marit Rødseth, plansjef,

GODT Å MYKJE Å KJEKT Å

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

Bygdemøte på kommuneplanen januar -2013

Tiltaksplan

Austevoll Venstre. Program _Programmal 2011 A5 8s.indd

Program for Masfjorden Venstre

FÅ FART PÅ SVEIO ME TEK SVEIO VIDARE KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE

Utkast til program Meland Høgre 2015

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30 14:15

Ei samla bygd. Sogndal Arbeidarparti sitt kommuneprogram

Sogndal Arbeidarparti. Valprogram

Regional plan for attraktive senter - ein statusrapport. Plansjef, Marit Rødseth Byregionprogrammet 20.april 2018

Regional plan for attraktive senter i Hordaland. Kap. 3 Tenester, arbeidsplassar og kulturtilbod - helsetenester Marit Rødseth, plansjef,

Program for

Å utvikle og drifte spennende og fremtidsrettede helsetjenester er en kontinuerlig prosess

Helse- og omsorgstenester i framtida - Solstrand

Program OSTERØY HØGRE

«Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy sitt framlegg til utgreiing av ny kommune

Programmet til Jølster Arbeidarparti byggjer på dei sosialdemokratiske prinsippa om FRIDOM LIKEVERD SOLIDARITET

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

FJELL KOMMUNE Rådmannen Dato: Vår ref.: 2013/ /2013 Ark.kode:

rategi og dsjettseminar strand hotell

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref John Tveit 16/343-56

Program for. Årdal Venstre

Kommunplan Vik Kommune Arealdelen

«Nordhordland kommune»

Bygd, reiseliv og universell utforming felles og same sak

Høyringsbrev: Oppstart av planarbeid og utlegging av planprogram for kommunedelplan for trafikksikring

Partiprogram for Osterøy Sosialistisk Venstreparti

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Kor mange blir vi i Hordaland? Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

Frivilligpolitisk plattform

Idrett og fysisk aktivitet. Rullering av handlingsplanen 2016

Sykkelbyavtale for regionsenteret Straume (Fjell kommune)

Sogn Regionråd, 19. mars 2014

Velferd i fellesskap. Stig Holmstrøm. Ordførarkandidat

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

STOR FELLES ARBEIDS- MARKNAD OG VARIERT ARBEIDSLIV

Trafikkavviklingsplan: sykkel-vm i Fjell Kommune

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

Arbeidsprogram

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Dei Grøne vil gi lokaldemokratiet større armslag, og gi innbyggjarane i Haram meir påverknad på dei sakane som vert avgjorde lokalt.

Kommunereforma - eit val mellom to alternativ

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

Transkript:

Fjell kommune: tlf 55 09 60 00 Postadresse: Fjell kommune, Postboks 184, 5342 Straume Besøksadresse: Foldnesvegen 1, Fjell rådhus, 5354 Straume E-post: postmottak@fjell.kommune.no www.fjell.kommune.no www.fjell.kommune.no

OM FJELL Fjell kommune er eit moderne og pulserande øysamfunn vest for Bergen med vel 24 tusen innbyggjarar. Fjell er ein nærings- og tilflyttingsvennleg kommune. Naturen i Fjell er forma av vér og vind. Lyngheiar og svaberg, blenkjande vatn og ope hav byr på gode opplevingar. FJELL KOMMUNE I Fjell kommune arbeider om lag 1500 arbeidstakarar for at samfunnet vårt skal vera godt og tenleg for alle. Vi har ansvaret for: sosial-, helse- og omsorgstenester frå fødsel til død barn i barnehagar og grunnskule vedlikehald av kommunale vegar og anna infrastruktur fritids- og kulturtilbod i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar regulering og planlegging av lokalsamfunnet oppfølging av politiske vedtak og sentrale pålegg tilrettelegging for eit framtidsretta næringsliv

Framtidsretta næringsliv basert på olje, teknologi, fiskeri/havbruk, handel/service EKSPANSIVT NÆRINGSLIV Det ekspansive næringslivet i Fjell er basert på olje, teknologi, fiskeri/havbruk og service. Kystbasen CCB og Ågotnes industriområde er det viktigaste senteret for service og forsyningstenester til oljeverksemder i Nordsjøen. NCE Subsea er etablert på Ågotnes og hjelper til å styrkja og internasjonalisera undervassindustrien i bergensregionen.

FISKERI OG HAVBRUK STRAUME NÆRINGSPARK Like sør for Straume sentrum/sotra Kystby ligg Straume Næringspark. Dette har utvikla seg til eit industri- og handelsområde med eit breitt utval av varierte tenester og produkt. Fjell kommune har ein lang og rik fiskerihistorie. I tillegg til fleire fiskeoppdrettskonsesjonar, er fiskeri ei viktig næring i Fjell. Fiskeriet rommar både store havgåande fiskebåtar og mindre fartøy til bruk langs kysten.

Frå strilaland til kystby På Straume har Sartor Storsenter utvikla seg til å verta det åttande største handlesenteret i Noreg. Kommunesenteret Straume er peika ut som regionsenter, og ein er i full gang med å byggja ut eit heilt nytt bysentrum på Straume som skal knytast saman med den nordre delen av Bildøyna. I tillegg til å gje eit godt handelstilbod, skal Sotra Kystby møta nye krav til tilpassa bustader og kulturtilbod. Sotra Kystby kombinerer bustader, handel, kultur og offentlege tenester. SOTRA KYSTBY SOTRA KYSTBY REISER SEG

Framtidsretta undervisning Om lag 30 prosent av befolkninga i Fjell er under 20 år. Med fleire grunnskular, kulturskule, vaksenopplæring, vidaregåande skule, høgskuleavdeling og to privatskular er det eit variert og godt oppveksttilbod i Fjell kommune. Dette gjev eit Levande lokalsamfunn og gode oppvekstvilkår. Framtidsskulen i Fjell har fundamentet i handlingsplan for skulen. Endringar i samfunnet, som digitalisering, urbanisering, industrialisering og nyteknologisk næringsutvikling gjer at skulen må tilpassa seg nye utfordringar og gjera elevane i stand til å møta arbeidslivet og vaksenlivet med kunnskapen dei treng. SKULE I handlingsplan for skulen i Fjell 20142017 står det at det skal utarbeidast ny realfagsplan. Satsinga inneber mellom anna digital programvare i realfag: KIKORA MATTEMESTEREN UNIVERSELL NATURFAG M PLUSS. Prosjekt som knyt samarbeid mellom skule og lokalt næringsliv: UT AV BOKSEN - Fjell ungdomsskule og Tranevågen ungdomsskule.

Full barnehagedekning i Fjell BARNEHAGE Vi har 29 barnehagar i kommunen, 11 av desse er kommunale. Barnehagane skal kjennast på høg kvalitet og stort mangfald. Vi har gard, natur og friluftsbarnehagar og barnehagar med ulike satsingsområder som; drama, musikk, forming, kreativitet, natur og friluftsliv. Kommunen har ansvar for spesialpedagogisk hjelp og støtteressursar til barn med redusert funksjonsevne. Støtteressursane er samansett av førskulelærarar, spesialpedagogar og barne- og ungdomsarbeidarar. Vi har og eit rettleiarteam som kan gje fagleg rettleiing til tilsette i alle barnehagane i Fjell.

Fellesskap i godt bustadmiljø BUSTAD Fjell kommune utviklar eit bustadmønster med vekt på trivsel og tilhøyrsel. Det vert lagt til rette for ein variert og formålstenleg bustadstruktur i heile kommunen. Ein fortetta bustadstruktur legg godt til rette for god samferdsle, bruk av kollektivtransport og private og offentlege tenester.

Forventning om sjef i eige liv Bilete under Helselandsbyen Straume helsesenter Straume bu og servicesenter Fjell sjukeheim Sjukeheims paviljong/ ØH-senger/ Intermediær avdeling Straume terapisenter Øyane distriktpsykiatriske senter Omsorgsbustader for eldre Omsorgsbustader (Blombakkane bustad) Bufellesskap innan psykiatri (Blombakkane omsorgs bustad) Røde Kors-huset HELSE OG OMSORG Fjell kommune har over tid bygd opp eit omfattande helse- og omsorgstilbod på Straume, omtalt som helselandsbyen. I dag femner tilbodet både om kommunale helse- og omsorgstenester, spesialistar og regionale tilbod. I helselandsbyen er det også planar om eit nytt lokalmedisinsk senter i samarbeid med nabokommunar og Helse Bergen.

Fleirbrukshall med topp kvalitèt Aktiv fritid med gode kulturtilbod Fjell kommune har eit mangfaldig foreinings- og kulturliv med idrettsanlegg, symjebasseng, fotballbanar, lokale kulturbygg, kystkultursenter, historisk festningssenter (Fjell festning), tre kyrkjer og mange forsamlingshus. Dette legg til rette for mange kulturelle møtestader og sosiale nettverk. Naturen byr på rekreasjon og gode opplevingar og i det kuperte terrenget finn du turløyper på kryss og tvers. Med Sotra Arena har Fjell fått ein ny topp moderne fleirbrukshall med tre handballbanar og tribuneplass til vel tre tusen personar.

Fantastisk natur- og kulturliv NATUR For den turglade ventar store naturområde med turstigar, turvegar og tilrettelagde løyper. Nordsjøløypa i Fjell strekkjer seg samanhengande frå Kjereide ved grensa mot Sund kommune i sør, til Misje ved grensa til Øygarden i nord. Mellom Foldnes og Hjelteryggen er det bygd ny turveg med universell utforming. Med folkehelse og universell utforming som bakgrunn er kommunen sin ambisjon å leggja til rette for at alle, uansett alder og funksjonsevne, skal kunne vera fysisk aktive. Vi har fleire universelt utforma vegar i kommunen; turvegen opp til Fjell festning og turveg i Idrettsparken på Straume.

Frå kø til fri flyt Sotrabrua vert opna i desember 1971. Då vart Sotra/ Øygarden landfast med bergensregionen. Dette skjedde berre to år etter dei første oljefunna i Nordsjøen. Sotrabrua og oljeeventyret fekk store, positive ringverknader for øysamfunnet i vest. I løpet av 40 år er eit fiskarsamfunn forvandla til eit moderne teknologi- og industrisamfunn med over 800 verksemder og meir enn 11.000 arbeidsplassar. Sotrabrua vart bygd med ei levetid på 40 år og med intensjonar om vekst og velstand. Foto/Illustrasjon: Tor Sponga SOTRASAMBANDET Regionen har fleire store næringsområde av nasjonal og global betydning: Coast Center Base (CCB), Kollsnes Næringspark og Stureterminalen. Dei siste åra har Sotra/Øygarden-Bergen vest styrka sin posisjon som nasjonalt og globalt senter/verdiskapingsregion for olje, gass og undervass-teknologi (subsea). Sotrabrua og tilhøyrande riksvegar knyter området saman og er avgjerande for regionen sin vekst. Nytt Sotrasamband vil knyte Sotra/ Øygarden tettare opp mot Bergen og bidra til å gjera heile området til ein berekraftig vekstregion for framtida. Den planlagde traséen inkluderer nytt 4-felts vegnett med ny 4-felts Sotrabru. Det vert oppstart i 2017 og sambandet er forventa klar til bruk i 2021. Nytt Sotrasamband vert lagt til rette for aktiv kollektivsatsing.