OVERORDNA STRATEGI FOR HJORTEFORVALTINGA I BALESTRAND 2011-2013 ( planutkast som vedteke i utvalet 07.06.2011, i sak 18/11) Ei nasjonal omlegging av forvaltning av vilt- og fiskeressursane har pågått dei siste åra. Den langsiktige målsettinga er at den praktiske forvaltninga skal vere basert på driftsplanar utarbeidet av rettshavarane. Omgrepet driftsplan er ein del av den samla lokale vilt- og fiskeforvaltninga medan omgrepet bestandsplan er ein fleirårig plan for ein viltart med målsetjingar og retningsliner for forvaltning: Bestandsplan for hjortevilt kan delast inn i følgjande: Biologisk tiltak for vern eller utvikling av hjortestamma. Næring - marknadsføring og sal Rekreasjon - utnytting og tilrettelegging Økonomi og gjennomføring - drift inntening, utbytte, kostnader ved tiltak og finansiering. Nasjonale hovudmål : Hjortestamma skal stabiliserast innanfor eit nivå som til ein kvar tid vert vurdert som berekraftig. Hjortestamma skal ha ein biologisk forsvarleg kjønns- og aldersstruktur og oppretthalde sin naturlege genetiske variasjon. Hjortestamma skal ikkje vere ein trussel mot biologisk mangfald. Hjortestamma skal gje mest mogeleg stabil avkastning som grunnlag for ei sunn økonomisk og rekreasjonsmessig utnytting. Forvaltninga av leveområde gjennom annan arealbruk skal sikre hjorten sine behov for kvalitet, og både lokal og regional funksjonalitet i eit langsiktig tidsperspektiv. Hjorten sin helsetilstand skal oppretthaldast på eit høgt nivå. Det skal tilretteleggjast for ei effektiv forvaltning av høg kvalitet, som både gjer eit godt tilbod av hjortejakta til befolkninga og som minimaliserer konfliktene med andre brukarar av jaktområda. 1
Balestrand sine mål Å syte for at dei nasjonale hovudmåla vert følgde. Å utvikle salbare produkt i form av jaktutleige, kjøttsal, jaktguiding osv., i tråd med etterspurnaden. Krav til minsteareal for eit bestandsplanområde skal vere naturleg leveområde gjennom heile året, eller minimum 20000 daa. Å syte for større vald som kan forvaltast av rettshavarane gjennom utarbeiding av bestandsplanar. Å syte for god oversikt over hjortebestanden, gjennom Sett hjort og deltaking i Merkeprosjektet og oppservasjonar vinter og vår. Følgjande område skal være eit minimum for ein bestandsplan: (For at ein bestandsplan med avskytingsavtale skal godkjennast, må området bestå av berre eit vald). 1. Lånefjorden 6. Tjugum 2. Nessane 7. Sværefjorden 3. Lindane 8. Vetlefjorden 4. Kvamsøy 9. Tenningåsen 5. Bale 2
Status Avskyting: Tabellane under viser utviklinga i avskytinga sidan 2000 : Fig. 1 Alders- og kjønnsfordeling i % 3
Fig. 2 Avskyting Trekkvegar og vinterbeite: Kartet syner dei ulike vinterbeiteområda og trekkvegane mot nobokommunane. Vinterbeiteområda er frå skogbruks-og hagebrukssida sterkt prega av beiteskader. I desse områda er skogproduksjon av ask, alm, selje, osp og rogn svært godt eigna, men er umogleg på grunn av beite- og feieskadar. Avskytingsplan Statistikken syner at hjortestamma var sterkt aukande fram til 2007, og at ein i ettertid har fått ei utflating. Ein ser og at prosentvis avskyting av hanndyr er blitt redusert ned mot målsettinga i gjeldandeplan 4
Vidare viser slaktevekt og observasjonar at gjennomsnittsvekt er sterkt dalande. Undersøkingar viser at hanndyra er på topp i 7-10 årsalderen og at høg vekt på hodyra er gunstig for drektigheit og føding av sunne store kalvar. (Gjennomsnittsalder for hanndyr i dag er 3 år) Skal Balestrand oppretthalde ein bærekraftig hjortestamme på dagens fellingsnivå bør vi ha ei hjortestamme på rundt 1400 dyr i kommunen. Hovudmålet for avskytinga for Balestrand dei neste åra bør være : Avskytinga i kommunen bør i størst mogleg grad skje etter bestandsplanar Bestandsplanane bør legge vekt på å forvalte ein bærekraftig hjortestamme Leggje verkt på tilrådingar frå Balestrand Hjorteutval For å oppretthalde ein bærekraftig hjortestamme i Balestrand, bør ein ha følgjande rammer for den årlege avskytinga i % av totalt felte dyr : Kalv : minst 20 % Ungdyr : minst 40 % Koller : minst 20 % Bukkar : maks 20 % ( Avskyting ungdyr bør vere likt mellom hanndyr/hodyr. Ved felling av kolle må kalven fellast så framt det er ledig kvote). Vald som ikkje har godkjent bestandsplanområde, skal ha tildelt årleg retta avskyting på kalv, hanndyr og hodyr. Praktiske artstiltak i planperioden Hovudmålet vert å skape tilhøve for gode levekår for å oppretthalde ein bærekraftig hjortestamme, og med serlege tiltak for halde dyra i utmarka. Følgjande praktiske tiltak bør leggjast vekt på i bestandsutviklinga: Utføre skogshogst på ein slik måte at vinterbeitetilbodet ikkje vert redusert, men betra. Ikkje rydde selje, rogn, einer, vier, ask og osp utan at det er i direkte konflikt med produksjon av tradisjonelle treslag i skogbruket. Rydde nokre utsiktsfelt for sikker felling og i kombinasjon med viltbeite. Sette att kantvegetasjonar mot myrer, vegar, vassdrag m.m. Tilretteleggje for viltbeite langs skogsvegar eller anna areal med tanke på vinterbeite. Felling av større lauvtre av osp, selje og rogn vinterstid. Alle vald bør ha ein plan for utsetting av saltsteinar. Foring med landbruksprodukt: Berre i utmark, og under ein samla plan for kommunen. Utøve effektiv jakt ved å : 1. Arbeide for størst mogleg vald 5
2. Arbeide for at alle vald/jaktfelt skal ha tilgang til godkjent ettersøkshund for hjort før jakta kan ta til. Ettersøksavtale med hund er jegaren sitt ansvar. 3. Arbeide for at det til ei kvar tid er minimum 3 godkjende ettersøkshundar i kommunen. 4. Utøve internt oppsyn. 5. Arbeide for ein meir effektiv jakt i heile jaktperiode, både vekedagar og helger. Prioriterte tilskot frå viltfondet i planperioden Administrative vedtak: Til utarbeiding av bestandsplanar. kr 4.000,- for kvar godkjent plan Til hjorteutvalet sine informasjonsmøter. kr 4000,- til årsmøtane. Til Balestrand Ettersøkslag for ettersøk og handtering av skadd vilt og fallvilt, etter vedteke avtale. Årlege kurs og fag-seminar for medlemar i hjorteutval og ettersøkslag. Fellesutgifter med jegerprøvekurs-og eksamen. Opplæringa av ettersøkshundar Politiske vedtak: Til hjortegjerde mot skade på intensiv landbruksproduksjon. Maks 50 % av godkjent kostnad. Til interkommunalt merkeprosjekt. Til oppretting av viltåkrar. Tiltak viltfondet ikkje skal nyttast til Til foring med landbruksprodukter Tiltak for bestandsovervåking Oppretthalde registrering i Sett hjort skjema og stimulere til fleire registreringar. Vårteljing av hjort på innmark Andre tiltak Skadeløyve : Det skal setjast følgjande krav til skadeløyve: Gjennomført Sett Hjort-skjema for alle jaktfelt. Tidsrom: 1. august til 1. september Mynde for løyve: Administrativ løyve i samråd med hjorteutval og leiar i PLU Kjønn/alder: Kolle med kalv Kvote: Skadeløyve gis på årets kvote Kunnskapsauke: Alle vald bør gjennomføre studieringen Målretta hjorteforvaltning. 6
Praktiske opplysningar : - Jaktid : Jaktida for hjort er frå 10. september til 15. november med utvida jakttid til 23 desember tom 2012. -Minsteareal : Minsteareal for å få godkjent eit vald i Balestrand er 600 daa, der det teljande areal er opp til 800 m.o.h. - Fristar: 1. april : Melding til kommunen om eventuelle endringar i valdet. 1. april : Forslag om endring av minsteareal fremjast for kommunen. 1. mai : Forskrift om minsteareal fastsetjast, 5 15 mai : Søknad om godkjenning av vald sendast kommunen, 9 15 juni : Godkjenning av vald for jakt på hjort, 11 15 juni : Fellingsløyve er sendt til valdansvarleg, 13 10 dagar etter siste jaktdag : Rapport om fellingsresultat til kommunen. 30 dagar etter siste jaktdag : Rapport om årets fellingsresultat for kommunen - Balestrand Ettersøkslag : Olav Kåre Rendedal - Viltnemda 2011: Utval for plan og Utvikling v. leiar Knut U. Thue - Sakshandssamar : Jørgen Hundseth Planen skal rullerast kvart år. 7