Rapport om målbruk i offentleg teneste 2014

Like dokumenter
Rapport om målbruk i offentleg teneste 2015

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2016

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2013

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Nynorsk i staten. Reglar og råd

I mål? Innleiing på frukostseminar 3. desember 2014 Kjetil Aasen

Til deg som bur i fosterheim år

Varsel om felles nasjonalt tilsyn med Lindås kommune - kommunen si forvaltning av introduksjonslova - krav om individuell plan

Målbruksplan for Ål kommune

Skuleåret 2017/2018.

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Partifinansiering 2017, RA Rettleiing: Web-skjema. Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

Informasjon frå det offentlege skal vera forståeleg for mottakarane, og difor må språket vera klart og tilpassa målgruppa.

PRIVATSKOLESAMLING

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Retningsliner for kulturmidlar i Radøy kommune

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Lønnsundersøkinga for 2014

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

2014/

10. Arkiv. Kulturstatistikk 2010 Statistiske analysar 127. Riksarkivet og statsarkiva leverer ut færre arkivstykke

Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Vedtak i sak som gjeld klage på manglande innsyn etter offentleglova

Partifinansiering 2016, RA Rettleiing: Web-skjema. Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

HORDALANDD. Utarbeidd av

Info til barn og unge

6-åringar på skuleveg

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Last ned Nynorsk ordliste. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Nynorsk ordliste Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

TILSYNSRAPPORT. Skulen sin gjennomføring av nasjonale prøver. Hjartdal kommune - Sauland skule. Fylkesmannen i Telemark

Tabellar for kommunane

Oi, på nynorsk! når virksomheten trenger å styrke nynorskopplæringen. Aksel Torsnes Mehlum fra Språkrådet og Åste R. Ruud fra Domstoladministrasjonen

OM OPPDRAGET EVALUERING AV OFFENTLEGLOVA

Brukarrettleiing. epolitiker

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

SoMe-retningslinjer. Os kommune i sosiale medium

HORNINDAL KOMMUNE. Tilsynsplan. Plan for tilsyn i saker etter plan- og bygningslova. Hornindal kommune 2011

EKSAMENSOPPGAVE. Vil det bli gått oppklaringsrunde i eksamenslokalet? Svar: JA / NEI Hvis JA: ca. kl. 10:30

REGLAR FOR BACHELOR- OG MASTEROPPGÅVA DET TEKNISK-NATURVITSKAPLEGE FAKULTET

Høyringsnotat. 1 Hovudinnhaldet i høyringsnotatet. 2 Gjeldande rett og bakgrunnen for framlegget OREIGNINGSLOVA 4 SÆRSKILT TVANGSGRUNNLAG

POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Elektronisk palliativ plan innføring og bruk i Acos CosDoc

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

MATEMATIKK 1 for 1R, 4MX130SR09-E

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

7. Festivalar. Statistiske analysar 127 Kulturstatistikk ,5 millionar til musikkfestivalar

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

1.8 Binære tal DØME. Vi skal no lære å omsetje tal mellom totalssystemet og titalssystemet.

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Elevundersøkinga 2016

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Transkript:

Rapport om målbruk i offentleg teneste 214

Innhald Om rapporten... 3 Forklaring til statistikken... 3 Resultat frå underliggjande organ... 3 Nettsider... 3 Figur 1 Nynorskdel på statlege nettsider, i prosent... 4 Korte tekstar 1 1 sider og tekstar over 1 sider... 4 Figur 2 Talet på statsorgan som oppfylte krava i mållova i korte tekstar 1 1 sider og tekstar over 1 sider... 4 Sosiale medium... 4 Figur 3 Nynorsk i sosiale medium, i prosent... 5 Skjema... 5 Figur 4 Skjema som ligg føre i begge målformene, i prosent... 5 Klagesaker... 5 Resultat frå departementa... 6 Dokument under 1 sider... 6 Figur 5 Nynorsk i dokument under 1 sider hjå departementa, i prosent... 6 Dokument over 1 sider... 6 Figur 6 Nynorsk i dokument over 1 sider hjå departementa, i prosent... 7 Stortingsdokument... 7 Figur 7 Nynorsk i stortingsdokument, i prosent... 7 Tiltak i 215... 7 Nynorskkurs... 7 Møte med departementa... 7 Masteroppgåve om feil i eksamensoppgåver på nynorsk... 8 Kommunikasjon... 8

Om rapporten Dette er den statistiske oversikta over fordelinga mellom bokmål og nynorsk i staten i 214. Statistikken er ført på grunnlag av eigenrapportering frå statsorgan til Språkrådet og gjeld sentrale statsorgan, dvs. statsorgan som har heile landet som tenestekrins. Departementa er omtalte i ein eigen del av rapporten. Rapporten inneheld tal frå 136 underliggjande organ og 16 departement, medrekna Statsministerens kontor. Forklaring til statistikken Målbruk er meir enn berre tal, så statistikken gjev berre ein peikepinn på korleis det står til med målbruken i staten. Statsorgan som har ei svak veksling, kan ha mykje nynorsk i sentrale tekstar, slik at det reelle bidraget til jamstillinga mellom målformene er større enn tala tyder på. Likeins kan eit statsorgan med relativt jamn veksling bruke nynorsk i mindre sentrale tekstar, slik at måljamstillinga i realiteten er svakare. Små endringar kan såleis ikkje tolkast i særleg grad verken i den eine eller andre retninga. Tal for dei einskilde statsorgana ligg i eigne dokument. Språkrådet tek atterhald om feilføringar og feilrapporteringar i statistikken. Statsorgana rapporterer i faste kategoriar i eit skjema som Språkrådet og Kulturdepartementet har utarbeidd. Tilsynet med departementa har tidlegare lege hjå Kulturdepartementet, men vart overført til Språkrådet frå og med 215. Departementa rapporterer i kategoriane dokument under 1 sider, dokument over 1 sider og stortingsdokument. Etatar under departementsnivå rapporterer i kategoriane nettsider, tekstar under 1 sider, tekstar over 1 sider, sosiale medium og skjema. I alle kategoriane utanom skjema er føremålet å finne ut korleis statsorgana ligg an i forhold til det lovpålagde vekslingskravet på 25 %. Skjema skal liggje føre på både bokmål og nynorsk, så der rapporterer statsorgana inn kor mange dei har, og kor mange som ligg føre i begge målformene. Resultat frå underliggjande organ Målbruken hjå underliggjande organ har ikkje endra seg i særleg grad sidan 213, sett bort frå i kategorien skjema. Nettsider I gjennomsnitt hadde ein statleg nettstad 15,2 % nynorsk i 214, noko som er noko høgare enn i 213, men ikkje veldig mykje. Framgangen har vore jamn i denne kategorien dei siste åra, men kan no sjå ut til å ha flata litt ut. Nettsider er den mest usikre kategorien å måle veksling i. Målemetoden Språkrådet brukar, eit Google-søk på ordpar, har veikskapar. I tillegg har mange statsorgan store nettstader, der

mykje av stoffet er lite relevant eller gammalt. Statistikken seier heller ikkje noko om i kva grad begge målformene er representerte i det mest lesne tilfanget på nettstaden, noko som er viktig for den reelle jamstillinga. Biletet av målbruken på statlege nettstader kan med andre ord ikkje avgjerast på bakgrunn av denne statistikken aleine, men han gjev likevel ein peikepinn på stoda. Nettsider 2 15 1 5 11,8 13,6 14,7 15,2 Figur 1 Nynorskdel på statlege nettsider, i prosent Korte tekstar 1 1 sider og tekstar over 1 sider Kategoriane korte tekstar 1 1 sider og tekstar over 1 sider er eigne kategoriar fordi dei inneheld ein god del sentrale publikasjonar, til dømes stillingsannonsar og årsrapportar. Totalt sett er det ein del statsorgan som oppfyller krava i desse kategoriane, men det er òg ein del som ikkje har tilfang, særleg i tekstar over 1 sider. Vekslinga i desse kategoriane er ganske jamn. Korte og lengre tekstar 6 5 4 3 2 1 49 45 47 41 42 36 37 3 Korte tekstar 1 1 sider Tekstar over 1 sider Figur 2 Talet på statsorgan som oppfylte krava i mållova i korte tekstar 1 1 sider og tekstar over 1 sider Sosiale medium I gjennomsnitt publiserte statsorgana 12,7 % av meldingane sine på nynorsk i sosiale medium i 214. Det inneber at framgangen i denne kategorien held fram. Sosiale medium er

ein viktig og svært synleg kanal for mange statsorgan, og det er viktig for måljamstillinga at vekslinga der er jamn. Dei korte tekstane bør gje statsorgana eit godt høve til å få ei jamnare veksling i denne kategorien. 15 1 9,9 Sosiale medium 12 13,5 5 212 213 214 Figur 3 Nynorsk i sosiale medium, i prosent Skjema 234 av 3618 innrapporterte skjema låg føre i begge målformene i 214. Dei fleste av skjemaa som ikkje gjorde det, mangla på nynorsk. Talet på innrapporterte skjema varierer mykje frå år til år, og det tyder på ein del feilrapportering. Det fører igjen til at resultata svingar ein del i denne kategorien. 8 75 7 65 6 55 Skjema 76 68 66 64 Figur 4 Skjema som ligg føre i begge målformene, i prosent Klagesaker Talet på klagesaker har gått gradvis nedover dei siste åra, og i 214 er talet omtrent det same som i 213. Av dei 43 klagane galdt 1 eksamen i feil målform. Språkrådet har tidlegare vore inne på at alle klagane som vart sende inn ein periode, tydde på at det var færre brot. Talet for 214 kan framleis vere ein effekt av det. Samtidig ser Språkrådet at enkeltpersonar som nokre år har sendt mange klagar, sender færre. Språkrådet god grunn til å tru at dei aller fleste brot på mållova aldri blir melde inn.

Klagar 2 15 164 1 5 76 4 43 Figur 4 Talet på klagesaker Resultat frå departementa For departementa er det berre målbruken i dokumentkategoriar som blir målt, slik tradisjonen har vore i Kulturdepartementet, som tidlegare har ført statistikken. Nettsider og sosiale medium er såleis ikkje med i statistikken. Målbruken i mange faste dokument i departementa er prega av tradisjon. Likevel ser me svingingar frå år til år. I og med at 214 var fyrste gongen Språkrådet behandla rapportar frå departementa, er det vanskeleg for oss å analysere resultata. Dokument under 1 sider Nynorskbruken i dokument under 1 sider har gått gradvis tilbake dei siste åra og er no samla sett eit stykke unna vekslingskravet. Dokument under 1 sider 3 25 2 15 1 5 26,3 24,7 2,2 15,1 Figur 5 Nynorsk i dokument under 1 sider hjå departementa, i prosent Dokument over 1 sider

Dokument over 1 sider 12 1 8 6 4 2 9,3 9,1 1 5,9 Figur 6 Nynorsk i dokument over 1 sider hjå departementa, i prosent Departementa ligg samla sett framleis langt unna å oppfylle krava i mållova i denne kategorien, og tilbakegangen frå 213 er kraftig. Stortingsdokument Stortingsdokument 27 26 25 24 23 22 21 26,3 25,4 23,3 23,1 Figur 7 Nynorsk i stortingsdokument, i prosent Stortingsdokument, som omfattar proposisjonar og stortingsmeldingar, er den kategorien der departementa samla sett har den jamnaste vekslinga. Likevel oppfyller dei samla sett ikkje krava i mållova. Tiltak i 215 Nynorskkurs Det vart halde ni nynorskkurs i 214. Per 15. oktober har Språkrådet halde åtte nynorskkurs i 215, og to av dei var opne. Møte med departementa I februar 215 hadde Språkrådet møte med departementa om målbruk på nettstaden www.regjeringa.no. Utgangspunktet for møtet var at nettstaden hadde blitt endra og

relansert utan at nynorsken var representert i særleg grad, mellom anna finst ikkje nettstaden no i no norskspråklege versjonar. Det skapte mykje merksemd. Dei fleste departementa var representerte. Språkrådet orienterte om reglane og nettredaktørane fortalde om kva rutinar og praksis dei hadde for å veksle mellom målformene. I etterkant av møtet har Språkrådet òg hatt kontakt med Service- og tryggingsorganisasjonen til departementa, som har ansvaret for mykje av rammeverket på nettstaden. Det ser ut til at målbruken på nettsidene har blitt jamnare. Masteroppgåve om feil i eksamensoppgåver på nynorsk Masterstudent Jorunn Simonsen Thingnes leverte våren 215 masteroppgåva Skriftmangfald på norsk: språkforvaltning, normbrot og språkhaldningar ved Universitetet i Oslo. Den avslørte at det er mykje feil i eksamensoppgåver som blir gjevne på nynorsk ved universitetet. Gjennom samtalar med tilsette avslørte oppgåva sviktande rutinar for kvalitetssikring av språket i eksamensoppgåvene. Thingnes var i Språkrådet i august 215 og heldt eit innlegg på fagmøtet. Ho skreiv òg ein tekst om temaet i Språknytt 3/215. Kommunikasjon I Statsspråk 1/215 vart Barneombodet intervjua om nynorskarbeidet sitt. Barneombodet har fått ei langt jamnare veksling mellom målformene dei siste åra og har vore flinke til å heve nynorskkompetansen blant dei tilsette. Informasjonen om mållova på nettsidene til Språkrådet er vonleg lettare tilgjengeleg etter at dei vart lagt om.