Vår ref.: (nyttast ved korrespondanse) Dykkar ref.: Bergen, 02. mai 2013 201112128-14/015/OYDRYD

Like dokumenter
MØTEBOK. Opplærings- og helseutvalet. Dato: 17. april 2013 Kl.: Stad: Voss kulturhus, 1.etg. Saknr.: 20/13-28/13 MØTELEIAR

Kartlegging av internasjonale aktivitetar ved dei vidaregåande skolane i 2012

TILSKOT TIL FAGSKULEUTDANNING INNAN HELSE- OG OPPVEKSTFAG - HAUSTEN 2013

MØTEBOK. Opplærings- og helseutvalet. Dato: 17. januar 2012 Kl.: Stad: Etne vidaregåande skule, Etne Saknr.: 1/12-7/12

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

MØTEBOK MØTEBOK. Opplærings- og helseutvalet. Opplærings- og helseutvalet

OPPNEMNING AV STYREREPRESENTANTAR VED PRIVATE SKOLAR

Oppretting av nye klassar hausten 2015 ved Hordaland helsefagskole

Tilstandsrapport vidaregåande opplæring 2014/15

MØTEBOK. Hordaland fagskulestyre

ETABLERING AV TOPPIDRETTSLINJE PÅ YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM

MØTEBOK. Opplærings- og helseutvalet. Dato: 03. desember 2013 Kl.: Stad: Fylkeshuset, fylkesutvalsalen Saknr.: 69/13-71/13 MØTELEIAR

HØYRING AV FORSLAG OM ENDRINGAR I FORSKRIFT OM TILDELING AV UTDANNINGSSTØTTE FOR

Oppmoding om uttale - Hordaland Privatgymnas AS - søknad etter friskulelova

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA

SKULESTRUKTUREN PÅ VOSS REFORDELING AV ELEVPLASSTAL OG UTDANNINGSPROGRAM

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Opplærings- og helseutvalet

MERKNADER TIL INNKALLINGA

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA

Fordeling av tilskot til fagskuleutdanning innan helse- og sosialfag

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Internasjonale aktivitetar ved dei vidaregåande skulane i Hordaland fylkeskommune

Opplæringsavdelinga Kompetanseløftet 23. januar 2013

TILBUDSSTRUKTUR FOR FAGSKOLANE I HORDALAND - TEKNISK FAGSKOLE 2013/14

Høyring Forslag om endringar i privatskulelova Innføring av midlertidig dispensasjonsregel

Internasjonale aktivitetar ved dei vidaregåande skulane i Hordaland fylkeskommune - Rapport 2013

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

Kunnskapsløftet i vidaregåande opplæring Struktur, innhald og fleksibilitet

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

Elev- og lærlingombod i HFK

MØTEBOK. Opplærings- og helseutvalet. Dato: 22. januar 2013 Kl.: Stad: Møterom Sunnhordland rom 420, Fylkeshuset, Bergen Saknr.

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

Disponering av investeringsmidlar i opplæringssektoren 2017

Fordeling av tilskot til fagskuleutdanning innan helse- og sosialfag

Dato: 14. september 2011 Kl.: Stad: Bergen maritime vid. skole, V. Strømkai 10, Bergen Saknr.: 12/11-18/11

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

Følgjande medlemmer hadde meldt forfall: Namn Funksjon Representerer Dan Stian Femoen Nestleiar H Ingrid Reitan Medlem H

Dato: 20. november 2012 Kl.: Stad: Fylkeshuset, Agnes Mowinkelsgt. 5, møterom 367, 3. etg. Saknr.: 16/12-21/12

Følgjande medlemmer hadde meldt forfall: Namn Funksjon Representerer Jane Kirsti Stangeland Medlem A

MØTEBOK. Yrkesopplæringsnemnda. Dato: 06. november 2012 Kl.: Stad: Wigandgården 8. etg. møterom: Forskjønnelsen Saknr.

Gjeldende per Ditt valg! Videregående opplæring

Opplæring av faglege leiarar og instruktørar i lærebedrifter

Økonomisk situasjon ved Hordaland helsefagskole

Strategiplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland

System for verksemdbasert vurdering og oppfølging av dei vidaregåande skulane

Medlem Medlem. Følgjande medlemmer hadde meldt forfall: Namn Funksjon Representerer Toralv Mikkelsen Medlem A Anette Netteland Dybvik Medlem H

Samanslåing av Hordaland helsefagskole og Fagskolen i Hordaland

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

Ka vil DU velje? - hjelp til å g jere det rette yrkesvalet

Følgjande medlemmer hadde meldt forfall: Namn Funksjon Representerer Aslaug Hellesøy Medlem FL KRF/R/SV Steffan Wetherell Medlem STUD

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Følgjande medlemmer hadde meldt forfall: Namn Funksjon Representerer Roald Stenseide Leiar FRP

Gjennomføring og val av løp Rett fram eller alternativ modell?

MØTEBOK HORDALAND FYLKESKOMMUNE. Hordaland fagskulestyre. Dato: 19. november 2013 Kl.: Stad: Austevoll vidaregåande skule

Saksprotokoll. Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Følgjande medlemmer hadde meldt forfall: Namn Funksjon Representerer Børge Lunde Medlem H

Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

GRUPPER MED REDUSERT ELEVTAL

MØTEBOK. Yrkesopplæringsnemnda. Dato: 07. mai 2013 Kl.: Stad: Wigandgården 8. etg. møterom: Forskjønnelsen Saknr.: 5/13-7/13 MØTELEIAR

Kopi til: Arkivnr.: 526. Vurdering av prognoseinntaket til dei vidaregåande skolane, skoleåret 2009/2010

Redusert eigendel elev-pc

Retten til spesialundervisning

TILTAK FOR Å BETRE KVALITETEN I OPPLÆRING I BEDRIFT

MØTEBOK. Opplærings- og helseutvalet. Dato: 04. oktober 2011 Kl.: Stad: Fylkeshuset, møterom Sunnhordland, 4. etg. Saknr.

Det er henta inn tilbod på utbygginga og prisen er basert på dei innkomne tilboda.

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Innsendt til Utdanningsdirektoratet. Trenger ikke bekreftes. Innsendt av:

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Nye namn på skular i Hordaland fylkeskommune 2019

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

Følgjande medlemmer hadde meldt forfall: Namn Funksjon Representerer Anette Netteland Dybvik Medlem H

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Høring - Forslag til endring i prosjekt til fordypning for videregående trinn 1 og 2, yrkesfaglige utdanningsprogram.

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Tiltaksplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland 2016

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Sauda vidaregåande skule skuleåret Regionalt kompetansesenter

Dato: 16. april 2009 Kl.: Stad: Voss tekniske fagskule (Voss vidaregåande skule) Saknr.: 3/09-6/09

Følgjande varamedlemmer møtte: Namn Møtte for Representerer Rasmus L. Rasmussen Alexander Fosse Andersen A

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Forslag til Ungdommens fylkesting februar 2016

Prognoseinntaket 2013: Orientering frå opplæringsavdelinga

Saksframlegg. Orientering om Kompetansesenteret og søknad om regionale utviklingsmidlar til Ny GIV-tiltak ved Kompetansesenteret

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 58223/2014/ Melvin Tornes,

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Møteprotokoll. Utval: Hordaland fagskulestyre Møtestad: Hordaland helsefagskole, Fusa Dato: Tidspunkt: 10:

Transkript:

HORDALAND FYLKESKOMM Opplærings- og helseutvalet Medlemene i Opplærings- og helseutvalet Vår ref.: (nyttast ved korrespondanse) Dykkar ref.: Bergen, 02. mai 2013 201112128-14/015/OYDRYD Innkalling til møte i Opplærings- og helseutvalet Det blir med dette kalla inn til møte i Opplærings- og helseutvalet Tid: Tirsdag 14. mai 2013 kl. 10.00 Stad: Fylkeshuset, møterom «Sunnhordland», 4. etg. Program: Kl. 10.00: Div. orienteringar: SIU: Internasjonaliseringsaktivitet knytta opp mot vgs Fagopplæringsseksjonen: Læreplassar/formidling Kl. 11.15: Kl. 12.30: Kl. 13.00: Omvisning på Amalie Skram vgs Lunsj i kantina 4. etg. Sakshandsaming Til dette møtet har Roald Stenseide meldt forfall. Petter Kvinge Tvedt vert innkalla. Dersom nokon av utvalet sine medlemer ikkje kan møta og må melda forfall vert dei bedne om å gjere dette snarast ved å nytte vedlagte forfallskjema. Skjemaet kan hentast på www.hordaland.no/forfall. Returner skjemaet på e-post til folkevalde@hfk.no eller send det på fax til 55210928. Innkallinga gjeld valde medlemer i Opplærings- og helseutvalet. Ved eventuelt forfall frå faste medlemer vil varamedlemer bli kalla inn særskilt. Roald Stenseide utvalsleiar

HORDALAND FYLKESKOMMUNE MELDINGAR - Opplærings- og helseutvalet Periode: 16. april 2013-14. mai 2013 Nr. Arkivsak Referatsakstittel 21/13 200800495-16 Kartlegging av internasjonale aktivitetar ved dei vidaregåande skolane i 2012 22/13 201101096-425 Oppfølging av skolebruksplanen 23/13 201303726-1 Åtte gode grunner til at Medier og kommunikasjon bør legges til studiespesialiserende utdanningsprogram 24/13 201106594-3 Partipolitisk verksemd i skuletida 25/13 201010092-81 Ny Giv - Gjennomføringsbarometeret 2013:1 26/13 201303576-2 Notat til prognoseinntaket 27/13 201205470-113 Svar på spørsmål - Tilstandsrapport vidaregåande opplæring 5

HORDALAND FYLKESKOMM Regionalavdelinga Internasjonal seksjon NOTAT Til: Opplæringsdirektøren Dato: 22. april 2013 Heggheim, Svein Leidulf, Opplæringsavdelinga Frå: Internasjonal seksjon Arkivsak: 200800495-16/CHALIL Kopi til: Roksvåg, Berit, Opplæringsavdelinga Arkivnr.: 520.T05 Kartlegging av internasjonale aktivitetar ved dei vidaregåande skolane i 2012 Vedlagt finn du resultatet av kartlegginga av dei internasjonale aktivitetane ved dei vidaregåande skolane i Hordaland i 2012. Dette er sjette året Internasjonal seksjon, saman med Opplæringsavdelinga, kartlegg dei internasjonale aktivitetane ved dei vidaregåande skolane i fylket. Kartlegginga blei gjennomførd i februar 2013 og 44 av dei vidaregåande skolane i Hordaland har gitt eit svar. Den vedlagte rapporten oppsummerar svara frå skolane i høve til gjennomførte aktivitetar i 2012. Dei er òg bedt om å gi tilbakemeldingar på effektane av internasjonaliseringstiltaka, hindringar for vidare internasjonalisering, tilrettelegging for internasjonale aktivitetar og kva type oppfølging dei ønskjer frå sentraladministrasjonen. Det er i hovudsak dei same spørsmåla som vart nytta i år som i fjor. Dei viktigaste funna i kartlegginga er oppsummert i punkt 3 i rapporten. Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5 - Postadresse: Postboks 7900. 5020 BERGEN - Telefon 55 23 93 06 - Telefaks 55 36 51 42 E-postadresse: international@post.hfk.no Bankgironr. 5201 06 74239 - Foretaksnr. NO 938 626 367 mva.

Internasjonale aktivitetar ved dei vidaregåande skolane i Hordaland fylkeskommune Rapport for 2012 2012

Internasjonale aktivitetar ved dei vidaregåande skolane i Hordaland fylkeskommune i 2012 1. Bakgrunn For åra 2007 til 2012 har Hordaland fylkeskommune ved Internasjonal seksjon og Opplæringsavdelinga gjennomførd årlege kartleggingar av dei internasjonale aktivitetane ved dei vidaregåande skolane i Hordaland fylkeskommune. I 2010 var skolane i Hordaland derimot ein del av ei nasjonal kartlegging, gjennomførd av SIU (Senter for Internasjonalisering av Utdanning). Sidan kartlegginga for 2010 skilte seg frå dei andre åra på fleire punkt, er det ikkje alle resultat som kan samanliknast for heile seks-årsperioden. Der det er mogleg vil 2012- resultata bli samanlikna med heile perioden og elles vil dei bli samanlikna med tala frå 2011. Målet med denne kartlegginga har heile tida vore å få ei betre faktabasert oversikt over skolane sitt aktivitetsnivå, motivasjonar og eventuelle hindringar for det internasjonale arbeidet, samt få ei oversikt over kva som er ønskt av oppfølging frå fylkeskommunen sentralt. 2. Gjennomføring av kartlegginga Kartlegginga blei utarbeidd av Internasjonal seksjon, saman med Opplæringsavdelinga, og vart sendt ut som ei elektronisk undersøking per e-post til alle dei 47 skolane i fylkeskommunen 30. januar 2013. Den elektroniske kartlegginga vart avslutta 6. mars 2013. Da hadde 44 av skolane svart på undersøkinga. Dette er det same talet som i fjor, og representerer ein svarprosent på om lag 94 % 1. Undersøkinga vart distribuert til skolane sine offisielle e-postmottak. Det var opp til dei einskilde skolane å avgjere kven som skulle svare. I mange tilfelle var det dei internasjonale kontaktpersonane, men det var òg rektorar, assisterande rektorar og andre tilsette. 3. Oppsummering av dei viktigaste funna 89 % av skolane som deltok i undersøkinga, hadde internasjonale aktivitetar i 2012 (5 skolar sa at dei ikkje hadde hatt noe aktivitet) Comenius og Leonardo da Vinci var dei mest brukte programma, og bruken av sistnemnte aukar. Studiespesialiserande program er det mest aktive, men på dei fleste av utdanningsprogramma (9 av 12) er det fleire skolar som har internasjonale aktivitetar enn som ikkje har det. 26 skolar i Hordaland fortel om samarbeid i til saman 25 europeiske land Sjølv om e-post og besøk framleis er viktige reiskap i førebuing av internasjonale prosjekt, ser vi at bruken av «nettsamfunn» aukar 48 % av skolane driv internasjonalisering heime og eksempla viser eit stort mangfald Tid og pengar heller enn kunnskap opplevast som dei viktigaste hindringane for internasjonalisering. Elevane sin internasjonale erfaring og faglege utvikling er den viktigaste motivasjonen for skolane sitt internasjonaliseringsarbeid og dette reflekterast òg i dei effektane dei viser til. Samstundes ser mange skolar gode effektar òg for skolen sitt sosiale miljø og omdømme. 41 % av skolane ønskjer meir oppfølging frå fylkeskommunen sentralt og da først og fremst relatert til prosjektutforming, partnarsøk og søknadsskriving. 4. Tilbakemeldingar i høve til aktivitetar i 2012 4.1 Aktivitetsnivå: «88 % av skolane hadde internasjonale aktivitetar i 2012» På spørsmålet Har dykkar skole hatt nokre internasjonale aktivitetar i 2012? svarer nesten 88 % av skolane ja. Berre 5 skolar melder om at dei ikkje har hatt nokre internasjonale aktivitetar i løpet av siste år. Sjølv om det framleis er et veldig høgt aktivitetsnivå, er det likevel ein kime til bekymring at talet på skolar som ikkje har hatt noe aktivitet, har auka frå 3 til 5. 1 To av dei tre skolane som ikkje har svart er skolar vi ikkje insisterer på at må svare sidan dei ikkje er ordinære vidaregåande skolar. Dette er Manger Folkehøgskule og Bergen Tekniske Fagskole. 1

Det er viktig å presisere at på dette spørsmålet står skolane fritt til sjølv å definere kva dei reknar som internasjonale aktivitetar. Detaljane blir kartlagt i seinare spørsmål, men innleiingsvis er vi ute etter om skolen sjølv opplever at dei har internasjonale aktivitetar. 41 % av skolane melder at dei har hatt eit høgare aktivitetsnivå enn året før mens 48 % meiner at aktiviteten har vore stabil. Ingen av dei aktive skolane har opplevd eit redusert aktivitetsnivå. Samanlikna med tala for 2011 er det fleire som har opplevd eit stabilt aktivitetsnivå i 2012. 4.2 Type aktivitetar: «Auka bruk av Leonardo da Vinci-programmet» I høve til spørsmålet Kva type aktivitet har de hatt var det oppgitt 12 faste kategoriar av aktivitetar, samt ein open kategori. Den mest vanlege aktiviteten i 2012 var Elevtur opptil 4 veker. 46 % av skolane hadde gjennomførd dette i 2012 (ned frå 49 % i 2009). I tal på skolar er det ein nedgang frå 20 til 18 skolar). Dette omfattar dei vanlege studieturane på 1-2 veker og har vore den mest nytta aktiviteten kvart år vi har kartlagt, sjølv om omfanget har variert noe. Av programaktivitetar var det utsending av elevar gjennom Leonardo da Vinci-programmet (for fagopplæring) og deltaking i Comenius-prosjekt (for studiespesialiserande) som var dei desidert mest populære aktivitetane i 2012. 44 % av skolane melder at dei har sendt ut elevar med stipend frå Leonardo da Vinci programmet og 33 % har tatt i mot elevar gjennom det same programmet. 33 % melder at dei har delteke i Comeniusprogrammet. Deltakinga i Comenius-programmet er stabil samanlikna med tidlegare år, mens det har vore ein solid auke innanfor Leonardo-programmet. Sistnemnte er eit gledelig trekk sidan Hordaland fylkeskommune over ein lengre periode har satsa tungt på nettopp dette programmet. Denne utviklinga er i tråd med fylkeskommunen sine ønske sidan slike prosjekt representerer meir langvarige relasjonar, i tillegg til at dei bidrar med ekstern finansiering av aktivitetane. Det har tilsynelatande vore ein jamn reduksjon i utveksling av lærarar (både utsending og mottak), men det kan og skuldast endringar i registrering; at lærarar som har følgt med elevar på prosjekt i mindre grad har vore registrert som ein eigen aktivitet enn tidlegare. Når det gjeld utveksling av elevar på lengre opphald (t.d. elevar som tar eit heilt skoleår i utlandet gjennom ulike organisasjonar) er det også usikkert om det verkeleg har vore ein så markant nedgang eller om det først og fremst skuldast ei endring i registrering. Det er gledeleg å sjå at det for første gang er ein skole som melder om deltaking i Nordisk råd sitt program Nordplus. Den opne kategorien «andre aktivitetar» syner at det er eit rikt utval av aktivitetar som ikkje passar inn i faste kategoriar; internasjonale humanitæraksjonar, språkassistent og førstehjelpskonkurranse, men og aktivitetar som faller inn i kategorien «internasjonalisering heime», slik som språkdag, Operasjon Dagsverk og FNprosjekt. Alle resultata kan lesast av tabell 1. Tabell 1: Internasjonale aktivitetar 2012 2011 2009 2008 1 Elevtur opptil 4 veker 46 % 49 % 46 % 54 % 2 Leonardo da Vinci - sendt ut elevar 44 % 39 % 31 % 29 % 3 Leonardo da Vinci - mottatt elevar 33 % 20 % 11 % 11 % Deltaking i Comeniusprosjekt 33 % 34 % 23 % 20 % 4 Andre fellesprosjekt med utanlandsk skole 31 % 20 % 25 % 37 % 5 Lærarutveksling send ut lærar(ar) 15 % 20 % 40 % 37 % 5 Administrering av utanlandsklasse 13 % 20 % 14 % 11 % 7 Lærarutveksling mottatt utanlandsk(e) lærar(ar) 8 % 15 % 31 % 40 % Utveksling av elevar - mottatt utanlandske elevar 8 % 10 % 25 % 20 % minst 4 veker 8 Utveksling av elevar - sendt ut elevar minst 4 veker 5 % 12 % 17 % 11 % Etablering av vennskapsskole 5 % 12 % 11 % 20 % 9 Deltaking i Nordplus-prosjekt 3 % - - - Andre aktivitetar 44 % 24 % - 53 % 2

4.3 Deltaking: «Studiespesialiserande program er mest aktive» Når det gjeld kva for studieretningar som deltek i dei internasjonale aktivitetane så er det i 2012, som det òg var dei tidlegare åra, eit fleirtal av internasjonale aktivitetar retta mot Studiespesialiserande. 25 skolar svarer at det er deira studiespesialiserande elevar som deltek (64 % av dei aktive skolane mot 37 % av dei aktive skolane i 2011 og 56 % i 2009). Det er sjølvsagt ikkje overraskande at det er flest tilbod for elevar som tar studiespesialiserande sidan det er det programmet som blir tilbydd på flest skolar. Ser vi på tilbodet i relative termar: Kor mange av skolane som tilbyr eit program har hatt internasjonale aktivitetar på det same programmet blir resultatet det same i den forstand at det framleis er dei studiespesialiserande programma som er dei mest aktive (81 % av dei har internasjonale aktivitetar på programmet). Når vi ser på resultata i tabell 2, kan ein gjere tre umiddelbare observasjonar: a) «Studiespesialiserande» er det klart mest aktive programmet b) Det er bare tre utdanningsprogram som har fleire skolar som ikkje er aktive enn skolar som er aktive c) Ingen fagskoleprogram har internasjonale aktivitetar Tabell 2: Aktivitetar fordelt på utdanningsprogram Skolar som tilbyr programmet Skolar med aktivitetar på programmet Studiespesialisering 31 25 81 % Musikk, dans og drama 4 3 75 % Restaurant- og matfag 10 7 70 % Medier og kommunikasjon 8 5 63 % Helse- og oppvekstfag 23 14 61 % Naturbruk 5 3 60 % Bygg- og anleggsteknikk 15 9 60 % Idrettsfag 7 4 57 % Service og samferdsel 9 5 56 % Elektrofag 18 7 39 % Teknikk og industriell produksjon 22 9 41 % Design og handverk 11 3 27 % Fagskole 6 0 0 Vi kan dessverre ikkje samanlikne desse resultata med tala for 2011 sidan registreringsmåten er endra og tala difor ikkje er direkte samanliknbare. 4.4 Geografisk fordeling «16 samarbeid i samarbeidsregionane» Hordaland fylkeskommune har ei målsetting om å styrke det internasjonale samarbeidet med nokre utvalte samarbeidsregionar. Når vi ser på skolane sitt samarbeid i desse regionane, er det ein liten framgang, sjølv om talet framleis er for lågt. For 2012 melder skolane om 16 samarbeid med ein av Hordaland sine utvalde samarbeidsregionar. Dette er ein framgang frå 15 skolar i 2011, 11 skolar i 2010 og frå 7 til 10 skolar i perioden 2007 til 2009. Dei regionane der det blir opplyst om samarbeid, er Edinburgh (1), Kaunas (1), Cardiff (3), Thüringen (4) og Nedre-Normandie (7). Ingen melder i år om samarbeid med Orknøyane. 26 skolar har samarbeid i 25 land i Europa Når det vert spurd om dei samarbeider i andre europeiske regionar, opplyser 26 av skolane at dei samarbeider med skolar, lærebedrifter eller liknande i til saman 25 europeisk land. Dette er nøyaktig dei same tala som for 2011. Den interne fordelinga er derimot litt ulik; fire land som vart nemnt i fjor, vart ikkje nemnt i år og vice versa. Det mest overraskande i dette er kanskje at ingen opplyser at dei samarbeidde med svenske partnarar i 2012. Det er òg nokre mindre endringar i talet som seier dei samarbeider i dei ulike landa. Den mest markante endringa er i høve til samarbeidet med Tyskland, som har auka frå 7 til 12 skolar. Det er derimot to kjelder til feilinformasjon som det er viktig å vere klar over: Dette var ikkje eit avkryssingsspørsmål. Dei som svarte måtte sjølv liste opp dei stadene der dei hadde samarbeid. I ein slik samanheng kan ein region lett verte glømt eitt år. I dette spørsmålet vart det spurt om samarbeid utanom samarbeidsregionene. Om vi legg til desse samarbeida, vil dei reelle tala bli høgare for både Frankrike, Tyskland og Storbritannia. 3

Alle resultata finst i tabell 3. Tabell 3: Geografisk fordeling av samarbeid med skolar i Europa 2012 2011 Slovenia 2 3 Tyskland 13 7 Østerrike 2 1 Spania 12 12 Hellas 2 2 Italia 6 6 Estland 1 1 Frankrike 5 5 Malta 1 1 Finland 4 4 Kroatia 1 1 Polen 4 5 Irland 1 - Tsjekkia 4 1 Bulgaria 1 - Tyrkia 4 3 Slovakia 1 - Portugal 4 2 Latvia 1 - Danmark 3 4 Litauen - 3 Belgia 3 3 Island - 1 Ungarn 2 1 Luxemburg - 1 Nederland 2 3 Romania - 2 UK 2 5 Sverige - 4 Samarbeid i Asia, Afrika og Amerika Når det gjeld samarbeid med skolar eller andre institusjonar i Afrika, Asia eller Nord/Sør-Amerika, opplyser 6 skolar at dei har dette. Dette er det same talet som for 2011, slik at nivået på ikkje-europeisk samarbeid er relativt stabilt. Prosjekta som dei seks skolane har nemnt er: Samarbeidsprosjekt med barneheim og skole for gatebarn i Brasil Humanitært samarbeid mot Maisha Mema, ein barneheim i Nairobi, Kenya Praksisopphald på Zanzibar Hordalandsklasse i USA Samarbeid med næringsliv i Japan og skolestyresmakter i Kina Samarbeid med yrkesskole i Tanzania 4.5 Gjennomføring av aktivitetane; «nesten ingen aktivitetar avlyst» På spørsmålet Var det nokre aktivitetar som var planlagt, men som likevel ikkje vart gjennomførde? svarte 95 % nei, mens 5 % svarte ja. Det vil seie at bare 2 skolar har måtta avlyst planlagde aktivitetar i året som har gått. Dette er ei klar forbetring frå både 2011, da 15 % hadde avlyst noe, og frå 2009 (det var ikkje med i kartlegginga for 2010) da talet var 20 %. Dei to skolane som svarte at dei hadde avlyst noe, svarte i det eine tilfellet at det dreidde seg om for låg påmelding, og i det andre at det dreidde seg om eit større prosjekt som var blitt godkjent og at andre aktiviteter derfor måtte utsettast/leggast på is. Dette kan vere eit teikn på at skolane er flinke til ikkje å leggje meir omfattande planer enn dei klarer å gjennomføre. 4.6 Førebuing av internasjonale prosjekt: «Auka bruk av nettsamfunn» Eit punkt i kartlegginga gjeld kva for hjelpemidlar som blir nytta i førebuing og oppfølging av internasjonale prosjekt. Målsetninga er å finne ut i kva grad ny teknologi blir nytta. I 2012, som alle tidlegare år, var e-post utan tvil det mest vanlege hjelpemiddelet, som nesten alle nytta (95 %), men 68 % av dei som svarte hadde og oversendt skriftleg eller anna fysisk materiale med vanleg post. Når det gjeld dei nyare verktya som videokonferansar og nettsamfunn, ser vi nå ei god utvikling i riktig retning. Talet på skolar som har nytta nettsamfunn (både i form av Facebook, og meir spesialiserte plattformar som t.d. Moodle) har gått frå 4-5 skolar dei første åra til 9 skolar i 2011 og 17 skolar i 2012. Talet på skolar som melder at dei nytta videokonferansar (inkl. med gratisprogram som Skype eller MSN Messenger) er på same nivået i 2012 som det var i 2011: 7 skolar. Sjølv om digital teknologi kan vere eit effektivt hjelpemiddel både i planlegging og gjennomføring av internasjonale samarbeidsprosjekt, så er det framleis viktig med direkte kontakt; 68 % har hatt førebuande reiser og møte og omtrent like mange har hatt kontakt på telefon. 4

Figur 1: Hjelpemidlar i førebuing av internasjonale prosjekt 5. Internasjonalisering heime Stortingsmelding nr 14 (2008-2009): Internasjonalisering av utdanning legg stor vekt på internasjonalisering heime at elevane skal få internasjonale impulsar og utan å dra utanlands Kartlegginga inneheld difor eit spørsmål om korleis skolane forstår og implementerer dette ved eigen skole. På spørsmålet Har de hatt nokre aktivitetar som reknast som internasjonalisering heime i 2012 svarte 48 % av skolane ja, 41 % nei, mens 11 % ikkje var sikre. Det er nøyaktig like mange skolar som svarer at dei har hatt slike aktivitetar i 2012 som det var i 2011. Dei 21 skolane som svarte at dei hadde hatt slike aktivitetar, vart bedne om å gi eksempel på dei. Desse eksempla viser eit stort mangfald i internasjonaliseringsarbeidet som finn stad på skolane. Vi kan dele dei inn i seks grupper: - Opp mot kompetansemål i ulike læreplanar enten det er mot landbruk, handelsfag eller språkfaga. Særleg språkundervisninga, og tiltak for meir intensiv språkopplæring vert nemnt av fleire. - Knytt til internasjonale prosjekt som skolen er med i, og da særleg Comenius prosjekt. Som ein skole formulerer det: «Hele skolen er involvert i Comenius-prosjektet, sjølv om bare nokre få elevar reiser utanlands». Fleire lagar òg utstillingar på skolen knytt til desse prosjekta. Andre nemner at dei har «faglege aktivitetar i samband med studieturar» - Internasjonal tilstedeværelse på skolen - enten det er språkassistentar, utvekslingselevar som er ved skolen eit helt år, eller utanlandske elevar eller lærarar som bare er ved skolen ein kortare periode, så melder fleire at dette gjør noe både i forhold til internasjonalt perspektiv og praktisering av språk. - Internasjonale dagar slik som Operasjon dagsverk (eller temadagar knytt til andre solidaritetsaksjonar) og Internasjonal dag. Nokre skolar har òg markert dagar som Europeisk språkdag og kinesisk nyttår. - Solidaritetsaksjonar vert i år konkret nemnt av seks skolar. Ved nokre av skolane er dette ein dag i året (t.d. i staden for Operasjon Dagsverk), mens andre stader har det ein kontinuerleg merksemd. - Meir enkeltståande aktivitetar som t.d. Europeisk ungdomsparlament, stilkonkurranse eller samarbeid med FN-Sambandet 6. Planlagde aktivitetar for 2013 Når det gjeld aktivitetar som er planlagde for 2012 så er det først og fremst kortare elevturar som gjeld. 55 % av skolane planlegg dette for 2013. Dette er litt høgare enn dei siste åra (48 % for 2012 og 46 % for 2010). Mange skolar planlegg utveksling av elevar gjennom Leonardo da Vinci programmet (50 % planlegg å sende ut elevar og 33 % å ta i mot elevar), mens 45 % planlegg å delta i Comenius-prosjekt. 5

Nå er dette bare planlagde aktivitetar og mykje kan skje, men vi ser likevel at skolane er relativt realistiske når dei legg fram sine planar; tala for prosjektdeltaking stemmer med verkelegheita og aukar litt for kvart år. Talet på kortare elevturar blir derimot alltid litt høgare enn berekna.???? Det er gledelig å sjå at det er langt fleire som planlegg å delta i Comenius-prosjekt (frå 36 til 45 %) og Leonardo-utplasseringar (frå 45 til 50%) i 2013. Tabell 4: Kva type aktivitetar er planlagde for 2013? Elevtur opp til 4 veker 55 % Leonardo da Vinci sendt ut elevar 50 % Deltaking i Comenius-prosjekt 45 % Leonardo da Vinci mottatt elevar 33 % Andre fellesprosjekt med utanlandsk skole 21 % Lærarutveksling sendt ut lærar(ar) 21 % Lærarutveksling mottatt utanlandsk lærar(ar) 24 % Administrering av Hordalandsklasse i utlandet 12 % Utveksling av elevar til ein anna skole minst 4 veker 7 % Mottatt elevar frå anna skole minst 4 veker 2 % Etablering av vennskapsskole 12 % Deltaking i Nordplus-prosjekt 7 % Andre aktivitetar 31 % I kategorien andre aktivitetar fell skolane sine meir «frittståande» aktivitetar inn, slik som markering av den internasjonale språkdagen, feiring av kinesisk nyttår, solidaritetsarbeid, språkassistentar og utplassering av elevar og lærlingar utanom prosjekt. I tillegg kjem førebuande aktivitetar slik som oppretting av kontakt med potensielle partnarskolar og førebuingar til prosjektsøknadar. 7. Hindringar for internasjonalisering Når det gjeld kva skolane ser på som dei viktigaste hindringane for internasjonalisering, er det tid og pengar heller enn kunnskap. Dei to førre åra var det manglande tid til planlegging/gjennomføring som vart sett på som det største hinderet, og ikkje dei økonomiske ressursane, men i år er det på same måte som i 2008 dei økonomiske hindringane som kjem øvst (det er éin skole meir som svarer «økonomi» enn som svarer «tid»). Tilsette som ønskjer å engasjere seg og mangel på «konkrete aktivitetar/gode idear» er i mindre grad sett på som hindringar i år. Figur 2: Hindringar for auka internasjonalisering 6

8. Tilrettelegging for internasjonalisering På spørsmål om kva skolane sjølv meiner kunne forbetre moglegheitene for internasjonalisering ved sin eigen skole, er det dei same problemstillingane kring tid og pengar som dominerer. Tilbakemeldingane kan oppsummerast som følgjer: Økonomiske ressursar: både auka økonomiske tilskot frå fylkeskommunen sentralt og oftare søknadsfristar på desse slik at ein kan søke midlar når ein faktisk treng dei. Spørsmålet om dei nasjonale retningslinjene for eigenandel frå elevar vart også tatt opp igjen. Tidsressursar: Det er stor einigheit om at det internasjonale arbeidet tærer på nokre få eldsjeler blant lærarane. Derfor er det mange som tar til orde for øyremerka tidsressursar til internasjonalt arbeid, evt. ein fast internasjonal koordinator. Kunnskap/informasjon: Fleire skolar nemner at dei ønskjer meir informasjon både om tilgjengelege program, prosjektmidlar, men og om fylkeskommunen sine eksisterande samarbeidspartnarar. Fleksibilitet: Dette gjeld fleksibilitet i høve til reisebestilling (prosjektmidla rekk lenger ved å nytte lågprisselskap som t.d. RyanAir), fleksibilitet i høve til arbeidstidsavtale for pedagogisk personale, samt i høve til systemet med søknad om reiseløyve, som burde vere muleg å gjere elektronisk. Samarbeid med andre skolar og med fylkesadministrasjonen sentralt nemnast av nokre få. Det er ein kommentar som skil seg ut: «Tilhøva ligg godt til rette. Vi må berre bruke dei». 9. Motivasjonen bak og effektar av internasjonalisering Motivasjonen for internasjonalisering Det er ein kombinasjon av forklaringar bak skolane sitt internasjonale engasjement. På spørsmålet Kva er hovudmotivasjonen bak internasjonaliseringstiltaka på din skole? var dei tre viktigaste grunnane i år, som for 2011, å Gi elevane internasjonal erfaring (95%), Gi elevane ny tilnærming til faget (81%) og Betre språkkunnskapen (76%). Alle desse målsettingane har auka oppslutnad. Den viktigaste motivasjonen er altså elevane sitt utbytte. Nytt i år er det at det å «styrke miljøet i elevgruppa» har gått forbi både profilering av eigen skole og gi lærarane internasjonal erfaring som motivasjon for det internasjonale arbeidet. Dette tydar på at skolane ser verdien i dei utanom-faglege aspekta ved internasjonalisering - i tillegg til dei reint faglege. Når det gjeld svara i kategorien anna så er mellom anna pedagogisk utviklingsarbeid, auka kulturkompetanse og fordelar ved søking til lærlingplass trekt fram som motivasjon for internasjonaliseringsarbeidet. Figur 3: Kva er hovudmotivasjonen bak internasjonaliseringstiltaka på din skole? 7

Effektane av internasjonalisering Når det gjeld effektane av disse tiltaka, var det lagt opp som eit ope spørsmål der skolane kunne svare fritt. Dei svara som kom inn kan grovt sett delast i to kategoriar; dei positive effektane for dei einskilde deltakarane, det vere seg elevar eller lærarar, og dei positive effektane for skolen, undervisninga og miljøet. Dei positive effektane på elevane er først og fremst språkkunnskapen, men òg den faglege kompetansen. Utanlandsopphald verkar motiverande på elevane i ettertid, men skoler som set førehandskrav til fagleg dyktigheit og punktlegheit opplever og at dette er motiverande og gjer status blant elevane. Lærarane opplever at elevane får meir motivasjon for faget og mindre fråvær. Utanlandsopphaldet gjev dei ei kjensle av meistring og gjer dei meir modne og trygge. Dei opplever og at dei internasjonale prosjekta bidrar til å fjerne ein del fordommar og gjev auka toleranse. Lærarane har òg fagleg utbytte av det internasjonale arbeidet. Skolar melder om lærarar som får meir vidvinkel i si faglege tilnærming. Sjølv om dette er ressurskrevjande for lærarane så melder dei at desse prosjekta er inspirerande og gjer at dei reflekterer over eigen praksis. Dei positive effektane for skolen understrekast av mange. Dette kan vere i form av betre samhald, ei kjensle av styrka fellesskap og betre læringsmiljø og sosialt miljø. Stadig fleire skolar trekker og fram dei positive effektane det har for rekruttering til skolen generelt og einskilde program spesielt; «Vi opplever at det bidrar til positiv omtale av skolen» og «bidrar til å bygge opp en positiv merkevare for skolen» 10. Informasjon og oppfølging Informasjon På spørsmålet Opplever de at de har tilstrekkelig informasjon om dei moglegheitene som finst i høve til internasjonale aktivitetar? svarar 52 % ja, 39 % nei og 9 % veit ikkje. Over halvparten av skolane opplever altså at dei har god nok kunnskap om dei moglegheitene som finns. Dette er eit betre resultat enn i fjor, da 39 % svarte det same. Delen som svarar at dei ikkje har nok informasjon har også auka litt, frå 34 til 39 %, mens det er nokre få som svarer at dei ikkje veit. Når det gjeld kva form dei ønskjer å få informasjonen i, så er det framleis ein kombinasjon av det elektroniske, gjennom nyheitsbrev/e-poster (79 %) og det personlege, her eksemplifisert med informasjonsmøte (70 %). Ser vi på resultata frå tidlegare år ser vi at denne kombinasjonen konsekvent er det flest ønskjer. Interessa for trykt informasjon har derimot aldri vore mindre. I kategorien anna finn ein ønskje om meir erfaringsutveksling med andre skolar. Dei fullstendige resultata finst i figuren nedanfor; Figur 4: Korleis ønskjer de å få informasjon om nye program/tiltak? 8

Oppfølging I høve til oppfølging frå administrasjonen i fylkeskommunen meiner 41 % at dei har behov for meir oppfølging, 20 % at dei ikkje har eit slikt behov, mens 39 % er usikre. Desse resultata er like dei vi fekk for eitt år sidan. Det relativt høge talet på skolar som svarer «vet ikkje» kan vere uttrykk for ei avventande haldning, der ein ønskjer å vite kva tilbodet om oppfølging er, før ein seier ja eller nei. Dei 18 skolane som svarte at dei hadde behov for meir oppfølging, fekk høve til å utdjupe dette i eit siste spørsmål, i fritekst. Svara kan grupperast som følgjer: Starthjelp: innspel til nye prosjekt, hjelpe nye skoler i gang, gi ekstra støtte til de som har lite erfaring Søknadsskriving: hjelp i sjølve søknadsprosessen er framleis noko som er etterspurd av mange Partnarsøk: fleire skolar ønskjer hjelp til å finne partnarar for internasjonale prosjekt, utveksling og praksis, både blant fylkeskommunen sine partnarregionar og andre stader. Erfaringsutveksling med andre skolar både i høve til prosjekterfaringar, men og i høve til andre aktivitetar som t.d. alternative opplegg for Operasjon Dagsverk. Informasjon om dei nye EU-programma: sidan den nye programperioden i EU startar 1.1.14 vil alle program verte endra. Dette krev ny informasjon Fylkeskommunen sine målsettingar for og tilbod knytt til internasjonaliseringa i skolane: både informasjon om tilgjengelig hjelp, pågåande prosjekt og midlar det kan søkast på - og fylkeskommunen sine målsettingar for skolane sine internasjonale prosjekt, vert etterspurd. 9

Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Hordalandssamfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen. Agnes Mowinckels gate 5 Postboks 7900 5020 BERGEN Tlf: 55 23 90 00 E-post: hfk@hfk.no www.hordaland.no April 2013, Internasjonal seksjon

HORDALAND FYLKESKOMM Opplæringsavdelinga NOTAT Til: Opplærings og helseutvalet Dato: 26. april 2013 Frå: Opplæringsdirektøren Arkivsak: 201101096-425/BAHA Kopi til: Arkivnr.: 52.T07 Oppfølging av skolebruksplanen Gjennomføring av vedtaka i skolebruksplanen vert fulgt opp gjennom prosjektet «varige og gode effektar av skolebruksplanen». Politikarane vil få oversikt over prioriterte investeringsprosjekt i budsjettet for 2014 og økonomiplan for perioden 2014-17som vert offentleggjort i oktober og handsama i fylkestinget i desember 2014. Utgangspunktet for arbeidet med investeringsbudsjettet er vedtaka slik dei ligg i skolebruksplanen. Når det gjeld prosessar for samanslåing m.m. vil fylkesrådmannen leggje fram ei orienteringssak i fylkesutvalet i juni månad. I denne saka vil plan for implementering av skolebruksplanen vert presentert. Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5 - Postadresse: Postboks 7900. 5020 Bergen - Telefon 55 23 92 30 - Telefaks 55 23 92 39 E-postadresse: opplering@hfk.no Bankgironr. 5201 06 74239 - Foretaksnr. NO 938 626 367 mva.