Eksamensreglar og rettleiing for eksamenskandidatar ved Herøy vidaregåande skule Vi forventar at du som elev eller privatist har gjort deg kjend med reglar og rettleiing for eksamenskandidatar i god tid før du møter til eksamen
1 Brot på reglane Kandidatar som bryt ein av reglane som er gitt for eksamen eller som ikkje rettar seg etter det tilsynet seier, skal i alvorlege tilfelle, og etter at han/ho har vorte advart av rektor eller den rektor har gitt fullmakt, visast bort frå eksamen. 2 Forfall og sjukdom under eksamen Elevar som på grunn av sjukdom ikkje kan møte til eksamen, må snarast mulig skaffe seg sjukmelding og levere den til kontoret på eksamensskulen. Sjukmelding som ikkje er levert innan rimeleg tid, kan normalt ikkje godtakst. Kandidatar som møter til eksamen og vert så sjuk under eksamen at det kan påverke arbeidet, må straks melde frå til tilsynet, som straks skal varsle leiinga ved skulen. Rektor bestemmer om det er grunnlag for å avbryte eksamen og om kandidaten har rett til å gå opp til utsett eksamen. Rektor sitt vedtak kan det klagast på. 3 Gjennomføring av eksamen Du skal møte fram ved eksamenslokalet seinast 30 minutt før eksamensstart (skriftleg og praktisk eksamen). Kandidatar som utan gyldig grunn ikkje møter opp til fastsett tid, må vente til neste ordinære eksamen. 4 Legitimasjon Du må ha med gyldig legitimasjon. Til dømes bankkort med bilete, førarkort, pass eller liknande. Dette skal kontrollerast av tilsynet før eksamen startar. 5 Når du kjem til eksamenslokalet Kandidaten set seg på tilvist plass og gjer seg klar til eksamen. Etter at oppgåvene er delte ut kan han/ho ikkje forlate plassen sin utan godkjenning frå tilsynet. Ha legitimasjon klar for kontroll. På pulten skal det berre ligge skrivesaker og tillatne hjelpemiddel + mat og drikke. Mobiltelefonar skal slåast av og leggast på tilvist plass. Hugs å merke telefonen slik at du enkelt kan finne den att etter eksamen.
Ved utdeling av eksamensoppgåve, må du kontrollere at du har fått rett eksamensoppgåve. Det skal vere absolutt ro i eksamenslokalet etter at oppgåva er delt ut. Du skal ikkje prøve å ta kontakt med andre. Om du ynskjer opplysningar, treng noko eller vil forlate eksamenslokalet, skal du rekke opp ei hand og vente til tilsynet kjem til deg. 6 Eksamenstid Eksamenstida er oppgitt i oppgåva. Kandidaten kan få inntil 15 minutt i tillegg til fastsett eksamenstid til å klargjere svaret, dersom ikkje anna er fastsett i eksamensordninga for faget. 7 Innføring og utfylling av svarark Innføringsark som skal brukast ved eksamen er merkt med namnet til fylkeskommuna og skulen og blir utlevert av tilsynet. Tilsynet delar ut ekstra ark dersom du treng det. Bruk blå eller svart penn ved innføring. I oppgåver med grafisk framstilling, figurar, teikningar eller notar, kan du bruke blyant og fargar. Til slike oppgåver kan kandidaten få utlevert spesielle innføringsark. Du skal ikkje skrive namnet ditt nokon plass i svaret. Dette gjeld også på kladdeark og vedlegg. På pulten ligg ein lapp med alle opplysningar du treng for utfylling av heading på svararket. Ved bruk av innføringsark skal alle ark ha påført dato, fagkode, fagnamn, eksaminandnummer, sidenummer og totalt tal på sider. Ved bruk av PC får du utlevert ein minnepenn med innlagt svarark. Her fører du dei same opplysningane inn i toppteksten. Då kjem opplysningane rett på alle ark. Står det i oppgåveheftet at oppgåva har vedlegg som skal leverast inn; skal disse takast ut av oppgåveheftet, påførast eksaminandnummer og leggast ved. Dette skal skje sjølv om du ikkje har svart på vedlegget.
8 Bruk av PC Berre lovelege hjelpemiddel/fagstoff kan vere installert på PC`en. Det er ikkje lov å bruke internett eller annan form for kommunikasjon under eksamen. Alle trådlause nettverksfunksjonar skal vere slått av. Alle som brukar PC får utdelt ein minnepenn. Hugs å lagre regelmessing. Vi rår til at du lagrar svaret i PDF-format før du tek utskrift. Dette for å unngå at formateringar- og oppsettet i dokumentet blir endra når du tek utskrift. Med PGS eksamen må du ha ein av desse nettlesarane installert på PC`en; Explorer, Firefox eller Chrome. 8 om hjelpemiddel, kva er lov og ikkje lov Til skriftleg eksamen er alle relevante hjelpemiddel tillatt, med nokre unntak. Eksempel på relevante hjelpemiddel er læreplan, lærebøker, notat, løysingseksempel, lover osb. Skriftleg privatisteksamen i vg2 brønnfag (BRT-faga) skal gjennomførast utan hjelpemiddel. Skrivesaker, linjal og kalkulator er lov. Det er ikkje lov å bruke internett, eller å kommunisere med andre. I språkfag er det ikkje lov å bruke omsetjingsprogram. Dei skal heller ikkje vere installert på PC`en. 9 Kildebruk og plagiat Plagiat er å bruke andre sine tekstar heilt eller delvis utan å syne til kjelde. Dersom du brukar kjelder, skal desse synast til på ein etterretteleg måte. Dette er i informasjonsdelen til eksamensoppgåva. Skriftleg arbeid må vere slik at det ikkje er avskrift (heilt eller delvis) frå andre forfattarar, men heilt og fullt dit eige produkt. Vær merksam på at lærarar og sensorar brukar spesialprogramvare for å finne ut om heile eller deler av teksten din er tilgjengeleg på Internett. Eksamenssvar som i si heilheit syner seg å vere kopi av tidligare publisert materiale vil bli vurdert til lavaste karakter. Brot på åndsverklova kan i siste instans også bli ramma av straffelova med dei fylgjer det gir.
10 Om fusk og forsøk på fusk Fusk eller forsøk på fusk kan vere å gi, prøve å gi, formidle eller motta hjelp, eller å ha eller brukt hjelpemiddel som ikkje er lov å bruke, etter at oppgåva er levert ut. Konsekvensen av fusk eller forsøk på fusk er: Kandidaten kan få eksamenen i faget annullert. Kandidaten har likevel rett til fullføre eksamen på eksamensdagen. Elevar som får eksamen annullert, mister standpunktkarakteren i faget. Enkeltvedtak om annullering av eksamen kan påklagast til fylkesmannen. Skulen skal informere eleven og føresette for elevar under 18 år om klageretten. Kandidaten kan tidligast gå opp til eksamen i faget eit år etter at den annullerte eksamenen. 11 Levering av oppgåvesvaret Etter at eksamenstida er ute er det ikkje lov å løyse oppgåver. Arbeidet med utfylling av heading/topp og botntekst og sortering av svararka kan halde fram i 15. minutt ut over vanleg eksamenstid. Når du skal levere svaret ditt gir du teikn til tilsynet, som kjem og hentar svaret. Svararka skal ligge i nummerorden. Alle papir må leverast før du forlet lokalet. Du skal sortere papira slik: Innføringsark (m/ evt. vedlegg) Kladdeark (og evt. feilskrivne ark) Oppgåvehefte Dersom besvarelsen må leverast for tidleg på grunn av sjukdom (eller av andre grunnar), kan kladdearka leverast saman med innføringsarka til sensur. I slike høve kan skulen legge ved ei særskild melding om tilhøvet som ligg til grunn for dette. Sensorane kan då sjå på kladdearka som ein fullgod del av oppgåvesvaret.