rundskriv nr. 13/2012 Frå: Utdanningsavdelinga Til: Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Dei private vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Dato: Ref: 18.12.2012 76969/2012/062 - Gjennomføring av våreksamen 2013- elevar og privatistar I Informasjon frå Utdanningsdirektoratet Fylkesutdanningssjefen viser til m. a. desse skriva frå Utdanningsdirektoratet: Brev datert 27.06.2012 om sentralgitt eksamen hausten 2012 og våren 2013 med tilhøyrande eksamensplaner. Brev datert 09.09.2009 om påmelding til eksamen, sist endra 07.06.2011. Brev datert 15.01.2009 om trekkordning i Kunnskapsløftet, sist endra 07.06.2011. Rundskriv datert 28.04.2009 om IKT-basert eksamen, sist endra 19.11.2012. Brev datert 22.04.2009 om hjelpemiddel i Kunnskapsløftet, sist endra 07.06.2011. Brev datert 08.12.2010 om forlenging av overgangsordning for norsk som andrespråk for elevar og privatistar med kort botid i Norge. Artikkel av 21.03.2011, sist endra 07.06.2011 om endring av eksamensordninga for privatistar for ein del framandspråk. NB! Skolane må sjølve halde seg oppdaterte på nettet (utdanningsdirektoratet/eksamen/eksamen i videregående opplæring) om brev og andre meldingar som vert lagt ut om eksamen. Fylkesutdanningssjefen viser til annonser i regionsavisene om våreksamen 2013 for privatistar (05.01.2013 og 19.01.2013). Rettleiande eksamensplan for elevar for våren 2013 ligg ved dette rundskrivet. II Organisering og gjennomføring av eksamen Fylkesutdanningssjefen v/rådgivarar for eksamen har det overordna ansvaret for koordinering, gjennomføring og kvalitetssikring av eksamen. Eksamen for elevar 1. Sentralgitte prøver Vi syner til skriva det er vist til ovanfor om sentralgitte prøver. Fylket går inn for at også lokalgitte skriftlege eksamenar for elevar skal følgje same modell som dei sentralgitte. Postadresse: Fylkeshuset, 6404 Molde Besøksadresse: Julsundveien 9 Telefon: 71 25 80 78 Telefaks: 71 25 87 99 e-post: post@mrfylke.no www.mrfylke.no
2. Lokalgitte prøver a) Teknisk fagskole Som eit generelt prinsipp skal eksamen leggjast så nært opp til skoleslutt som mogleg. Dette gjeld både munnleg og skriftleg eksamen. I desse programområda skal eksamen gjennomførast som tidlegare. Rektor ved den enkelte skole har ansvar for: 1. å trekkje ut elevar 2. å sjå til at det blir laga eksamensoppgåver og kvalitetssikre desse 3. at eksamen blir gjennomført på rett måte b) Vg1, Vg2 og Vg3 i Kunnskapsløftet Rettleiande plan for eleveksamen er lagt ved. Denne eksamensplanen er ei rammeplan. Endringar av datoar grunna spesielle tilhøve ved skolen, bruk av sensorar og liknande må avtalast med rådgivarar for eksamen. Oppsett over samarbeidande skolar for praktisk eksamen Vg2 og Vg3 yrkesfag vert utarbeid i samarbeid med fagnettverka og skolane i januar/februar 2013. Det vert lagt til rette for samarbeidsmøter for dei store faga på Vg yrkesfaglege utdanningsprogram. Varsling for munnleg eksamen skal skje 48 timar før eksamen. Varsling til eksamen måndag 17. juni skjer torsdag 13. juni kl. 10.00 og kl. 14.30 og varsling til eksamen tysdag 18. juni skjer fredag 14. juni kl. 10.00 og kl 14.30. I følgje Forskrift til Opplæringslova 3-30 er laurdag fridag på same måte som søndag og andre heilagdagar med omsyn til eksamen. Varslingsdato for trekkfaga ved sentralt gitt eksamen og lokalgitt, skriftleg eksamen er onsdag 15. mai kl. 09.00. Rådgivarar for eksamen har ansvar for å: 1. - peike ut sensorar til lokalgitt eksamen og sentralgitt eksamen med lokal sensur. For praktisk eksamen er dette delegert til skolane 2. trekkje ut parti i trekkfag etter framlegg frå skolen og oppnemne sensorar til desse 3. samordne utarbeiding av eksamensoppgåver til lokalgitt eksamen så langt det er mogleg. Rektor har ansvar for: 1. å melde inn til Utdanningsdirektoratet i PAS-systemet trekket for sentralgitt eksamen for både elevar og privatistar innan fristen 1. mars. 2. å melde inn til rådgivarar for eksamen elevar og fag som skal/kan prøvast. Frist for innmelding av trekk er sett til fredag 15. februar 2013. Skolane registrerar oppmeldingsframlegg etter trekkreglane for alle typar eleveksamenar, også munnlege, i eksamensmodulen i Extens innan denne fristen. Oppdatering av sensorregisteret til lokalgitt eksamen har frist 1. februar 2013. 3. at det vert utarbeidd eksamensoppgåver og å kvalitetssikre desse i faga til lokalgitte prøver, skriftlege, munnlege, munnleg og praktisk, og at desse vert levert rektor innan ein fastsett dato (t. d. 1. mai). 4. gode rutinar for gjennomføring av praktisk eksamen, munnleg og munnleg/praktisk eksamen. 5. at det vert avtalt dato for felles sensurering og at resultatet for fellessensuren vert overlevert skolen innan 20. juni 2013. Dersom eksamensoppgåva ikkje vert skriven ut på data, rår vi til at det vert nytta ark med gjennomslag for lokalgitt eksamen og sentralgitt eksamen med lokal sensur slik at svara kan leverast/sendast samstundes til intern og ekstern sensor omgåande etter eksamen. For sentralgitt eksamen med sentral sensur gjeld eigne rutiner. Fylkesutdanningssjefen vil understreke at det er rektors ansvar at utsending av elevsvara skjer omgåande etter eksamen og at alle eksamensoppgåver skal utarbeidas i samsvar med forskrift og læreplan.
Det er viktig at skolane legg arbeid i å lage gode og relevante oppgåver slik at det ikkje oppstår kvalitative skilnader mellom skolane innanfor dei einskilde faga. Arbeidet i fagnettverka er viktig for å kvalitetssikre eksamensoppgåvene. c) Hjelpemiddel til sentralt gitt og lokalt gitt skriftleg eksamen 3-31 i Forskrift til opplæringslova seier korleis eksamen i Kunnskapsløftet skal organiserast i høve til bruk av hjelpemiddel. I brev frå Utdanningsdirektoratet datert 12.02.2008, sist endra 07.06.2011 er det vist til 2 ulike modellar som skal nyttast til sentralgitt skriftleg eksamen. I brevet står m. a.: Modell 1: Alle hjelpemidler er tillatt. Unntak er Internett og andre verktøy som tillater kommunikasjon. For norsk og fremmedspråkene er heller ikke oversettelsesprogrammer tillatt. Modell 2: Del 1 Skrivesaker, passer, linjal og vinkelmåler er tillatt. Del 2 Alle hjelpemidler er tillatt, med unntak av Internett eller andre verktøy som tillater kommunikasjon. Vidare i brevet er det klårgjort i kva fag dei ulike modellane er tenkt brukt. Modell 2 er spesielt tenkt brukt til matematikk og andre realfag, medan Modell 1 er normalmodell for typiske skrivefag som t.d. språkfag. Vi ser at bruk av alle hjelpemiddel vil utfordre dei som lagar oppgåver i større grad enn før. Kandidatane skal få vist sin individuelle fagkompetanse på alle taksonomiske nivå. Oppgåvene må difor vere såpass opne og generelle at dette vert mogleg. Oppgåver av ein type som berre etterspør reprodusert faktakunnskap vil ikkje stette krava til eksamen i Kunnskapsløftet. Bruk av datamaskin til eksamen i Kunnskapsløftet Når departement og fylke no har satsa tungt på å spreie og utvikle digital kompetanse med eigne PC ar til kvar elev, ville det vere svært ulogisk at kandidatane ikkje skal kunne bruke sin eigen PC til eksamen. Det vil ikkje vere naudsynt å tøme datamaskina for fagstoff sidan alle hjelpemiddel kan nyttast med unntak av modell 2, del 1 der ikkje PC kan nyttast. Møre og Romsdal fylke har som skoleeigar høve til å bestemme kva hjelpemiddel som skal nyttast ved lokalt gitt eksamen. Skolen må sikre at kandidatar ikkje har omsetjingsprogram på maskina si i samband med eksamen i norsk og framandspråk. I tillegg må skolane anten sikre at kandidatane ikkje kan få tilgang til Internett, eller så må dei leggje til rette for å kunne kontrollere om kandidatar ulovleg koplar seg til nettet i eksamenstida. Dette kan løysast på ymse vis. Som vedlegg til dette rundskrivet (Vedlegg 3) ligg eit skjema skolane kan nytte for å dokumentere at kandidatane er kjent med følgjene av å bryte reglane som gjeld for PC-bruk til eksamen. Eksamenssamarbeidet i opplæringsregion Nord (ORN) Regionen har ikkje lenger nokon formell rolle med samordning av lokale skriftlege eleveksamenar, berre privatisteksamen. Arbeidet vidare i dette eksamensamarbeidet vil vere opplæring/støtte i oppgåvelaging innan utvalde utdanningsprogram, arbeid med vurdering, samarbeid om sensur for teoriprøva for praksiskandidatar/lærlingar og felles oppgåver og sensur for skriftleg, lokalgitt eksamen for privatistar. ORN- oppgåver, ikkje sensorar, kan etter førespurnad frå skolane brukast til elevar som skal ha ny/utsett/særskilt eksamen.
Oppmelding av privatistar på privatistweb All oppmelding til privatisteksamen er web-basert. Prøveavgifta for 2013 er kr. 390,- for førstegongsprøve og kr. 800,- for forbetringsprøve. Informasjon om oppmelding ligg på nettet under www.privatistweb.no og www.mrfylke.no. Her ligg også informasjon om kven som skal betale prøveavgifta og kven som ikkje skal betale. Privatistweb er open 1. januar til og med 31. januar. Fristen for oppmelding til våreksamen er 31. januar. Elev/lærling som ikkje nyttar retten sin til å avleggje ny, utsett eller særskilt prøve ved første fastsette tidspunkt for slik prøve, må gå opp som privatist. Praksiskandidatar/lærlingar og teorieksamen Eksamen er sentralgitt med lokal sensur. Eksamensdato er 29. mai for Vg3/avviksfag og 6. og 7. juni for Vg2-nivå og praksiskandidatar etter Kunnskapsløftet. Før ein kan melde seg opp til den praktiske delen av fagprøva, må den tverrfaglege teorieksamenen vere greidd. Informasjon om eksamen blir gitt ved oppmeldinga på web og ved den skolen kandidaten melder seg til. Det blir gitt eitt kompetansebevis for den teoretiske delen av fagprøva. Kompetansebeviset skal leggjast ved oppmeldinga til den praktiske prøva. Oppmelding til den praktiske prøva skal som tidlegare sendast til utdanningsavdelinga. Økonomi Rekningane frå sensorar/eksaminatorar/oppgåvelagarar for privatisteksamen (inkl. praksiskandidatar) der fylket har tinga dette arbeidet, skal sendast til utdanningsavdelinga for utbetaling. Utgifter for eleveksamen skal belastast den einskilde skolen. Med helsing Sverre Hollen Konst. fylkesutdanningssjef Helene Loe Arntsen Seksjonsleiar Gjenpart: Fylkesrådmannen Fylkesordføraren Lærarorganisasjonane Elevorganisasjonane Utdanningsutvalet Yrkesopplæringsnemnda Fagskolen i Ålesund Opplæringskontor og ringar Ressurssentra i fylket Vedlegg: Vedlegg 1: Rettleiande eksamensplan våren 2013 Vedlegg 2: Annonsetekst for privatisteksamen våren 2013 Vedlegg 3: Skjema til bruk ved PC-basert eksamen
Vedlegg 1 RETTLEIANDE EKSAMENSPLAN VÅREN 2013 ELEVAR Sentralgitte eksamenar i planen er merka med *. Sentral eksamensplan, sjå brev frå Utdanningsdirektoratet av 27.06.2012 m/vedlegg. Eventuell førebuingsdag/dagar er ikkje teken med i denne planen. NB! Varsling av trekkfag, munnleg og munnleg/praktisk skal etter forskrift til Opplæringslova 3-30 skje 48 timar før eksamen. Kunngjering av skriftlege trekkfag er onsdag 15. mai kl. 09.00. DATO Vg1 Vg2 Vg3 Onsdag 15.05 Melding om skriftleg trekk, sentalt og lokalgitt kl. 09.00 Melding om skriftleg trekk, sentralt og lokalgitt kl.09.00 Melding om skriftleg trekk, sentralt og lokalt gitt, kl. 09.00 Tysdag 21.05 Onsdag 22.05 Torsdag 23.05 ENG1002 (st)* ENG1003 (yf)* NOR1206 (yf) Fredag 24.05 MAT1011/13* Måndag 27.05 MAT1005/10/15/17* Start periode Vg2/Vg3 y-fag praktisk eksamen Tysdag 28.05 NOR1211 Norsk hm (st)* Onsdag 29.05 Teori fagprøve Vg3* Torsdag 30.05 MAT1001/1006 (yf) Lokalgitte skr.trekkfag (-NOR1206) Fredag 31.05 NOR1212 Norsk sm (st)* Måndag 03.06 IDR2005 Treningslære 2* Tysdag 04.06 Lokalgitte skr. trekkfag Onsdag 05.06 Torsdag 06.06 Teori fagprøve Vg2 Fredag 07.06 Teori fagprøve Vg2 Måndag 10.06 Tysdag 11.06 Onsdag 12.06 Torsdag 13.06 Fredag 14.06 Måndag 17.06 Evt. Evt. Evt. Tysdag 18.06 Onsdag 19.06 Reservedag munnleg eksamen/fellessensur Reservedag munnleg eksamen/fellessensur Reservedag munnleg eksamen/fellessensur Torsdag 20.06 Skoleslutt/Fellessensur Skoleslutt/Fellessensur Skoleslutt/Fellessensur NB! Grunna samordning av utarbeiding av eksamensoppgåver og sensurering er det viktig at skolane følgjer den oppsette planen ved dei skriftlege eksamenane. kan avvikast frå planen dersom det vert avtala med rådgivar for eksamen.
VEDLEGG 2 LOGO MØRE OG ROMSDAL FYLKE UTDANNINGSAVDELINGA http://www.mrfylke.no VÅREKSAMEN 2013 i den vidaregåande skolen Privatistar, lærlingar. Teoriprøva for praksiskandidatar og avviksfag Vg3. Oppmelding til privatisteksamen i Møre og Romsdal er no berre nettbasert (web). Det er totalt 9 vidaregåande skolar i fylket som gjennomfører eksamen for privatistar. Fristen for oppmelding til eksamen ved dei vidaregåande skolane våren 2013 er: Privatistweb er open for oppmelding i perioden 01.- 31. januar 2013. For informasjon og oppmelding, sjå www.privatistweb.no og www.mrfylke.no. Det er viktig at du les informasjonen på privatistweb før du melder deg opp. Skolane vil hjelpe deg med informasjon ut over det du finn på privatistweb. Vi gjer merksam på at eksamen kan bli avvikla ved ein anna skole enn den du set opp som ditt ønske. Oppmeldingsfrist: 31. januar 2013. NB! Det er ikkje høve til å melde seg til privatisteksamen etter denne fristen. Innrykk: Romsdals Budstikke, Tidens Krav, Sunnmørsposten: 5. januar 2013 og 19. januar 2013.
VEDLEGG 3 Bruk av PC til skriftleg eksamen i Kunnskapsløftet ved dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal 1. Elevar kan bruke privat PC til skriftlege sentralgitte eller lokalgitte eksamenar dersom ikkje noko anna er avtala. Unntak er også sjølvsagt alltid del 1 i todelt eksamen etter modell 2 der berre svært avgrensa hjelpemiddel er tillate. 2. Det er ikkje naudsynt å slette noko fagstoff på maskina sidan alle hjelpemiddel unnateke Internett/kommunikasjon er tillate. Eg er kjent med at eg ikkje har lov til å kople meg til Internett eller nytte annan form for kommunikasjon til medelevar eller andre via mobiltelefon, bluetoothsamband eller liknande i eksamenstida. Eg kjenner og til at eg ikkje kan ha installert omsettingsprogram på datamaskina når det er eksamen i norsk eller framandspråk. Eg kjenner til at skolen kan nytte eiga programvare for å kontrollere om deler av besvarelsen kan vere henta frå kjelder på Internet og at eg difor alltid må oppgi kjelde når eg nyttar stoff skrive av andre. Brot på nokon av desse reglane vil det kunne bli rekna som fusk, og det blir handsama etter 3-37 i Forskrift til opplæringslova. Konsekvens kan bli annullering av eksamen og sperrefrist på 1 år før du på nytt kan gå opp til eksamen i faget. Det kan også bli konsekvens i form av nedsett åtferdskarakter. Eg har lese og forstått reglane for PC-bruk til eksamen her... Stad og dato Elevens underskrift