Sogndal kommune Utval: Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 07.12.2009 Tid: 1500-1800 Pkt 1 OPNING A. Konstituering av møte Møtet lovleg sett med følgjande tilstades:vilde Øvstetun, Ole Henrik Lund, Alber A. Øydvin, Trude Øygard, Andrea B. Kvam, Anne Grethe Teigen, Maria Gunnarsdotter Svedal, David W. Osen og Runa Buene. Innkalling og sakliste godkjent. Møteleiar: leiar Vilde Øvstetun. Møta i Sogndal ungdomsråd er ope for alle. B. Godkjent møteprotokoll frå møte 13. oktober 2009. Pkt.2 A. Orientering frå ordførar. Orienterte om økonomi 2010. Fokus på korleis ungdom får tilbod om aktivitetar og kven ein når i ungdomsgruppa. C. Orientering frå utval. Orientering om Fylkesting for ungdom vert utsett til neste møte pga lite tid. D. Orientering frå administrasjonen. Hugs å levere skattekort for 2010 og kontonummer dersom du vil ha møtegodtgjersle. Neste møte er: 28. januar 2010. Kom med saker til arbeidsutvalet innan 13. januar 2010. Sogndal, 9. desember 2009 Vilde Øvstetun Leiar (underskrift på protokoll) Elin Reinås Ungdomsleiar sekretær Sakliste
Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 13/09 09/3239 Ungdomsrøra 2010 Innspel frå ungdomsrådet 14/09 09/3240 Kampanje mot langing Oppstartsmøte 15/09 09/3241 Samarbeid med Leikanger ungdomsrådet 16/09 09/3242 Ungdommens kulturmønstring - UKM 2010 Finne dommarar 17/09 09/3243 Kommuneplanen samfunnsdel 2010-2022 Innspel frå ungdomsrådet
Sak 13/09 Ungdomsrøra 2010 Innspel frå ungdomsrådet Andrea Kvam vil informera om kva som er gjort så langt med Ungdomsrøra 2010. Arbeidsgruppa ønskjer ønskjer innspel til Ungdomsrøra 2010 frå ungdomsrådet. Målet med Ungdomsrøra: sosial og kulturell møteplass med fokus på ungdom som bidragsyter. Ungdomsrøra vert i veke 9, utvikle tilboda frå 2009, arbeidsgruppa har mange nye idear. Kinopremiere. Innspel frå ungdomsrådet: sveising av kunst, mekanikk, data, elektronikk, god marknadsføring gjennom plakatar, facebook, avis, tv, radio, blogg og bruk medialinja flittig. Fleire innspel kan rettast til ungdomsrådet, arbeidsgruppa for Ungdomsrøra eller til ungdomsleiar. Sak 14/09 Kampanje mot langing Oppstartsmøte Lensmann Thue er invitert til møtet. Diskutere kva måte ein skal bruke for å få fokus på langing av alkohol til mindreårige. Ein bør få til ein kampanje før 1. mai 2010. Lenamsnn Thue var i møtet og diskuterte problem, mål og framdrift med ungdomsrådet. Kopi av måteprotokoll vert sendt til lensmann. Dette prosjektet er ungdomsrådet sitt. Val av arbeidsgruppe: Vilde, Andrea, Runa og Albert. MANDAT FOR PROSJEKT MOT LANGING:
Mål: Utsette debutalder med alkohol Betre haldningane til ungdom og vaksne Informere om faren ved inntak av alkohol Arbeidsgruppa består av: Vilde Øvstetun, Runa Buene, Andrea B. Kvam og Albert A. Øydvin. Leiar: Val av leiar på første møte. Antall møter: Vert bestemt av arbeidsgruppa på første møte som er 13. januar kl. 1330. Når: Prosjektet skal være gjennomført innan 1. mai 2010 Eksterne samarbeidspartar: Lensmann i Sogndal Jan-Tore Thue, ungdomsrådet i Leikanger, vinmonopolet, næringslivet, FAU og andre Sekretær i prosjektet: Ungdomsleiar Elin Reinås Sak 15/09 Samarbeid med Leikanger ungdomsrådet Medlemmane i Sogndal ungdomsråd må diskutere om dei ønskjer eit samarbeid? På kva område kan ein samarbeide? Ungdomsrøra? UKM? Kampanje mot langing? Eit felles møte i året? Saka var oppe i arbeidsutvalet og i ungdomsrådet, der ein diskuteret seg fram til ei løysing.
Medlemmane i Sogndal ungdomsråd ønskjer eit tettare samarbeid med ungdomsrådet i Leikanger. Ein kan samarbeide på ulike ting, først bør ein innføre eit felles møte i året kor ein drar opp dei store linjene. Det er ønskjeleg at representant frå ungdomspolitisk utval og stille på desse møta. Sogndal ungdomsråd synes og det er naturleg å invitera ungdomsrådet i Luster til desse møta. Ungdomsrådet ser for seg eit felles samarbeid med Ungdomsrøra, UKM, ulike prosjekt som til dømes Kampanje mot langing i 2010. Det økonomiske bør ein diskutere undervegs, men det er klart at alle må bidra til ei felles satsing. Sekretær skriver eit brev til Leikanger ungdomsråd med vedtaket. Sak 16/09 Ungdommens kulturmønstring - UKM 2010 Finne dommarar Alle i ungdomsrådet skal finne 1 kvar som kan tenkje seg å sitje som dommar under UKM 2010. Det er frist innan 10. januar 2010 til å komme med ein person til sekretær Elin Reinås. Arbeidsutvalet vil på neste møte sette saman 6 personar som utfyllar kvarandre. Alle i ungdomsrådet skal finne 1 kvar som kan tenkje seg å sitje som dommar under UKM 2010. Det er frist innan 10. januar 2010 til å komme med ein person til sekretær Elin Reinås. Arbeidsutvalet vil på neste møte sette saman 6 personar som utfyllar kvarandre. Sak 17/09 Kommuneplanen samfunnsdel 2010-2022 Innspel frå ungdomsrådet
Kommuneplanleggjar Marie Pettersson vil informera om planen og deretter vil det bli gruppearbeid Gruppene vil ha ulike tema dei diskuterer og komme med innspel til Kommuneplanen sin samfunnsdel. Arbeidsutvalet handsama saka og eit stort engasjement i møte i ungdomsrådet. Ungdomsrådet brukte 1 time på saka. Ungdomsrådet var delt inn i 3 grupper med like og ulike tema dei diskuterte. Oppsummering: Kva er bra med Sogndal: Masse, Kaupanger: natur-alle kjenner alle-industri, gode badeplassar, fritidstilbod, fllotte skular og skulemiljø, godt helsetilbod, tar tak i utfordringar, Sentrumsparken, ungdomsrådet vert hørt, utvikling v/hsf, gode arbeidsplassar, fruktbygd, fjorden, skisenter, Lerum som reklame og merkevare, identitet: natur og kultur, studentmiløet, HSF som merkvare, Olav Stedje, Ungdomsbasen, fleire små sentrum og eit stort, mobil liten kommune, alt er sentralt og bra idrettsmiljø. Korleis ser du Sogndal om 15-20 år? Storleik: større sentrum, større utkant, større og fleire kjøpesenter, identitet: byggje vidare på det vi har, spare naturen, ikkje meir utbygging, betre handletilbod, betre grunnlag for å bli by, økt folketal, bærekraftig utvikling, tunnel gjennom sentrum, ny bru, godt å bu i Sogndal, samanslåing av kommunar, redusere uvettig bruk av rusmiddel, betre uteliv og betre festkultur. Ungdomsrådet ønskjer å arbeida meir med dette tema og vil at arbeidsutvalet skal plukke ut 1 eller 2 tema som skal diskuterast skikkeleg på neste møte i ungdomsrådet. 1 eller 2 av desse områda vil bli arbeida meir med i neste ungdomsrådsmøte: Gode bu- og oppvekstvilkår Natur, kultur og reiseliv Sogndal som skulestad Sogndal som regionsenter Næringsutvikling, arbeidsplassar og infrastruktur Arbeidsutvalet vel ut 1-2 områder til fram til neste møte.