1 1 Nærmiljøsentralen Askvoll Innhald Årsrapport 2012 Føremål Nærmiljøsentralen Askvoll (heretter kalla sentralen) skal vere ein lokalt forankra møteplass, som er open og inkluderande for alle som har lyst til å delta i frivillig virke. Sentralen er, og skal verte driven på dei frivillige sine premissar. Sentralen skal vere ein ressursbase og eit kontaktpunkt mellom menneske, lag og organisasjonar, det private næringsliv og det offentlege. Sentralen ser det som særs viktig at vi ikkje trør i andre sine bed, dvs at vi ikkje driv aktivitet som andre lag driv, eller nokon har som profesjon. Lovpålagte kommunale oppgåver tek vi heller ikkje. Samarbeid skal vere det sentrale, og den frivillige skal stå i sentrum. Føremål 1 Overordna mål 1 Delmål 2 Utfordringane 2011 2 Styret 2 Daglig leiar 3 Økonomi 3 Konklusjon/utfordring 4 Takk 4 Plan 2013 4 Overordna mål Hjelpe til med å forebygge psykososiale problem. Ta den enkelte sitt behov på alvor, å være inkluderande Vere ressursbase I lokalsamfunnet. Fremje mangfaldet i kommunen
2 Delmål Kartleggje behov Oppmuntre til frivillig innsats Stimulere til kontakt mellom kommune, frivillige lag og organisasjonar, enkelt personar og næringslivet Supplere eksisterande aktivitet, samarbeide med lag og organisasjonar, næringslivet og kommunale etatar. Samordne, starte opp og avslutte tiltak. (avslutte sentralen sitt engasjement når aktiviteten går av seg sjølv, eller eit lag tek over.) til Værlandet/ Bulandet 2008 Utfordringane i 2013 Skumringstur i skogen Å engasjere fleire barn og unge. Auke kontaktnettet og samarbeid. Få til gode inkluderande møteplassar. Tilbod om kulturell aktivitet i alle bygder med hjelp av den kulturelle spaserstokken og frivillige lag og organisasjonar. Integrere grupper som fell utanfor etablerte tilbod. Styret var samansett slik i 2012: Leiar: Rannveig Bareksten Askvoll Sanitetslag Nestleiar: Anna Elisa Helle Medlem: Sigrid Lunde Vara: Bente Strømmen Medlem: Kirsten Grane vara: Kjell Ask medlem: Anna Rege medlem: Per Osland Frivillige/ brukarar Kommunal rep. Askvoll kommune Askvoll Pensjonistlag Askvoll pensjonistlag Askvoll Røde Kors Seniordansgruppene /frivillige
3 Styret Det har vert 5 styremøte, og handsama 22 saker. Styret er sett saman av valde representantar frå lag og organisasjonar, det gjer at det er eit særs godt samarbeid med og mellom desse. Det er samarbeidd om aktivitetar i samband med TT Serviceskyss for alle i dei fleste bygdene. Nokre av aktivitetane i samband med skyssen er oppsett kvar veke, medan andre var eingongsaktivitetar. Det er og samarbeid med lag og organisasjonar som ikkje har representantar i styret, som jakt og fiske lag, skyttarlag, eldreråd og kommunale etatar. m. fl. Sentralen startar ikkje opp tiltak utan eit eller fleire lag er med som samarbeidspartnarar, eller at privat personar som frivillig har ein sentral rolle. Nærmiljøsentralen samarbeider med Askvoll Eldreråd, Askvoll Folkeakademi og Pleie og omsorgskontoret ang. aktivitet med støtte frå den Kulturelle spaserstokken. Daglig leiar Er tilsett I Askvoll kommune i 100 % stilling. Er nettverksleiar, og deltek på inspirerande samlingar i 3 fylket, og i BASIS region 3. Er økonomiansvarlig og fører rekneskap for Basis samlingane. Økonomi Rekneskapen vert ført av kommunekassen, og revidert av kommunen sin revisor. Styret har vedteke at kr. 20 000.- som sentralen får frå Kulturdepartementet som kompensasjon for at daglig leiar og er nettverksleiar, skal nyttast av daglig leiar til noko som inspirerer til vidare arbeid ved sentralen. Gåve vi fekk frå Askvoll kommune i samband med 20 års markeringa i 2011 vart nytta saman med fondsmidlar til arrangement Dansens Dag i 2012. Koordinerer frivillig innsats. Er sekretær for styret og årsmøte m. fleire. Møter på arrangement og møter i lag og organisasjonar, etter invitasjon. Koordinerer frivillig innsats. Hjelper til der det trengs. Takk til styret og kommunen for positiv innstilling.
4 4 Plan 2013 Datatreff, SMS. Dansens dag. Friluftsaktivitetar barn - unge. 5.des Frivillig dagen Snakke norsk klubb. Nytt tiltak Nye måtar å annonsere tiltak på, eks Facebook Konklusjon og utfordring Sentralen er engasjert i mange tiltak, alle i samarbeid med lag og organisasjonar, næringslivet og dei offentlige etatane. Det er tidkrevjande å leggje til rette for nye tiltak, men det gjev positive ringverknader sjølv om ikkje tiltaket kjem i drift. Planane vert forsøkt oppfylt i løpet av året, men det er ikkje sjølvsagt at alt er liv laga Få i stand intrigerande aktivitetar i alle grendene. Aktivisere nye grupper som frivillige. Samarbeide med NAV, finne ut kva vi kan samarbeide om. Rusleturar/ trimløyper Temadagar Samarbeid m. Ungdomsrådet, Eldreråd og Råd for menneske med nedsett funksjonsevne TT Service skyss for alle Takk Sentralen takkar alle som har utøvd frivillig innsats i året som gjekk. Takk og til lag og organisasjonar, offentlige etatar og næringslivet som på ein positiv måte tek imot oss når vi treng samarbeidspartnarar. Den Kulturelle Spaserstokk
5