ÅRSMELDING FRÅ UNGDOMSGRUPPA, FLORØ SKYTTERLAG 2009. I styret: Leiar.: Janne Haugnes, Økonomiansvarleg: Steinar Hammerseth Styremedlem: Magnus Frøyen Styremedlem: Joacim Hovden Noko laber møteverksemd i år, vi har bare hatt eit, men det har likevel fungert bra. Vi snakkast når det er nødvendig og diskuterar det som kjem opp der og då. Dette skuldast i stor grad at leiaren har mange andre oppgåver som instruktør, og som leiar i både samlaget og kretsen sine ungdomsutval. Vervet som leiar i samlaget sitt ungdomsutval har tatt mykje tid, med arrangering av samlingar og møter. Men, dette er oppgåver som kjem Florø sine skyttarar til gode også! Fleire av dei nyaste ungdommane deltok på breddesamling i Hyllestad i midten av april. Dette syns dei var moro, og dei hadde nok ein del sportsleg utbytte av det også. Dei fekk blant anna være med å anvise på feltskyting! Dei av våre som har vært aktuelle for lagskyting på samlagsnivå har vært med på fleire samlingar der dei har fått trene saman med dei andre som dei skulle skyte saman med på lag. Nyttig trening! Inne-sesongen Skyteskule Vi starta skyteskulen den 21.okt. Der var 12 deltakarar. Av desse er det 6 som har fortsett med skyting. Desse er blitt veldig flinke og vi håpar at dei vil henge med framover! Fleir av dei har investert i litt utstyr og det lovar godt, syns vi! Treningsstemner Vi gjennomførte seks treningsstemner i løpet av innesesongen, av desse seks er tre teljande, og ein kan oppnå totalt 750 poeng. Det er bra oppslutning på desse stemna då dei inngår som ein del av treningane. Heile 14 aspirantar fullførde til premiering. Totalt var det 27 deltakarar. Resultatlista vart sjåande slik ut til slutt: Kl R: Henrik Andersen 674 poeng Kl ER: Mats Haugnes 748 Sverre Nilsen 747 Amalie Svardal 744 Kl J: Lars Haugnes 734 Andreas Frøyen 723 Eirik Ludvigsen 716 1
Lagsmesterskap Vart arrangert ein laurdag saman med seniorane. Det var fin oppslutning om stemnet. Vi hadde kafe og vis i SFO-basen og mange foreldre og andre samla seg for å følge skytinga. Resultatliste: Kl R: nr.1: Sander A. Indrebø 239 nr.2: Christian Strømsøy 237 nr.3: Henrik Andersen 213 Kl ER: nr.1: Mats Haugnes 249 nr.2: Tor Erling Ulriksen 248 nr.3: Amalie K. Svardal 244 Kl J: nr.1: Lars Haugnes 245 nr.2: Andreas Ivar Flister 245 nr.3: Andreas Frøyen 244 Oslo open Norges største innandørs stemne! Fam. Haugnes har reist på dette stemnet kvart år sidan 2005. Lars har hatt som mål å hevde seg her, då dette stemnet drar til seg dei aller beste skyttarane i Norge. I år klarte han å vinne dette stemnet, og ikkje bare dette, men to til av dei tre andre store stemna som vert arrangert samtidig i og rundt Oslo. På Oslo Østre sitt stemne skaut han ein 9.9, ein tilskodar sukka letta og kommenterte : Åh! Då var han bare eit menneske, han og! Dette var det siste stemnet Lars skaut i kl ER, og det blir spennande å sjå korleis det går vidare når han skal opp i kl J. Andreas Frøyen var også med og han enda på 247 poeng på både Oslo open og Kringsjåstemnet, eit bra resultat. Mats skaut også veldig bra på desse stemna. Han hadde 249 på tre av dei, og hamna langt oppe på listene. På Oslo Open vart han nr. 6 i klasse R, og det er ein flott prestasjon. Tomas skaut også, og var godt fornøgd med det! Sunnfjord-pokalen Serie-skyting for skyttarar i Sunnfjord. Ein spennande serie der ein skyt på 8 stemner og dei fire betse av dei blir tellande. Ein skyt uteprogram på desse stemna, noko som gjør dei til ein spennande trening til utesesongen startar. Skytinga foregår på dei fire banene i Sunnfjord som har ektronikk, dvs Florø, Førde, Gaular og Dale. Resultata for Florø sine ungdommar vart slik: Kl ER: nr. 3 Mats Haugnes. Kl J: nr. 1 Lars Haugnes. Nr. 3 Andreas Ivar Flister. Samlagsstemnet Samlagsstemnet vart i år arrangert i Gaular. Våre unge, håpefulle skyttarar fekk følgjande plasseringar: Kl ER: nr. 4: Mats Haugnes, 247 poeng. Kl J: nr. 2 Lars Haugnes, 240 poeng. Nr 3 Andreas R. Frøyen, 239 poeng. 2
Fylkesstemne Stemnet vart arrangert i Førde helga 27/02-01/03. Florø sine skyttarar var nok ikkje heilt på hogget denne dagen, og vår beste notering var Lars Haugnes med 4. plass i klasse J. Mats Haugnes vart nr 5 i klasse ER. Vi hadde 5 deltakarar i dei yngste klassane. Utesesongen Vestlandsstemnet Nyborg og Oppedal/Brekke sto som arrangør, og det var eit flott arrangement både på bane og på felten. Altfor varmt, men det kunne ingen gjør noko med! Det er no tross alt betre enn at det hølje regnar! Vi hadde tre deltakarar på dette stemnet, men det vart ein total nedtur for desse! Det er også ting ein må ta med seg i skyting, det går ikkje like godt kvar gong. Ingen av dei kom til finaleskyting på bana. Lars Haugnes låg veldig godt an på bana, men kom i tidsnød og låg att med eit skot på grunnlaget, og var dermed ute av gamet. På felten var vår beste notering ein 9. plass til Lars Haugnes, og Tor Erling Ulriksen kom på 13. plass i klasse ER. Mats Haugnes skaut alle skota på hold 1 i feil skive, men tok seg saman og hadde fult hus på resten av løypa, det hjelpte bare ikkje, stemnet var øydelagt for han. Oppturen var lagskyting der Lars og Mats skaut på 1. laget som vart nr. 2 etter innertiar-rangering. Mats skaut alle sine ti skudd i blinken, og gjorde sin del av jobben heilt etter oppskrifta. Lars gjorde ein kjempeinnsats som ankermann med 98 poeng på sine 10 skudd. Flott innsats! Landsdelskretsstemnet Vi var medarrangørar i Førde, og hadde ansvaret for finfelt-skytinga. Dette gjekk veldig bra og vi fekk mykje god tilbakemelding frå dei andre som var deltakarar. Venlege, hjelpsame, tydlige var ord som gjekk igjen! Det er flott, takk til alle foreldre og ungdomsutøvarar som deltok i arrangementet. Sportsleg gjekk dette stemnet mykje betre for Florø sin del enn Vestlandsstemnet! På felten var våre deltakarar litt nede på lista. Vi hadde fleire Eldre Rekruttar som kvalifiserte seg til finalen og skaut fult der, men dei nådde ikkje heilt opp i teten. Av våre heilt ferske skyttarar gjorde Sander A. Indrebø ein flott prestasjon på felten og enda på 22 treff og var då best av våre rekruttar. På bana fekk vi ein vinnar, då Lars Haugnes frå skive tre la innpå 8 inner i sin 100 poengsomgang, og slo ut konkurrentane! Litt overraskande for han sjølv, såg det ut for, då han var nr. 3 etter innleiande skyting! Mats Haugnes, gjorde det også veldig bra, men frå skive to etter den innleiande skytinga klarte han bare 98 poeng på omgangen og enda på tredje plassen med 348 poeng. Mats var likevel glad og fornøgd. Sverre Nilsen gjorde sine saker bra også, og han erobra tilslutt 6. plassen med sine 347 poeng. Totalt hadde Florø veldig mange deltakarar på stemnet, heile 10, og det var kjekt. 3
Landskyttarstemnet Vi hadde mange deltakarar i år, heile sju, det er kjempeflott! Ny rekord, igjen! Andreas Frøyen, Andreas I. Flister, Sverre Nilsen, Tor Erling Ulriksen, Jonas Hammerseth, Lars Haugnes og Mats Haugnes tok alle turen til det blide Sørlandet og Evje for å delta på dette storslagne stemnet. Når sant skal seiast var det lite realistisk å tru at dei skulle hevde seg heilt i teten, men vi hadde eit håp om finaleplass til dei fire som skaut i klasse eldre rekrutt. På bana var det bare Sverre som klarte 250, han fekk då skyte finale og opna der med ein 9.9 og då rauk pokalen! Han enda nok ein gong på 349, og var nok ikkje heilt fornøgd med det! Han håpa på 350 medlemskap i år, men det gjekk dessverre ikkje. Men det kjem fleir muligheiter. Mats låg godt an heile tida, til eit stykke ut i 10-skudden. Då starta dramatikken! Det gjekk eit sus gjennom Florø-leiren då det dukka opp ein 8 på åttande skotet! Så kom der ein 9.9, og anvisinga stoppa på 11 skot! Her hadde det skjedd noko, speaker stussa litt også. Det viste seg at ein an hadde skote eit skot i skiva til Mats, og 8-aren forsvann. Det gjorde finaleplassen også, då 9.9-en vart ståande. Mats gjorde ein god innsats, marginane er små i denne sporten. Det var 65 skyttarar i eldre rekrutt som enda på 250 poeng, det seie noko om nivået dei held! Jonas låg att med eit skot og enda på 233. Tor Erling enda på 247, og det var OK med tanke på at han har vært ute frå skytinga i nesten to år med skade i skuldra. Best av Juniorane var Andreas Ivar som klinte til med ny pers: 246 poeng! Han likar seg godt på LS trur vi, han persa jo i fjor også! Lars enda på 245, og var lite fornøgd, og Andreas enda på 240. På felten gjekk det bra for Tor Erling til siste holdet, der bomma han med eit skot, Mats bomma med eit på tredje holdet, mens Sverre bomma med tre på tredje holdet. Ingen finale til dei. Mats skaut på samlaget sitt ungdomslag i år, han klinte til med 100 og 8 inner, noko som ga ein god start for nr. 2 Jørgen Skivenesvåg, Hyllestad, som kviterte med å legge til ein inner! No var laget nesten heilt i tet!! Begge juniorane vår, Ole Martin Erdal, Førde og ankermann Lars Haugnes, skaut 98 poeng. Laget enda som nr. 17, med 396 poeng. Det var opp 5 plassar frå i fjor. Vi gleder oss til neste år! Vi reknar med at begge våre skal delta på laget då og, etter denne innsatsen! Alt i alt var det bra stemne i år, det var sosialt og moro. Vi budde på camping saman med 18 andre bueiningar frå Sunnfjord og då vært det moro! Anlegget var fint og alt låg til rette for dei som skulle delta. Svineinfluensa skulle bekjempast og det gjekk bra, alle vart sprita opp litt før dei fekk gå inn i matteltet, og der var hengt opp antibact på alle toaletta. Og så vidt vi veit vart ingen sjuke! No ser vi fram over mot LS neste år, som skal gå av stabelen i Elverum, og det pleier tradisjonelt å være bra. Vi håpar at mange av våre unge får familien med på å ta ferien dit! 4
Samlagsstemnet Samlagsstemnet i feltskyting gjekk av stabelen midt i april i Kråkenesmarka. Vi hadde ein fin gjeng med oss inn der. Tor Erling, Lars, Mats, Andreas, Sverre, Resultata var litt varierande, Lars har slitt veldig med feltskyting i sittande stilling! Det er vanskeleg å sitte på rompa når underlaget ikkje er heilt flatt. Han gjorde, som han pleier sitt aller ytterste, men det er ikkje godt nok når han bommar i denne stillinga. Liggande går alltid bra. To vekke gav han fjerde plassen etter innleiande skyting. Han enda på tredje og var både overraska og godt fornøgd! I klasse ER hadde vi tre til finale. Tor Erling låg best an, men fekk få inner og enda på 4 plass. Mats låg likt med Tor Erling etter innleiande skyting, 30 treff og 27 inner. Han skaut kjempegodt på finalen heile 12 treff og 10 inner, med det resultatet gjekk han til topps i konkurransen! Sverre måtte ut i omskyting om andre plassen og den vann han! Dobbel Florø på pallen! Kjempeflott av våre unge skyttarar! Hyllestad sto som arrangør av samlagsstemnet i baneskyting i år. Det gjorde dei med glans. Med glans tok Florø to individuelle seiarar også, i tillegg til at 2. laget vårt vann lagskytinga! I klasse ER var det Mats som fekk tildelt skive 1 etter innleiande skyting då han skaut 250 poeng. Under anvisinga av omgangen vart han spurt om det var nokre skudd han var usikker på, og han svara at jo, det tredje, det såg litt dårleg ut. Dei som såg på flirte litt av svaret! Men, det stemte det! Det var ein 10.0! Dei andre ni låg mykje nærmare midten, faktisk var åtte av dei midt i, og han enda på 350. Kjempeflott! Lars har for vane å skyte veldig gode omgangar og det gjorde han her og! Så frå skive 1 la han inn 100 med 9 inner og tok dermed sigeren med totalt 348 poeng. Vår andre seier for dagen. Lars og Mats skaut på 1. laget vårt, mens Sverre og Andreas Ivar skaut på 2. laget. Mats gjorde eit eller anna feil, og enda på 98 poeng, det var nok ikkje heilt planen og vi visste alle at dette kunne bli hardt for Lars. Sverre derimot var stø på handa og la inn 100 poeng og 8 inner, dermed var 2. laget vårt blant dei tre som kunne klare dette. Både Andreas Ivar og Lars hadde 99 på sine ti skudd, men sidan utgangspunktet var som det var gjekk 2. laget vårt av med seieren! Fabelaktig! Alle fire feira med brask og bram!! Moro å reise langt når det går så bra! Sparebanken Sogn og Fjordane-cupen Som namnet tilseier så er dette ein cup sponsa av Sparebanken Sogn og Fjordane. Alle opne stemner i Sunnfjord, Sogn Indre og Ytre teller med i serien. Dei beste i alle klassane vert invitert til finaleskyting. Finalen blir avvikla etter Landsskyttarstemnet og i år var det Florø som fekk æra av å arrangere den. Åtte skyttarar i kvar klasse vart invitert i år, og det var mykje spenning rundt den innleiande skytinga, slik det pleier. I klasse R hadde Florø ingen deltakarar, men i klasse ER hadde vi desse med til finalen: Tor Erling Ulriksen og Mats Haugnes. Vidare hadde vi desse med til finalen i klasse junior: Lars Haugnes. Mats vart nr. 2 etter finalen, Tor Erling enda på 7.plassen, medan Lars enda på tredje plassen. God innsats av alle tre. 5
Felt Karusellen Felt karusellen består av alle feltstemner i Sunnfjord i løpet av feltsesongen. Sesongen er kort og hektisk, og det er stort sett bare nokre få spesielt interesserte som reiser rundt i regn, snø og kuling for å skyte! I år var spennvidda stor når det gjaldt været! Nydeleg i Stroka, sol og vindstille, til bokstaveleg tala VANNVITTIG i Gaular! Har aldri sett så mykje reng og vind på ein gong! Første stemnet som var i Askvoll /Holmedal hadde snøslette så det var vanskeleg å sjå figurane, men det er dette vi hugsar! Det er på slike stemner dei gode, morsomme minna og dei gode historiene blir laga. Det var i klasse ER to som låg likt, og det var våre gutar, Tor Erling Ulriksen og Mats Haugnes. Rangering avgjorde at Mats vann. I klasse Junior var Andreas Frøyen og Lars Haugnes, også våre gutar, likt og her vart Andreas rangert føre Lars. Det har dessverre vært veldig liten deltaking på feltstemna frå Florø si ungdomsgruppe i år. Håpar det vil rette seg til neste år. Feltskyting er moro, og etterkvart som ein kjem oppover i klassane vært det bare meir og meir spennande! Så det er bare å hive seg med! Lagsmeisterskapet Dessverre var det dårleg deltaking på årets lagsmeisterskap, av ulike grunnar, vi går ifrå at dette rettar seg til neste år. I klasse rekrutt var det to deltakarar og best av dei to vart Sander Indrebø, Christian Strømsøy vart nr to. Noko større deltaking i klasse ER der vi til slutt fekk følgjande liste: Nr. 1: Tor Erling Ulriksen Nr. 2: Jonas Hammerseth Nr. 3: Mats Haugnes I kasse junior vart lista sjåande slik ut: Nr. 1: Lars Haugnes Nr. 2: Andreas Ivar Flister. Det deltok tre aspirantar: Mads og Hedda Skulbørstad og Tomas Haugnes. For dei som var tilstade vart det ein fin avslutning på sesongen, med vafler og kaffi i kafeen og mykje latter og moro. Velkommen til neste år! Treningsstemner. Serieskyting gjennom sesongen. Fire stemner der to er teljande. Vi har føljande resultatliste: Klasse R: nr.1: Christian Strømsøy, nr.2: Henrik Andersen Klasse ER: nr.1 delt: Tor Erling Ulriksen og Mats Haugnes, nr.3 Sverre Nilsen Klasse J: nr.1: Lars Haugnes, nr. 2: Andreas Frøyen. Aspirant: Kim Andre Sørgulen, Tomas Haugnes, Vidar Hjorthaug, Arnt Bjarne Landøy, Christian Aguirre, Erik Kvamme. 6
Skytingens dag Ungdomsgruppa har ansvaret for dette arrangementet. I år var vi litt uheldig med dagen for arrangementet, då vi måtte konkurrere med kystens dag. Vi hadde rundt 30 besøkande medan ca 450 tok turen til kystmuseet! Dei som kom på skytebana fekk prøve seg med skyting på 100 meters bana med.22 kaliber, og på skiskyttarblinkane. Vi hadde ein tomhylse i glas-konkurranse, der ein kunne gjette kor mange tomhylser det var i glaset. Alle som ville kunne delta, og svara varierte mykje frå 100 til 550! Nærmast var Bjarte Haugnes, som tippa på 500. Der var 495! Terje Rosnes tippa på 550, og Håkon Madsen tippa på 525. Alle dei tre fekk premie. I fjor satte vi opp vandrepremiar til skytingens-dag. Ein må vinne tre år på rad for å få desse til odel og eige. Terje Rosnes ligg godt an då han tok sitt andre napp i år. 350-klubben. Ein ny medlem i år. Mats Haugnes skaut 350 med 28 innertiarar på Dale sitt stemne den 30.mai. Dette stemnet var teljande i Nationens landskyting og Mats tok der ein delt fjerde plass! Gratulerer. Opne stemner Ein del av våre unge skyttarar er flike til å reise rundt å delta på stemner og dei fleste av dei markerar seg på resultatlistene, med gode resultat og fine plasseringar! Vi har nemnd Oslo Open, men der er mange andre meir lokale stemner som våre unge deltar på der dei er heilt i teten eller øvst på pallen! Å reise på stemner har ikkje bare med resultat og plasseringar å gjør, det har med å være i miljøet, bli kjent med andre, sjå korleis det er i andre lag. Stemner er ein anledning til å måle krefter med andre, og sjå korleis ein sjølv utviklar evna til å takle presset når ting blir på alvor! Trening er moro, men stemnedeltaking er minst like moro! Vi er glade for å ha ei så stor og flink gruppe i laget vårt. Vi er stolte over treningsiveren dei legg for dagen og set stor pris på foreldra som møter opp og hjelper til. Utan foreldra med, vært interessa ofte ikkje følgt opp, og dei unge sluttar med sporten. Vi håpar den gode trenden fortset. For styret i ungdomsgruppa: Janne Haugnes, leiar. 7
Vi gratulere alle våre gode ungdomsskyttarar med gode resultat i året som har gått! Lykke til med neste års oppgjør, vi håpar på ei treffsikker framtid for Florø Skytterlag! http://floro.skytterlag.no 8