STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Førde HF DATO: 12.09.2016 SAKSHANDSAMAR: Kari Holvik Furevik SAKA GJELD: Pasienterfaringar med norske sjukehus i 2015 ARKIVSAK: 2014/2585 STYRESAK: 049/2016 STYREMØTE: 22.09.2016 FORSLAG TIL VEDTAK Styret tek saka til orientering, og legg til grunn at føretaket arbeider vidare med å utvikle og betre pasientopplevd kvalitet.
Oppsummering Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenester gjennomførte hausten 2015 den årlege nasjonale brukarundersøkinga blant voksne døgnpasientar ved somatiske sjukehus. PasOpp-rapport 2016 «Pasienterfaringar med norske sykehus i 2015» vart offentleggjort i juni dette år. Undersøkinga inneheld 53 spørsmål som det vert presentert resultat for enkeltvis. Frå desse spørsmåla vert det generert ti indikatorar. Samla sett er norske pasientar meir nøgde med sjukehusa i landet, enn dei har vore før. Innanfor sju av ni indikatorar er resultata signifikant betre i år, enn for fem år sidan. Resultatet for Helse Førde er omlag slik det har vore dei siste åra. Lokalsjukehusa Lærdal og Nordfjordeid er også denne gongen på lista over dei 10 sjukehusa som har høgast skåre. Felles for dei 10 sjukehusa er at det er mindre sjukehus og dei er gjerne spesialiserte. Fakta Datainnsamling og svarprosent Det skulle trekkast tilfeldig 400 pasientar frå kvart av sjukehusa i perioden september til november 2015. Av ulike tekniske og praktiske grunnar vart utvalet noko mindre. 489 svar frå pasientar i Helse Førde kom inn, ein svarprosent på 57 prosent, noko lågare enn landsgjennomsnittet som var 59 prosent. Følgjande indikatorar vert brukt i denne rapporten: 1. Pleiepersonalet (7 spørsmål) 2. Legene (7 spørsmål) 3. Informasjon (3 spørsmål) 4. Organisering (4 spørsmål) 5. Pårørende (2 spørsmål) 6. Standard (6 spørsmål) 7. Utskriving (2 spørsmål) 8. Samhandling (2 spørsmål) 9. Ventetid (1 spørsmål) 10. Pasientsikkerhet (12 spørsmål) Resultat for pasienterfaringsindikator 2
Resultatet syner at vi skårer noko lægre på indikatorane informasjon, utskriving og ventetid, enn landsnittet. For indikatorane informasjon og utskriving, er spørsmåla om pasienten opplever å ha fått god nok informasjon knytt til behandling og oppfølging av behandlinga, samt helsepersonell sin kommunikasjon til pasienten. Som tabellen syner har det vore lite endring over dei åra denne undersøkinga har vore gjennomfør, bortsett frå at pasientane i Helse Førde i dag er betre nøgd med legane. Ved å bryte ned resultata til kvart einskild sjukehus i føretaket, ser ein tydelegare kvar ulikskapane er mellom dei. Nordfjord og Lærdal skårer betre enn Førde Sentralsjukehus på dei fleste indikatorane. Tabell som syner resultat på indikator for Helse Førde HF og dei einskilde sjukehusa. Skala 0-100 der 100 er best. Pleieper sonalet Legane InformasjOrganiserPårørand Standard UtskrivingSamhand Ventetid Nasjonale resultat 77 76 73 68 77 73 58 64 65 Helse Førde 77 76 72 69 80 73 55 65 63 Førde Sentralsjukehus 75 75 71 67 78 71 55 65 64 Lærdal sjukehus 82 82 77 76 81 77 57 66 58 Nordfjord sjukehus 82 76 74 74 87 80 53 70 73 På Indikatoren utskriving skårar alle sjukehusa under det nasjonale resultatet. Spørsmåla indikatoren bygger på er Ble du informert om hva du selv kunne gjøre hjemme ved eventuelle tilbakefall Gjennomsnitt 0-5, der 5 er best Ikkje i det heile tatt/ i liten grad - (prosentandel) I noko grad I stor grad/i svært stor grad Helse Førde 3,3 27 22 51 FSS 3,3 24 26 50 LSH 3,4 30 12 58 NSH 2,9 44 13 43 Ble du informert om hvilke plager du kunne regne med å få i tiden etter sykehusoppholdet Gjennomsnitt Ikkje i det heile I noko grad I stor grad/i 0-5, der 5 er tatt/ i liten grad svært stor best - (prosentandel) grad Helse Førde 3 33 23 44 FSS 3 34 26 41 LSH 3,4 27 15 58 NSH 2,8 44 13 43 Pasienttryggleik Gjennomsnitt på ein skala frå 0-100, der 100 er best Prosentandel pasientar med toppskår på indikatoren Nasjonalt 87 41 Helse Førde 88 44 Førde Sentralsjukehus 86 40 Lærdal sjukehus 92 58 Nordfjord sjukehus 91 49 3
Indikatoren pasienttryggleik er målt på svar på i alt 12 einskilde spørsmål. Mellom ann svarar pasientane at dei sjeldan opplever administrative feil, at identitet vart kontrollert, og at eit fåtall opplevde infeksjon i samband med opphaldet. Det er 72 prosent som svarer at dei fekk gjennomgått ei oppdatert legemiddelliste når dei vart utskrivne frå sjukehuset. Ble en oppdatert liste over medisinene dine gjennomgått med deg da du ble utskrevet fra sykehuset? Ja Nei (prosentandel) Helse Førde 72 28 FSS 72 28 LSH 71 29 NSH 68 32 Kommentarar PasOpp undersøkinga gjev oss ein indikasjon på kor nøgde pasientane er samanlikna med pasientar på andre sjukehus. Den gjev ikkje nødvendigvis noko svar på kvaliteten i sjukehusa. Pasientane vert ved bruk av spørjeskjema bedt om å vurdere ulike områder ved sjukehusa. At der er ulik svarprosent på einskildspørsmål, gjer at noko av resultatet er statistisk usikkert, og må difor lesast slik og. Tilbakemeldingane må nyttast til å identifisere kva område som fungerer bra, og kva sjukehusa bør forbetre. Resultata kan brytast ned til det einskilde sjukehus, men vi kan ikkje definere kvar i sjukehuset det er betre eller kvar det er størst behov for forbetring. Det som pasientane melder attende er tilfredstillande og godt på lokalsjukehusa, må identifiserast og gjerast til gjeldande praksis for heile Helse Førde. Ulike tiltak og prosessar som skal bidra til betre pasienterfaringar i Helse Førde : Programmet pasientens helsteneste har som eit av hovudmåla å gjere pasientopplevinga betre. «Pasientane skal oppleve god kvalitet frå første kontakt, ved at dei får undersøking og behandling basert på beste praksis og god omsorg. System, service og samhandling skal sikre at pasientane slepp å fortelje historiene sine fleire gonger til mange personar. Dei skal oppleve respekt, likeverd, medverknad og openheit, og høflege, imøtekomande og serviceinnstilte tilsette. Pasientane skal så langt som råd ha mynde - reell innverknad på eiga behandling i alle fasar. Dei skal få ivareteke sine behov for integritet og verdigheit, og få høve til å ta eigne val basert på tilrettelagt informasjon om alternativ» Alle prosjekta i programmet skal arbeide med dette som fokus, og mellom anna o Engasjere brukarar som medarbeidarar o Etablere tiltak for å vidareutvikle kultur for sørvis og ei pasientorientert tilnærming i alle ledd. o Etablere samordna mottakssystem som ivaretek pasientar og pårørande sine individuelle behov o Etablere felles enkel tilgjengeleg informasjon ved ankomst til sjukehusa, som elektroniske tavler, pasientvertar heller enn skranker og luker. o Etablere tilbakemeldingssystem for pasientopplevd kvalitet, og vidareutvikle læringssløyfer på bakgrunn av tilbakemeldingar frå pasientar og pårørande Pasienttryggleiksprogrammet o «Berre spør» kampanje. For å styrkje pasientar, brukarar og pårørande sitt høve til å påverke tryggleiken rundt si eiga behandling, har det nasjonale pasienttryggleiksprogrammet laga ei brosjyre med informasjon og forslag til spørsmål pasienten kan stille i møte med helsetenesta. I 4
o Helse Førde skal det gjennomførast ei aksjonsveke i haust, der vi deler ut brosjyrar, møter pasientar og helsepersonell, og set fokus på god kommunikasjon Samstemming av legemiddellister ved innskriving, utskriving og pasienten skal ha med seg korrekt legemiddelliste ved utreise. Prosjektet Legemiddeltryggleik har dette som hovudfokus, saman med arbeid med risikomedikasjon og risikopasientar. Kurs og trening i klinisk kommunikasjon for legar og behandlarar, med start hausten 2017 Gjennomføre pasienterfaringsundersøkingar på ulike sengepostar/einingar for å identifisere tydelegare forbetringsområde lokalt. Konklusjon Arbeidet med å betre pasientopplevd kvalitet må vere ein pågåande prosess i føretaket. Det bør gjerast mindre pasienterfaringsundersøkingar på ulike sengepostar/einingar i tillegg til denne årlege PasOpp undersøkinga. Rapporten for 2015 gjev oss ein indikasjon på kva som vert viktig å arbeide vidare med. Programma Pasientens helsteteneste og pasienttryggleik har begge tiltak og prosessar i gang som har som mål å betre den pasientopplevde kvaliteten på tenestene våre. Vedlegg: 1. PasOpp-rapport 2016: 147 5