Inntak ORIENTERINGSMØTET 14.01 Noen aktuelle presiseringer i forhold til ny forskrift til opplæringslova kapittel 6 Jeg redigerte bort det som ikke er så aktuelt for dere..
Søknadsfrister unntak Søkjarar med R-skjema, minoritetsspråklege som er nyleg er komne til Noreg eller har særskilt språkopplæring og har søknadsfrist 1. februar kan i særskilte tilfelle individuelt vurderast etter søknadsfristen Dei kan få omprioritere søknaden sin fram til 1. mai EIN gang. Grunnen til det er at dei ikkje får melding om inntaket før i starten av juli, og vi har såleis lengre tid til saksbehandling av søknaden deira i forhold til dei som skal få melding om inntak i mars Ved søknad om endring skal det skrivast eige brev til Utdanningsavdelinga. Årsaka skal gjevast opp, og både søkjar og rådgjevar eller kontaktlærar frå skolen skal skrive under på søknaden Laila H. T. Nielsen, konsulent Utdanningsavdelinga 23.01.2014 2
Siste frist for å levere søknad. Søknadar kan i særskilte tilfelle individuelt vurderast etter søknadsfristen 1. mars, fram til 1. mai Siste frist for å få omprioritere søknaden for dei som har søknadsfrist 1. mars, er 1. mai Kvifor denne fristen: Etter 1. mai er det problematisk å få tid til å saksbehandle søknader på ein god måte Dei som søkjer etter 1. mars vil bli trekt i poeng slik at dei stiller bak dei som har søkt innan fristen. Det gjeld alle, også dei som har ungdomsrett dersom dei ikkje søkjer i samarbeid med oppfølgingstenesta (OT) Laila H. T. Nielsen, konsulent Utdanningsavdelinga 23.01.2014 3
siste frist for å levere søknad forts. Etter 1. mai vil alle som ønskjer å søkje bli vist til skolane for å bli sett opp på eiga venteliste, evt. vist til å søkje om inntak til neste skoleår. Skolane må lage rutinar for eiga venteliste Dersom ein set seg opp på eiga venteliste ved ein eller fleire skolar, blir ein stilt bak dei som har fått søknaden sin registert ved Utdanningsavdelinga Ungdommen må sjølv ta kontakt med den einskilde skole som det kan vere aktuelt å setje seg på venteliste hos Ungdom som står på eiga venteliste ved skolar har ikkje krav på inntak for det komande skoleåret. Dersom det ikkje blir ledig plass må ungdommen vente med å søkje til neste skoleår Laila H. T. Nielsen, konsulent Utdanningsavdelinga 23.01.2014 4
Søknad i samarbeid med OT Søknadar som kjem i samarbeid med OT vil bli vurdert, og søkjaren får melding dersom det er for seint å saksbehandle søknaden. Vi vil strekkje oss lagt for å saksbehandle søknader som kjem i samarbeid med OT Vi vil lage eit eige skjema for søknader i samarbeid med OT og kjem tilbake til OT med meir informasjon om dette seinare i vår Laila H. T. Nielsen, konsulent Utdanningsavdelinga 23.01.2014 5
6-9 Krav til søknaden I den nye forskrifta er det presisert i 6-9 at alle søkjarar med lovfesta rett jf. oppl. 3-1, må føre opp tre alternative utdanningsprogram i prioritert rekkjefølgje. Det er ikkje krav til antal skolar. Nytt i forskrifta er at søkjaren ikkje har klagerett dersom han/ho kjem inn på ein anna skole enn det som er sett opp på søknaden Søkjarar til Vg2 og Vg3 fører opp eitt eller fleire programområde i prioritert rekkjefølgje som dei er kvalifisert til på grunnlag av det dei har gjennomført Søkjaren skal som hovudregel sende søknaden til det fylket han/ho er folkeregistrert på tidspunktet for søknaden Dersom søkjaren planlegg flytting og kan dokumentere det, skal søknaden sendast til tilflyttingsfylket Laila H. T. Nielsen, konsulent Utdanningsavdelinga 23.01.2014 6
Krav til søknaden kva betyr det for søkjaren Møre og Romsdal har fritt skoleval. Dette vart vedteke i Fylkestinget i sak T-26/00 (U-93/00A) A Omstilling 2000-Strukturgjennomgangen. Søkjaren kan fritt føre opp dei skolane dei sjølv ønskjer i fylket, men har ikkje rett til inntak på ein spesiell skole Søkjarar som berre har sett opp eitt eller to Vg1, kan bli vidaresøkt til eit Vg1 dei ikkje har sett opp på søknaden sin, dersom dei ikkje blir tekne inn til eitt av tilboda dei har ført opp på søknaden sin Søkjarar til Vg2 eller Vg3 kan bli vidaresøkt til eit Vg2/Vg3 dei er kvalifisert til, men ikkje har sett opp på søknaden sin, dersom dei ikkje greier å konkurrere seg inn på det dei har ført opp på søknaden sin Laila H. T. Nielsen, konsulent Utdanningsavdelinga 23.01.2014 7
forts. krav til søknaden Ingen elevar frå grunnskolen blir vidaresøkt i 1. inntaket. Det kan føre til at nokre søkjarar frå grunnskolen ikkje får tilbod i 1. inntaket I 2. inntaket blir alle søkjarar med ungdomsrett vidaresøkt. Dei som har vaksenrett eller ikkje har rett, får stå på venteliste til tilbod dei har søkt, men blir ikkje vidaresøkt til andre tilbod eller skolar. Alle med fullføringsrett vil få tilbod før skolestart Vi har dei siste åra greidd å gi tilbod om plass til alle med ungdomsrett før skolestart Laila H. T. Nielsen, konsulent Utdanningsavdelinga 23.01.2014 8
6-5 Fulltidselev og deltidselev- definisjon Fulltidselev er ein elev som er teken inn til eit fullstendig utdanningsprogram på Vg1, eller eit fullstendig programområde på Vg2 eller Vg3 Deltidselev er elev som er teken inn til mindre opplæring enn det som er fastsett som full tid i det aktuelle Vg1, Vg2 eller Vg3. Kan bli tatt inn til eitt eller fleire fag. Bruker ikkje av retten sin dersom opplæringa utgjer 1/3 eller mindre av totaltimetalet (jf. f. 6-4). Bruker av fristen til vidaregåande opplæring. Laila H. T. Nielsen, konsulent Utdanningsavdelinga 23.01.2014 9
6-5, 5. ledd Omval, deltids- eller fulltidselev? Ein søkjar som får innvilga omval etter oppl. 3-1 fjerde ledd, skal som hovudregel takast inn som fulltidselev Ved omval skal fellesfag reknast som nullitetar. Dvs. at karakteren i fellesfag som er tekne frå før, blir nulla ut og gjeld ikkje lenger. Faget må takast på nytt, og ny karakter er den som gjeld Eleven kan etter skolestart søkje om å få godkjend fellesfag som er fullført og bestått med standpunktkarakter, jf. f. 1-16. Søknad om godkjenning skal sendast til og avgjerast av skolen. Eleven kan slik behalde karakter i fellesfag med standpunktkarakter, slik at dei ikkje blir rekna som nullitetar. Dersom fag blir godkjent jf. f. 1-16, skal eleven ikkje ha opplæring i det/dei aktuelle faget/faga Laila H. T. Nielsen, konsulent Utdanningsavdelinga 23.01.2014 10
6-27 Inntak av deltidselev til Vg1 Skal stille bak fulltidselevar Deltidselevar med ungdomsrett går framfor alle elevar utan ungdomsrett Kan ikkje bli teken inn som deltidselev i fag der eleven har standpunktkarakter 2 eller betre Må melde seg opp som privatist dersom ein ønskjer å ta opp att fag ein har bestått i Laila H. T. Nielsen, konsulent Utdanningsavdelinga 23.01.2014 11
6-28 Vilkår for inntak til Vg2 og Vg3 Vilkår for inntak til Vg2 og Vg3 er at søkjarar har bestått i alle fag som er fastsett i læreplanverket for Vg1 eller Vg2, også i fag det ikkje blir sett standpunktkarakter, men berre halvårsvurdering. Dette gjeld ikkje søkjarar som skal takast inn til neste nivå jf. f. 6-35 til 6-38 (planlagt grunnkompetanse, utan samanliknbart karaktergrunnlag, eller individuell vurdering) Laila H. T. Nielsen, konsulent Utdanningsavdelinga 23.01.2014 12
6-37 Inntak på individuelt grunnlag som fulltidselev for søkjarar som ikkje har bestått i alle fag Søkjarar som ikkje oppfyller vilkår for inntak til Vg2 eller Vg3 jf. f. 6-28, kan likevel takast inn som fulltidselev til neste trinn, dersom fylkeskommunen etter heilskapleg vurdering finn det forsvarleg. Utdanningsavdelinga ønskjer som før at skolen skal gjere ei heilskapleg vurdering, men vi er pålagt å legge føringar for skjønnet når vi delegerer denne oppgåva Søkjarar som etter heilskapleg vurdering ikkje fyller vilkåra, kan takast inn som deletidselev jf. f. 6-39. Laila H. T. Nielsen, konsulent Utdanningsavdelinga 23.01.2014 13
Heilskapleg vurdering føringar frå Utdanningsavdelinga Føringane frå Utdanningsavdelinga vil bli lagt inn i lokal forskrift Spørsmål skolen må stille seg for å gjere ei heilskapleg vurdering: Er der snakk om eit fag med standpunktkarakter eller halvårsvurdering? Har søkjaren karakteren 1 eller IV i faget? Skolen må vurdere om eleven har fagleg føresetnad til å kunne følgje opplæringa på neste nivå Skolen må vere strengare i forhold til fag som avsluttast med standpunkt, enn dei er med fag som avsluttast med halvårsvurdering Laila H. T. Nielsen, konsulent Utdanningsavdelinga 23.01.2014 14
Forts. heilskapleg vurdering Dersom eleven har 1 til standpunkt, vil han vere i stand til å få bestått ved ny/særskilt eksamen? Dersom eleven har IV i faget, vil han/ho vere i stand til å ta igjen det tapte på neste trinn, evt. gå opp som privatist for å få karakter i faget? Når det gjeld yrkesfag MÅ skolen sjå til at kravet for å få fagbrev er oppfylt. Hovudregelen jf. 6-28 er at eleven må ha bestått i alle fag frå Vg1 og Vg2, både fellesfag og programfag Laila H. T. Nielsen, konsulent Utdanningsavdelinga 23.01.2014 15
Forts. heilskapleg vurdering Unntak: f. 3-51 som seier at lærlingar/elevar som har følgt opplæringa, men ikkje bestått inntil to av fellesfaga, likevel kan framstille seg til fageller sveineprøva. Desse elevane må bestå faga innan to år etter at fageller sveineprøva er halden for at fag- eller sveinebrev kan utferdas. Sjå likevel unntak frå dette i 3-67, kan i særskilde tilfelle ha stryk i inntil to fellesfag Skolen må sørgje for at elevane får den naudsynte oppfølginga slik at han/ho i størst mogleg grad kan bestå faga Laila H. T. Nielsen, konsulent Utdanningsavdelinga 23.01.2014 16
6-39 Inntak av deltidselev til Vg2 eller Vg3 Kan ta inn elevar som manglar bestått i eitt eller fleire fag frå Vg1 eller Vg2, og dersom det ikkje er forsvarleg å flytte opp til neste nivå jf. f. 6-37 Deltidselevar skal stille bak fulltidselevar i inntaket Deltidselevar med ungdomsrett går framfor elevar utan rett Laila H. T. Nielsen, konsulent Utdanningsavdelinga 23.01.2014 17
6-5, 3. ledd Søknad om å bli omgjort frå full- til deltidselev Søknad om å bli omgjort frå full- til deltidselev etter skolestart kan berre innvilgast dersom det ligg føre tungtvegande grunnar Forarbeida til forskrifta nemner sjukdom, omsorgsansvar, traumatiske hendingar som eksempel på tungtvegande grunnar Årsakene er dei same som for å få innvilga heilt eller delvis permisjon jf. oppl. 3-1. 3. ledd At ein vil slutte i eit fag for å ta faget som privatist er ikkje god nok grunn Laila H. T. Nielsen, konsulent Utdanningsavdelinga 23.01.2014 18
Konsekvensar av å bli gjort om frå full- til deltidselev: Eleven bruker opp eit år av retten sin til vidaregåande opplæring, dersom opplæringa utgjer over 1/3 av totaltimetalet Eleven bruker av fristen sin til å ta ut opplæringsretten Eleven vil ikkje vere kvalifisert til neste trinn fordi han/ho ikkje fyller kravet jf. 6-28 Må konkurrere seg inn som deltidselev ved søking til neste skoleår, då eleven ikkje får ta om att fag han/ho har bestått før. Stiller bak fulltidselevar Eleven kan miste rettar i forhold til lån/stipend frå Lånekassen Laila H. T. Nielsen, konsulent Utdanningsavdelinga 23.01.2014 19
forts. søknad om å bli omgjort frå full- til deltidselev Vedtak om omgjering frå full- til deltidselev skal gjerast av Utdanningsavdelinga Kvifor? Det er berre fylkeskommunen som kan avgjere om søkjaren heller bør få innvilga permisjon, og få utvida rett/frist til vidaregåande opplæring, og eventuelt sikra skoleplass til året etter For å sikre likebehandling av søknadar Laila H. T. Nielsen, konsulent Utdanningsavdelinga 23.01.2014 20
6-6 Inntak av utvekslingselevar Utvekslingselev er norsk ungdom som tek utdanning i utlandet på nivå med norsk vidaregåande opplæring, og utanlandsk ungdom som tek vidaregåande opplæring i Noreg, som ledd i elevutveksling Fylkeskommunen skal reservere tilstrekkeleg mange plassar for utvekslingselevar frå andre land Norske elevar som har teke Vg1 eller Vg2 i utlandet, og som søkjer om inntak til vidaregåande opplæring på neste trinn, blir tekne inn til Vg2 eller Vg3 etter 6-36 til 6-40 Laila H. T. Nielsen, konsulent Utdanningsavdelinga 23.01.2014 21
forts. utvekslingselevar Norske utvekslingselevar som har fått førehandsgodkjent året i utlandet skal vurderast ut frå det dei har gjennomført i utlandet når dei kjem tilbake Utvekslingselevane får ikkje kompetansebeviset sitt frå utlandet tidsnok til at dei kan konkurrere seg inn med karakterar som kan konverterast til samanliknbare norske karakterar, og må individuelt vurderast i inntaket jf. f. 6-36 Utvekslingselevane bør også vurderast i forhold til om dei har bestått i alle fag jf. f. 6-37. Mange av dei har behov for å bli tekne inn som fulltidselevar, og må kanskje ta fag i tillegg for å få vitnemål (privatist). Dei som har teke fag frå høgare nivå i utvekslingsåret kan søkje om godkjenning av fag jf. f. 1-16, direkte til skolen etter inntaket Laila H. T. Nielsen, konsulent Utdanningsavdelinga 23.01.2014 22
Inntak av elevar med utanlandsk utdanning Av og til får vi søknad frå norske statsborgarar som har grunnskole eller vidaregåande opplæring frå utlandet. Vi får også søknad frå utanlandske elevar som vil ha godkjent vidaregåande opplæring frå heimlandet Som før kan vi trenge hjelp frå skolen for å godkjenne den utanlandske utdanninga Rutinar for dette området skal inn i den lokale forskrifta Jf. f. 1-16 er søkjaren sjølv ansvarleg for å legge fram naudsynt dokumentasjon på den utanlandske opplæringa dokumentasjonen må vere oversett til engelsk eller norsk Søkjaren må starte prosessen i god tid frist for å levere dokumentasjon på utanlandsk utdanning til Utdanningsavdelinga er 15. juni Laila H. T. Nielsen, konsulent Utdanningsavdelinga 23.01.2014 23
6-45 Inntak av vaksne med rett til vidaregåande opplæring Hovudregelen: Søkjarar som har fullført grunnskoleopplæring eller tilsvarande jf. 6-13, og som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har frå og med det året dei fyller 25 år, rett til vidaregåande opplæring etter oppl. 4A-3. Vaksne søkjarar skal primært takast inn til opplæringstilbod som er organisert etter opplæringslova 4A-3. Opplæringstilbodet skal vere tilpassa behovet til den vaksne 6-14 og 6-49: Vaksne kan søkje om inntak i ordinær vidaregåande opplæring. Vaksne søkjarar skal da prioriterast etter ungdom med rett etter opplæringslova 3-1 Laila H. T. Nielsen, konsulent Utdanningsavdelinga 23.01.2014 24
forts. inntak av vaksne Konsekvens for vaksne å søke til ordinær opplæring jf. oppl. 3-1: Den vaksne blir stilt bak ungdom som har rett til vidaregåande opplæring. Vil ikkje ha rett til inntak. Kan få tilbod berre dersom det blir ledig plass på det dei søkjer på Vg1 Kan ikkje få korta ned opplæringstida slik som dei som er tekne inn til opplæringstilbod som er tilrettelagt for vaksne. Vaksne må fullføre og bestå alle fag i utdanningsprogrammet på alle nivå, men kan søkje om fritak i fag dei har tatt før jf. f. 1-16 Har ikkje rett til å få tilpassa tilbodet eller til ønska sluttkompetanse jf. 6-45, men kan bli vidaresøkt til eit Vg2 eller Vg3 dei er kvalifisert til ut frå det Vg1 eller Vg2 dei har gått, dersom dei får fullføringsrett Fullføringsrett vil ikkje gi rett til å få plass neste skoleår. Må vente til det evt. blir ledig plass på noko dei er kvalifisert til ut frå bestått Vg1/Vg2 Laila H. T. Nielsen, konsulent Utdanningsavdelinga 23.01.2014 25