Vasskraft i Hordaland Kjelde til fornybarsamfunnet BEDRE KLIMA SIKKER FORSYNING GRØNN VEKST
ei livskraftig vasskraft- og lakseelv Daleelva har i dag ein god stamme av både laks og sjøaure, mykje takka vera eit godt samarbeid mellom BKK og Dale Jakt og Fiskarlag (DJF), seier DJF-leiar Inge Sandven. Daleelva i Vaksdal kommune er ein del av Bergsdalsvassdraget, der BKK har tre kraftverk med ein samla produksjon på over 900 GWh. Det er viktig for oss å ta vare på fisken. Derfor samarbeider vi med både brukargrupper og forskarar for å få fram meir kunnskap og setja inn gode tiltak, seier Sissel Hauge Mykletun, miljøforvaltar i BKK. Med støtte frå BKK, driv DJF eit klekkjeri for laks og sjøaure. Kvart år vert det plassert ut om lag 100 000 lakserogn og 15 000 sjøaurerogn i elva. DJF har også etablert ei smoltfelle i elva som gir verdifull kunnskap om kor mykje unglaks som går ut av elva. I lang tid har vi nådd målet for livskraftige bestandar av laks og sjøaure som det kan haustast av, seier Mykletun. Av omsyn til fisk, styrer BKK produksjonen slik at vassføringa nedstraums ved utløpet av Dale kraftverk ligg godt over minstevass- føringa på tre kubikkmeter per sekund (m3/s). Lågare vassføring enn fem m3/s skjer berre i tørre periodar i sommarhalvåret og er ikkje til skade for fisken. REKORDSTORT INNSIG AV LAKS Daleelva er ei av seks regulerte elvar som inngår i eit samarbeidsprosjekt mellom BKK og Uni Miljø, ein forskingsinstitusjon ved Universitetet i Bergen. BKK bidrar økonomisk og med kunnskapsutvikling gjennom ei rekkje miljøtiltak i elvane. Målingar viser eit innsig av 600-800 villaks til Daleelva i 2011 og 2012. Det er to-tre gonger meir enn åra før. Forskingsleiar Bjørn Barlaup i Uni Miljø gler seg over resultata. Livskraftige gytebestandar er det beste beviset på at tiltaka i elvane fungerer. Det viser at elva produserer nok smolt til å sikra ein god bestand så lenge laksen har god overleving i sjø, seier han. Fiske i Daleelva Foto: BKK Daleelva
Vasskraftproduksjon i Hordaland Vassregion Hordaland Bakgrunn: Ein av landets 11 vassregionar kor det lagast ein heilskapleg regional forvaltningsplan for berekraftig bruk av vassressursane - i samsvar med EUs vassdirektiv. 2 9 7 3 Voss Geografi: Nært samanliknbar med Hordaland fylke Vassregionmyndigheit: Hordaland fylkeskommune Bergen 10 1 Vassområde: Vest, Sunnhordland, Hardanger, Nordhordland og Voss-Osterfjorden 4 6 5 Odda Les meir på vannportalen.no/hordaland 8 Vassregiongrense Fylkesgrense «Vasskraft er viktig for å betra klimaet vårt, det er rein energi. Kraftverk bli bygde med høg kompetanse, kunnskap og stadig bedre teknologi som ivaretek omsynet til natur og biologisk mangfald. Synnøve Solbakken, ordførar, Kvinnherad kommune Kraftverk Kommune Årsprod (GWh) Effekt (MW) 1 Sima Eidfjord 2850 1120 2 Matre Masfjorden 1302 246 3 Evanger Voss 1267 330 4 Mauranger Kvinnherad 1150 250 5 Tysso II Odda 995 224 6 Oksla Odda 973 206 7 Steinsland Modalen 768 150 8 Blåfalli Vik Kvinnherad 740 235 9 Dale Vaksdal 677 146 10 Bjølvo Kvam 490 99 Sum ti største kraftverk 11212 3006 Sum heile vassregionen 15821 3996 Kjelde: NVE og lokale kjelder (Produsentane har ofte noko lågare produksjon enn simuleringane frå NVE)
Vasskraft så mykje meir enn straum Vasskrafta har vore ein berebjelke i det norske samfunnet sidan starten på elektrifiseringa på slutten av 1800-tallet. Utnytting av fossefall over heile landet la grunnlaget for kraftforsyning og eit norsk industrieventyr, både i byane og i distrikta. VERDISKAPING Vasskrafta står for tilnærma all kraftproduksjon i Noreg, og genererer solide inntekter til det offentlege. Årleg bidrar fornybarnæringa med rundt 50 milliardar kroner i form av skattar, avgifter og utbytte til offentlege eigarar. Vasskrafta bidrar til verdiskaping og sysselsetting lokalt, og i nedbørsrike år gir vasskrafta også betydelege eksportinntekter. FORNYBAR ENERGI Vatn er ei rein, fornybar energikjelde som aldri vil ta slutt. Medan resten av Europa kjempar for å gjere ein femtedel av si energiforsyning fornybar i tråd med EUs 2020-mål, dekkjer vasskraft åleine allereie om lag 60 prosent av Noregs energibehov. Totalt produserast det rundt 130 TWh energi frå vasskraft i år med normal nedbør tilsvarande heile elektrisitetsforbruket vårt. KLIMAOMSYN Norsk kraftproduksjon er utsleppsfri og derfor ei viktig brikke i klimakampen. Klimagassutslepp på verdsbasis må reduserast med minst 80 prosent innan 2050 for å nå det overordna målet om å avgrense global oppvarming til to grader. Derfor er utslippsfri kraftproduksjon eit viktig bidrag. FORSYNINGSSIKKERHEIT Auka utbygging av store mengder vind- og solkraft i Europa har gjort forsyningstryggleik til ei utfordring når vinden ikkje bles og sola ikkje skin. Moglegheita til å lagre straum når forbruket er lågt gjer Noreg mindre sårbar for variasjonar i vêret enn land der slike energikjelder utgjer størsteparten av fornybarproduksjonen. Lagringskapasitet i vasskraftmagasin sikrar tilgang til vatn, og dermed elektrisk kraft, også i tørre periodar. REGULERINGSEVNE Vassmagasina vart bygde for å sikre kraftforsyning gjennom vinteren. Med aukande kraftutveksling med våre naboland får magasina ny verdi. Noreg kan spare vatn i magasina når straumen i Europa er billig, og produsere desto meir når elektrisitetsbehovet er stort. Sidan behovet for balansekraft aukar i takt med mengda ikkje-regulerbar fornybar energi, blir vasskraftas unike reguleringsevne svært verdifull for energisystemet. FLAUMSIKRING Sidan kraftproduksjon føregår gjennom heile året, medan vassføringa i vassdraga normalt sett er høgast om våren og hausten, må vassføringa frå magasinet til kraftverket regulerast. Vatnet blir fordelt over fire årstider, noko som reduserer faren for flaum. Ved varsel om mykje regn eller stor snøsmelting, tar kraftprodusentane eit aktivt ansvar ved å bruke magasina slik at flaumen og skadeverknadane vert avgrensa så mykje som råd. «Vasskrafta har medverka til at Noreg nesten berre har fornybar og utslippsfri straum. No er det viktig at vi brukar den rett, for å kutte klimagassutslepp. Arnstein Vestre, leiar, Natur og Ungdom «
Miljø i fokus hjå vasskraftprodusentane SPELAR PÅ LAG MED NATUREN Vasskraftverk påverkar miljøet i og omkring vassdraget. Derfor blir det gitt byggeløyve såkalla konsesjon etter grundige vurderingar, og berre viss den totale samfunnsmessige nytta av vasskraftverket vurderast høgare enn ulempene for lokalt vassmiljø. Kraftverksoperatørane blir pålagt miljøvilkår ut ifrå ei kost-nytte vurdering, som for eksempel minstevassføring, installasjon av fisketrapper og utsetting av fisk, for å redusere miljøkonsekvensane. Vasskrafteigarar har lange tradisjonar for å setje i verk samfunnsmessig fornuftige tiltak i vassdraga for å foreine kraftproduksjon med omsyn til fiskebestand og andre miljøforhold. BEREKRAFTIG BRUK AV VATNET EUs vassdirektiv har som føremål å sikre berekraftig bruk av Europas vassressursar. Dette inneber at det skal utarbeidast heilskaplege vassforvaltningsplanar for alle norske vassdrag, der alle påverknadsfaktorar blir sett i samanheng. Prosessen krev at iverksetjing av nye miljøtiltak blir vurdert i landet sine 11 vassregionar kvart sjette år. Dei regionale vassforvaltningsplanane skal til slutt avgjerast av aktuelle fylkesting og deretter godkjennast av regjeringa. I dei tilfella der den økologiske tilstanden ikkje tilfredsstiller krava i direktivet, skal samfunnsmessig lønsame tiltak som kan forbetre miljøet vurderast. Alle involverte i prosessen har høve til å bidra. På same måte som når det blir gitt konsesjon, skal tiltaksvurderinga vege omsynet til betre lokalt vassmiljø opp mot den totale samfunnsmessige nytta ved kraftproduksjon. KRAV TIL FORVALTNINGSPLANANE Forvaltningsplanane skal berre innehalde tiltak der miljønytta er større enn dei samla samfunnsmessige ulempene ved redusert vasskraftproduksjon. Avveging skjer gjennom ei vurdering av produksjonsmengda og andre eigenskaper, som moglegheita til å lagre elektrisitet i vassmagasin slik at ein har reservar når straumbehovet er stort. Lokal miljøkunnskap må derfor settast i samanheng med kunnskap hjå sentrale myndigheiter om kraftsituasjonen og langsiktige klimamål. I dei tilfella der vurderingane er usikre og det krevst meir kunnskap, kan tiltak utsetjast. «Fornybar energi er ei sentral klimaløysing, og vasskrafta gjer det lettare for oss å fase inn nye variable energikjelder. Kari Elisabeth Kaski, nestleiar, Zero «Noregs industrielle eventyr starta for fullt då vi sette vasskrafta i arbeid for litt over 100 år sidan Svein Richard Brandtzæg, konsernsjef, Hydro «Vasskrafta er heilt grunnleggande for heile det norske kraftforsyningssystemet. Sånn har det alltid vore og sånn vil det vere i minst 100 år til. Tord Lien, olje- og energiminister
Spørsmål og svar om vasskrafta Betyr det noko om ein ofrar litt produksjonsvatn for miljøet, ettersom Noreg har eit kraftoverskot? Kva slags miljøpåverknad har vasskraftverk? Krev EUs vassdirektiv auka vassføring og miljøforbetring i alle norske vassdrag? Ja. Sjølv om tilnærma heile det norske straumforbruket er dekka av vasskraft, står fossil energi framleis for 40 prosent av Noregs totale energiforbruk. For å oppnå eit karbonnøytralt Noreg, må vi ta vare på eksisterande fornybar produksjon, og i tillegg setje i gang nye fornybarprosjekt og tiltak for å fase ut bruken av fossil energi. Vasskraft nyttar ein evig og forureiningsfri ressurs. Anlegga krev små arealinngrep jamført med andre fornybarteknologiar. Vasskraftverk kan påverke fiske og biologisk mangfald i vassdraga. Selskapa har difor lang tradisjon for å setje i verk gode miljøtiltak (sjå miljøeksempel i brosjyra) for å leggje til rette for fiske og ta hand om truga artar. I tillegg er eit potensial på rundt 50 TWh reservert naturen i verna vassdrag. Nei. Føremålet med vassdirektivet er å sikre berekraftig bruk av Europas vassressursar. For kraftproduserande vassdrag skal eventuelle nye miljøtiltak vurderast opp mot den totale samfunnsnytten ved kraftproduksjon. Framsidebilete: Daleelva Foto: BKK Layout og trykk: Flisa Trykkeri Energi Norge Middelthunsgate 27 I Postboks 7184, Majorstuen I 0307 Oslo Tlf. 23 08 89 00 I post@energinorge.no www.energinorge.no BEDRE KLIMA SIKKER FORSYNING GRØNN VEKST